Hopp til hovedinnhold

Samandrag

Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark har gjennomført tilsyn med heimetenesta i Kviteseid kommune. Vi har undersøkt om kommunen sikrar at heimetenesta fangar opp forverring i helse- og funksjonsnivå hos heimebuande eldre, og at det ved forverring blir sett i verk nødvendige tiltak.

Tilsynet er gjennomført som ein del av eit landsomfattande tilsyn sette i gang av Statens helsetilsyn.

Tilsynsbesøket blei gjennomført 23. – 24. september 2025, med oppsummerande møte 24.  september.

Statsforvaltarens konklusjon:

Det er ikkje avdekt lovbrot i dette tilsynet.

1. Tilsynets tema og gjennomføring

Landsomfattande tilsyn med kommunale helse- og omsorgstenester i perioden 2025–2026 handlar om å sikre at grunnleggjande behov hos eldre som bur heime, blir vareteke. Dette tilsynet er éin av fleire aktivitetar som blir gjennomført desse to åra, og inngår i den overordna satsinga på helse- og omsorgstenester til eldre i perioden 2024–2027.

Tema for denne tilsynsaktiviteten er om forverring i helse og funksjonsnivå hos heimebuande eldre blir oppdaga, og om slik forverring blir følgt opp med nødvendige tiltak. Tilsynet er avgrensa til eldre over 75 år som har langvarig behov for helsehjelp i heimen.

Formålet er å rette merksemd på kor viktig det er med tidleg oppdaging av endringar i helse og funksjon hos eldre, og kva som blir kravd av kommunen for å sikre dette. For pasienten kan tidleg oppdaging gi betre livskvalitet, meir sjølvstende og større sjanse for effektiv behandling. Det kan òg hindre at mindre helseproblem utviklar seg til alvorlege tilstandar, redusere behovet for sjukehusinnlegging, lette situasjonen for pårørande og vere samfunnsøkonomisk gunstig.

Tilsynet byggjer på systemrevisjon som metode for å undersøkje samanhengen mellom praksis og kommunen sin styring av tenestene og arbeid med kvalitetsforbetring. Utgangspunktet har vore kommunen sitt ansvar som verksemd, og undersøkingane har omfatta dokument- og journalgjennomgang, intervju og pasienterfaringar. Vi har ikkje overprøvd enkeltsaker, men brukt informasjon frå pasientjournalar til å vurdere om praksisen er eit resultat av systematisk styring og forbetringsarbeid.

Pasientane sine tilbakemeldingar og erfaringar med heimebasert helsehjelp er viktige for å belyse kvaliteten i tenesta. Eit utval pasientar har derfor svart på ei spørjeundersøking utarbeidd for dette tilsynet.

2.  Rettsleg grunnlag for tilsynet

Tilsynet er gjennomført som eit lovlegheitstilsyn med heimel i helse- og omsorgstjenesteloven § 12-3 og helsetilsynsloven § 4. Vi gir her ei generell oversikt over dei lov- og forskriftsføresegnene som er lagt til grunn i dette tilsynet. Normeringa av god praksis er nærare konkretisert i kapittel 4.1 og 4.2 i rapporten.

2.1 Krav til forsvarlegheit

Forsvarlegheitskravet i helse- og omsorgstjenesteloven § 4-1 stiller krav både til korleis tenestene er organiserte og til innhaldet i dei tenestene kommunen tilbyr. Tenestene skal ha tilstrekkeleg kvalitet og omfang, vere heilskaplege og koordinerte, og bli gitt til rett tid.

2.2 Krav til systematisk styring og kvalitetsforbetring

Den delen av forsvarlegheitskravet i helse- og omsorgstjenesteloven § 4-1 som gjeld organisering, heng tett saman med kravet i § 4-2 om å arbeide systematisk med kvalitetsforbetring og pasient- og brukarsikkerheit.

Forsvarlegheitskravet omfattar òg ei plikt for kommunen til å leggje til rette for at helsepersonell kan oppfylle sine plikter. I dette tilsynet inneber det undersøkingar av om kommunen legg til rette for at helsepersonell kan yte forsvarleg helsehjelp etter helsepersonelloven § 4, og oppfylle dokumentasjonsplikta i helsepersonelloven § 39.

