Hopp til hovedinnhold

Statsforvaltaren gjennomførte tilsyn med kommunal beredskap og helseberedskap i Gulen kommune 9. februar 2022. Tilsynet vart gjennomført ved dokumentgjennomgang og digitalt tilsynsmøte med leiing og nøkkelpersonar i kommunen 9. februar 2022.

Vi undersøkte om kommunen har overordna beredskapsplan og beredskapsplan for dei helse- og omsorgstenestene som den er ansvarleg for, og system for opplæring, øving og evaluering i samsvar med lov og forskrift.

Statsforvaltaren har ikkje avdekt lovbrot under tilsynet.

1.    Tema og omfang for tilsynet

Statsforvaltaren har undersøkt om kommunen har overordna beredskapsplan og beredskapsplan for dei helse- og omsorgstenestene som den er ansvarleg for, og system for opplæring, øving og evaluering av øvingar og uønskte hendingar, og om dette er i samsvar med lov og forskrift.

Som del av tilsynet undersøkte vi om kommunen har ein kriseorganisasjon som har kapasitet til, og er øvd på å handtere uønskte hendingar, og korleis kommunen har ivareteke smittevern og planlagt for kontinuitet i drifta og tenesteyting under pandemien.

Tema for tilsynet er valt for å undersøke om kommunen er budd på å stå i ei langvarig handtering av covid-19-pandemien.

Revisjonen inneheld ikkje vurdering av heilskapleg ROS-analyse. Tilsynet gir difor ikkje ei fullstendig vurdering av kommunens arbeid med samfunnstryggleik og beredskap.

Tilsynet omfattar ikkje tilsyn med sosialberedskap. Tilsynet er del av Statsforvaltarens planlagde tilsyn i 2022.

2.    Aktuelt lovgrunnlag for tilsynet

Eit tilsyn er kontroll av om verksemda sin praksis er i samsvar med gjeldande reglar i lov- og forskrift. Lovbrot (tidlegare avvik) er manglande etterleving av krav i lov og forskrift om kommunal beredskapsplikt og helseberedskap som kommunen har plikt til stette innanfor dette lovområde.

Her gir vi ei kort oversikt over lovkrava som er lagt til grunn:

Krav til kommunal beredskapsplikt etter sivilbeskyttelseslova

Lov av 25. juni 2010 om kommunal beredskapsplikt, sivile beskyttelsestiltak og Sivilforsvaret (sivilbeskyttelseslova) fastslår i § 15 at kommunen skal utarbeide ein beredskapsplan basert på kommunen sin heilskaplege ROS-analyse.

Forskrift av 22. august 2011 om kommunal beredskapsplikt utdjupar krava til beredskapsplan og system for opplæring, øvingar og evaluering.

  • 4 gir detaljkrav til innhaldet i kommunens overordna beredskapsplan. Planen skal vere basert på den heilskaplege ROS-analysen. Den skal samordne og integrere dei andre beredskapsplanane i kommunen og den skal vere samordna med andre relevante offentlege og private krise- og beredskapsplanar.
  • 6 gir føresegn om oppdatering og revisjon av overordna beredskapsplan.
  • 7 gir føresegn om at kommunen skal øve beredskapsplanen annakvart år og at det skal vere eit system for opplæring som sikrar at alle som er tiltenkt ei rolle i kommunen si krisehandtering har tilstrekkelege kvalifikasjonar.
  • 8 seier at kommunen skal evaluere krisehandteringa etter øvingar og hendingar og implementere eventuelle funn i ROS-analysen og beredskapsplanar.

Det følger av § 9 at kommunen skal kunne dokumentere skriftleg at krava i forskrifta er oppfylt.

Krav som følger av helse- og beredskapslovgjevinga

Etter lov 24.06.2011 nr. 30 om kommunale helse- og omsorgstjenester m.m. (helse- og omsorgstjenesteloven) § 5-2, og lov om helsemessig og sosial beredskap (helseberedskapslova) § 2- 2, jf. forskrift 23. juli 2001 nr. 881 om krav til beredskapsplanlegging og beredskapsarbeid mv. etter lov om helsemessig og sosial beredskap pliktar kommunen å utarbeide ein plan for beredskapsarbeidet for helse- og sosialtenestene.

