Hopp til hovedinnhold

Statsforvaltaren gjennomførte tilsyn med Valle kommune, og besøkte i den samanheng Setesdal barnevern 4.5.2021. Formålet med tilsynet var å sjå til om kommunen sørga for at barneverntenesta sitt arbeid med undersøkingar blir utført i samsvar med aktuelle lovkrav. Barna/brukarane skal ha trygge og gode tenester. Tilsynet blei gjennomført SOM del av eit landsomfattande tilsyn initiert av Statens helsetilsyn.

Statsforvaltaren sin konklusjon

Valle kommune sikrar ikkje at alle undersøkingar er forsvarleg gjennomførde på følgjande område:

  • Avklaring av
  • Informasjon til familiane og
  • Fortløpande
  • Planmessigheit/struktur.

Dette er det brot på

Forsvarleg sakshandsaming i undersøkinga, jf. barnevernlova §§ 4-3 (undersøkingar) 1-4 (forsvarlege tenester) 1-6 (medverknad) 1-7 (samarbeid med barn og foreldre) kommunelova § 25 (internkontroll).

Foreløpig rapport vart sendt 14.6.21. Statsforvaltaren bad om at tenesta sendte inn eventuelle kommentarar/innvendingar til faktagrunnlaget til oss innan 5.7.21. Statsforvaltaren har ikkje fått nokon kommentarar/innvendingar frå barneverntenesta.

1. Tilsynets tema og omfang

I dette kapittelet gjer vi greie for kva som blei undersøkt i tilsynet.

Statsforvaltaren har undersøkt og vurdert om kommunen sikrar at barneverntenesta sitt arbeid med undersøkinga er forsvarleg. Tilsyn med forsvarleg undersøkingsarbeid vil seie at ei undersøking og vurdering av om barneverntenesta har

  • førebudd og planlagt undersøkinga ut frå innhaldet i meldinga og eventuelt tidlegare undersøkingar/anna kontakt med familien
  • sørga for at innhaldet i undersøkinga, omfang og framdrift er i tråd med alvoret i situasjonen for barnet
  • gjort relevante barnevernfaglege og juridiske vurderingar undervegs og til slutt i undersøkinga
  • konklusjonen i undersøkinga er i tråd med dei vurderingane som er gjort

Tilsynet har omfatta undersøkingar som gjeld barn som budde heime då barneverntenesta fekk bekymringsmeldinga. Med dette meiner ein barn under 18 år som bur i biologisk familie, adoptivfamilie eller er plassert hjå andre utan barneverntenesta si medverknad.

Statsforvaltaren sitt tilsyn er gjennomført som systemrevisjon. Det inneber at statsforvaltaren har ført tilsyn med korleis kommunen styrer og leier arbeidet med om barneverntenesta oppfyller dei aktuelle lovkrava.

Barn og foreldre sine meiningar om og erfaringar med barneverntenesta sitt arbeid med undersøkingar er viktig informasjon for den som utfører tilsynet både når det gjeld kvaliteten på tenestene og kommunen sin praksis med tanke på brukar sin medverknad . Det har ikkje lukkast tilsynet å intervjue barn ved dette tilsynet, men vi har intervjua eit utval foreldre. I intervju fortel foreldra om ulike opplevingar frå sitt møte med barneverntenesta. Deira opplevingar har vi tatt med oss i tilsynet, men fordi deira opplevingar er ulike, vil ikkje informasjon frå intervjua med foreldre verte refererte til som faktagrunnlag eller funn i rapporten.

2. Aktuelt lovgrunnlag for tilsynet

Statsforvaltaren er gitt mynde til å føre tilsyn med kommunal barnevernteneste, etter barnevernlova § 2-3 b. Eit tilsyn er ein kontroll av om verksemda er i samsvar med lov- og føresegner. Vi gir difor her eit oversyn over krava som er lagt til grunn i tilsynet.

Barneverntenesta har ein rett og plikt til å gjennomføre ei undersøking i saka når ho er vurdert slik at det er «rimeleg grunn til å tru » at det ligg føre tilhøve som kan gi grunnlag

for tiltak etter barnevernlova kapittel 4. Føremålet med undersøkinga er å vurdere og konkludere om barnet lever i ein omsorgssituasjon som kan gi grunnlag for barneverntiltak.

Krava til undersøkinga følgjer av lovavgjerda i barnevernlova (bvl.) og forvaltningslova (fvl.).

Forsvarlege tenester

Alle tenester og tiltak etter barnevernlova skal være forsvarlege etter bvl. § 1-4. Barnevernlova sin regel om kva som er forsvarleg har et heilskapleg utgangspunkt. Innhaldet i kravet må tolkast i samanheng med dei andre reglane i barnevernlova, til dømes prinsippet om barnets beste. Vidare vil både barnevernlova og forvaltningslova sine sakshandsamingsreglar gje innhald til kravet om forsvarleg gjennomføring av undersøkingane.

Kravet om forsvarlege tenester er retta både mot tenester og tiltak, og inneber også krav til leiing, organisering og styring. Det er nær samanheng mellom kravet til forsvarlege tenester og kravet om internkontroll for å sikre at oppgåvene blir utført i samsvar med krav fastsett i medhald av lov, jf. bvl. § 2-3 tredje ledd.

Barnets beste

Prinsippet om barnets beste kjem fram av Barnekonvensjonen artikkel 3 og Grunnlova § 10. Barnets beste skal være eit grunnleggjande syn ved alle handlingar og avgjerder som vil råke barn. I barnevernlova er prinsippet nedfelt i § 4-1, som vil seie at det skal leggjast avgjerande vekt på å finne tiltak som er til beste for barnet. Denne slår også fast at ein i vurderinga skal leggje vekt på å gi barnet stabil og god vaksenkontakt og kontinuitet i omsorga. Prinsippet utgjer ein sjølvstendig rett for kvart barn. I tillegg skal ein leggje vekt på andre lovheimlar og sjå dei i samanheng med Barnekonvensjonen. I sakshandsaminga må ein tolke og vekte dei ulike retningslinene for sakshandsaminga i alle sakene som gjeld barn.

Barnets rett til medverknad

Barnet si rett til å bli høyrd ligg i bvl. § 1-6. Dette gir barnet ein absolutt og sjølvstendig rett til å medverke, men ingen plikt. Retten gjeld i heile prosessen og i alle tilhøve som omhandlar barnet, ikkje berre når ein skal ta rettslege eller administrative avgjersler.

Retten til medverknad betyr at den som tek avgjersle har ein plikt til å gje barnet høve til å medverke. I ei undersøking pliktar barneverntenesta å sikre at barnet får oppfylt retten sin til medverknad.

Prinsippet om barnets beste heng uløyseleg samen med barnet sin rett til medverknad. Føremålet med medverknad er å få fram barnet sine synspunkt og tankar om sin eigen situasjon. Når barnet sitt syn har kome tydeleg fram, vil det danne eit betre grunnlag for vidare undersøking, vurdering og dermed vil kunne føre til ei endeleg avgjerd i saka som er vurdert ut i frå barnets beste og for å bidra til at dei vedtaka barnevernet fattar i ein undersøkingsfase er til barnets beste.

Samarbeid med foreldra

Foreldra som undersøkinga handlar om, har ein sjølvstendig rett i undersøkingssaka. Når foreldra er part i barnevernssakene, vil dei ha rett til å uttale seg etter fvl. § 17.

Barnevernet skal i utgangspunktet leggje fram opplysningar som dei har motteke frå undersøkinga, så foreldra får uttale seg. Barneverntenesta bør og gjere foreldra kjende med andre opplysningar som har mykje å seia for saka etter fvl. § 17.

Barnevernet skal utøve si verksemd med respekt for og så langt som mogleg i samarbeid med barnet og barnets foreldre, jf. bvl. § 1-7.

Nærare krav til undersøkinga sitt innhald, omfang og framgangsmåte

Forvaltningslova pålegg barneverntenesta å sikre at faktum i saka er klarlagt så langt det er mogleg før ein fattar vedtak, jf. fvl. § 17. Dette inneber at relevante sider av saka må komme fram. Barneverntenesta må vurdere riktigheita av dei opplysningar som kjem inn undervegs i undersøkinga. Kor omfattande undersøking barneverntenesta skal gjere må byggje på ei konkret vurdering av innhald og karakter i meldinga og anna informasjon i saka. Momenta som alvorsgrad, kompleksitet og hastegrad har verdi for kor grundig barneverntenesta skal undersøkje.

