Hopp til hovedinnhold

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal gjennomførte tilsyn med Ålesund og Fjord barnevernteneste og besøkte i samband med dette tenesta i Ålesund frå 21.10.21 – 23.10.21. Vi undersøkte om kommunen sørgjer for at barneverntenesta sitt arbeid med undersøkingar blir utført i samsvar med aktuelle lovkrav slik at barna får trygge og gode tenester. Tilsynet vart gjennomført som del av eit landsomfattande tilsyn initiert av Statens helsetilsyn.

Ålesund kommune har hatt utkast til rapport til gjennomgang. I brev datert den 26.11.21 har barnevernleiar gjeve nokre innspel og merknader. Vi har innarbeidd det som gjeld korrigering av faktagrunnlag i den endelege rapporten.

Vi har gjort avtale med leiinga i barneverntenesta om eit snarleg møte for å drøfte kva slags tiltak som er naudsynte for å rette dei lovbrota som dette tilsynet har avdekt.

Konklusjon

Tilsynet avdekte fleire manglar i dokumentasjonen av barnevernet sine vurderingar som er i strid med barnevernlova § 1-4. Det kom vidare fram at barn og foreldre sin rett til medverknad ikkje var sikra tilstrekkeleg og at barneverntenesta ikkje vurderte kva som er best for barnet i undersøkingane. Dette er i strid med barnevernlova § 1-6, § 1-7 og § 4-1.

1. Tema for tilsynet

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har undersøkt og vurdert om kommunen sikrar at arbeidet med undersøkingane i barneverntenesta er forsvarleg. Vi har særleg undersøkt om barneverntenesta har

- planlagt undersøkinga i samsvar med innhaldet i meldinga og eventuelt tidlegare
  undersøkingar eller kontakt med familien
- sørga for at innhaldet i undersøkinga, omfanget og framdrifta er i samsvar med alvoret i situasjonen for barnet
- gjort relevante barnevernfaglege og juridiske vurderingar både undervegs og til slutt i
  undersøkinga
- konkludert undersøkinga i samsvar med dei vurderingane som er gjort

Tilsynet har omfatta undersøkingar av situasjonen til barn som budde heime da barnevernstenesta fekk bekymringsmeldinga og gjeld altså barn under 18 år som bur i biologisk familie, adoptivfamilie eller er plassert hos andre utan at barneverntenesta har medverka til det.

Tilsynet er gjennomført som systemrevisjon. Det inneber at Statsforvaltaren har ført tilsyn med korleis kommunen styrer og kontrollerer at barneverntenesta oppfyller dei aktuelle lovkrava i arbeidet sitt.

Barn og foreldre sine synspunkt og erfaringar frå undersøkingane i barnevernet gjev viktig informasjon både om kvaliteten på tenestene og om korleis kommunen praktiserer
brukarmedverknad. I dette tilsynet har vi difor også intervjua eit utval av foreldre.

2. Aktuelt lovgrunnlag

Statsforvaltaren har ansvar for å føre tilsyn med den kommunale barneverntenesta etter
barnevernlova § 2-3 b. Eit tilsyn er kontroll av om drifta i verksemda er i samsvar med reglane i lov og forskrifter. Krava som er lagt til grunn for dette tilsynet kan oppsummerast slik:

Barneverntenesta har rett og plikt til å undersøke saka når ein vurderer at det er opplysningar som gjev grunnlag for tiltak etter barnevernlova kapittel 4, jf. Barnevernlova § 4-3. Formålet med undersøkinga er å vurdere og konkludere om barnet lever i ein omsorgssituasjon som kan gje grunnlag for barneverntiltak. Det er reglar i barnevernlova (bvl.) og i forvaltningslova (fvl.) som set krav til undersøkingane.

Forsvarlege tenester
Det går fram av bvl. § 1-4 at alle tenester og tiltak etter barnevernlova skal vera forsvarlege. Denne regelen har eit heilskapleg utgangspunkt og må tolkast i samanheng med dei andre reglane i lova, for eksempel prinsippet om barnet sitt beste. Saksbehandlingsreglane i barnevernlova og forvaltningslova gjev også rettleiing for kva som er ei forsvarleg undersøking. Bvl. § 1-4 omfattar vidare organiseringa og leiinga av arbeidet og det er nær samanheng mellom dette kravet og kravet i bvl. § 2-3 tredje ledd om internkontroll for å sikre at oppgåene blir utført i samsvar med lovkrava.

