Hopp til hovedinnhold

Helsetilsynet gjennomførte tilsynet etter å ha fått varsel om ei alvorleg hending. Hendinga gjaldt ein heimebuande brukar med demens som forlét heimen og døydde etter å ha blitt funnen ute i kulda med ein brotskade. Det blei avdekt at varslingskjedene for digitalt tilsyn i heimen og elektronisk døralarm ikkje fungerte som dei skulle. Døralarmen hadde vore deaktivert i fleire månader, og heimetenesta fekk ikkje forventa varsel frå kameraet i det digitale tilsynet om at brukaren hadde forlate senga si.

Bruk av velferdsteknologi krev rutinar og tilrettelegging

Helsetilsynet har kome til at den alvorlege hendinga skjedde fordi kommunen ikkje hadde sørgt for god nok tilrettelegging ved bruk av velferdsteknologien. Hendinga viste at kommunen ikkje hadde tilfredsstillande rutinar for installering og testing før bruk, eller kontroll over utstyr i bruk. Tilsynssaka avdekte også at kommunen ikkje hadde tilstrekkelege rutinar for og oversikt over kompetansen til dei tilsette i handtering av velferdsteknologien.

Helsetilsynet meiner at mange kommunar kan lære av den aktuelle hendinga og oppfølginga av denne. Tilsynssaka viser at det er viktig at når velferdsteknologiske løysingar blir tekne i bruk, må dei installerast og testast slik at ein sikrar at alle delar av teknologien er på plass og verkar. Dette inkluderer å teste at varsla når fram til den som skal varslast til alle tider på døgnet.

Helsetenestene må kontrollere at velferdsteknologiske løysingar fungerer som venta

Kommunen må også ha systematisk kontroll med og oversikt over velferdsteknologisk utstyr som er i bruk, slik at eventuelle feil eller manglar kan avdekkast, inkludert om aktuelle varslingskjeder fungerer som dei skal. Tilsynssaka viser også at det er viktig at personell som skal handtere og vurdere varsel har fått nødvendig opplæring og kompetanse i handtering av velferdsteknologiske løysingar.

Velferdsteknologiske hjelpemiddel i helsevesenet kan spele ei viktig rolle for å styrke kvaliteten på helsehjelpa som blir tilboden, men det føreset at helsetenestene tenker nøye gjennom kva som skal til for at utstyret skal fungere tilfredsstillande og vere forsvarleg i bruk. Brukarane må kunne vere trygge på at dei teknologiske løysingane fungerer, og helsetenesta må redusere risiko for feil eller svikt i teknologien både når dei blir tekne i bruk og når dei er i bruk.