Barnevernlova § 4-3 andre ledd slår fast at undersøkinga skal gjennomførast slik at den minst mogleg skader som den råka, og den skal ikkje gjerast meir omfattande enn formålet tilseier.

Foreldra eller den barnet bur hjå, kan ikkje motsette seg at ei undersøking blir gjennomført ved besøk i heimen, jf. bvl. § 4-3 tredje ledd, og barneverntenesta kan også engasjere sakkunnige, jf. bvl. § 4-3 fjerde ledd.

Etter bvl. § 6-4 femte ledd skal barneverntenesta innhente opplysningar i samarbeid med foreldra. Innhenting av opplysningar som er underlagt teieplikt frå helsepersonell og andre forvaltningsorgan som er omfatta av teieplikta inneber at barneverntenesta må ha gyldig samtykke frå foreldra for å hente inn opplysningane, jf. fvl. § 13 a nr.1 eller ein lovheimel som gir tilgang til å unntaka frå teieplikta. Barneverntenester har heimel til å påleggje offentlege myndigheit mfl. om å gje opplysningar som er omfatta av teieplikt i situasjonar som er omtala i bvl. § 6-4.

I følge bvl. § 6-9 skal undersøkingar bli gjennomført snarast og seinast innan tre månadar, eventuelt seks månadar i særlege høve.

Dokumentasjon

Det høyrer til god forvaltningsskikk å sørgje for tilstrekkeleg og etterretteleg dokumentasjon, for at ein kan gjere greie for kva som er gjort i saka og grunngjevinga for dette. Dokumentasjonsplikta er også ei følgje av krava til forsvarleg teneste og plikt til internkontroll.

Både avgjerd om å innvilge hjelpetiltak og å leggje bort ei sak etter undersøking fører til at ein må sjå på eit einskildvedtak etter forvaltningslova, jf. bvl. § 6-1 andre ledd og § 4-3 sjette ledd. Dette tyder at ein må grunngje vedtaket etter reglane i forvaltningslova §§ 24 og 25. I tillegg skal det etter bvl. § 6-3a gå fram av vedtaket kva som er barnet sitt synspunkt, og kva vekt barnet si meining skal ha. Korleis barnets beste er vurdert skal også gå fram av vedtaket.

Krav til styring og leiing

Krav til leiing, organisering og styring er eit viktig element i kommunen sitt ansvar for å tilby og yte forsvarlege tenester. I barnevernloven står det at «kommunen skal ha internkontroll for å sikre at den utfører oppgavene sine i samsvar med krav fastsatt i lov og forskrift. Kommunen må også kunne redegjøre for hvordan den oppfyller kravet til internkontroll.» Dette følgjer av barnevernloven § 2-1, andre ledd, jf. kommuneloven § 25-1.

I bvl. § 2-1 sjuande ledd går det fram at kommunen skal sørgje for at tilsette som gjer undersøkingar i barneverntenesta har nok kompetanse til å utføra arbeidet på ein måte som er forsvarleg. Kommunen har ansvaret for å gje nødvendig opplæring ved behov.

3. Beskriving av faktagrunnlaget

Her gjer ein greie for korleis verksemda sine aktuelle tenester fungerer, inkludert verksemda sine tiltak for å sørgje for at krava til kvalitet og sikkerheit for mottakar av tenesta blir overhalde.

ORGANISERING

Kommunen si organisering

Valle er ein kommune i Agder. Valle grenser mot Bygland i sør og Bykle i nord. I nordaust grenser Valle mot Tokke og Fyresdal og i vest mot Sirdal. Kommunen har 1 169 innbyggjarar pr. 4. kvartal 2020. Kommunedirektøren er øvste administrative leiar i kommunen. Under kommunedirektøren er det ti avdelingar med kvar sin leiar. Ei av dei ti avdelingane er Setesdal barnevern. Dei andre avdelingane og kommunedirektøren har møte kvar veke. Barnevernleier deltek ikkje på desse møta no, fordi det vart frå kommunedirektøren si side vurdert at det ikkje var føremålstenleg bruk av tida til barnevernleier.

Barneverntenesta har i om lag eit år fått hjelp frå rettleiingsteam i regi av Bufdir. Rettleiingsteam er et tilbod om rettleiing til kommunar som ynskjer å styrke og utvikle barneverntenesta. Målgruppa for rettleiingsteam er kommuneleiinga og barnevernleier. Kommunen vil få hjelp frå rettleiingsteam i eit år til.

Organisering av barnevernstenesta

Setesdal barnevernteneste er ei interkommunal barnevernteneste. Valle kommune er vertskommune for samarbeidet. Setesdal barnevern gir tenester til innbyggjarar i Bykle, Bygland og Valle. Barnevernleier er underlagt kommunedirektør i vertskommunen Valle, og rapporterer til vertskommunen. Barnevernleier er fagleg og administrativt overordna dei tilsette ved den felles tenesta.

På tilsynstidspunktet har kontoret eigen barnevernleiar og to kontaktpersonar. Det er i tillegg ein tilsett ute i permisjon. Tenesta har ein merkantil tilsett i ein 20% stilling. Tenesta er organisert etter generalist-modell, som inneber at dei som er tilsett som kontaktpersonar skal delta i alle fasar av ei barnevernssak.

Det kjem fram frå halvårsrapporteringa som tenesta har levert, at tenesta det siste halvåret i 2020 fekk 28 bekymringsmeldingar. Det blei gjennomførd 13 undersøkingar. Ved slutten av 2020 var det 27 barn som fekk hjelpetiltak av barneverntenesta.

STYRING OG INTERNKONTROLL

Opplæring og kompetanse

Skriftlege rutinar m.m.

Ein stor del av opplæringa av dei nytilsette blir gitt gjennom KUBA (Kompetanseutvikling for barnevernet i Agder). KUBA har eigne bolkar med opplæring for nytilsette. Opplæringa av nytilsette har ei lengde på 6 dagar, og inneheld tema frå alle fasar i ei barnevernssak.

Gjennom nytilsettopplæringa i KUBA får kontaktpersonar mellom anna opplæring i korleis kontaktpersonar skal gjennomføre undersøkingar samt innføring i relevante lovmessige rammer og aktuelt verktøy.

I barneverntenesta sine rutinar står det at ein skal utarbeide ein opplæringsplan som er felles for barnevernstenesta. I tillegg skal kvar einskild tilsett ha eigen individuell opplæringsplan. Planen er lagt til rette ut i frå aktuelle opplæringsbehov som kjem fram gjennom dei årlege medarbeidarsamtalane. Dei tilsette får individuell rettleiing av ekstern rettleiar. Dei signerer ein kontrakt om individuell rettleiing som skal evaluerast kvar 6. månad.

Ein tilsett representerer tenesta inn i eit gruppearbeid, som går over faste treff gjennom 2021 i regi av KUBA. Gruppa arbeider med å lage malar for undersøkingsarbeidet.

Sluttproduktet skal så gå tilbake til tenestene, og skal på denne måten føre til kompetanseheving på tvers av barneverntenestene i Agder. Ein annan tilsett representerer barneverntenesta i gruppearbeid om oppfølging av fosterheimar, medan barnevernleier deltar i gruppa som arbeider med oppfølging av tiltakssaker i barnevernet.

Fire gongar i året blir det arrangert internseminar for barneverntenesta, med intern eller ekstern forelesar. Tenesta deltek på interne og eksterne fagdagar.

Barneverntenesta har fagmøte kvar onsdag mellom kl. 9-12. Møta er obligatoriske for alle tilsette i barneverntenesta. Her er tema (vidare)utvikling og implementering av rutinar, lov- og føresegner. I tillegg drøftar gruppa aktuelle faglege problemstillingar.

Barnevernleier tilbyr målsamtalar med kontaktpersonane annankvar månad. Føremålet er å utarbeide individuelle utviklingsmål og kompetanseheving. I dette fora blir det drøfta ynskje og behov for opplæring og utvikling.

