Vi gjennomførte tilsyn med Kinn kommune 02.12.2020 til 03.12.2020. Vi undersøkte om kommunen sikrar at Nav Kinns vedtak om økonomisk stønad til personar med forsytaransvar for barn, byggjer på forsvarlege kartleggingar og vurderingar. Som ledd i førebuinga til tilsynet snakka vi med tre personar med forsytaransvar for barn, som har fått minst ein søknad om økonomisk stønad behandla av Nav Kinn.

Tilsynet vart gjennomført som eit planlagt, eigeninitiert tilsyn.

Vi konkluderte slik:

  • Kinn kommune sikrar ikkje at vedtak om økonomisk stønad til personar med forsytaransvar for barn, byggjer på forsvarlege kartleggingar og vurderingar av søkjarens behov.

Dette er brot på:

Sosialtenestelova §§ 18 og 19, forsvarlegkravet i sosialtenestelova § 4, forvaltningslova § 17 om forvaltningsorganets utgreiings- og informasjonsplikt, og internkontrollforskrifta § 4 om innhaldet i internkontrollen.

Kommunens styring sikrar ikkje at det vert gjennomført forsvarleg kartlegging og utøvd forsvarleg skjøn i saker som gjeld økonomisk stønad til personar med forsytaransvar for barn. Styringa sikrar ikkje at sakene er godt nok opplyste med tanke på søkjarens og barnas behov før det vert gjort vedtak, og styringa sikrar heller ikkje at alle vedtak byggjer på konkrete individuelle vurderingar av søkjarens og barnas behov ved utmåling av stønaden.

Manglande dokumentasjon av søkjarens og barnas situasjon og behov på søknadstidspunktet, gjer at kommunens leiing ikkje kan vite sikkert om søkjarane har fått nødvendig hjelp av Nav. Desse manglane ved kommunens styring kan føre til at søkjarar med forsytaransvar for barn ikkje får den økonomiske stønaden dei har rett til etter sosialtenestelova. Kommunens styring sikrar såleis ikkje at barn i familiar med låg inntekt får den hjelpa dei treng.

Vi ber om tilbakemelding om kommunens årsaksforklaring og plan for retting av lovbrotet innan 01.04.2021, sjå kapittel 6 om kva planen skal innehalde. Vi vil innan same frist ha tilbakemelding om leiinga si oppfølging og kontroll med om tiltaka verkar, vedlagt eit par anonymiserte vedtak som de har gjennomgått, sjå meir om dette i kapittel 6. Ta gjerne kontakt om de har spørsmål til dette, eller treng lenger frist. Vi vil på bakgrunn av denne tilbakemeldinga vurdere om det er behov for vidare oppfølging frå vår side.

Med helsing

Helga Arianson
fylkeslege

Turid Måseide
seniorrådgjevar

 

Dokumentet er elektronisk godkjent

1. Tilsynets tema og omfang

I dette kapittelet skildrar vi kva som vart undersøkt i tilsynet.

Temaet for tilsynet var om kommunen sikrar forsvarleg behandling av søknader om økonomisk sosialhjelp til personar med forsytaransvar for barn. Vi har undersøkt og vurdert om kommunen gjennom styring og leiing sikrar at alle vedtak byggjer på forsvarlege kartleggingar og vurderingar. Som ledd i førebuing til tilsynet snakka vi med tre personar med forsytaransvar for barn, som har fått minst ein søknad om økonomisk stønad behandla av Nav Kinn.

2. Aktuelt lovgrunnlag for tilsynet

Vi fører tilsyn med sosiale tenester i Nav, med heimel i sosialtenestelova § 9. Tilsynet er ein kontroll av om verksemda sin praksis er i samsvar med gjeldande reglar i lov- og forskrift. I dette kapittelet gjer vi kort greie for dei krava vi har lagt til grunn ved tilsynet.

Tenesta økonomisk stønad er regulert i sosialtenestelova kapittel 4. Saksbehandlingsreglane i forvaltningslova gjeld, med mindre det er fastsett særreglar i sosialtenestelova. Ved dette tilsynet er krava i forvaltningslova § 17 om opplysning av saka, og § 25 om innhaldet i grunngjevinga for vedtaket, sentrale. I menneskerettslova § 2 punkt 4 er det fastsett at FNs barnekonvensjon gjeld som norsk lov. Barnekonvensjonens artikkel 3 om barnets beste inngår dermed i det rettslege grunnlaget ved dette tilsynet.

