Hopp til hovedinnhold

Statsforvaltaren i Vestland viser til tilsynsmøte med Lærdal kommune 31. oktober 2022 og utkast til tilsynsrapport datert 21. november 2022. Kommunen gav tilbakemelding 14. desember om at den ikkje har merknader til rapporten.

Vedlagt følger endeleg rapport frå tilsynet med kommunal beredskap og helseberedskap i Lærdal kommune.

Statsforvaltarens konklusjon er:

Lærdal kommune manglar ein plan for helsemessig og sosial beredskap som stettar krav i lov og forskrift. Kommunen har eit utkast til plan, men den er ikkje ferdigstilt og forankra i kommunestyret.

Dette er brot på: Lov om helsemessig og sosial beredskap (helseberedskapslova) § 2-2 og forskrift om krav til beredskapsplanlegging.

Vi ber Lærdal kommune om å sende plan for retting innan 10. februar 2023.

Med helsing

Sjur Lehmann
fylkeslege

Lene Stavseng
seniorrådgjevar

Dokumentet er elektronisk godkjent

 

Statsforvaltaren har gjennomført tilsyn med kommunal beredskap og helseberedskap i Lærdal kommune. Tilsynet vart gjennomført ved dokumentgjennomgang og tilsynsmøte med leiing og nøkkelpersonar i kommunen 31. oktober 2022.

Vi undersøkte om kommunen har overordna beredskapsplan og beredskapsplan for helse- og omsorgstenestene, og eit system for opplæring, øving og evaluering som er i samsvar med lov og forskrift.

Statsforvaltaren har avdekt følgande lovbrot under tilsynet:

Lærdal kommune manglar ein plan for helsemessig og sosial beredskap som stettar krav i lov og forskrift. Kommunen har eit utkast til plan, men den er ikkje ferdigstilt og forankra i kommunestyret.

Dette er brot på: Lov om helsemessig og sosial beredskap (helseberedskapslova) § 2-2 og forskrift om krav til beredskapsplanlegging.

1.     Tema og omfang for tilsynet

Statsforvaltaren har undersøkt om kommunen har overordna beredskapsplan og beredskapsplan for helse- og omsorgstenestene , og eit system for opplæring, øving og evaluering av øvingar og uønskte hendingar, og om dette er i samsvar med lov og forskrift.

Som del av tilsynet undersøkte vi om kommunen har ein kriseorganisasjon som har kapasitet til, og er øvd på å handtere uønskte hendingar, og korleis kommunen har planlagt for kontinuitet i drifta og tenesteyting.

Tilsynet omfattar ikkje vurdering av heilskapleg ROS-analyse, og gir difor ikkje ei fullstendig vurdering av kommunens arbeid med samfunnstryggleik og beredskap.

Tilsynet omfattar ikkje tilsyn med sosialberedskap.

Tilsynet er ein del av Statsforvaltaren sine planlagde tilsyn i 2022.

2.     Aktuelt lovgrunnlag for tilsynet

Eit tilsyn er kontroll av om verksemda sin praksis er i samsvar med gjeldande reglar i lov- og forskrift. Lovbrot betyr at krav i lov og forskrift vert mangelfullt etterlevd.

Her gir vi ei kort oversikt over lovkrava som er lagt til grunn:

Krav til beredskapsplikt etter sivilbeskyttelseslova

Kommunen skal utarbeide ein beredskapsplan basert på ein heilskapleg ROS-analyse, jf. § 15 i Lov av 25. juni 2010 om kommunal beredskapsplikt, sivile beskyttelsestiltak og Sivilforsvaret (sivilbeskyttelseslova).

Krava til beredskapsplan, oppdatering og revisjon og system for opplæring, øvingar og evaluering er utdjupa i forskrift av 22. august 2011 om kommunal beredskapsplikt.

Detaljkrav til innhaldet i overordna beredskapsplan er gitt i forskrifta § 4. Planen skal bygge på kommunens heilskaplege ROS-analyse. Den skal samordne og integrere dei andre beredskapsplanane i kommunen, og den skal vere samordna med andre relevante offentlege og private krise- og beredskapsplanar.

Beredskapsplanen skal vere oppdatert og som minimum årleg revidert, jf. krav i § 6 om oppdatering og revisjon av overordna beredskapsplan.

I forskrifta § 7 er det krav om at kommunen skal øve beredskapsplanen annakvart år, og at det skal vere eit system for opplæring som sikrar at alle som er tiltenkt ei rolle i krisehandtering i kommunen har tilstrekkelege kvalifikasjonar.

