Rapport frå tilsyn med Luster kommunes oppfølging av heimebuande eldre 2025
Oppfølging av tilsynet
I dette tilsynet blei det ikkje avdekt lovbrot/avvik, eller lovbrotet/avviket er retta da rapporten blei sendt ut. Tilsynet er derfor avslutta.
Samandrag
Statsforvaltaren i Vestland har gjennomført tilsyn med tenestene til heimebuande i Luster kommune, Hafslo omsorgssenter og Gaupne omsorgssenter. Vi undersøkte om kommunen sikrar at heimetenesta identifiserer forverring i helse- og funksjonsnivå hjå heimebuande eldre og at det ved forverring vert følgt opp med nødvendige tiltak.
Tilsynet er gjennomført som del av eit landsomfattande tilsyn iverksett av Statens helsetilsyn.
Tidsrommet for tilsynsbesøket: 26. til 27. august 2025 med oppsummerande møte 27. august 2025.
Statsforvaltarens konklusjon:
Vi har ikkje avdekka lovbrot i dette tilsynet.
Kommunen har fått førebels rapport med skildring av faktiske forhold, vurderingar og konklusjon, med høve til å kome med merknader innan 01. oktober 2025. Vi har ikkje motteke merknader frå kommunen innan fristen.
1. Tilsynets tema og korleis vi har gjennomført tilsynet
Landsomfattande tilsyn med kommunale helse- og omsorgstenester for perioden 2025-2026 handlar om varetaking av grunnleggande behov hjå eldre som bur heime. Dette tilsynet er ein av fleire tilsynsaktivitetar som vert gjennomført i løpet av desse to åra, og er del av den overordna tilsynssatsinga på helse- og omsorgstenester til eldre i perioden 2024-2027.
Tema for denne tilsynsaktiviteten er om forverring i helse- og funksjonsnivå hjå heimebuande eldre vert identifisert, og om forverring vert følgt opp med nødvendige tiltak. Tilsynet er avgrensa til å gjelde heimebuande eldre over 75 år og som har langvarig behov for helsehjelp i heimen.
Tilsynet har som føremål å rette merksemda mot betydninga av tidleg oppdaging av forverring i helsetilstand og funksjonsnivå hjå eldre, og kva som krevst av kommunen for å vareta dette. For pasienten kan tidleg oppdaging av forverring bety høgare grad av livskvalitet og sjølvstende, samt betre behandlingsmoglegheiter med auka sjanse for effektiv behandling. Tidleg oppdaging kan også hindre at mindre helseutfordringar utviklar seg til ein alvorleg tilstand, som igjen kan redusere behovet for sjukehusinnleggingar. Samtidig kan det avlaste pårørande og vere samfunnsøkonomisk gunstig.
Tilsynet byggjer på systemrevisjon som metode for å sjå samanhengen mellom praksis og kommunes styring av tenesta og arbeid med kvalitetsforbetring. Det er kommunens ansvar som verksemd som har vore utgangspunkt for tilsynet, og undersøkingane har innehalde dokument- og journalgjennomgang, intervju og pasienterfaringar. Vi har ikkje overprøvd enkeltsaker, men har brukt informasjon frå pasientjournalar for å sjå om kommunens praksis er eit resultat av systematisk styring og forbetringsarbeid.
Pasientane sine tilbakemeldingar og erfaringar med helsetenester i heimen er viktig informasjon for å belyse kvaliteten på tenesta og kommunens praksis. Eit utval pasientar har svara på ei spørjeundersøking utarbeidd for dette tilsynet.
2. Rettsleg grunnlag for tilsynet
Tilsynet er gjennomført som eit lovlegtilsyn med heimel i helse- og omsorgstenestelova § 12-3 og helsetilsynslova § 4. Vi gjev her ei generell oversikt over lov- og forskriftsreglar som er lagt til grunn i dette tilsynet. Normeringa av god praksis er nærare konkretisert i rapportens kapittel 4.1 og 4.2.
2.1 Krav til forsvarlegheit
Forsvarlegkravet i helse- og omsorgstenestelova § 4-1 stiller krav til både organisering og til innhaldet i tenestene som kommunen tilbyr. Det innhaldsmessige kravet går ut på at tenestene skal vere av ein viss kvalitet og omfang, dei skal verte ytt i tide, vere heilskaplege og koordinerte.