Retten til stønad til livsopphald er slått fast i sosialtenestelova § 18. Nav skal yte forsvarleg livsopphald etter individuell behovsprøving. Dersom Nav tildeler stønad etter ein bestemt sats, må det gå fram at det er vurdert individuelt, for den konkrete saka, at stønaden vil sikre søkjaren og søkjarens barn forsvarleg livsopphald. I særlege tilfelle kan Nav gje stønad etter sosialtenestelova § 19 for å fange opp ulike behov som ikkje vert dekt gjennom stønad etter § 18.

Det er eit sentralt prinsipp at Nav ved behandling av søknader om økonomisk stønad må vurdere konkret og individuelt om det er grunnlag for stønad, og eventuelt kva sum. Kartlegging av behov og individuell vurdering dannar nødvendig grunnlag for avslag eller tildeling av stønad, og for utmåling av stønaden. Viss saka ikkje er godt nok opplyst, vil det vere stor risiko for at Navs vurdering av om vilkåra for å gje økonomisk stønad er oppfylt, og eventuelt utmålinga av stønaden, ikkje vert rett.

Det vil kunne variere noko etter søkjarens situasjon kva Nav skal ha med i kartlegginga. Nav skal alltid undersøkje om søkjaren har barn. Dersom søkjaren har barn, må Nav ved kartlegginga av søkjarens behov også kartleggje barnas behov og ta omsyn til barnas behov når dei vurderer om det er grunnlag for stønad. Nav må òg ta omsyn til barnas behov ved utmåling av stønaden. FNs barnekonvensjon artikkel 3 inneber at Nav ved behandling av søknader om stønad til livsopphald frå ein søkjar som har omsorg for barn, pliktar å vurdere omsynet til barnets beste. Ved behov skal Nav sikre kvart enkelt barn materiell hjelp og nødvendige støttetiltak, særleg med omsyn til mat, klede, fritidsaktivitetar og bustad.

Kommunen kan ha ordningar som kjem barn i låginntektsfamiliar til gode. Slike ordningar kan føre til at barnets behov vert heilt eller delvis dekte. Når Nav behandlar familiens sosialhjelpssøknad, må Nav klarleggje om barnet/barna i familien faktisk får dekt behova sine gjennom slike ordningar. Det må gå fram i Navs saksutgreiing korleis kvart enkelt barns behov er vurdert, og kva faktiske opplysningar som er lagt til grunn ved vurderinga.

Ved fastsetting av stønad, kan kommunen ta utgangspunkt i statleg rettleiande satsar eller lokale normer. Slike satsar og normer kan berre vere rettleiande. Det betyr at Nav uavhengig av satsar og normer må vurdere kvar søknad konkret og individuelt, og at Nav må fråvike den satsen eller norma som vert lagt til grunn som eit utgangspunkt for skjønet, dersom forholda i den familien saka gjeld tilseier det.

Kravet om forsvarleg teneste gjeld som eit overordna krav til tenesta, jf. sosialtenestelova § 4. Reglane i sosialtenestelova og forvaltningslova bidreg til å gje forsvarlegkravet innhald. Kvaliteten på tenestene må vere tilfredsstillande, og brukarane må få tenestene til rett tid og i tilstrekkeleg omfang.

Kommunen må gjennom organisering og styring av tenestene sikre at både tenester og tiltak er forsvarlege, jf. internkontrollplikta som er fastsett i sosialtenestelova § 5. Kravet om internkontroll er nærare regulert i internkontrollforskrifta (forskrift om internkontroll i arbeids- og velferdsforvaltninga).

Med internkontroll meiner vi systematiske tiltak som sikrar at kommunen etterlever gjeldande lov- og forskriftskrav for den aktuelle typen teneste, jf. internkontrollforskrifta § 3. Internkontrollen skal vere tilpassa verksemda, slik at kommunen til ei kvar tid sikrar nødvendig styring med tenestene.

Viktige element i internkontrollen er kommunens organisasjon, ansvarsplassering og oppgåvefordeling, vurdering av kompetansebehov og tilrettelegging for at dei tilsette kan utføre oppgåvene sine, oversikt over område med risiko for svikt og bruk av erfaringar frå tilsette og brukarar i forbetringsarbeidet. Kommunen skal dokumentere internkontrollen i den grad det er nødvendig, jf. internkontrollforskrifta § 5.

