Rapport etter tilsyn med kommunal beredskapsplikt og helseberedskap i Ullensvang kommune 23. september 2025
Oppfølging av tilsynet
Ved dette tilsynet blei det avdekt lovbrot/avvik. Kontakt etaten som har utført tilsynet for status på lovbrotet/avviket.
Vi har gjennomført tilsyn med kommunal beredskapsplikt og helseberedskap i Ullensvang kommune. Det er heimla i Sivilbeskyttelseslova § 29, § 10 i forskrift om kommunal beredskapsplikt og helsetilsynslova § 4.
Tilsynet vart gjennomført som systemrevisjon med dokumentgjennomgang på førehand, og oppfølgande møte med leiing og nøkkelpersonar i kommunen 23. september 2025.
Det er avdekt fire lovbrot i samband med tilsynet.
1. Føremål, tema og omfang for tilsynet
Målet med tilsynet er å undersøke om kommunen sitt arbeid med samfunnstryggleik og beredskap er i samsvar med krav i lov og forskrift. Lovbrot betyr at krav i dei er mangelfullt etterlevd.
Vi undersøkte om Ullensvang kommune har ein heilskapleg ROS-analyse, ROS-analyse for helse- og omsorgstenestene, overordna beredskapsplan og beredskapsplan for helse- og omsorgstenestene. Vi kontrollerte òg om kommunen har utarbeidd langsiktige mål, strategiar, plan for oppfølging og prioriteringar av arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap. I tillegg undersøkte vi om det er etablert eit system for opplæring av personell med rolle i krisehandtering i kommunen, om beredskapsplanen vert øvd og om kommunen evaluerer etter uønskte hendingar og øvingar. Vi har og gjort ei overordna vurdering av helseberedskapsplanlegging etter helseberedskapslova og smittevernlova.
Tilsynet er ikkje meint å gi ei fullstendig tilstandsvurdering av det arbeidet Ullensvang kommune gjer på samfunnstryggleiks- og beredskapsområdet. Det er såleis heller ikkje ei evaluering av evna som kommunen har til å handtere uønskte hendingar og kriser.
Tilsynet omfatta ikkje revisjon av sosialberedskap og beredskap for miljøretta helsevern etter folkehelselova.
2. Aktuelt lovgrunnlag
Vi har lagt til grunn krav regulert i følgjande lover og forskrifter:
- Lov om kommunal beredskapsplikt, sivile beskyttelsestiltak og Sivilforsvaret (sivilbeskyttelseslova)
- Forskrift om kommunal beredskapsplikt
- Lov om kommunale helse- og omsorgstenester m.m. (helse- og omsorgstenestelova)
- Lov om helsemessig og sosial beredskap (helseberedskapslova)
- Forskrift om krav til beredskapsplanlegging og beredskapsarbeid mv. etter lov om helsemessig og sosial beredskap
- Lov om vern mot smittsame sjukdomar (smittevernlova)
- Lov om folkehelsearbeid (folkehelselova)
3. Framstilling av faktagrunnlaget
Ullensvang kommune ligg i Hardanger og omkrinsar Sørfjorden. Landskapet er prega av fjord- og fjellandskap. Kommunen vart etablert i 2020 gjennom ei samanslåing av kommunane Odda, Jondal og Ullensvang, med Odda som administrasjonssenter. Ullensvang er den største kommunen i Vestland fylke rekna i landareal. Per 2. kvartal 2025 hadde Ullensvang 10 990 innbyggjarar som bur spreidd i kommunen.
Det er variert industri i kommunen inkl. fleire storulukkeverksemder. Kommunen opplev jamleg at vegar vert stengde på grunn av skred, flaum, og preventive stengingar. Ullensvang har tre fjellparti under periodisk overvaking. Kommunesenteret Odda er vertskap for Odda sjukehus som tilhøyrer Helse Fonna. Ullensvang har tidvis stor turistaktivitet som m.a. fører til utfordringar på vegnettet.
Kommunen har dei siste åra vore råka av fleire omfattande vêrhendingar som m.a. har ført til isolering av kommunesenter, evakuering av privatbustader og brot i vassforsyninga.
