Hopp til hovedinnhold

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har gjennomført tilsyn med barnevernstenesta for Hustadvika kommune, og besøkte tenesta frå 19.09. til 21.09.2023. Vi undersøkte om kommunen sikrar at arbeidet med oppfølging av barn i fosterheim er forsvarleg.

Tilsynet vart gjennomført som del av eit landsomfattande tilsyn initiert av Statens helsetilsyn.

Konklusjon

Tilsynet har avdekka vesentlege manglar i leiinga sin kontroll med oppfølging av barn i fosterheim. Det er stor variasjon i korleis oppfølginga blir planlagt, gjennomført, justert og dokumentert. Vi finn at oppfølginga av fosterheimane ikkje er tilstrekkeleg planlagt, at oppfølginga ikkje er heilskapleg og tilpassa den enkelte familie, at barneverntenesta sine vurderingar og konklusjonar ikkje er tilstrekkeleg dokumenterte, at barnet ikkje får informasjon om retten til tillitsperson. Tenesta sin  internkontroll er ikkje tilstrekkeleg til å oppdage og korrigere feil. For barna det gjeld kan det føre til at dei ikkje får ivaretatt sine behov og rettar på ein forsvarleg og tilfredsstillande måte.

Dette er i strid med barnevernslova § 4-16, jf.1-4, fosterheimsforskrifta § 7 annet ledd, dokumentasjonskravet i barnevernlova § 1-4, god forvaltningsskikk og plikta til internkontroll, forskrift om medverknad og tillitsperson §§ 9 og 12 og kommunelova § 25.

Utkast til rapport vart sendt den 28. november der kommunen fekk frist til 15.desember om å gi tilbakemelding på eventuelle feil i faktagrunnlaget. Desse tilbakemeldingane er innarbeidd i denne rapporten.

Rapporten sendes også til Statens Helsetilsyn og vil bli publisert på deira nettsider.

1. Tema

Statsforvaltaren har undersøkt og vurdert om kommunen sikrar at arbeidet med oppfølging av barn i fosterheim er forsvarleg. Tilsynet omfattar undersøking og vurdering av om:

  • Barneverntenesta legg til rette for og gir barnet moglegheit til å medverke i oppfølginga, og om medverknaden er dokumentert.
  • Barneverntenesta planlegg oppfølginga av barnet.
  • Barneverntenesta tileignar seg tilstrekkeleg informasjon om barnets utvikling, omsorgssituasjon og behov for endring eller ytterlegare tiltak.
  • Barneverntenesta si oppfølging av fosterheimen er heilskapleg og tilpassa den enkelte fosterfamilie. 
  • Barneverntenesta besøker fosterheimen så ofte som nødvendig for å gje barnet forsvarleg oppfølging.
  • Barneverntenesta gjer ei forsvarleg vurdering av barnet si utvikling og omsorgssituasjon, og konkluderer på om det er behov for endringar eller ytterlegare tiltak.
  • Kommunen sikrar systematisk og tilpassa internkontroll i oppfølgingsarbeidet.

Tilsynet er gjennomført som ein systemrevisjon. Det inneber at Statsforvaltaren har ført tilsyn med om kommunen utfører, styrer og leiar arbeidet slik at dei oppfyller aktuelle lov- og forskriftskrav. Statsforvaltaren skal ikkje overprøve enkeltsaker, men sjå om tenesta systematisk følger opp barn i fosterheim i tråd med regelverket.

Krava i tilsynet er utforma som overordna krav knytt til arbeidsprosessar i barneverntenesta, og gjenspeilar det viktigaste som må skje i tenesta for at oppfølginga av barnet skal vere av god og forsvarleg kvalitet.

Det er omsorgskommunen ( jf. ny barnevernslov § 9-6 første ledd og forskrift om fosterheim § 1 andre ledd) sitt ansvar for oppfølging og kontroll av situasjonen til det enkelte barn i fosterheim som vi har ført tilsyn med. Tilsynet har omfatta barneverntenesta si oppfølging av barn som bur i kommunal fosterheim som følgje av omsorgsovertaking og der plasseringa har skjedd ved tvang, jf. ny barnevernslov § 5-1. Dette gjeld ein heim i barnet sin familie eller nære nettverk eller ein fosterheim som er rekruttert på generelt grunnlag.

Barneverntenesta sitt ansvar for å følgje opp biologiske foreldre er ikkje ein del av dette tilsynet. Barn og fosterforeldre sine meiningar om og erfaringar med barnevernstenesta sitt arbeid, er viktig informasjon for å vurdere både kvaliteten på tenestene og kommunen sin praksis når det gjeld brukarmedverknad. Eit utval fosterforeldre og barn har derfor blitt intervjua i dette tilsynet.

2. Aktuelt lovgrunnlag

Tilsyn er kontroll med om tenesta sin praksis er i samsvar med regelverket. Statsforvaltaren er gitt mynde til å føre tilsyn med kommunal barnevernsteneste etter barnevernslova § 17-3 første ledd. Under blir det gitt ei skildring av lovkrava som ligg til grunn for tilsynet. 

Overordna rettslege føringar

Lovgrunnlaget for tilsynet er lov om barnevernstenester av 18. juni 2021. Sidan store delar av oppfølgingsarbeidet er gjort etter lov om barneverntenester av 17. juni 1992, vil vi ta omsyn til dette og vurdere arbeidet som er gjort tilbake i tid med utgangspunkt i lova frå 1992 med tilhøyrande forskrifter. For dette tilsynet vil det materielle innhaldet i normeringa for oppfølging av barn i fosterheim, i det vesentlege vere det same etter gamal og ny lov.

Barn sin rett til omsorg og beskyttelse går fram både av Grunnlova § 104 og FNs barnekonvensjon artikkel 3 og 19. Barn sine behov for omsorg og beskyttelse er også understreka av EMD i fleire saker, og er anerkjent som eit legitimt inngrepsformål ved inngrep i retten til familieliv etter EMK artikkel 8 nr. 1. Dersom myndigheitene overtek omsorga for eit barn, må dei sette inn tiltak for å leggje til rette for gjenforeining mellom barn og foreldre så snart det med rimelegheit lar seg gjere, jf. Grunnlova § 102 og EMK artikkel 8 nr. 2. I barnevernslova går barn sin rett til omsorg og rett til familieliv fram av § 1-5.