Kommunen skal etterleve krava i § 8 i forskrifta om å evaluere krisehandteringa etter øvingar og hendingar, og implementere eventuelle funn i ROS-analysen og beredskapsplanar.

Det følgjer av § 9 at kommunen skal kunne dokumentere skriftleg at krava i forskrifta er oppfylt.

Krav etter helse- og beredskapslovgjevinga

Etter lov 24.06.2011 nr. 30 om kommunale helse- og omsorgstjenester m.m. (helse- og omsorgstjenesteloven) § 5-2, og lov om helsemessig og sosial beredskap (helseberedskapslova) § 2- 2, pliktar kommunen å utarbeide ein plan for beredskapsarbeidet for helse- og sosialtenestene.

Nærare krav til innhald i beredskapsplanen er gitt i forskrift av 23. juli 2001 nr. 881, om krav til beredskapsplanlegging og beredskapsarbeid mv. Statsforvaltaren viser òg til «Rettleiar om helse- og sosialberedskap i kommunen» frå Helsedirektoratet (IS-1700/2009).

Kommunestyret skal i følge § 2 i forskrifta syte for fastsetjing og oppdatering av planen. Det skal gå fram av planen kor ofte den og risiko- og sårbarheitsanalysen (ROS-analysen) som den bygger på, skal evaluerast og oppdaterast.

Planen skal lagast ut frå ein risiko- og sårbarheitsanalyse innan området, jf. forskrifta § 3. Det er ikkje krav om at sjølve analysen skal inngå i planen, men føresetnadene for den skal dokumenterast.

Analysen bidreg til kunnskapsgrunnlaget for utarbeiding av både førebyggande og skadeavgrensande tiltak.

Planen må i følge § 4 omfatte prosedyrar for ressursdisponering og omlegging av drift som sikrar nødvendig tenesteyting. Det gjeld både personell og materiell. Her krevst det eit minimum av dokumentasjon, slik at til dømes vikarar i ulike funksjonar lett kan finne fram.

Forskrifta stiller i § 5 krav om operativ leiing og informasjonsberedskap ved kriser og katastrofar. Det må vere avklart og kjent kven som har mynde til å ta avgjerd i ein krisesituasjon, slik at avgjerd vert teken så snart som råd.

Plan for helsemessig og sosial beredskap skal samordnast med kommunen sine andre beredskapsplanar og med spesialisthelsetenesta, jf. § 6.

Det bør visast i planen korleis kommunen skal samarbeide med politi, lokal redningssentral, statsforvaltar og andre samarbeidspartnarar. Det gjeld òg frivillige organisasjonar, i den grad det er aktuelt.

I § 7 i forskrifta vert det stilt krav om at personell som er tiltenkt oppgåver i beredskapsplanen er øvd og har nødvendig verneutstyr og kompetanse.

Forskrifta stiller i § 10 krav til kvalitetssikring av beredskapsplanlegginga og -arbeidet i kommunen.

Etter smittevernlova § 7-2 skal kommunelegen utføre smittevernoppgåver som følger av lova. I kommunar med fleire kommunelegar skal kommunestyret peike ut éin av dei til å utføre desse oppgåvene. Det bør òg peikast ut ein avløysar for smittevernlege. Etter smittevernlova § 7-2 andre ledd bokstav a) har kommunen ved kommuneoverlegen ansvar for å utarbeide smittevernplan, inkludert pandemiplan som omfattar plan for beredskap med tiltak. Pandemiplanen skal vere forankra hjå leiinga i kommunen, og kommunen har ansvar for å vedta pandemiplan.

Forskrift 28.10.2016 nr. 1250 om ledelse og kvalitet i helse- og omsorgstjenesten stiller krav til korleis kommunen systematisk skal sikre og forbetre tenestene.

3.     Framstilling av faktagrunnlaget

Lærdal kommune har om lag 2200 innbyggarar. Kommunen ligg i eit dalføre med sidedalar og store fjellområde. Gjennom dalføret renn Lærdalselvi. Lærdalsøyri er største tettstad og ligg ved Sognefjorden. Kommunen har ein typografi som er prega av bratte fjellsider og høge fjell. E16 går gjennom kommunen, og er ei eit av hovudvegsambanda for trafikken mellom Aust- og Vestlandet. Det er fleire lange tunnelar i kommunen (m.a. Lærdalstunnelen) og fleire fjellovergangar. Lærdal er ein stor jordbrukskommune. Lærdal er vertskommune for Lærdal sjukehus og den interkommunale legevakta for Indre Sogn, og for KAD-sengene for Lærdal, Aurland og Lærdal. Kommunen har legekontor og ein sjukeheim med 22 plassar. Mange eldre som treng tenester frå kommunen bur heime. Det har vore fleire alvorlege hendingar i kommunen dei siste åra, og kommunen har difor fått mykje praktisk erfaring med å handtere kriser.

