Hopp til hovedinnhold

Statsforvaltaren har gjennomført tilsyn med kommunal beredskap og helseberedskap i Gloppen kommune. Tilsynet vart gjennomført ved dokumentgjennomgang og digitalt tilsynsmøte med leiing og nøkkelpersonar i kommunen.

Vi undersøkte om kommunen har overordna beredskapsplan og beredskapsplan for helse- og omsorgstenestene, og eit system for opplæring, øving og evaluering som er i samsvar med lov og forskrift.

Statsforvaltaren har avdekt følgande lovbrot under tilsynet:

Plan for helsemessig og sosial beredskap oppfyller ikkje krav til revisjon, samordning og den bygger ikkje på ROS-analyser. Planen er ikkje revidert sidan 2010, og den er ikkje samordna med kommunen sine andre beredskapsplanar og med spesialisthelsetenesta.

Dette er brot på: Lov om helsemessig og sosial beredskap (helseberedskapslova) § 2-2 og helseberedskapsforskrifta § 6.

1.    Tema og omfang for tilsynet

Statsforvaltaren har undersøkt om kommunen har overordna beredskapsplan og beredskapsplan for helse- og omsorgstenestene , og eit system for opplæring, øving og evaluering av øvingar og uønskte hendingar, og om dette er i samsvar med lov og forskrift.

Som del av tilsynet undersøkte vi om kommunen har ein kriseorganisasjon som har kapasitet til, og er øvd på å handtere uønskte hendingar, og korleis kommunen har ivareteke smittevern og planlagt for kontinuitet i drifta og tenesteyting.

Tilsynet er ein del av Statsforvaltaren sine planlagde tilsyn i 2022. Temaa for tilsynet er valt for å undersøke om kommunen er budd på å stå i handtering av ein langvarig pandemi.

Revisjonen inneheld ikkje vurdering av heilskapleg ROS-analyse. Tilsynet gir difor ikkje ei fullstendig vurdering av kommunens arbeid med samfunnstryggleik og beredskap.

Tilsynet omfattar ikkje tilsyn med sosialberedskap.

2.    Aktuelt lovgrunnlag for tilsynet

Eit tilsyn er kontroll av om verksemda sin praksis er i samsvar med gjeldande reglar i lov- og forskrift. Lovbrot betyr at krav i lov og forskrift vert mangelfullt etterlevd.

Her gir vi ei kort oversikt over lovkrava som er lagt til grunn:

Krav til kommunal beredskapsplikt etter sivilbeskyttelseslova

Kommunen skal utarbeide ein beredskapsplan basert på kommunen sin heilskaplege ROS-analyse, jf. § 15 i Lov av 25. juni 2010 om kommunal beredskapsplikt, sivile beskyttelsestiltak og Sivilforsvaret (sivilbeskyttelseslova)

Krava til beredskapsplan, oppdatering og revisjon og system for opplæring, øvingar og evaluering er utdjupa i forskrift av 22. august 2011 om kommunal beredskapsplikt.

Detaljkrav til innhaldet i kommunens overordna beredskapsplan er gitt i forskrifta § 4. Planen skal bygge på kommunens heilskaplege ROS-analyse. Den skal samordne og integrere dei andre beredskapsplanane i kommunen, og den skal vere samordna med andre relevante offentlege og private krise- og beredskapsplanar.

Beredskapsplanen skal vere oppdatert og som minimum årleg revidert, jf. krav i § 6 om oppdatering og revisjon av overordna beredskapsplan.

I forskrifta § 7 er det krav om at kommunen skal øve beredskapsplanen annakvart år, og at det skal vere eit system for opplæring som sikrar at alle som er tiltenkt ei rolle i krisehandtering i kommunen har tilstrekkelege kvalifikasjonar.

Kommunen skal etterleve krava i § 8 i forskrifta om å evaluere krisehandteringa etter øvingar og hendingar, og implementere eventuelle funn i ROS-analysen og beredskapsplanar.