Prinsippet om barnet sitt beste går fram av barnekonvensjonen artikkel 3, Grunnlova § 104 og barnevernslova § 1-3 (barnevernlova 1992 § 4-1), og er eit grunnleggande prinsipp for alle handlingar og avgjersler som omhandlar barn. Det skal leggast avgjerande vekt på å finne tiltak som er til det beste for barn, og i vurderingane skal det bli lagt vekt på å gje barn stabil og god vaksenkontakt og kontinuitet i omsorga. Prinsippet om barnet sitt beste er ei rettesnor for saksbehandling i saker som påverkar barn, og vurderinga av barnet sitt beste heng saman med barnet sin rett til medverknad.

Barnet sin rett til medverknad og rett til å bli høyrd går fram av både Grunnlova § 104, FNs barnekonvensjon artikkel 12 og barnevernslova § 1-4 (barnevernlova 1992 § 1-6). Barn har rett, men inga plikt til å medverke. Retten gjeld i heile prosessen og i alle forhold som omhandlar barnet, ikkje berre ved rettsleg eller administrativ avgjerd. Barnet sitt synspunkt skal alltid bli vurdert opp mot anna informasjon i saka. Forskrift om medverknad og tillitsperson gjeld for alle delar av barnevernstenesta sitt arbeid.

Barneverntenesta har plikt til å føre journal, jf. barnevernslova § 12-4. Journalen skal innehalde alle vesentlege opplysningar og barnevernsfaglege vurderingar som tenesta legger til grunn for sitt arbeid, sine avgjerder og vedtak. Barnevernstenesta har plikt til å dokumentere korleis barnet har fått medverke i saka og korleis barnet si meining er vurdert, jf. forskrift om barns rett til å medverke i barnevernet. Forvaltningslova gjeld for barnevernet si saksbehandling med dei særreglar som er fastsett i barnevernslova § 12-1. Dette betyr til dømes at grunngjeving av vedtak gjeld for saksbehandlinga, jf. forvaltningslova § 25. I barnevernslova § 12-5 (barnevernlova 1992 § 6-3a) er det og eit særskilt krav til at det skal gå fram korleis barnet si meining er vurdert i saka, jf. forvaltningslova §§ 24 og 25.

Barnevernstenesta si plikt til å følgje opp barn i fosterheim

Barnevernstenesta si plikt til å følgje opp barn og foreldre etter vedtak om omsorgsovertaking, er regulert i barnevernslova § 8-3 (barnevernlova 1992 §§ 4-15 og 4-16). Barnevernstenesta skal følgje med på korleis barnet utviklar seg, og om det får forsvarleg omsorg. Barnevernstenesta skal på ein systematisk og regelmessig måte vurdere barnet sitt behov. Det betyr å planlegge oppfølginga, innhente informasjon og følge opp barnet og fosterheimen. Vidare betyr det å nytte informasjonen i saka til å vurdere, konkludere og sette i verk avgjerder slik at barnet får den omsorga og hjelpa det treng. Barnet har rett til å medverke i alle delar av arbeidet. Barnevernstenesta må derfor sørge for å ha tilstrekkeleg kunnskap om korleis barnet har det i fosterheimen. Det betyr at barnevernstenesta må ha kontakt med barnet, fosterheimen og andre instansar. Ein del av ansvaret inneber også arbeidet med gjenforeining, og å legge til rette for samvær med søsken og andre nærståande der omsynet til barnet ikkje taler imot dette.

I forskrift om fosterheim § 7 går det fram kva som ligg til barnevernstenesta sine plikter til kontroll og oppfølging av barn i fosterheimen. Barnevernstenesta si oppfølging skal vere heilskapleg og tilpassa den einskilde fosterfamilie, jf. fosterheimsforskrifta § 7 andre ledd. Oppfølgingsansvaret inkluderer nødvendig råd, rettleiing og støtte til fosterforeldra og gjeld så lenge barnet bur i fosterheimen. Barnevernstenesta må sørge for at vurderingar av oppfølgingsbehov i fosterheimen, inkluderer fosterforeldra sine biologiske barn.

Barneverntenesta skal besøke fosterheimen så ofte som nødvendig, men minst fire gonger i året, jf. fosterheimsforskrifta § 7 tredje ledd. For barn som har budd i fosterheimen i meir enn to år, kan barneverntenesta etter ei konkret vurdering redusere talet på besøk til minimum to gonger i året.

Rettleiing, oppfølging og kontroll av det enkelte barn sin situasjon, er viktig for at barnevernstenesta skal vite at barnet får den omsorga det har behov for, og om vilkåra for omsorgsovertakinga framleis er til stades. Barnevernstenesta har ansvar for jamleg å vurdere om det er nødvendig å gjere endringar i barnets omsorgssituasjon.

Barnevernstenesta skal lage ein plan for barnets omsorgssituasjon, og plan for oppfølging av barnet og foreldra, jf. barnevernslova § 8-3 fjerde ledd (barnevernlova 1992 § 4-15 tredje ledd). Tenesta skal òg ha ein fosterheimsavtale med fosterforeldra, jf. forskrift om fosterheim § 6. Det skal vere plan for samvær mellom barn og biologiske foreldre etter barnevernslova §§ 7-1 og 7-2 (barnevernlov 1992 § 4-19 første og andre ledd), og individuell plan for barn som har behov for langvarige og koordinerte tenester, jf. barnevernslova § 15-9 (barnevernlov 1992 § 3-2 a). Det er eit krav at barnevernstenesta arbeider planmessig og systematisk, og kravet til å føre journal og skriftleg planarbeid skal bidra til dette. 

Kravet til forsvarleg arbeid og krav til internkontroll

Kravet om forsvarlege tenester i barnevernslova § 1-7 (barnevernlova 1992 § 1-4) betyr at tenester må halde tilfredsstillande kvalitet og bli gitt til rett tid i tråd med barns behov. Det er nær samanheng mellom styring av tenestene og at tenestene er forsvarlege. Kommuneleiinga skal gjennom sin internkontroll følgje med på og understøtte arbeidsprosessane i barnevernstenesta.