Kravet om å leggje til rette for forsvarlege tenester i helse- og omsorgstjenesteloven § 4-1 omfattar òg å sikre tilstrekkeleg fagkompetanse i tenesta. Denne delen av forsvarlegheitskravet heng saman med kommunen sitt overordna ansvar for systematiske tiltak som skal sikre at verksemda sine aktivitetar blir planlagde, gjennomførte, evaluerte og korrigerte i samsvar med krav fastsette i lov og forskrift, jf. helse- og omsorgstjenesteloven § 3-1 tredje ledd. Forskrift om ledelse og kvalitetsforbedring i helse- og omsorgstjenesten tydeleggjer og utdjupar innhaldet i kravet til styring og kvalitetsforbetring.

2.3 Pasient- og brukarrettar

Pasientar/pårørande har rett til informasjon og til å medverke i dei ulike vala som skal gjerast i samband med eit behandlingsforløp, jf. pasient- og brukerrettighetsloven §§ 3-1, 3-2, 3-3 og 3-5. Involvering er òg viktig for å sikre at heimetenesta har oppdatert informasjon om pasienten.  

3.  Kommunens organisering og styringssystem for heimetenesta

Kommunen sitt styringssystem for dei heimebaserte tenestene skal vere tilpassa kommunen sin storleik, eigenart, aktivitetar og risikoforhold, og vere dokumentert i den form og det omfang som er nødvendig for å sikre at praksis er i tråd med lovpålagde krav.

I dette kapittelet gir vi ei kort framstilling av organiseringa og styringssystemet for heimetenesta i Kviteseid kommune. Framstillinga har ikkje som mål å gi ei full oversikt over alle styringsaktivitetar og prosessar, men er tilpassa dei opplysningane som kom fram i tilsynet og som har størst betydning for temaet til tilsynet.

Kviteseid kommune har 2458 innbyggjarar, og det var på tilsynstidspunktet 133 pasientar som mottok heimetenester.

Heimetenesta blir leia av einingsleiar. Det har nyleg vore ei omorganisering, der nivået med avdelingsleiar er fjerna, og rolla som einingsleiar er innført. Einingsleiar har personalansvar for gruppa som arbeider i heimetenesta, og rapporterer til kommunalsjef for velferd. Kommunalsjefen har møte med alle einingsleiarane i dei ulike verksemdene kvar sjette veke. Når det gjeld fast rapportering, etterspør kommunalsjefen først og fremst strategisk arbeid knytt til helse- og omsorgsplanen og økonomi. Kommunalsjefen følgjer med på tenestene mellom anna gjennom innsyn i enkelte klager, og får òg kjennskap til alvorlege avvik. Slike avvik blir då tema i statusmøte med einingsleiarane.

I heimetenesta arbeider det 40 tilsette. Av desse jobbar 24 utelukkande hos heimebuande pasientar. Blant desse er det 12 sjukepleiarar og 12 hjelpepleiarar eller helsefagarbeidarar. Det er ni vikarar, som alle er kjende, og mange av dei er sjukepleiarstudentar. Resten av dei tilsette arbeider som heimehjelp (med praktisk bistand som reingjering m.m.), på dagsenter, med hjelpemiddel eller med førebyggjande heimebesøk.

Heimetenesta er organisert i fire primærgrupper som rullerer på pasientgruppa. Gruppene byter ansvarsområde kvar sjette månad. Det finst ei eiga rutine som skildrar kva oppgåver kvar gruppe skal ivareta for sine pasientar i den perioden dei har ansvaret. Dette omfattar mellom anna scoring av IPLOS og dokumentasjon når det er behov for endring i helsehjelpa eller tiltaksplanen til den einskilde pasienten.

Kommunen brukar Profil som elektronisk journalsystem. Profil er hovudjournalsystemet der all pasientinformasjon blir lagra og oppdatert. Dei nyttar òg Mobil Omsorg på iPad, eit feltverktøy som hentar opplysningar frå Profil og gjer det mogleg for tilsette å dokumentere direkte ute hos pasientane.