Det følgjer av sosialtenestelova § 6 at kommunen skal sjå til at tilsette som yter tenester etter lova har tilstrekkeleg kompetanse til å utføre arbeidet på ein forsvarleg måte. Kommunen pliktar å gi dei tilsette nødvendig opplæring ved behov. Tilsette i Nav som jobbar med økonomisk stønad til barnefamiliar, må ha kunnskap om dei særlege utfordringane barn i slike familiar kan ha. Dei tilsette vil òg ha behov for kunnskap om andre instansar som det vil vere naturleg å samarbeide med ved økonomisk stønad eller anna hjelp til barnefamiliar.

3. Framstilling av faktagrunnlaget

Her gjer vi greie for korleis tenestene fungerer, inkludert kva kommunen gjer for å sikre at krava til kvalitet og tryggleik for tenestemottakarane vert etterlevde.

Kinn kommune er ny kommune frå 01.01.2020. Kommunen omfattar tidlegare Flora kommune og det meste av tidlegare Vågsøy kommune, og har om lag 17300 innbyggjarar. Kommunens administrasjon er organisert i seks einingar under rådmannen. Nav er i eininga helse og velferd, under kommunalsjefen for helse og velferd. Dei kommunale oppgåvene i Nav omfattar mellom anna økonomisk stønad etter sosialtenestelova. Delegasjonsreglementet viser at ansvaret for dei kommunale oppgåvene knytt til økonomisk stønad etter sosialtenestelova, er delegerte frå kommunestyret gjennom helse- og velferdsutvalet til rådmannen. Rådmannen har delegert ansvaret vidare gjennom kommunalsjefen for helse og velferd og Nav-leiaren til ein avdelingsleiar. Avdelingsleiaren har delegert vedtaksmynde vidare til ein av saksbehandlarane i avdelinga. Delegasjonane frå rådmannen og nedover i administrasjonen er ikkje skriftlege. Nav-leiaren rapporterer til helse- og omsorgssjefen om dei kommunale oppgåvene i Nav. Nav-leiarens ansvar går elles fram av partnarskapsavtalen mellom Kinn kommune og Arbeids- og velferdsetaten i Vestland, som er lagt fram for oss i to ulike versjonar.

Nav-kontoret er inndelt i to avdelingar; brukarsenteret og oppfølgingsavdelinga. Søknader om økonomisk stønad vert behandla i brukarsenteret, av økonomiteamet. Nav Kinn har i perioden 01.01.2020 – 30.09.2020 gjort 355 vedtak om økonomisk stønad til personar med forsytaransvar for barn. Av desse er 36 avslag og sju omgjeringsvedtak.

Det er seks tilsette som deltek i behandling av søknader om økonomisk stønad. Fire av desse har kontorplass i Florø, to i Måløy. Den som er saksbehandlar på saka, skal førebu saka og skrive utkast til vedtak. Det er mogleg å drøfte enkeltsaker i fagmøte før det vert gjort vedtak. Avdelingsleiaren og den saksbehandlaren som har godkjenningsansvar, godkjenner vedtak kvar sine dagar.

Avdelingsleiaren er med i teammøte for økonomiteamet og leiarmøte med Nav-leiaren ein gong i veka. Nav-leiaren deltek i møte med kommunalsjefen og dei andre tenesteleiarane kvar fjortande dag, og i eit eige møte med legane, psykisk helse og rus ein gong i månaden. Kommunalsjefen er i leiargruppa til rådmannen.

Kartlegging ved søknad

Nav-kontoret har skriftlege rutinar for behandling av saker som gjeld økonomisk sosialhjelp. I den skriftlege rutinen går det fram kva dokumentasjon som bør vere lagt ved søknaden (kontooversikt, kopi av siste likning, signert husleigekontrakt, dokumentasjon av utgifter og inntekter for heile husstanden, samværsavtale dersom det er søkt om stønad i samband med samvær). Søknader om nødhjelp skal innehalde saldo/kontooversikt.

Dersom søkjaren ikkje er registrert tidlegare, skal saksbehandlaren avtale ein avklaringssamtale så snart som mogleg, og seinast innan 14 dagar. Kartleggingsskjema skal alltid fyllast for nye søkjarar, og elles minst kvar sjette månad for å fange opp endringar. Kartleggingsskjemaet er arbeidd fram i økonomiteamet. Det er meint som ei hugseliste. Skjemaet vert ikkje brukt av alle.