Internkontrollen skal bidra til at oppfølging av barn i fosterheim er forsvarleg. Internkontrollen skal vere systematisk, og den må ha eit omfang og innhald som er tilpassa barneverntenesta sin storleik, eigenart, aktivitetar og risikoforhold. Det er kommunedirektøren som er ansvarleg for internkontrollen. Kommunen skal skaffe seg oversikt over, og følgje med på, områder der det er fare for svikt i tenesta og der tenestene ikkje følgjer lov- og forskriftskrav, jf. kommunelova § 25-1, jf. barnevernslova § 15-2 fjerde ledd (barnevernlova 1992 § 2-1).

På barnevernsområdet må ein sjå krava til internkontroll i samanheng med reglane i barnevernslova. Etter barnevernslova § 15-2 andre ledd (barnevernlova 1992 § 2-1 sjuande ledd) skal kommunen sørge for at dei tilsette i barneverntenesta får nødvendig opplæring og rettleiing. Ansvaret inneberer blant anna at tilsette må bli følgt opp og få nødvendig støtte i arbeidet.

3. Fakta

Tidlegare Fræna og Eide kommune slo seg saman til ein kommune, Hustadvika, i 2020. Våren 2022 etablerte kommunen Familiens Hus. Familiens Hus er avdeling helsestasjon og skolehelsetenesta, tiltak for funksjonshemma og pedagogisk- psykologisk teneste (PPT), samt barneverntenesta. Familierettleiar i NAV har og fast kontordag her. Kommunen har fått midlar til implementering av Betre tverrfagleg innsats (BTI) som no er i oppstartsfasen.

Einingsleiar får informasjon frå barnevernleiar i avdelingsleiarmøte annakvar veke, og einingsleiar deltek i tenesta sine avdelingsmøte, samt at det er tett dialog mellom barnevernleiar og einingsleiar. Tilstandsrapportar og saker av betydning blir behandla i Hovudutvalet for Oppvekst, kultur og kunnskap og i kommunestyret kvart år.

Barnevernsleiar starta i stillinga i Hustadvika kommune ved kommunesamanslåinga frå 01.01.2020 på lik linje med andre tilsette frå tidlegare Fræna og Eide kommune. Barnevernleiar har personalansvar og det faglege ansvaret for tenesta.    

Sidan 2019 har tenesta deltatt i Læringsnettverk og Fosterheimsprosjektet i Møre og Romsdal. Tenesta deltok og saman med to andre tenester i Tenestestøtteprogrammet i 2020-21. Desse tiltaka er ein del av Bufdir si kompetansesatsing retta mot kommunalt barnevern.

Kommunen har omsorga for 19 barn plassert i fosterheim som er omfatta av tilsynet. Av dei er 8 plassert i familie eller nettverk.

Tenesta si rapportering for både 1. og 2. halvår 2022, samt 1.halvår 2023 viser at fosterbarna får den oppfølginga dei har krav på, jf. minimumskravet.

Barneverntenesta har totalt 13,55 årsverk og er organisert etter generalistmodellen. I årsverka ligg og 1 årsverk for ungdomskoordinator. Det er åtte kontaktpersonar som pr. i dag  har ansvar for oppfølging av barn i fosterheim. Av desse har to bachelor i vernepleie, tre bachelor som barnevernpedagog og en bachelor i sosialt arbeid. Ein av kontaktpersonane har spesielt ansvar for fagutvikling (20%). Både barnevernleiar og nestleiar har bachelor som barnevernpedagog, og barnevernleiar har vidareutdanning i barnevernleiing. Fleire av dei tilsette har relevante tilleggsutdanningar og har vore tilsett i tenesta i 10 år eller meir.

Oppfølginga i fosterheimane blir som hovudregel gjennomført av ein kontaktperson, og vedkommande har hovudansvaret for oppfølgingsarbeidet i fosterheimen. Det blir også definert kven som skal vere nummer to i sakene, og desse blir aktivert i saka når ansvarleg kontaktperson treng det eller når leiinga meiner det er nødvendig. Både barnevernleiar og nestleiar har kjennskap til og oversikt over alle sakene og veit kven som til ein kvar tid er fosterforeldre.

Rettleiing, drøftingar og avgjerder som gjeld oppfølginga skjer i all hovudsak i møte mellom leiar og kontaktpersonen. Frå januar 2023 etablerte kontoret/leiinga tilbod om faste møte med den einskilde kontaktperson kvar tysdag. Kontaktpersonen kan booke møtetid på desse dagane, og leiinga kan be kontaktpersonen om eit møte. I tillegg har tenesta ein fast gjennomgang av alle sakene kontaktpersonen har to til fire gongar i året. Nokre gongar er det oftare dersom det er behov for det. Kvar måndag har leiinga møte med alle tilsette. Det er sett av tid til fagutvikling på desse møta. Fagutviklar har mellom anna ansvar for fagdagar og arbeidet med felles rutinar og felles praksis for korleis oppfølgingsarbeidet av fosterheimar skal utførast. Dette arbeidet er på tidspunktet for tilsynet ikkje fullført.

Faktagrunnlaget i tilsynet er basert på ein gjennomgang av rutinar, andre styringsdokument og fem saksmapper frå dei siste to åra, i tillegg til eigenvurderingsskjema. Dei fem sakene utgjer ca 25% av den aktuelle saksmengda som er omfatta av tilsynet. I forkant av tilsynet hadde vi og samtalar med fosterforeldre og barn i fosterheim. Vi har intervjua fem kontaktpersonar, nestleiar, barnevernsleiar og einingsleiar.

Oppfølgingsarbeidet i tenesta

Barneverntenesta viser til fleire rutinar i dokumentet «Oppfølging av barn i fosterhjem» (E-læringskurs), samt mellom anna dokumentet «Rutiner i forhold til fosterhjemsarbeidet i Fræna kommune» som dei nyttar i dette arbeidet.