Etter lov om sosiale tenester i arbeids- og velferdsforvaltninga § 16, pliktar kommunen å utarbeide ein beredskapsplan for arbeids- og velferdsforvaltninga i samsvar med lov om helsemessig og sosial beredskap. Sosialberedskapsplanen skal samordnast med andre beredskapsplanar i kommunen.

Nærare krav til innhald i planverket er gitt i forskrift 23.07.2001 om krav til beredskapsplanlegging og beredskapsarbeid mv. (beredskapsforskrifta). Vi viser òg til «Rettleiar om helse- og sosialberedskap i kommunen» frå Helsedirektoratet (IS-1700/2009).

Kommunestyret skal i følgje § 2 i forskrift om krav til beredskapsplanlegging fastsette planen og frekvens for revisjon og oppdatering. Det skal gå fram av planen kor ofte den og ROS-analysen som den byggjer på, skal evaluerast og oppdaterast.

Planen skal lagast ut frå ein risiko- og sårbarheitsanalyse innan området, jf. forskrifta § 3. Det er ikkje krav om at sjølve analysen skal inngå i planen, men føresetnadene for analysen skal dokumenterast. Analysen bidreg til kunnskapsgrunnlaget for utarbeiding av både førebyggande og skadeavgrensande tiltak.

Planen må i følgje § 4 omfatte prosedyrar for ressursdisponering og omlegging av drift som sikrar nødvendig tenesteyting. Dette gjeld både personell og materiell. Her krevst det eit minimum av dokumentasjon, slik at til dømes vikarar i ulike funksjonar lett kan finne fram.

Forskrifta stiller i § 5 krav om operativ leiing og informasjonsberedskap ved kriser og katastrofar. Det må vere avklart og kjent kven som har mynde til å ta avgjerd i ein krisesituasjon, slik at avgjerd blir teken så snart som råd.

Plan for helsemessig og sosial beredskap skal samordnast med kommunen sine andre beredskapsplanar og med spesialisthelsetenesta, jf. § 6.

Det bør visast i planen korleis kommunen skal samarbeide med politi, lokal redningssentral, statsforvaltar og andre samarbeidspartnarar. Dette gjeld òg frivillige organisasjonar i den grad det er aktuelt.

I § 7 i forskrifta vert det stilt krav om at personell som er tiltenkt oppgåver i beredskapsplanen, er øvd og har naudsynt verneutstyr og kompetanse.

Forskrifta stiller i § 10 krav til kvalitetssikring av beredskapsplanlegginga og -arbeidet i kommunen.

Etter smittevernlova § 7-2 skal kommunelegen utføre pålagte oppgåver innan smittevernet som følgjer av lova. I kommunar med fleire kommunelegar skal kommunestyret peike ut ein av dei til å utføre oppgåvene. Det bør òg peikast ut ein avløysar for smittevernlege. Etter smittevernlova § 7-2 andre ledd bokstav a) har kommunen ved kommuneoverlegen ansvar for å utarbeide smittevernplan, inkludert pandemiplan som omfattar plan for beredskap med tiltak. Pandemiplanen skal vere forankra hjå leiinga i kommunen, og kommunen har ansvar for å vedta kommunens pandemiplan.

Forskrift 28.10.2016 nr. 1250 om ledelse og kvalitet i helse- og omsorgstjenesten stiller krav til korleis kommunen systematisk skal sikre og forbetre tenestene.

3.    Framstilling av faktagrunnlaget

Her vert det gjort greie for korleis kommunen organiserer beredskapsarbeidet, og korleis det vert arbeidt med opplæring, øving og evaluering.

Gulen kommune har om lag 2300 innbyggjarar og har ein spreidd busetnad. Kommunen ligg ved innlaupet til Sognefjorden og grensar mot fleire kommunar på sør- og nordsida av Sognefjorden. Nabokommunane på nordsida er Solund, Hyllestad og Høyanger lengst aust. På sørsida grensar kommunen mot Høyanger og Masfjorden i søraust. I sør går grensene i Fensfjorden mot Alver, Austrheim og Fedje. Gulen og Masfjorden samarbeider om brann- og redningsberedskapen.

Masfjorden er vertskommune.