Rett til medverknad
Barnet har rett til å bli høyrt i samsvar med bvl. § 1-6. Regelen gjev barn i barnevernsaker ein ubetinga og sjølvstendig rett til å medverke. Retten gjeld både sjølve beslutningsprosessen og i alle forhold som gjeld barnet, ikkje berre når ein skal ta rettslege eller administrative avgjerder. Dette inneber at barneverntenesta har plikt til å legge til rette for at barnet skal kunne medverke og dermed sikre at barnet får oppfylt sin rett til medverknad i undersøkingane. Retten til å medverke i eiga sak inneber ikkje at barnet har plikt til å medverke. Prinsippet om barnet sitt beste heng nært saman med barnet sin rett til å medverke. Formålet med medverknad er at barnet si meining om eigen situasjon skal vere med som ein del av grunnlaget i barnevernet si vurdering av kva som er barnet sitt beste i alle avgjerder under undersøkinga.

Barnet sitt beste
Prinsippet om barnet sitt beste går fram både av barnekonvensjonen artikkel 3 og Grunnlova § 104.
Barnet sitt beste skal vera eit grunnleggande omsyn i alle handlingar og avgjerder som gjeld barn. I barnevernlova er prinsippet nedfelt i § 4-1 der det går fram at det skal leggast avgjerande vekt på å finne tiltak som er til beste for barnet. Regelen slår også fast at det i denne vurderinga skal leggast vekt på å gje barnet stabil og god vaksenkontakt og kontinuitet i omsorga. Prinsippet utgjer ein sjølvstendig rett for kvart barn. Det skal også leggast vekt på barnet sitt beste når andre lovreglar skal tolkast og prinsippet er ei retningslinje for saksbehandlinga i alle saker som gjeld barn.

Samarbeid med foreldra
Foreldra har sjølvstendige rettar i undersøkingssaker som gjeld dei. Foreldre som er part i saka, har rett til å uttale seg etter fvl. § 17. Barnevernet skal i utgangspunktet legge fram alle opplysingane som dei får i undersøkinga slik at foreldra kan uttale seg. Barneverntenesta bør også gjera foreldra kjent med andre opplysingar som er av vesentleg betydning for saka i samsvar med fvl. § 17. Etter bvl. § 1-7 skal barnevernet utføre arbeidet sitt med respekt for og så langt som mogleg i samarbeid
med barnet og barnet sine foreldre.

Nærare krav til undersøkinga
Barneverntenesta skal sikre at faktum i saka er klarlagt så godt som mogleg før det blir gjort vedtak i saka jf . fvl. § 17. Dette inneber at alle relevante sider av saka må kome fram. Barneverntenesta må vurdere om opplysingane i undersøkinga er riktige. Barneverntenesta må gjera ei konkret vurdering av innhaldet i meldinga og ev. annan informasjon i saka for å avgjera kor omfattande undersøkinga skal vera. I denne vurderinga er moment som grad av alvor, hast og kompleksitet viktige. Bvl § 4-3 andre ledd slår fast at undersøkinga skal gjennomførast slik at den er til minst mogleg skade for den saka gjeld. Den skal ikkje vera meir omfattande enn formålet tilseier.

Foreldra eller den barnet bur hos, kan ikkje setja seg i mot at det blir gjennomført ei undersøking ved besøk i heimen, jf. bvl. § 4-3 tredje ledd. Barneverntenesta kan også engasjere sakkyndige, jf. bvl. § 4-3 fjerde ledd. Etter bvl. § 6-4 femte ledd skal barneverntenesta innhente opplysningar i samarbeid med foreldra.

Innhenting av opplysningar frå andre forvaltningsorgan og helsepersonell er omfatta av teieplikta og barneverntenesta må enten ha gyldig samtykke frå foreldra, jf. fvl. § 13 a nr. 1 eller ein lovheimel som gjev unntak frå teieplikta for å innhente slike opplysingar. Barneverntenesta kan pålegge offentlege myndigheiter m.fl. å gje opplysningar som er underlagt teieplikt i dei situasjonane som går fram av bvl. § 6-4.