Medverknad i oppfølginga og dokumentering av dette

I tenesta sin mal for oppfølgingsbesøk i fosterheimen («Samtale med barn i fosterhjem») skal det refererast til samtalen med barnet og dei skal gjere greie for korleis barnet opplever samtalen. I rutinane står det at tenesta har ansvar for å følgje nøye med på barnet si utvikling, og følgje opp og kontrollere situasjonen til barnet i fosterheimen.

I vår gjennomgang av saksmapper og i intervju går det fram at barneverntenesta har kontakt med barna. Tenesta legg til rette for at barnet kan uttale seg fritt ved at barnet får tilbod om samtale åleine. Det er eksempel på at tenesta legg til rette for kontakt med barnet gjennom andre aktivitetar enn ein samtale i fosterheimen. I tre av sakene ser vi at dei også har kontakt utover oppfølgingsbesøka, og at barna er involvert i spørsmål som angår dei, som til dømes samvær med foreldre eller søsken. Dei tilsette er opptatt av at barnet skal medverke i eiga sak. Dei informere om tillitsperson i undersøkingssaker og saker som skal behandlast i nemnda, men har ikkje vore bevisst på det i denne delen av barnevernsarbeidet.

Fosterforeldra og barna vi snakka med, viser til at barna får tilbod om samtale. Eit av barna vi snakka med meinte at ho treff kontaktpersonen sin veldig ofte, ho kan spørje om ting, ho blir spurt om kva ho meiner og ho får informasjon som ho treng.

Barnevernstenesta legg til rette for at tidspunkta for oppfølgingsbesøket skal passe barnet og fosterforeldra. Dette var fosterforeldra og barna einige i.

Vi finn eksempel i sakene på at det barnet er opptatt av, blir følgd opp vidare av barnevernstenesta. Det er likevel varierande dokumentasjon på korleis dei vektlegg barnet si meining og den barnevernsfaglege vurderinga er lite synleg. Barnevernstenesta skriv referat frå samtalane med barna, men vurderingane knytt til barna sine synspunkt er lite dokumentert.

Oppfølginga er planlagt

Vi fann omsorgsplanar for alle dei fem barna. I to av sakene inneheld planen grundige og konkrete utgreiingar og mål for plasseringa. I rutinen «Tema for samtale med foreldre etter plassering» er det mellom anna vist til at planen skal vere eit tema i møte med foreldra, og at planen skal endrast om det skjer store endringar i barnet sitt liv. I rutinen «Oppfølging av foreldre etter omsorgsovertakelse» står det at tenesta skal ha samtalar med foreldre fire gonger (eventuelt to gonger) kvart år, der dette skal vere tema. I tre av sakene fann vi ikkje dokumentasjon på slike møte med foreldra. 

I intervju kom det fram at omsorgsplanane ikkje blir nytta aktivt, men at dei no vil ha ein gjennomgang og oppdatering av alle omsorgsplanane. 

Tenesta har ein mal for gjennomføring av oppfølgingsbesøka som er nytta. I rutinane er det gjort greie for kravet om kor mange besøk dei skal ha kvart år. Om dei skal redusere talet på besøk skal det mellom anna være etter samtykke frå både barnet, fosterforeldra og barneverntenesta. Ved ei avgjerd om reduksjon skal det ligge ved ei vurdering.

Oppfølgingsbesøka blir gjennomført utan at det er lagd konkrete tidsplanar for dette. Både dei tilsette og fosterforeldra bekrefta at desse besøka blir avtalt frå gong til gong. Fosterforeldra forklarte vidare at dei ikkje opplevde at sjølve innhaldet i oppfølginga var planlagt. I intervju kom det heller ikkje fram at dei tilsette såg på planlegging av oppfølginga som noko meir enn avtaler om besøk. Dei tilsette sa i tillegg at innhaldet var styrt av det som til ei kvar tid var aktuelt for fosterheimen, barnet eller tenesta sitt fokus i saka der og da.

I rutinane står det at tenesta skal ha ein plan for samvær som skal gjelde for eit år. Tenesta skal og sørge for at samværa kan gjennomførast og eventuelt sikre nødvendig hjelp under samværa. I rutinane står det korleis tenesta skal/kan snakke med foreldra om samværa og kva dei skal evaluere saman med foreldra.

Vi fann at det var utarbeidd samværsplanar i tre av dei fem sakene. I to av desse sakene fann vi og dokumentasjon knytt til samvær som viser kontakt med både barnet og foreldre, i tillegg til anna familie. I dei to sakene som ikkje hadde planar var samværa i all hovudsak styrt av fostermor og mor/foreldre, og vi fann lite dokumentasjon på kva som faktisk skjer av samvær i desse sakene.

Vi fann i varierande grad dokumentasjon på evaluering av samværa eller vurderingar med tanke på spørsmålet om tilbakeføring.

I rutinane står det at fosterheimsavtalen skal evaluerast kvart år. Vi fann fosterheimsavtalen i ei av dei fem sakene. Fosterheimsavtalen var ikkje evaluert i nokre av sakene. Alle sakene hadde  oppdragsavtale som gjeld økonomi. Desse var evaluert og endra i løpet av desse to åra.

I intervju med dei tilsette kom det fram at den årlege evalueringa av fosterheimsavtalen ikkje blir gjort, noko også to av tre fosterforeldre stadfesta.

Informasjon om barnet og behov for endringar

Sakene viser at barneverntenesta innhentar informasjon om barna. I to av dei var det eit lengre opphald utan informasjon. Dei får blant anna rapport frå tilsynsførar, deltek i ansvarsgruppemøte og andre samarbeidsmøte, og får rapportar frå andre tenester. Dei skriv referat frå oppfølgingsbesøka og samtalane med barna, og får informasjon frå barnet og fosterheimen. Vi ser fleire eksempel på at dei følger opp behov som kjem fram om barnet eller fosterheimen. Vi har i mindre grad sett at barneverntenesta innhentar informasjon frå barna sine foreldre. Det er også i varierande grad dokumentert korleis den samla informasjonen er brukt vidare i sakene.

