Hopp til hovedinnhold

Statsforvaltaren har gjennomført tilsyn med den interkommunale skulehelsetenesta 1. til 7. trinn i Skjåk kommune. Det vart gjennomført journalgjennomgang 4. desember, og sjølve tilsynet 5. og 6. desember. Det vart undersøkt om kommunen sørger for at skulehelsetenesta 1. til 7. trinn blir utført i samsvar med aktuelle lovkrav slik at barna får trygge og gode tenester.

Tilsynet vart gjennomført som del av årets planlagde tilsyn initiert av Statsforvaltaren.

Det vart ikkje avdekt brot på lov under tilsynet. Tilsynet er derfor avslutta.

1.    Temaet og omfanget av tilsynet

I dette kapittelet beskriv vi kva som vart undersøkt i tilsynet.

I tilsynet undersøkte vi om Skjåk kommune gjennom systematisk styring, sørger for forsvarleg skulehelseteneste til elevar i 1. til 7. trinn. Det vart undersøkt om kommunen følgjer nasjonale faglege retningslinjer og rettleiarar som understøttar dei måla som er sett for fagleg forsvarleg praksis.

Tema for tilsynet var:

  • Helseundersøking, helsesamtalar, helseinformasjon og undervisning i til 7. trinn.

Kommunen skal, som ledd i å tilby nødvendige helse- og omsorgstenester, tilby helsefremjande og førebyggande tenester, derunder helsetenester i skular jf. helse- og omsorgstenesteloven § 3-2 første ledd nr. 1 jf. § 3-1. Barn har rett til nødvendige helse- og omsorgstenester frå kommunen, også i form av helseundersøking i den kommunen barnet bur eller mellombels oppheld seg.

  • Koordinering av tenester til barn «som bekymrar» som ytes frå fleire einingar gjennom tverrfagleg Om kommunen i planlegging av tenesta har lagt til rette for tverrfagleg samarbeid for å fange opp barn og unge som ikkje utviklar seg innanfor normale variasjonar og fysiske og psykiske utfordringar.

Skolehelsetenesta skal ha rutinar for, og legge til rette for, nødvendig samarbeid med relevante kommunale tenester og spesialisthelsetenester, inkludert private tenesteytarar med avtale med spesialisthelsetenesta eller kommunen, som fastlegar jf. forskrift om helsestasjons- og skolehelsetenesta § 4. Leiinga i kommunen bør sikre at skolehelsetenesta, som arbeider med barn og unge og foreldra deira i det daglege arbeid sitt, har avtalar om samarbeid som sikrar oppfølging av involverte barn og unge.

2.    Aktuelt lovgrunnlag for tilsynet

Statsforvaltaren er gitt myndigheit til å føre tilsyn med kommunal helse- og omsorgstenester, etter helse- og omsorgstjenesteloven § 12-3 og helsetilsynsloven § 4. Eit tilsyn er ein kontroll av om verksemda er i samsvar med lov- og forskriftsavgjerder. Vi gir derfor her ei oversikt over krava som vart lagt til grunn i tilsynet.

Lover:

  • Lov om statlig tilsyn med helse- og omsorgstjenesten
  • Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester
  • Lov om pasient- og brukerrettigheter
  • Lov om helsepersonell
  • Lov om behandling av helseopplysninger ved yting av helsehjelp
  • Lov om helseregistre og behandling av helseopplysninger
  • Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker

Forskrifter:

  • Forskrift om ledelse- og kvalitetsforbedring i helse- og omsorgstjenesten
  • Forskrift om kommunens helsefremmende og forebyggende arbeid i helsestasjons- og skolehelsetjenesten
  • Forskrift om lovbestemt sykepleiertjeneste i kommunens helsetjeneste
  • Forskrift om tilgang til helseopplysninger mellom virksomheter
  • Forskrift om pasientjournal
  • Forskrift om nasjonalt vaksinasjonsprogram
  • Forskrift om habilitering og rehabilitering, individuell plan og koordinator

