Hopp til hovedinnhold

Rapport frå tilsyn 15. og 16. november 2022

Vi gjennomførte tilsyn med Askøy kommune 15. og 16. november 2022. Temaet for tilsynet var Nav-kontorets ansvar for å ivareta barns behov når familien søkjer om økonomisk stønad.

Den 17. mars 2023 meldte kommunen tilbake om kommunens praksis ved vurdering av om barnerike familiar har en stordriftsfordel. Vi har tatt inn dette i rapporten.  

Ved dette tilsynet vart det ikkje avdekt lovbrot.

Med helsing

Øystein Breirem Jacobsen
seksjonssjef

Linda Kråkenes
seniorrådgjevar

1.  Tilsynets tema og omfang

I dette kapittelet skildrar vi kva som vart undersøkt i tilsynet.

Temaet for tilsynet var Nav-kontorets ansvar for å ivareta barns behov når familien søkjer økonomisk stønad. Vi har undersøkt og vurdert om kommunen oppfyller desse krava:

  • Ved søknad om økonomisk stønad må Nav-kontoret kartleggje barnas behov godt nok
  • Ved behandling av søknader om økonomisk stønad til familiar, må Nav-kontorets vurderingar og avgjerder vere forsvarlege
  • Nav-kontoret må følgje opp familiar som tek i mot økonomisk stønad, ved behov

Tilsynet er gjennomført som ein systemrevisjon. Det inneber at vi har ført tilsyn med korleis kommunen gjennom styring og leiing oppfyller dei aktuelle lovkrava.

Brukaren sine meiningar om og erfaringar med tenestetilbodet, er viktig informasjon for tilsynet. Vi har derfor som ledd i tilsynet, kontakta ti personar som har fått minst ein søknad om økonomisk stønad behandla av Nav Askøy. Vi avtalte og gjennomførte samtale med seks av dei.

Tilsynet er del av eit landsomfattende tilsyn for 2022-23. Det at tilsynet er landsomfattande, betyr at alle statsforvaltarane gjennomfører tilsyn med same tema, og innanfor den fastsette perioden. Formålet med det landsomfattande tilsynet er å skape nasjonal merksemd om området, avdekke svikt og bidra til forbetring. Helsetilsynets veileder for tilsynet er publisert på Helsetilsynets nettsider. Tilsynsrapportane frå alle statsforvaltarane og Helsetilsynets oppsummeringsrapportar, vert også publiserte der.

2.  Aktuelt lovgrunnlag for tilsynet

Statsforvaltaren fører tilsyn med om kommunen oppfyller plikter som følgjer av sosialtenestelova, sjå sosialtenestelova § 9. Tilsynet omfattar også den delen av kommunens internkontroll som skal sikre at kommunen oppfyller dei pliktene som følgjer av sosialtenestelova kapittel 4.

Tilsyn er ein kontroll av om verksemda er i samsvar med gjeldande lovkrav. Her gjer vi kort greie for dei lovkrava som vart lagt til grunn i dette tilsynet.

Krav til kartlegging

Nav-kontoret skal kartleggje familiens situasjon. Kartlegginga skal omfatte behova til kvart enkelt familiemedlem. Målet med kartlegginga er å fange opp, avverje og avhjelpe vanskelege livssituasjonar for barn og unge som lever i familiar med sosiale problem. Nav-kontoret skal kartleggje familiens behov med tanke på at barna skal ha høve til å delta på dei same sosiale arenaene som jamaldrande barn der dei bur.

Kommunen pliktar å opplyse saka godt nok før vedtaket vert gjort, jf. forvaltningslova § 17. Sosialtenestelova §§ 18 og 19, saman med § 1, er styrande for kva opplysningar som er nødvendige for å ta avgjerder om økonomisk stønad.

Det kjem ikkje alltid tydeleg fram i ein søknad kva familien har behov for. Ein del av kartlegginga er å avdekkje behov for stønad og om familien treng anna oppfølging for å oppnå formålet i lova. Særleg nye brukarar av sosiale tenester er ikkje alltid klar over at dei kan søkje om stønad til utgifter utover det som vert dekt av rettleiande livsopphaldssatsar, husleige og straum.

