Rapport etter tilsyn med kommunal beredskap og helseberedskap Vang kommune, 5. og 12. mars 2025
Oppfølging av tilsynet
Ved dette tilsynet blei det avdekt lovbrot/avvik. Kontakt etaten som har utført tilsynet for status på lovbrotet/avviket.
Samandrag
Tilsynet er gjennomført med heimel i lov om kommunal beredskapsplikt, sivile vernetiltak og Sivilforsvaret (sivilbeskyttelsesloven) (2010) § 29, forskrift om kommunal beredskapsplikt (2011) § 10 og lov om statleg tilsyn med helse- og omsorgstenesta m.m. (helsetilsynslova) (2017) § 4.
Målet med tilsynet er å undersøke om Vang kommune sitt arbeid med kommunal beredskap og helseberedskap er i samsvar med krava til kommunal beredskapsplikt og kommunal helseberedskap.
Kommunen har god praksis, kultur og god oversikt over beredskapsarbeidet i kommunen. Kommunen må arbeide med å få meir systematikk i arbeidet med planverket
Statsforvaltaren avdekte 1 avvik under tilsynet i Vang kommune:
Avvik 1
Vang kommune har ikkje eit godt nok dokumentert system for opplæring av personar som har ei rolle i kommunens kriseleiing. Det er utarbeidd ein overordna kompetanseplan for kriseleiinga som sist vart revidert i 2018. Det manglar skriftleg dokumentasjon på øvingar og hendingar som kommunen har gjennomført og handtert. Det er ikkje ein plan for øving og kompetanse for dei som er tiltenkt oppgåver i helseberedskapen.
1. Bakgrunn for tilsynet
Tilsynet vart gjennomført med heimel i lov om kommunal beredskapsplikt, sivile vernetiltak og Sivilforsvaret (sivilbeskyttelseslova) (2010) § 29, forskrift om kommunal beredskapsplikt (2011) § 10 og lov om statleg tilsyn med helse- og omsorgstenesta m.m. (helsetilsynslova) (2017) § 4. I tillegg finst tilsynsheimlar i ulike særlover på helseberedskapsområdet.
Tilsynet skal følgje føresegnene i kapittel 30 i lov om kommunar og fylkeskommunar (kommunelova) (2019).
Målet med tilsynet var å undersøkje om Vang kommune sitt arbeid med kommunal beredskap og helseberedskap er i samsvar med krava i:
- sivilbeskyttelseslova (2010) §§ 14 og 15
- forskrift om kommunal beredskapsplikt (2011)
- helseberedskapsloven (2000)
- forskrift om krav til beredskapsplanlegging (2001), helse- og omsorgstjenesteloven (2011)
- smittevernloven (1994)
- folkehelseloven (2011)
- forskrift om miljørettet helsevern (2003)
- forskrift om ledelse og kvalitetsforbedring i helse- og omsorgstjenesten (2016)
Statsforvaltaren ville undersøkje om kommunen følgjer krava i lov og forskrift.
Beredskapsplanverk som etterlever krav i lov og forskrift. Dette er avgrensa til:
- heilskapleg risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS-analyse).
- plan for oppfølging av heilskapleg ROS-analyse.
- overordna beredskapsplan.
- ROS-analysar for helse- og omsorgstenestene, miljøretta helsevern og smittevern.
- ein plan for helse- og omsorgstenestene, miljøretta helsevern og smittevern.
Eit system for å sikre handteringsevne, kvalitet og læring i beredskapsorganisasjonen. Dette er avgrensa til:
- eit system for opplæring av tilsette som har ei rolle i kommunens krisehandtering.
- gjennomført øvingar.
- evaluert øvingar og uønskte hendingar.
2. Rammer for tilsynet
Tilsynet er gjennomført etter prinsippa for systemretta tilsyn. Skriftleg revisjonsvarsel blei sendt 25.09.2024, og relevant dokumentasjon vart gjennomgått før tilsynet. Den 5. mars 2025 var det opningsmøte og intervju med relevante personar i kommunen. Sluttmøtet vart halde 12. mars 2025 på Teams.