Overordna beredskapsplanverk
Heilskapleg risiko- og sårbarheitsanalyse
Ullensvang kommune har ein heilskapleg analyse av risiko- og sårbarheit (ROS-analyse) som vart vedteken i kommunestyret 26.02.2020. Det vart gjennomført ein mindre revisjon av analysen i 2022 med mål om å tilpasse analysen betre til dagens og framtidas utfordringar, og i februar 2025 vart analysen supplert med to nye hendingar knytt til fjellskred.
Om lag 50 personar frå kommunen og eksterne aktørar deltok i analysearbeidet. Arbeidet med analysen var ferdigstilt til etableringa av nye Ullensvang kommune 1. januar 2020, og vart opplyst i tilsynsmøtet at den var med på å danne grunnlaget for arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap i kommunen.
ROS-analysen vurderer 31 potensielle uønskte hendingar. Kommunen har identifisert sjukdomsutbrot, ulykke med skip/båt, tunnelbrann/-ulykke, terror-/trusselsituasjon, alvorleg svikt/stans i vatn og avlaup, legemiddelmangel – og hendingar knytt til flaum, skred, og industrien som dei mest alvorlege hendingane.
Analysen byggjer på NS 5814:208 - Krav til risikovurderingar og DSB sin temarettleiar til heilskapleg risiko- og sårbaranalyse i kommunen frå 2014. Dei siste scenarioa som var supplert i 2025 (scenario 30 og 31) er utarbeid etter ny rettleiar frå 2021. Kommunen informerte i tilsynsmøtet at dei planlegg å gjennomføre ein revisjon av analysen med utgangspunkt i ny rettleiar. Planlagt oppstart er våren 2026.
Analysen tek for seg relevante uønskte hendingar som kan råke kommunen, men er tidvis lite konkret på korleis kritiske samfunnsfunksjonar vil kunne bli påverka. Den er mangelfull i skildringa av korleis hendingane kan påverke kommunen si evne til å oppretthalde eigen verksemd under kriser og evne til å få opp at normal drift. Det går heller ikkje fram kva behovet for evakuering vil vere knytt til dei ulike hendingane.
Avslutningsvis i analysen er det identifisert fire overordna tiltak som omhandlar utarbeiding av beredskapsanalyse, utarbeiding av ROS og beredskapsplanverk i sektorane, oppfølging av identifiserte tiltak i sektorane og utarbeiding av økonomiplan/prioriteringsliste med utgangspunkt i funna i analysen.
Det er utarbeidd underordna ROS-analysar med utgangspunkt i overordna ROS for alle sektorane i kommunen, men unntak av analysen for tenesteområdet teknikk og miljø som er under arbeidt.
Analysane er utarbeida av-, og retta mot sektorane i kommunen.
Overordna beredskapsplan
Ullensvang kommune har ein overordna beredskapsplan vedteken av kommunestyret 26.02.2020. Det gjekk fram i tilsynsmøtet at planen var sist revidert i 2025.
Rådmannen har ansvar for det overordna beredskapsplanverket inkl. fast revisjon (februar og september) og rullering av planen ved endring i organiseringa eller ved andre endra føresetnadar.
Den overordna beredskapsplanen skildrar korleis beredskapen er organisert, fullmakter og samansetjinga av kommunal kriseleiing (KKL) inkl. roller og oppgåver for den enkelte. Plan for krisekommunikasjon, og plan for evakuering og evakuerte- og pårørandesenter, ligg som eigne kapittel i planen. Varslingslister og oversyn over interne og eksterne ressursar ligg som vedlegg til planen.
KKL er satt saman av rådmann (leiar), kommuneoverlege, HR-sjef, kommunalsjef teknisk, rådgjevar samfunnssikkerheit og beredskap, verksemdsleiar veg og parkanlegg, ordførar (talsperson for kommunen) og rådgjevar med logg/dokumentasjonsansvar. Kommunalsjef helse og omsorg og brannsjef er ikkje faste medlemar i KKL, men har i praksis delteke inn i KKL ved dei hendingane som har vore dei siste åra. Det er ikkje peika ut vara for medlemmane utover at det er satt opp eit system for ei intern varaordning for enkelte funksjonar.