Tilgang på fagkunnskap

Tilsette i Setesdal barnevern har tilgang på Visma rettleiar og andre digitale rettleiarar. Barneverntenesta har oppdatert rutinane sine 30.11.20. I rutinane er det oversyn over aktuelle lover, føresegner og rundskriv.

Tilsette si samla kunnskap og erfaring

Fungerande barnevernleiar vart tilsett for 1,5 år sidan, og vart konstituert som barnevernleiar for eit år sidan. Barnevernleiar er utdanna vernepleiar med master i sosialt arbeid. Barnevernleiar har nokre oppgåver som sakshandsamar grunna mangel på tilsette, og er på tilsynstidspunktet om lag 70% leiar og 30 % sakshandsamar.

Kontaktpersonane vart tilsett omlag på same tid. Begge kontaktpersonane er utdanna barnevernpedagogar. Ein tilsett har røynsle frå arbeid på barneverninstitusjon. Den andre har erfaring frå NAV, barnehage og barneverninstitusjon.

Intervjua

Dei tilsette har vore på nytilsett opplæring i regi av KUBA. Dei tilsette har målsamtaler som er obligatoriske, og har individuell kompetanseplan. Ein tilsett skal ta COS- kurs (Circle of security) i 2021. Dei har fått ekstern rettleiing og ein tilsett har fått rettleiing frå kollega med delegert rettleiingsansvar/fagrettleiar.

Dei tilsette skal ha opplæring i samspillsobservasjon med Øyvind Kvello hausten 2021. Avdelinga har tidlegare hatt prosessrettleiing annan kvar veke, men no er det redusert til 1 gong i månaden. Prosessrettleiinga som dei tilsette har fått frå kommunepsykologen, har gått over frå prosessrettleiing til at dei får opplæring i mentaliserings-intervju. Dette var det tenesta sjølv som ynskte fordi dei opplevde behov for kompetanseheving meir enn behov for prosessrettleiing.

Myndigheit og delegering

Kommunen har eit reglement for vidare delegering som vart vedteke av kommunedirektøren i Valle 28.4.17. Her står det at rådmannen (no kommunedirektøren), delegerer fullmakt om avgjerd etter barnevernlova til leiar for Setesdal barnevern. I delegeringsreglementet står det at også sakshandsamar kan underskrive melding om vedtak der det ikkje er gitt instruksjon eller tolkingar, innhenting av opplysningar som ledd i sakshandsaminga og opplysningar/informasjon (ikkje tolkingar) av regelverk, planar etc.

Einingsleiar skal underskrive «andre brev», og sakshandsamar paraferer. Det står i reglementet at einingsleiar har ansvar for å kvalitetssikre, og vurdere om brev skal bli førelagt rådmann (kommunedirektør) til underskrift/orientering. I arbeidsinstruks for leiar går det fram at leiar er fullmaktshavar i saker innanfor tenesteområdet. Leiar kan delegere vidare dersom det ikkje er tatt inn reservasjonar mot det.

Møtestruktur og rapporteringsliner

I oversikt over møtestrukturar står det om følgande møtepunkt i tenesta:

  1. Interndag kvar I dette møtet har ein saksgjennomgang for kontroll og drøfting. Kvar kontaktperson har ansvar for å førebu sakene, gi informasjon, gjennomgå og drøfte sakene med bakgrunn i erfaringsbasert fagkunnskap.
  2. Styringsgruppemøte er omtrent kvart kvartal, med barnevernleier, kommunaldirektørar i Bykle, Valle og Barnevernleier kallar inn og lager agenda i samarbeid med kommunedirektør i vertskommunen.

Informasjonsmøte om Setesdal barnevern med kommunedirektørar og ordførarane i dei tre samarbeidskommunane. Agenda for møtet er status i Setesdal barnevern, tal på saker, utfordringsbilete for levekår samt utfordringsbilete for Setesdal barnevern knytt til drifts- og sakstilhøve.

  1. Årleg møte med leiarar for Barnevernleier kallar inn leiarane for skolane, barnehagane, politi, helsetenestene, PPT, SLT og koordinerande eining.
  2. Barnevernleier inviterer seg til kommunestyra kvart år for å legge fram årleg tilstandsrapport for Setesdal Årlege informasjonsmøte i formannskapa i dei tre kommunane der overordna aspekta og føringar blir drøfta.

Risikovurdering

Barneverntenesta gjennomførte ei ROS kartlegging 29.1.21. Her blir det skissert 7 scenario som greier ut kva som kan gå galt i tenesta. Det er omtalt konsekvensar dersom scenario inntreff, kor ofte og ei vurdering av konsekvensane. Tenesta har laga ei prioriteringsliste over problemområde og har foreslått tiltak for å redusere risiko, med frist for iverksetting av tiltak i 2021. Eit av risikoområda som er omtala handlar om at tilsette ikkje er godt nok kjende med interne rutinar. Det er risiko for at lovkrav ikkje blir følgde opp som resultat av dette. Tiltak som skal avgrense risikoen er at interne rutinar skal bli gått gjennom annenkvar månad, og interne rutinar leggjast på leselista i Compilo. Dette tiltaket blei starta opp 1.4.21.

System for avvik

Valle kommune nyttar Compilo i høve avviksmelding og avvikshandtering. Compilo er eit system for kvalitetssikring og forbetring med ein modul for avvikshandsaming og ein modul for varsling. Alle tilsette har tilgang til Compilo.

I rutinen «saksbehandling og avvik» står det at tenesteavvik skal meldast i Compilo umiddelbart etter at avviket er oppdaga. Tenesteavvik er når lovar, føresegner, reglar med meir, ikkje blir følgde. Compilo blei tatt i bruk i tenesta frå 2019. Det er barnevernleiar som handsamar avvik som gjeld brot på lovar, reglar og rutinar. Barnevernleiar skal saman med kontaktperson gå gjennom årsaka til avviket og sørgje for at avviket ikkje blir gjenteke.

Barnevernleiar blir utan opphald orientert ved avvik.

Ved brot på interne rutinar som ikkje er definert som tenesteavvik, skal dette tas opp med barnevernleiar i rettleiing. Barnevernleiar og kontaktperson skal gå gjennom årsak til brotet, med føremål å unngå gjentaking. Avvik som har status «høg», skal gå direkte til kommunedirektøren. Barnevernleiar skal få orientering med skriftleg varsel. Varsel som omhandlar barnevernleiar skal gå til kommunedirektøren.

Leiar har 21 dagar på å lukke avvik. Går det meir enn 21 dagar vert avviket vidaresendt til kommunedirektøren. Kommunedirektøren kan gje forlenga frist om det er naudsynt at tiltak må virke over tid. I perioden 1.1.21- 30.3.21 er det meldt 35 avvik. Majoriteten av avvika handlar om brot på interne rutinar, det er mellom anna ulike type fristbrot, manglande sikring av barnet si stemme og brot på rutine om å tilrå familieråd i undersøkingssakar. Det er også avvik som handlar om HMS og informasjonssikkerheit.

Intervju

Barnevernleier var tidlegare med på møter med einingsleiarane og kommunedirektør, men dette er endra slik at barnevernleier deltek ikkje lenger på desse leiarmøta.

Kommunedirektør har gjort vurderingar kring kva som er best bruk av tid for barnevernleier og det har vore tema på møta som gjer at barnevernleiaren får lite ut av å vere til stades. Barnevernleier og kommunedirektør møter kvarandre jamleg fordi tenesta får hjelp frå rettleiingsteam der leiarskap er ein av fleire tema dei arbeider med der.

Barnevernleiar ser at det kunne vore fleir møtepunkta med kommunaldirektør.

BARNEVERNTENESTA SITT ARBEID MED UNDERSØKINGAR

Førebuing og planlegging av undersøking

Skriftlege rutinar

Kapittel 4 i tenesta si rutinehandbok handlar om barneverntenesta sitt arbeid med meldingar. Her står det at barnevernleier eller den med delegert ansvar ved fråvær av leier, som skal avklåre meldingar så raskt som mogleg, og seinast innan 7 dagar frå dei kjem inn. Ein går gjennom meldingar dagleg for å vurdere alvorsgraden i saka og behov for raske undersøkingar.