Barne- ungdoms og familiedirektoratet har den 18.06.20 gjeve ei presisering av vilkåra for at barneverntenesta kan pålegge andre offentlege tenester å gje informasjon som er underlagt teieplikt. Det går fram her at ein både må vise til heimel i barnevernlova, gjera greie for det faglege behovet for slik informasjon og konkretisere kva slags informasjon ein treng.

Undersøkingar skal i følgje bvl. § 6-9 gjennomførast snarast og seinast innan tre månadar. I særlege tilfelle kan undersøkingane utvidast til seks månader. I brev frå Barne- og likestillingsdepartementet 26. august 2008 tilrår ein at sakene blir vurdert på nytt etter eit halvt år dersom foreldra avviser å ta i mot dei hjelpetiltaka som barnevernet har funne naudsynte etter § 4-4 i barnevernlova. Det er etter dette etablert ein praksis i barnevernet om at saker kan «henleggast med bekymring» og takast opp på nytt om seks månader.

Dokumentasjon
Det er god forvaltningsskikk å sørge for at dokumentasjonen i sakene er tilstrekkeleg og påliteleg,
slik at ein kan gjera greie for kva som er gjort i saka og grunngjevinga for dette. Dokumentasjonsplikta følgjer også av kravet om forsvarlege tenester og plikta til internkontroll. Det går fram av forarbeida til barnevernlova - Prop. 169 L (2016–2017) at dokumentasjonsplikta både omfattar barnevernfaglege vurderingar og dei faktiske tilhøva som ligg til grunn for dei avgjerder og vedtak som skal fattast.

Både avgjerder om å innvilge hjelpetiltak og om å henlegge ei sak etter undersøking er enkeltvedtak etter forvaltningslova, jf. bvl. § 6-1 andre ledd og § 4-3 sjette ledd. Dette inneber at vedtaket skal grunngjevast i samsvar med reglane i fvl. §§ 24 og 25. I tillegg skal det etter bvl. § 6-3a gå fram av vedtaket kva som er barnet sitt synspunkt, kva slags vekt ein har lagt på dette og korleis barnevernet har vurdert kva som er best for barnet i denne saka.

Krav til styring og leiing
Kravet til leiing, organisering og styring er eit viktig element i kommunen sitt ansvar for å gje forsvarlege tenester. I barnevernlova § 2-1 andre ledd, jf. kommunelova § 25-1 er det slått fast at kommunen skal ha «internkontroll med administrasjonens virksomhet for å sikre at lover og forskrifter følges».

Det går fram av bvl. § 2-1 sjuande ledd at kommunen også skal sørge for at dei tilsette som gjennomfører undersøkingar i barneverntenesta har tilstrekkeleg kompetanse til å utføre dette arbeidet på ein forsvarleg måte. Kommunen har ansvar for å gje nødvendig opplæring ved behov.

3. Fakta

Ålesund og Fjord barnevern er eit interkommunalt samarbeid for dei to kommunane med Ålesund som vertskommune. Tenesta vart etablert den 01.01.20. Lene Solheim er einingsleiar og har både det administrative og faglege ansvaret for tenesta. Vivian Dyb er ansvarleg kommunalsjef.

Det er i alt 14417 barn mellom 0-17 år i Ålesund kommune og Fjord kommune. Pr. 30.06.21 fekk 526 barn tiltak frå barnevernet (3,6 % av barnetalet). Barneverntenesta hadde registrert 464 meldingar i første halvår 2021. Av desse vart 30 henlagt. Av 243 avslutta undersøkingar, vart 161 (66 %) henlagt utan tiltak. Tenesta hadde 3 % brot på tidsfristane (7 saker) i første halvår 2021.

Det er 62,8 årsverk i Ålesund og Fjord barnevernteneste. Tenesta har også 6 årsverk i  interkommunal barnevernsvakt for Sunnmøre og fire årsverk i Verksemd for Familiestøtte.

Barneverntenesta har fem fagkoordinatorar og tenesta er organisert slik:

Avdeling Søndre har følgjande team: Mottaksteam, undersøkingsteam, tiltaksteam og team for omsorg og kontorfag. Undersøkingsteamet har etter bemanningsplanen ni barnevernskonsulentar og ein fagkoordinator. Avdeling Nordre har eit team som både arbeider med undersøkingar og tiltak. Det er 12 barnevernskonsulentar og 1 fagkoordinator i teamet, der 5 av konsulentane i hovudsak arbeider med undersøkingar.