Det følger av § 9 at kommunen skal kunne dokumentere skriftleg at krava i forskrifta er oppfylt.

Krav som følger av helse- og beredskapslovgjevinga

Etter lov 24.06.2011 nr. 30 om kommunale helse- og omsorgstjenester m.m. (helse- og omsorgstjenesteloven) § 5-2, og lov om helsemessig og sosial beredskap (helseberedskapslova) § 2- 2, pliktar kommunen å utarbeide ein plan for beredskapsarbeidet for helse- og sosialtenestene.

Etter lov om sosiale tenester i arbeids- og velferdsforvaltninga § 16, pliktar kommunen å utarbeide ein beredskapsplan for arbeids- og velferdsforvaltninga i samsvar med lov om helsemessig og sosial beredskap. Sosialberedskapsplanen skal samordnast med andre beredskapsplanar i kommunen.

Nærare krav til innhald i beredskapsplanen etter § 2-2 i helseberedskapslova er gitt i forskrift av 23. juli 2001 nr. 881 om krav til beredskapsplanlegging og beredskapsarbeid mv. etter lov om helsemessig og sosial beredskap (heretter helseberedskapsforskrifta).Statsforvaltaren viser òg til «Rettleiar om helse- og sosialberedskap i kommunen» frå Helsedirektoratet (IS-1700/2009).

Kommunestyret skal i følge § 2 i forskrifta fastsette planen og frekvens for revisjon og oppdatering. Det skal gå fram av planen kor ofte den og risiko- og sårbarheitsanalysen (ROS-analysen) som den bygger på, skal evaluerast og oppdaterast.

Planen skal lagast ut frå ein risiko- og sårbarheitsanalyse innan området, jf. forskrifta § 3. Det er ikkje krav om at sjølve analysen skal inngå i planen, men føresetnadene for analysen skal dokumenterast. Analysen bidreg til kunnskapsgrunnlaget for utarbeiding av både førebyggande og skadeavgrensande tiltak.

Planen må i følge § 4 omfatte prosedyrar for ressursdisponering og omlegging av drift som sikrar nødvendig tenesteyting. Dette gjeld både personell og materiell. Her krevst det eit minimum av dokumentasjon, slik at til dømes vikarar i ulike funksjonar lett kan finne fram.

Forskrifta stiller i § 5 krav om operativ leiing og informasjonsberedskap ved kriser og katastrofar. Det må vere avklart og kjent kven som har mynde til å ta avgjerd i ein krisesituasjon, slik at avgjerd vert teken så snart som råd.

Plan for helsemessig og sosial beredskap skal samordnast med kommunen sine andre beredskapsplanar og med spesialisthelsetenesta, jf. § 6.

Det bør visast i planen korleis kommunen skal samarbeide med politi, lokal redningssentral, statsforvaltar og andre samarbeidspartnarar. Dette gjeld òg frivillige organisasjonar i den grad det er aktuelt.

I § 7 i forskrifta vert det stilt krav om at personell som er tiltenkt oppgåver i beredskapsplanen, er øvd og har nødvendig verneutstyr og kompetanse.

Forskrifta stiller i § 10 krav til kvalitetssikring av beredskapsplanlegginga og -arbeidet i kommunen.

Etter smittevernlova § 7-2 skal kommunelegen utføre pålagte oppgåver innan smittevernet som følger av lova. I kommunar med fleire kommunelegar skal kommunestyret peike ut ein av dei til å utføre oppgåvene. Det bør òg peikast ut ein avløysar for smittevernlege. Etter smittevernlova § 7-2 andre ledd bokstav a) har kommunen ved kommuneoverlegen ansvar for å utarbeide smittevernplan, inkludert pandemiplan som omfattar plan for beredskap med tiltak. Pandemiplanen skal vere forankra hjå leiinga i kommunen, og kommunen har ansvar for å vedta kommunens pandemiplan.