Beredskapsplanverk

Risiko- og sårbarheitsanalyse

Lærdal kommune har ein heilskapleg risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS-analyse) som vart vedteken i kommunestyret 14.02.2019. Analysen er lagt som vedlegg til den overordna beredskapsplanen. ROS- analysen er for tida under revisjon. ROS-analysar er ikkje tema i dette tilsynet.

Overordna beredskapsplan

Lærdal kommune har ein overordna beredskapsplan som vart godkjent i kommunestyret 14.02.2019 og sist ajourført i mars 2022. Kommunedirektøren er øvste ansvarleg for planen. Planen skildrar organisering av beredskapen i kommunen, samansetjing og kven som deltek i kriseleiinga og deira ansvar og oppgåver ved uønskte hendingar. Planen inneheld rutinar for revisjon og ajourhald, plan for etablering av kriseleiinga, plan for evakuering og etablering av evakuerte og pårørandesenter (EPS). I tillegg er plan for krisekommunikasjon og varsling av folkesetnaden inkludert. Kommunen har utarbeidd kontaktlister med oversikt over kontaktdata for eigne og eksterne ressursar. Planen er for tida under revisjon.

I tilsynsmøtet fekk vi opplysningar om praktiske beredskapsrutinar i helsesenteret, Sogn LMS, sjukeheimen og i dei heimebaserte tenestene. Det vart gitt døme på korleis brukarar kan varslast om uønskte hendingar, og korleis kommunen innrettar seg for å kunne sikre kontinuitet i levering av tenestene t.d. ved uvêr, skred, stengte vegar og bortfall av straum. Kommunen opplyste i tilsynsmøte at den har underliggande planar i sektorane som utgjer grunnlaget for beredskapen i kommunen. Kommunen meiner sjølv at den har fått mykje praktisk erfaring med å handtere kriser i samband med alvorlege hendingar i kommunen dei siste åra, men er samstundes merksam på at beredskapsplanverket i større grad kunne reflektert det dei i praksis gjer innan beredskap og krisehandtering.

Kriseleiing (KKL) - samansetjing

Kriseleiinga (KKL) er samansett av kommunedirektør, ordførar, landbrukssjef, einingsleiarar innan helse, teknisk, organisasjon og personal, sakshandsamar kultur og oppvekst og fagleiar arkiv. KKL vert supplert med andre ressursar alt etter hendinga sitt omfang og art. Det er utpeikt varamedlem for kvar av funksjonane i kriseleiinga. Kommunedirektøren leiar arbeidet i KKL. Ordførar og kommunedirektør har fullmakt til å sette kriseleiinga i funksjon. Kommuneoverlegen er per i dag ikkje eit fast medlem av kriseleiinga, men tiltrer ved behov. Under pandemien har kriseleiinga vore samla ved behov. Kommuneoverlegen har samarbeidd tett med leiinga under heile pandemien.

Krisekommunikasjon og informasjonsarbeid

Ordføraren er ansvarleg for ekstern informasjon, og er talsperson i media. Leiar for organisasjon og personal er leiar for informasjons- og pressesenter. Kommunedirektøren er ansvarleg for informasjon til eigne tilsette.

Plan for krisekommunikasjon er utarbeidd som del av den overordna beredskapsplanen.

Kommunen nyttar heimesida som hovudkanal for informasjonsdeling og har i tillegg telefonteneste. Kommunen nyttar Varsling 24, eit varslingssystem som gjev dei høve til å sende ut SMS ut i frå informasjon registrert i folkeregisteret eller personar som oppheld seg i eit avgrensa område.

Kommunen har svært gode erfaringar med SMS-varsling, og har mellom anna brukt dette i sin kommunikasjon ut til innbyggjarane under pandemien.

Oppdatering/Revisjon og samordning av planverk

Lærdal kommune har rutinar om ajourhald og oppdatering av beredskapsplanen. Kontaktlister vert ajourført jamleg.