Alle som arbeider med undersøkingane har barnevernfagleg kompetanse. Det vart opplyst at barneverntenesta har høg turnover slik at mange har relativt kort erfaring frå dette arbeidet. Leiinga i barnevernet (barnevernleiar, avdelingsleiarar og fagkoordinatorar) har alle lang erfaring frå
barnevernsarbeid.

Vi har gått gjennom dei 18 siste undersøkingane som var gjennomført før tilsynet vart varsla. Nokre av sakene gjaldt familiar med fleire barn. Undersøkingane omfatta såleis 15 familiar. Vi intervjua seks foreldre.

Kontoret har eit program for opplæring av nytilsette. Dette har ikkje vore gjennomført fullt ut under pandemien. Dei nytilsette skal etter planen få rettleiing ein gong for veka av fagkoordinator. Det kom fram at dette ikkje alltid blir gjennomført. Tenesta har utarbeidd ulike dokument som gjev retningsliner for korleis arbeidet med undersøkingane skal gjerast og dei har eit myndighetskart som avklarar ansvaret i barnevernssakene.

Arbeidet med undersøkingane.
Nye meldingar blir gjennomgått kvar dag. Ein av fagkoordinatorane har eit særleg ansvar for å gjera den første avklaringa av meldingane. Fagkoordinator for undersøking går også gjennom alle meldingane. Barnevernleiar og alle fagkoordinatorane deltek på meldingsmøta kvar måndag. Her sjekkar dei om saka er kjent frå før, konkluderer med om meldinga skal undersøkast og det blir formulert hypotesar for kva som skal undersøkast. Undersøkingsteamet har møte kvar tysdag. Her går ein gjennom konklusjonane frå meldingsmøtet og fordeler sakene til saksbehandlarane.

Det går fram av eit notat datert den 18.02.21 «Gjennomføring av undersøkelse» at både dette dokumentet og «huskeliste for gjennomføring av undersøkelse» framstiller tenesta sine retningsliner for arbeidet med undersøkingane. Meldingsdokumentet skal både innehalde hypotesar og konkretisere kva som skal undersøkast. Det skal både vera plan for undersøkinga og sluttrapport i sakene. Det skal gjennomførast saksveiledning undervegs i undersøkinga. Midtvegsevaluering og andre drøftingar av sakene skal skje i møte i undersøkingsteamet og skal journalførast. Det er presisert at barnet sitt syn på eigen situasjon må kome fram i saka, at det skal vera samsvar mellom meldingsdokumentet, vurderinga og vedtaket og at fagkoordinator har ansvar for at undersøkinga blir konkludert.

Det er alltid to personar som gjennomfører undersøkinga der ein har hovudansvaret. Begge to deltek i det første møtet med foreldra. Her blir det gjeve informasjon om familien sine rettar og kva som til vanleg skjer i undersøkinga. På bakgrunn av bekymringsmeldinga og meldingsdokumentet har barnevernkonsulentane laga eit forslag til plan for undersøkinga. Denne blir lagt fram for foreldra og planen kan bli justert etter deira behov. Etter møtet blir planen ferdigstilt og sendt ut. Den kan bli justert seinare dersom det er naudsynt pga. endringar i forhold rundt barnet eller familien. Slike endringar blir ført i postjournal eller i journalnotat

Det gjekk fram både av intervjua og av dokumentasjonen i sakene at det blir snakka både med barna og foreldra i alle undersøkingane og deira sitt syn på situasjonen var dokumentert. I undersøkingane som gjaldt familiar med fleire barn, gjekk det ikkje fram av rapportane at ein hadde vurdert situasjonen til kvart enkelt barn individuelt.

Det var snakka med foreldra i alle sakene. Fleire av dei vi snakka med, ga uttrykk for at dei hadde hatt lite innverknad på korleis undersøkinga vart gjennomført. Dei hadde opplevd at barnevernet hadde eit fast program av aktivitetar som skulle gjennomførast i undersøkinga uavhengig av kva dei meinte. 