Tenesta har ein mal for meldingsavklåringar. Denne vert brukt ved gjennomgang av meldingar. Her står det dato for når meldinga er motteke og informasjon om meldar og barnet meldinga handlar om.

I skjemaet skal ein svare på om barneverntenesta har tidlegare kjennskap til familien eller ikkje. Skjemaet har mellom anna spørsmål om det er behov for mellombels vedtak, om ein trur at meldinga gir grunnlag for vedtak, grunngjeving for eventuell avklåring med meldar, instansar familien er i kontakt med og barnevernfaglege vurderingar av alvoret i bekymringa, samt grunngjeving for å opprette undersøking eller legge bort saka. I tillegg skal ein fylle ut tilråding om kva for område ein bør undersøkje. I rutinar står det at det skal være ekstra sterke grunnar for at barneverntenesta ikkje skal opne undersøking dersom det er en offentleg meldar. Grunngjeving for dette er at offentleg meldar har vurdert at deira uro er så alvorleg at det utløyser opplysningsplikta.

I rutinar står det at barneverntenesta skal avklåre meldingsinnhaldet med partane dersom det er behov, forutsett at meldinga ikkje omhandlar vald eller overgrep. For å unngå å sette i verk undersøking ved bekymringsmelding som handlar om foreldre som ikkje har samvær med barnet, kan dei avklåre samværsordning med den av foreldra barnet er folkeregistrert hjå.

Kontaktperson 1 skal avtale tidspunkt med kontaktperson 2 for å drøfte framdriftsplan før ein sender brev til klienten. Her skal kontaktpersonane drøfte val av metode, kartleggingsverktøy, fokus i undersøkinga og bruk av tid.

Tenesta har rutinar for gjennomføring av undersøkingar i tenesta. Denne inneheld lovheimel for undersøking, tilvising til føresegn, og minner om krav til dokumentasjon. Det er leiar sitt ansvar å kople på kontaktperson i sakshandsamingssystemet. Leiar tildeler saker til kontaktpersonen per e-post med informasjon om meldingsnummeret på saka.

I rutinen står det omtala som ei overordna grunngjeving for å være to i undersøkinga, er at det er to som kjenner saka og som derfor har høyrt og sett det same. Undersøkinga blir til gjennom eit samarbeid ved at ein har same informasjonsgrunnlag til å drøfte saka, og fungerer dermed som ei kvalitetssikring av arbeidet. Dette skal føre til økt sikring av rett vurdering for klienten. Det er berre unntaksvis at ein kontaktperson som kan gjennomføre ei undersøking aleine, etter avklaring med fagleiar/barnevernleiar.

Kontaktpersonen skal planleggje undersøkinga og aktivitetane i undersøkinga med utgangspunkt i undersøkingsplanen saman med familien og eventuelt saman med rettleiar. Undersøkingsplanen skal i følgje rutinane fungere som ein framdriftsplan og ei sjekkliste for å sikre at undersøkinga vert gjennomført i høve til rutinane. Planen skal takast med til internmøte på kvar onsdag etter at saka er tildelt.

Det står i rutinen at dei skal gjennomgå planen med partane i saka. Føremålet med det er at partane får kjennskap til kva og når dei ulike fasane i undersøkinga skal skje. Det må komme fram i planen at det er barnet sin situasjon som skal ha fokus. Partane skal få kopi av planen. Dei må dokumenterer endringar i postjournalen undervegs.

For undersøking som omhandlar vald, overgrep eller andre straffbare omstende, seier rutinen at kontaktperson 1 og 2 straks skal drøfte framgangsmåten vidare. Det er utarbeidd spørsmål til drøfting, som handlar om å vurdere og kontakte meldar for å hente inn meir informasjon, avklåre om saka er meldt og be om skriftleg informasjon frå meldar si vurdering av kvifor tilhøvet ikkje er meldt. Melding til barnevernet kan dei drøfte med politiet og rutinen seier at kontaktpersonane skal samarbeide og koordinere undersøkinga så langt det er mogleg. Dei må jamleg vurdere melding i undersøkingsprosessen, og minst ved oppstart og gjennomføre ei evaluering midtvegs i saka.

Tilsendte saksmapper

I meldingsavklaringane er det uklart når meldinga har komme inn. Meldingane er ikkje stempla, og vi ser døme på at det er ulik dato på når meldinga ble motteke i avklaringsskjema og i brev med underretning til meldar.

I 15 saker er det ikkje oppretta ein fagleg grunngjeving for kvifor saka skal undersøkast. Ein syner ofte til lovtekst, men det er ikkje knytt opp til den konkrete saka. I 11 saker manglar det hypotesar og tema for undersøkinga. I 5 saker manglar det vurdering av hastetiltak.

I meldingsavklaringane vurderer dei for det meste om undersøkinga skal vere lukka. I ei sak ser vi at vedtak om å lukke undersøkinga kjem ein månad og ti dagar etter undersøkinga starta. I mal for meldingsavklaring har tenesta eit punkt for tidlegare kjennskap til familien. Det manglar informasjon om tidlegare kjennskap til familien i 6 saker, og i 7 av sakene manglar det informasjon om kva tiltak som har vore inne i familien. Det er i liten grad utdjupa kva kjennskap og erfaring barneverntenesta har med familien frå før. I 6 saker manglar det vurdering av tidlegare informasjon som barneverntenesta har om familien når dei planlegg undersøkinga.

Malen for meldingsavklaring har eit punkt med spørsmål om undersøkinga skal være lukka. I dei fleste sakene har det vore uaktuelt. I 2 av 3 saker kor det var aktuelt, ser vi at det er vurdert. I 4 saker manglar det vurdering av om undersøkinga og skal omfatte søsken.

Generelt kjem informasjon om søskenforhold ikkje fram i meldingsavklaringa.

Vi ser undersøkingsplan i 19 av 20 saker. I dei fleste sakene kor det er aktuelt, er det vurdert om undersøkinga skal være i båe heimane. I ei av sakene kom vurderinga 6 ukar etter meldinga vart motteke. I 11 av 20 saker er det ikkje dokumentert at foreldre har fått sjå planen.

Intervju

Dei tilsette og barnevernleier går gjennom meldingar som har kome inn kvar onsdag. Dei snakkar om kva ei undersøking bør innehalde, og leiar skriv i skjema. Tenesta opplever at dei er betre til å skrive vurderingar no, enn dei var tidlegare.

Tenesta har rutinar for å drøfte sakar med kvarandre, uansett om dei er to som er med på møter i saka eller ikkje. Dei kjenner til at desse drøftingane ikkje kjem så godt fram i dokumentasjonen, og det har samanheng med kor mykje tid dei kan setje av til kvart journalnotat. Dei er ikkje alltid to på heimebesøk, men vurderer mellom anna frå kjennskapen dei har til familien frå før.

Dei tilsette opplever at undersøkingsplanen er eit godt verktøy for å få med alt. Dersom ting endrar seg undervegs, skal dei eigentleg lage ein ny undersøkningsplan, men dei får ikkje alltid gjort det. Dei sit i lag og planlegg undersøkinga og tar den med i første møte med familien. Dei gjer den ferdig etter møtet, etter å ha fått samtykke frå foreldra. Dei skriv ned problemstillingar som dei har laga ut frå bekymringsmeldinga. Dette har dei gjort meir av i den siste tida. Barna er ikkje involverte i arbeidet med å lage plan for undersøkinga.

Dei opplever at dei har informasjon om tidlegare kjennskap til familien når dei får tildela ei sak. Det er små forhold i tenesta.

Gjennomføring av undersøking – innhald, omfang og framdrift

Skriftlege rutinar

I rutinen «undersøking-prosess», står det at den første kontakta med familien kan være over telefon, eller i form av eit formelt brev der dei kallar inn til eit møte. Rutinen minner om at det må vere god dokumentasjon på kva som blir avtalt i første telefonsamtale.

Familien skal få høve til å møte på kontoret, men heimebesøk har høgare prioritet.

I saker med offentleg meldar står det i rutinen at ein skal gjennomføre meldingsmøte saman med familien og meldar. Dette gjelde ikkje i saker med bekymring for vald/overgrep eller saker der ein vurderer det ugreitt å gjennomføre på denne måten. Møtet er todelt. I første del møter familien aleine for å få informasjon om partsrettar og gangen i ei undersøking. Deretter kjem meldar for å utdjupe meldinga.

