Rapport etter tilsyn med kommunal beredskapsplikt og helseberedskap i Stad kommune 17. juni 2025
Oppfølging av tilsynet
Ved dette tilsynet blei det avdekt lovbrot/avvik. Kontakt etaten som har utført tilsynet for status på lovbrotet/avviket.
Vi har gjennomført tilsyn med kommunal beredskapsplikt og helseberedskap i Stad kommune. Det er heimla i sivilbeskyttelseslova § 29, § 10 i forskrift om kommunal beredskapsplikt og helsetilsynslova § 4.
Tilsynet vart gjennomført som systemrevisjon med dokumentgjennomgang på førehand, og oppfølgande møte med leiing og nøkkelpersonar i kommunen 17. juni 2025.
1. Føremål, tema og omfang for tilsynet
Målet med tilsynet er å undersøke om kommunen sitt arbeid med samfunnstryggleik og beredskap er i samsvar med krav i lov og forskrift. Lovbrot betyr at krav i dei er mangelfullt etterlevd.
Vi undersøkte om Stad kommune har ein heilskapleg ROS-analyse, ROS-analyse for helse- og omsorgstenestene, overordna beredskapsplan og beredskapsplan for helse- og omsorgstenestene. Vi kontrollerte òg om kommunen har utarbeidd langsiktige mål, strategiar, plan for oppfølging og prioriteringar av arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap. I tillegg undersøkte vi om det er etablert eit system for opplæring av personell med rolle i krisehandtering i kommunen, om beredskapsplanen vert øvd og om kommunen evaluerer etter uønskte hendingar og øvingar. Vi har og gjort ei overordna vurdering av helseberedskapsplanlegging etter smittevernlova.
Tilsynet er ikkje meint å gi ei fullstendig tilstandsvurdering av det arbeidet Stad kommune gjer på samfunnstryggleiks- og beredskapsområdet. Det er såleis heller ikkje ei evaluering av evna som kommunen har til å handtere uønskte hendingar og kriser.
Tilsynet omfatta ikkje revisjon av sosialberedskap og beredskap for miljøretta helsevern etter folkehelselova.
2. Aktuelt lovgrunnlag
Vi har lagt til grunn krav regulert i følgjande lover og forskrifter:
- Lov om kommunal beredskapsplikt, sivile beskyttelsestiltak og Sivilforsvaret (sivilbeskyttelseslova)
- Forskrift om kommunal beredskapsplikt
- Lov om kommunale helse- og omsorgstenester m. (helse- og omsorgstenestelova)
- Lov om helsemessig og sosial beredskap (helseberedskapslova)
- Forskrift om krav til beredskapsplanlegging og beredskapsarbeid etter lov om helsemessig og sosial beredskap
- Lov om vern mot smittsame sjukdomar (smittevernlova)
- Lov om folkehelsearbeid (folkehelselova)
3. Framstilling av faktagrunnlaget
Stad kommune ligg på nordsida av Nordfjorden. Kommunen vart etablert i januar 2020 gjennom ei samanslåing av kommunane Selje og Eid i tillegg til grenda Bryggja frå tidlegare Vågsøy kommune. Per 1. kvartal 2025 hadde Stad 9641 innbyggjarar. Kommunen er langstrakt og har relativt spreidd busetting. Det er 120 kilometer reiseveg frå vestlegaste busetnad ved Stadhavet til dei austlegaste bygdene ved Hornindalsvatnet. Administrasjonssenteret ligg i Nordfjordeid og kommunen er vertskap for Nordfjord sjukehus.
Nordfjordeid har cruiseskiphamn og det er mykje godstrafikk langs kysten. Kyststrekninga utan for Stadlandet er svært krevjande. Industrien i kommunen er variert, og er for det meste konsentrert rundt kommunesenteret Nordfjordeid. Langs kysten er fiske, fiskeoppdrett og turisme viktige næringsvegar. Det er ingen storulykkeverksemder i kommunen.