Kravet om forsvarlegheit

Kravet om forsvarlegheit finst i helse- og omsorgstenesteloven § 4-1. Kravet om forsvarlegheit er ein rettsleg standard. Det inneber at innhaldet blir bestemt av normer utanfor lova, som anerkjent fagkunnskap, faglege retningslinjer og allmenngyldige samfunnsetiske normer. Helsedirektoratet skal utvikle, formidle og halde ved like nasjonale faglege retningslinjer og rettleiarar, som understøttar dei måla som er sett for helse- og omsorgstenesta. Nasjonale faglege retningslinjer og rettleiarar skal baserast på kunnskap om god praksis og skal bidra til kontinuerleg betring av verksemd og tenester. Oppmodingar gitt i nasjonale faglege retningslinjer og rettleiarar er ikkje rettsleg bindande, men normerande og retningsgivande ved å peika på ønska og anbefalte handlingsval. I situasjonar der helsepersonell vel løysingar som i vesentleg grad avvik frå gitte oppmodingar skal dette dokumenterast. Helsedirektoratet har utarbeidd fleire nasjonale faglege retningslinjer som rører skolehelsetenesta og som gir føringar på kva som er god praksis.

Plikta til å sørga for forsvarlege tenester stiller krav om at verksemda planlegg og set i verk nødvendige tiltak for å sikra at dei ulike tenestene som blir ytte til kvar tid er forsvarlege. Verksemda skal og sjå til at tiltaka fungere og er tilstrekkelege. Det er i stor grad samanfall mellom krava til forsvarleg styring av ei verksemd og krava til internkontroll.

Kravet til forsvarleg styring inneber ikkje berre at deltenestene kvar for seg skal vera forsvarlege. Kommunetilbodet som heilskap må og vera forsvarleg. Dette er presisert i helse- og omsorgstjenesteloven § 4-1 første ledd bokstav a. Eit heilskapleg og koordinert tenestetilbod inneber mellom anna krav til koordinering mellom dei ulike tenestene slik at formålet med tenestene kan oppfyllast.

Basert på krava beskrive ovanfor, blir det forventa av forsvarlege skulehelsetenester 1. til 7. klasse at:

Helseundersøking og helsesamtale

Alle barn får eit tilbod om ei undersøking i skulehelsetenesta ved skulestart. Alle barn får målt vekt og høgde i skulehelsetenesta. Skulehelsetenesta tilbyr samtale og underlivsundersøking i samanheng med førebygging av kjønnslemlesting. Skulehelsetenesta bidrar i undervisning i grupper eller klassar i den utstrekninga skulen ønsker det. Skulehelsetenesta tilbyr vaksinasjon i tråd med barnevaksinasjonsprogrammet.

Samhandling og samarbeid

Skulehelsetenesta har eit samarbeid med skulen på systemnivå. Koordinerande eining i kommunen er ein sentral samarbeidspartnar for å sikra heilskaplege og koordinerte tenester. Skulehelsetenesta samarbeider med den kommunale barneverntenesta. Skulehelsetenesta har rutinar for samarbeid med fastlegane til barn for å sikra tydeleg ansvars- og oppgåvefordeling og god rolleforståing.

Kommunelegen er involvert i tenesta som medisinsk fagleg rådgivar. Skulehelsetenesta samarbeider med psykolog og dei andre psykiske helsetenestene i kommunen. Skulehelsetenesta har eit samarbeid med NAV for å sikre at barn og ungdom blir tidleg fanga opp og får nødvendig oppfølging. Skulehelsetenesta har eit systematisk samarbeid med den offentlege tannhelsetenesta.

Leiing, styring og brukarmedverknad

Skulehelsetenesta har eit system for internkontroll (styringssystem) for systematisk styring av aktivitetane for verksemda. Leiinga sikrar god og tydeleg ansvars- og oppgåvefordeling. Dei som er ansvarleg for verksemda skal beskriva målet for verksemda, oppgåver, aktivitetar og organisering. Det blir sikra tilstrekkeleg fagkompetanse i skulehelsetenesta. Elevar har eit lett tilgjengeleg lågterskeltilbod. Skulehelsetenesta sikrar at barn blir høyrde, involvert og får innverknad i kontakt med tenestene, på individ- og systemnivå.