Denne rapporten omhandlar avvik og andre inntrykk som er avdekt under revisjonen. Avvik er manglande etterleving av krav i lov og forskrifter som kommunen har plikt til å etterleve innanfor kommunal beredskapsplikt og kommunal helseberedskap.
Vi gjer merksam på at Statsforvaltaren berre undersøkjer om arbeidet i kommunen med samfunnstryggleik og beredskap, og helseberedskap, er i tråd med lov og forskrift. Tilsynet gjev derfor ikkje ei fullstendig vurdering av arbeidet i kommunen innan dette.
Tilsynsrapportar etter felles helse- og beredskapstilsyn nyttar ikkje merknader slik reine beredskapstilsyn gjer. Vi har i staden lagt inn noko rettleiing med forslag til forbetringar som kommunen kan ha nytte av i vidare arbeid innanfor feltet.
Statsforvalteren ønskjer å syne til at dei kriteria som kommunen sitt planverk målast opp imot, er til dels strengare enn ved førre tilsyn. Det har vore ei generell utvikling på området som tilseier ei strengare fortolking, sjølv om regelverket ikkje formelt er endra. Det rådande trusselbiletet vil i seg sjølv krevje meir av kommunane enn for berre nokre få år sidan.
3. Hovudinntrykk og funn
Kommunal beredskapsplikt
Vang kommune har godt fokus på samfunnstryggleik og beredskap i leiinga, og har ei kriseleiing og ein kriseorganisasjon som er godt førebudd til å handtere uønskte hendingar. Kriseleiinga er sett saman av kommunens øvste leiing, kommuneoverlege og beredskapskoordinator.
Kommunedirektør leiar kriseleiinga og styrer arbeidet.
Kommunen har i 2024 starta på revisjon av planverket sitt innan kommunal beredskap. På nokre områder er det behov for revidering og det er laga ein plan for vidare arbeid med dette. Førre tilsyn, der kommunal beredskapsplikt var tilsynstema, vart gjennomført i 2017. Kommunen hadde ingen avvik, og eit par merknader knytt til behov for å oppdatere kriseinformasjonsplanen og ein mangel i oversikt over beredskapsplanar.
Vurdering kommunal beredskapsplikt
Vang kommune har i 2024 utarbeidd ein oppdatert heilskapleg risiko- og sårbarheitsanalyse (H-ROS). ROS-analysen har eit rikt utval av hendingar, er grundig og tar for seg dei sentrale risikoområda for kommunen. H-ROS oppfyller alle minimumskrav i § 2 i forskrift om kommunal beredskapsplikt. Analysen viser at kommunen har god systemforståing innanfor ulike fagområde. Statsforvaltaren ønsker å trekke frem at kommunen har risikoområdet sikkerheitspolitisk krise og krig i H-ROS. Dette viser at kommunen tar for seg korleis risiko og sårbarheit utanfor kommunens geografiske område kan ha betydning for kommunen og et oppdatert risikobilde jamfør § 2, femte ledd i forskrift om kommunal beredskapsplikt.
Statsforvaltaren ser at Vang kommune har nytta DSB sin mal for H-ROS, men ikkje dei oppdaterte malane for analyseskjema. Vi tilrår bruk av malane, og viser spesielt til bruk av dei oppdaterte analyseskjema DSB har utarbeida. Samtidig understrekar vi at kommunes H-ROS ivareteke vurdering av behov for varsling, evakuering og utsikt til forverring, vi påpeikar likevel et forbetringspotensial på dette området.
Vang kommune har i arbeidet med H-ROS invitert andre aktørar med i arbeidet og heilskapleg ROS er vedteken i kommunestyret og presentert for kommunalt beredskapsråd. Kommunen skal leggje til rette for ein brei og involverande prosess for gjennomføring av heilskapleg ROS, deltaking i arbeidet med føreliggjande ROS synes gjennom intervju å vere noko smalt med hovudsakleg interne deltakarar og involvering av kommunalt beredskapsråd ved ferdigstilling.
Dette er tilstrekkeleg jamfør § 2 i forskrift om kommunal beredskapsplikt, vi påpeiker likevel eit forbetringspotensial på dette momentet.