Foreldra ga uttrykk for forståing for at barnevernet måtte undersøke situasjonen til familien, men fleire meinte at undersøkinga både hadde vore for omfattande og gjeve dei ei større påkjenning enn det som var naudsynt. Nokre hadde opplevd at den skriftlege framstillinga i dokumenta var slik at dei ikkje «kjente igjen si eiga sak». Fleire meinte at undersøkinga ikkje hadde ført til positive endringar i situasjonen til familien. Andre peikte på at det gjekk veldig lang tid frå meldinga kom til barnevernet til dei hadde fått hjelp.

Tenesta hadde ei felles oppfatning av at «kva som er best for barnet» var styrande for arbeidet dei gjorde i undersøkingane. Vi fann ikkje oppsummeringar som framstilte korleis tenesta hadde vurdert kva som var best for barnet. I enkelte saker gjekk det fram at ein oppfatta barnet sitt syn som det beste for barnet. Barnet sitt beste vart også brukt som argumentasjon for val av konkrete tiltak utan at det var vurdert nærare kvifor tiltaket var til beste for barnet.

I barnevernet sine vurderingar fann vi berre unntaksvis døme på at ein hadde analysert og vekta dei ulike faktorane i saka for å slå fast kva som var best for barnet. Det var til dømes ikkje dokumentert at ein hadde gjort analysar av korleis tiltaka som var retta mot foreldra ville verke for barnet. I sakene der tiltak ikkje vart sett i verk fordi foreldra ikkje ønska det, var det heller ikkje vurdert korleis barnet kunne bli skadelidande. I mange saker mangla det også analyser av kva slags behov barnet hadde for direkte hjelp.

Det var meldingsdokument og plan for undersøkinga i alle sakene. I mange av sakene konkluderte barneverntenesta med at det som skulle undersøkast var «barnets totale omsorgssituasjon», «risiko og beskyttelsesfaktorer», foreldra sin evne til å ivareta omsorga for barnet og ulike tilhøve knytt til den konkrete meldinga. Det var også konkretisert kva slags instansar det var relevant å innhente informasjon frå. Tenesta nytta eit standardisert brev til innhenting av informasjon. Det kom fram i intervjua at dette berre unntaksvis vart tilpassa tilhøva i kvar enkel sak.

Det gjekk fram i intervju at det ikkje blir gjennomført midtvegsevaluering i alle saker og vi fann berre unntaksvis dokumentasjon på dette i sakene.

Det var sluttrapportar i dei fleste sakene. Desse vart avslutta med avsnittet «Vurdering og konklusjon». Nokre av sakene gjaldt meldingar om enkeltståande hendingar og konklusjonen var da at innhaldet i meldinga var avklara. Fleire av sakene gjaldt kompliserte og alvorlege tilhøve i familien. 

I fleire av desse sakene var tema for undersøkinga m.a. «barnets totale omsorgssituasjon» og «risiko og beskyttelsesfaktorer», men det gjekk ikkje fram i sluttrapporten korleis barnevernet hadde vurdert dette.

Ni av dei 18 sakene vart henlagt etter undersøkinga. I fleire av sakene hadde ein funne grunnlag for tiltak etter barnevernlova i undersøkingane, men sakene vart henlagt fordi foreldra og/eller barna ikkje ønskte tiltaket.

Dei fleste vedtaka om hjelpetiltak gjaldt råd og rettleiing til foreldra. I nokre saker hadde familien hatt «råd og veiledning» tidlegare. Det kom ikkje fram korleis effekten av dette var evaluert og kva som eventuelt ville gje betre verknad når det same tiltaket vart sett inn på nytt. I enkelte saker kom det fram at ein nytta «råd og veiledning» for å følgje med foreldra vidare.

Dokumentasjon
Fakta frå arbeidet med sakene var dokumentert fortløpande i journalen. Barnevernet sine analysar og vurderingar var i mindre grad dokumentert. Det gjekk fram av enkelte journalar at det var gjennomført fagdrøft, men innhaldet i drøftingane gjekk ikkje alltid tydeleg fram. Det kom ikkje fram at det var gjort fortløpande vurderingar. Det var heller ikkje alltid dokumentert korleis barnevernet hadde nytta informasjonen som var innhenta i løpet av undersøkinga.