I rutinen «undersøkingsmetode» står det mellom anna om kva som høyrer til i ein førstegangssamtale. Her skal dei gjennomgå meldinga, drøfte innhenting av opplysningar og familien skal kome med framlegg til kilder. Partane skal signere samtykkeskjema for informasjonsinnhenting, dei skal få informasjon om partsrettar og signere skriv om partsrettar.

Tenesta har rutine for gjennomføring av informasjonsinnhentingsmøter. Denne rutinen kan dei nytte i staden for og/eller i tillegg til innhenting av skriftleg informasjon. Føremålet med metoden er å utdjupe bekymringsmeldinga og få fram ulike sider. Det er eit sentralt mål å take i vare eit godt samarbeidsklima. I desse møta står det i rutinen at barnets/ungdommens stemme skal kome tydeleg fram.

I rutine for innhenting av opplysningar går det fram at informasjonen barnevernet ber om, skal være relevant for å belyse barnet og barnets situasjon. Barnevernet vil vurdere korleis dei skal nytte opplysningane og dei må tilpasse spørsmåla til den enkelte saka. I rutinen står det at dei purra skriftleg dersom opplysningane ikkje er kome attende innan fristen.

Tenesta har rutine for gjennomføringa av heimebesøk. Rutinane inneheld sikringsvurderingar og tiltak kontaktpersonane skal gjere i samband med heimebesøk. Det står mellom anna i rutinen at kontaktpersonar skal unngå å ta opp sterkt provoserande tema på heimebesøket og at familien alltid skal få informasjon om kva det er barnevernet ynskjer å observere under besøket.

Det er ei rutine for å vurdere heimebesøk som ikkje er avtalt på førehand. Dette er særleg viktig når innhaldet i bekymringsmeldinga er så alvorleg at ein vurderer at barna er i ein akutt situasjon. Barnevernet bør og vurdere særskilt situasjonar der tenesta ikkje har lukkast med å få kontakt med familien etter 2-3 innkallingar.

Rutinen «undersøking- metode» omhandlar eit minimumsinnhald for undersøkinga. Undersøkinga skal minst innehalde ein førstegongssamtale, dokumentinnhenting, vurdering av om foreldre utan foreldreansvar skal få informasjon, samtaler med foreldre om barnet, heimebesøk, samtale med barnet, samtale med foreldra (om dokumenter/informasjon i saken) og samtale med barn og foreldra for å gå gjennom mellom anna undersøkingsrapport.

I rutinen for «barns medverknad» står det om barnets rett til informasjon, til å bli høyrd og til å uttale seg i trygge omgjevnader. Det er stilt krav til at barnevernet møter barn med respekt, og at ein tek barn på alvor. I rutine for «samtaler med barn» står det at barneverntenesta i starten av undersøkinga skal vurdere å snakke med barnet først, foreldra først eller med barn og foreldra saman. Barn som er store nok skal ein snakke med aleine. Barnet kan få moglegheit til å ha med ein vaksenperson som dei er trygge på. Barn skal få informasjon om rettane sine, om barnevernet, og skal få moglegheit til å uttrykkje sine meiningar. Ved avslutning av ei undersøking skal barnet få informasjon om resultatet av undersøkinga og vegen vidare, ut frå alder og mognad. Det står også at ein kan vurdere konkret om foreldra kan ta ansvar for å formidle til barnet dersom barnevernet vurderer at foreldra vil ivaretake oppgåva.

Kontaktperson skal kontakte fagleiar dersom det er fare for at undersøkningsfristen ikkje vert overhalde. Dette skal skje seinast ved midtvegsevaluering. Dersom det er mogleg, skal ein omprioritere ressursar for å halde fristen. Det er stilt krav til at kontaktperson skal informere om årsaka for overskriding av fristen. Krav til informasjon om utvida undersøkingstid må kome i god tid før ordinær frist for undersøkinga går ut. Det er ein eigen mal for dette i familia, og skjemaet skal leverast til barnevernleier.

Barneverntenesta har laga ei rutine for undersøking av ufødd barn, der det går fram at ein skal legge bort undersøkinga den dagen barnet er født. Det er omtala kva ein skal gjere dersom det ligg føre tiltak etter fødsel og kva ein skal gjere om tiltak ikkje er klart.

Tilsendte saksmapper

I minst 16 saker ser vi at foreldre ikkje har motteke skriftleg informasjon om oppstart av undersøkingssak. I alle saker, kor det er aktuelt, har barneverntenesta sendt ut skriftleg informasjon om oppstart av undersøkingssak til meldar.

I alle saker har tenesta innhenta skriftleg samtykkje til innhenting av opplysningar frå foreldre. I ei sak ser vi at det er henta inn frå fleire instansar enn det er innhenta skriftleg samtykke til. I 11 saker kan vi ikkje sjå at foreldre er spurde om kven det kan være aktuelt å innhente informasjon frå. I 14 saker kan vi ikkje sjå at foreldre har fått sjå spørsmåla som er

sende ut. I nokre saker er det ikkje innhenta opplysningar, og i ei sak har foreldra vore til stades i møte kor informasjon vart delt.

I 7 saker ser vi at tenesta innhentar meir informasjon enn dei treng, og/eller at dei stiller rutinemessige spørsmål.

I 18 av 20 saker er det gjennomført heimebesøk. I 6 saker kor det kunne være aktuelt, er det ikkje vurdert heimebesøk som er umelde på førehand. I 3 av 11 saker der det kunne vore aktuelt, er det gjennomført observasjonar av samspel. Det er stort sett mykje kontakt mellom barneverntenesta og foreldra og dei tek opp relevante tema i samtalane.

I 12 saker har barneverntenesta snakka med barna. I 3 saker der det kunne vore aktuelt, har barneverntenesta ikkje snakka med barna. I dei høve der barneverntenesta snakkar med barna, brukar dei å snakke med barna meir enn ein gang. Stort sett gjennomfører barnevernet samtalane på skulen eller på heimebesøk. I dei høve der barnevernet snakkar med barna i undersøkinga, snakkar dei med barna aleine. Vi ser at barnevernet tek opp relevante tema i samtalene med barna.

I 2 saker har barnehagen hatt samtale med barna i framfor barnevernet. Det kjem ikkje fram i dokumentasjonen at barna har blitt høyrd om kor og når samtalen skal skje, med unntak av i 2 saker. Det er ikkje dokumentert i nokon av sakene at barna har fått informasjon om tillitsperson, eller om barna får moglegheit til å ta et medvite val rundt kven dei ynskjer å ha med seg inn i samtalen.

Intervju

Dei tilsette brukar å kontakte familien over telefon. Dei introduserer seg, og opplev at familien ofte er klar over meldinga som er sendt til barnevernet. Dei oppfordrar foreldra om at dei tek det meste av informasjonen i første møte. I første møte får foreldra informasjon om undersøkinga, og informasjon om rettar dei har. Dei har ein ny rutine der dei deler ut ei mappe med informasjonsskriv om rettar som foreldra skal signere på, samtykke til innhenting av informasjon, og samtykke til å bruke feedback informerte tenester, som er eit system for systematisk tilbakemelding frå dei tenesta er i kontakt med. Dei har rutine for å spørje foreldra kven det kan ver aktuelt å innhente informasjon frå.

Dei brukar malen for innhenting av opplysningar som ligg i familia. Dei ringer og purrar på opplysningar i høve der dei ikkje får tilbakemelding innan fristen dei gir i brevet.

Når det gjeld vurderingar kring observasjonar av samspel, ser dei det an etter barnet sin alder. Dei brukar samspelsobservasjonar der samtale med barnet ikkje vil gje noko svar. Barneverntenesta prøver å bruke kvarandre der dei kan. Det er nokre som er flinke i barnesamtaler, medan andre er betre på å være tydelege. Dei har ikkje så mange verktøy på avdelinga, men dei har hatt opplæring i mentaliseringsintervju. Det er ei som går på COS kurs no, og i tillegg skal dei få Kvello-opplæring til hausten.

Når dei drøftar saker på avdelinga, lagrar dei notatet frå drøftinga i Compilo. Dei har snakka om problemet det skaper at det er kontaktpersonane som må lagre drøftingane i familia.