Besøker familien så ofte som nødvendig

Dei tilsette ga klart uttrykk for at dei gjer vurderingar av om det er behov for fleire oppfølgingsbesøk enn minimumskravet i den einskilde fosterheimen. Dei forklarte også at dei har fleire besøk om det er nødvendig, særleg når barnet eller fosterforeldra ber om det. Vi har i liten grad funne dokumentasjon på vurderingane, men det er dokumentert i nokre av sakene at dei gjer fleire besøk og har kontakt med familien og barnet enn planlagd.

Leiinga forklarte at dei i faste møte (og ved stikkprøvekontrollar) følgjer med på og aktivt sørger for at minimumskravet blir innfridd.

Fosterforeldra viste til at barneverntenesta kom på dei faste besøka og både fosterforeldra og barna  var generelt nøgd med oppfølginga og meinte tenesta var tilgjengeleg (telefon, mail, besøk) når dei hadde behov for kontakt og meir bistand. Ein av familiane sa at dei hadde vore mindre nøgd tidlegare.

Heilskapleg og tilpassa oppfølging til den enkelte familie

Dokumentasjonen i nokre av sakene gir informasjon om korleis barneverntenesta har tilpassa oppfølginga til den enkelte familie. Den viser kva aktivitet tenesta gjer, men i mindre eller ingen grad kva for vurderingar som ligg til grunn for tilpassingane. Med unntak av ei sak, kjem det ikkje fram i dokumentasjonen korleis dei evaluerer og gjer nye vurderingar for å sikre at all aktivitet dei gjer er systematisk og heilskapleg.

Dei tilsette viser til at dei tilpassar oppfølgingsbesøka ved å tilby fosterforeldra ulike datoar for gjennomføring av besøka. Dei var og opptatt av å være tilgjengelege. Vi fekk også eksempel på korleis dei hadde tilpassa oppfølginga til det enkelte barnet i nokre av sakene.

Leiinga og dei tilsette meinte oppfølginga vart drøfta og tilpassa i dei faste møta mellom barnevernsleiar/nestleiar og kontaktperson. Med unntak av ei mappe, fann vi ikkje dokumentasjon på dette.

Ifølgje fosterforeldra var oppfølginga for det meste opplevd som god og tilstrekkeleg. Ein av familiane hadde opplevd å få for lite informasjon om barnet. Alle meinte dei fekk hjelp når dei bad om det og følte dei var høyrt når dei tok opp ting. Fosterforeldra stadfesta at tenesta er tilgjengeleg. Barna vi snakka med kjenner kontaktpersonen sin eller veit kven det er.

Forsvarleg vurdering av utvikling og omsorgssituasjonen hos barnet og konkluderer på om det er behov for endringar

Barneverntenesta set inn tiltak dersom det oppstår eit konkret behov. Det kom ikkje fram i mappene eller i intervju med dei tilsette at det blir gjort systematiske vurderingar av utviklinga eller behov for endringar.

Leiinga viste til at slike vurderingar og konklusjonar blir gjort i dei faste møta. Leiinga meinte det var kontaktpersonen sitt ansvar å dokumentere frå desse møta, men dei tilsette var usikre på kven som hadde ansvar for dokumentasjonen. Det er ingen skriftlege rutinar som gjeld dokumentasjon og ansvar. I fleirtalet av sakene fann vi ikkje spor frå desse møta.

Fosterforeldra meinte at kontaktpersonen følgjer med på det som skjer med barnet og kva barnet og dei som fosterheim treng.

Iverksett nødvendige avgjerder om behov for endringar

Dei tilsette forklarte at dei gjer endringar og set inn tiltak når det er vurdert som nødvendig. I mappene kan vi sjå at det blir gjort endringar og ytterlegare tiltak i nokre av sakene. Det er likevel lite informasjon som viser om tiltaket verkar eller om det er behov for andre endringar eller ytterlegare tiltak. Det er heller ikkje alltid synleg kvifor dei gjer som dei gjer.

Fosterforeldra viste til at når det skjer noko stiller dei opp og det vert gjort endringar.

Internkontroll

Kommunen skal sikre systematisk og tilpassa internkontroll i oppfølgingsarbeidet.

Tenesta har ein fast møtestruktur. Både leiarar og tilsette var samstemde om kven som har ansvar og kva dei ulike rollene inneber. Leiar og nestleiar har eit tett samarbeid og overlappar kvarandre. Både dei tilsette og leiinga viste til at internkontrollen skjer via dei faste møta mellom kontaktperson og barnevernleiar/nestleiar, og i avdelingsmøte. Barnevernleiar meinte dei dagleg har fokus på internkontroll.

Tenesta har ikkje fanga opp eller korrigert at dei ikkje gir informasjon om retten til tillitsperson i fosterheimsarbeidet. Dei har ikkje fanga opp eller korrigert at dei ikkje har sendt ut ein plan for samværa og at dei ikkje evaluerer samværa regelmessig. Tenesta har no sørga for at fosterheimsavtalen skal evaluerast ein gong i året.

Barnevernleiar/nestleiar er klar over at dokumentasjonen i sakene er mangelfull, dette gjeld særleg manglar ved vurderingar. I følgje eigenrapporteringa har kontaktpersonen ansvaret for dokumentasjonen i sakene. Leiinga meinte dei har fokus på dette. Leiinga har god oversikt over sakene den enkelte kontaktpersonen har til ei kvar tid og meinte det gjer det lettare å ha fokus på kva som manglar. Det er kontaktpersonen sitt ansvar å melde ei sak til drøfting, men også noko leiinga etterspør når dei meiner det var nødvendig.

Tenesta har ein fagutviklar i 20% som har ansvar for utvikling og kvalitet i tenesta saman med leiinga.

Tenesta har fleire rutinar som gjeld tilsynstemaet. Leiinga viste til at rutinane er under utvikling/endring etter samanslåinga av dei to kommunane, samt at dei har planar om fagdagar som skal sikre nødvendige endringar og fagutvikling på området.

Tenesta nyttar det digitale systemet Compilo. Her blir avvik registrert og dei har planar om å legge inn rutinar i dette systemet. I fagsystemet Familia har dei lagt inn utfyllande malar. Alle har tilgang til rettleiaren frå Visma og den blir regelmessig nytta av den einskilde kontaktperson og i  avdelingsmøte. Dei tilsette meinte dette var nyttige verktøy i arbeidet.

