Hopp til hovedinnhold

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har gjennomført tilsyn med Stranda barnevernteneste og besøkte i samband med dette tenesta i frå 08.02.22 – 09.02.22. Vi undersøkte om kommunen sørgjer for at barneverntenesta sitt arbeid med undersøkingar blir utført i samsvar med aktuelle lovkrav slik at barna får trygge og gode tenester.

Konklusjon

Tilsynet avdekte at det var manglar i kommunen si vurdering av kva som var best for barna i undersøkingane noko som er i strid med § 4-1 i barnevernlova. Kommunen har i tilbakemelding den 26.04.22 orientert om at praksis nå er endra. Statsforvaltaren vurderer på denne bakgrunnen at kommunen har retta lovbrotet og avsluttar med dette tilsynet.

1.  Tema for tilsynet 

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har undersøkt og vurdert om kommunen sikrar at arbeidet med undersøkingane i barneverntenesta er forsvarleg. Vi har særleg undersøkt om barneverntenesta har

  • planlagt undersøkinga i samsvar med innhaldet i meldinga og eventuelt tidlegare undersøkingar eller kontakt med familien
  • sørga for at innhaldet i undersøkinga, omfanget og framdrifta er i samsvar med alvoret i situasjonen for barnet
  • gjort relevante barnevernfaglege og juridiske vurderingar både undervegs og til slutt i undersøkinga
  • konkludert undersøkinga i samsvar med dei vurderingane som er gjort

Tilsynet har omfatta undersøkingar av situasjonen til barn som budde heime da barnevernstenesta fekk bekymringsmeldinga og gjeld altså barn under 18 år som bur i biologisk familie, adoptivfamilie eller er plassert hos andre utan at barneverntenesta har medverka til det.

Tilsynet er gjennomført som systemrevisjon. Det inneber at Statsforvaltaren har ført tilsyn med korleis kommunen styrer og kontrollerer at barneverntenesta oppfyller dei aktuelle lovkrava i arbeidet sitt.

2.  Aktuelt lovgrunnlag

Statsforvaltaren har ansvar for å føre tilsyn med den kommunale barneverntenesta etter barnevernlova § 2-3 b. Eit tilsyn er kontroll av om drifta i verksemda er i samsvar med reglane i lov og forskrifter. Krava som er lagt til grunn for dette tilsynet kan oppsummerast slik:

Barneverntenesta har rett og plikt til å undersøke saka når ein vurderer at det er opplysningar som gjev grunnlag for tiltak etter barnevernlova kapittel 4, jf. Barnevernlova § 4-3. Formålet med undersøkinga er å vurdere og konkludere om barnet lever i ein omsorgssituasjon som kan gje grunnlag for barneverntiltak. Det er reglar i barnevernlova (bvl.) og i forvaltningslova (fvl.) som set krav til undersøkingane. 

Forsvarlege tenester

Det går fram av bvl. § 1-4 at alle tenester og tiltak etter barnevernlova skal vera forsvarlege. Denne regelen har eit heilskapleg utgangspunkt og må tolkast i samanheng med dei andre reglane i lova, for eksempel prinsippet om barnet sitt beste. Saksbehandlingsreglane i barnevernlova og forvaltningslova gjev også rettleiing for kva som er ei forsvarleg undersøking. Bvl. § 1-4 omfattar vidare organiseringa og leiinga av arbeidet og det er nær samanheng mellom dette kravet og kravet i bvl. § 2-3 tredje ledd om internkontroll for å sikre at oppgåvene blir utført i samsvar med lovkrava.

Rett til medverknad

Barnet har rett til å bli høyrt i samsvar med bvl. § 1-6. Regelen gjev barn i barnevernsaker ein ubetinga og sjølvstendig rett til å medverke. Retten gjeld både sjølve beslutningsprosessen og i alle forhold som gjeld barnet, ikkje berre når ein skal ta rettslege eller administrative avgjerder. Dette inneber at barneverntenesta har plikt til å legge til rette for at barnet skal kunne medverke og dermed sikre at barnet får oppfylt sin rett til medverknad i undersøkingane. Retten til å medverke i eiga sak inneber ikkje at barnet har plikt til å medverke. Prinsippet om barnet sitt beste heng nært saman med barnet sin rett til å medverke. Formålet med medverknad er at barnet si meining om eigen situasjon skal vere med som ein del av grunnlaget i barnevernet si vurdering av kva som er barnet sitt beste i alle avgjerder under undersøkinga.