For å styrke helseberedskapsarbeidet i Lærdal har kommunen oppretta ei ny stilling knytt til kommunedirektøren sin stab, seniorrådgjevar for helse- og omsorg. Vedkommande er beredskapskoordinator og støtter kommunedirektøren i arbeidet med beredskap og planverk. I tillegg støttar og deltek ein kommuneplanleggjar i arbeidet med ajourhald og revidering av planverk og kontaktlister.

Kommunen arbeider med ei større hovudrullering av planverket og har planlagt å ferdigstille revisjonen av planverket tidleg i 2023. Kommunen har sendt oss framlegg til nytt planverk.

Det nye framlegget til plan er mellom anna utvida med plan for kontinuitetsplanlegging og plan for opplæring og oppfølging. I den nye revisjonen av den overordna beredskapsplanen vil kommunen òg innlemme fleire vedlegg som til dømes: overordna ROS-analyse for Lærdal (under revisjon), Smittevern- og pandemiplan, plan for atomberedskap og liste med samarbeidsavtalar for beredskap. Heilskapleg ROS-analyse inneheld scenario-skildring og tiltak som kommunen planlegg å operasjonalisere og nytte som tiltakskort for ulike hendingar og situasjonar. Tiltakskorta skal ligge i krisestøtteverktøyet CIM. Fleire av desse dokumenta er framleis under arbeid på tilsynstidspunktet. Det reviderte planverket vil bli utarbeidd slik at det dekker både krava i sivilbeskyttelseslova og forskrift om kommunal beredskapsplikt og helseberedskapslovverket. For å stette særkrav innan helseberedskap har kommunen under arbeid eit framlegg til ein ny helseberedskapsplan, Sektorplan beredskap for helse og omsorg Lærdal kommune, Lærdal september 2022. Sektorplanen skal vere ein underliggande plan til den overordna beredskapsplanen og skal supplere den overordna beredskapsplanen innan helseberedskap. Sektorplanen ligg føre som eit arbeidsutkast på tidspunktet for tilsynet, men er planlagt ferdigstilt og forankra i kommunestyret tidleg i 2023.

Kommunen er merksam på at dei treng å arbeide meir med samordning av planverket. I tilsynsmøtet fekk vi opplyst at dei i det nye framlegget har inkludert eit «årshjul» for oppfølging for å gjere arbeidet med framtidige revisjonar og samordning enklare.

Samarbeid

Lærdal kommune har eit godt samarbeid om beredskap med nabokommunane og det er godt samarbeid med frivillige organisasjonar som til dømes Røde Kors. Lærdal kommune har fleire interkommunale samarbeid, mellom anna med Årdal kommune og Aurland kommune. Samarbeidet inneber at kommunen har felles brannsjef med Årdal, felles kommuneoverlege med Årdal og Aurland og felles legevakt. Kommunen samarbeider med helseføretaket.

Kommunen har eit tett samarbeid med lokalt politi, og deltek i interkommunalt politiråd. Hittil har ikkje Lærdal kommune hatt eit aktivt beredskapsråd.

Beredskapsplanverk for helse- og omsorg

Plan for helsemessig og sosial beredskap

Det går fram av den overordna beredskapsplanen frå mars 2022 at kommunen sin plan for helse og sosialberedskap er teken ut av systemet og skal bli erstatta av andre planar. Det låg føre eit utkast til plan i 2012 som ikkje har vore vedteken, og som ikkje lenger er i bruk. Kommunen manglar som følgje av dette ein gjeldande plan for helsemessig og sosialberedskap. Det går fram av oversendingsbrevet at det som følgje av pandemien og dei erfaringane kommunen har gjort seg, er under arbeid ein ny sektorplan for helseberedskap. Som grunnlag til tilsynet har kommunen sendt inn arbeidsutkastet til helseberedskapsplan. I tilsynsbesøket vart det stadfesta at planen er eit arbeidsutkast og at den framleis er under arbeid. Når planen vert ferdig skal den vere eit supplement til den overordna beredskapsplanen og kommunen vil innlemme planen for helsemessig og sosial beredskap i den overordna beredskapsplanen.

Smittevernplan og pandemiplan

Smittevernplanen er sist revidert i september 2022. Pandemiplanen er utarbeidd i 2020 og sist revidert i september 2022. Begge planane er utarbeidd av kommuneoverlegen. Kommuneoverlegen orienterte i tilsynsmøtet at han ser behov for revisjon av smittevernplanen og pandemiplanen i lys av ny kunnskap og erfaringar frå pandemien dei siste åra. Kommuneoverlegen ønskjer å få på plass eit planverk som er tilpassa operativ bruk. Arbeidet med dette skjer parallelt med utarbeiding av det nye overordna planverket som er planlagt ferdigstilt tidleg i 2023.