Vang kommune har ikkje utarbeidd ein ny handlingsplan på grunnlag av H-ROS. Den førre handlingsplanen er frå 2016 og kan nyttast til ny handlingsplan er på plass. Kommunen fekk vedteke H-ROS i desember 2024 og har plan for revisjon av denne i nær framtid. Dei vil opprette eit Administrativt Beredskapsutval (ABU) som skal sjå til at oppfølgingsplan til H-ROS med tiltaksplan vert utarbeidd, med ei liste over kven som har ansvar og økonomiske konsekvensar av tiltaka.
Kommunen sin overordna beredskapsplan vart revidert før noverande H-ROS og bygger på førre H-ROS. Planen følgjer minimumskrava i forskrift om kommunal beredskapsplikt § 4. Overordna beredskapsplan er bygd opp med ein overordna plan med underliggande tema/fagplanar som har til føremål å lette revisjon av planverket. Det ser vi som ein god praksis, samstundes tilrår vi at overordna beredskapsplan inneheld ei god beskriving av roller, ansvar og mynde for dei som inngår i kommunens kriseleiing.
Beredskapsplanen inneheld plan for evakuering og innkvartering, samt regional plan for Evakuerte- og pårørandesenter og ein krisekommunikasjonsplan. Krisekommunikasjonsplanen er frå 2020 og må reviderast. Overordna beredskapsplan inneheld ei liste over underliggande beredskapsplanverk, men har utegløymt nyleg utarbeida objektplan for Skutshorn med tiltakskort for krisekommunikasjon. Objektplanen er innarbeidd i H-ROS.
Overordna beredskapsplan nyttast av kriseleiinga under uønskte hendingar, og med ein erfaren kriseorganisasjon, er det naturlig at ein ikkje ser på alle detaljer i beredskapsplanen for kvar hending.
For å sikre kontinuitet og god overføring av kunnskap, er det viktig at det er mogleg å drive god kriseleiing også for mindre erfarne medarbeidarar. Forskrift om kommunal beredskapsplikt § 7 seier at kommunen skal ha eit system for opplæring som syter for at alle som skal ha ei rolle i kommunen si krisehandtering har dei kvalifikasjonane som trengst. Tilsynet oppfattar det slik at det vert gitt noko opplæring, men kan ikkje sjå at kommunen har eit oppdatert og tilstrekkeleg dokumentert system for opplæring. Det er kommunedirektøren som har det overordna ansvaret, og må svare for eventuelle feil eller forsømingar frå sine tilsette, også i ei krise. Eit godt system for opplæring er til nytte for å sikre at alle har nødvendig kompetanse til å utføre sine oppgåver, og sikre god overføring og ivaretaking av kompetanse.
Rettleiing
Statsforvaltaren tilrår bruk av oppdaterte analyseskjema som finnes i vedlegg 1 i «rettleiar til heilskapleg risiko- og sårbarheitsanalyse i kommunen» DSB, 2022. Bruk av analyseskjemaet viser korleis påverking på kritisk infrastruktur og kritiske samfunnsfunksjonar kjem til syne i hendinga, korleis hendingane påverkar kvarandre, og utfordrar kommunes drift. Dette kjem fram av sårbarheitsvurderinga (pkt. 2.3.1 i analyseskjemaet).
Vi tilrår at ein under arbeidet med neste revisjon av heilskapleg ROS går breiare ut og inviterer eksterne deltakarar, spesielt aktørane som sit i det kommunale beredskapsrådet, frivillige og sentrale aktørar i næringslivet inn i ROS-prosessen på eit tidleg tidspunkt. Ved å involvere breitt kan ein byggje god systemforståing av risikoområda for fleire enn dei som utarbeider H-ROS i kommunen og gje kompetanse om påverking på drift av kommunen og eigen verksemd.
Statsforvaltaren rettleier kommunen til å bruke same analyseskjema i ROS-prosessane i etatane og ved høgrisikoobjekt som til døme Skutshorn. Ettersom bruk av same metode kan gje gevinstar for oversikt over påverknad mellom hendingar. Samt korleis påverknaden på kritisk infrastruktur og kritiske samfunnsfunksjonar kjem til syne. Om den same malen også blir nytta ute i tenestene/etatane vil ein også ha ein raud tråd mellom funn i heilskapleg ROS og fag-ROS som lettare kan synleggjere konsekvensar for eigen drift, altså påverknaden på drift av kommunale tenester.