Beredskapsplanverk

Risiko og sårbarheitsanalyse

Risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS-analyse) for kommunal beredskap og helseberedskap skal ligge til grunn for beredskapsplanverk og øvingsaktivitet.

Det går fram av oversendingsbrevet datert 30.09.2021 at Gulen ikkje har eigen ROS-analyse for helse- og omsorgstenesta, denne kjem fram av heilskapleg ROS. I tilsynet har vi lagt til grunn at Gulen kommune har ei heilskapleg ROS-analyse vedteken av kommunestyret i 2019, og vi føreset at denne er dekkande som utgangspunkt for beredskapsplanlegginga i kommunen. ROS-analysen er ikkje eige tema og vurdert i dette tilsynet.

Overordna beredskapsplan

Gulen kommune sin overordna beredskapsplan er datert 11. februar 2021. Beredskapsplanen er òg plan for helsemessig og sosial beredskap. Planen inneheld omtale av relevante lover og forskrifter på både kommunal beredskap- og helseberedskapsområdet. Beredskapsplanen er del av eit større beredskapsplanverksystem og dette er gjort tilgjengeleg i det elektroniske kvalitetssystemet til kommunen. Beredskapsplanen er òg gjort tilgjengeleg i papirform.

Beredskapsplanen er bygd opp med ein administrativ del innretta mot kriseleiinga. Planen skildrar organisering, kven som deltek i kriseleiinga og deira roller, ansvar og oppgåvefordeling ved uønskte hendingar. Planen inneheld rutinar for varsling og informasjonsarbeid, i tillegg er plan for krisekommunikasjon og plan for befolkningsvarsling og evakuering inkludert i denne. Det er utarbeidd varslingslister og oversikt over kontaktdata for eigne og eksterne ressursar i vedlegg til planen. Dei viktigaste underordna planane er lista i beredskapsplanen og ligg som vedlegg. Dette er : smittevernplan, beredskapsplan for drikkevassforsyning, driftsomleggingsplan for sjukeheim og plan for brannberedskap.

Planen inneheld òg ein operativ del som er utarbeidd av ulike einingar i kommunen. Den operative delen består av tiltakskort og mindre retningsliner/rutinar, for aktuelle hendingar. Tiltakskorta ligg i kommunen sitt elektroniske kvalitetssystem og er tilgjengeleg for dei tilsette. Vi har motteke eit utval av relevante tiltakskort, sjå oversikt på motteke opplysningar i vedlegget til denne rapporten.

Kriseleiing

Kriseleiinga (KKL) er samansett av kommunedirektør, ordførar og kommunen si leiargruppe. I tillegg deltek rådgjevar/beredskapskoordinator. Kommunedirektøren er leiar for kriseleiinga.

Kommunedirektør og ordførar har fullmakt til å setje kriseleiinga i funksjon. Kriseleiinga har hatt jamleg kontakt under pandemien. Terskelen for å samle KKL er låg. Kommunen opplyste at deltakarane i kriseleiinga kjenner kvarandre godt og det er godt samarbeid og korte liner. Kommuneoverlegen har vore involvert og arbeidd tett saman med kriseleiinga under pandemien. Kommuneoverlegen er til vanleg ikkje fast medlem, men tiltrer kriseleiinga ved behov. Det same gjeld brannsjef. Det er utpeikt varamedlem for funksjonane i kriseleiinga.

Ordførar er ansvarleg for ekstern informasjon og er kommunen sin talsperson i media. Under pandemien har kommunen lagt vekt på å få ut informasjon til publikum og oppnemnt ein eigen informasjonsansvarleg. Kommunen nyttar heimesida si til informasjonsdeling og gir i tillegg ut eigen informasjonsavis til husstandane. Det har vore god kontakt med næringslivet under pandemien.

Gulen kommune oppdaterer beredskapsplanen jamleg og den er oppe til politisk sakshandsaming kvart år. Den årlege revisjonen av planverket vert gjort etter eit planlagt årshjul. Ansvaret for oppdateringa/revisjonen er fordelt på dei som har ansvaret for områda til dagleg. Einingane oppdaterer tiltakskorta, helse- og omsorg oppdaterer smittevernplanen, medan den administrative leiinga reviderer den overordna beredskapsplanen. Beredskapskoordinator er utpeikt til å sjå til at beredskapsplanverket er samordna og at det er samsvar mellom dei ulike planane.