Kva som skal kartleggjast, vil avhenge av familiesituasjonen og familiens hjelpebehov. Nav kan innhente opplysningar munnleg eller skriftleg. Dei opplysningane Nav får munnleg, skal dei skrive ned, jf. forvaltningslova § 11 d.

Ved søknad frå ein person som søkjer om økonomisk stønad for første gang, vil det til vanleg vere behov for ein grundig kartleggingssamtale. Ved løpande søknader, er det viktig med jamlege samtalar med brukaren for å sikre at opplysningane vert oppdaterte, og at eventuelt nye behov vert avdekte.

Nav-kontoret må leggje til rette for brukarmedverknad i kartlegginga, og tenestetilbodet skal så langt som mogleg vere utforma i samarbeid med brukaren. Det er viktig at Nav-kontoret som ledd i kartlegginga innhentar informasjon om kva barna treng. Dette skjer til vanleg i samtale med foreldra, men Nav-kontoret kan også på andre måtar få informasjon om kva barna treng.

Nav-kontoret må avtale med familien om dei skal ha kartleggingssamtalane på Nav-kontoret, ved heimebesøk eller på andre arenaer.

Ved språkutfordringar er det viktig at Nav-kontoret bruker tolk, slik at brukaren forstår informasjonen frå Nav og får høve til å skildre situasjonen sin på ein måte Nav kan forstå. Manglande bruk av tolk kan medføre at Nav-kontoret får uriktige eller mangelfulle opplysningar, slik at kartlegginga ikkje vert god nok.

Krav til vurdering og avgjerd

Når Nav-kontoret har kartlagt familiens situasjon godt nok, skal Nav-kontoret vurdere hjelpebehovet og ta stilling til om søkjaren skal få økonomisk stønad, og eventuelt kor mykje. Dersom Nav-kontoret ikkje har kartlagt godt nok, er det fare for at det kan oppstå følgjefeil når dei skal vurdere søknaden og ta avgjerd.

Nav-kontorets vurderingar skal vere konkrete, individuelle vurderingar, basert på dei opplysningane som har kome fram i kartlegginga. Det må gå fram at dei har teke omsyn til kvart enkelt barns behov. Nav-kontoret må synleggjere korleis barnets beste er vurdert ut frå familiens situasjon og behov, og det må gå fram korleis omsynet til barnet er vekta opp mot andre omsyn i vurderingane.

I vurderinga etter sosialtenestelova § 18 skal Nav-kontoret leggje til grunn dei faktiske inntektene og utgiftene som familien har. Frå 01.09.2022 fekk sosialtenestelova § 18 eit nytt tredje ledd, der det går fram at barnetrygd skal haldast utanfor ved vurdering av søknad om stønad til familiar.

Ved vurderinga av hjelpebehovet, skal Nav-kontoret leggje til grunn familiens utgifter til forsvarleg livsopphald. Det går ikkje direkte fram i lova kva utgifter som inngår i livsopphaldet, men formålsparagrafen og kravet om forsvarleg livsopphald gjev rettleiing om stønadsnivået.

Statlege og kommunale satsar gjeld berre som eit utgangspunkt for vurdering av stønadsnivået. Nav-kontoret må alltid gjere ei individuell vurdering, der det blant anna vert teke omsyn til kvart enkelt barn.

Dersom Nav-kontoret avslår søknaden etter sosialtenestelova § 18, skal dei vurdere om dei bør gje stønad etter sosialtenestelova § 19. Dei må da vurdere konkret om søkjaren treng stønad for å kunne overvinne eller tilpasse seg ein vanskeleg situasjon. Nav-kontoret kan på denne måten fange opp og dekkje ulike behov for økonomisk hjelp som ikkje vert dekt gjennom sosialtenestelova § 18. 

Det må vere logisk samanheng mellom vurderingane og avgjerda.

Krav til oppfølging

Familiar som får økonomisk stønad, vil i mange tilfelle ha behov for tett oppfølging for å nå formålet i lova. Formålet med oppfølginga er å løyse eksisterande sosiale problem, og å førebyggje at slike problem oppstår. Målet er at familien på sikt skal klare seg sjølv, og oppfølginga skal støtte opp under dette.