Arbeidslister blir laga av einingsleiar og fagsjukepleiar. Oppdraga på listene blir genererte frå tiltaksplanane til pasientane, og i Mobil Omsorg kjem tiltaket opp med ei beskriving av kva som skal gjerast hos den enkelte.

Kommunen nyttar Compilo som kvalitetssystem. Her ligg alle prosedyrane, og det er òg her avvik blir melde.

Heimetenesta har rutinar for kartlegging av pasientar, samhandling mellom ulike aktørar i pasientbehandlinga og evaluering av tenestene. I rutinen for evaluering går det fram at ein skal bruke relevante kartleggingsverktøy – til dømes ADL-vurdering, IPLOS, vurdering av ernæringsstatus, vurdering av kognitiv svikt/psykisk helse, NEWS eller andre relevante observasjonar – for å registrere endringar i funksjon, behov, ønskje og livssituasjon. Vidare skal det gjerast gjennomgang av gjeldande vedtak for å kartleggje behov for endringar, og det skal vere dialog med pasient og eventuelt pårørande. Det finst òg rutinar for å kartleggje risiko knytt til ernæring, samt ein eigen rutine for oppfølging etter fall. Denne rutinen inneheld sjekkpunkt som skal gjennomgåast, og bruk av ABCDE. Dersom pasienten etter fall ikkje blir vurdert å ha behov for legetilsyn eller innlegging i sjukehus, skal det takast NEWS-målingar og andre relevante målingar og behov for oppfølging med målingar vidare skal vurderast. Vurderingar og tiltak som er gjort skal dokumenterast i Profil.

I rutinen som skildrar samarbeidet mellom heimetenesta og fastlegen, går det fram at det skal vere dialog dersom pasienten får forverra tilstand.

Ansvarsfordeling er skildra i rutinane. Rutinane slår fast at observasjonar skal dokumenterast.

Einingsleiar og fagsjukepleiar les gjennom løpande dokumentasjon for alle pasientar kvar dag. Etter helg går dei gjennom dokumentasjonen for heile helga. På denne måten følgjer dei med på journalføringa og praksis i tenesta.

I dokumentet «Kompetanseheving – heimetenestene» går det fram at leiinga har ansvar for å planleggje, gjennomføre og dokumentere kompetansetiltak. Heimetenesta deltek i Simuleringsnettverket i Vest-Telemark, eit regionalt nettverk som legg til rette for praktisk ferdigheitstrening og simulering lokalt, på relevante fagområde. Heimetenesta i Kviteseid har gjennomført trening i mellom anna fall og førstehjelp. Simuleringa skjer i grupper, og det blir førebudd ein case til kvar gong. Alle tilsette deltek minst halvårleg. I tillegg deltek alle tilsette på HLR-opplæring minst annakvart år, og nytilsette blir prioriterte. Einingsleiar har oversikt over kva for digitale kurs og e-læringsmodular som skal gjennomførast kvart år, og følgjer opp manglande deltaking individuelt.

4.  Presentasjon av faktum og vurdering av funn

Vurderingane av kommunen sin praksis byggjer på Helsedirektoratet sine nasjonale faglege råd «Tidlig oppdagelse og rask respons ved forverret somatisk tilstand», den nasjonale rettleiaren «Oppfølging av personer med store og sammensatte behov», samt relevant fagteori om sjukepleie.

I dette kapitelet vil Statsforvaltaren presentere dei faktiske forholda vi har lagt til grunn, og korleis vi har vurdert desse opp mot lovkrava som er undersøkte i tilsynet.

I forkant av tilsynet bad vi om å få tilsendt 10 komplette pasientjournalar frå ein periode på seks månader, for pasientar over 75 år der det hadde vore ei forverring i helsetilstanden. Heimetenesta delte ut spørjeskjema til dei same pasientane, og svara vart sendt til oss. Vi fekk svar frå  åtte av 10 pasientar. Under tilsynsbesøket hadde vi òg samtalar med 11 tilsette og leiarar.