Beredskapsplanen inneheld oversikt over kven kommunen samarbeider med. I møtet fekk vi opplysningar om, og døme på ulike samarbeidsavtalar.

Gulen kommune har eit godt samarbeid om beredskap med andre kommunar i Nordhordland. Kommunen har til dømes avtale med Masfjorden kommune om felles brannvern og felles brannsjef med Masfjorden. Det er etablert interkommunalt samarbeid om øyeblikkeleg hjelp døgntilbod og legevakt med Alver som vertskommune. Kommunen har avtalar om samarbeid med helseføretaket og deltek i samarbeidsutvalet for Nordhordland. Samarbeid med helseføretaket følgjer av nedfelte samarbeidsavtalar, m.a. avtale om pandemisk influensa med tilhøyrande koordineringsgruppe Kommunen har eit beredskapsråd som vert leia av ordføraren. Dette er ein arena for samarbeid med politiet, Heimevernet, brannvesenet, kraftleverandørar og frivillige organisasjonar og andre samarbeidspartnarar. Næringslivet ved industriverksemd i Sløvåg er òg representert i beredskapsrådet. I møtet vart det ikkje gitt opplysningar om særskilte problemstillingar i samarbeidet med andre.

Smittevernplan med pandemiplan

Smittevernplanen med pandemiplan er frå mars 2020. Planen er utarbeidd av kommuneoverlegen i Gulen kommune i samarbeid med kommuneoverlegar og helseleiarar i Osterøy, Masfjorden, Austrheim og Vaksdal. Kommuneoverlegen tok til som smittevernansvarleg januar 2020. Hausten 2019 arbeida ho fram smittevernplanen saman med dei andre kommuneoverlegane og kjennskapen til dette har vore til god hjelp i handteringa av pandemien. Samarbeidet med dei andre kommuneoverlegane har vore til god hjelp i arbeidet under pandemien.

I smittevernplanen (pandemidelen) står det at kommunen har ei beredskapsgruppe for smittevern. Smitteverngruppa starta opp tidleg i pandemien og er framleis er i drift. Gruppa er samansett av smittevernlegen, helsesjukepleiarar, tilsette frå omsorg og ulike institusjonar. Under pandemien har gruppa diskutert aktuelle problemstillingar som smittesituasjon, vaksinasjon m.m. Kommunen meiner dette har ført til r godt innblikk i utfordringar i dei einskilde tenestene, og at dette har bidrege til eit svært godt samarbeid mellom dei ulike tenesteområda i helse og omsorg.

Arbeidet med pandemien har synleggjort behov for revisjon av smittevernplanen. Kommunen ser behov for å evaluere og oppdatere planen med ny kunnskap og erfaringar frå dei to siste åra.

Arbeidet er starta opp, og kommunen har hatt møte med involverte tenester for innspel. Det er òg satt i gang dialog med gruppa som deltok i utarbeiding av planen for å avklare om dei andre samarbeidskommunane ser behov for oppdatering av smittevernplanen. Det er ikkje fastsatt dato for endeleg revisjon av smittevernplanen.

Kommunen har etablert rammeavtale med innkjøp av smittevernutstyr i samarbeid med fleire kommunar i Sunnfjord og Sogn.

Kontinuitetsplanlegging - Personellressursar

Gulen kommune har hatt kontinuitetsplanar sidan 2020. I møtet opplyste kommunen at dei har arbeidd med kontinuitetsplanlegging sidan januar 2022 og lagt til grunn inntil 30 % sjukefråvær i planen. Hittil har kommunen lagt vekt på å sikre tenesteyting for sårbare grupper. Grunna spreidd busetnad ventar kommunen inga stor smittebølje i kommunen, men er budd på å legge om drifta i tenestene i helse og omsorg, skule og oppvekst om det vert aktuelt. Kommunen er merksam på vikar- og personellmangel og opplyste om at dei manglar personell på lik line som nabokommunane. Det er avtalt med tillitsvalde at KS-avtalen trer i kraft ved behov for mobilisering og omdisponering av personell. Kvar av dei ulike einingane/tenestene har laga eigen plan for korleis dei kan redusere aktiviteten med inntil 30 % fråvær. Til no har kommunen informert publikum og brukarar generelt om dette.