Barns medverknad

I undersøkinga spør kontaktpersonar foreldra eller skolen kven barnet har tillit til, og som kan vere med i samtalen med barnevernet. Dei har ein del samtaler på skolen, og da veit foreldra kven barnet stoler på. Dei spør og barnet, men det er nok oftare dei spør ungdom.

Vurderingar

Dei har snakka om at dei alltid skal leggje til vurderingar etter møter. Dei opplever at det er utfordrande å rekkje over alt.

Midtvegs evaluering

Det er ein ny mal, som dei må bli betre kjend med. Malen går ikkje direkte inn i familia, så dei må skrive han ein annan stad først, utan å lagre han. Seinare kan dei leggje han inn i familia. Dette skal dei endre på. Dei har tek opp evalueringar på onsdagsmøtet, og kontaktperson må sjølv skrive inn på si sak etter møtet.

Vurderingar undervegs og til slutt i undersøkinga

Skriftlege rutinar

I rutinen «barnets beste» står det at det i alle fasar av sakshandsaminga at ein skal gjennomføre særskilte vurderingar av kva som er barnets beste. Barnevernet skal syne til vurderingar som er gjort rundt val av tiltak, både rundt tiltak ein vel og det som ein vel bort. Vurderingane skal komme fram i den skriftlege dokumentasjonen. I rutine for «barnets medverknad» står det at dei dokumenterer vurderingar dei tek som fortløpande avklaringar og drøftingar i kvardagen. Barnets medverknad er ein prosess dei har gjennom heile kontakten med barneverntenesta. Barnet si meining skal komme tydeleg fram. I dei høve der barnet sine ønskje ikkje blir følgt opp, skal ein dokumentere og grunngje dette.

Tenesta har rutine for midtvegsevaluering. Kontaktpersonane har ansvar for å bruke malen i sakshandsamingssystemet. Midtvegsevalueringa skal ein gjennomføre på «interndag».

Kontaktpersonar skal ta med dokument som er utfylte med fakta i saka, som grunnlag for drøfting med kollega og leiar. Det går fram av rutinen at ein mellom anna skal drøfte kva for opplysningar som manglar for å kunne konkludere undersøkinga. Kontaktperson har ansvar for å ferdigstille dokumentet når kontaktperson har ført inn drøftingar av tiltak og vegen vidare, etter vegleiing med fagleiar.

Ved avslutning av undersøkinga skal ein utarbeide ein undersøkingsrapport. Dei har ein eigen mal i familia. Barnevernet skal starte på rapporten to veker før fristen for undersøkinga går ut, og rapporten skal være ferdig innan undersøkingsfristen. Leiar skal lese og godkjenne rapporten. I etterkant skal ein gjennomgå rapporten med foreldre og dersom foreldra ynskjer det, skal de få den tilsendt.

Det står i rutinane om vilkår og terskel for å gjenoppta undersøking etter 6 månader, når foreldre ikkje vil take i mot hjelpetiltak. Kontaktpersonen skal informere foreldre nøye om sine vurderingar av hjelpebehovet og konsekvensen av å motsette seg nødvendige hjelpetiltak ved avslutning av undersøkinga.

Tilsendte saksmapper

I minst 11 av 20 saker manglar det fortløpande dokumentasjon av barnevernet sine vurderingar. I 11 saker manglar barnevernfaglege vurderingar etter samtale med barna. I 8

saker manglar vurderingar etter samtale med foreldre, medan i nokre saker ser vi at det er vurderingar etter nokre av samtalane. I minst 12 saker manglar det barnevernfaglege vurderingar fortløpande ved mottak av opplysningar.

I 11 saker gjer barnevernet ei samla og avsluttande vurdering av forholda som har kome fram i undersøkinga. I undersøkingsrapporten og vedtaket ser vi at barnets meining og barnevernet sine vurderingar kjem fram.

I 3 saker har informasjon frå instansane ikkje kome fram, men barnevernet avsluttar saka utan at det er ei vurdering av kvifor opplysningane ikkje er nødvendige likevel.

Vi ser at vurderingar kjem fram i undersøkingsrapport og vedtak, som dei skriv på slutten av undersøkinga.

Intervjua

Dei tilsette fortel at malen for midtvegsevaluering er relativt ny, og dokumentet er ikkje tilstrekkeleg innarbeidt. Malen er ikkje tilgjengeleg i Familia, men må hentast utanfrå. Dette vert omtala som tungvindt og gjer at dette ikkje alltid blir gjort i praksis. I samband med midtvegsevaluering fortel dei tilsette at dei nokre gongar involverer foreldre i midtvegsevalueringa.

Dei tilsette seier foreldre vert informert dersom tenesta avsluttar saka med bekymring. Dei seier at vurderinga knytt til dette vert omtale i vedtaket og ført i journalnotat.

Dei tilsette bekreftar at dei nokre gongar avsluttar saker før all informasjon har kome inn. De fortel da at dei ofte ringer opp til dei instansane dei venter på informasjon frå, og får informasjonen munnleg. Dersom dette ikkje skjer, så tek tenesta ei vurdering på om saka kan avsluttast utan informasjonen som manglar. De tilsette meiner både samtalar med instansane og/eller vurderingar knyta til å avslutte utan at informasjonen kommer inn, vert dokumentert i journal.

Dei tilsette meiner det bør vær dokumentert ei vurdering når dei avsluttar saka utan at opplysningar dei har bedt om, kjem inn. Det hender og at dei tar ein telefon til instansen dei har bedt om informasjon frå, som bør noterast ned. Her skjer det glipp.

Konklusjon i tråd med situasjonen og vurderingane

Skriftlege rutinar

I rutine «undersøking- metode» går det fram at ein skal føre opp problemstillingar som klargjer meldinga i sluttrapport. Problemstillinga vert klargjort ved starten av undersøkinga for å sikre ein raud tråd frå undersøkinga startar til den vert avslutta. Dette skal kontrollere at vegval undervegs av undersøkinga er godt dokumentert og konklusjonen skal synleggjere og svare på problemstillingane som ein utarbeidde i starten av undersøkinga.

Innsende saksmapper

I 13 saker har familiane fått tilbod om hjelpetiltak. I 3 av 4 saker kjem det fram kva slags tiltak barnevernet meiner er aktuelt i vedtaket, kor føresette takkar nei til tiltak. I 2 saker har barneverntenesta vurdert å leggje bort saka med bekymring, og i 1 sak er det utydeleg om saka er avslutta eller ikkje. I resten av sakene som var lagt bort var det ikkje aktuelt å avslutte med bekymring.

Det mangla orientering om resultat av undersøkinga i 5 saker. Det er berre to saker der det er dokumentert at det er vurdert å opplyse offentleg meldar om innhald i tiltak.

I minst 15 saker er det gjort ei samla og avsluttande vurdering av alle tilhøve som har komme fram i undersøkinga. I 1 sak er dette ikkje gjort og i 5 saker (som gjeld fire er søsken) er det litt uklart.

I minst 15 saker er det utarbeidd en konklusjon som er logisk i forhold til den samla vurderinga og gitt de utfordringane som er omtala. I 1 sak er dette ikkje gjort og i 5 saker (der fire er søsken) er det litt uklart.

Korona

Intervju

Barnevernleier seier at det ikkje har vore særlege tiltak knytt opp til koronasituasjonen. Det har vore lite smitte i samarbeidskommunane, og undersøkingsarbeidet har vore drive som normalt. Dei tilsette har vore på heimebesøk. Alle barn som det har vore bekymring rundt, fekk tilbod om barnehageplass. Ungdommane fekk tilbod om eit tilpassa opplegg, men det har ikkje vore mykje brukt. Samarbeidsmøta har vore gjennomført på Teams, og dei har brukt heimekontor. Det har ikkje vore noko ekstra sjukefråvær på grunn av korona.

4. Vurdering av faktagrunnlaget opp mot aktuelt lovgrunnlag

I dette kapittelet vurderer vi fakta i kapittel 3 opp mot lovbestemmingane i kapittel 2.