Forskrift 28.10.2016 nr. 1250 om ledelse og kvalitet i helse- og omsorgstjenesten stiller krav til korleis kommunen systematisk skal sikre og forbetre tenestene.

3.    Framstilling av faktagrunnlaget

Her vert det gjort greie for korleis kommunen organiserer beredskapsarbeidet, og korleis det vert arbeidd med opplæring, øving og evaluering.

Gloppen kommune har om lag 6000 innbyggjarar. I overkant av 2000 av desse bur i og rundt kommunesenteret Sandane. Dei resterande innbyggjarane er busett og fordelt rundt fem bygdesenter; Hyen, Byrkjelo og Reed i Breim, Vereide og Rygg på kvar side av Gloppefjorden. Kommunen grensar til fem andre kommunar: Stad, Stryn, Sunnfjord, Kinn og Bremanger. Gloppen er ein landbrukskommune, og bidreg med ein stor del av fylket sin mjølkeproduksjon ved Tine Meieriet Vest på Byrkjelo. Kommunen er òg ein kraftleverandør.

Under pandemien har kommunen vorte råka av fleire smitteutbrot. Kommunen har ved behov samla kommunens kriseleiing (KKL) (heretter beredskapsleiing). I tidleg fase av pandemien var det møte i beredskapsleiinga kvar veke, men etter kvart gjekk kommunen over til møte ved behov.

Hausten 2021 hadde Gloppen eit større utbrot som varte over fleire veker, og kommunens TISK- kapasitet vart satt under prøve. I tilsynsmøtet vart det opplyst at TISK-arbeidet fungerte godt, og kommunen meiner at handteringa av utbrotet var forsvarleg, og er nøgde med at det vart unngått å få smitte inn i institusjonar. Det vart vidare opplyst at det har vore god samhandling mellom kommuneleiing, kommuneoverlege og leiing i helse og velferd gjennom pandemien. Smittevern- og pandemiplanen som låg føre ved starten av pandemien har vore lite nytta, og nytt planverk for smittevern er utarbeidd og tilpassa etter situasjonen. Kommunen etablerte ei «smitteverngruppe» som var med på å avlaste smittevernlegen.

Beredskapsplanverk

Risiko og sårbarheitsanalyse

Risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS-analyse) for kommunal beredskap og helseberedskap skal ligge til grunn for beredskapsplanverk og øvingsaktivitet.

Gloppen kommune har ein heilskapleg risiko- og sårbarheitsanalsye (ROS-analyse) frå 2020. Det gjekk fram av tilsynsmøtet at kommunen ikkje har eigen overordna ROS-analyse for helse- og omsorgstenesta, men at det er utarbeidd ROS-analyser for einingar og institusjonar/omsorgssenter. ROS-analyser er ikkje eige tema i dette tilsynet.

Overordna beredskapsplan

Gloppen kommune har ein overordna beredskapsplan som vart godkjent i kommunestyret i 2020. I tillegg til den overordna beredskapsplanen er det mellom anna utarbeidd ein lokal beredskapsplan for Hyen grunna geografiske tilhøve. Grunna koronapandemien har det ikkje vore gjennomført revisjon av den overordna beredskapsplanen i 2021.

Beredskapsplanen er utarbeidd for å dekke krava i sivilbeskyttelseslova og forskrift om kommunal beredskapsplikt. Kommunedirektøren er øvste ansvarleg for planen. I tilsynsmøtet vart det opplyst at den tidlegare brann- og beredskapssjefen har utarbeidd beredskapsplanen i samarbeid med kommunalsjef for samfunn og berekraft. Helse og velferd var ikkje direkte med i utarbeidinga av planen, men planen var på høyring i leiargruppa til kommunen der helse og velferd er representert. Den noverande brann- og beredskapssjefen fungerer som kommunen sin beredskapskoordinator og støtter kommunedirektøren i arbeidet med beredskap og planverk.