Plikta til å arbeida systematisk for kvalitetsbetring og pasient- og brukartrygging

Plikta til å arbeida systematisk for kvalitetsbetring og pasient- og brukartrygging kjem fram av helse- og omsorgstenesteloven § 4-2. Nærare avgjerder om plikta er å finna i forskrift om leiing og kvalitetsbetring i helse- og omsorgstenesta. Formålet med forskrifta er å bidra til faglege forsvarlege helse- og omsorgstenester, kvalitetsbetring og pasient- og brukartrygging, og at andre krav i helse- og omsorgslovgjevinga blir etterlevd. Det går tydeleg fram at internkontroll er ein integrert og naturleg del av styringssystemet for verksemda. Styringssystem er dei aktivitetar, system og prosessar som blir i bruk for å planlegga, gjennomføra, evaluera og korrigera verksemda slik at ho samsvarer med krav fastsett i eller i medhald av helse- og omsorgslovgjevinga.

Basert på krava beskrive ovanfor blir det forventa at skulehelsetenesta har eit system for internkontroll (styringssystem) for systematisk styring av aktivitetane for verksemda, som mellom anna omfattar:

Planlegga:

Det føreligg ein oversikt som beskriv målet for verksemda, oppgåver, aktivitetar og organisering. Det kjem klart fram korleis ansvar, oppgåver og myndigheit er fordelt, og korleis det skal arbeidast systematisk for kvalitetsbestring og pasient- og brukartrygging i verksemda. Det blir innhenta tilstrekkeleg informasjon og kunnskap til å kunna planlegga og gjennomføra oppgåvene. Det føreligg ei oversikt over relevant regelverk, retningslinjer og rettleiarar, og det blir planlagt korleis dette skal gjerast kjent i verksemda. Det føreligg ei oversikt over område i verksemda der det er risiko for svikt eller myndigheitskrav ikkje blir etterlevd og område der det er behov for vesentleg betring av kvaliteten på tenesta og pasient- og brukartrygging. Det blir planlagt for korleis slik risiko kan minimaliserast og særleg lagt vekt på risikofaktorar forbunde med samhandling internt og eksternt. Det er oversyn over kompetansen og behovet for opplæring. Det eksisterer oversyn over avvik, som uønskte hendingar, evalueringar, klager, brukarerfaringar, statistikk, informasjon og anna som seier noko om verksemda overheld helse- og omsorgslovgjevinga, inkludert om tenestene er fagleg forsvarlege og om verksemda arbeider systematisk for kvalitetsbetring og pasient- og brukartrygging.

Gjennomføra:

Det blir sørgd for at oppgåvene for verksemda, organisering og planar er kjente i verksemda og blir gjennomført. Det blir sørgd for at medarbeidarar i verksemda har nødvendig kunnskap om og kompetanse i det aktuelle fagfeltet, relevant regelverk, retningslinjer, rettleiarar og styringssystem. Det blir utvikla og sett i verk nødvendige prosedyrar, instruksar, rutinar eller andre tiltak for å avdekka, retta opp og førebygga regelbrot av helse- og omsorgslovgjevinga, inkludert brot på krav til fagleg forsvarlegheit og systematisk arbeid for kvalitetsbetring og pasient- og brukartrygging. Det blir sørgd for at medarbeidarane for verksemda medverkar slik at samla kunnskap og erfaring blir utnytta. Det blir sørgd for å gjera bruk av erfaringar frå pasientar, brukarar og pårørande.

Evaluera:

Det blir kontrollert at oppgåvene for verksemda, tiltak, planar og mål blir gjennomført. Det blir vurdert om gjennomføringa av oppgåvene, tiltaka og planane er eigna til å etterleva krav i helse- og omsorgslovgjevinga, inkludert krav til fagleg forsvarlegheit og systematisk arbeid for kvalitetsbetring og pasient- og brukartrygging. Det blir evaluert om tiltak som er satt i verk varetar krava i helse- og omsorgslovgjevinga. Verksemda blir vurdert på bakgrunn av pasientar, brukarar og erfaringane til pårørande. Avvik blir gjennomgått, slik at liknande forhold kan førebyggast. Minst ein gang årleg blir styringssystemet systematisk gjennomgått og heile styringssystemet blir vurdert opp mot tilgjengeleg statistikk og informasjon om verksemda, for å sikra at det fungerer som føresett og bidrar til kontinuerleg betring av verksemda.

