Hopp til hovedinnhold

Kvar einaste dag vert det køyrt cirka 140 000 turar i trafikken av personar som er ruspåverka, anten påverka av alkohol, narkotiske stoff eller legemidlar skrive ut på resept. Desse utgjer ei stor fare i trafikken. I 2022 omkom 118 personar i trafikkulykker. Rus er en medverkande faktor i 1 av 5 dødsulykker. Rundt 10 000 førarar vert kvart år meldt til politiet, mistenkt for køyring i ruspåverka tilstand.

Bruk av narkotiske midlar aukar risikoen for trafikkulykker. 

grafisk element - sitat

«Det er fem gonger meir ruskøyring med legemidlar og narkotika enn med alkohol (1).»

 

Mellom førarar som er påverka av legemidlar, er bruk av legemidlar for søvn, roande legemidlar og smertestillande legemidlar vanlegast. Ofte er desse midla skrive ut på resept.

Dersom legen finn at pasienten har ein bruk av legemidlar eller rusmidlar som ikkje er foreinleg med å ha førarkort, er det tilstrekkeleg å gi pasienten munnleg køyreforbod når legen forventar at helsekrava er oppfylt igjen innan 6 månader. Dersom legen finn at helsekrava ikkje vil vere oppfylt etter 6 månader, har legen opplysningsplikt og må sende melding til Statsforvaltaren.

Kva seier regelverket?

Det er førarkortforskrifta som regulerer helsekrav i samband med førarkort (2). I førarkortforskrifta § 35 går det fram at "Helsekrav er ikke oppfylt dersom alkohol, rusmidler eller legemidler brukes i et omfang og på en måte som fører til helsesvekkelse med økt trafikksikkerhetsrisiko" (figur. 1). Det legar spesielt må ha kunnskap om i sitt daglege arbeid, er vedlegg 1 til førarkortforskrifta, som omhandlar helsekrava, og dessutan helsepersonellova § 34, som gir legar, psykologar og optikarar opplysningsplikt når helsekrav ikkje er oppfylt (3). Vedlegg 1 inneheld til dels generelle krav til helse og dels spesifiserte krav knytt til enkelte sjukdomar og tilstandar. Grenser for bruk av legemidlar opp mot førarrett er omtalt, samt kva reglar som gjeld ved bruk av alkohol og narkotiske midlar.

Helsedirektoratet sin førarkortrettleiar er vidare eit godt hjelpemiddel for legar i vurderinga av om pasienten oppfyller helsekrava for å ha førarkort (4).

Kva ser vi i tilsynssaker?

Tilsynsmyndigheitene handsamar kvart år mange saker mot leger som gjeld uforsvarleg rekvirering av vanedannande legemiddel. I mange av desse sakene er opplysningsplikta til Statsforvaltaren i førarkortsaker eit tema. Vi ser i desse sakene at legar rekvirerer roande midlar og sovemiddel i høge dosar til pasientar, eller ein kombinasjon av desse med sterke smertestillande legemidlar, utan at regelverket for førarkort er vurdert. Når det gjeld kva doser som er lovleg av ulike legemiddel er desse klart gitt i førarkortrettleiaren.

Våre tilsynsrøynsler tilseier at mange legar ikkje er merksame nok på desse problemstillingane. Mange er ikkje oppdaterte på regelverket, og manglar mange rutinar og systematikk i vurderingane sine på dette området. Vi ser også at det ofte manglar at slike vurderingar blir journalførte.

Når legen sjølv skriv ut vanedannande legemiddel til pasientar må vi forvente at førarkort er på agendaen og at legen informerer pasienten om regelverket. Dersom legen ikkje følgjer opp sitt ansvar her, betyr dette at pasientar som bruker for store dosar trafikkfarlege legemidlar kan halde fram med å køyre bil og med det risiko for at dei køyrer i ruspåverka tilstand.

Konsekvensar for pasientar og samfunnet

Opplysningsplikta kan i enkelte situasjonar vere eit dilemma for legen og fleire opplever at dei strever med å finne ein balanse mellom behandlar- og sakkyndigrolla. At legen kan melde pasienten til myndigheitene kan skade den nødvendige tilliten må ha til sin behandlar, og lege-pasientrelasjonen kan verte skadelidande. Nokre hevdar at dette kan føre til at pasientar med rusproblem ikkje søker hjelp.

På den andre side har det ein stor samfunnsmessig kostnad at mange køyrer i ruspåverka tilstand. Vi har dette regelverket av ein grunn – trafikksikkerheit. Konsekvensen av køyring i ruspåverka tilstand er potensielt alvorleg, både for pasienten sjølv og for andre som ferdast i trafikken. Opplysningsplikta er derfor ei viktig forebyggande ordning.

For den enkelte pasient kan det i utgangspunktet være ein god ting at legar kan medverke til at vedkomande ikkje set seg sjølv i trafikkfarlege situasjonar. Det kan vere hardt å miste førarkortet, men det er verre å utsette seg sjølv og andre for risiko i trafikken, eller i verste fall vere årsak til at andre mistar livet.

Kjelder:

  1. Rus og ruskontroll. Politiet.
  2. Førerkortforskriften. Lovdata.
  3. Helsepersonelloven, kapittel 6. Lovdata.
  4. Førerkortveileder. Helsedirektoratet.

Figur. 1: Helsekrav til førerkort, Vedlegg 1, førerkortforskriften

§ 2 Generelle krav til helse

  • Ingen må føre motorvogn når vedkommende ikke er i stand til å kjøre på trafikksikker måte på grunn av sykdom, bruk av midler som gir svekket kjøreevne, eller annen helsesvekkelse
  • Når innehaver av førerkort som følge av helsesvekkelse angitt i første ledd har grunn til å tvile på om føring av motorvogn kan skje på trafikksikker måte, plikter vedkommende å oppsøke lege for undersøkelse før videre kjøring finner sted
  • Dersom legen finner at vedkommende ikke fyller helsekravene, plikter legen å gi melding om det til fylkesmannen, jf. lov om helsepersonell § 34, jf. § 76, jf. forskrift fastsatt i medhold av tidligere legelov § 48

Bruk av rusmidler mv.

  • Generelle krav § 35 "Helsekrav er ikke oppfylt dersom alkohol, rusmidler eller legemidler brukes i et omfang og på en måte som fører til helsesvekkelse med økt trafikksikkerhetsrisiko"