Kommunane har stor grad av handlefridom med omsyn korleis oppfølging av familiar skal skje. Det går fram av rettleiaren til sosialtenestelova § 17 at oppfølginga kan omfatte alt frå enklare rettleiing som skal bidra til at søkjaren skal klare seg i kvardagen, til fagleg kvalifiserte råd og familieoppfølging.

Nav-kontoret skal gjennom motivasjons- og endringsarbeid gjere det lettare for familien å meistre livssituasjonen sin på ulike område. Dette inneber at Nav-kontoret skal tilby familien samtalar, og at samtalar er det viktigaste elementet i oppfølginga. Som utgangspunkt skal Nav-kontoret tilby oppfølgingssamtalar i alle saker der familiar får økonomisk stønad. Likevel kan det vere faglege årsaker til at det ikkje i alle saker er gjennomført samtalar.

Nav-kontora skal ivareta oppfølgingsplikta si ved at dei gjer vedtak om opplysning, råd og rettleiing etter § 17. At ei avgjerd er eit enkeltvedtak, har betydning for heile prosessen, frå informasjon, søknad og utgreiing, til innhaldet i og forma på avgjerda og høvet til å klage. Nav kan anten gjere eige vedtak etter § 17, eller vedtak etter § 17 saman med vedtak om økonomisk stønad.

Oppfølgingsansvaret etter sosialtenestelova omfattar ikkje meir enn det Nav-kontoret har ansvaret for etter sosialtenestelova. Det omfattar ikkje tenester og oppgåver som ligg til andre instansar. På den andre sida vil det ofte vere slik at Nav-kontoret må samarbeide med andre tenester for at oppfølginga skal vere forsvarleg.

Krav til styring og leiing

Krava som gjeld leiing, organisering og styring understrekar kommunens ansvar for å tilby og yte forsvarlege tenester. God styring og leiing bidreg til at brukarane får oppfylt rettane sine. Det kan derfor vere stor risiko for svikt i tenesteytinga dersom kommunen ikkje har tilstrekkeleg styring med kvaliteten på tenestene. Svikt i tenesteytinga kan få store konsekvensar for dei som bruker tenestene.

Kommunen skal ha internkontroll etter reglane i kommunelova § 25-1. Internkontrollen skal vere systematisk og tilpassa storleiken, eigenarten, aktivitetane og risikoforholda i verksemda.

3.  Framstilling av faktagrunnlaget

Her gjer vi greie for korleis tenestene fungerer med tanke på det som er temaet ved dette tilsynet.

Askøy kommune hadde 29 816 innbyggjarar i 2022 (Kostratall per 15.06.22). Kommunesenteret ligg på Kleppestø. Nav er ei eining under sektor for familie og inkludering. Nav-kontoret er inndelt i tre avdelingar; avdeling for tenesteavklaring og forvaltning, avdeling for arbeidsliv og avdeling for ungdom. Dei som arbeider mest med målgruppa for tilsynet tilhøyrer teama sosial, levekår, kvalifiseringsprogram og flyktningar. Levekårsteamet jobbar med familiar som har store og komplekse problem, der hjelpebehovet ikkje er avklart. Teamet har direkte oppfølging av familiar, og gjev rettleiing til kollegaer i Nav-kontoret og elles i kommunen. Det er tett samarbeid mellom dei som jobbar med økonomisk stønad og økonomisk rådgjeving.

Nav Askøy bruker saksbehandlarsystemet Velferd og Websak pluss.  Alle tilsette har også tilgang til «Gosys», «Modia» og «Arena». Ved søknad om økonomisk sosialhjelp kan det vere relevant å søkje informasjon i alle disse fagsystema.

Rutinar og prosedyrar ligg i kvalitetssystemet Compilo. Desse vert jamleg revidert.  Alle som jobbar med økonomisk sosialhjelp, skal følgje dei same faglege prosedyrane.

Team sosial har møte kvar onsdag, der dei drøftar saker og får faglege oppdateringar. Fagansvarleg leiar møtte og avdelingsleiaren deltek jamleg i møta. Avdeling tenesteavklaring og forvaltning har møte kvar månad, der økonomisk sosialhjelp er tema.