Korrigera:

Uforsvarlege og lovstridige forhold blir retta opp. Det blir sørgd for korrigerande tiltak som bidrar til at helse- og omsorgslovgjevinga blir etterlevd, inkludert fagleg forsvarlege tenester, og at systematisk arbeid for kvalitetsbetring og pasient- og brukartrygging blir gjennomført. Verksemda forbetrar nødvendige prosedyrar, instruksar, rutinar eller andre tiltak for å avdekka, retta opp og førebygga regelbrot av helse- og omsorgslovgjevinga, inkludert krav til fagleg forsvarlegheit og systematisk arbeid for kvalitetsbetring og pasient- og brukartrygging.

3.    Beskrivelse av faktagrunnlaget

Her blir det gjort greie for korleis den aktuelle tenesta i verksemda fungerer, inkludert tiltak i verksemda for å sørga for at krava til kvalitet og trygging for tenestemottakarane blir overhaldne.

Skjåk er ein kommune i Gudbrandsdalen i Innlandet med omtrent 2150 innbyggarar. Kommunen grensar til Lesja og Lom i nordaust og søraust, til Møre og Romsdal i nordvest og til Vestland i sørvest. Kommunen er organisert ved ein to-nivå-modell, der dei kommunale tenestene er delt inn i tre tenesteområde; oppvekst og utdanning, helse og omsorg og miljø- og samfunnsutvikling. Det er vidare funksjonar som personalsjef og økonomisjef. Skjåk kommune er vertskommune for Lom og Skjåk interkommunale helsestasjons- og skulehelseteneste. Helsestasjons- og skulehelsetenesta er organisert under tenesteområdet helse og omsorg, og videre i området helsetenester saman med legekontor, svangerskapsomsorg og interkommunal fysioterapi/ergoterapi. Andre tenester som er organisert under tenesteområdet helse og omsorg er Lom og Skjåk tildelingskontor, interkommunal barnevernteneste, institusjon og heimesjukepleie, NAV Lom og Skjåk og tenester for funksjonshemma. Kommunalsjef helse og omsorg rapporterer til kommunedirektør og tenesteleiar for helsetenester rapporterer til kommunalsjef. Tenesteleiar for helsetenester er administrativ og fagleg leiar.

Lom og Skjåk interkommunale helsestasjons- og skulehelseteneste består av fire helsesjukepleiarar i 100 % stilling, i tillegg er det tenesteleiar som også fungera som leiande helsesjukepleiar. Vidare er det samarbeidspartnarar som jordmor og lege. Lom og Skjåk har ca. 15 fødslar i året. Det er ein barneskule i kvar kommune, som er fordelt på to helsesjukepleiarar. Helsesjukepleiarane har tenesteleiar for helsetenester som sin næraste leiar. Dei har årlege utviklingssamtalar med leiar. Dei har ikkje ei stillingsskildring. Helsesjukepleiarane i tenesta har helsesjukepleiarutdanning.

Lege i skulehelsetenesta er kommunalt tilsette legar, som også har andre kommunale oppgåver som smittevern og miljøretta helsevern, i tillegg til å vera fastlege. Legane i Skjåk er organisert under tenesteområdet helse og omsorg, og legane i Lom er organisert under helse og velferd. Leiar for helsestasjons- og skulehelsetenesta har faste samarbeidsmøte med leiar for legekontoret i Lom annakvar veke, og i Skjåk har leiar for helsestasjons- og skulehelsetenesta faste samarbeidsmøte med legane og legekontoret annakvar veke. Lege i skulehelsetenesta gjer skulestartundersøking, deltar i tverrfaglege forum etter behov, samhandlar med andre tenester ved behov, og er medisinsk fagleg rådgivar for helsesjukepleiarane. Lege tilknytt skulehelsetenesta har ikkje ei arbeidsskildring.

Det er ikkje skriftlege samarbeidsavtale med legane tilknytt skulehelsetenesta. Skulehelsetenesta kan ta kontakt med fastlegane ved behov. Det eksistere ikkje skriftlege samarbeidsavtalar mellom fastlegar og skulehelsetenesta. Namnet til fastlegen til barnet er i hovudsak oppgitt i journalen til barnet. Kommunelegen blir invitert til samarbeidsmøte ved behov. Det blir i tillegg tatt kontakt ved behov. Det eksistere ikkje skriftleg samarbeidsavtale med kommunelegen.