Overordna beredskapsplanverk
Heilskapleg risiko- og sårbarheitsanalyse
Stad kommune har ein heilskapleg analyse av risiko- og sårbarheit (ROS-analyse) som vart vedteken i kommunestyret i desember 2022. Analysen er ein revisjon og vidareutvikling av Felles sektorovergripande ROS-analyse for Eid, Vågsøy og Selje frå 2015.
ROS-analysen inneheld vurderingar av 28 potensielle uønskte hendingar, og den er delt inn i fem ulike hendingstypar: naturhendingar, store ulykker, kritisk infrastruktur, helse og tilsikta hendingar. Analysen er utarbeidd med utgangspunkt i metoden i rettleiaren til Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB). Den skildrar og vurderer korleis ulike hendingar påverkar kommunen si evne til å levere viktige tenester og andre kritiske samfunnsfunksjonar. Analysen skildrar i noko grad risiko for uønskte hendingar i allereie utbygde område. I tillegg omtalar den korleis omdømet til kommunen vert påverka, og trongen for befolkningsvarsling og evakuering.
Analysen seier lite om kommunen si rolle som pådrivar for samfunnstryggleik. Det er vist til behovet for tiltak hjå andre aktørar (t.d. legemiddelberedskap), men ikkje noko om korleis kommunen kan påverke til at tiltaka vert gjennomført. Kommunen opplyste i tilsynsmøtet at dei i arbeidet med ROS-analysen involverte relevante sektorar og eksterne aktørar i arbeidet. Dei fekk mellom anna kome med innspel i utpeikinga av scenario og fekk analysen på høyring før den vart ferdigstilt.
Det er ikkje utarbeidd analyse av tryggleikspolitisk scenario.
ROS-analysen inneheld oversyn over eksisterande tiltak og tilrådde tiltak som kan bidra til å redusere risikoen for dei analyserte hendingane.
Overordna beredskapsplan
Den overordna beredskapsplanen er vedteken i kommunestyret 7. mai 2020, og sist revidert i mars 2025. Planen er delt i to; ein strategisk del og ein operativ del. Den er meint å dekke krava i sivilbeskyttelseslova og forskrift om kommunal beredskapsplikt. Planverket inngår òg som ein del av kommunen sitt kvalitetssystem, Compilo. Dei viktigaste dokumenta er tilgjengelege i papirutgåver hjå kommunedirektør og beredskapskoordinator, og i beredskapskassa på Stad rådhus. I tillegg skal alle planar på verksemdsnivå oppbevarast i papirformat hjå ansvarleg verksemd/eining.
Den overordna beredskapsplanen skildrar korleis beredskapen er organisert, fullmakter, samansetjinga av kommunal beredskapsleiing inkl. roller og oppgåver for den enkelte og korleis kommunen skal handtere dei ulike fasane av ei uønskt hending. Plan for krisekommunikasjon, og plan for evakuering og evakuerte- og pårørandesenter, ligg som eigne kapittel i planen. Det står i planen at den skal reviderast ved endringar i risikobildet, etter øvingar og ved uønskte hendingar som krev at det vert gjort endringar. Det står ingenting i planen om årleg revisjon, men vi fekk opplyst i tilsynsmøtet at dette vert gjort. Ansvaret for revisjon er delegert til beredskapskoordinator.
Kommunen har etter funn i den heilskaplege ROS-analysen utarbeidd tiltakskort for hendingane «Ekstremvêr» «Skred i tettbygd område, kvikkleire og snø» og «Svikt i kraftforsyning».
Varslingslister og oversyn over interne og eksterne ressursar ligg som vedlegg til planen. Det er òg utarbeidd malar for mellom anna loggføring i Rayvn, pressemelding og registrering inn og ut av evakuert- og pårørande senter.