Den fagansvarlege yter fagleg støtte i spørsmål som gjeld dei sosiale tenestene, kan rettleiing i enkeltsaker, og går gjennom vedtak før ho godkjenner dei. Saksdrøfting skjer ved behov. Avdelingsleiaren tek stikkprøvekontroll med jamne mellomrom, samt godkjenner vedtak i feriar og elles ved behov.

Avdelinga jobbar på tvers av Navs statlege og kommunale tenester, og dei har som mål å leggje til rette for saumlause brukarreiser for brukarar som parallelt mottek statlege og kommunale tenester frå Nav.

Kartlegging

Vi har gjennom brukarsamtaler, intervju med tilsette og gjennomgang av saksdokument, fått vite at Nav-kontoret gjennomfører kartleggingssamtalar, og at barnas behov inngår som tema i desse samtalane. Rettleiarane har ansvar for kartlegginga og har samtalane med søkjaren. Dei bestemmer møteform og møtestad etter om brukaren er ny eller ikkje. For nye brukarar er det til vanleg fysiske møte på Nav-kontoret. Det vert også gjennomført heimebesøk, til dømes om det er vanskeleg for brukaren å kome til kontoret.  Når det kjem inn ein søknad om økonomisk stønad, er det vanleg at saksbehandlaren sjekkar både i det kommunale systemet og det statlege systemet for å finne ut om brukaren er ny eller ikkje. Dei vurderer om det er behov for fleire opplysningar og/eller dokumentasjon. Brukaren vert gjerne oppringt eller får eit brev der det går fram kva som manglar.

Kontoret har eit kartleggingsskjema som alle skal bruke. I intervju går det fram at dei med lang erfaring bruker det meir som ei rettleiing. Levekårstemaet opplyser at dei bruker eit eige kartleggingsskjema som dei fyller ut i lag med brukaren. 

I intervju vert det sagt at formålet med kartleggingssamtalen er å få best mogeleg oversikt over familien og barnas situasjon, til dømes økonomi, helse og barnas behov, slik at dei har best mogleg grunnlag for å vurdere om familien treng hjelp, og eventuelt kva hjelp. Ofte skjer dette i samspel mellom brukaren og saksbehandlaren. Brukaren fortel om seg sjølv, og saksbehandlaren følgjer opp med spørsmål. I kartleggingssamtalen vert brukaren invitert til å fortelje om seg sjølv, bu-situasjonen, utgifter, barnas situasjon, helse, rus, økonomi og gjeld.  Dei tilsette vi snakka med, opplevde at brukarane liker å snakka om barna sine. Dei snakkar om korleis dei har det heime, i barnehagen, eller på skulen, kva dei liker å gjere, fritidsaktivitetar, vener, og om barna har spesielle behov.  Dei tilsette tek også opp med brukaren korleis det å ha dårleg råd påverkar familien og barna.  Dei snakkar om kva brukaren sjølv tenkjer om sin eigen og familiens situasjon, og dei snakkar om korleis dei skal kome vidare. Dette vert journalført i velferd, eller i dei andre fagsystema, i tråd med det som er bestemt i rutinane for journalføring.

Det dei tilsette seier om innhaldet i kartlegginga, stemmer med det brukarane har fortalt oss. I  brukarsamtalane fekk vi vite at Nav snakkar med brukaren om brukarens situasjon og behov, og om barna og deira behov, til dømes skulesituasjonen og kva dei gjer på fritida.

Dersom saka hastar, kan Nav gjere vedtak før dei har avslutta kartlegginga. Kartlegginga vert da følgt opp seinare. Vi fekk også vite at kartlegginga kan vere mindre omfattande der flyktningtenesta allereie har kartlagt familiens situasjon. 

Saksbehandlarane avgjer sjølv om det er behov for tolk i samtalane. Grunna kapasitetsproblem hos tolketenesta bruker dei mest telefontolk.

