Hopp til hovedinnhold

Fylkesmannen gjennomførte tilsyn med kommunens helse- og omsorgsteneste til menneske med utviklingshemming og besøkte i den forbindelse Årdal kommune frå 20.10.2020 til 22.10.2020. Vi undersøkte om kommunen syter for at kommunens helse- og omsorgstenester til menneske med utviklingshemming vert utført i samsvar med aktuelle lovkrav slik at tenestemottakarane får trygge og gode tenester.

Tilsynet vart gjennomført som del av årets planlagte tilsyn initiert av Fylkesmannen.

Under tilsynet vart det ikkje avdekka brot på krav i lov eller forskrift innanfor det kontrollerte området.

1. Tilsynets tema og omfang

I dette kapittelet skildrar vi kva som vart undersøkt i tilsynet.

Føremålet er å undersøkje om kommunen ved si styring og leiing har lagt til rette for, utfører og ser til at krav i helse- og omsorgslovgjevinga vert etterlevde. Tilsynet gjeld gjennomføring av tenester som kommunen har gjort vedtak om, til personar med utviklingshemming over 18 år som bur i eigen bustad (eigd eller leigd bustad), om dei får tenestene som dei har rett på og at tilbodet dekkjer grunnleggjande behov for personleg assistanse, avgrensa til eigenomsorg, tilsyn og aktivisering, og opplæring for å oppretthalde eller betre funksjons- og meistringsevne.

Vi har undersøkt om kommunen ved systematisk styring og leiing har lagt til rette for, følgjer med på og om nødvendig gjennomfører endringar slik at personar med utviklingshemming får forsvarlege helse- og omsorgstenester.

Tilsynet omfatta:

  • Gjennomføring av personleg assistanse, avgrensa til:
    • Tilsyn og hjelp til å vareta eigenomsorg
    • Hjelp til aktivisering
    • Opplæring i daglege gjeremål, personleg stell og eigenomsorg
  • Helsetenester i heimen og tilgjenge til medisinsk undersøking og behandling, avgrensa til:
    • Legemiddelhandtering, gjere i stand og utdeling
    • Oppfølging etter legebesøk og oppfølging for å vurdere nødvendig helsehjelp hos lege
    • Helsehjelp ved akutte tilstandar
    • Kommunens medverknad til at tenestemottakar kjem i kontakt med og vert følgd til fastlege eller lege i spesialisthelsetenesta
    • Hjelp ved legebesøk til å formidle opplysningar som legen treng for å gi helsehjelp
    • Formidling av informasjon frå legebesøk tilbake til dei som gir helsetenester i heimen til tenestemottakar.

I tilknyting til kvart tema undersøkte vi også korleis kommunen har lagt til rette for og tek i vare brukarens rett til informasjon og medverknad. Vi undersøkte og om kommunen etterspør politiattest ved tilbod om stilling.

Tilsynet omfatta ikkje tenester som vert gitt med bruk av tvang og makt, praktisk bistand hushald, brukarstyrt personleg assistanse, helsehjelp ved legevakt og tannhelsetenester. Om fastlege og spesialisthelsetenesta gir forsvarleg helsehjelp og om fastlegen gjennomfører regelmessig helsekontroll av brukarane, var heller ikkje del av tilsynet.

2. Aktuelt lovgrunnlag for tilsynet

Fylkesmannen er gitt mynde til å føre tilsyn med kommunal helse- og omsorgstjeneste, etter helse- og omsorgstjenestelova § 12-3 og helsetilsynslova § 2.

Eit tilsyn er kontroll av om verksemda sin praksis er i samsvar med gjeldande reglar i lov- og forskrift. Vi gir derfor her ei oversikt over krava som vart lagt til grunn i tilsynet.

  • Lov av 30. mars 1984 nr. 15 om statlig tilsyn med helse- og omsorgstjenesten
  • Lov av 24. juni 2011 om kommunale helse- og omsorgstjenester
  • Lov av 2. juli 1999 nr. 63 om pasient- og brukerrettigheter
  • Lov av 2. juli 1999 nr. 64 om helsepersonell m.v.
  • Lov av 10. februar 1967 om behandlingsmåten i forvaltningssaker
  • Forskrift av 21. desember 2000 nr. 1385 om pasientjournal
  • Forskrift av 27. juni 2003 nr.792 om kvalitet i pleie- og omsorgstjenestene
  • Forskrift av 3. april 2008 nr. 320 om legemiddelhåndtering for virksomheter og personell som yter helsehjelp
  • Forskrift av 16. desember 2012 nr. 1256 om habilitering og rehabilitering, individuell plan og koordinator
  • Forskrift av 28. oktober 2016 nr. 1250 om ledelse og kvalitetsforbedring i helse- og omsorgstjenesten

Systematisk styring og kvalitetsforbetring

Helse- og omsorgstenesta skal vere forsvarleg, jf. helse- og omsorgstenestelova § 4-1. Det er kommunen sitt ansvar å planlegge, gjennomføre, evaluere og korrigere verksemda slik at tenesta er forsvarleg i innhald og omfang.