Tenesta skal implementere «Omsorgspakka» og trur at dette vil bidra til eit meir systematisk og planmessig oppfølgingsarbeid. Kontaktpersonane deltek i «Fosterheimsforum» i regi av Fosterheimsprosjektet i fylket, der dei får fagleg påfyll og kan drøfte faglege utfordringar på tvers av kommunane.

4. Vurdering

Gjennomføring av oppfølgingsarbeidet

Medverknad i oppfølginga og dokumentering av dette

Barn som er i stand til å danne seg eigne meiningar, har rett til å medverke i alle forhold som vedkjem det. I sakene Statsforvaltaren har gått gjennom har barneverntenesta snakka med barna. I dei tilfella barnet ikkje har ønska å snakke med barnevernet, er det dokumentert i saka. Tenesta har også dokumentert kva barnet fortalte, både når det gjeld deira meiningar eller behov/ønske. Tenesta er opptatt av å få barna til å ville snakke med dei, og kva dei må gjere for å legge til rette for det.

Det er dokumentert tett kontakt med fleire av barna. Det går fram av mappene at dei blir lytta til og tatt på alvor. I fleire av sakene er det synleg at det barnet ønsker eller har behov for, har medverka til dei endringane eller tiltaka som blir sett inn.

Statsforvaltaren finn at barneverntenesta ikkje systematisk informerer barnet om retten til tillitsperson. Barneverntenesta dokumenterer ikkje om barnet er informert om dette, og om barnet ønsker å ha med seg en tillitsperson. Dette er brot på Forskrift om medverknad og tillitsperson §§ 9 og 12.

I nokre av sakene kjem det godt fram kva barnet har fått av informasjon og kva barnet skal medverke til. Korleis barneverntenesta har vurdert og vekta barnet sine synspunkt er i varierande grad synleg. Nok informasjon, vurdering av kva barnet meiner og korleis dette er lagt vekt på, er viktige moment som inngår i å sikre at retten til medverknad blir tatt i vare. Det er dokumentert at dei snakkar med barna, og både fosterforeldra og barna vi snakka med bekreftar dette, men i kor stor grad dei får medverke kjem i mindre grad fram. Det er likevel tilstrekkeleg dokumentert til at Statsforvaltaren vurderer at barna får medverke, jf. barnevernlova § 1-6 om retten til medverknad.

Oppfølginga er planlagt

Oppfølging av barn i fosterheim skal vere planlagt. Å utarbeide planar er ei skriftleggjering av ein systematisk arbeidsform. Intensjonen om å gjennomføre dei lovpålagde oppfølgingsbesøka, jf. minimumskravet, og samværa i sakene, er i hovudsak berre ei plan om å gjennomføre dette. Denne typen planlegging legg ikkje grunnlaget for eit systematisk og planlagt arbeid som skal peike på behov og angi korleis behova skal følgjast opp. Når planlegginga ikkje omfattar desse sentrale elementa fører det til ein risiko for at tenesta ikkje kartlegg eller identifiserer relevante forhold rundt barnet.

Sjølv om alle sakene hadde omsorgsplan, kom det fram i dokumentasjonen og i intervju med dei tilsette at dei ikkje nytta denne aktivt i oppfølgingsarbeidet. Ein plan har liten verdi i seg sjølv, dersom den ikkje er i aktiv bruk. Ein arbeidsplan i omsorgssaker kan være viktig for å konkretisere og styre oppfølginga av barnet. Når ein omsorgsplan ikkje er i aktiv bruk eller vert oppdatert ved større endringar, og det ikkje er utarbeidd arbeidsplanar, kan det medføre ein risiko for at fosterbarnet ikkje får den hjelpa det treng. Tenesta er no i gang med gjennomgang og oppdatering av omsorgsplanane.

I mappene såg vi planar for samvær i tre av sakene. I to av desse blir både barna, foreldra og fosterforeldra involvert for å få til samvær. Vi finn lite dokumentasjon på tenesta sine vurderingar av samvær og korleis dette blir nytta i planarbeidet. Desse manglane kan føre til at eksempelvis kravet om å vurdere tilbakeføring ikkje blir tatt i vare på ein heilskapleg og systematisk måte.

I tenesta sine rutinar står det at fosterheimsavtalen skal bli gjennomgått og evaluert på oppfølgingsbesøk ein gong i året. Vi fann ikkje dokumentert at dette var gjort i nokon av sakene. Fosterforeldra bekrefta at gjennomgangen av fosterheimsavtalen på oppfølgingsbesøk ikkje var ein praksis dei var kjent med. Statsforvaltaren vurderer på bakgrunn av dette at fosterheimsavtalen ikkje har vore brukt aktivt som ein del av planlegginga av oppfølginga. Dette vil tenesta endre.

Basert på sakene vi har gått gjennom og intervju med tenesta og fosterforeldra, vurderer vi at oppfølginga i liten grad har vore planlagt ut ifrå barnet og fosterforeldra sine behov og korleis desse behova skal bli følgd opp. Planlegginga av oppfølginga er derfor ikkje systematisk og heilskapleg. Dette er i strid med kravet om at oppfølginga skal vere planlagt, jf. barnevernlova § 4-16 og § 1-4.

Informasjon om barnet og behov for endring

Statsforvaltaren legg til grunn at barneverntenesta innhentar relevant informasjon om barna. Det kjem i liten grad fram korleis denne informasjonen blir brukt i vurderinga av om det er behov for endringar eller ytterlegare tiltak for barna. Dette gjer det vanskeleg å undersøke om barneverntenesta har tilstrekkeleg informasjon eller om dei har gjort vurderingar av om det er behov for endringar på bakgrunn av informasjon dei har innhenta/fått. Etter samtale med dei tilsette, fosterforeldra og barna, vurderer vi likevel at desse vurderingane blir gjort, men at dei ikkje er dokumentert i mappa til barnet. Den manglande dokumentasjonen av vurderinga av innhenta informasjon er i strid med barnevernlova § 1-4, god forvaltningsskikk og plikta til internkontroll.