Helseberedskap
Etat for helse og omsorg i Vang kommune er organisert i 4 avdelingar; helseavdeling, legekontor, tilrettelagte tenester og Vangsheimen sjukeheim og heimebaserte tenester.
Kommunen gir uttrykk for at dei er usikre på korleis lovkrava på dette området skal forståast. Dei har difor venta med vidare arbeid til etter tilsyn og ferdigstilling av heilskapleg ROS.
ROS-analysar
Etaten har utarbeidd ROS-analyse for helse- og omsorg og smittevern, datert januar 2025. Utvalde hendingar til analyse er pandemi/epidemi, sjukdomar som smittar gjennom mat og vatn, utbrot med andre smittsame sjukdomar, naturhendingar, store ulykker, kritisk infrastruktur og PLIVO-hendingar.
Det er vidare lagt fram ROS-analysar for dei 4 verksemdene/avdelingane i etat helse- og omsorg, datert 2023, 2024 og 2025. Beredskapshendingar som bortfall av straum, telefonnett, naudnett og journalsystem, øydelagd infrastruktur, avgrensa ambulanseressursar, personellmangel, mangel på utstyr, mat og vatn og brann/øydelegging av bygg er sett på. Moment frå overordna ROS som ekstremvær og flodbølgje etter skred frå Skutshorn er nemnt. Analysane omfattar òg utfordringar innan drift, HMS og økonomi.
Det er brukt ulik metode og skjema for ROS-analysane på etatsnivå og avdelingsnivå. Begge metodane brukt i etaten skil seg òg frå heilskapleg ROS, der DSB sin rettleiar er brukt.
Det er lagt fram “Beredskapsplan miljørettet helsevern” frå Miljøretta helsevern Hallingdal-Valdres. Planen inneheld “ROS-analyse for miljøhendelser og oppgaver innen miljørettet helsevern” med ein tabell over uønskte hendingar, kva kan skje/tiltak i befolkninga og oppgåver for MHV Hallingdal og Valdres.
Helseberedskapsplanar og øving/opplæring
Helseberedskapsplanen er revidert i desember 2024. Kommunalsjef helse og omsorg har ansvar for revidering av planen, og den skal godkjennast av politikarane minst ein gong i kvar valperiode. Den er delt i ein administrativ og praktisk del.
Planen viser til heilskapleg ROS, ROS for helse og omsorg og verksemdene sine eigne ROS. Planen har ein oversikt over andre beredskapsplanar i kommunen (samordning). Planen angir kva som skal vere innhald i verksemdene sine beredskapsplanar. Verksemdene skal ha kontinuitetsplanar for ressursdisponering ved mangel på personell eller pågang av oppgåver som overgår planlagt kapasitet. Beredskapen deles inn i grøn, gul og raud fase. Planen viser til (punkt 4.4. Varslingsliste) “Plan for ressursdisponering og omlegging av drift” i Compilo. Det blir opplyst at dette gjeld prioritering av tenester og minimumsbemanning og at planen er under arbeid.
Kvar leiar i tenesteområdet har ansvar for opplæring av sine tilsette. Det blir opplyst at tilsette i helse signerer på at opplæring er gitt, inkludert rutinar for beredskapshendingar. Øving av helseberedskap inngår i øving av den heilskaplege beredskapen.
Kommunen har internt lager av personleg smittevernutstyr for minimum 3 månader. Det er ikkje organisert eige lokalt lager av medikament eller medisinsk forbruksmateriell. Det ligg ved 6 tiltakskort for masseskade, PLIVO-hendingar, straumbrot, bortfall av kommunikasjon, redusert framkomelegheit og atomuhell.