2.2 Krav til systematisk styring og kvalitetsforbetring
Den delen av forsvarlegkravet som handlar om krav til organisering, heng tett saman med kravet om å arbeide systematisk med kvalitetsforbetring og brukar- og pasienttryggleik i helse- og omsorgstenestelova § 4-2.
Forsvarlegkravet omfattar vidare ei plikt for kommunen til å legge til rette for at helsepersonellet kan oppfylle pliktene sine. I dette tilsynet inneber det undersøkingar av om kommunen legg til rette for at helsepersonell kan yte forsvarleg helsehjelp etter helsepersonellova § 4 og til å oppfylle dokumentasjonsplikta i helsepersonellova § 39.
Kravet om å legge til rette for forsvarlege tenester i helse- og omsorgstenestelova § 4-1 omfattar også å sikre tilstrekkeleg fagkompetanse i tenesta. Denne delen av forsvarlegkravet heng saman med kommunens overordna ansvar for systematiske tiltak som sikrer at verksemdas aktivitetar vert planlagt, gjennomført, evaluert og korrigert i samsvar med krav fastsett i lov og forskrift, jf. helse- og omsorgstenestelova § 3-1 tredje ledd. Forskrift om leiing og kvalitetsforbetring i helse- og omsorgstenesta tydeleggjer og utdjupar innhaldet i kravet til styring og kvalitetsforbetring.
2.3 Pasient- og brukarrettar
Pasienten/pårørande har rett på informasjon og til å medverke i dei ulike val som skal gjerast i samband med eit behandlingsløp, jf. pasient- og brukarrettslova §§ 3-1, 3-2, 3-3 og 3-5. Involveringa er vidare viktig for å sikre at heimetenesta har oppdatert informasjon om pasienten.
3. Kommunens organisering og styringssystem for heimebaserte tenester
Kommunens styringssystem for dei heimebaserte tenestene skal vere tilpassa kommunens storleik, eigenart, aktivitetar og risikoforhold, og vere dokumentert i den form og omfang som er nødvendig for å sikre at praksis er i tråd med lovpålagde krav.
I dette kapitlet gjev vi ein kort presentasjon av kommunens organisering og styringssystem for dei heimebaserte tenestene. Presentasjonen har ikkje til hensikt å gje ei full oversikt over alle styringsaktivitetar- og prosesser, men er tilpassa dei opplysningane som kom fram i tilsynet med størst betydning for tilsynets tema.
Luster kommune har vel 5 400 innbyggjarar, mange bygdesamfunn og er ein av dei største kommunane i Sør-Norge i km2. Kommuneadministrasjonen ligg i Gaupne. Tenesteområdet omsorgstenesta er organisert med mellom anna tenestekontor og fem tenesteeiningar, har om lag 217 årsverk og 278 tilsette. Tenester til heimebuande vert ytt frå kommunen sine tre omsorgssenter. Kommunen har eigen institusjon for langtidsopphald ved Luster omsorgssenter og eigen institusjon for korttidsopphald og KAD-senger ved Gaupne omsorgssenter.
Tilsynet vart gjennomført med heimetenestene ved Gaupne omsorgssenter og ved Hafslo omsorgssenter. Tilsette ved omsorgssentera yter mellom anna heimetenester til pasientar som bur på omsorgsplassar i bufellesskap med heildøgers omsorg og eigen heildøgers bemanning, omsorgsbustader og heimebuande som bur i eigen heim. Ved Hafslo omsorgssenter er det eiga avdeling med omsorgsplassar til personar med demens-sjukdom. Gaupne omsorgssenter har 55 årsverk delt på 67 tilsette der 37 av desse arbeider i tenestene til heimebuande. Hafslo omsorgssenter har 36 årsverk delt på 48 tilsette og der 16 tilsette yter tenester til heimebuande.
Alle som arbeider ute i heimetenestene er faglærde; sjukepleiarar, vernepleiarar, hjelpepleiarar og helsefagarbeidarar. I tillegg til fast nattevakt på omsorgsplassane har kommunen felles nattevakt i tenestene til heimebuande som skal dekke heile kommunen. Ved Gaupne omsorgssenter har tilsette i tenestene til heimebuande også ansvar for ei eining med omsorgsplassar. Kommunen har kreftkoordinator og demenskoordinator.