Den overordna planen skildrar organisering, kven som deltek i beredskapsleiinga og deira roller, ansvar og oppgåvefordeling ved uønskte hendingar. Kommunen har inkludert ei skildring av ELS (Enhetlig Ledelses System) som ei organisering av beredskapen. Kommunen opplyser at det i framtida kan vere tenleg å ta denne organiseringa meir i bruk. Planen inneheld rutinar for revisjon og ajourhold, plan for varsling og informasjonsarbeid, i tillegg er plan for krisekommunikasjon og plan for befolkningsvarsling og evakuering inkludert. Det er utarbeidd varslingsliste med oversikt over kontaktdata for eigne og eksterne ressursar i vedlegg til planen. Vi fekk opplyst at varslingslista er nyleg revidert, og at den inneheld varamedlem for funksjonane i beredskapsleiinga. Kommunen har innført eit nytt elektronisk kvalitetssystem siste året. Beredskapsplanen og varslingslista er gjort tilgjengeleg i det elektroniske kvalitetssystemet til kommunen. Beredskapsplanen er òg gjort tilgjengeleg i papirform.

Planen inneheld òg nokre tiltakskort som til dømes: Etablering av kommunen si beredskapsleiing og sekretariat, Etablering av evakuerte- og pårørande senter, Etablering av publikumstenesten, Pandemi og Varsling av innbyggjarane i kommunen. Kommunen har ikkje førebudd eige tiltakskort for bortfall av EKOM i den overordna planen, men opplyste at dei har førebudd tiltak på å handtere situasjonar med bortfall av EKOM både innan legetenesta, på omsorgssenteret og institusjonane, og på brannstasjonar.

Beredskapsleiing (KKL) - samansetjing

Beredskapsleiinga er samansett av kommunedirektør, ordførar, brann- og beredskapssjefen, kommunalsjefane for oppvekst, helse og velferd, samfunn og berekraft, organisasjonssjefen (kommunedirektøren sin stadfortredar), personalsjefen, økonomisjefen og sekretær (loggførar DSB- CIM). I tillegg deltek kommuneoverlegen. Kommunedirektøren er leiar for beredskapsleiinga.

Kommunedirektør og ordførar har fullmakt til å setje beredskapsleiinga i funksjon. Beredskapsleiinga har hatt jamleg kontakt under pandemien. Kommuneoverlegen har vore involvert og arbeidd tett saman med beredskapsleiinga under pandemien.

Informasjonsarbeid

Ordførar er ansvarleg for ekstern informasjon og er kommunen sin talsperson i media. Under pandemien har kommunen lagt vekt på å raskt få ut informasjon til publikum. Kommunen nyttar heimesida si som hovudkanal til informasjonsdeling og har i tillegg identifisert alternative måtar for varsling av innbyggjarane.

Oppdatering/Revisjon og samordning av planverk

Gloppen kommune har nedfelt rutinar for å oppdatere beredskapsplanen og planen skal reviderast årleg. I tilsynsmøtet vert det opplyst at den overordna beredskapsplanen ikkje har vore administrativt og politisk handsama i 2021 grunna pandemien. Varslings- og kontaktlista er ajourført jamleg.

Det går fram av beredskapsplanen at «Kvar sektor og avdeling skal innanfor sitt ansvarsområde ha nødvendig beredskapsplanar som bygger vidare på denne overordna planen.» Nokre av desse fagberedskapsplanane er lista i beredskapsplanen. Dette er mellom anna smittevernplan, plan for helsemessig og sosial beredskap, lokal beredskapsplan for Hyen og Breim, Gloppen kommune si brannordning, beredskapsplan for teknisk avdeling og beredskap Sandane heimeteneste.