Styring og leiing
Fagkoodinator har ansvar for at det både blir gjennomført saksdrøft og at det blir gjort beslutningar i team-møta. Ho har også ansvar for å gje rettleiing og kontrollere arbeidet som er gjennomført. Alle saksbehandlarane ga uttrykk for at dei når som helst i undersøkinga kan be fagkoordinator om rettleiing og at dei har tett dialog med henne både uformelt og etter avtale. Det vart opplyst at konklusjonane på undersøkingane enten vart trekt i drøfting med fagkoordinator eller på møte i
undersøkingsteamet.

Det går fram av styringsdokumenta, «huskelista», at drøftingar skal førast inn i journalen som «Vedtaksmøte - beslutning i sak». Vi fann berre unntaksvis dokumentasjon på dette.

Enkelte av saksbehandlarane opplyste at dei brukte meldingsdokumentet når undersøkinga skal avsluttast for å sjekke at dei hadde «svara på spørsmåla». Det kom ikkje fram at resultatet av undersøkingane blir summert opp systematisk før drøfting og konklusjon i team-møta.

Styringsdokumenta skisserer eit system for korleis avvik frå rutinar for saksbehandlinga skal følgjast opp. Intervjua viste at avviksystemet ikkje vart brukt til korrigering av saksbehandlingsfeil. Det var ei felles oppfatning om både korleis sakene skulle behandlast og kven som hadde ansvar for å godkjenne sakene. Det var noko uklart korleis arbeidet skulle kontrollerast ut over dette og tenesta hadde ikkje innarbeidd systematiske tiltak for å kartlegge og korrigere feil i arbeidet. Barnevernleiar
skal kontrollere enkelte undersøkte saker ved stikkprøver. Det gjekk fram av intervjua at dette blir gjort, men saksbehandlarane var ikkje kjent med at sine saker var kontrollert på denne måten.

Covid 19
Barneverntenesta har følgt opp dei ordinære aktivitetane i saksarbeidet under pandemien. Det kom likevel fram at det har vore fleire tilfelle der ein ikkje har kunna gjennomføre alt som planlagt. Da pandemien braut ut, skulle tenesta gjennomføre ulike utviklingsprosessar i samband med nyetableringa. Dette har vorte skadelidande.

4. Vurdering

Arbeidet med undersøkingane
Leiinga for barneverntenesta har lang erfaring og god fagkompetanse. Arbeidet med den første gjennomgangen av meldingane er organisert slik at leiinga er direkte involvert. Alle sakene blir behandla på ein måte som var kjent for alle tilsette. Tenesta synest difor å ha eit system som både sikrar at det blir gjort gode avklaringar av alle saker når dei kjem inn og einskapleg praksis vidare i undersøkinga.

Sjølv om det var noko ulik oppfatning av kva som var styrande dokument for arbeidet, hadde tenesta felles forståing for korleis arbeidet med undersøkingane skulle gjerast. Vi vurderer også at dei arbeider på ein einskapleg måte med undersøkingane.

Vi vurderer at praksisen med å innhente informasjon med brev som ikkje er tilpassa behova i saka,er i strid med reglane på dette området. Praksisen kan både føre til at informasjonen om det som skal undersøkast ikkje blir presis nok og at ein får informasjon om andre tilhøve slik at undersøkinga blir meir omfattande enn nødvendig.

I sakene som gjaldt konkrete hendingar, var det gjennomført avgrensa undersøkingar i samsvar med meldingsdokumentet. Undersøkinga vart tilpassa innhaldet i meldinga og sakene vart etter vår vurdering avklara på ein forsvarleg måte.

I dei omfattande og samansette sakene, var det etter vår vurdering stor variasjon i kor stor grad informasjonen som hadde kome fram i undersøkingane vart vurdert, analysert og summert opp i sluttrapporten.

I dei fleste av sakene der undersøkinga konkluderte med behov for hjelpetiltak, gjaldt vedtaket råd og rettleiing til foreldra. Konklusjonane i mange av desse sakene var formulert like generelt som i dei enklare avklaringssakene. I mange saker var det difor vanskeleg å sjå korleis tiltaket ville avhjelpe dei konkrete behova som var avdekt i undersøkinga.