Beredskapsorganisasjon – samansetjing av kommunal beredskapsleiing
Beredskapsleiinga er sett saman av kommunedirektør, ordførar, kommunalsjef kultur og samfunn (beredskapskoordinator), kommunalsjef oppvekst og opplæring, kommunalsjef helse og omsorg, stabsleiar strategi og samordning, stabsleiar personal og kommunikasjon og kommuneoverlegen. Kommunedirektøren er leiar for beredskapsleiinga. Ordføraren er kommunen sitt «ansikt utover», og vil som hovudregel vere talsperson i media. I tilsynsmøtet kom det fram at det er utpeikt fast vara for ordførar og kommunedirektør, men ikkje for dei andre funksjonane. Beredskapsleiinga kan utvidast med stab- og støtteressursar ved behov (både interne og eksterne).
Beredskapsleiinga kan bestemme å etablere krisestab. Dette aktiviserer fleire funksjonar i beredskapshandteringa, og utløyser behov for å kalle inn meir mannskap. Stabsleiarane vil tre ut av kriseleiinga for å organisere presse- og informasjonssenter, sentralbord- og publikumsteneste og evakuerte- og pårørandesenter.
Det gjekk fram av tilsynsmøtet at rollene og oppgåvene til medlemene i kriseleiinga er avklart, og at det er låg terskel for å samle kjernegruppa t.d. ved mottak av farevarsel.
Beredskapsplanverk for helse- og omsorgsområdet
Risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS-analyse) for helse- og omsorgsområdet
Det er ikkje gjennomført ein eigen ROS-analyse for helse- og omsorgstenestene, men det er gjort analyser av fleire helsehendingar i den heilskaplege ROS-analysen; pandemi/epidemi, svikt i kommunale helsetenester, smitte gjennom mat og vatn og legemiddelmangel. I tillegg er konsekvensar for helsetenestene vurdert i fleire av dei andre scenarioa i analysen som t.d. ekstremvêr og svikt i kraftforsyning. Det er ikkje gjort ei vurdering av evne til å omstille drift for å handtere større tal pasientar, handtering av masseskadde, evakuering av sjukehus og evakuering og reetablering av drift av legekontor.
Kommunen informerte i tilsynsmøtet at alle tenesteeiningane i kommunen er pålagt å gjennomføre årleg revisjon av ROS-analyser og rutinar for HMS.
Det vart opplyst på førehand, og stadfesta i tilsynsmøtet, at det er den heilskaplege ROS-analysen som vil danne grunnlaget for arbeidet med helseberedskapsplanen. Kommunen sa at dei vil vurdere behovet for å utvide analysen i samband med arbeidet med planen.
Plan for helsemessig og sosial beredskap
Stad kommune har ikkje ein plan for helsemessig og sosial beredskap (helseberedskapsplan), men planlegg oppstart av arbeid med plan i november 2025. I tilsynsmøtet fekk vi opplyst at kommunalsjefen for helse og omsorg vil ha overordna ansvar for arbeidet med planen, og at kommuneoverlegen vil vere ein viktig bidragsytar.
Det er utarbeidd underordna beredskapsplanverk og tiltakskort for helsetenestene i kommunen.
Kommuneoverlegen har i dag full stilling som kommuneoverlege og smittevernlege, men denne vert redusert til 50 % over sommaren etter eige ønske. Kommunen ser på korleis dei skal sikre tilstrekkeleg samfunnsmedisinsk kompetanse. Det finst ingen formelle eller uformelle ordningar med andre legar i kommunen om avløysing for kommuneoverlege- og smittevernlegefunksjonen.
Kommunen arbeider med å få dette på plass.
Stad kommune er vertskommune for interkommunal legevakt og ØHD, som er lokalisert ved Nordfjord sjukehus. Kommunen opplyser om at dei jobbar med beredskapsplan for legevakt i samarbeid med dei lokale legekontora for uføresette situasjonar som bortfall av straum, internett, stengde vegar og bruer og når ein ikkje kan ta imot pasientar i eksisterande lokale.
Smittevernplan med underordna planverk
Stad har ein smittevernplan, pandemiplan og tuberkulosekontrollprogram som var sist revidert i perioden juli 2024 til april 2025. Kommuneoverlegen, i funksjonen av å være smittevernlege, er øvste ansvarleg for smittevernplanen. Planen er utarbeidd av kommuneoverlegen, og er generisk utforma med lenkjer til relevant kunnskap.