Beredskapsleiar skal i samarbeid med kommunedirektøren følge opp at beredskapsplanane i kommunen vert ajourført. Beredskapsleiinga har ansvar for å koordinere rulleringa, og skal i samarbeid med kommunedirektøren arbeide med vedlikehald av beredskapsplanen. Vi fekk opplyst at det hittil ikkje er gjort noko arbeid med samordning av beredskapsplanen med dei underliggande planane. Det er eit pågåande arbeid for å få samordna og revidere planverket, og det er under planlegging ein gjennomgang og evaluering av planverk til hausten. Det er satt ned ei tverrfagleg gruppe der fleire av kommunesektorane er representert, og arbeidsgruppa skal vurdere trongen for revidering og samordning av planverket.

Beredskapsplanverk for helse- og omsorg

Plan for helsemessig og sosial beredskap

Gloppen kommune har eigen plan for helsemessig og sosialberedskap, sist oppdatert 19. april 2010. Kommunen er merksam på at planen er utdatert og ikkje samordna med anna beredskapsplanverk i kommunen. Kommunen har planar om å oppdatere planen, og vil sjå dette i samanheng med gjennomgang og evaluering av planverk til hausten. Det er ikkje fastsett dato for endeleg revisjon av planen.

Smittevernplan og Pandemiplan

Smittevernplanen er frå mars 2022 medan pandemiplanen med vedlegg er utarbeidd i perioden 2020-2022. Planane er utarbeidd av kommuneoverlegen i Gloppen kommune og godkjend av kommunalsjef Helse og Velferd. Smittevernplanen er generisk utforma, og denne utgåva inneheld ikkje lenke til kommunens tuberkulosekontrollprogram eller infeksjonskontrollprogram for institusjonar.

Arbeidet med pandemien har synleggjort behov for gjennomgang og revisjon av helseberedskapsplanverket og samordning med overordna beredskapsplan. Kommunen ser behov for å arbeide vidare med smittevern og kontinuitetsplanlegging i lys av ny kunnskap og erfaringar frå pandemien dei to siste åra. Arbeidet med dette er under planlegging.

Kontinuitetsplanlegging - Personellressursar

Gloppen kommune har arbeidd med kontinuitetsplanlegging under pandemien, men har ikkje utarbeidd ein eigen kontinuitetsplan. Til hjelp i arbeidet med kontinuitetsplanlegginga har kommuneoverlegen utarbeidd ei rettleiingsrutine som kan nyttast i avdelingane/einingane.

Kommunen meiner dette dokumentet kan vere eit godt fundament for vidare arbeid med ein kontinuitetsplan. I tillegg har kommunen som eit grunnlag skaffa seg oversikt over tilgjengelege personell, eksterne ressursar og samarbeidspartnarar.

Arbeidssituasjon kommuneoverlege/smittevernlege under pandemien

Kommuneoverlegen er òg smittevernlege. Vi fekk opplyst at kommuneoverlegen har hatt svært mange roller og oppgåver. Under pandemien har kapasitet i funksjonen som kommuneoverlege/smittevernlege vore under press og arbeidsmengda for kommuneoverlegen har vore stor dei to siste åra. Det vart satt i verk tiltak sommaren 2021, der stillingsprosenten til kommuneoverlegen vart auka frå 40% til 100%. I tillegg vart det utpeikt hjelpepersonell for kommuneoverlegen; eit tiltak som kommuneoverlegen meiner fungerte godt.

Vikarordning

Det er inga formalisert avlastnings-/avløysarordning for kommuneoverlegen/smittevernlegen i dag. Det er vedkomande vaktlege på aktuell dag som er ansvarleg i ein beredskapssituasjon.

Kommuneoverlegen samarbeider med kommuneoverlegane i nabokommunane om å vere vikarar for kvarandre.

Samarbeid

I møtet fekk vi opplysningar om at det er samarbeid mellom Gloppen kommune og nabokommunane mellom anna om brannberedskap og kommunelegeteneste. Kommunen vurderer å samarbeide om vaktlag for kommuneoverlegane. Det er ikkje hittil inngått formelle samarbeidsavtalar, med unntak av avtale med IUA Nordfjord Hamn.