Gjennom journalgjennomgang, pasientundersøking og samtalar med tilsette og leiarar har vi fått eit heilskapleg bilete av praksis og oppfølginga av pasientane.

4.1 Om kommunen identifiserer forverring i helsetilstand og funksjonsnivå

Normering av god praksis for å identifisere forverring i helsetilstand og funksjonsnivå

Statsforvaltaren har i undersøkinga teke utgangspunkt i målepunkt som er vesentlege for å kunne identifisere forverring i helsetilstand og funksjonsnivå. Målepunkta er kvar for seg og samla ei skildring av god praksis, og inneber at heimetenesta:

  • fangar opp nye eller endra symptom og teikn som skal føre til handling, også utover det som er beskrive i pasienten sin journal eller tiltaksplan
  • dokumenterer og formidlar observasjonar på ein måte som gjer det mogleg å følgje utviklinga over tid
  • byggjer observasjonar på oppdatert informasjon om pasienten sin helsetilstand og funksjonsnivå
  • følgjer med på om behandlingstiltak har ønskt effekt
  • regelmessig og systematisk vurderer pasienten sin helsetilstand og funksjonsnivå

Om avvik frå god praksis inneber brot på kravet om forsvarlege tenester, kjem an på kor stort avviket er, omfanget av det, og kva risiko og konsekvensar det har for pasientane.

Kommunen sin praksis for å følge med på pasienten sin helsetilstand og funksjonsnivå

Alle journalane som Statsforvaltaren gjekk gjennom, viste at forverring hos den enkelte pasienten vart observert og dokumentert. Vidare gjekk det fram i alle journalane at tiltak som vart sette i verk ved forverring, vart følgt systematisk opp. Døme på dette er hyppigare vektmålingar ved forverring av hjartesvikt, fleire tilsyn og systematisk oppfølging med dokumentasjon av NEWS-score for å følge med på pasienten sin tilstand i kortare periodar (til dømes ved mistanke om infeksjon), og systematisk dokumentasjon ved forverring knytt til sår/sårpleie, mellom anna gjennom fotografi i journalen. Dokumentasjonen omfatta observasjonar og målingar som vart gjort, vurderingar av desse, og beskjedar/informasjon om vidare oppfølging.

Gjennom samtalar med dei tilsette kom det fram at det er ein einskapleg praksis for oppfølging av pasientar som får ei forverring i helsetilstanden. Når dei tilsette kjem på vakt, er det ein felles munnleg rapport der alle beskjedar frå førre vakt blir lese opp. Vidare les alle skriftleg rapport frå førre vakt i Profil, for dei pasientane dei har på eiga liste. Dersom det er spesielle forhold dei skal vere merksame på eller observere, kjem dette som regel fram både i den munnlege og den skriftlege rapporten. Konkrete skildringar av kva det enkelte oppdraget hos kvar pasient inneber, og kva som eventuelt skal observerast ved forverring, finst i arbeidslista på den mobile eininga dei har med seg ut. Kortvarige oppdrag eller enkeltståande beskjedar, som til dømes å ta med urinprøve til legekontor eller måle NEWS nokre få gonger, blir ikkje lagt inn i dei faste oppdraga på arbeidslistene, men blir alltid dokumenterte i den løpande journalen med tilhøyrande munnleg beskjed i rapport. Alle tilsette, uavhengig av profesjon, gjer eigne vurderingar av den enkelte pasienten, opp mot kunnskap om vanleg tilstand. Dei fleste har god kjennskap til alle pasientane gjennom ordninga med rullerande primærgrupper og tilhøyrande gruppeoppgåver. Når dei er i tvil, eller treng å drøfte eigne vurderingar med andre, har dei låg terskel for å konferere med kvarandre på vakt, eller kontakte andre instansar som legevakt, fastlegekontor eller AMK for å drøfte pasienten sin situasjon. Assistentar og hjelpepleiarar/helsefagarbeidarar oppgjer at det er lett å konferere med sjukepleiar ved behov. Alle oppgjer at dei lett får kontakt – og drøfte - med andre instansar.