Vurdering og avgjerd

Frå 2018 og fram til lovendringa 1. september 2022 var barnetrygda ein del av vurderinga når barnefamiliar søkte om økonomisk stønad. No held Nav-kontoret barnetrygda utanfor berekninga ved utmåling av stønaden.

Ved fastsetting av livsopphaldet, tek kontoret utgangspunkt i rettleiande satsar. Vi fekk vite at dei på bakgrunn av opplysningane som har kome fram i kartlegginga, vurderer om dei skal yte stønad tilsvarande satsen eller leggje til for noko. Dersom det har kome fram opplysningar om behov utover det satsen er meint å dekkje, vert det lagt til for dette. Det vert til dømes ytt ekstra stønad til helseutgifter, klede eller utstyr. Vi fekk opplyst at dei ved kartlegginga avklarer om noko skal leggast til. Dei gjer da ofte eigne vedtak i tillegg til vedtaket om livsopphald etter den rettleiande satsen. Satsane er lagt inn i fagsystemet, og saksbehandlaren kan velje kva sats som skal brukast.

Ved gjennomgang av saksdokument, såg vi døme på at det er ytt ekstra stønad til klede, helseutgifter og anna. Vi såg journalnotat der det går fram at saksbehandlaren har snakka med brukaren om kva stønaden skal dekkje, korleis stønaden bør disponerast, og at familien må søkje om hjelp før dei handlar inn noko som dei må ha ekstra stønad til. Vi såg også journalnotat der det var notert at det ikkje hadde kome fram opplysningar om utgifter utover det satsen dekkjer, og at det var gjort vurderingar av barnets beste.

I intervju fekk vi vite at dei reduserer for stordriftsfordel når dei vurderer og avgjer søknader frå familiar med meir enn tre barn. Bakgrunnen for dette er eit budsjettvedtak som vart gjort for nokre år sidan, der det er lagt inn føringar om at dei ikkje skal rekne livsopphaldssats for meir enn tre barn.

I tilbakemelding 17. mars 2023 presiserte kommunen at etter deira retningslinjer på området skal dei ikkje automatisk yte livsopphald for alle familiar med meir enn tre born, fordi det i kvar enkelt sak må vurderast om familien kan ha ein stordriftsfordel. Dei skriv at dersom dei vurderer at familien har ein stordriftsfordel, blir livopphaldssatsen for dei tre eldste barna lagt til grunn som eit utgangpunkt.

I intervju fekk vi vite at det frå leiinga si side er ei klar forventning at dei skal ha fokus på barna, at dei er tett på dei store familiane, at barna i desse familiane skal ha det same som andre barn, og at Nav skal kjenne desse familiane så godt at dei får ekstra stønad når dei treng det.

Kommunen har etter tilsynsbesøket sendt oss justert sjekkliste som gjeld ved behandling av søknadar om sosialhjelp, med eigne punkt som gjeld søknadar frå barnefamiliar med meir enn tre barn. Kommunen skriv at denne skal bidra til kvalitetssikring av individuelle og faglege vurderingar av livsopphaldssatsen til familiar med meir enn tre barn.  Vi har også fått tilsendt vedtaksmal for førstegangsstønad for store familiar, der det er lagt inn at søkjer får skriftleg informasjon om moglegheita til å søkje om ekstra stønad  ved behov. I vedtaksmalen ligg det inne mal/hjelpetekst for vurderinga av stordriftsfordel. I teksten går det fram at storfamiliar kan ha ein stordriftsfordel, og at dette skal vurderast konkret i kvar enkelt sak.

Vi har sett døme på saker som gjeld familiar med meir enn tre barn, der det er gjort ei grundig kartlegging av situasjonen til familien. På bakgrunn av denne kartlegginga, vart det vurdert at det ikkje var grunnlag  for å fråvike den rettleiande satsen . Vi har også sett at det i eit konkret tilfelle er vurdert at det ikkje var aktuelt å arve klede. Det går fram at det er vurdert som viktig å få kartlagt heile familiens behov med tanke på å tilby anna hjelp enn økonomisk stønad.