Fast treffetid er ein del av tilbodet til skulehelsetenesta. Helsesjukepleiaren tilknytt skulehelsetenesta gjennomføre skulestartundersøkinga i samarbeid med lege.

Skulestartundersøkinga blir gjennomført ved at elev/føresette har helsesamtale med helsesjukepleiar og ein somatisk helseundersøking av skulelege. I samarbeid med skulane blir det gjennomført undervisning i grupper og klassar. I 2., 6. og 7. trinn blir det gjennomført vaksinasjon i samsvar med barnevaksinasjonsprogrammet. Helsesjukepleiarane gjennomfører vekt/høgdemåling i 3. trinn. Helsesjukepleiar deltek på foreldremøte ved barneskulane ved behov. Det føreligger skriftlege skildringar av aktivitetane som skal være i 1. til 7. trinn. Det føreligger rutinar om kva som skal gjerast ved manglande oppmøte. Skulehelsetenesta har oversyn over helsetilstanden til elevane ved at dei bruker tilgjengelege kjelder og verktøy til informasjon. Det er elektronisk journalsystem der arbeidet som blir utført i skulehelsetenesta blir journalført.

Skulehelsetenesta har eit samarbeid med skulen. Rektor og ansvarleg helsesjukepleiar på skulen har møte ein halv time kvar veke. Tema på dette møtet er kva som forgår på skulen og kva som skjer i skulehelsetenesta, om det er noko ein skal være særskilt observant på. Helsesjukepleiar deltek på personalmøte ved behov.

I kommunen er det lagt til rette for tverrfagleg samarbeid gjennom tverrfagleg ressursteam. Møte i teamet avhaldas annan kvar veke på barneskulane. Der deltar rektor, PPT, barnevern, psykolog og helsesjukepleiar. I tillegg kallast andre samarbeidsinstansar inn ved behov. Alle i teamet har ansvar for å melde inn saker til møta. Referat blir skrive av den som har saka. Den som tar opp saka skal innhenta samtykke før møte. Det er ein skriftleg retningslinje for ressursteam.

Skulehelsetenesta samarbeider med koordinerande eining/Tildelingskontoret Lom og Skjåk ved behov. Tildelingskontoret opprettar dei individuelle planane og utnemner koordinator. Det eksisterer skriftlege rutinar ved behov for individuell plan. Leder for helsestasjons- og skulehelsetenesta samarbeider med koordinerande eining om korleis samarbeidet skal vere framover. Tilsette i skulehelseteneste var på tidspunktet for tilsynet oppnemnt som koordinatorar.

Helsesjukepleiarane i helsestasjons- og skulehelsetenesta har saman med tenesteleiar møte kvar måndag på Teams. I tillegg har dei kvar 3. veke fysisk oppmøte, og to gonger i året heile planleggingsdagar. Tenesteleiar deltek kvar månad på leiarmøte i tenesteområdet helse og omsorg, som kommunalsjef har ansvaret for. Tema på desse møta er status i tenestene, samhandling og aktuelle fokusområde.

Helsestasjons- og skulehelsetenesta har samarbeid med barnevernet. Det er skriftleg samarbeidsavtale med barnevernet. Det er møte mellom leiar av helsestasjons- og skulehelsetenesta og barnevernet ein gong i året. Det er møte med alle tilsette i helsestasjons- og skulehelsetenesta og barnevern tenesta ein gong i året. Barnevernet er faste representant i ressursteamet på skulane.

Helsestasjons- og skulehelsetenesta har samarbeid med spesialisthelsetenesta (BUP) i individuelle saker. Det er også BUP-dagar, kor rådgjeving føregår. Det er skriftleg samarbeidsavtale med BUP. Skulehelsetenesta har samarbeid med psykisk helseteneste/kommunepsykolog. Kommunepsykolog er fast representant i ressursteam på skulane. Leiar for helsestasjons- og skulehelsetenesta har faste samarbeidsmøte med leiar i psykisk helse og kommunepsykolog annakvar veke i Lom.