Mange av hjelpetiltaka har etter vår vurdering i beste fall effekt på lang sikt. I ein del av sakene hadde undersøkinga avdekt at barna hadde så store hjelpebehov at det må seiast å vera ein svikt at ein ikkje samstundes vurderte korleis situasjonen måtte avhjelpast på kort sikt.

I nokre saker hadde familien fått «råd og veiledning» tidlegare. I fleire slike saker fann vi korkje evalueringar av korleis tiltaka hadde verka eller vurderingar av kvifor dei ville vera meir effektive nå.

I fleire alvorlege saker var «barnets totale omsorgssituasjon» og «risiko- og beskyttelsesfaktorer» tema for undersøkinga utan at dette var analysert og summert opp i sluttrapporten eller vedtaket. Vi vurderer at dette er svært sentrale moment i den barnevernfaglege vurderinga. Det er ein alvorleg svikt både om desse tilhøva ikkje er undersøkt godt nok, om dei ikkje er analysert og om vurderingane som er gjort ikkje er dokumentert.

Medverknad
Sjølv om barneverntenesta dokumenterte at barnet sitt syn kom fram i sakene, gjekk det ikkje alltid fram korleis denne informasjonen vart nytta i vurderinga deira. I saker som gjaldt fleire søsken, var sluttrapportane t.d. så like at det var vanskeleg å sjå om ein hadde vurdert situasjonen for kvart barn individuelt. Dette kan tyde på at ein i for liten grad har lagt vekt både på barnet sitt syn og annan individuell informasjon om kvart enkelt barn. Både dokumentasjonen og informasjonen frå foreldra kan tyde på at undersøkingane følgjer eit så fast mønster at det i for liten grad gjev rom for medverknad frå dei saka gjeld. Sjølv om tenesta har gode intensjonar om medverknad frå barn og foreldre, kan desse momenta tyde på at deira rett til dette likevel ikkje er sikra fullt ut.

Barneverntenesta sine arbeidsmåtar skal både sikre informasjon og involvering av foreldra. Vi vurderer at foreldra i tilsynet formidla ei kjensle av avmakt som tyder på at kvaliteten i samhandlinga ikkje alltid er så god som ønskeleg. Vi vil særleg peike på opplevinga av språket som framandgjerande og at dei ikkje hadde opplevd å få reell innverknad i gjennomføringa av undersøkinga.

Barnet sitt beste
Vi vurderer at barneverntenesta legg ei for snever forståing til grunn for innhaldet av barnet sitt beste og at dei fleste sakene difor ikkje er behandla i samsvar med denne lovregelen. Vi har særleg merka oss at fokuset i dei mest alvorlege sakene endra seg frå å starte med stor uro for barnet til eit einsidig fokus på korleis foreldra skulle få hjelp. Konklusjonane i nokre av desse sakene handla difor berre om foreldra sine behov sjølv om det var avdekt at barna hadde stort behov for hjelp her og nå. Ei god vurdering av barnet sitt beste ville etter vår vurdering truleg ha sikra at barnet gjennomgåande var i sentrum under heile behandlinga av saka.

Styring og leiing
Mange av aktivitetane som styringsdokumenta skisserer, var ikkje følgt opp i alle saker. Det var til dømes sjeldan dokumentert korleis barnevernet hadde vurdert sakene undervegs i undersøkinga eller kva slags interne drøftingar og beslutningar som var gjort til slutt. I fleire saker var det heller ikkje fullt samsvar mellom meldingsdokumentet si framstilling av kva som skulle undersøkast og konklusjonen i sluttrapporten. Dette var ikkje fanga opp i internkontrollen.

Innhaldet i dei styrande dokumenta er i samsvar med lover og forskrifter. Dei tilsette var godt kjent med innhaldet, men rutinane vart likevel i varierande grad følgt. Det mangla for eksempel både midtvegsevaluering og vurdering av barnet sitt beste i dei fleste sakene. Dette var ikkje avdekt i tenesta sine styringssystem og må difor vurderast som svikt i internkontrollen.