Heilskapleg og systematisk samfunnstryggleiks- og beredskapsarbeid
Innleiingsvis i den heilskaplege ROS-analysen er det gjort greie for overordna mål og strategiar for arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap. Dette er i liten grad tema i kommunen sine overordna planar (samfunnsdel, planstrategi og kommunedel plan for helse og omsorg). I tilsynsmøtet fekk vi sjå utkast til ny samfunnsdel som er under arbeid. I den reviderte versjonen av planen var det utarbeidd tydelege mål og strategiar for arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap i kommunen.
Kommunen har ikkje utarbeid ein plan for oppfølging av den heilskaplege ROS-analysen, men orienterte om at dei har arbeidd med oppfølging av fleire av dei tilrådde tiltaka.
Samarbeid
Stad samarbeider med nabokommunane gjennom både politiske og faglege nettverk i region Fjordane. Kommunen har eit brannførebyggjande samarbeid med Stryn og Gloppen, og brannbistandsavtaler med Volda, Stryn og Vanylven. Kommunen opplever samarbeidet med eksterne aktørar som godt, men ønskjer i større grad å breidde ut samarbeidet med næringsliv, heimevernet og andre.
Stad kommune har eit beredskapsråd beståande av representantar frå mellom anna politiet, Statens vegvesen, heimevernet, sivilforsvaret, Eid VGS, IKT Nordfjord, Linja og frivillige lag. Rådet møtest minimum ein gong i året. Rådet har mellom anna diskutert beredskapsplan og beredskapsleiing, avklaring av rollar og moglege hendingar og tiltak.
Kommunen har samarbeidsavtalar med fleire frivillige lag og organisasjonar, og har eit bevisst forhold til korleis desse kan nyttas.
Stad er vertskommune for Nordfjord sjukehus og legevakt for kommunane i Nordfjord, og samarbeid med helseføretaket følgjer av samarbeidsavtalar. Stad har faste vertskommunemøte og fast samarbeidsmøte om legevakt og Nordfjord sjukehus.
Opplæring, øving og evaluering
Opplæring
Det følgjer av beredskapsplanen at alle med roller i beredskapsorganisasjonen skal gjere seg kjent med beredskapsplanen, men kommunen har ikkje etablerte rutinar for å sikre at alle som er tiltenkt ei rolle i kommunen sin krisehandtering (inkl. vara) har tilstrekkeleg kvalifikasjonar.
Det vart opplyst i tilsynsmøtet at det har vore lite tid og ressursar til opplæring, men at medlemene får opplæring gjennom øvingar.
Øving
Kommunen har etablerte rutinar for jamleg øving av kriseleiinga, og øvingsplan med planlagde øvingar. Kommunen øvde sist i mars 2025 da dei deltok på ei øving i regi av Statsforvaltaren med tryggleikspolitisk situasjon som tema.
I mai 2024 deltok deler av beredskapsleiinga som observatørar i Gloppen kommune si øving om evakuerte og pårørandesenter (EPS). Kommunen planlegg å gjennomføre ei tilsvarande øving på EPS til hausten, og vil invitere nabokommunar til å delta som observatørar.
Evaluering
Det følgjer av beredskapsplanen at kommunen i normaliseringsfasen etter større uønskte hendingar skal gjennomføre ei overordna evaluering for å sikre at beredskap fungerer og vert vidareutvikla.
Det kom fram i tilsynsmøtet at kommunen har fanga opp erfaringspunkt i samband med øvingar og uønskte hendingar, men at det ikkje er gjennomført skriftlege evalueringar. Kommunen har t.d. ikkje gjennomført ei skriftleg evaluering etter koronapandemien.
4. Vurdering av faktagrunnlaget opp mot aktuelt lovgrunnlag
Kommunal beredskapsplikt har som mål å verne innbyggjarane. Kommunen har ansvar for å utvikle trygge og robuste lokalsamfunn og oppretthalde nødvendige tenester, òg når uønskte hendingar utfordrar den.