Barnet sitt beste

Prinsippet om barnet sitt beste går fram både av barnekonvensjonen artikkel 3 og Grunnlova § 104. Barnet sitt beste skal vera eit grunnleggande omsyn i alle handlingar og avgjerder som gjeld barn. I barnevernlova er prinsippet nedfelt i § 4-1 der det går fram at det skal leggast avgjerande vekt på å finne tiltak som er til beste for barnet. Regelen slår også fast at det i denne vurderinga skal leggast vekt på å gje barnet stabil og god vaksenkontakt og kontinuitet i omsorga. Prinsippet utgjer ein sjølvstendig rett for kvart barn. Det skal også leggast vekt på barnet sitt beste når andre lovreglar skal tolkast og prinsippet er ei retningslinje for saksbehandlinga i alle saker som gjeld barn.

Samarbeid med foreldra

Foreldra har sjølvstendige rettar i undersøkingssaker som gjeld dei. Foreldre som er part i saka, har rett til å uttale seg etter fvl. § 17. Barnevernet skal i utgangspunktet legge fram alle opplysingane som dei får i undersøkinga slik at foreldra kan uttale seg. Barneverntenesta bør også gjera foreldra kjent med andre opplysingar som er av vesentleg betydning for saka i samsvar med fvl. § 17. Etter bvl. § 1-7 skal barnevernet utføre arbeidet sitt med respekt for og så langt som mogleg i samarbeid med barnet og barnet sine foreldre.

Nærare krav til undersøkinga

Barneverntenesta skal sikre at faktum i saka er klarlagt så godt som mogleg før det blir gjort vedtak i saka jf . fvl. § 17. Dette inneber at alle relevante sider av saka må kome fram. Barneverntenesta må vurdere om opplysingane i undersøkinga er riktige. Barneverntenesta må gjera ei konkret vurdering av innhaldet i meldinga og ev. annan informasjon i saka for å avgjera kor omfattande undersøkinga skal vera. I denne vurderinga er moment som grad av alvor, hast og kompleksitet viktige. Bvl § 4-3 andre ledd slår fast at undersøkinga skal gjennomførast slik at den er til minst mogleg skade for den saka gjeld. Den skal ikkje vera meir omfattande enn formålet tilseier.

Foreldra eller den barnet bur hos, kan ikkje setja seg i mot at det blir gjennomført ei undersøking ved besøk i heimen, jf. bvl. § 4-3 tredje ledd. Barneverntenesta kan også engasjere sakkyndige, jf. bvl. § 4-3 fjerde ledd. Etter bvl. § 6-4 femte ledd skal barneverntenesta innhente opplysningar i samarbeid med foreldra.

Innhenting av opplysningar frå andre forvaltningsorgan og helsepersonell er omfatta av teieplikta og barneverntenesta må enten ha gyldig samtykke frå foreldra, jf. fvl. § 13 a nr. 1 eller ein lovheimel som gjev unntak frå teieplikta for å innhente slike opplysingar. Barneverntenesta kan pålegge offentlege myndigheiter m.fl. å gje opplysningar som er underlagt teieplikt i dei situasjonane som går fram av bvl. § 6-4.

Barne- ungdoms og familiedirektoratet har den 18.06.20 gjeve ei presisering av vilkåra for at barneverntenesta kan pålegge andre offentlege tenester å gje informasjon som er underlagt teieplikt. Det går fram her at ein både må vise til heimel i barnevernlova, gjera greie for det faglege behovet for slik informasjon og konkretisere kva slags informasjon ein treng.

Undersøkingar skal i følgje bvl. § 6-9 gjennomførast snarast og seinast innan tre månadar. I særlege tilfelle kan undersøkingane utvidast til seks månader. Undersøkinga skal avklare dei individuelle behova til kvart enkelt barn i den konkrete situasjonen det er i.

Grunnvilkåret for å setja inn hjelpetiltak etter § 4-4 er at barnet har eit særleg behov for hjelp. Tiltaket skal ha som formål å bidra til positiv endring hos barnet eller familien.

I brev frå Barne- og likestillingsdepartementet 26. august 2008 tilrår ein at sakene blir vurdert på nytt etter eit halvt år dersom foreldra avviser å ta i mot dei hjelpetiltaka som barnevernet har funne naudsynte etter § 4-4 i barnevernlova. Det er etter dette etablert ein praksis i barnevernet om at saker kan «henleggast med bekymring» og takast opp på nytt om seks månader.