Førebuing og planlegging av undersøking

Det går fram av barnevernloven § 1-4, at alle tenester etter lova skal være forsvarlege. I dette kravet ligg det at barneverntenesta har plikt til å sørge for etterretteleg og tilstrekkeleg dokumentasjon. Det må dokumenterast kva som er gjort i saka og grunngjeving for det ein skulle gjere.

I gjennomgangen av sakane finn tilsynet at det ikkje er klart når bekymringsmeldingar kjem inn til barneverntenesta, fordi dei ikkje er stempla inn og det er nokre gonger ulike datoar i dokument i saka. I 15 saker er det ikkje oppretta ei fagleg grunngjeving for at det opprettast undersøking. Tilsynet finn at det er fleire manglar ved meldingsavklaringane som er gjort, som at det manglar vurdering av hastetiltak, og er mangelfull informasjon om tidlegare kjennskap til familiane. Tilsette opplever at dei kjenner til om det er tidlegare kjennskap til familiane, og minner tilsynet på at det er små forhold i Setesdal barnevern.

Tilsynet finn heller ikkje vurderingar av om meldinga har innhald som gjer at ein bør undersøke tilhøva hjå søsken.

Tilsynet ser at det i fleire saker manglar ei vurdering av tidlegare kjennskap til familien. Det manglar og hypotesar og problemstillingar som gir retning til undersøkinga. Det er altså ein fare for at viktig informasjon frå tidlegare sakar og tema frå meldinga ikkje blir vurdert og vektlagt i ei ny undersøking. Gjennom intervju finn vi at dei tilsette og leiar er kjend med manglane og dei opplever at det er gjort forbetringar den siste tida.

I 2 av 3 sakar der det var aktuelt, har barneverntenesta vurdert om undersøkinga skal vær lukka. Tilsynet finn i saksgjennomgang døme på at tenesta fattar vedtak om å lukke undersøkingar. Barnevernleier er kjend med at det ikkje er hensiktsmessig og har avvikla praksisen kort tid før tilsynet.

Det er ikkje eit lovkrav å ha ein undersøkingsplan, men det følgjer av kravet til forsvarlege tenester og av barneverntenesta sine interne rutinar. Årsaka til at det bør være ein undersøkingsplan er for å sikre systematisk arbeid med undersøkinga, sikre framdrift og at ein passar på fristar.

I 9 av sakene meiner vi at innhaldet i undersøkingsplanen ikkje svarar til innhaldet i meldinga.

I nokre saker er manglane at tilsynet meiner tenesta skulle ha vurdert umelde heimebesøk, nokre gjeld manglande samtale med barn og nokre gjeld at det er planlagt lite aktivitet i undersøkinga sett i samanheng med tema i bekymringsmeldinga. I 14 saker er ikkje planen levande. Det inneber at det ikkje er dokumentert i saka når ein gjer noko anna i undersøking enn det som var planlagt, eller vurderingar av planen. Dei tilsette opplever at undersøkingsplanen er eit godt verktøy, men dei får ikkje alltid inn endringane i planen.

I intervju med tilsette fortel dei om gode rutinar for å ha denne med i første møte med foreldra, men i 11 saker er det ikkje dokumentert at denne er vist foreldrane.

Gjennomføring av undersøking- innhald, omfang og framdrift

Foreldre og barn har rett til å medverke i undersøkinga, og barneverntenesta har plikt til å leggje til rette for medverknad og samarbeid. I forvaltningslova § 17 står det om foreldre/partane sin rett til å uttala seg i saka. Barneverntenesta pliktar å sørgje for at foreldra får informasjon som er av vesentleg verdi, for at foreldre skal kunne ivaretake retten til å uttale seg om saka som gjeld deira familie. Barneverntenesta har og rettleiingsplikt, og må derfor sørgje for at foreldre og barn får informasjon om rettane dei har i ei undersøkingssak.

Gjennom saksgjennomgangen og intervju erfarer tilsynet at tenesta har ein praksis for å kontakte foreldre per telefon for å informere om at dei har motteke ei melding. I minst 16 saker ser vi at foreldre ikkje har motteke skriftleg informasjon om oppstart av undersøkingssak. Gjennom intervju høyrer tilsynet at foreldre i den fyrste telefonsamtalen stort sett får informasjon om meldinga, og at barnevernet lager avtale om fyrste samtale mellom barnevernet og foreldre. Tilsynet si vurdering er at det er risiko for at foreldre ikkje får informasjon om partsrettar, og om at dei kan få hjelp av ein fullmektig i møte med barneverntenesta. Tilsynet finn derfor at foreldre ikkje får ivareteke retten sin til hjelp av ein fullmektig og at barneverntenesta ikkje oppfyller sin rettleiingsplikta i tråd med krav til rettleiing i forvaltningslova § 11 og forsvarlege tenester i barnevernlova § 1-4. I intervju med tilsette og leiar får vi vite at tenesta har endra praksis, og leverer nå eit skriv om partsrettar til foreldre, som foreldre skal signere på at dei har fått.

Tilsynet ser i saksgjennomgangen at Setesdal barnevern har rutine for å innhente skriftleg samtykke til å hente inn opplysningar i undersøkinga. I om lag halvpartane av sakene kan vi ikkje sjå at foreldre er spurt om kven det kan være aktuelt å innhente informasjon frå, men tilsette forklarer at dette er noko dei gjer. I fleire enn halvparten av sakene kan vi ikkje sjå at foreldre får kjennskap til kva for spørsmål barnevernet sender ut. Tilsynet meiner det inneber ein vesentleg risiko for at foreldre ikkje får medverke i starten av undersøkinga.

Tilsynet finn og at det er risiko for at det samtykket barneverntenesta får frå foreldre, ikkje er eit informert samtykke, altså foreldre veit ikkje nøyaktig kva det er dei har samtykka til. Tilsynet ser i saksgjennomgangen at det generelt er mykje kontakt mellom kontaktpersonar og foreldre. Det er relevante tema som vert teke opp i samtalane og det er for det meste gjennomført heimebesøk. Tilsynet ser at det manglar dokumentasjon av vurderingar barneverntenesta gjer undervegs i saka. Det er noko betre i referat frå heimebesøk, men manglar stort sett etter samtaler med foreldre og barn. Barneverntenesta har plikt til å dokumentere etterretteleg, og tenesta si eigne vurderingar av det dei ser og erfarer gjennom kontakten er av vesentleg betydning for saka.

Barna er hovudpersonane i ei undersøking. Barn har ein sjølvstendig rett til å medverke, og barneverntenesta har deltatt i utviklingsprosjekt med forandringsfabrikken, «mitt liv», som handlar om å lage trygge tenester for barn. Barnas beste skal være det sentrale gjennom heile undersøkinga, og deira stemme er eit av dei viktigaste bidraga for å opplyse saka.

Barneverntenesta har ikkje snakka med barna i 2 saker kor tilsynet meiner dei borde gjort det. I sakar kor barneverntenesta har snakka med barna, brukar dei snakke med barna meir enn ein gong. Barnevernet snakkar med barna aleine, og det er relevante tema som tas opp. Tilsynet saknar at barnevernet dokumenterer sine vurderingar etter samtale med barna.

Det er ikkje dokumentert i alle sakene at barna har fått informasjon om at dei har rett til å ha med seg ein tillitsperson i møte med barnevernet. Dette gjer at barna ikkje får moglegheit til å ta eit medvite val rundt kven dei ynskjer å ha med seg inn i samtalen.

Gjennom intervju registrerte tilsynet at tilsette snakkar med foreldre og/eller skolen om kven barna har tillit til. Dersom samtalen til dømes vert gjennomført på skolen, skal ein foreldre eller skolen har meint barna har tillit til være tilgjengeleg for å delta i samtalen. Tilsynet meiner barnevernet må sikre at barna alltid får informasjon om at dei kan ha med seg ein dei har tillit til.

Konklusjon i tråd med situasjonen og vurderingane

Barneverntenesta skal utarbeide ein sluttrapport, der faktum og vurderingar konklusjonen byggjer på, kjem fram. Statsforvaltaren ser at det i sluttrapporten og i vedtak som vert fatta, ofte inneheld gode vurderingar av barnet sitt behov. Det er gode døme på at det går fram av rapporten at prinsippet om barnets beste har vore med i vurderingar som er gjort.