For å oppfylle dette kravet må kommunen organisere og legge til rette slik at helsepersonell kan utøve verksemda si forsvarleg. Det inneber blant anna å sikre at helsepersonell har naudsynt kunnskap og kompetanse, og gi naudsynt opplæring.

Helse- og omsorgstenestelova § 4-2 pålegg kommunen å drive systematisk arbeid for kvalitetsforbetring og brukartryggleik. Dette systematiske arbeidet skal inngå som del av styringssystemet, jf. helsetilsynslova § 5. Kravet til forsvarleg verksemd omfattar fleire forhold som fell saman med kravet til leiing og kvalitetsforbetring, jf. forskrift om Ledelse og kvalitetsforbedring i helse- og omsorgstjenesten, under dette systematisk arbeid for å ivareta brukartryggleiken. Den som har det overordna ansvaret for verksemda har og det overordna ansvaret for styringssystemet. Det vil seie korleis aktivitetar i verksemda er planlagt, gjennomført, evaluert og korrigert i samsvar med krav fastsett i eller i medhald av helse- og omsorgslovgivinga. Styringssystemet, jf. pliktene i forskrift §§ 6 til 9, skal vere tilpassa verksemda sin eigenart, aktivitetar og risikoforhold og ha det omfanget som er naudsynt. Basert på krava ovanfor, må blant anna dette kunne forventast av ei forsvarleg teneste:

  • Leiinga sørgjer for at fordeling av ansvar og oppgåver er avklart, og at tilsette i tenesta har naudsynt fagleg kompetanse
  • Leiinga følgjer med på at rutinane fungerer og vert følgt, og gjer naudsynte korrigerande tiltak når det vert meldt om feil, manglar eller uønskte hendingar
  • Leiinga har oversikt over områder i verksemda der det er risiko for svikt, behov for kvalitetsforbetring eller mangel på etterleving av lovkrav, behandling av avvik og at det vert arbeidd systematisk med kvalitetsforbetring og brukartryggleik.

3. Framstilling av faktagrunnlaget

Her vert det gjort greie for korleis verksemdas aktuelle tenester fungerer, inkludert verksemdas tiltak for å sørgje for at krava til kvalitet og tryggleik for tenestemottakarane blir haldne.

Rådmann styrer tenesta i linje til kommunalsjef helse og omsorg og tenesteleiar for bu- og miljøtenesta. Tenesteleiar har fagleg ansvar for tenestene som vert gitt i tre kommunale bufellesskap (Grandane, Klyngetunet og Uravegen) og eit tiltak der kommunen kjøper tenester frå privat leverandør av helse- og omsorgstenester. Årdal kommune gir tenester til 30 personar over 18 år med diagnose utviklingshemming. Kvar eining har tilsett avdelingsleiar i 100 prosent stilling, som har det daglege ansvaret for kvalitet og koordinering av tenester. Tilsynet omfatta tenester til 12 personar som bur i eller får tenester frå Klyngetunet og Uravegen bufellesskap.

Tilsette rapporterer dagleg i Gerica og held seg oppdatert gjennom dagleg lesing av rapportar. I Gerica har tenestemottakarane tiltaksplanar. Dei fleste har også brukarpermar som er utarbeidd på bakgrunn av den enkelte sitt tenestevedtak. Tilsette er kjende med sine oppgåver og veit kva dei skal gjere. Dei rapporterer i Gerica om og korleis tenestemottakarane har fått dei tenestene kommunen har bestemt at dei skal ha, i tillegg til at det mellom anna vert rapportert etter legekonsultasjon og eventuell anna kommunikasjon med lege.

Kommunen har rutinar for opplæring av nytilsette i bu- og miljøtenesta. Vidare har kommunen utarbeidd kompetanseplan for bu- og miljøtenesta og Helse- og omsorgsplan for 2019-2029 der målsettingar for tenesteutvikling og kompetanse går fram. I begge einingar vert det gjennomført regelmessig personalmøte der tenestemottakarar og individuelle tenester vert diskutert. Avdelingsleiar deltar i desse møta og tar i tillegg stikkprøvekontrollar i journalar for å kontrollere at tenester vert gitt i tråd med vedtak.

Kommunen har utarbeidd retningslinjer for samarbeid og møte med pårørande og har møter med tenestemottakarar der dei får påverke korleis tenestene skal utformast og kva aktivitetar som skal gjennomførast. Det skal gjennomførast ansvarsgruppemøte minst ein gong i året.

Tenesteleiar har møte med avdelingsleiarane kvar 14 dag. I desse møta vert det mellom anna etterspurt om tenester vert gitt i tråd med vedtak og korleis brukarar vert tatt med i utforming av vekeplan. Kommunalsjef har regelmessige møter med tenesteleiar, der det mellom anna vert rapportert om avvik og tenester.

4. Vurdering av faktagrunnlaget opp mot aktuelt lovgrunnlag

I dette kapittelet vurderer vi fakta i kapittel 3 opp mot lovreglane i kapittel 2.