Dokumentasjon

Det er god forvaltningsskikk å sørge for at dokumentasjonen i sakene er tilstrekkeleg og påliteleg, slik at ein kan gjera greie for kva som er gjort i saka og grunngjevinga for dette.

Dokumentasjonsplikta følgjer også av kravet om forsvarlege tenester og plikta til internkontroll. Det går fram av forarbeida til barnevernlova - Prop. 169 L (2016–2017) at dokumentasjonsplikta både omfattar barnevernfaglege vurderingar og dei faktiske tilhøva som ligg til grunn for dei avgjerder og vedtak som skal fattast.

Både avgjerder om å innvilge hjelpetiltak og om å henlegge ei sak etter undersøking er enkeltvedtak etter forvaltningslova, jf. bvl. § 6-1 andre ledd og § 4-3 sjette ledd. Dette inneber at vedtaket skal grunngjevast i samsvar med reglane i fvl. §§ 24 og 25. I tillegg skal det etter bvl. § 6-3a gå fram av vedtaket kva som er barnet sitt synspunkt, kva slags vekt ein har lagt på dette og korleis barnevernet har vurdert kva som er best for barnet i denne saka.

Krav til styring og leiing

Kravet til leiing, organisering og styring er eit viktig element i kommunen sitt ansvar for å gje forsvarlege tenester. I barnevernlova § 2-1 andre ledd, jf. kommunelova § 25-1 er det slått fast at kommunen skal ha «internkontroll med administrasjonens virksomhet for å sikre at lover og forskrifter følges».

Det går fram av bvl. § 2-1 sjuande ledd at kommunen også skal sørge for at dei tilsette som gjennomfører undersøkingar i barneverntenesta har tilstrekkeleg kompetanse til å utføre dette arbeidet på ein forsvarleg måte. Kommunen har ansvar for å gje nødvendig opplæring ved behov.

3.  Fakta

Det er i alt 811 barn mellom 0-17 år i Stranda kommune. Pr. 31.12.21 fekk 37 barn tiltak frå barnevernet (4,6 % av barnetalet). Barneverntenesta hadde registrert 48 meldingar i andre halvår 2021. Av desse vart 3 henlagt. Av 24 avslutta undersøkingar andre halvår 2021, vart 15 henlagt utan tiltak. Tenesta hadde ikkje brot på tidsfristane i undersøkingane som vart gjennomført i andre halvår 2021.

Barneverntenesta i Stranda er organisert i sosialtenesta. Aina Holmberg er sosialleiar og har ansvar for barneverntenesta. Ho har hatt denne stillinga sidan 1999. Jane Solheimsnes er ansvarleg kommunalsjef. Frå den 01.04.22 blir kommunen vertskommune for felles barnevernteneste med Fjord kommune.

Stranda barnevernteneste har 4,8 stillingar fordelt på sju personar. I tenesta inngår barnevernleiar, ein merkantil medarbeidar og ein medarbeidar som blir nytta til tiltak. Det er fire kontaktpersonar som alle arbeider med undersøkingar. Tre av kontaktpersonane er tilsett sidan desember 2020. Medarbeidaren i den fjerde stillinga vart tilsett i 2009. Ho er tillagt funksjon som stedfortreder for leiar og ho er intern rettleiar for dei andre kontaktpersonane. Tenesta inngår i den interkommunale barnevernsvakta for Sunnmøre.

Vi har gått gjennom dei 15 siste undersøkingane som var gjennomført før tilsynet vart varsla. Nokre av sakene gjaldt familiar med fleire barn. Undersøkingane omfatta 7 familiar.

Kontoret har opplæring av nytilsette som vart gjennomført da dei tre sist tilsette starta. Dei tilsette var godt nøgde med opplæringa. Alle får både individuell rettleiing og «kollegaveiledning» regelmessig. Alle opplyste at det er svært lave tersklar for å drøfte saker og å be om råd. Tenesta har ein skriftleg opplæringsplan som er basert på ei konkret vurdering av kva slags kompetanse det er behov for å styrke utifrå den personalgruppa ein har pr dags dato.

Det er barnevernmøte kvar veke der ein både går gjennom meldingane og drøftar enkeltsaker. Kontoret har også eit møte kvar månad der alle sakene blir gjennomgått. Heile tenesta deltek i desse møta.