Kvart omsorgssenter er leia av ein einingsleiar og ein fagleiar som har leiaransvaret ved einingsleiar sitt fråvær. Einingsleiarane har fagleg, administrativt og økonomisk ansvar for si eining og rapporterer i det daglege om faglege spørsmål til næraste overordna; leiar for omsorgstenesta. Leiar for omsorgstenesta er kommunalsjef sin rådgjevar i faglege spørsmål og rapporterer til kommunalsjef. Kommunalsjef helse, omsorg og sosial har administrativ ansvar for helse- og omsorgstenestene i kommunen.
Kommunalsjef har jamlege månadlege møte med sine einingsleiarar og fagleiarar; einingsleiarmøte og leiarmøte. I desse møta vert mellom anna status for økonomi, belegg, faglege problemstillingar, fagutvikling, kompetanseutvikling og avvik drøfta. Kommunen har hatt stabilitet i leiargruppa og i personalgruppa. Kommunen har utfordingar med å rekruttere helsepersonell, særleg helsefagarbeidarar og sjukepleiarar til institusjon med langtidsopphald. Det vert i periodar brukt personell frå vikarbyrå. Kommunen har utarbeidd strategi for å rekruttere, utvikle og behalde kompetanse. For tenestene til heimebuande i Hafslo og Gaupne er det utarbeidd eigne bemanningsplanar.
Kommunen har teke i bruk nytt styringssystem Netpower. I tillegg til rutinar og prosedyrar inneheld styringssystemet mellom anna modul for å melde avvik og eigen modul for ROS-vurdering. Det er utarbeidd stillingsomtaler for dei ulike stillingane. Kvar tenesteeining har utarbeidd årshjul for kompetanseheving. Verksemda har introduksjonsprogram for nytilsette. Det er utarbeidd skriftlege rutinar og prosedyrar for kartlegging, observasjon og oppfølging av pasientane og for dokumentasjon og journalføring. Kommunen har samarbeidsavtaler med Helse Førde HF og særavtale med Helse Førde HF om øyeblikkeleg hjelp døgnopphald (ØHD).
Kommunen brukar Gerica som journalsystem. Dei tilsette i tenestene til heimebuande brukar mobiltelefon (LMP) for å lese tiltaksplan og for å kvittere for utførte oppdrag. Tilsette på tenestekontoret genererer dagleg arbeidslister med unntak av laurdag og søndag. Kommunen har teke i bruk løysinga Somnify for overvaking av pasientane ved omsorgsplass (bufellesskap) ved Gaupne Omsorgssenter.
4. Presentasjon av faktum og vurdering av funna
Vurderingar av kommunens praksis byggjer på Helsedirektoratets nasjonale faglege råd, «Tidlig oppdagelse og rask respons ved forverret somatisk tilstand», Helsedirektoratets nasjonale rettleiar, «Oppfølging av personer med store og sammensatte behov» og relevant fagteori om sjukepleie.
I dette kapitlet vil Statsforvaltaren presentere faktum vi har lagt til grunn og korleis vi har vurdert faktum opp mot lovkrava som er undersøkt i tilsynet.
I forkant av tilsynet bad vi kommunen om hjelp til å peike ut pasientar i målgruppa for tilsynet og til å dele ut spørjeskjema til pasientane. For å få minst ti pasientar i målgruppa til journalgjennomgangen, vart det etter avtale med kommunen peika ut pasientar frå to einingar. Vi fekk svar på spørjeskjema frå ti pasientar. Vi gjekk gjennom journalane til dei same ti pasientane. Frå dei to einingane intervjua vi i alt 13 tilsette med ulik utdanning, kompetanse, stillingsstorleik, ansvarsområde og ansiennitet i tenesta. Leiar for omsorgstenesta og kommunalsjef helse, omsorg og sosial vart også intervjua.