Når tilsette, basert på eigne observasjonar, mistenkjer at ein pasient har fått ei forverring, tek dei som hovudregel ein NEWS-score for å få objektive data. I nokre tilfelle blir det òg gjort andre målingar eller undersøkingar, til dømes slagvurdering (FAST), blodsukkermåling eller CRP-måling, avhengig av kva symptom dei observerer og kva grunnsjukdommar pasienten har. Det vart mellom anna skildra at for pasientar med diabetes, sjekkar dei raskt blodsukkeret, og journalen viste at dei brukte qSOFA som klinisk verktøy i eitt tilfelle der dei mistenkte infeksjon og det blei avdekt ein høg score på NEWS. Dei tilsette har alltid med seg utstyrssekkar i bilane, slik at dei har nødvendig utstyr tilgjengeleg for å gjere målingar og undersøkingar. Dersom dei skal ta CRP, låner dei utstyr frå sjukeheimen.

Alle tilsette kjenner til Compilo og at dei kan finne rutinar og prosedyrar der. Vidare veit dei at avvik skal meldast i Compilo. Avvik blir nytta til læring, og dei tilsette skildrar ein forbetringskultur der avvik blir tekne opp for felles læring, og der dei blir oppmoda til å melde avvik for å kunne avdekkje risiko.

Nesten alle tilsette viste til opplæring med simulering som nyttig, også i samband med temaet forverring. Det vart skildra at scenario som til dømes fall og oppfølging etter fall har gitt dei viktig trening og kunnskap om observasjonar og oppfølging av pasientar med forverra tilstand, i trygge rammer.

Fleire tilsette peikte på at storleiken på kommunen, der mange kjenner kvarandre også utanfor den profesjonelle ramma, kan innebere ein risiko. Dei skildra at ein lett kan «gå på rutine» og bli «blind» fordi ein kjenner pasientane godt, og dermed gløymer å kontrollere viktig dokumentasjon. Nettopp derfor meinte dei det er særleg viktig med oppdaterte tiltaksplanar og nøyaktig dokumentasjon for å sikre objektive og faglege vurderingar ved forverra tilstand.

Det finst oppdaterte samanfatningar, under området «Samanfatningar», i journalane, som skildrar pasienten sine sjukdomar, funksjon og utfordringar. I alle sammenfatningane har  kommunen har gjort ein skrøpelighetsvurdering av pasienten. Fleire av hovudkorta var ikkje heilt oppdaterte, med tanke på for eksempel diagnosar etter sjukehusopphald og oppdatert informasjon om pårørande. Ut frå samtalane med dei tilsette kom det fram at det er samanfatningane som blir nytta aktivt i det daglege arbeidet, og som er den staden dei tilsette ser for å lese om pasienten sin «no-situasjon».

Alle pasientane som svarte på spørjeskjema, skreiv at dei hadde hatt ei forverring i si helsetilstand.

Statsforvaltaren sin vurdering

Kommunen har relevante rutinar for kartlegging, jamlege målingar og evaluering. Ansvarsfordeling er beskriven, og det finst rutinar for dokumentasjon av observasjonar. Journalgjennomgang viser at observasjonar og målingar blir utførte, vurderingar blir gjort ved forverring, og behandlingstiltak blir følgt opp og dokumentert. Samtalar stadfestar ein felles praksis og ein kultur for å undersøkje endringar, drøfte faglege spørsmål om forverra tilstand og samarbeide med andre instansar. Systemet med primærgrupper bidreg til å redusere risiko for svikt, og både pasientar og pårørande blir involverte. Det er gode rutinar for opplæring, inkludert simulering og bruk av verktøy som NEWS, og avvik blir nytta aktivt til læring.

Samla sett viser journalane og samtalane med dei tilsette ei strukturert og systematisk oppfølging av pasientar som får ei forverring. Helsetilstanden blir vurdert gjennom observasjonar, støtta av målingar og relevante undersøkingar. Vurderingane blir sikra gjennom faglege drøftingar med kollegaer og/eller andre instansar som fastlege, legevakt eller AMK. Praksis viser at rutinane er kjende og implementerte, og at leiinga har sikra at dei tilsette har tilstrekkeleg kompetanse til å gjere dei vurderingane som krevst for å identifisere forverring og følgje opp vidare.