5. Konklusjon

Barnevernet sitt arbeid med undersøkingane var i strid med kravet om forsvarlege tenester i barnevernlova § 1-4 på følgande punkt:

- barnevernfaglege vurderingar var ikkje tilstrekkeleg dokumentert korkje undervegs i
  undersøkinga eller i sluttrapporten

- det var ikkje alltid dokumentert at konklusjonen i undersøkinga var i samsvar med
  bekymringa som skulle undersøkast

- arbeidet med å innhente dokumentasjonen frå andre tenester var ikkje presis nok

Ålesund og Fjord barnevernteneste hadde ikkje vurdert kva som var best for barnet i sakene, jf. § 4-1 i barnevernlova.

Barnevernet hadde ikkje sikra barn og foreldre sin rett til medverknad i tilstrekkeleg grad, jf. barnevernlova § 1-6 og § 1-7 og forvaltningslova § 17.

6. Oppfølging

[kapittel 6 er lagt til 20. desember 2021 etter Statsforvaltaren sitt møtte med leiinga i barneverntenesta og innhaldet i oppfølginga er avklara med dei]

Ålesund og Fjord barnevernteneste skal gjera følgjande endringar for å rette lovbrota som er avdekt i tilsynet: 

  • Gjennomføre eit utviklingsarbeid om analysar og vurderingar i undersøkingsarbeidet for å  utvikle felles forståing og praksis på dette området.
  • Gjennomføre internopplæring for å sikre at det blir gjort vurderingar av «barnets beste» i alle saker og at dette blir dokumentert.
  • Dokumentere midtvegsevalueringar i alle undersøkingane.
  • Sikre at situasjonen til kvart barn blir vurdert individuelt i undersøkingar i familiar med fleire barn.
  • Sikre at informasjonsinnhentinga er tilpassa behova i kvar enkelt sak.
  • Evaluere korleis tenesta sikrar foreldra si medverknad i undersøkingane.

Tiltaka skal gje endringar av det praktiske arbeidet og skal vera gjennomført innan 1. juni 2022.

Tenesta skal gjennomføre eigenvurderingstilsyn med arbeidet med undersøkingar innan den 1. november 2022. 

Statsforvaltaren blir informert både om plan og resultatet av utviklingsarbeidet og om utfallet av tilsynet.

Med helsing

Liv Aasen (e.f.)
fagleiar

Heidrunn Avdem
seniorrådgivar

Vedlegg: Gjennomføring av tilsynet

Varsel om tilsynet vart sendt 01.07.2021.

Tilsynet vart gjennomført ved Ålesund og Fjord barnevernteneste og starta med eit kort
informasjonsmøte den 21.09.2021. Vi gjekk gjennom funn frå tilsynet i oppsummerande møte den 23.09.2021.

Følgjande personar vart intervjua og deltok på oppsummerande møte i tilsynet:

Ikke publisert her

Vi intervjua seks foreldre i samband med tilsynet.

Følgjande dokument vart gjennomgått i tilsynet:

- Svarbrev med diverse informasjon datert den 01.09.21
- 05.02.21: Meldinger
- Mottak av bekymringsmelding
- Utdrag frå huskeliste for gjennomføring av undersøkelse
- Huskeliste for gjennomføring av undersøkelse
- Avklaring av melding ved mistanke om seksuelle overgrep og vold
- Interne rutiner for bv-tjenesten i Ålesund og Fjord
- Mottak og avklaring av melding i barneverntjenesten
- Gjennomføring av undersøkelse
- Planlegging/gjennomføring og avslutning av en undersøkelse samt fristutvidelse og
  fristoveskridelser i en undersøkelse
- Sluttrapport
- Intern overlapp undersøkelse/tiltak
- Kravet til dokumentering i barnevernsaker
- Vurdering av barnets beste jfr § 4-1og barnets rett til medvirkning jfr. § 4-1 2. ledd og § 6-
- Kartlegging, vurdering og beslutning i undersøkelser
- Barns rett til medvirkning
- Partsrettigheter
- Forsvarlighetskravet i barnevernloven
- Familieråd
- Vilkår for utvidelse av undersøkelsesfrist
- Viktige moment i familia ift undersøkelse
- Myndighetskart

Desse deltok frå Statsforvaltaren:

rådgjevar, Sigrid Nerbø Reiten, revisor
seniorrådgjevar, Eli Landrø, revisor
seniorrådgjevar, Heidrunn Avdem, revisjonsleiar


Alle tilsynsrapporter fra dette landsomfattende tilsynet

2020–2021 Undersøkelser i barnevernet

Søk