4.1 Om kommunen identifiserer forverring i helsetilstand og funksjonsnivå
Normering av god praksis for å identifisere forverring i helsetilstand og funksjonsnivå
For denne undersøkinga har Statsforvaltaren teke utgangspunkt i målepunkt som er vesentlege for å kunne identifisere forverring i helsetilstand og funksjonsnivå. Målepunkta er kvar for seg og samla ei fastsetting av god praksis, og inneber at heimetenesta:
- fangar opp nye eller endra symptom og teikn som skal føre til handling, også utover det som er skildra i pasientens journal eller tiltaksplan
- dokumenterer og formidlar observasjonar på ein måte som gjer det mogleg å følgje med på utvikling over tid
- byggjer observasjonar på oppdatert informasjon om pasientens helsetilstand og funksjonsnivå
- følgjer med på om behandlingstiltak har ønska effekt
- regelmessig og systematisk vurderer pasientens helsetilstand og funksjonsnivå
Om avvik frå god praksis inneber brot på kravet om forsvarlege tenester er avhengig av kor stort avviket er frå god praksis, omfanget og kva risiko og konsekvens avviket har for pasientane.
Kommunens praksis med å følgje med på pasientens helsetilstand og funksjonsnivå
Det er nattevakt som fordeler arbeidslistene til helsepersonellet som kjem på dagvakt. Oppgåver som skal utførast går fram av arbeidslistene og er generert frå pasientens tiltaksplan. Dei tilsette får ulike arbeidslister frå vakt til vakt.
Helsepersonellet på vakt skal lese tiltaksplan og journal på pasientane på si liste før dei utfører tilsynet. Det vart opplyst at endring i tiltaksplan er merka med trekant. Det kunne ta litt tid før endring i tiltaksplan kom fram på arbeidslista. Beskjedar vart også notert i ei eiga bok, «svartaboki». Alle sjekkar om det er særskilte beskjedar eller oppgåver før dei reiser ut til pasientane.
Det vart også opplyst at det kunne vere vanskeleg å sjå endring og utvikling hjå pasienten over tid på den mobile eininga (LMP). Observasjonar og endringar vert formidla om og rapportert vidare i vaktskifte og dokumentert i journal. Det vert gjennomført munnleg rapport mellom dagvakt og seinvakt. Leiarane deltek på rapportane. Ved Gaupne omsorggsenter er det også munnleg rapport til nattevakt. Ved endringar har det enkelte helsepersonell ansvar for å oppdatere tiltaksplan fortløpande for pasientane dei har på si liste.
Verksemda har rutinar for å fange opp forverring i pasientens helsetilstand. Det vart opplyst at helsepersonellet nyttar ulike kartleggingsverktøy i oppfølginga av pasientane. Verktøy som NEWS, MST i tillegg til Iplos, ADL vert brukt jamleg og ved mistanke om forverring. Det gjekk fram at verksemda er i gang med å ta i bruk CFS for kartlegging av skrøpelegheit. Vi fekk tilsendt skjema «Downton Fall Risk Indeks» som verksemdas verktøy ved vurdering av fallrisiko. Vi fekk opplyst at fallrisikoskjema alltid skal utfyllast ved oppfølgingssamtale. Gjennom intervjua kom det ikkje eintydig fram når tid dei tilsette skulle gjere fallrisikovurdering og om alle var kjende med verktøyet.
Journalgjennomgangen viste at verktøya vert brukt både jamleg og ved mistanke om forverring. Vidare fann vi at det vert brukt NEWS ved mistanke om forverring. Statsforvaltaren fann også at NEWS ikkje alltid var brukt i den årlege oppfølgingssamtalen eller brukt til å kartlegge pasienten sin habituelle tilstand. Fallrisko var ikkje alltid kartlagt i oppfølgingssamtalen. Journalgjennomgangen viste og dei tilsette opplyste at det vert utført jamleg vektkontroll og ekstra kontroll ved endring.
I alt 4 av 10 pasientar svara at det var heimetenesta som oppdaga forverring i helsetilstand. I alt 6 pasientar svara at pårørande eller dei sjølve hadde gjeve beskjed om forverringa. I journalgjennomgangen fann vi at forverring i helsetilstanden var identifisert av helsepersonell i 7 av 10 journalar. I 2 av journalane var det pårørande som hadde varsla.
Dei intervjua opplyste om at observert forverring og endringar i pasientens helsetilstand vert dokumentert i journal. Kartleggingar og utførte målingar vert også dokumentert. Brukte skjema vert scanna inn i journal og deretter makulert. Utførte tiltak vert kvittert ut på den mobile eininga.