Tenesta har skriftlege rutinar og sjekklister for barnevernarbeidet som ligg i Compilo. Det er rutinane «Meldingar» og «Undersøking» som er relevante for arbeidet med undersøkingane. Compilo blir ikkje nytta til å registrere avvik i det daglege arbeidet med barnevernssakene.

Arbeidet med undersøkingane

Nye meldingar blir gjennomgått kvar dag enten av barnevernleiar eller av stedfortreder. Ein vurderer da graden av alvor og hast. Dersom meldinga ikkje må avklarast umiddelbart, blir dette gjort på barnevernmøtet førstkomande måndag. Her blir meldinga drøfta og vurdert. Dei fleste sakene går vidare til undersøking og blir fordelt til den kontaktpersonen som skal ha hovudansvar for saka med ein gong. Vedkomande fyller da ut skjemaet «Gjennomgang av melding». Rubrikken «Avklaring/ spørsmål til vidare arbeid» blir fylt ut på bakgrunn av drøftingane ein har gjort i møtet. Dette blir styrande for undersøkinga.

Det er alltid to kontaktpersonar i underssøkingssakene. Desse lagar plan for undersøkinga. Planen gjev oversikt over aktivitetar i undersøkinga og tidspunkta for desse. Det var slike planar i dei fleste sakene vi gjekk gjennom. I planane var det og konkretisert kva slags informasjon som skulle innhentast frå andre instansar. Tenesta har ein mal for dette. Denne vart tilpassa behova i kvar enkelt sak før breva vart sendt ut.

Alle undersøkingar blir oppsummert i ein undersøkingsrapport og avslutta med skriftlege vedtak. Dette var gjennomført i alle sakene vi gjekk gjennom.

Det gjekk fram både av intervjua og av dokumentasjonen at det var snakka både med barna og foreldra i alle undersøkingane og synet deira på situasjonen var dokumentert. I undersøkingane som gjaldt familiar med fleire barn, hadde ein både snakka med og innhenta informasjon om kvart enkelt barn.

Tenesta hadde ei felles oppfatning av at «kva som er best for barnet» var styrande for arbeidet dei gjorde med undersøkingane og at dette er eit sentralt tema i alle drøftingar. I fleirtalet av sakene fann vi ikkje at ein hadde vekta dei ulike faktorane i saka og analysert situasjonen for å summere opp kva som var best for barnet.

I intervju formidla alle tilsette at dei legg vekt på at undersøkingane ikkje skal gjerast meir omfattande enn nødvendig. Alle opplyste at alle saker blir grundig drøfta og vurdert i gruppa og at barnevernleiar kontrollerer undersøkingane til slutt. I denne kontrollen legg ho vekt på at saka skal ha ein «raud tråd» slik at det er samsvar mellom konklusjonen i meldingsgjennomgangen og avslutninga av undersøkinga. Denne samanhengen kom ikkje alltid tydeleg fram i den skriftlege dokumentasjonen.

Dokumentasjon

Fakta frå arbeidet med sakene var dokumentert fortløpande i journalen. Det var dokumentasjon frå interne drøftingar i ca. halvparten av sakene. I intervjua kom det fram at sakene var drøfta i langt større grad enn det som var dokumentert i saksmappene. I enkelte journalar var det opplyst at det var gjennomført fagdrøft men det gjekk ikkje alltid klart kva som var drøfta. I ein del saker var det dokumentert kva slags vurderingar barnevernet hadde gjort til dømes etter ei samtale, men desse var ikkje knytt spesifikt til problemstillingane som skulle avklarast i undersøkinga.

Styring og leiing

Kommunen har vedteke eit delegasjonsreglement. Det er også gjort vedtak om å delegere ansvar internt i tenesta. Det var ei eintydig oppfatning i tenesta av at det er barnevernleiar som har ansvar for alle avgjerdene i barnevernet og at stedfortredaren har ansvar når ho ikkje er til stades. Arbeidet med sakene blir kontrollert fortløpande gjennom drøftingar i møta og gjennomgang av sluttdokumenta. Barnevernleiar er involvert i heile undersøkingsprosessen.

Sjølv om rutinane for meldingane og undersøkinga er lagt inn i kommunen sitt kvalitetssystem, blir ikkje dette nytta aktivt til å kontrollere undersøkingane.

Covid 19

Barneverntenesta vurderer at dei har følgt opp dei ordinære aktivitetane i saksarbeidet under pandemien sjølv om det ikkje har vore mogleg å gjennomføre alle aktivitetar på vanleg måte.