Notat frå samtalar med søkjaren og eventuelt drøftingsmøte der saka vart teken opp, skal journalførast. Journalen vert ført i saksbehandlingssystemet Velferd. Ved nødhjelp skal det gå fram av notatet i Velferd at Nav har avklart om søkjaren har nok pengar til mat eller har mat heime, og om søkjaren kan vente til neste dag med å få stønaden utbetalt.

Vi har ved intervju med saksbehandlarane fått vite at barnas situasjon no og framover, er tema i samtalane med søkjarane. Saksbehandlarane spør om søkjaren har ekstrautgifter knytt til barn, om barnet er med på fritidsaktivitetar, og om det er noko barnet treng, til dømes klede.

Ved brukarsamtalane har vi fått vite at søkjarane ved digital søknad får spørsmål om barnas behov i søknadsskjemaet, og at Nav i samtalar med søkjarane spør om barna er med på fritidsaktivitetar. Dei tre søkjarane vi har snakka med som ledd i tilsynet, har ikkje opplevd at Nav spør om barnas situasjon utover dette.

Ved stikkprøvekontroll i fem nye saker, fann vi verken kartleggingsskjema eller notat frå avklaringssamtalar der søkjarens og søkjarens barns situasjon er kartlagt.

Kontoret har ei eiga sjekkliste for kontroll av vedtak om økonomisk sosialhjelp, der det mellom anna er spørsmål om kartlegginga. Det vart bestemt i møte i økonomiteamet 26.08.2020 at dei skulle bruke kontrollskjemaet i alle saker der søkjaren har forsytaransvar for barn, men sjekklista er ikkje brukt i 2020.

Dei vurderingane som vedtaket byggjer på

I sjekklista for kontroll av vedtak er det spørsmål om konkrete og individuelle vurderingar av hjelpebehov, stønadsbeløp og stønadsform, og individuell grunngjeving. Vi har ved mappegjennomgangen ikkje sett døme på sosialfaglege vurderingar av søkjarens og barnas situasjon og behov, eller konkrete vurderingar av om satsane er nok til å dekkje søkjarens og barnas behov, verken i grunngjevinga for vedtak eller i underliggande dokument.

Ved intervju har vi fått vite at Nav Kinn ved utmåling av stønaden tek utgangspunkt i statlege rettleiande satsar. Dei skal gjere individuelle vurderingar, men i nokre saker er det berre rekneoppsettet i Velferd som vert brukt. Utrekninga i Velferd viser om søkjaren har disponible inntekter etter frådrag for livsopphald etter statlege satsar og faktiske livsopphaldsutgifter som ikkje inngår i satsen, til dømes husleige, straum og barnehage/SFO. Utrekninga ser ut til å vere avgjerande for om søkjaren vert vurdert å fylle kriteria for å få stønad. Der utrekninga viser at søkjaren ikkje har disponible inntekter til livsopphald, vert stønaden tilsvarande underdekninga, eventuelt med tillegg for ekstra stønad til bestemte utgifter.

Kommunestyret har bestemt at Nav ved fastsetting av stønadsbeløp, skal halde barnetrygda utanfor. Det gjer dei ved å ikkje ta den med på inntektssida i reknestykket. Vi har sett døme på at Nav trass i dette, har lagt vekt på barnetrygda i vurderinga av familiens behov for økonomisk stønad. Dette kjem til syne til dømes ved at det i Navs vurdering av stønadsbehovet vert lagt til grunn at barnetrygda skal dekkje utgifter knytt til barna, til dømes klede, sko og anna utstyr til barna.

Vi har fått vite at kommunen har gjeve ekstraløyvingar til arbeid mot barnefattigdom. Det er frivilligsentralen som disponerer desse midlane, som mellom anna vert brukt til å dekkje fritidsaktivitetar for barn. Nav informerer søkjarane om ordninga med at frivilligsentralen kan dekkje fritidsaktivitetar. Mappegjennomgangen viser at Nav spør om barna er med på fritidsaktivitetar, men vi har ikkje sett døme på at kostnader knytt til fritidsaktivitetar er kartlagt nærare. Vi ser ikkje at Nav vurderer om søkjaren kan ha utgifter knytt til barnas behov for fritid og sosialt samvær, der barna ikkje er med på organiserte aktivitetar. Vi har sett døme på vedtak der Nav har lagt til grunn at familien klarer seg med mindre enn det som elles vert rekna som vanleg livsopphald, mellom anna fordi søkjaren ikkje har utgifter til organiserte fritidsaktivitetar for barna.