I intervju med tilsette fekk vi vite at dei også i saker som hastar vurderer kor stort hjelpebehovet er. Det kjem ofte fram at straum og husleige ikkje er betalt. Dei er opptekne av å sikre barnas behov utover mat og drikke. Dei undersøkjer alltid dette, og yter hjelp, slik at barnas behov vert stetta. Dette kan gje seg utslag i at det vert ytt hjelp til straum, bleier, medisinar, og at barna vert innvilga livsopphald etter vanleg sats, medan dei vaksne vert innvilga livsopphald etter nødhjelpssats. Vi såg vedtak og journalnotat som bekreftar denne praksisen.

Ved avslag etter § 18, vurderer kontoret alltid om dei skal yte stønad etter § 19. Vi har ikkje sett mange vedtak der det er gjeve avslag etter § 18. I mappegjennomgangen har vi sett døme på at det er innvilga hjelp til straumrestanse etter § 19. Vi har også sett døme på at det er vurdert at økonomisk stønad ikkje vil hjelpe brukaren til å overvinne eller tilpasse seg ein vanskeleg livssituasjon.

Oppfølging

Nav kontoret tilbyr oppfølging gjennom samtale, og/eller samarbeid med andre tenester. Vi fekk vite i intervju at det er vanleg å følgje opp familiane alt etter behovet, og at dei kontinuerleg vurderer kva  oppfølging brukaren skal få tilbod om. I intervju fekk vi vite at kvar enkelt saksbehandlar tilbyr oppfølging og støttesamtalar etter at vedtak er gjort. Dei snakkar med brukaren om budsjett, disponering av pengar, viktigheita av å betale husleige slik at barn ikkje vert ståande utan ein plass å bu. Oppfølging kan også gjevast av andre team i avdelinga, andre i kommunen eller andre utanfor kommunen. Vi fekk også vite at saksbehandlarane kan delta i ansvarsgruppemøte og vere med brukaren i møte med andre. Barnevernstenesta vart nemnt som døme. Saksbehandlarane gjev ofte råd og rettleiing, men dei gjer ikkje mange vedtak etter § 17. Dei dokumenterer oppfølginga i journalnotat i Velferd, eventuelt i Gosys eller Modia. Vi har sett døme på samtalenotat og samarbeid med andre tenester. Dersom brukaren har uavklarte og større behov, bli levekårsteamet involvert. I intervju fekk vi opplyst at levekårsteamet journalfører i Velferd og gjer vedtak etter § 17 dersom oppfølginga skal vare over tid. Der vert det også laga mål og statusplan for vidare oppfølging. Vi fekk opplyst at økonomisk rådgjever gjer vedtak etter § 17.

Vi har sett spor av at oppfølging skjer i meir enn halvparten av saksmappene. Vi har også sett døme på at det er journalført at brukaren ikkje ønskjer oppfølging. Vi har ikkje sett døme på vedtak etter § 17 i dei sakene vi gjekk gjennom. 

4.  Vurdering av faktagrunnlaget opp mot aktuelt lovgrunnlag

I dette kapittelet vurderer vi fakta i kapittel 3 opp mot lovreglane i kapittel 2.

Kartlegging

På bakgrunn av det som har kome fram i brukarsamtalane, i intervju og ved gjennomgang av saksdokument, legg vi til grunn at Nav-kontoret legg til rette for og gjennomfører kartleggingssamtalar, der barnas behov inngår som tema. Vidare at Nav-kontoret innhentar opplysningar om barna munnleg og skriftleg, og at saksmappene inneheld opplysningar om barna.

Vi legg også til grunn at Nav er tett på familiar som treng hjelp over tid, og har løpande dialog med dei om kva dei treng. Dei har fokus på det samla hjelpebehovet, ikkje berre økonomien.

Vurdering og avgjerd   

Frå 2018 og fram til lovendringa 1. september 2022 var barnetrygda ein del av vurderinga når det vart søkt om økonomisk stønad til barna. Vi ser no at Nav-kontoret held barnetrygd utanfor ved utrekning av stønaden. 

Ved utmåling av stønad tek kontoret utgangspunkt i rettleiande sats og justerer for individuelle forhold.