Skulehelsetenesta har eit samarbeid med den offentlege tannhelsetenesta. Det er også samarbeid med NAV i individuelle saker.

Tilbodet i skulehelsetenesta i Skjåk gjer seg synleg gjennom styrande dokumenter for skulehelsetenesta. Dei skriftlege dokumenta tar utgangspunkt i myndigheitskrav, oppmodingar og forventningar til tenesta. Dokumenta beskriv førebyggande helsetenester for barn og unge. Det er planleggingsdagar to gangar i året der årshjul, ansvarsområde og prosedyrar blir gjennomgått. Det er fastsett regelmessige fag- og personalmøte i tenesta. Tenesteleiar og kommunalsjef har løypande munnleg dialog, i tillegg er de møte kvar månad i tenesteområdet helse og omsorg. Det rapporterast frå helsestasjons- og skolehelsetenesta, som inngår i årleg årsmelding for Skjåk kommune.

Det eksisterer i kommunen eit elektronisk avvikssystem og ein skriftleg rutine for avvikshandtering. Avvik i skulehelsetenesta blir meldt gjennom det elektroniske avvikssystemet. Det er ikkje utarbeidd oversikt over nokre område i tenesta der det er risiko for svikt eller mangel på at myndigheitskrav etterlevast eller korleis slik risiko skal minimaliserast. Det arbeidast med gjennomføring av ROS- analyser i tenesta, ved blant anna at det er tema på internmøter og planleggingsdagar. Erfaringar frå elevar og føresette brukast i betringsarbeid. Det planleggast å gjennomføre ein brukarundersøking. Leiar for helsestasjons- og skulehelsetenesta har regelmessig kontakt med leiarar for aktuelle samarbeidspartnarar der samarbeidet blir gjennomgått.

Statsforvaltaren nytta spørjeundersøking for å få fram informasjon om brukarperspektivet. Skulehelsetenesta vart beden om å vidareformidla spørjeskjema til foreldreutval (FAU) og elevråd. Spørsmåla dreidde seg om oppleving av tilgjengelegheit, informasjon og sjølve tilbodet. Skjema var tilpassa målgruppa og var tenkt som eit gruppesvar. Det ble svart at dei er informerte om skulehelsetenesta, og dei fleste veit korleis dei skal komma i kontakt med helsesjukepleiar, og har innsikt i tilbodet. Svara viser òg at brukarane oppleve tenesta som tilgjengeleg.

4.    Vurdering av faktagrunnlaget opp mot aktuelt lovgrunnlag

I dette kapittelet vurdera vi fakta i kapittel 3 opp mot lovføresegnene i kapittel 2.

Helseundersøking og helsesamtale

Vi vurderer at elevane i Lom og Skjåk får helseundersøking, helsesamtale, helseinformasjon og undervisning i samsvar med nasjonale faglege retningslinjer og rettleiarar. Vi finn at skulehelsetenesta i Lom og Skjåk omfattar helseopplysning, helseundersøking av enkeltelevar, rettleiing og rådgiving med oppfølging og tilvising ved behov. Vi vurderer at skulehelsetenesta har oversyn over helsetilstanden til elevane gjennom utføring av oppgåvene i tenesta, kontakt med elevane, foreldre og skulen, og bruk av tilgjengelege kjelder og verktøy til informasjon.

Skulehelsetenesta har rutinar for å fylgje opp foreldre og barn som ikkje møter til helseundersøking og helsesamtalar.

Samhandling og samarbeid

Vi finn ved tilsynet at skulehelsetenesta i Lom og Skjåk har eit etablert samarbeid med skulen. Skulehelsetenesta deltar i aktuelle forum i skulen og bidrar med undervisning i grupper og klasser.

Vi finn videre at skulehelsetenesta samarbeider med skulen om vurdering og oppfølging av barn og unge med helsemessige, personlege, sosiale og emosjonelle vanskar.