Overordna beredskapsplanverk
Heilskapleg risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS-analyse)
Det er krav om at den heilskaplege ROS-analysen skal oppdaterast i takt med revisjon av kommunedelplanar, og ved endringar i risiko- og sårbarheitsbildet. Den heilskaplege ROS-analysen er vedteken i kommunestyret 15. desember 2022, og er i samsvar med krav om oppdatering.
Analysen inneheld ei vurdering av 28 potensielle uønskte hendingar, og skildrar korleis dei ulike hendingane påverkar evna til å levere viktige tenester og andre kritiske samfunnsfunksjonar. I tillegg omtalar den korleis omdømet til kommunen vert påverka, og trongen for befolkningsvarsling og evakuering.
Aktørane i det kommunale beredskapsrådet var involvert i arbeidet med analysen, m.a. prosessen med utpeiking av scenario og som høyringsinstans.
Vi finn at krava til heilskapleg risiko- og sårbarheitsanalyse er tilfredsstilt, jf. sivilbeskyttelseslova § 14 og forskrift om kommunal beredskapsplikt § 2 e).
Overordna beredskapsplan
Stad kommune har ein overordna beredskapsplan som er sist revidert i mars 2025. Planen omtalar kven som deltek i kriseleiinga og fordeling av roller og ansvar. Fullmakter, roller, ansvar og oppgåver i beredskapsleiinga er avklart og kjent. Det er utarbeidd varslingslister, plan for evakuering og evakuerte- og pårørandesenter og plan for krisekommunikasjon, i tillegg til etablerte rutinar for informasjon til innbyggjarane og eigne tilsette.
Planen inneheld oversyn over interne og eksterne ressursar. Kommunen har eit beredskapsråd som har blitt nytta aktivt dei siste åra, og samarbeidsavtaler med fleire frivillige lag og organisasjonar.
Vi finn at overordna beredskapsplan tilfredsstiller krava i sivilbeskyttelseslova § 15, og forskrift om kommunal beredskapsplikt §§ 4 og 6.
Beredskapsplanverk for helse og omsorg
ROS-analyse for helse og omsorg
Det er krav om at helseberedskapsplanen skal byggje på ROS-analyse. Analysen skal kartlegge, vurdere og dokumentere kva interne og eksterne hendingar som kan gje ei vesentleg belastning for kapasiteten i helse- og omsorgstenestene, og føre til redusert evne til å yte helse- og omsorgstenester. Analysen skal utgjere kunnskapsgrunnlaget for helseberedskapsplanen.
Det er ikkje utarbeid ein eigen ROS-analyse for helse og omsorgstenestene, og vurderingane i den heilskaplege ROS-analysen er noko mangelfull. Det manglar analyser av enkelte hendingar som kan gi ei vesentleg belastning for kapasiteten i helse- og omsorgstenestene, og føre til redusert evne til å yte helse- og omsorgstenester. Dette gjeld til dømes analysar av evne til å omstille drift for å handtere større tal pasientar, handtering av masseskadde, evakuering av sjukehus og evakuering og reetablering av drift av legekontor.
Med bakgrunn i dette finn vi at Stad kommune ikkje tilfredsstiller krava til ROS-analyse for helse- og omsorgstenestene jf. helseberedskapslova § 2-2 og forskrift om krav til beredskapsplanlegging § 3.
Plan for helsemessig og sosial beredskap (helseberedskapsplan)
Stad kommune har ikkje ein helseberedskapsplan, men det er planlagt oppstart av arbeid med planen i november 2025.
Som følgje av at kommunen ikkje har ein plan for helsemessig og sosial beredskap finn vi at krava i helseberedskapslovverket ikkje er oppfylt jf. helseberedskapslova § 2-2 og forskrift om krav til beredskapsplanlegging § 2.
Smittevernplan
Stad kommune har ein smittevernplan inkludert pandemiplan og tuberkulosekontrollprogram som sist var revidert i perioden juli 2024 til april 2025.