Vi meiner ikkje at manglane i hovudkorta representerer ein systematisk svikt i tilsynet, ettersom dei tilsette er samde om at det er samanfatningane som blir nytta for å oppdatere seg på pasienten sin situasjon. Hovudkortet i Profil skal likevel gi eit raskt og oppdatert bilete av pasienten sin helsesituasjon og behov, og det er derfor viktig at informasjonen her er korrekt til ei kvar tid. Dette påpeikte vi under tilsynsbesøket, og fekk få dagar seinare beskjed om at dette allereie var teke tak i og retta opp for alle pasientane.

4.2 Om forverring blir følgt opp med nødvendige tiltak.

Normering av god praksis for å setje i verk nødvendige tiltak ved forverring i helse- og funksjonsnivå

Statsforvaltaren har i undersøkinga teke utgangspunkt i at pasientar skal få rett hjelp til rett tid. Kva tiltak som er nødvendige ved forverring hos pasienten, vil avhenge av kor akutt situasjonen er, og kva forverringa består i.

Statsforvaltaren har teke utgangspunkt i følgjande målepunkt, som kvar for seg og samla gir ei peiking på god praksis. God praksis for oppfølging med nødvendige tiltak inneber at heimetenesta:

  • følgjer opp med kartlegging og vurdering når det er nødvendig for å få ei klarare forståing av forverringa
  • gjennomfører nødvendige tiltak, undersøkingar og målingar ved behov
  • endrar tiltaka i helsehjelpa ved behov
  • kontaktar andre instansar for vurdering av tiltak, bistand eller fagleg rettleiing når dette er påkravd
  • kontakter fastlege eller andre instanser for å vurdere behov for endret behandling eller omsorgsnivå

Om avvik frå god praksis inneber brot på kravet om forsvarlege tenester, kjem an på kor stort avviket er, omfanget av det, og kva risiko og konsekvensar det har for pasientane.

Kommunen sin praksis for å setje i verk nødvendige tiltak ved forverring i helse- og funksjonsnivå

Journalopplysningane og samtalane med dei tilsette viser ei einskapleg oppfatning av korleis forverring blir handtert. Dei tilsette gjer løpande vurderingar når ein pasient framstår som dårlegare enn vanleg. Nødvendige og relevante undersøkingar og målingar (til dømes NEWS, FAST, q-SOFA, blodsukkermåling) blir gjennomførte ved behov, når identifisert forverring skal følgjast opp vidare. Dette er i tråd med kommunen sine eigne rutinar og nasjonale tilrådingar.

Ved forverringar er det tett kontakt mellom heimetenesta og andre instansar (AMK, fastlege, legevakt).

I tråd med rutinane skal tiltaka for den enkelte pasienten evaluerast minst kvar sjette månad, eller ved behov. Alle journalane skildra endringar i tiltak og/eller endra frekvens for besøk etter at ei forverring var identifisert. Informasjon om nye eller endra behov vart dokumentert løpande.

Gjennom samtalane kom det fram at informasjonsflyten knytt til slike endringar vart handtert på same måte, gjennom munnleg rapportering og beskjedar i beskjedbok, i tillegg til skriftleg rapport som vart lesen av den neste på vakt.

Journalen speglar helsehjelpa som blir gitt. Journalopplysningane gjer det altså mogleg å følgje forverringa og forløpet, kva tiltak som er sette i verk, og kva den faktiske oppfølginga frå heimetenesta har bestått av.

Det finst rutinar for samhandling med fastlege og spesialisthelsetenesta, der dialog ved forverring er tematisert.