Kommunen har òg etablert samarbeid med helseføretaket, og under pandemien vart det sett ned ei taktisk samhandlingsgruppe. Kommunen meiner dei fekk god hjelp frå helseføretaket. I tillegg deltek kommunen i eit samarbeidsnettverk mellom kommuneoverlegane i Sogn og Fjordane.

Beredskapsråd

Kommunen har eit beredskapsråd. Dette er ein arena for samarbeid mellom kommunen og politiet, heimevernet, brannvesenet, kraftleverandørar og frivillige organisasjonar som Røde Kors og bondelaget og andre eksterne som Avinor, Telenor og Nordfjord Hamn. I møtet vart det ikkje gitt opplysningar om særskilte problemstillingar i samarbeidet med andre.

Øving, opplæring og evaluering

Øving

Det går fram av beredskapsplanen at brann- og beredskapssjefen i saman med kommunedirektøren er ansvarleg for at det vert gjennomført øvingar av beredskapsleiinga. Det går fram av tilsendt informasjon og stadfesta i tilsynsmøtet at kommunen har gjennomført to øvingar av beredskapsleiinga i 2021. Øvingane tok for seg scenario Hending med buss 28.05.2021 og scenario Ras i Leirelva 23.11.2021. Kommunen har utpeikt brann- og beredskapssjefen som koordinator for øving, og tema og form på øving diskuterast i interne beredskapsmøter. Det går fram av tilsende møtereferat at kommunen legg opp til jamlege møte i beredskapsleiinga, og at det framover vert gjennomført fire øvingar i året. Aktuelle øvingar vert skissert og diskutert i beredskapsleiinga.

Kommunen har hittil ikkje lagt til rette for at varamedlemmer i kriseleiinga vert øvde. Siste øving KKL i Gloppen deltok på i regi av Statsforvaltaren var i 2018 (atomberedskap).

Opplæring

Det går fram av beredskapsplanen at nye medlemmer i beredskapsleiinga skal ha ein gjennomgang og introduksjon av beredskapsplanen så raskt som råd etter at vedkomande trer inn i beredskapsleiinga. I tilsynsmøte fekk vi opplyst at øvingar skal vere den viktigaste forma for opplæring av dei med roller i beredskapsleiinga. I framtida tenker kommunen òg å legge til rette for øvingar ev rollene i ELS organiseringa.

Det går fram av tilsende opplysningar, og vart stadfesta i møtet, at personell i helse- og omsorgstenestene har fått relevant opplæring om smittevern.

Evaluering

I tilsynsmøte fekk vi opplyst at evaluering etter øving og hendingar vert gjennomført munnleg. I nokre tilfelle har kommunen skrevet referat etter hendingar og øvingar.

Statsforvaltaren fekk tilsendt evalueringsrapport i CIM etter øvinga i atomberedskap i 2018.

Kommunen har ikkje gjennomført evaluering undervegs i pandemien, men vil gjennomføre ei evaluering etter pandemien til hausten. Det kom fram i tilsynsmøtet at kommunen hittil har identifisert trong for å arbeide vidare med smittevern og kontinuitetsplanlegging.

Kommuneoverlegen har utarbeidd ei rettleiing til kontinuitetsplanlegging som kan nyttast som et fundament for vidare arbeid.

4.    Vurdering av faktagrunnlaget opp mot aktuelt lovgrunnlag

I dette kapittelet vurderer vi fakta i kapittel 3 opp mot lovreglane i kapittel 2.

Kommunal beredskapsplikt og helseberedskap har som felles formål å verne innbyggjarane. Kommunen har ansvar for å utvikle trygge og robuste lokalsamfunn og oppretthalde nødvendige tenester, òg når lokalsamfunnet vert ramma av uønskte hendingar som utfordrar kommunen.