Rådmann, ordførar og rådgjevar for samfunnssikkerheit og beredskap har fullmakt til å nytte inntil kr 2 mill. utover budsjett for å ivareta kriseleiinga sine oppgåver.
I samarbeid med andre sentrale beredskapsaktørar i kommunen er det utarbeidd ein eigen plan for etablering av operativt samvirkesenter. Planen inneheld ei skildring av føremål, ansvarsfordeling, oppsett og føring for gjennomføring av øvingar og evalueringar. I tilsynsmøtet opplyste kommunen at dei har svært positive erfaringar med etablering av eit slik samvirkesenter.
Kommunen har ein plan for atomberedskap som er datert 2022, men som tidvis viser til eldre og utdatert informasjon. Plan for utdeling av jodtablettar er oppdatert i helseberedskapsplanen. Det vart opplyst i tilsynsmøtet at det er planlagt ein større revisjon av planen.
Risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS-analyse) for helse- og omsorgsområdet
Ullensvang har eigen risiko- og sårbarheitsanalyse for helse- og omsorgsområdet datert 14. august 2025. Analysen byggjer på hendingar i heilskapleg ROS-analyse som kan råke helse- og omsorgssektoren.
Innleiingsvis i analysen vert organisering av sektoren og helse- og omsorgstenestene si rolle i leveranse av kritiske samfunnsfunksjonar skildra. Analysen tek for seg 28 potensielle uønskte hendingar fordelt på interne hendingar, svikt i kritiske samfunnsfunksjonar, ulukkeshendingar, tilsikta hendingar og andre hendingar (pandemi og konflikt – krig). Analyseskjema nytta i analysen byggjer på skjema frå rettleiar for heilskapleg ROS-analysar i kommunane utarbeidd av DSB i 2022, og inkluderer mellom anna vurdering av sårbarheit, usikkerheit, eksisterande tiltak og framlegg til nye tiltak.
I samband med analysen er det identifisert 26 tiltak som vert tilrådd å sette i verk for å redusere den identifiserte risikoen i helse- og omsorgstenestene i kommunen. Tiltaka er ikkje prioritert og det er ikkje satt opp ei plan for gjennomføring.
Helse- og sosialmessig beredskapsplan
Ullensvang har ein plan for helsemessig og sosial beredskap. Den byggjer på kommunen sin overordna beredskapsplan, den nasjonale helseberedskapsplanen og rettleiar om helse og sosialberedskap. Planen er utarbeida av kommuneoverlegen og rådgjevar for samfunnssikkerheit og beredskap. Det gjekk fram av tilsynsmøtet at desse, saman med kommunalsjef for helse og omsorg, har ansvar for oppdatering av planen.
Helseberedskapsplanen omtalar føremål og prinsipp for beredskapsarbeidet innan helse og omsorg. Planen inneheld ei overordna skildring av KKL si rolle, og ei meir detaljert skildring av oppgåver som vil vere aktuelle for personell for helse- og omsorgsteneste ved ei krise.
Det er ei omtale av materiell, utstyr og forsyningar i planen. I tilsynsmøtet stadfesta kommunen at dei er klar over at dei frå 1. januar 2026 vil vere pålagt å ha beredskapslager for personleg verneutstyr for tre månaders normalforbruk, og at dei jobbar med korleis dei skal løyse dette.
Planen omtalar ikkje korleis kommunen vil kunne måtte hjelpe sjukehuset eller nabokommunar. I intervjua vart det orientert om at dei har tett dialog og godt samarbeid med lokalsjukehuset, og at dei samarbeider godt i samband med uønskte hendingar.
Smittevernplan med underordna planverk
Kommunen har ein smittevernplan frå august 2025. Kommunestyret har gjeve smittevernlege fullmakt til å oppdatere planen fortløpande, større endringar skal leggjast fram til ny handsaming og vedtak. Smittevernplanen inneheld både overordna generelle skildringar og konkrete, lokale rutinar og tiltak. Både tuberkuloseprogram og pandemiplan ligg som tillegg. Det går fram av planen at den skal vere tilgjengeleg på kommunen sine nettsider, men vi kan ikkje sjå at det er gjort.