Vi finn at smittevernplan med pandemiplan fyller krava, jf. lov om helsemessig og sosial beredskap (helseberedskapslova) § 2-2 og smittevernlova § 7-1.
Heilskapleg og systematisk samfunnstryggleiks- og beredskapsarbeid
Det er krav om at kommunen, på bakgrunn av den heilskaplege risiko- og sårbarheitsanalysen, skal utarbeide langsiktige mål, strategiar, prioriteringar og plan for oppfølging av samfunnstryggleiks- og beredskapsarbeidet.
Stad kommune har nedfelt skriftlege langsiktige mål og strategiar for samfunnstryggleik og beredskap. Vi vurderer at krav om å utarbeide langsiktige mål og strategiar er tilfredsstilt.
Kommunen manglar ein plan for oppfølging av tilrådde tiltak frå den heilskaplege ROS-analysen.
Vi finn at kravet om prioritering og plan for oppfølging etter ROS-analysen ikkje er tilfredsstilt jf. sivilbeskyttelseslova § 14 og forskrift om kommunal beredskapsplikt § 3 a.
Opplæring, øving og evaluering
Kommunen har gjennomført jamlege øvingar for kommunen sin beredskapsorganisasjon.
Det er ikkje etablerte rutinar for å sikre at alle som er tiltenkt ei rolle i kommunen sin krisehandtering (inkl. vara) har tilstrekkelege kvalifikasjonar, eller gjennomført skriftlege evalueringar i samband med øvingar og uønskte hendingar.
Vi finn at Stad kommune ikkje oppfyller krav om system for opplæring og jf. sivilbeskyttelseslova § 15 og forskrift om kommunal beredskapsplikt §§ 7 og 8.
5. Konklusjon
Statsforvaltaren har avdekt følgande lovbrot under tilsynet:
Lovbrot 1
Den heilskaplege ROS-analysen inneheld ikkje tilstrekkeleg vurdering av hendingar som kan gi ei vesentleg belastning for kapasiteten i helse- og omsorgstenestene, og føre til redusert evne til å yte tenester. Kravet til ROS-analyse innan helse- og omsorgsområdet er difor ikkje tilfredsstilt.
Dette er brot på helseberedskapslova § 2-2 og forskrift om krav til beredskapsplanlegging § 3.
Lovbrot 2
Det er ikkje utarbeid ein plan for helsemessig og sosial beredskap.
Dette er brot på helseberedskapslova § 2-2 og forskrift om krav til beredskapsplanlegging § 2.
Lovbrot 3
Kommunen manglar ein plan for oppfølging av den heilskaplege ROS-analysen. Deler av kravet til heilskapleg og systematisk samfunnstryggleiks- og beredskapsarbeid er difor ikkje tilfredsstilt.
Dette er brot på sivilbeskyttelseslova § 14 og forskrift om kommunal beredskapsplikt § 3 a.
Lovbrot 4
Kommunen manglar systematikk for opplæring av medlemer i beredskapsleiinga.
Dette er brot på sivilbeskyttelseslova § 15 og forskrift om kommunal beredskapsplikt § 7 andre ledd.
Lovbrot 5
Det er ikkje gjennomført skriftleg evaluering etter øvingar og hendingar,
Dette er brot på sivilbeskyttelseslova § 15 og forskrift om kommunalberedskapsplikt § 8.
6. Oppfølging av lovbrot
Vi ber kommunen om å utarbeide og sende plan for retting, med informasjon om kva tiltak som skal gjennomførast. I planen må det gå fram fristar for gjennomføring, og informasjon om korleis leiinga vil sjå til at tiltaka vert gjennomført.
Vi ber om å få tilsendt planen for retting innan 17. oktober 2025.
Vedlegg: Gjennomføring av tilsynet
Tilsynet er ein del av våre planlagde tilsyn i 2025, og vart gjennomført som systemrevisjon med dokumentgjennomgang på førehand og tilsynsmøte hjå Stad kommune tysdag 17. juni 2025. Tilsynsmøte vart gjennomført som ein kombinasjon av individuelle samtalar/intervju og gruppesamtale.