Kommunen avdekte sjølv manglar knytte til systematisk evaluering i førebuingane til tilsynet, men praksis viser at helsehjelpa blir justert ved behov, og at endringane blir dokumentert i journalen – om enn på litt ulike stader. Ofte blir det dokumentert under tiltaket «observasjon», eller under andre relevante tiltak. Ettersom dei tilsette i praksis har ei felles oppfatning om at endringar skal dokumenterast, og dei dokumenterte endringane blir gjenfunne ved behov og følgde opp, vurderer vi at dette ikkje representerer brot på lovverket. Vi meiner likevel, i likskap med kommunen, at heimetenesta kan forenkle sitt eige arbeid og få ein meir effektiv måte å få oversikt over evalueringar på, dersom desse til dømes blir dokumenterte på ein fast stad.

I samtalene gjekk det fram at mange av dei tilsette var usikre på korleis dei skulle handtere situasjonar der ein pasient fekk forverra helsetilstand, men motsette seg nødvendig helsehjelp, til dømes å tilkalle lege eller AMK mot pasienten si vilje. Tilsynet avdekka at usikkerheita særleg gjaldt situasjonar der pasientar har samtykkekompetanse, men ikkje vil ha hjelp. Dei tilsette fortalde at slike situasjonar var sjeldne, men viste til at dei nytta tillitsskapande tiltak, forklarte og motiverte pasienten, og ved behov involverte pårørande. Situasjonar vart òg drøfta med kollegaer og andre instansar. I praksis hadde ingen tilsette vore i ein situasjon der dei ikkje hadde fått gjett nødvendig helsehjelp fordi pasientar ikkje ville ha hjelp. Nokon hadde også tatt kontakt med lege, utan at pasienten visste det, i enkelttilfelle der dei fant det som heilt nødvendig.

Sju av åtte pasientar som svarte på spørjeskjema, skreiv at helsehjelpa vart endra då dei fekk forverra tilstand.

Statsforvaltaren sin vurdering

Samanhalde med normgrunnlaget finn vi at kommunen sin praksis i hovudsak samsvarer med god praksis. Når forverringar blir oppdaga, blir dei følgde opp med nødvendige undersøkingar og tiltak, og det blir teke kontakt med fastlege eller andre instansar når dette er påkravd. Tiltak blir endra ved behov og dokumentert i journal, og informasjonsflyten blir sikra gjennom både munnleg og skriftleg rapportering. Sjølv om evalueringar ikkje alltid blir dokumentert  på ein systematisk og einskapleg måte, er endringane mogleg å finne att, og dei tilsette har ei felles forståing av korleis dei skal handterast. Dette inneber at pasientane får forsvarleg helsehjelp.

Manglande kompetanse knytt til plikta om å yte helsehjelp i situasjonar der pasienten motset seg hjelpa, kan innebere ein risiko for pasienttryggleiken. Dette gjeld særleg dersom helsepersonell ikkje lukkast med å motivere pasienten til å ta imot nødvendig helsehjelp. To sentrale lovføresegner regulerer slike situasjonar: Pasient- og brukerrettighetsloven kapittel 4A, som gir heimel for å yte helsehjelp med tvang til pasientar som manglar samtykkekompetanse og motset seg helsehjelpa, dersom vilkåra er oppfylte, og helsepersonelloven § 7, som pålegg helsepersonell å gi augeblikkeleg hjelp når det er fare for liv eller alvorleg helseskade. Tilsynet har ikkje avdekt praksis som tyder på at pasientar har vore utsette for fare som følgje av manglande kompetanse. Dei tilsette har handla i tråd med gjeldande lovverk. Dermed finn vi ikkje indikasjon på lovbrot, men heller eit behov for å styrke kompetansen for å sikre forsvarleg praksis i moglege framtidige situasjonar.

4.3 Samla vurdering

Vi vurderer at funna illustrerer ei systematisk og strukturert oppfølging av pasientar som får ei forverring i helsetilstanden, og at tiltak som blir sett i verk blir følgt opp og vurdert fortløpande. Vidare vurderer vi at leiinga i heimetenesta har sørgt for tilstrekkelege rutinar og opplæring, noko som gir dei tilsette føresetnader for å utføre arbeidet på ein god og fagleg forsvarleg måte når det gjeld å identifisere forverring og følgje opp med nødvendige tiltak. Dette peikar samstundes på betydninga av god styring og leiing, som legg til rette for kvalitet, samhandling og fagleg forsvarleg praksis.