Vi finn ved tilsynet at skulehelsetenesta har lege tilgjengeleg. Legen med den medisinske bakgrunnen sin, er ein sentral aktør i skulehelsetenesta. Skulehelsetenesta har eit samarbeid med kommunelegen. Vi anbefaler at legane, med sin medisinske fagkompetanse, blir involverte ytterlegare i planverka og prioriteringane til tenesta. Vi anbefaler også at det blir utarbeidd skriftlege samarbeidsavtalar mellom skulehelsetenesta og fastlegane.

Vi vurderer at koordinerande eining er ein samarbeidspartnar ved behov, for å sikra heilskaplege og koordinerte tenester. Vi finn at det er informasjon om koordinerande eining og rutinar ved behov for individuell plan. Vi kan sjå ved tilsynet at samarbeidet kan bli forbetra, og anbefaler at det blir jobba med ei avklaring rundt samarbeidet med koordinerande eining og skulehelsetenesta si rolle i arbeidet med individuell plan.

Vi finn at skulehelsetenesta samarbeider med den kommunale barnevernstenesta. Det er samarbeid på individ- og systemnivå. Vi finn også ved tilsynet at skulehelsetenesta samarbeider med kommunen si psykiske helseteneste/kommunepsykolog og spesialisthelsetenesta (BUP). Vi vurderer at skulehelsetenesta òg har eit samarbeid med NAV og den offentlege tannhelsetenesta.

Leiing, styring og brukarmedverknad

God styring og pågåande kvalitetsbetringsarbeid er nødvendig for å unngå eller minska risikoen for svikt i tenestene. Svikt i styringssystemet aukar risikoen for at kommunen ikkje oppfyller dei lovpålagte pliktene sine. Når krava til leiing og kvalitetsbetring ikkje blir oppfylte, vil ikkje kommunen kunna sikra at tenestene oppfyller krava til myndigheita.

For å kunna styra og leia ei teneste på ein god og forsvarleg måte, er det ein føresetnad å ha godt oversyn over verksemda sine oppgåver og tenester, organisering og ansvarsfordeling. Ein må òg ha oversyn over område i verksemda der det er risiko for svikt, eller mangel på etterleving av myndigheitskrav, og område der det er behov for vesentleg betring av kvaliteten på tenesta.

Den som har det overordna ansvaret, skal sørgje for at det blir etablert system for å innhente tilstrekkeleg informasjon og kunnskap, både i og utanfor eiga verksemd. Det må gjerast ei vurdering av kva som er tilstrekkeleg informasjon for å kunna planlegga, gjennomføra og forbetra verksemda sine oppgåver.

I kravet ligg det ei plikt til å ha rutinar for systematiske gjennomgangar av tenestene og resultata frå verksemda. Gjennomgangen skal identifisera dei aktivitetane eller prosessar der det er fare for svikt eller brot på regelverk. Risikovurdering bør skje som ein kontinuerleg prosess, og det blir anbefalt at den følgje ein kjend standard.

Øvste leiar må sørga for at risikonivået blir definert og risikoar blir identifisert i verksemda. Gjennom systematiske risikokartleggingar kan leiinga identifisera aktivitetar og prosessar der det er fare for svikt eller brot på regelverk.

Øvste leiar har ansvaret for at verksemda kontrollerer at oppgåver, tiltak, planar og mål blir gjennomført som planlagt. Plikta inneber ein sjølvstendig aktivitet frå den ansvarlege ved til dømes å etterspørja status, følgja med på målingar og resultat og sikre at fristar for arbeidet blir overhalde.

For å vareta plikta til å kontrollera, blir det føresett at verksemda har den oversikta som kreves. Hyppigheit og omfang av kontroll må tilpassast den enkelte verksemda og tenestene som blir ytte. Helsehjelp inneber risiko for mottakaren/brukaren. Det kan m.a. vera risiko for at det blir gjort feil, at nødvendig hjelp ikkje blir utført, eller at personar ikkje blir tilbodne tenester dei har rett på etter lovgivinga. For å minimalisera denne risikoen, må tenesta vera styrt i samsvar med krava til dette.

Vurderinga vår er at skulehelsetenesta i Lom og Skjåk arbeider systematisk for kvalitetsbetring og pasient- og brukartrygging i tenesta. Vi finn at skulehelsetenesta har eit system for styring av aktivitetane for verksemda, ved at det blir planlagt, blir gjennomførte, blir evaluerte og blir korrigerte, og dette kjem fram gjennom dokumentasjon og intervju.