Kommuneoverlege og smittevernlege
Kommuneoverlegen har full stilling som kommuneoverlege, og er administrativt plassert i sektor for helse og omsorg. Det kom fram i tilsynsmøtet at kommuneoverlegen opplever at det tidvis kan vere krevjande å utøve sin sektorovergripande rolle som samfunnsmedisinsk fagperson i kommunen med dagens organisering.
Ullensvang har smittevernlege tilsett i 30%, og 70% som fastlege. Smittevernlege og kommuneoverlege er avløysar for kvarandre.
Heilskapleg og systematisk samfunnstryggleiks- og beredskapsarbeid
Kommunen har utarbeid langsiktige mål og strategiar for arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap. Desse går fram av kommuneplanen sin samfunnsdel frå 2020-2024, vurdert vidareført i planstrategien for 2024-2027. Her går det mellom anna fram at kommunen skal vere ein aktiv tilretteleggjar og pådrivar, derunder at kommunen skal arbeida god samfunnstryggleik og beredskap i heile kommunen. Vi er kjende med og det gjekk fram av tilsynsmøtet at kommunen er svært bevist på si pådrivar rolle, og jobbar aktivt ut mot eksterne aktørar med føremål om å auke tryggleiken og beredskapen i kommunen.
I samband med tilsynet har kommunen utarbeid eit notat som omtalar status på arbeidet med dei fire overordna tiltaka identifisert i analysearbeidet, og andre tiltak avdekt i samband med uønskte hendingar i etterkant av ferdigstilling av analysen. Kommunen har ikkje lagt fram ein forpliktande oppfølgingsplan med prioritering av dei konkrete tiltaka som er identifisert i ulike scenarioa i analysen.
Samarbeid
Ullensvang nyttar etablerte forum til å samarbeide med nabokommunar om beredskap både politisk og administrativt. Rådgjevar for samfunnssikkerheit og beredskap deltek i eit eige samarbeidsforum saman med beredskapsrådgjevarane i Eidfjord, Ulvik, Voss og Kvam.
I tilsynsmøtet orienterte kommunen om at dei har eit kommunalt beredskapsråd, men at dette ikkje er formalisert gjennom vedtak i kommunestyret. Dette skal etter planen skje innan utgangen av 2025.
Kommunen informerer om at dei har eit tett samarbeid med eksterne aktørar under uønskte hendingar og elles. Dei har i samarbeid med sentrale beredskapsaktørar avtale om etablering av operativt samvirkesenter under hendingar, og har gode erfaringar med dette. Dei har mellom anna jamlege møte med representantar frå dei større industriverksemdene i kommunen, dialog med Sivilforsvaret om tilfluktsrom og vegmyndigheitene om vegnettet i kommunen.
Kommunen samarbeider med Odda sjukehus. Kommunen kjøper akuttsengeplassar av helseføretaket og legevakta er lokalisert på Odda sjukehus. Det gjekk fram av tilsynsmøtet at kommunen har jamlege samarbeidsmøte med helseføretaket lokalt. Dette gjeld helse og omsorgssjefen for omsorgstenestene, og det same gjeld legetenesta og legevakt. Samarbeid om prehospitale tenester og omplassering av ambulansar fungerer godt i følgje kommunen. Det gjekk i tillegg fram av tilsynsmøtet at kommunen og helseføretaket ikkje har delt beredskapsplanar med kvarandre. Det er heller ikkje avtale om bistand ved akutt legemiddelmangel.
Opplæring, øving og evaluering
Opplæring
Kommunen har ikkje dokumentert eit system for opplæring, men i tilsynsmøtet gjekk det fram at rådgjevar for samfunnssikkerheit og beredskap har ei fast praksis der han har ei gjennomgang av beredskapsplanverket, roller og forventing med nye medlemmar i KKL eller andre med sentrale roller i beredskapsorganisasjonen til kommunen.
Øving
KKL deltok i mai 2023 i ei totalforsvarsøving i regi av Statsforvaltaren. Det har i tillegg blitt gjennomført VA-øving for KKL i 2023 og 2025. Sivilforsvaret planlegg ei større øving i tilfluktsrommet i Odda hallen i slutten av oktober som kommunen planlegg å delta inn i. Kommunen har i tillegg etablert KKL fleire gonger dei siste åra og har gjennom dette fått praktisk øving i handtering av uønskte hendingar. Det er ikkje utarbeidd ein øvingsplan.