Kommuneoverlege

Lærdal kommune har i dag felles kommuneoverlege med Årdal og Aurland. Funksjonen som smittevernlege ligg til stillinga som kommuneoverlege. Det er inga formalisert avløysarordning for kommuneoverlegen i dag. For å avlaste kommuneoverlegen under pandemien har andre legar tilsett ved legekontoret og utpeikt hjelpepersonell vore tett kopla på det praktiske arbeidet med handteringa av pandemien.

Kommuneoverlegen har det overordna smittevernansvar, men under pandemien vart det utpeika ein lokal smittevernlege i Lærdal, som framleis har denne funksjonen.

Øving, opplæring og evaluering

Øving

Kriseleiinga har delteke i øvingar, både i eigen regi og i regi av Statsforvaltaren. Kommunen hadde ei eiga øving for kriseleiinga i april 2022 med PLIVO på Lærdalsøyri skule som scenario. Siste øving i regi av Statsforvaltaren var i 2018 då atomberedskap var tema. Hittil har ikkje varamedlemer i kriseleiinga delteke i øvingar på fast basis.

Opplæring

Det går fram av beredskapsplanen og vart stadfesta i tilsynsmøtet at kommunen arbeider med å ferdigstille eit system som sikrar at alle får den opplæringa dei treng. Medlemer i kriseleiinga skal ha ein gjennomgang og introduksjon av beredskapsplanen i tillegg til relevant kursing og øving.

Det vart stadfesta i møtet at personell i helse- og omsorgstenestene har fått relevant opplæring om smittevern under pandemien.

Evaluering

Lærdal kommune har gjennomført skriftlege evalueringar etter hendingar og øvingar dei siste åra. Sist evaluering vart gjennomført etter øvinga i april i år.

Det går fram av tilsende opplysningar og tilsynsmøtet at kommunen har gjennomført evaluering av handteringa av pandemien. Kommunen ser at det er viktig å ta med seg erfaringane frå pandemien som grunnlag for den pågåande revisjon av beredskapsplanverket.

4.     Vurdering av faktagrunnlaget opp mot aktuelt lovgrunnlag

Kommunal beredskapsplikt og helseberedskap har som felles formål å verne innbyggjarane. Kommunen har ansvar for å utvikle trygge og robuste lokalsamfunn og oppretthalde nødvendige tenester, òg når lokalsamfunnet vert ramma av uønskte hendingar som utfordrar kommunen.

Lærdal kommune har ein overordna beredskapsplan, der det går fram korleis beredskapen er organisert og korleis ansvar, mynde og oppgåver er fordelt. Ansvar og roller i kriseleiinga er avklart og kjent. Planen inneheld ressursoversyn, evakueringsplan og plan for etablering av evakuerte pårørandesenter og plan for krisekommunikasjon. Kommunen har etablert ordningar for informasjon til innbyggjarane og eigne tilsette. Vi meiner at planen tilfredsstiller krava i sivilbeskyttelseslova og forskrift om kommunal beredskapsplikt.

Kommunen har òg helseberedskapsplanar som smittevernplan og pandemiplan (sist revidert i 2022). Kommunen har sendt et arbeidsutkast til helseberedskapsplan som er under arbeid, men har per i dag ikkje en gjeldande plan for helsemessig og sosial beredskap som tilfredsstiller krav etter helse- og beredskapslovgjevinga gitt i kapittel to.

Kommunen samarbeider med nabokommunar, med andre aktørar som frivillige og politirådet og har avtalar med helseføretaket.

Nytt framlegg til beredskapsplanverk for 2023-2026 er under arbeid. Arbeidet har synleggjort behov for betre samordning av dei ulike planane og utarbeiding av tiltakskort for ulike hendingar og situasjonar. Kommunen har ein plan for gjennomføring av dette, og det er planlagt framlegging av nytt beredskapsplanverk for kommunestyret i xxx 2023 . På grunnlag av tilsende opplysningar og informasjon i tilsynsbesøket finn vi at Lærdal kommune jobbar med forbetring av planverket sitt og at det framover vil verte lagt til rette for systematisk oppfølging etter eit planlagt årshjul.