Under pandemien har kapasitet i funksjonen som kommuneoverlege/smittevernlege vore under press og det har generelt vore tidvis mangel på vikarar. Vi fekk opplyst at arbeidsmengda for kommuneoverlegen har vore svært stor dei to siste åra. Ho har vore påkobla dette arbeidet fulltid frå pandemien braut ut. Det er inga formalisert avlastnings-/avløysarordning for kommuneoverlegen/smittevernlegen i dag. I mangel av ein fast avløysaravtale har kommuneoverlegen samarbeidd med ein annan lege på kontoret og slik sett hatt ein ikkje formalisert avtale om at denne legen kunne ta over i tilfelle kommuneoverlegen ikkje kunne delta,. Det er eit mangeårig samarbeid mellom kommuneoverlegane i regionen som kommunen meiner fungerer godt.

Vi fekk òg opplysningar om at det i framtida kan vere tenleg å ha formalisert samarbeid mellom kommuneoverlegar i nabokommunar. Administrativ leiing i kommunen vil følgje opp dette. I tilfelle akutt mangel på legar i kommunen vil kommunen nytte seg av samarbeid med andre, til dømes interkommunal legevakt.

Øving, opplæring og evaluering

Øving

I Gulen kommune vert aktuelle øvingar skissert og diskutert i beredskapsrådet. Beredskapsrådet har møte årleg og utarbeider kommunens øvingsplan. I møtet presenterte kommunen øvingsplanen og oversikta over øvingar 2015-2022. Til dømes vart det før koronapandemien gjennomført øving av kriseleiinga saman med industrivernet ved verksemdene i Sløvåg. Kommunen har òg gjennomført fleire skrivebordsøvingar i kriseleiinga og i einingane. Kommunen har øvd på oppretting av evakuerte senter i ei full skala øving i 2013 (Øving TYR) og øvde på rutine for evakuertesenter i tilknytning til øvinga Brann på sjukeheimen i 2017.

Ekom utfall er ei utfordring i kommunen og kommunen øver regelmessig på utfall av tele og samband i pleie og omsorg. Siste to åra er det utført øvingar i bruk av naudnett og satellitt-telefon i pleie og omsorg saman med kommuneleiinga. Den siste seinaste øvinga var i desember 2021.

Siste øving kriseleiinga i Gulen deltok på i regi av Statsforvaltaren var i 2017 (atomberedskap). Kommunen har hittil ikkje lagt til rette for at varamedlemmer i kriseleiinga vert øvde.

Opplæring

Beredskapsplanen skildrar korleis kommunen gjennomfører opplæring. Av planen går det mellom anna fram at øvingar skal vere den viktigaste forma for opplæring og vedlikehald av kunnskap om beredskaps- og krisehandtering for dei med roller i krisehandtering.

Rutinen for introduksjon av nytilsette ligg i kvalitetssystemet. Gjennomgang og introduksjon av beredskapsplanen er eige punkt. I kriseleiinga skjer mykje av opplæring ved erfaringsoverføring og overlapping ved utskiftingar. Medlemmene i kriseleiinga kjenner til eigne funksjonar, ansvar og mynde er avklart. Kommunedirektøren opplyste i tilsynsmøte at dei i kriseleiinga jobbar etter likskapsprinsippet.1 Handtering av pandemien har vore ei kontinuerleg læring for medlemmene i KKL.

Opplysningar om kva kommunen har gjort for at tilsette i helse- og omsorgstenestene har fått relevant opplæring til å ivareta ulike oppgåver under pandemien går fram av oversendingsbrevet datert 30.09.2021. I møtet fekk vi meir detaljert informasjon om den praktiske opplæringa, til dømes om TISK-arbeidet. Dette har vore gjennomført av dei tilsette på legekontoret. Opplæring er gitt fortløpande.

Evaluering

Det går fram av tilsendte dokument at kommunen har evaluert etter øvingar og uønskte hendingar og skrive evalueringsrapportar. Statsforvaltaren fekk tilsendt evalueringsrapport i CIM etter øvinga i atomberedskap i 2017.