Tilsynet ser at konklusjonane stort sett er logiske sett i høve til den samla vurderinga og utfordringane som er omtala.

I fleire saker er det ikkje sendt informasjon om resultat av undersøkinga til meldar, og vi registrerer at tenesta i hovudregelen ikkje vurderer om meldar skal få informasjon om innhald i tiltak.

Internkontroll

Opplæring og rutinar.

Setesdal barnevern består av få tilsette, som må dekke eit breitt fagområde. Tilsynet ser at det er laga plan for kursing og kompetanseheving, og dei tilsette har tilbod om rettleiing både internt og eksternt.

Tenesta har laga ei rutinehandbok. Frå intervju erfarer tilsynet at dei tilsette opplev handboka som eit godt oppslagsverk, og barnevernleier er nøgd med handboka. Dei har trong til å implementere handboka betre, og har no som regel å ta opp rutinar på fagmøte annankvar månad. Dette er eit av områda barnevernleier har omtalt i sin analyse av risikoområde i tenesta.

Statsforvaltaren si vurdering er at barneverntenesta har eit godt utgangspunkt i detaljerte rutinar. Dei tilsette opplev at dei endeleg har fått rutinar som dei har eigarskap til og nyttar. Tilsette har tilgang til fagleg informasjon gjennom Visma-rettleiaren og det er fleire ulike rettleiingar og opplæringsplanar for avdelinga si kompetanseheving i tida framover.

Gjennom intervju med barnevernleier erfarer tilsynet at tenesta har hatt god nytte av rettleiing frå rettleiingsteam og gjennom deling av kompetanse som vert teke opp gjennom KUBA-samarbeidet.

Rapportering og møtestruktur

Barnevernleiar har laga ei risikovurdering, og har planlagt tiltak for å redusere risikoen i 2021. Tilsynet vurderer det som positivt at tenesta er i gong med tiltak for å avgrense risiko, som barnevernleier har avdekka. Tiltak for å avgrense risiko for at lovkrav ikkje blir følgt er at rutinar blir gått igjennom annenkvar månad, og leggjast til på leselista til dei tilsette i Compilo. Det er ei lita teneste, med få tilsette. Dei har intern møtedag på onsdagar, og desse møta skal gi faglege oppdateringar og bidra til kvalitetssikring av barnevernarbeidet i dei enkelte sakene.

Risikovurdering og avviksystem

Barnevernleiar rapporterer direkte til kommunedirektør, mellom anna gjennom kvartalsrapportar og halvårsrapportar. Kommunedirektør og barnevernleier arbeider med å finne andre rapporteringsområde som kan være gode indikatorar på korleis det står til i barneverntenesta. Kommunedirektør har vore med når barnevernleier har presentert tenesta i kommunestyra i samarbeidskommunane, og har jamn kontakt med barnevernleier gjennom rettleiingsteam.

Tilsynet ser at avvikssystemet i kommunen er tatt i bruk av dei tilsette. Dette er avgjerande for at kommunen skal kunne skaffe seg systematisk oversyn over område der ser svikt eller fare for svikt i tenesta. Statsforvaltaren si vurdering er at kommunen har eit godt system for avviksmeldingar, og systemet er kjent for dei tilsette.

Oppsummering av funn

Tilsynet har møtt dyktige og truverdige fagpersonar i Setesdal barnevern. Tilsynet opplever at dei vi har møtt er ærlege om forbetringspotensialet i tenesta, og dei syner til at dei er og har vore i ei utvikling det siste halvanna året.

Tilsynet finn at det ikkje er god nok praksis for å dokumentere vurderingar om hastetiltak, om kvifor saka skal undersøkast, og tidlegare kjennskap og erfaring med familiar. Det er ikkje alltid vurdert om det skal være umelde tilsyn.

Oppsummert er tilsynet si vurdering at det ikkje er god nok praksis for å dokumentere drøftingar og vurderingar undervegs i undersøkingar. Undersøkingsplanen er ikkje eit praktisk verktøy som sikrar at planlegginga og framdrifta i undersøkinga er systematisk og forsvarleg. Det manglar formuleringar knytt til hypotesar og problemstillingar for undersøkingane. Det er ikkje god nok praksis for å sende underretning til offentleg meldar for å informere om konklusjonen av undersøkinga. Det er ikkje gode nok rutinar for å vurdera om meldar bør få kjennskap kva for tiltak som er vedteke.

Tenesta kan ikkje syne til god nok praksis for å sikre at foreldre vert gjort kjende med partsrettar og retten til å få hjelp av ein fullmektig. Det er ikkje sikra at barn som er i kontakt med barneverntenesta får informasjon om å ha med seg ein tillitsperson.

5. Statsforvaltaren sin konklusjon

Her presenterer vi konklusjonen av vår undersøking, basert på vurderingane i kapittel 4.

Valle kommune sikrar ikkje at alle undersøkingar er forsvarleg gjennomført på områda som gjeld

  • Avklaring av bekymringsmelding
  • Informasjon til familiene og barna
  • Fortløpande vurderingar
  • Planmessigheit/Struktur

Dette er det brot på

Forsvarleg sakshandsaming i undersøkinga, jf. Barnevernlov §§ 4-3 (undersøkingar) 1-4 (forsvarlege tenester) 1-6 (Medverknad) 1-7 (samarbeid med barn og foreldre), kommunelova § 25 (internkontroll).

Statsforvaltaren ber Valle kommune om å utarbeide ein plan for korleis lovbrotet skal rettast. Planen skal minst innehalde:

  • Kva tiltak tenesta gjer for å unngå lovbrot i framtida
  • Tidspunkt og ansvar for oppfølging av tiltaka

Frist for innlevering av plan for å rette opp lovbrotet settast til 1.10.21

Rapporten vert sendt over til Statens helsetilsyn for publisering på www.helsetilsynet.no

Med hilsen

Tore K. Haus (e.f.)
Direktør
Utdannings- og barnevernsavdelinga

Ida Øygard Danielsen
rådgivar
Utdanning- og barnevernsavdelingen

Dokumentet er elektronisk godkjent

Vedlegg: Gjennomføring av tilsynet

I dette vedlegget omtalar vi korleis tilsynet ble gjennomført, og kven som deltok. Varsel om tilsynet vart send 2.2.2021. Tilsynet blei gjennomført 4.5.21.

Det blei gjennomførd samtalar med foreldre 3.5.21 og 5.5.21. Tilsynet fekk ikkje kontakt med barn som informantar i dette tilsynet.

Tilsynsbesøket ble gjennomført ved Setesdal barneverntjeneste.

Tilsynet blei innleia med eit kort informasjonsmøte 4.5.21, og det vart haldt eit oppsummerande møte 6.5.21.

Ettersporte dokumenter var tilsendt og gjennomgått på forhånd.

Følgende dokumenter ble gjennomgått og vurdert som relevante for tilsynet:

  • Arbeidsinstruksar for kontaktpersonar og barnevernleier
  • Delegasjonsreglement for barneverntenesta
  • Rutinar og malar
  • Plan for opplæring og rettleiing
  • ROS- analyse
  • Beskriving av avvikssystemet, og oversikt over avvik
  • Samtykkeskjema
  • Organisasjonskart
  • Dei 20 siste undersøkingane 20.3.21.

I tabellen under gir vi en oversikt over kven som blei intervjua, og kven som deltok på oppsummerande møte ved tilsynsbesøket

Ikkje publisert her

Desse deltok fra tilsynsmyndigheten:

Rådgjevar, Åse Nesbu, Statsforvalteren i Agder, revisor
Seniorrådgjevar, Gro Lislegard-Bækken, Statsforvalteren i Agder, revisor
Seniorrådgjevar, Marit Fiane Grødum, Statsforvalteren i Agder, revisor
Rådgjevar, Ida Danielsen, Statsforvalteren i Agder, revisjonsleier

Kopi til:
Bygland kommune, att. kommunedirektør, Kommunehuset 4745 BYGLAND
Statens helsetilsyn Postboks 231 Skøyen 0213 OSLO
Bykle kommune, att. kommunedirektør Sarvsvegen 14 4754 BYKLE


Alle tilsynsrapporter fra dette landsomfattende tilsynet

2020–2021 Undersøkelser i barnevernet

Søk etter tilsynsrapporter

Søk