Vår vurdering er vidare at kommunen i større grad bør skaffa seg oversikt over område i verksemda der det er risiko for svikt eller myndigheitskrav ikkje blir etterlevd og område der det er behov for vesentleg betring av kvaliteten på tenesta og pasient- og brukartrygging. At det blir planlagt for korleis slik risiko kan minimaliserasa. Me vurderer også at det bør sikrast at avvik frå fagleg forsvarlegheit og avvik frå andre krav til tenesta i større grad blir registrert. Vi finn ikkje at dette er så mangelfullt at det representerer eit lovbrot, men me tilrår at kommunen prioriterer dette i den vidare utviklinga av tenesta.

5.    Statsforvaltarens konklusjon

Her presenterer vi konklusjonen av vår undersøking, basert på vurderingane i kapittel 4.

Det ble ikkje avdekt brot på lov under tilsynet. Tilsynet er derfor avslutta.

Vedlegg: Gjennomføring av tilsynet

I dette vedlegget omtale vi korleis tilsynet vart gjennomført, og kven som deltok.

Varsel om tilsynet vart sendt 7. januar 2022, på grunn av diverse omstende, ble tilsynet utsett til desember 2023. Vi gjennomførte journalgjennomgang 4. desember 2023, og sjølve tilsynet vart gjennomført 5. og 6. desember 2023. Tilsynsbesøket vart innleidd med eit kort informasjonsmøte 5. desember. Oppsummerande møte med gjennomgang av funn vart gjennomført 6. desember.

Dokument var tilsendt og gjennomgått på førehand. Følgjande dokument vart gjennomgått og vurdert som relevante for tilsynet:

  • Internkontroll Lom og Skjåk helsestasjon
  • Arbeidsdokument skulehelsetenesta
  • Samarbeidsavtale mellom tannhelsetjenesten i Innlandet og helsestasjon, skolehelsetjenesten og helsestasjon for ungdom
  • Rutiner for samarbeid mellom BUP Lillehammer/Otta og 6 kommuner i Nord- Gudbrandsdalen (Dovre, Lesja, Lom, Skjåk, Vågå, Sel)
  • Samarbeid mellom kommunene i Nord-Gudbrandsdalen og BUP Lillehammer/Otta
  • Pakkeforløp for psykisk helse og rus
  • Samarbeidsavtale mellom helsestasjon, skolehelsetjeneste og helsestasjon for ungdom og barnevernet
  • Prosedyre – sende post frå Infodoc via Elements
  • Forslag til arbeidsmal for samarbeidsmøte og ansvarsgrupper – stafettmøte
  • Samtykke til tverrfagleg samarbeid kring barn
  • Rettleiing til bruk av samtykkeskjema til tverrfagleg samarbeid kring barn
  • Førebyggande plan for oppvekst Skjåk 2022
  • Oppvekstreform – frå magen til Strategiske val og innsatsområde i Nord- Gudbrandsdalen
  • Førebygging og tidleg Betre tverrfagleg innsats (BTI)
  • Analyse og kvalitetsutvikling – oppvekstsektoren. Agenda Kaupang sin analyse av oppvekstsektoren i Skjåk kommune
  • Førebyggande plan for oppvekst i Lom kommune
  • «Hver dag teller» - En veileder for skolenærvær - Lom kommune
  • Årsmelding 2022 Skjåk kommune

Det vart valt 144 journalar etter følgande kriterium:

  • Årskull
  • Barn det er knytt bekymring til

I tabellen under gir vi et oversyn over kven som vart intervjua, og kven som deltok på informasjonsmøte og oppsummerande møte ved tilsynsbesøket.

Ikkje publisert her.

Disse deltok frå Statsforvaltaren:

  • Seniorrådgivar, Guri Rudi, Statsforvaltaren i Innlandet, revisjonsleiar
  • Seniorrådgivar, Kari Elise Krohn, Statsforvaltaren i Innlandet, revisor
  • fylkeslege, Ragne Stauri, Statsforvaltaren i Innlandet, revisor

Med helsing

Harald Vallgårda (e.f.)
fylkeslege

Guri Rudi
seniorrådgivar