Ved mappegjennomgangen har vi også sett andre døme på at Nav har teke utgangspunkt i statlege rettleiande satsar for livsopphald og redusert, utan å grunngje reduksjonen nærare. Dette gjeld til dømes vedtak der det er redusert for stordriftsfordel i familiar med fleire barn, utan at det er vist til konkrete innsparingsmoglegheiter. I ei sak har Nav gjeve stønad, men informert om at Nav ved eventuelt nye søknader, vil krevje at familien sel bilen sin.

Vi har òg sett døme på saker der Nav har opplysningar som dei ikkje avklarer nærare med tanke på søkjarens økonomiske situasjon. Eitt døme er ei sak der det går fram at søkjaren har samvær med barna sine, utan at det er avklara om søkjaren har reiseutgifter eller andre utgifter knytt til samværet.

Krisehjelp (nødhjelp) vert ytt der søkjaren dokumenterer å vere heilt, eller nesten heilt, utan pengar til mat. I den skriftlege prosedyren står det at krisehjelp vert ytt etter bestemte satsar etter kor mange vaksne og barn det er i husstanden, og etter kor mange dagar krisehjelpa skal dekkje. I den skriftlege rutinen står det at dette må vurderast etter skjøn i kvar enkelt sak. I dei krisehjelpssakene vi har sett, har Nav ikkje gjort greie for skjønet, berre bestemt ein sum og slått fast at dei vurderer summen som tilstrekkeleg til å sikre søkjaren forsvarleg livsopphald den aktuelle perioden.

Leiinga si oppfølging og kontroll

Ved intervju har vi fått vite at regelverk, retningslinjer og føringar kan vere tema i økonomiteamets teammøte. Dei kan også drøfte klientsaker i teammøtet. Avdelingsleiaren er elles tett på saksbehandlinga gjennom sin godkjenningsfunksjon.

Kontoret har ikkje kontroll med at alle saker vert opplyste med tanke på søkjarens og barnas situasjon og behov. Kontoret har heller ikkje kontroll med at det i alle saker vert dokumentert i journalnotat og/eller vedtak at søkjarens og barnas behov er vurdert.

Leiinga har ikkje gjeve klare signal om at Navs kartlegging skal omfatte alle behov, ikkje berre faktiske utgifter som er haldne utanfor satsane i dei statlege rettleiande retningslinjene. Leiinga har ikkje fanga opp at det er behov for slike signal.

Kontorets kontrollrutinar fangar ikkje opp at det i grunngjevinga for vedtak om økonomisk stønad manglar konkrete, individuelle vurderingar av søkjarens behov, basert på opplysningar om søkjarens situasjon på søknadstidspunktet.

4. Vurdering av faktagrunnlaget opp mot aktuelt lovgrunnlag

I dette kapittelet vurderer vi fakta i kapittel 3 opp mot lovreglane i kapittel 2.

Vi har ved dette tilsynet undersøkt om Kinn kommune sikrar at Nav-kontoret ved behandling av søknader om økonomisk stønad, skaffar seg nødvendig informasjon om søkjarens livssituasjon og behov, og om saksutgreiinga sikrar at også barnas situasjon og behov vert opplyst og individuelt vurdert.

Hovudprinsippet for behandling av søknader om økonomisk stønad er at Nav skal gjere konkrete og individuelle vurderingar av hjelpebehov, stønadsbeløp og stønadsform. Nav-kontoret har både rett og plikt til å utøve skjøn i kvar enkelt sak. I alle vurderingar skal Nav leggje vekt på å fremje formålet med lova best mogleg. Nav skal så langt som mogleg gjere sine vurderingar i samarbeid med søkjaren.

Kravet om individuelle vurderingar gjeld for heile søknadsprosessen, frå identifisering av søknader, innhenting av nødvendige opplysningar og vurdering av kva som er forsvarleg saksbehandlingstid, til avgjerder om hjelpebehov, stønadsnivå, vilkår, stønadsform og utbetaling.