Gloppen kommune har ein overordna beredskapsplan. Av planen går det fram korleis beredskapen er organisert og korleis ansvar, mynde og oppgåver er fordelt. Ansvar og roller i kriseleiinga er avklart og kjent. Det er utpeikt varamedlem for funksjonane i kriseleiinga. Kommuneoverlegen har ikkje fast stadfortredar, men det er etablert eit uformelt samarbeid med kommuneoverlegane i nabokommunane om å vikariere for kvarandre. Beredskapsplanen inneheld rutinar for varsling og samling av beredskapsleiinga, og oversikt over andre eksterne aktørar som kommunen kan spele på i ein beredskapssituasjon. Planen inneheld rutinar for befolkningsvarsling og evakuering.

Kommunen har etablert ordningar for å gi informasjon til innbyggjarane og eigne tilsette i ein krisesituasjon. Kommunen samarbeider med nabokommunar, og med andre aktørar igjennom beredskapsrådet.

På dette grunnlaget meiner vi at kommunens overordna beredskapsplan tilfredsstiller krava som gitt i lovreglane i kapittel to.

Gloppen kommune har òg eit planverk innan helseberedskap, sist revidert i 2010. Kommunen har fleire planar som utgjer grunnlaget for beredskapen i kommunen. Kommunen er sjølv merksam på at det underliggande planverket kunne vore meir samordna med den overordna beredskapsplanen. Det er satt ned ei arbeidsgruppe som til hausten skal gjennomgå, evaluere og samordne planverket.

Plan for helsemessig og sosial beredskap er frå 2010. Den er utdatert, og ikkje samordna med overordna planverk. Vi meiner planen må reviderast og oppdaterast til å vere i samsvar med krav i lov og forskrift.

Kommunen si beredskapsleiing gjennomfører øvingar, siste gong i 2021. Det er òg viktig at varamedlemmer i beredskapsleiinga får øve.

På grunnlag av opplysningane om gjennomført øving for personar som er tiltenkt ei rolle i kommunen si beredskapsleiing, finn vi at kommunen etterlever krav til øving og har system for opplæring.

Kommunen gjennomfører munnlege evalueringar etter øvingar og uønskte hendingar. Kommunen er merksam på at det kan vere tenleg å skriftleggjere evalueringane sine. På grunnlag av opplysningane i tilsynsmøtet finn vi at kommunen etterlever krava om å evaluere krisehandteringa etter øvingar og hendingar

Kommunen er merksam på at kontinuitet i tenesteytinga og tilgang på ressursar er sårbart, spesielt i langvarige beredskapssituasjonar. Kommunen vil vurdere å lage rettleiar og kontinuitetsplanar for å oppretthalde tenestyting i tilfelle høgt sjukefråvær/personellmangel.

Statsforvaltaren har innan avgrensinga for dette tilsynet ikkje motteke opplysningar som gir grunnlag for å konkludere med brot på krav til kommunal beredskap medan det innan helseberedskap er avdekt lovbrot som vist i kapittel fem.

5.    Statsforvaltarens konklusjon

Her presenterer vi konklusjonen av undersøkinga vår, basert på vurderingane i kapittel 4. Statsforvaltaren har avdekt følgande lovbrot i dette tilsynet:

Plan for helsemessig og sosial beredskap oppfyller ikkje krav til revisjon, samordning og den bygger ikkje på ROS-analyser. Planen er ikkje revidert sidan 2010, og den er ikkje samordna med kommunen sine andre beredskapsplanar og med spesialisthelsetenesta.

Dette er brot på: Lov om helsemessig og sosial beredskap (helseberedskapslova) § 2-2 og helseberedskapsforskrifta § 6.

6.    Oppfølging av lovbrot

I dette kapittelet gjer vi greie for kva vi ventar at kommunen skal gjere i prosessen med å rette lovbrot.

Vi ber kommunen om å utarbeide og sende oss plan for retting med informasjon om kva tiltak som skal gjennomførast. I planen må det gå fram fristar for gjennomføring, og informasjon om korleis leiinga vil sjå til at tiltaka vert gjennomført.

