Helsetilsynet

IllustrasjonstegningBarn gir uttrykk for korleis dei har det med ord og handlingar. For nokon svært få barn blir uttrykka så sterke at offentlege hjelparar ikkje veit korleis dei skal hjelpe sjølv om dei gjerne vil.

Ei lita gruppe barn
Tilsynet fylkesmennene fører med barnevernsinstitusjonar, har medverka til å setje lys på ei lita gruppe barn som er i særskilt sårbare livssituasjonar. Det er barn som treng hjelp frå barnevernstenesta og psykisk helseteneste samstundes, og som uttrykkjer seg med alvorlege, skadelege handlingar mot seg sjølv eller andre. Mange av dei treng døgnkontinuerleg overvaking, tett oppfølging over lang tid frå begge tenestene, og dei maktar ikkje alltid å forstå behovet for psykisk helsehjelp. Dei fleste av barna i denne gruppa bur i barnevernsinstitusjonar.

Med utgangspunkt i denne gruppa valde Helsetilsynet ut fire tilsynssaker med alvorlege hendingar som fylkesmennene har avgjort. Barna hadde vore utsette for alvorleg omsorgssvikt. Barnevernet hadde teke over omsorga. Trass dette greidde barna å utføre mange og gjentekne alvorlege handlingar mot seg sjølv og andre utan at tenestene greidde å hindre det.

Vi venta å finne utfordringar i samarbeidet – vi fann meir
Fylkesmennene hadde avdekt mange lovbrot i sakene. Då vi starta gjennomgangen hadde vi ei forventning om å finne at dersom barnevernet og psykisk helsevern hadde samhandla betre, kunne ein ha unngått dei alvorlegaste hendingane. Vi fann eit utfordringsbilete som var meir komplekst.

Tenestene har store utfordringar med å gi barna i denne gruppa forsvarleg og god omsorg. God omsorg inneber òg eit ansvar for å ta vare på tryggleiken til barnet og å hindre at barnet utfører alvorlege handlingar retta mot omgivnadene. Utfordringar knytte til medverknad, samtykke, kompetanse, regelverk, diagnostisering, flytting og bruk av tvang gjorde biletet meir komplisert.

Fylkesmennene kjenner til at det til kvar tid er sårbare barn i slike livssituasjonar i norske barnevernsinstitusjonar. Helsetilsynet har peika på at vi ikkje kan sjå at denne gruppa har eit forsvarleg tenestetilbod med eit regelverk som er tilpassa behovet barna har for varetaking, omsorg og behandling. Vi etterlyser eit tilbod som syter for at dei får forsvarleg omsorg og behandling frå barnevernstenester og psykiske helsetenester samstundes. Merksemda bør vere på tydeleg regelverk og rammer, rett og tilstrekkeleg kompetanse og stabile institusjonsplassar der barnet kan bu så lenge det har trong for det.

Helsetilsynet har bede Barne- og familiedepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet å vurdere å etablere ein eigen type tiltak grunnfesta i ei eiga lov for denne mest utsette gruppa barn i barnevernet.

Referansar

(1)

Når barn trenger mer. Omsorg og rammer

Rapport fra Helsetilsynet 9/2019