Verksemdene har beredskapsplanar som beskriv leiing, varslingsplan, byggteikningar, evakueringsplan, kontinuitetsplan, øving/trening og oppbevaring av planar, samt prosedyrar og handtering av risiko identifisert i ROS-analysar. Det finst bl.a. tiltakskort/rutine for evakuering, brann, straumbrot, satellittelefon Vangsheimen, tryggleiksalarm – bortfall av mobilnett og rutine for dokumentasjon ved bortfall av journalsystem. Dette blir bekrefta gjennom intervjua.
Det er lagt fram plan og prosedyrar for psykososiale tiltak ved kriser, katastrofar og ulykker i Vang kommune.
Kommunen har smittevernplan som inkluderer tiltak ved smitteutbrot, samt eigen pandemiplan med 2 vedlegg (plan for avdeling for pasientar med koronasmitte og plan for nedjustert TISK).
Det er utarbeidd tubekulosekontrollprogram og det er avtale om infeksjonskontrollprogram med Sjukehuset Innlandet HF.
Det ligg ikkje føre eigen beredskapsplan for miljøretta helsevern. Enkelte tiltak for å redusere negativ påverknad på innbyggjaranes helse ved uønskte miljøhendingar er nemnt i helseberedskapsplanen med tiltakskort.
Vurdering (helseberedskap)
Tilsynet vurderer at etat helse- og omsorg i Vang kommune har gjort mykje bra planarbeid. Vi finn at etaten i praksis har god handteringsevne ved uønskte hendingar. Vi finn ikkje grunnlag for å påpeike avvik utover opplæring og øving, men vil likevel tilrå nokre forbetringar i planverket.
ROS-analysane på etatsnivå og avdelingsnivå har metodiske manglar. Forutsetningane ROS-analysane byggjer på skal dokumenterast. Det bør beskrivast korleis dei analyserte hendingane er valde ut. Eksisterande tiltak bør gås igjennom som ein del av analysen. Sårbarheits-vurderingar som særtrekk ved kommunen og organisasjonen, følgjehendingar mv. bør beskrivast. Drøfting av sannsyn og konsekvensar bør synleggjerast. Tiltak som kan redusera sannsyn og konsekvens skal identifiserast. Når ein slik går systematisk gjennom trinna i ROS-analysen, slik som t.d. DSB sin rettleiar legg opp til, vil ein betre kunne identifisere tiltak som i sin tur skal danne grunnlaget for planar, prosedyrar, rutinar og tiltakskort.
Statsforvalteren tilrår at kommunen nyttar same metode for ROS-analyser på alle nivå i organisasjonen. Vi vurderer at dette vil gi betre systematikk og samanheng i analysar og planverk i kommunen og etaten. Den heilskaplege ROS-analysen i kommunen er viktig som grunnlag for vurderingar av ROS for helseberedskapen, samtidig som resultata av ROS for helseberedskapen er ei viktig informasjonskjelde for heilskapleg ROS. Helsedirektoratet har gitt ut publikasjonen
«Tips ved risikovurdering som grunnlag for arbeidet med helse- og omsorgsberedskap i kommunene». Denne viser til rettleiaren frå DSB. (Helsedirektoratet, IS-3001, juni 2021). Vi tilrår at kommunen reviderer ROS-analysane i helse- og omsorgsetaten, og deretter gjennomgår planverket på bakgrunn av funna.
ROS for helseberedskap skal identifisere og analysere hendingar som kan føre til ekstraordinære belastningar for evna til å yte dei helse- og omsorgstenester kommunen skal sørge for et tilbod av eller er ansvarleg for, jf. helseberedskapsloven § 2-2. Helseberedskapsplanen skal byggje på avdekt risiko og sårbarheit, og innehalde prosedyrar for ressursdisponering og omlegging av drift som sikrar nødvendig tenesteyting ved redusert kapasitet i kommunen eller ekstraordinær belastning på kommunen, jf. forskrift om krav til beredskapsplanlegging mv. § 4. Vi finn at kommunen har lagt fram mange dokument for slike prosedyrar og rutinar.
ROS for miljøretta helsevern omfattar faktorar i miljøet som kan ha negativ innverknad på befolkningas helse, jf. forskrift om miljøretta helsevern § 5, jf. helseberedskapsloven § 2- 2. Miljøhendingar er hendingar med både biologiske, fysiske eller kjemiske stoff eller ukjente miljøfaktorar (merknader til § 5, forskrift om miljøretta helsevern).