Besøker familien så ofte som nødvendig

Barneverntenesta skal besøke fosterheimen så ofte som nødvendig for å gi barnet og fosterheimen forsvarleg oppfølging.

Vi ser i fleire av sakene at det er problemstillingar og behov i fosterheimen som barneverntenesta etter vår vurdering har følgt opp. Men vi ser også eksempel på det motsette. Vurderingane av kor mange fosterheimsbesøk som er nødvendig, kjem generelt ikkje fram av dokumenta i saka. Dette er også i strid med dokumentasjonskravet i barnevernlova § 1-4 og kan få uheldige følgjer for gangen i saka ved eit eventuelt bytte av kontaktperson.

Mangelfull dokumentasjon kan også gjere det vanskeleg for leiinga å følgje med på kvaliteten i arbeidet og at plasseringane fungerer som ønska.

På bakgrunn av intervjua med dei tilsette og fosterheimane vurderer Statsforvaltaren likevel at barneverntenesta gjer vurderingar av kor mange oppfølgingsbesøk som er nødvendig, og at dei på bakgrunn av dette besøker barnet og familiane etter behov. Det er også positivt at barneverntenesta er tilgjengeleg ved behov utover oppfølgingsbesøka og at dei i fleire av sakene har hyppig kontakt med barnet.

Heilskapleg og tilpassa oppfølging til den enkelte familie

Ei heilskapleg og tilpassa oppfølging av den enkelte fosterfamilie inneber at barneverntenesta må skreddarsy oppfølginga til barnet og fosterheimen utifrå dei behova som er aktuelle til ei kvar tid.

Dei tilsette sa i intervjua at dei langt på veg tilpassa oppfølginga til den enkelte familie. Dei er tilgjengelege for fosterforeldra for råd, rettleiing og støtte under oppfølgingsbesøka og elles ved behov. Dette er relativt godt dokumentert.

Likevel finn vi i liten grad dokumentasjon på kva som er hovudformålet i oppfølgingsarbeidet. Etter vår vurdering gjer dei godt arbeid når det skjer noko eller når eit behov blir presentert. Då er det høg aktivitet, og dei arbeider grundig og samanhengande. Men det kjem ikkje fram av dokumentasjonen kva som er dei overordna og langsiktige vurderingane. Dette gjer det vanskeleg å vurdere om kvaliteten i oppfølginga er heilskapleg og tilpassa.

Ut frå det mangelfulle planarbeidet og den manglande dokumentasjonen på systematisk og heilskapleg arbeid, er det umogleg å sjå at arbeidet med oppfølginga er heilskapleg og tilpassa familiane. Oppfølginga er derfor i strid med fosterheimsforskrifta § 7 andre ledd.

Forsvarleg vurdering av utvikling og omsorgssituasjonen hos barnet og konkluderer på om det er behov for endringar

Barneverntenesta skal gjere ei forsvarleg vurdering av barnet si utvikling og omsorgssituasjon og avgjere om det er behov for endringar og ytterlegare tiltak. Ei forsvarleg vurdering av om barnet får den omsorga det treng og om plasseringa fungerer etter formålet, forutsett at barnevernstenesta har nok kunnskap om og innsikt i både barnet sin situasjon og forholda i fosterheimen.

Vi ser at barneverntenesta innhentar informasjon om barnet, men at det i varierande grad er dokumentert korleis informasjonen blir nytta vidare i saken.

Tenesta gjer faglege vurderingar i den einskilde saka i møte med leiinga, men desse er i liten grad/ingen grad  dokumentert i barnet si mappe. Dette er stadfesta av dei tilsette. Vi legg altså til grunn at tenesta gjer vurderingar på bakgrunn av den samla informasjonen dei har i saka, men når vi ikkje ser vurderingane kan vi heller ikkje vite om det er innhenta tilstrekkeleg informasjon og i kva grad barnet får det det treng. Vi kan heller ikkje kontrollere om barnevernet har brukt dei relevante momenta i si vurdering. Tenesta har plikt til å dokumentere både barnevernfaglege vurderingar og dei faktiske forhold som ligg til grunn for dei slutningar og vedtak som blir fatta. Den manglande dokumentasjonen av vurderingane er i strid med barnevernlova § 1-4, god forvaltningsskikk og plikta til internkontroll. 

Iverksett nødvendige avgjerder om behov for endringar

I mappene finn vi eksempel på at barneverntenesta har iverksett tiltak for å møte behov som barnet eller fosterforeldra har presentert. Fosterforeldra seier seg einige i dette, og meiner dei får den hjelpa dei treng. Aktiviteten dei gjer er i stor grad dokumentert og i ei av sakene finn vi og fortløpande vurderingar.

Kontaktpersonen kan diskutere behovet for endringar og gjere nødvendige avgjerder i rettleiinga med barnevernleiar/nestleiar. Dette viser at tenesta har eit system for å sikre at behov for endringar eller ytterlegare tiltak blir fanga opp og følgd opp. Om barneverntenesta fangar opp, vurderer og iverksett nødvendige avgjerder er i liten grad dokumentert i sakene, og derfor vanskeleg å overprøve. Dette er i strid med dokumentasjonskravet i barnevernlova § 1-4, god forvaltningsskikk og plikta til internkontroll.

Internkontroll

Kommunen skal sikre systematisk og tilpassa internkontroll i oppfølgingsarbeidet. Internkontrollen skal være tilpassa verksemda sin størrelse, eigenart, aktivitetar og risikoforhold. 

Den einskilde kontaktpersonen har tilbod om faste møtepunkt kvar veke der saker blir drøfta med leiinga. Dette skal vere med på å sikre kvaliteten i sakene og at rettssikkerheita blir ivaretatt. Statsforvaltaren vurderer det som positivt at tenesta har regelmessige møtepunkt der saker og arbeidet blir gjennomgått. Desse møtepunkta gjer at leiinga kan ha oversikt over arbeidet. Leiinga kan kontrollere at oppgåvene blir utført og at forsvarlege tenester blir ytt, samt ha tilstrekkeleg oversikt over risikofaktorar og risikoområde i oppfølgingsarbeidet. Trass i dette finn vi likevel at svikt i arbeidet ikkje er tilstrekkeleg fanga opp og korrigert.