Utgangspunktet for den konkrete, individuelle vurderinga i kvar enkelt sak, er søkjarens og søkjarens barns behov på søknadstidspunktet. Ved tildeling av økonomisk stønad skal kommunen mellom anna ta omsyn til barnas behov for klede og utstyr til fritidsaktivitetar, skuleutstyr og trygge bustadforhold. Ved behandling av søknader er det derfor viktig at kommunen utgreier familiens situasjon godt nok til at Nav kan gjere konkrete, individuelle vurderingar av kva som skal til for å sikre barna ein verdig barndom.

Vi har ikkje høyrt, og ser ikkje dokumentert, at Nav i alle saker undersøkjer kva utgifter familien faktisk har, eller om søkjaren eller barna har behov som ikkje vert dekt fordi familien er i ein vanskeleg økonomisk situasjon. Vi har òg sett at Nav Kinn har ein del opplysningar som dei ikkje har følgt opp med nærare avklaringar, til dømes opplysningar om at barnet ikkje er med på organiserte fritidsaktivitetar eller at søkjaren har samvær med barn.

Kommunen har ikkje godtgjort at Nav Kinn som ledd i saksbehandlinga sikrar at søkjarens og barnas behov vert kartlagt med tanke på kor mykje økonomisk stønad som er nødvendig for å sikre barna ein verdig barndom. Nav innhentar opplysningar om tal barn, barnetrygd, barnebidrag og utgifter til barnehage/SFO, men det går ikkje fram at Nav utover dette opplyser saka med tanke på barnas situasjon og behov, og tek stilling til kva kostnader som er nødvendige for å dekkje både søkjarens og barnas behov og sikre barna ein verdig barndom.

Det verkar for oss som om Nav Kinn i staden for å kartleggje søkjarens behov, legg statlege rettleiande satsar til grunn som faktum for delar av søkjarens livsopphaldsutgifter. Nav Kinn har ikkje dokumentasjon som viser at søkjarens behov er så godt opplyst at det er mogleg å vurdere søkjarens rett til økonomisk stønad på bakgrunn av opplysningane i saka. Det er derfor ikkje mogleg å kontrollere om søkjaren har fått nødvendig hjelp.

Nav Kinn bruker statlege rettleiande satsar utan å gjere nærare greie for konkrete, individuelle vurderingar av søkjarens behov i vedtaket eller andre stader. Dei statlege rettleiande satsane for livsopphald vert dermed brukte som norm, ikkje som utgangspunkt for Navs skjøn. Ved å bruke satsar for økonomisk stønad slik Nav Kinn gjer, vert det i realiteten lagt til grunn at det ikkje er individuelle forskjellar i behov frå søkjar til søkjar, innanfor same gruppe av søkjarar.

Når manglande kartlegging og manglande individuelle vurderingar ikkje vert fanga opp av kontorets kvalitetskontroll, kan vedtak bli godkjent utan at det er vurdert om disponibel inntekt, eventuelt med stønaden frå Nav i tillegg, er nok til å dekkje søkjarens og barnas behov.

Kinn kommune vurderer sjølve at dei har relevant og tilstrekkeleg kompetanse på dette fagområdet, men kommunens styring sikrar ikkje at sakene er godt nok opplyste før det vert gjort vedtak. Styringa sikrar heller ikkje at vedtaka byggjer på konkrete, individuelle vurderingar, slik at det ikkje vert tilfeldig om søkjaren får dei tenestene han/ho har behov for og i nødvendig omfang.

Konsekvensen av at kommunen ikkje sikrar at Nav-kontoret innhentar tilstrekkeleg informasjon om, og gjer forsvarlege vurderingar av, behova til barn i familiar som søkjer om økonomisk stønad, er at det vert usikkert om barnas behov vert dekt. Kommunen sikrar dermed ikkje at barnas behov alltid vert dekt.

5. Vår konklusjon

Her presenter vi konklusjonen av undersøkinga vår, basert på vurderingane i kapittel 4.

Vår vurdering på bakgrunn av det som er opplyst ved tilsynet:

  • Kinn kommune sikrar ikkje at vedtak om økonomisk stønad til personar med forsytaransvar for barn, byggjer på forsvarlege kartleggingar og vurderingar av søkjarens behov.