Miljøhendingar kan òg ha konsekvensar for drifta av helse- og omsorgstenestene, t.d. kan atomnedfall få konsekvensar for tenesteytinga om det gis innemelding, og direkte konsekvensar for befolkningas helse der utdeling av jodtablettar kan være eit tiltak. Begge konsekvensar er nemnt i etatens tiltakskort for atomuhell. Det er opp til kommunen om en vil lage eigen ROS og plan for miljøhendingar eller om ein vil samle fleire ROS og planar på helseområdet, så lenge det er klart kva for lovkrav dokumenta er meint å dekkje. Dette bør tydeleggjerast i etat for helse- og omsorg sitt planverk.
Beredskapsplanen for miljøhendingar bør òg innehalde informasjon om kommunens samfunnsmedisinske kompetanse, kommunens mynde og delegering av mynde til kommunelegen ved tidsnød.
Erfaringar, organisering og tiltak frå Covid-19-pandemien kan i enda større grad takast inn i pandemiplanen, t.d. vedtakskompetanse, samfunnstiltak, risikovurdering av smittenivå, diagnostikk osv.
Etter forskrift om krav til beredskapsplanlegging og beredskapsarbeid mv. skal personell som er tiltenkt oppgåver i beredskapsplanen ha kompetanse, opplæring og vere øvd. Kommunen bør utarbeide eit system for opplæring i og øving av helseberedskapen. Kommunen må ha mål og planar for øving, både for frekvens og innhald.
4. Resultat frå tilsynet
Følgande avvik blei avdekt under tilsynet med Vang kommune:
Avvik 1:
Vang kommune har ikkje et godt nok dokumentert system for opplæring av personar som har ei rolle i kommunen si kriseleiing. Det er utarbeidd ein overordna kompetanseplan for kriseleiinga som sist vart revidert i 2018. Det manglar skriftleg dokumentasjon på øvingar og hendingar som kommunen har gjennomført og handtert. Det er ikkje ein plan for øving og kompetanse for dei som er tiltenkt oppgåver i helseberedskapen.
Avvik frå følgande lov- og forskriftskrav:
- Forskrift om kommunal beredskapsplikt § 7, § 8 og § 9. jf. Sivilbeskyttelsesloven §§ 14 og 15.
- Forskrift om krav til beredskapsplanlegging og beredskapsarbeid etter lov om helsemessig og sosial beredskap § 7. jf. Helseberedskapsloven § 2-2 og Helse- og omsorgstenesteloven § 5-2.
- Forskrift om leiing og kvalitetsforbetring i helse- og omsorgstenesta 6 f jf. Helse- og omsorgstenesteloven § 3-1.
Avviket byggjer på følgjande
- Kommunen har ikkje eit etablert system for opplæring av tilsette som er tiltenkt ei rolle i krisehandteringa. Forskrift om kommunal beredskapsplikt har eit uttrykkeleg krav til eit slikt system. Det er gjennomført noko opplæring, men kommunen må setja dette inn i eit formalisert system.
- Kommunen har ikkje skriftleg dokumentasjon på at det er gjennomført evaluering etter alle øvingar og uønskte hendingar i kommunen.
- Personellet som har oppgåver i helseberedskapen skal vere øva, og ha nødvendig kompetanse. Det er ikkje stilt krav til hyppigheit, men kommunen må ha mål og planar, både for frekvens og innhald. Det er ikkje framlagt ein slik plan. Krav om øving og kompetanse er tydeleg uttrykt i forarbeida til helseberedskapslova.
Utfyllande kommentarar:
Tilsette som er tiltenkt ei rolle i kriseleiinga til kommunen, skal ha nødvendig kompetanse for å kunne ivareta oppgåvene sine, og kjenne sin eigen og andre aktørar sine roller. Dette er uttrykkeleg uttalt i forskrift om kommunal beredskapsplikt. Kommunen skal ha eit system for opplæring som sikrar slik kompetanse, det er lagt til grunn at dette skal vera eit skriftleg system.