Tenesta har eit avvikssystem der dei kan melde om ulike avvik i saksbehandlinga. Systemet har i noko grad blitt brukt til å melde avvik i oppfølgingsarbeidet. Avvikssystemet kan ha bidratt til å korrigere praksis på dette området.

Tenesta har gamle rutinar for oppfølgingsarbeidet, og dei skal tilpasse desse til dagens teneste. Det kan virke for tilsynet at dei følgjer rettleiar i Visma og malen for oppfølgingsbesøka. Det at dei ikkje har fått rutinar på plass kan gjere det vanskeleg for både kontaktpersonane å styre arbeidet sitt og for leiinga å kontrollere arbeidet som vert gjort. I tilsynet ser vi at dei ikkje følgjer alle rutinane, som til dømes evaluering av fosterheimsavtalen og evaluering av samvær.

I intervju med både fosterforeldre og tilsette, fekk vi eit klart inntrykk av at oppfølginga av fosterheimar er avhengig av kontaktperson. Dette inneber ein fare for at oppfølginga fosterheimen får blir tilfeldig og personavhengig.

Lovbrota viser at internkontrollen har svikta på vesentlege område. Dette er i strid med kravet til internkontroll etter kommunelova § 25-1. 

Samla vurdering

Statsforvaltaren vurderer at tenesta gjer mykje godt arbeid i oppfølging av barn som bor i fosterheim. Vi legg merke til at dei i nokre av sakene gjer ein særleg innsats der det er store utfordringar og heilt nødvendig å yte hjelp i tide og i stort omfang. Dei er opptatt av å snakke med barna og ha kontakt med dei, alle får dei lovpålagde oppfølgingsbesøka, dei er tilgjengelege for både barna og fosterforeldra og dei utfører fleire oppfølgingsbesøk og har tettare kontakt med barnet når det er behov for det. Fosterfamiliane vi snakka med var i stor grad nøgde med dei tenestene dei fekk. Ansvars- og oppgåvefordelinga er i all hovudsak klar og kjent. Det er lagt til rette for gode arbeidsprosessar med ein møtestruktur og nokre rutinar for arbeidet. Ytterlegare rutinemateriell skal korrigerast og implementerast. Dei arbeider aktivt saman med kommuneleiinga når det gjeld fagutvikling, rapportering og oversikt.

Statsforvaltaren vurderer likevel at det overordna, heilskaplege og systematiske arbeidet langt på veg manglar. Dei arbeider grundig når det skjer noko særskilt, men legg ikkje planar for korleis dei skal ivareta fosterheimen og barnet på lengre sikt. Dei dokumenterer heller ikkje alle vurderingane som blir tatt. Når omsorgsplanen ikkje er i aktiv bruk og ikkje blir oppdatert ved større endringar, og vurderingane ikkje blir dokumentert, er det ein risiko for at oppfølginga av barnet og fosterheimen blir tilfeldig og lite planmessig. Slik blir det krevjande for barnevernstenesta å vurdere om barn får den oppfølginga dei har krav på, ut frå sine behov. 

5. Konklusjon

Tilsynet har avdekka vesentlege manglar i leiinga sin kontroll med oppfølging av barn i fosterheim. Det er stor variasjon i korleis oppfølginga blir planlagt, gjennomført, justert og dokumentert. Vi finn at oppfølginga av fosterheimane ikkje er tilstrekkeleg planlagt, at oppfølginga ikkje er heilskapleg og tilpassa den enkelte familie, at barneverntenesta sine vurderingar og konklusjonar ikkje er tilstrekkeleg dokumenterte, at barnet ikkje får informasjon om retten til tillitsperson. Tenesta sin  internkontroll er ikkje tilstrekkeleg til å oppdage og korrigere feil. For barna det gjeld kan det føre til at dei ikkje får ivaretatt sine behov og rettar på ein forsvarleg og tilfredsstillande måte.

Dette er i strid med barnevernslova § 4-16, jf.1-4, fosterheimsforskifta § 7 annet ledd, dokumentasjonskravet i barnevernlova § 1-4, god forvaltningsskikk og plikta til internkontroll, forskrift om medverknad og tillitsperson §§ 9 og 12 og kommunelova § 25.

6. Oppfølging av lovbrot

Vi ber kommunen utarbeide ein plan med nødvendige tiltak for å rette lovbrota. Den skal sendast Statsforvaltaren innan 29. februar 2024.

Plana bør innehalde følgjande:

  • Konkrete målformuleringer for kva som skal endrast
  • Tiltak som skal gjennomførast for å skape forbetring
  • Fristar for iverksetting og evaluering av om tiltaka har virket som planlagt
  • Gjere greie for korleis leiinga vil følgje med på og kontrollere at tiltaka blir iverksett og gjennomført
  • Gjere greie for korleis leiinga vil følgje med på og kontrollere at tiltaka har virka som planlagt.

Kort tid etter at Statsforvaltaren har fått plana, tar vi kontakt med kommunen for å avtale tidspunkt for møte. Det er kommunen si plan som vil være tema på møtet, i tillegg til at vi legg planar for vidare dialog. Kor mange møte vil avhenge av alvor og omfang av lovbrota.

For å undersøke om tiltaka har ført til forsvarleg praksis, vil kommunen bli bedt om å utføre en eigenkontroll. I eigenkontrollen skal kommunen gå gjennom saker ved å fylle ut eit skjema med spørsmål. Sjå vedlegg. Tidspunkt for gjennomføring av eigenkontrollen gjer vi avtale om i dialogmøte. Statsforvaltaren kan i tillegg utføre ein stikkprøvekontroll dersom det er nødvendig.

Med helsing

Maren I. Ørjasæter (e.f.)
direktør

Eli Landrø
seniorrådgivar

 

 

Dokumentet er elektronisk godkjent

 

Vedlegg:

1. Vedlegg 11 a b c kommunens egenkontroll.docx

Alle tilsynsrapportar frå dette landsomfattande tilsynet

2022–23 Barneverntjenestens ansvar for oppfølging av barn plassert i fosterhjem

Søk etter tilsynsrapporter

Søk