Det går vidare fram av tilsendte møtereferat og beredskapsplanen at kommunen gjennomfører evalueringar av beredskapsplanen årleg og lagar oppfølgingsplan med utpeikt ansvarleg.

Kommunen har planlagt ny gjennomgang av beredskapsplanen og tek med seg erfaringane frå pandemien inn i dette arbeidet. Eit av læringspunkta er at planverket må reflektere korleis kommunen skal kunne handtere ei langvarig krise, jf pandemien som har vart i 2 år. I møtet fekk vi innføring i og informasjon om korleis kommunen arbeider med identifisering av forbetringsområde, evalueringar og oppdatering av planverket etter ein definert årsplan.

4.    Vurdering av faktagrunnlaget opp mot aktuelt lovgrunnlag

I dette kapittelet vurderer vi fakta i kapittel 3 opp mot lovreglane i kapittel 2.

Kommunal beredskapsplikt og helseberedskap har som felles formål å verne innbyggjarane. Kommunen har ansvar for å utvikle trygge og robuste lokalsamfunn og oppretthalde nødvendige tenester, òg når lokalsamfunnet vert ramma av uønskte hendingar som utfordrar kommunen.

Gulen kommune har ein overordna beredskapsplan der plan for helsemessig og sosial beredskap er integrert. Vi meiner planen tilfredsstiller krava innan avgrensinga for dette tilsynet som gitt i lovreglane i kapittel to.

På grunnlag av tilsende opplysningar og informasjon i møtet finn vi at Gulen kommune jobbar systematisk etter ein definert årsplan med jamleg forbetring av planverket. Arbeidet med beredskap er integrert i kommunedirektørens sin overordna internkontroll. Det går klart fram korleis beredskapen er organisert og korleis ansvar, mynde og oppgåver er fordelt. Ansvar og roller i kriseleiinga er avklart og kjent.

Kommunen har etablert ordningar for informasjon til innbyggjarane og eigne tilsette. Kommunen samarbeider med nabokommunar, med andre aktørar igjennom beredskapsrådet og har avtalar med helseføretaket.

Kommunen har utarbeidd plan for øving, med oversikt på både tema og form på øving. Kommunen øver kriseleiinga, den øver saman med andre aktørar og den øver regelmessig på identifiserte utfordringar mot helse og omsorg. Det er viktig at også varamedlemmer i kriseleiinga får øve.

Øvingar og uønskte hendingar vert evaluert og brukt til forbetring.

Læringspunkt frå handtering av pandemien er tekne vare på og er planlagt brukt i arbeidet med revisjon av planverket. Kommunen er merksam på at kommuneoverlegeressursen er sårbar, spesielt i langvarige beredskapssituasjonar, og vil vurdere tiltak for formalisert avløysarordning. Kommunen har planar for å oppretthalde tenestyting i tilfelle høgt sjukefråvær/personellmangel.

Statsforvaltaren har innan avgrensinga for dette tilsynet ikkje motteke opplysningar som gir grunnlag for å konkludere med brot på krav til kommunal beredskap og helseberedskap.

5.    Statsforvaltarens konklusjon

Her presenterer vi konklusjonen av undersøkinga vår, basert på vurderingane i kapittel 4. Statsforvaltaren har ikkje avdekt lovbrot i dette tilsynet.

Vedlegg: Gjennomføring av tilsynet

I dette vedlegget omtaler vi korleis tilsynet vart gjennomført, og kven som deltok.

Tilsynet er gjennomført som systemrevisjon med dokumentgjennomgang og eit digitalt tilsynsmøte. Skriftleg varsel om tilsyn vart sendt 9. september 2021 etterfulgt av e-post 6. desember 2021.

Kommunen fekk òg tilsendt eit førebuingsdokument 21. januar 2022 med oversikt på temaa som vi ønska dialog omkring. I same dokument ba vi kommunen førebu ei kort orientering som innleiing til fellessamtalen i tilsynsmøte.