I journalane såg vi eksempel på at det vart gjort kartleggingar på bakgrunn av opplysningar som gjekk fram av tidlegare journalnotat. Problemstillingane til pasienten, tiltak og mål gjekk tydeleg fram av journalane. Alle journalane vi gjekk gjennom inneheld tiltaksplan, 9 av 10 journalar inneheld mål for helsehjelpa i tiltaksplanen.
Verksemda har rutinar for opplæring i dokumentasjon og journalføring. Vi fekk opplyst at leiinga følgjer med på journalføringa til dei tilsette.
Journalgjennomgangen viste at observasjonane og tiltaka som vart sett i verk bygde på oppdatert informasjon om pasienten. Journalgjennomgangen viste døme på at behandlingstiltak som ikkje hadde effekt vart følgt opp med til dømes legetilsyn og endra tiltak.
Dei tilsette opplyste og journalgjennomgangen viste at pasientens helsetilstand og funksjonsnivå vert vurdert jamleg og systematisk med oppfølgingssamtale, Iplos-kartlegging og årleg legemiddelgjennomgang. Verksemda har rutinar for dette arbeidet. Fagleiar og einingsleiar følgjer med på at arbeidet vert utført.
Verksemda har skriftleg rutine og sjekkliste for kartlegging av pasientar etter utskriving frå sjukehus og KAD- opphald. Alle tilsette har ansvar for å utføre kartlegginga innan tre dagar. Verksemda har skriftleg rutine for primærkontakt. Primærkontakt har mellom anna eit særskilt ansvar for kartleggingsbesøk med ADL/Iplos, ernæringscreening/vektkontroll, tiltaksplan og oppdatering av tiltaksplan ved endring, for årleg oppfølgingssamtale, jamleg kontakt med pasienten og kontakt med og samarbeid med pårørande. Vi fekk opplyst at både sjukepleiarar og helsefagarbeidarar kunne vere primærkontakt. Dei tilsette var kjende med kva som var primærkontakt sine oppgåver.
Opplysningar om primærkontakt var dokumentert i alle journalane vi såg gjennom. Nokre pasientar hadde også sekundærkontakt. I dei 10 journalane vi såg gjennom var det utført oppfølgingssamtaler og dokumentert Iplos-kartlegging ein eller fleire gonger siste året. I alt 7 av 10 pasientar som var spurde svara at dei hadde ein fast person dei kunne kontakte dersom dei hadde behov for det.
Kommunen har rutinar for opplæring av nytilsette, kompetanseheving og internundervisning av tilsette i tenesta. Kommunen gjennomfører mellom anna jamleg opplæring i KlinObs for alle tilsette og om dokumentasjon og journalføring. Det vert også gjennomført opplæring i bruk av kartleggingsskjema og andre verktøy som skal brukast i utføringa av arbeidet. Fagleier følgjer med på og følgjer opp at dei tilsette gjennomfører og har gjennomgått planlagd opplæring.
Vi fekk opplyst at alle tilsette som arbeider i heimesjukepleien er fagutdanna og at dei har tilgang til nødvendig utstyr. Fleire av dei intervjua har lange tilsettingsforhold i kommunen. Det er ikkje sjukepleiarkompetanse på alle vakter. Journalgjennomgangen viste at 7 av 10 pasientar hadde hatt fleire enn 10 pleiarar å forholde seg til dei siste fire vekene før forverring i helsetilstand. I alt 8 av dei ti spurde pasientane svara at fleire enn fem eller mange pleiarar hadde vore innom dei siste sju dagane.
Statsforvaltarens vurdering
Så langt vi kan sjå vert både akutt forverring i helsetilstand og funksjonsnivå hjå pasientane og endringar som skjer over tid identifisert og fanga opp. Pasientens helsetilstand og funksjonsnivå vert vurdert jamleg. Arbeidet vert i det vesentlege utført på ein systematisk måte.
Verksemda har utarbeidd skriftlege rutinar og brukar anerkjende verktøy/sjekklister for arbeidet med identifisering av forverring i helsetilstand og funksjonsnivå hjå pasientane som får helsetenester i heimen. Verksmeda har rutinar for kontakt og samarbeid med pårørande. Ansvar og arbeidsoppgåver er fordelt, og dei tilsette er kjende med dette. Dei tilsette har nødvendig fagkompetanse, får opplæring, er godt kjende med rutinane og følgjer i stor grad verksemdas rutinar.