4.  Vurdering

Tenesta har ei faggruppe som samla sett har god fagkompetanse. Dei nytilsette får både god opplæring når dei startar og dei blir følgt opp etterpå. Vi vurderer at arbeidet med undersøkingane er organisert slik at arbeidet blir kvalitetssikra i heile prosessen.

Sjølv om både barn og foreldre var involvert i undersøkingane, gjekk det ikkje alltid fram korleis synspunkta deira vart vurdert. I dei fleste sakene var det ikkje dokumentert korleis ein hadde vurdert kva som er best for barnet.

Rutinen for gjennomføring av undersøkingane var implementert slik at tenesta undersøker sakene på ein einskapleg måte. Vi vurderer også at ein i hovudsak hadde undersøkt dei tilhøva det var meldt om og at konklusjonane i dei fleste sakene dermed var i samsvar med bekymringa. I nokre enkeltsaker var det ikkje tydeleg samanheng mellom konklusjonen og meldinga. Sidan dette gjaldt meldingar om alvorleg bekymring, vil vi avklare desse samanhengane nærare med barnevernleiar.

Det var manglar i tenesta sin dokumentasjon av dei fortløpande barnevernfaglege vurderingane som vart gjort. Vi vurderer likevel at det gjekk fram korleis barnevernet hadde vurdert dei viktigaste problemstillingane i fleirtalet av sakene.

Styring og leiing

Dei tilsette ga eintydige framstillingar av kva slags møteplassar dei hadde for å vurdere innhaldet i undersøkingane. Det var ei felles forståing av at leiar kontrollerte at undersøkingane svara på bekymringa når ho godkjente undersøkingsrapportane. Dette tilseier at tenesta har eit system som sikrar einskapleg behandling av sakene før det blir konkludert.

Barneverntenesta registrerer ikkje svikt i behandlinga av undersøkingane systematisk. Vi vurderer likevel at samhandlinga internt i tenesta og leiar sin kontroll med kvar enkelt sak tilseier at arbeidet både blir korrigert fortløpande slik at ein sikrar forsvarleg behandling av sakene.

Tilbakemelding frå kommunen

Kommunen har i tilbakemelding den 26.04.22 informert om at dei har endra praksis etter tilsynet slik at dei nå alltid dokumenterer korleis dei har vurdert kva som er best for barnet i sluttrapporten etter undersøkingane. Det går fram at to medarbeidarar vil ta vidareutdanning i «Vurdering av barns beste» og at dette temaet har hovudfokus i barneverntenesta sitt arbeid.

I tilbakemeldinga peikte kommunen også på nokre faktiske feil i den førebelse rapporten vår. Dette er retta opp nå.

5.  Konklusjon

Barnevernet hadde ikkje vurdert kva som var best for barnet i sakene i samsvar med § 4-1 i barnevernlova. Kommunen har i si tilbakemelding den 26.04.22 gjort greie for at denne praksisen er endra nå. Statsforvaltaren avsluttar med dette tilsynet.

Med helsing

Liv Aasen (e.f.)
fagleiar

Heidrunn Avdem
seniorrådgivar

 

 

Dokumentet er elektronisk godkjent

 

Vedlegg: Gjennomføring av tilsynet

Varsel om tilsynet vart sendt 22.12.2021.

Tilsynet vart gjennomført i Stranda barnevernteneste med eit kort informasjonsmøte den 08.02.2022. Vi gjekk gjennom funn frå tilsynet i oppsummerande møte den 09.02.2022. Ingeløv Tronstad deltok på teams i heile tilsynet. Jane Solheimsnes deltok på teams i oppsummeringsmøtet. Før tilsynet hadde vi fått tilsendt følgjande dokument:

  • Opplæringsplan for barneverntenesta i Stranda kommune
  • Tilstandsrapport for barneverntenesta 2021
  • Organisasjonskart
  • Rutinar for barneverntenesta i Stranda kommune
  • Kompetansemål for 2022
  • CV for dei tilsette i tenesta
  • Saksdokument frå dei 15 siste undersøkingane etter at tilsynet vart varsla

Følgjande personar vart intervjua og deltok på det oppsummerande møtet:

Ikkje publisert her.

Desse deltok frå Statsforvaltaren:

rådgjevar, Sigrid Nerbø Reiten,
revisor seniorrådgjevar, Eli Landrø,
revisor seniorrådgjevar, Heidrunn Avdem, revisjonsleiar


Alle rapportar frå dette landsomfattande tilsynet

2020–2021 Undersøkelser i barnevernet

Søk