Skriftleg varsel om tilsyn vart sendt 9. desember 2024, og følgt opp med brev med førespurnad om opplysningar 18. februar 2025.
Deltakarar i tilsynsmøte
Ikkje publisert her.
Følgande dokument og opplysningar frå kommunen vart brukt som underlag for tilsynet:
- Stad kommune Heilskapleg risiko og sårbarheitsanalyse, vedteken i kommunestyret 15.12.2022
- Godkjenning av heilskapleg risiko- og sårbarheitsanalyse for Stad kommune, vedtak i kommunestyret 15.12.2022
- Kommunal planstrategi, Utviklingsplan for Stad Vedteken av kommunestyret 12.09.2024
- Planprogram – Revidering av kommuneplanen sin samfunnsdel 2020-2032. Framlegg til vedtak, februar 2025
- Stad kommune mot 2030. Kommuneplanen sin samfunnsdel 2020-2032. Vedteken av kommunestyret 10.09.2020
- Kommunedelplan for helse og omsorg 2023-2035, vedteken 15.06.2023
- Overordna beredskapsplan for Stad kommune, sist revidert mars 2025 m/vedlegg
- Øvingsplan beredskap 2025
- Oversyn over beredskapsøvingar 2022-2025
- Beredskapsanalyse 2023, Stad brann og redning
- Dokumentasjon av brann og redningstenesta i Stad kommune 2023
- Forebyggendeanalyse – 2023, Stad Brannførebyggande avdeling for Gloppen Stad og Stryn
- Saksframlegg i Stad kommunestyre, Risiko og sårbarheitsanalyse 2023 – Stad brann og redning
- Vedlegg A til ROS-analyse 2023 for Stad brann og redning
- Smittevernplan for Stad kommune, revidert juli 2024
- Tuberkulosekontrollprogram for Stad kommune, revidert april 2025
- Vedlegg 1: Til arbeidsgjevarar som tilset utanlandske arbeidarar
- Vedlegg 2: Eigenmeldingsskjema for TUBERKLUOSE og MRSA
- Beredskapsplan for pandemisk influensa, revidert juli 2024
- Beredskapsplan (tiltakskort?) 321 Seljetunet ved varsla ekstremver, sist oppdatert 30.01.2024
- Beredskapsplan Hogatunet Bu- og behandlingssenter ved varsla ekstremver
- Beredskapsplan 311 Heimetenesta ved varsla ekstremver
- Brannrutiner, helse og omsorg, Stad kommune
- Rutine, Dokumentasjon av ØH-hjelp ved lokalt legekontor i regi av Nordfjord legevakt
- Tiltakskort, Feil på telefonsentral eller i Tiltak for å etablere reserve LV-sentral
- Prosedyre, bortfall av AMIS
- Prosedyre, inndekning ved akutt sjukefråvær til legevaktlege
- Prosedyre alvorlege/store hendingar og ulykker
- Prosedyre tunnelbrann
- Prosedyre, beredskapsplan velferdsteknologi
- Prosedyre, tiltak ved nedetid hjå Alarmsentralen
- Prosedyre, nødperm ved nedetid i elektroniske system
- Prosedyre ved varsla straumstans
- Organisasjonskart, datert 06.01.2025
- Planverk atomberedskap
- Atomberedskap og utdeling av Informasjon til tilsette og føresette for barn i skular og barnehagar, revidert mars 2022
- Informasjon til føresette om bruk av jodtablettar ved ei atomhending og kvittering for utlevering av jodtablettar frå barnehage, skule eller helsestasjon, revidert mars 2022
- Samtykkeskjema for utdeling av jodtablettar ved atomheniding i Stad
Gjeldande frå skule- og barnehageåret 2024-2025
- Samtykkeskjema for utdeling av jodtablettar ved atomhending, revidert mars 2022
- Signeringsliste til bruk ved utlevering av jodtablettar, revidert mars 2022
- Tiltakskort – utdeling av jodtablettar ved atomuhell, revidert mars 2022