Når det gjeld vår merknad knytt til vurdering av samtykkekompetanse og plikta til å yte helsehjelp – også i tilfelle der pasienten motset seg hjelpa – meiner vi det er behov for kompetanseheving på dette området. Kommunen har uttrykt at dei vil setje i gang arbeid knytt til dette, og dei nemnde forbetringspunkta, omgåande. Dette ser vi positivt på.

5.  Konklusjon

Her presenterer vi konklusjonen av undersøkinga vår, basert på vurderingane i kapittel 4.

Det er ikkje avdekt lovbrot i dette tilsynet. Tilsynet er derfor avslutta.

Rapporten blir send over til Statens helsetilsyn for publisering på www.helsetilsynet.no.

Med helsing

Sigmund Skei (e.f.)  
fylkeslege

Marit Kullerud
revisjonsleiar

 

Dokumentet er elektronisk godkjent

Vedlegg: Gjennomføring av tilsynet

I dette vedlegget omtaler vi korleis tilsynet vart gjennomført, og kven som deltok.

Varsel om tilsynet vart sendt 5. mai 2025.

Førebuande møte med kontaktperson i kommunen vart halde på Teams den 5. juni 2025.

Tilsynet vart gjennomført ved Heimetenesta i Kviteseid kommune, og innleia med eit kort informasjonsmøte 23. september 2025. Oppsummerande møte med gjennomgang av funn vart halde 24. september 2025.

Ein del dokument vart tilsendt og gjennomgått på førehand, mens andre dokument vart overlevert og gjennomgått i løpet av tilsynsbesøket. Følgjande dokument vart gjennomgått og vurderte som relevante for tilsynet:

  • Organisasjonskart Kviteseid kommune
  • «Samhandling mellom fastlege, spesialisthelsetjeneste og heimetenestene»
  • «Sjekkliste ved nye brukarar i heimetenesta»
  • «Verktøy for identifisering av fallrisiko hos hjemmeboende personer > 65 år»
  • «Oversikt over gruppeoppgåver i heimetenesta»
  • «Evaluering av tenester i heimetenestene»
  • «Rutine ved fall»
  • «Prosedyre for forebygging og behandling av underernæring»
  • «Verktøy for å vurdere risiko for underernæring hos voksne (MST – Malnutrition Screening Tool)»
  • «Sjekkliste ve innleggelse i sjukehus»
  • Skjema m/ veileder: «Obs-plan/overordnet behandlingsplan»
  • Årshjul heimetenestene 2025
  • «Kompetanseheving – heimetenestene»
  • «Oppsett av vaktlister i heimetenestene»

Det vart valt 10 stk. pasientjournalar for en periode på seks månader, etter følgjande kriteria:

  • pasientar over 75 år som bur heime og som:
    • har fått helsehjelp i heime
    • som har opplevd ei forverring i helsetilstanden (midlertidig eller varig) i løpet av dei siste seks månadene
    • forverringa må ha skjedd for minst ein månad før slutten på perioden som vårt journalmateriale omfatta

I tabellen under gir vi eit oversyn over kven som vart intervjua, og kven som deltok på oppsummerande møte ved tilsynsbesøket:

Ikkje publisert her.

10 pasientar fekk utdelt spørjeskjema i samband med tilsynet. Vi fekk svar frå åtte av dei.

Desse deltok frå tilsynsmyndigheita:

  • Seniorrådgivar Heidi Jansson, Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark, revisor
  • Seniorrådgivar Jannicke Juell Gevelt, Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark, revisor
  • Rådgivar Anna Gjertsen, Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark, revisor
  • Seniorrådgivar Marit Kullerud, Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark, revisjonsleiar

Alle tilsynsrapportar frå dette landsomfattande tilsynet

2025-2026 Ivaretakelse av grunnleggende behov hos eldre som bor hjemme

Søk etter tilsynsrapporter

Søk