Det er stilt tilsvarande krav til tilsette som skal ha ei rolle innan helseberedskapen i kommunen, men det er ikkje krav om eit formalisert system. Forarbeida til helseberedskapslova er likevel tydeleg på at det er eit krav til at tilsette skal vera øvd og ha nødvendig kompetanse.
Statsforvaltaren tilrår at det blir laga eit tilsvarande system på begge områda.
5. Anna
Sidan tilsynet er avgrensa til to tema for tilsyn har Statsforvaltaren ikkje vurdert til dømes førebyggjande samfunnstryggleik etter plan- og bygningslova.
6. Grunnlagsdokument
Under er en oversikt over dokumenter som Statsforvalteren har brukt som grunnlagsdokument under tilsynet:
Kommunal beredskapsplikt
Overordna ROS-analyse for Vang kommune 2024.
Overordna beredskapsplan 2024
Tiltakskort
Evakueringsplan
EPS Valdres Tiltakskort arbeidsdokument 9 1.
EPS avtale om evakuert sept2016 (1).
Bruk av terminalane i Naudnettet Vang kommune
Kompetanseplan kriseleiing Vang kommune 2018
Naudnett - Lokalt sambandsreglement.
Plan for kommunal kriseleiing.
Ressursliste Vang kommune
Plan for handtering av informasjon i krisesituasjonar 2020
ROS Handlingsplan
Øving og evaluering
Erfaringslæring etter øvelse covid
Evalueringsrapport beredskapsøvelse 2019.
Kriseøving i krisetid - Vang kommune webinar
Evalueringsrapport beredskapsøvelse
Evaluering av hendelsen ekstremværet Hans
Helseberedskap
Helseavdeling ROS-analyse
ROSanalyse legekontor
Helseberedskapsplan Vang kommune
2024_beredskapsplan legekontor
2024_Beredskapsplan Tilrettelagde tenester
2024_beredskapsplan Vangsheimen og heimetenesta
2024_ressursliste helseberedskap
HelseROS Vang kommune
ROS analyse Tilrettelagde tenester ROS
Vangsheimen og heimetenestene Evakueringsplan
Vangsheimen Beredskapsplan Helseavdeling.
Beredskapsplan Miljøretta helsevern 2024-2028.
Beredskapsplan_HERO_oppdatert_november_2019.
Infeksjonskontrollprogram Vangsheimen.
2024 Pandemiplan for Vang kommune
2019 Plan for kommunal atomberedskap
2024 Plan for vern mot smittsame sjukdomar
Skjema Fortløpande risikovurdering personalgrupper helse og omsorg.
Telefonliste - Psykososialt kriseteam Vang 05.juli2024.
Tuberkulosekontrollprogram for Vang kommune 2024.
Handlingsplan for psykososialt kriseteam.
Ressurs smittevern Plan for nedjustert TISK.
Ressurs smittevern Plan og vurdering smitteavdeling.
Tiltakskort Grindatun
Tiltakskort Bakkehaugen
Anna dokumentasjon
Samfunnsdelen i kommuneplanen 2015 - 2027.
Planstrategi 2024-2027 og planprogram kommuneplanen sin samfunnsdel.
Økonomiplan 2025-2028 tekstdokument.
Årsberetning 2023 jfr kommunelova §14-7 2021
Delegeringsreglement for Vang sortert på eining og lov.
Møteprotokoll kommunestyret 12.12.2024.
Org.kart VK.
Rode_Kors_samarbeidsavtale
Hore_og_Vestre_slidre_Rode_kors_samarbeidsavtale utstyrsliste_hoere_og_vestre_slidre_roede_kors.
Kjop_av_tenester_fra_Filefjellstuene_i_beredskapssamanheng_(L)(154578)
7. Deltakarar under tilsynet
Ikkje publisert her.
Med helsing
Asbjørn Lund (e.f.)
fylkesberedskapssjef
Harald Vallgårda
fylkeslege
Monica Lunde
seniorrådgivar
Bente Westrum
ass. fylkeslege
Aleksander A.Almås
rådgivar
Dokumentet er elektronisk godkjent