Kriseleiinga øver og personell i kriseleiinga får opplæring. Det er òg viktig at varamedlemmer i kriseleiinga får øve. Øvingar og uønskte hendingar vert evaluert og kommunen er godt i gang med evaluering av handteringa av pandemien. Vi finn at krav om øving, system for opplæring og evaluering av krisehandtering vert etterlevd.

5.     Statsforvaltarens konklusjon

Statsforvaltaren har avdekt følgande lovbrot under tilsynet:

Lærdal kommune manglar ein plan for helsemessig og sosial beredskap som stettar krav i lov og forskrift. Kommunen har eit utkast til plan, men den er ikkje ferdigstilt og forankra i kommunestyret.

Dette er brot på: Lov om helsemessig og sosial beredskap (helseberedskapslova) § 2-2 og forskrift om krav til beredskapsplanlegging.

6.     Oppfølging av lovbrot

Vi ber kommunen om å utarbeide og sende plan for retting, med informasjon om kva tiltak som skal gjennomførast. I planen må det gå fram fristar for gjennomføring, og informasjon om korleis leiinga vil sjå til at tiltaka vert gjennomført.

Vi ber om å få tilsendt planen for retting innan 10. februar 2023.

Vedlegg: Gjennomføring av tilsynet

Tilsynet er gjennomført som systemrevisjon med dokumentgjennomgang og fysisk tilsynsmøte.

Skriftleg varsel om tilsyn vart første gong sendt 9. desember 2021 og seinare utdjupa i brev av 23. juni 2022. Kommunen fekk tilsendt eit førebuingsdokument med oversikt på aktuelle tema for samtale i tilsynsmøtet, datert 24. oktober 2022.

Tilsynsmøte med kommunen vart gjennomført 31.10.2022 hjå Lærdal kommune. Dagorden for tilsynet var:

  • Innleiing om mål og bakgrunn for tilsynet, tema og avgrensing v/Statsforvaltaren
  • Enkeltsamtalar med nøkkelpersonar som ordførar, kommunedirektør, kommuneoverlege og leiar av helsetenesta/Sogn LMS og pleie- og omsorgsleiar
  • Fellessamtale
  • Møte (intern) for Statsforvaltaren
  • Oppsummering og vegen vidare v/Statsforvaltaren Deltakarar i tilsynsmøtet:

Statsforvaltaren

  • Lene Stavseng, seniorrådgjevar, tilsynsleiar
  • Marte Raknerud Hoel, rådgjevar på beredskapsseksjonen, skrivar
  • Gudmund Øvsthus, assisterande fylkeslege, helse, sosial og barnevernavdelinga, revisor

Kommunen

Ikkje publisert her

Følgjande dokument og opplysningar frå kommunen vart brukt som underlag for tilsynet:

  • Overordna beredskapsplan for Lærdal , sist ajourhald mars 2022 (vedtak kommunestyret februar 2019).
  • Overordna beredskapsplan for Lærdal 2023-2026 framlegg til revidert plan
  • Vedlegg til overordna beredskapsplan for Lærdal 2023-2026 framlegg udatert
    • Overordna ROS-analyse for Lærdal
    • Smittevern- og pandemiplan
    • Plan for atomberedskap
  • Mal for kontinuitetsplanlegging for einingane
  • Samarbeidsavtalar for beredskap
  • Tiltakskort
  • Overordna risiko- og sårbarheitsanalyse, vedteken i kommunestyret februar 2019 Vedlegg til Overordna beredskapsplan for Lærdal.
  • Plan for helseberedskap Lærdal: Sektorplan beredskap for helse og omsorg, september 2022, arbeidsutkast.
  • Smittevernplan for Lærdal kommune, revidert september 2022
  • Pandemiplan for Lærdal kommune, revidert september 2022
  • Handtering av Cov-19. Samleevaluering, oktober 2022
  • Strategi for informasjon og kommunikasjon, september 2015
  • Eigenmelding for tuberkulose og MRSA, april 2017
  • Logg frå øvelse PLIVO Lærdalsøyri skule 28.04.22
  • Øvelse PLIVO 28.04.22. Evaluering av varsling, innkalling, prioritering og tiltak.
  • Andre øvingar og treningar frå 2018-2022.
  • Organisasjonskart Lærdal kommune per 2022
  • Stillingsomtale: Seniorrådgjevar helse- og omsorg, september 2021
  • DSB-CIM Øvelse, juni 2018
  • Evaluering av beredskapsøving 5.6.18 av Lærdal kommune