Leiinga følgjer med på at arbeidet vert utført slik det skal, at observasjonar av forverring i helsetilstand og funksjonsnivå vert dokumentert, rapportert vidare og følgt opp. Vi vurderer at forverring av pasientane sin helsetilstand og funksjonsnivå vert fanga opp og at risiko for svikt ikkje er for stor.
4.2 Om forverring vert følgt opp med nødvendige tiltak.
Normering av god praksis for å iverksette nødvendige tiltak ved forverring i helse- og funksjonsnivå
For undersøkinga har Statsforvaltaren teke utgangspunkt i at pasientar skal få rett hjelp til rett tid. Kva tiltak som er nødvendige ved forverring hjå pasienten vil avhenge av kor akutt situasjonen er, og kva forverringa består i.
Statsforvaltaren har teke utgangspunkt i følgjande målepunkt, som kvar for seg og samla, gjev ei fastsetting av god praksis. God praksis for oppfølging med nødvendige tiltak, inneber at heimetenesta:
- følgjer opp med kartlegging og vurdering når det er nødvendig for å få ei klarare forståing av forverringa
- gjennomfører nødvendige tiltak, undersøkingar og målingar ved behov
- endrar tiltaka i helsehjelpa ved behov
- kontaktar andre instansar for vurdering av tiltak, bistand eller fagleg rettleiing når dette er påkrevd
- kontaktar fastlege eller andre instansar for å vurdere behov for endra behandling eller omsorgsnivå
Om avvik fra god praksis inneber brot på kravet om forsvarlege tenester avheng av kor stort avviket frå god praksis er, omfanget og kva risiko og konsekvens avviket har for pasientane.
Kommunens praksis for å iverksette nødvendige tiltak ved forverring i helse- og funksjonsnivå
Ved mistanke om forverring er det den enkelte tilsette som har pasienten på si arbeidsliste og som har tilsyn med pasienten som har ansvar for å kartlegge og vurdere for å få ei klarare oversikt over situasjonen. Ved forverring er det helsepersonellet som har pasienten på lista si som også har ansvar for å følgje opp pasienten og setje i verk nødvendige tiltak, undersøkingar og målingar etter behov. Verksemda har rutinar for korleis arbeidet skal verte utført og kva verktøy helsepersonellet skal bruke.
I alt 8 av dei 10 pasientane som vart spurde svara at heimetenesta fekk vite om forverring i helsetilstanden i løpet av 24 timar.
Leiinga deltek på rapportmøte og følgjer med på at arbeidet vert utført og at det vert sett i verk tiltak ved forverring. Tavlemøte vert nytta til drøfting av tiltak og oppfølging av pasientane. Einingsleiar og/eller fagleiar deltek på desse møta. Det gjekk også fram at det er ulik praksis i sonene med bruk av tavlemøte.
Behov for endringar i tenestetilbodet vert sendt som endringsmelding til einingsleiar som sender dette vidare til tenestekontoret for vurdering. Helsepersonellet drøftar behov for endra omsorgsnivå med leiarane før saka deretter vert vurdert i tildelingsmøte. Det vart opplyst at alle tilsette har ansvar for å registrere endringar av tiltak i tiltaksplan.
Helsepersonellet kontaktar fastlege eller legevakt når det vert oppdaga forverring i helsetilstand. Fastlege eller legevaktslege tek avgjerd om pasienten skal verte innlagd i sjukehus eller verte overflytta til KAD-seng. I 8 av 10 journalar fann Statsforvaltaren at pasienten hadde hatt tre eller fleire forflyttingar mellom heim, sjukehus, KAD-seng og/eller korttidsopphald siste 6 månadene.
Fysioterapeut og ergoterapeut vert kontakta dersom pasienten har endring i funksjonsnivå. Kommunes demensteam og demenskoordinator vert kontakta ved mistanke om forverring i kognitiv funksjon. Kreftkoordinator vert også kontakta ved behov. Journalgjennomgangen stadfesta desse opplysningane.