Dette er brot på:

Sosialtenestelova §§ 18 og 19, forsvarlegkravet i sosialtenestelova § 4, forvaltningslova § 17 om forvaltningsorganets utgreiings- og informasjonsplikt, og internkontrollforskrifta § 4 om innhaldet i internkontrollen.

6. Oppfølging av påpeikte lovbrot

I dette kapittelet gjer vi greie for kva vi ventar at verksemda skal gjere i prosessen med å rette påpeikte lovbrot, slik at tenesta ivaretek krava til kvalitet og rettstryggleik for tenestemottakarane.

Vi ber Kinn kommune vurdere kva forhold som har ført til det påpeikte lovbrotet, og på bakgrunn av dette lage ein plan for retting.

Planen må innehalde opplysningar om kva tiltak kommunen vil setje i verk for å rette lovbrotet. For kvart tiltak må det vere fastsett ein frist for gjennomføring av tiltaket, og bestemt kven som har ansvaret for at tiltaket vert gjennomført. Tiltaka må sikre at alle tilsette som jobbar med tildeling av økonomisk stønad har fått nødvendig informasjon om gjeldande lovkrav og korleis dei skal gjennomføre sine oppgåver for å sikre at vedtak om økonomisk stønad til personar med forsytaransvar for barn, byggjer på forsvarlege kartleggingar og vurderingar av søkjarens behov.

Kommunen må sikre at styrande dokument, skriftlege rutinar, sjekklister, malar osb., byggjer på rett lovforståing og bidreg til at praksis vert i samsvar med lovkrava. Kommunen må vurdere om dei tilsette har behov for opplæring, og eventuelt sikre at dei får det. Kommunen må også vurdere om det er behov for andre tiltak for å sikre at dei tilsette utfører oppgåvene sine i samsvar med gjeldande lovkrav.

Vi vil også ha tilbakemelding om leiinga si oppfølging og kontroll med om tiltaka verkar. Kommunens kontroll med Navs saksbehandling må sikre at søkjarens og søkjarens barns situasjon og behov på søknadstidspunktet i alle saker er godt nok opplyst til at Nav kan vurdere søkjarens behov for økonomisk stønad til livsopphald, jf. sosialtenestelova § 18, eller for å overvinne eller tilpasse seg ein vanskeleg situasjon, jf. sosialtenestelova § 19. Vidare må kontrollen sikre at vurderinga av søkjarens behov for økonomisk stønad reflekterer dei tilgjengelege opplysningane om søkjarens og søkjarens barns situasjon og behov på søknadstidspunktet. Dersom det ved utmåling av stønad til livsopphald er brukt rettleiande satsar (statlege og/eller kommunale), må kontrollen sikre at Nav i den aktuelle saka har sjekka ut at det tildelte beløpet er nok til å dekkje søkjarens grunnleggande behov.

Som ledd i kommunens oppfølging ber vi dykk gå gjennom dei siste ti vedtaka som gjeld økonomisk stønad til personar med forsytaransvar for barn, og melde tilbake til oss på desse spørsmåla:

  1. I kor mange av desse ti sakene meiner de at saka var godt nok opplyst på vedtakstidspunktet?
  2. I dei sakene de meiner var godt nok opplyst på vedtakstidspunktet, korleis ser de dette?
  3. Av dei sakene de vurderer som godt nok opplyste på vedtakstidspunktet, i kor mange av dei meiner de at vurderinga av søkjarens behov for økonomisk stønad reflekterer dei tilgjengelege opplysningane om søkjarens og søkjarens barns situasjon og behov på søknadstidspunktet?
  4. I dei sakene der de meiner at vurderinga av søkjarens behov for økonomisk stønad reflekterer dei tilgjengelege opplysningane om søkjarens og søkjarens barns situasjon og behov på søknadstidspunktet, jf. spørsmål 3, korleis ser de dette?
  5. I kor mange av dei sakene der de meiner at vurderinga av søkjarens behov for økonomisk stønad reflekterer dei tilgjengelege opplysningane om søkjarens og søkjarens barns situasjon og behov på søknadstidspunktet, jf. spørsmål 4, har de vurdert kva som er til barnets beste og teke omsyn til det ved utmålinga?
  6. I dei sakene der de ved utmålinga har vurdert kva som er til barnets beste og teke omsyn til det, jf. spørsmål 5, korleis ser de det?
  7. I kor mange av dei ti sakene er det ved utmåling av stønad til livsopphald brukt rettleiande satsar (statlege og/eller kommunale)?
  8. Av dei sakene der de ved utmåling av stønad til livsopphald har brukt rettleiande satsar eller normer, i kor mange av desse sakene har Nav vurdert konkret at søkjaren med det tildelte beløpet vil ha nok til å dekkje nødvendig livsopphald for seg og barna i vedtaksperioden?
  9. I dei sakene der Nav har vurdert konkret at søkjaren med det tildelte beløpet vil ha nok til å dekkje nødvendig livsopphald for seg og barna i vedtaksperioden, korleis ser de dette?
  10. På bakgrunn av det de har svara på spørsmåla over, korleis vurderer de resultatet av denne gjennomgangen, og korleis vil de følgje dette opp vidare? Det må gå fram om de har justert planen for retting etter denne gjennomgangen, og når de vil gjennomføre neste kontroll og evaluering.