Tilsynsmøte med kommunen vart gjennomført 09.02.2022 kl. 9 – 12 via Teams. Dagorden var:

  • Innleiing om mål og bakgrunn for tilsynet, tema og avgrensing v/Statsforvaltaren
  • Fellessamtale med utgangspunkt i førebuingsdokument (inkludert pause)
  • Kort internmøte for Statsforvaltaren
  • Oppsummering og vegen vidare ved Statsforvaltaren

Følgjande dokument vart tilsendt frå kommunen, gjennomgått og vurdert som relevante for tilsynet:

  • Presentasjon i tilsynsmøte 09.02.2022
  • Informasjon til innbyggjarane ved krisehendingar
  • Oversendingsbrev med oversikt over dokumentasjon
  • Organisasjonskart i Gulen kommune oppdatert 2021
  • Dokumentasjon på opplæring i helse- og omsorgstenestene – skildra i oversendingsbrevet
  • Heilskapleg overordna ROS-analyse
  • Detaljert risikovurdering
  • Oversikt på tiltak etter ROS, status per januar
  • Retningslinje for det psykososiale kriseteamet i Gulen kommune
  • Overordna beredskapsplan (2021)
  • Ressurslister og oversikter på interne og eksterne ressursar
  • Forslag til endring av beredskapsplanen 2020.
  • Smittevernplan pandemiplan. 2020
  • Kontinuitetsplanlegging ved pandemi (Krisetiltak ved Pandemi)
  • Pandemiplanlegging 2021. 23.august. En power point.
  • Retningslinje for det psykososiale kriseteamet i Gulen
  • Tiltakskort: Evakuering / innkvartering av bebuarar på bu- og omsorgssenter
  • TILTAKSKORT: Evakuering / innkvartering av bebuarar frå sjukeheimen
  • TILTAKSKORT: Straumbrot på bu og omsorgssenter og i sonene
  • TILTAKSKORT 1 og 2 : EVAKUERING OG INNKVARTERING – oppretting av evakuert pårørandesenter
  • Oversiktsliste over tiltakskort i kvalitetssystemet per 02.2022
  • 27.11.20: Beredskapsøving 2020 – utstyrsøving. Test av sat.tlf. Særleg merksemd på nye medlemer i KKL.
  • 19.10.20: Beredskapsøving utstyrsøving. Test av Nødnett. Særleg merksemd nye medlemer i KKL.
  • 05.02.20: Beredskapsøving utstyrsøving (sat.tlf). Oppfølging etter øving, test av dekning.
  • 24.03.21: Referat etter møte i beredskapsrådet. Inkluderer oppfølging – oppmoding til medlemene om innspel til potensiell fellesøving hausten 2021.
  • 14.12.21: Evaluering. Nødnettøving, for tilsette på institusjon og open omsorg. Opprop til kommunedirektør. Dokumentet inkluderer ei kort oppsummering.
  • 2001.21: Evaluering av beredskapsplanen til Gulen kommune
  • 13.12.19: Notat vedk. beredskapsøving i einingane. Skrivebordsøving via e-post.
  • 10.12.19: Beredskapsøving bruk av nødnett i pleie og omsorg, inkl. kort oppsummering.

Frå Statsforvaltaren deltok desse i tilsynsmøtet:

  • Lene Stavseng, seniorrådgjevar på beredskapsseksjonen, tilsynsleiar
  • Anne F. Eide, seniorrådgjevar på beredskapsseksjonen, revisor
  • Anne Grete Robøle, fagdirektør i helse, omsorg og barnevernavdelinga, revisor
  • Jon Andreas Bratberg, assisterande fylkeslege, revisor

Frå Gulen kommune deltok desse på tilsynsmøtet:

  • Hallvard Oppedal, ordførar
  • Ingebjørg Søreide, fagdirektør omsorg
  • Irene Søreide, rådgjevar/beredskapskontakt
  • Kristoffer Elvebakke, leiar Eigedom
  • Anita Pettersen, kommuneoverlege/smittevernlege
  • Sandra Skutvik, rådgjevar
  • Jan Ivar Kjelby, Brannsjef (Via Teams – enkeltoppkopling)
  • Reidun Halland, Kommunedirektør (Via Teams – enkeltoppkopling)

1 Likskapsprinsippet: «Den organisasjon man opererer med under kriser, skal i utgangspunktet være mest mulig lik den organisasjon man har til daglig.»