I 10 av 10 journalar fann vi at pasienten hadde fått revurdert tenestetilbodet etter forverring, og 8 av 10 pasientar hadde fått endra helsehjelp etter forverring i helsetilstanden. Alle dei ti pasientane som deltok i kartlegginga svara at dei fekk endra helsehjelpa som følgje av forverring i helsetilstanden.
Kommunen har rutinar for vurdering av samtykke og samtykkekompetanse. Opplæring om samtykkekompetanse er ført opp på årshjulet for kompetanseheving tredje kvartal 2025. Dei intervjua hadde ikkje ei eintydig forklaring på og lik oppfatning av korleis vurdering av pasientane sin samtykkekompetanse vert utført hjå pasientar som ikkje vil motta helsehjelp. Vi fekk også opplyst at kommuneoverlege også kan vere med i drøfting av oppfølging av pasientar der det er utfordrande for tilsette å yte nødvendige tenester.
Fagleiar følgjer med på at opplysningar ved mistanke om endring, resultat frå målingar, kartleggingar samt endring av- og nye tiltak vert dokumentert i journal. Fagleiar følgjer også med på at nye skriftlege rutinar og prosedyrar vert sett og lest av alle tilsette.
Vi fekk opplyst at avvik er tema på leiarmøte og i einingsleiarane sine møte med tilsette. Det gjekk også fram at som følgje av skifte av styringssystem var det vanskeleg å få ut oversikt over melde avvik siste åra. Verksemdas praksis med gjennomføring av systematiske ROS-vurderingar og korleis resultat frå slike analyser vert brukt i styringa av tenestene kom ikkje eintydig og klart fram.
Statsforvaltarens vurdering
Vi vurderer at ved forverring i helsetilstand og funksjonsnivå vert pasientane følgt opp med nødvendige tiltak. Funksjonsnivå vert kartlagt jamleg og ved forverring. Observasjonar og tiltak vert dokumentert og tiltak vert evaluert og endra ved behov. Ansvar og oppgåver er fordelt og dei tilsette kjenner til oppgåvene sine og sitt ansvarsområde.
Verksemda har rutinar for oppfølging av pasientar med forverra helsetilstand. Dei tilsette har nødvendig kompetanse, kjenner til rutinane, har fått opplæring og følgjer i det vesentlege rutinane i det praktiske arbeidet. Alle pasientar har primærkontakt med spesielt ansvar for oppfølging av pasient og pårørande. Leiinga følgjer med på at arbeidet vert utført og dokumentert slik det skal.
Vi meiner at manglande felles forståing av reglane om vurdering av samtykkekompetanse kan føre til manglar i tenesteytinga til pasientar som motset seg helsehjelp. Det kan føre til at pasientar som har forverring i helsetilstand og funksjonsnivå og som motset seg helsehjelp ikkje alltid får den hjelpa hen har behov for.
Verksemda har rutinar for og gjennomfører systematisk opplæring og kompetanseheving av tilsette, og leiinga følgjer med på tilsette gjennomfører opplæring slik som planlagt. Oversikt over melde avvik og systematiske ROS-kartleggingar er viktige verktøy for å identifisere område med fare for svikt eller brot på regelverket. Vi vurderer at avvik og ROS-vurderingar ikkje vert brukt på ein systematisk måte i styringa av heimetenestene i Luster. Vi vurderer likevel at leiinga har nødvendig oversikt og kontroll og at risiko for svikt ikkje er for stor. Det vert jobba systematisk med kvalitetsforbetring og pasienttryggleik. Så langt vi kan sjå får pasientane med langvarig behov for helsetenester i heimen hjelp til å dekke sine grunnleggande behov ved forverring i helsetilstand og funksjonsnivå.
5. Konklusjon
Her presenterer vi konklusjonen av undersøkinga vår, basert på vurderingane i kapittel 4.
Det vart ikkje avdekka lovbrot.
Med helsing
Linda Svori
seksjonsleiar / assisterande fylkeslege
Anne Eli Wangen
seniorrådgjevar
Dokumentet er elektronisk godkjent
Kopi til:
Luster kommune, rådgjevar Margrete Søhoel Røneid Postboks 77 6866 GAUPNE
Alle tilsynsrapportar frå dette landsomfattande tilsynet
2025-2026 Ivaretakelse av grunnleggende behov hos eldre som bor hjemme
Søk etter tilsynsrapporter