Vi ber dykk anonymisere to av dei ti vedtaka og sende oss kopi av desse. Vi ønskjer opplyst korleis de har vurdert desse vedtaka ved gjennomgangen (spørsmåla 1, 2, 3, 4, 6 og 7).

Frist: 01.04.2021. Ta kontakt om de har spørsmål til dette eller treng meir tid.

Vedlegg: Gjennomføring av tilsynet

I dette vedlegget omtaler vi korleis tilsynet vart gjennomført, og kven som deltok.

Varsel om tilsynet vart sendt 22.09.2020.

Før tilsynsbesøket, hadde vi telefonsamtale med tre søkjarar om deira erfaring med Nav Kinns behandling av søknader om økonomisk stønad.

Tilsynet vart gjennomført ved Nav Kinns kontor i Florø, med deltakarar frå kontoret i Måløy på Teams.

Vi innleia med eit kort informasjonsmøte 02.12.2020, og hadde oppsummerande møte med førebels konklusjon 03.12.2020.

Vi fekk ein del dokument tilsendt på førehand, og hadde gjennomgått desse før tilsynet. Andre dokument vart lagt fram for oss under tilsynsbesøket.

Følgjande dokument er lagt fram og lagt til grunn ved tilsynet:

  • Organisasjonskart
  • Delegeringsreglement
  • Partnarskapsavtale mellom Kinn kommune og Nav fylke (to versjonar)
  • Fordeling av arbeidsoppgåver ved Nav Kinn
  • Opplæringsplan for ein nytilsett
  • Skriftlege rutinar for økonomisk stønad mm
  • Søknadsskjema
  • Kartleggingsskjema
  • Sjekkliste for vedtak om økonomisk sosialhjelp
  • Rutine for internkontroll for sosialhjelpsvedtak
  • Årshjul for internkontroll etter sosialtenestelova 2018-2020
  • Oversikt over møte i økonomiteamet
  • Mal for sakliste til møte i økonomiteamet
  • Tal vedtak om økonomisk stønad til personar med forsytaransvar for barn til no i 2020
  • Rutine for melding av avvik
  • Skjema for melding av avvik
  • Oversikt over avvik på tilsynsområdet
  • Oversikt over 20 vedtak med tilhøyrande søknad, som gjeld økonomisk stønad til personar med forsytaransvar for barn

Vi gjekk gjennom 20 vedtak med underliggande dokumentasjon, for 18 søkjarar. Sakene var plukka ut etter følgjande kriterium:

  • Vi bad om å få tilsendt dei siste 20 vedtaka, med tilhøyrande søknader, frå personar med forsyteransvar for barn, men slik at dette omfatta minst fem avslag. Vi fekk til saman 20 vedtak for dei 18 søkjarane, av desse minst fem avslag. I tillegg til dette, gjekk vi gjennom fem saker som gjeld nye søkjarar, for å sjå om det var gjennomført avklaringssamtalar/kartleggingssamtalar i saker med nye søkjarar.

I tabellen under gir vi eit oversyn over kven som vart intervjua, og kven som deltok på oppsummerande møte ved tilsynsbesøket:

Ikke publisert her

Tilsynet vart gjennomført av:

  • seniorrådgjevar, Elisabeth Lund-Iversen, revisor
  • seniorrådgjevar, Linda Kråkenes, revisor
  • seniorrådgjevar, Turid Måseide, revisjonsleiar