Helse- og omsorgslovgivinga stiller krav til leiing og systematisk styring for å sikre forsvarlege tenester i tråd med lov og forskrift. Det er eit leiaransvar å sørgje for rammer og organisatoriske løysingar som reduserer risiko for svikt. Leiinga har eit overordna ansvar for styringssystemet og for å følgje med på om tenesta er forsvarleg og i tråd med helselovgivinga, og om styringssystemet er egna til å ivareta dette.

Ut i frå dokument gjennomgått i samband med tilsynet og informasjon frå intervju vurderer Fylkesmannen at kommunen har eit system for å følgje med på om tenesta er forsvarleg og i tråd med gjeldande lovgiving.

På bakgrunn av tilsendte rutinar, retningslinjer og planar, og informasjon frå intervju, vurderer vi at kommunen legg til rette for systematisk medverknad frå tenestemottakarar og/eller deira representantar, at tiltaksplanar er oppdaterte og at det er avklart kven som skal dokumentere kva og korleis dette skal gjerast. Vi høyrer at tenestemottakarar får oppfylt dei tenester dei har vedtak om og at det vert gjennomført årleg helsesjekk. Kommunen har rutinar for opplæring av tilsette, det er utarbeidd kompetanseplan og leiinga følgjer med på kva kompetanse tilsette treng for å gjere det arbeidet dei skal.

Under tilsynet høyrer vi om praksis som jamleg vert vurdert og må vurderast opp mot kravet til forsvarlege tenester, til dømes når behov for tenester vert endra. På bakgrunn av det vi har lest og høyrd har vi ikkje grunnlag for å konkludere med lovbrot innanfor det kontrollerte området.

5. Fylkesmannens konklusjon

Her presenter vi konklusjonen av undersøkinga vår, basert på vurderingane i kapittel 4.

Vi har ikkje grunnlag for å konkludere med at tenestene som vert gitt er uforsvarlege. Leiinga er kjent med sårbare områder i tenester til personar med utviklingshemming og arbeidet med å forbetre tenestene er sett i verk.

Med helsing

Helga Arianson
fylkeslege

Ørjan Moldestad
seniorrådgjevar

 

Dokumentet er elektronisk godkjent

Vedlegg: Gjennomføring av tilsynet

Vedlegg: Gjennomføring av tilsynet

I dette vedlegget omtaler vi korleis tilsynet vart gjennomført, og kven som deltok.

Varsel om tilsynet vart sendt 02.07.2020.

Førebuande møte med verksemda vart gjennomført 28.08.2020.

Tilsynet vart gjennomført med Årdal kommune, og innleia med eit kort informasjonsmøte 20.10.2020. Oppsummerande møte med gjennomgang av funn vart halde 22.10.2020.

Ein del dokument vart tilsendt og gjennomgått på førehand, mens andre dokument vart overlevert og gjennomgått i løpet av tilsynsbesøket. Følgjande dokument vart gjennomgått og vurderte som relevante for tilsynet:

  • Organisasjonskart
  • Oversikt over tenestestader
  • Oversikt over tilsette og stillingsomtaler
  • Reglement for delegering 2020-2024
  • Skjema for kompetanseutvikling 2020
  • Planer for opplæring av tilsette
  • Rutine for opplæring i Gerica datert 13.07.2020
  • Rutine for individuell plan og koordinatorrolla datert 27.04.2020
  • Retningslinjer for legemiddelhandtering
  • ROS analyse legemiddelhandtering av 06.10.2020
  • Rutine for samarbeid med fastlege datert 11.09.2020
  • Rutine for saksbehandling datert 01.08.2020
  • Rutine for tildeling datert 01.08.2020
  • Rutine for faste tverrfaglege samarbeidsmøte datert 01.08.2020
  • Rutine for iverksetting av teneste datert 11.09.2020
  • Risikovurdering Klyngetunet frå februar 2020
  • Liste over registrerte avvik 2019-2020
  • Helse og omsorgsplan 2019-2029
  • Kompetanseplan for bu- og miljøtenesta og opplæringsplan 2019
  • Informasjon om kommunen si vurdering av behov for fagleg kompetanse datert 09.09.2020
  • Turnuslister frå august 2020
  • Retningslinje for møte med pårørande datert 16.10.2019
  • Etiske retningslinjer for bu- og miljøtenesta datert 20.10.2020
  • Saksutgreiingar og vedtak om tildeling av tenester

Stikkprøver

  • 18 pasientjournalar
  • 9 brukarpermar
  • 5 vedtakspermar
  • Rutinepermar/vekeplanar
  • Referatpermar
  • Vaktplanar
  • Medisinpermar med dobbeltkontroll

I tabellen under gir vi eit oversyn over kven som vart intervjua, og kven som deltok på oppsummerande møte ved tilsynsbesøket:

Ikke publisert her

Vi snakka med fire tenestemottakarar i samband med tilsynet.

Desse deltok frå tilsynsmyndigheita:

  • seniorrådgjevar, Marta Havre, Fylkesmannen i Vestland, revisor
  • seniorrådgjevar, Anne Marte Sæle, Fylkesmannen i Vestland, revisor
  • rådgjevar, Sol Oma Haugstvedt, Fylkesmannen i Vestland, revisor
  • seniorrådgjevar, Ørjan Moldestad, Fylkesmannen i Vestland, revisjonsleiar