Vi ber om å få tilsendt planen for retting innan 1. oktober 2022.

Vedlegg: Gjennomføring av tilsynet

I dette vedlegget omtaler vi korleis tilsynet vart gjennomført, og kven som deltok.

Tilsynet er gjennomført som systemrevisjon med dokumentgjennomgang og eit digitalt tilsynsmøte.

Skriftleg varsel om tilsyn vart sendt 9.desember 2021 og 21.02.2022. Kommunen fekk òg tilsendt eit førebuingsdokument 27.04.2022 med oversikt på temaa som vi ønska dialog omkring. I same dokument ba vi kommunen førebu ei kort orientering som innleiing til fellessamtalen i tilsynsmøte.

Tilsynsmøte med kommunen vart gjennomført 05.05.2022 kl. 9 – 12 via Teams. Dagorden var:

  • Innleiing om mål og bakgrunn for tilsynet, tema og avgrensing v/Statsforvaltaren
  • Innleiing og presentasjon v/kommunedirektør i Gloppen kommune
  • Fellessamtale med utgangspunkt i førebuingsdokument (inkludert pause)
  • Kort internmøte for Statsforvaltaren
  • Oppsummering og vegen vidare ved Statsforvaltaren

Følgjande dokument og opplysningar frå kommunen vart brukt som underlag, gjennomgått og vurdert som relevante for tilsynet:

  • Presentasjon i tilsynsmøte 05.05.2022
  • Organisasjonskart i Gloppen kommune oppdatert 01.02.2022
  • Overordna risiko- og sårbarheitsanalyse for Gloppen kommune 24.01.2020
  • Overordna beredskapsplan - Godkjent i kommunestyret: 13. februar 2020
  • Varslingsliste beredskapsleiinga – oppdatert 2022
  • Dokumentasjon på opplæring i helse- og Skildra i meir detalj i tilsynsmøte
  • Dokumentasjon på vurderingar knytt til omdisponering av personell i pandemien
  • Smittevernplan 2020
  • Pandemiplan med vedlegg 2020 -2022
  • Korrespondanse mellom Gloppen kommune og Helse Førde 2019 - Oppfølging etter hending - Båtulykke i Gloppefjorden 2018
  • Veiledning til Kontinuitetsplanlegging i Gloppen kommune ved en pandemi Redigert 15.03.2022
  • Pandemihandtering fra 12 mars 2020
  • Innhaldslista beredskapsperm Sandane heimeteneste 05.03.2020
  • Beredskapsleiing møte 05.02.2021
  • Oppsummering beredskapsrådsmøte for Gloppen Kommune 23.03.21
  • Øvingsscenario: Hendelse buss 28.05.2021
  • Øvingsscenario Ras i Leirelva 26.11.2021
  • Plan for helsemessig og sosial beredskap i Gloppen kommune. Datert 17.02.2005. Sist oppdatert 19. april 2010. (lagt til 05.07.2022)

Frå Statsforvaltaren deltok desse i tilsynsmøtet:

  • Lene Stavseng, seniorrådgjevar på beredskapsseksjonen, tilsynsleiar/revisor
  • Sindre Haug, rådgjevar på beredskapsseksjonen, revisor
  • Linda Svori, assisterande fylkeslege i helse, omsorg og barnevernavdelinga, revisor
  • Gudmund Øvsthus, assisterande fylkeslege i helse, omsorg og barnevernavdelinga, revisor

Frå Gloppen kommune deltok desse i tilsynsmøtet:

  • Leidulf Gloppestad, ordførar
  • Anders Skipenes, kommunedirektør
  • Gunhild Gimmestad, kommunalsjef Helse og Velferd
  • Torbjørn Brandsæter, kommunalsjef Samfunn og Berekraft
  • Benny Østerbye Hansen , kommuneoverlege
  • Kjell Aske, brann- og beredskapssjef