Kommunens praksis knytt til reduksjon for stordriftsfordel dersom familien har meir enn tre barn medfører ei skjerpa plikt til grunngjeving, og denne grunngjevinga bør vere synleg i vedtaket. I verste fall kan manglar ved vurderinga føre til at familiane ikkje får den sosialstønaden dei har krav på, og at barnas behov med tanke på levestandard og livsvilkår, ikkje vert dekt.

Rettleiaren for tilsynet slår fast at ein praksis som automatisk legg til grunn at store familiar har ein stordriftsfordel, er lovstridig. Det er ikkje nok å vise til at det ligg føre ein stordriftsfordel, det må gå fram at det er vurdert og korleis stordriftsfordelen vil slå ut i det konkrete tilfelle. Dersom det er vurdert at familien kan spare utgifter ved at barna arvar klede av eldre søsken, må det gå fram i grunngjevinga at det er vurdert at det faktisk er mogeleg for barna å arve klede, med tanke på alder, kjøn, kroppsfasong og liknande. Tilsvarande gjeld for utgifter til mat og drikke.

Nav Askøy har ikkje synleggjort dei konkrete individuelle vurderingane i vedtaka. Vi må gå til journalnotata for å sjå kva som er vurdert. Dette gjer det vanskeleg for søkjaren å fange opp om det er gjort feil i utmålinga av stønaden. På den andre sida har vi sett i saksdokumenta at dei kartlegg behov, og at dei som ledd i oppfølginga av familiane fangar opp behov og gjev ekstra stønad i samsvar med avdekte behov. Vi legg til grunn derfor at avgjerdene heng saman med vurderingane.

På bakgrunn av dei opplysningane vi har fått etter tilsynsbesøket og kommunens tilbakemelding 17. mars 2023, legg vi til grunn at leiinga formidlar tydeleg at eventuell reduksjon for stordriftsfordel må byggje på konkrete individuelle vurderingar, som skal gå fram av vedtaket. Sjekklista og vedtaksmalen vi har fått tilsendt, understøtter dette.

Dersom kontoret ikkje gjev stønad etter § 18, vert det gjort konkrete, individuelle vurderingar etter § 19.

Oppfølging

Vi har høyrt og sett at Nav-kontoret tilbyr oppfølging gjennom samtale og/eller samarbeid med andre tenester. Vi har sett spor av oppfølging i meir enn 50 prosent av sakene. Vi har ikkje merknader til det vi har fått vite om Navs oppfølging av barnefamiliar som har søkt om økonomisk stønad.

5.  Statsforvaltarens konklusjon

Her presenter vi konklusjonen av undersøkinga vår, basert på vurderingane i kapittel 4.

Ved dette tilsynet vart det ikkje avdekt lovbrot.

Vedlegg: Gjennomføring av tilsynet

I dette vedlegget omtaler vi korleis tilsynet vart gjennomført, og kven som deltok.

Varsel om tilsynet vart sendt 29.08.2022.

Før tilsynet, hadde vi telefonsamtale med seks personar i målgruppa for tilsynet, om brukarens erfaring med Nav Askøys arbeid.

Vi fekk ein del dokument tilsendt på førehand, og hadde gjennomgått desse før tilsynet. Andre dokument vart lagt fram for oss dei to tilsynsdagane. Vi gjekk gjennom dokumentasjon knytt til søknader, vedtak og oppfølging i om lag 25 klientsaker, til saman om lag 40 vedtak. 

Vi fekk tilsendt ytterlegare dokumentasjon etter tilsynsbesøket, som vi har gjennomgått i samband med rapportskrivinga.

I tabellen under gir vi eit oversyn over kven som vart intervjua, og kven som deltok på sluttmøtet ved tilsynsbesøket:

Ikkje publisert her.

Desse deltok frå Statsforvaltaren:

  • seniorrådgjevar Elisabeth Lund-Iversen, revisor
  • seniorrådgjevar Turid Måseide, revisor   
  • seniorrådgjevar Linda Kråkenes, revisjonsleiar

Alle tilsynsrapportar frå dette landsomfattande tilsynet

2022–23 Nav-kontorenes ansvar for å ivareta barns behov ved tildeling av sosiale tjenester

Søk etter tilsynsrapporter

Søk