Evaluering
Det føreligg ikkje dokumentasjon på skriftleg evaluering etter øvingar og hendingar.
Kommunen viser samstundes gjennom dokumentasjon av iverksette tiltak at fleire av erfaringane dei har gjort seg i samband med hendingar vert følgt opp. Oppfølging skjer både i form av tiltak innanfor eigen organisasjon og gjennom pådrivarrolla si.
4. Vurdering av faktagrunnlaget opp mot aktuelt lovgrunnlag
Kommunal beredskapsplikt har som mål å verne innbyggjarane. Kommunen har ansvar for å utvikle trygge og robuste lokalsamfunn og oppretthalde nødvendige tenester, òg når uønskte hendingar utfordrar den.
Overordna beredskapsplanverk
Heilskapleg risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS-analyse)
ROS-analysen skal oppdaterast i takt med revisjon av kommunedelplanar, og ved endringar i risiko-og sårbarheitsbilde. Analysen er vedteken av kommunestyret 26.02.2020 og er sist revidert 06.02.2025.
Første versjon av analysen var ferdig til samanslåing og var med på å danne grunnlaget for arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap i nye Ullensvang kommune.
Analysen vurderer 31 potensielle uønskte hendingar. Analysen er tidvis lite konkret på korleis kritiske samfunnsfunksjonar vil kunne bli påverka og kommunen si evne til oppretthalde og ta opp att eigen verksemd. Behovet for evakuering er òg mangelfullt omtalt.
Vi finn at deler av krava til heilskapleg risiko- og sårbarheitsanalyse i sivilbeskyttelseslova § 15 og forskrift om kommunal beredskapsplikt § 2 ikkje er tilfredsstilt.
Overordna beredskapsplan
Ullensvang kommune har ein overordna beredskapsplan sist revider august 2025. Planen omtalar kven som deltek i kriseleiinga og fordeling av roller og ansvar. Fullmakter, roller, ansvar og oppgåver i beredskapsleiinga er avklart og kjent. Det er utarbeidd varslingslister, plan for evakuering og evakuerte- og pårørandesenter og plan for krisekommunikasjon.
Vi finn at overordna beredskapsplan tilfredsstiller krava i sivilbeskyttelseslova § 15, og forskrift om kommunal beredskapsplikt §§ 4 og 6.
Beredskapsplanverk for helse og omsorg
ROS-analyse for helse og omsorg
Kommunen har ei ROS-analyse for helse og omsorg datert august 2025. Analysen er utarbeida med utgangspunkt i overordna ROS-analyse. Analysen skildrar korleis helse- og omsorgstenesta i kommunen vil kunne bli påverka ved dei 28 uønskte hendingane som er analysert, og inneheld oversikt over eksisterande risikoreduserande tiltak og forslag til nye.
Vi finn at ROS-analyse for helse- og omsorgssektoren tilfredsstiller krava i helseberedskapslova § 2-2 og forskrift om krav til beredskapsplanlegging § 3.
Helse- og sosialmessig beredskapsplan
Ullensvang har ein helseberedskapsplan. Gjeldande plan er utarbeida februar 2025 og sist revidert 18.08.2025.
Vi finn at helseberedskapsplanen tilfredsstiller i helseberedskapslovverket i helseberedskapslova § 2-2 og forskrift om krav til beredskapsplanlegging § 2.
Smittevernplan
Kommunen har ein smittevernplan inkludert pandemiplan og tuberkulosekontrollprogram. Gjeldande smittevernplan er frå august 2025.
Vi finn at smittevernplan med pandemiplan fyller krava i lov om helsemessig og sosial beredskap (helseberedskapslova) § 2-2 og smittevernlova § 7-1.
Heilskapleg og systematisk samfunnstryggleiks- og beredskapsarbeid
Det er krav om at kommunen, på bakgrunn av den heilskaplege risiko- og sårbarheitsanalysen, skal utarbeide langsiktige mål, strategiar, prioriteringar og plan for oppfølging av samfunnstryggleiks- og beredskapsarbeidet. Ullensvang kommune har nedfelt skriftlege langsiktige mål og strategiar for samfunnstryggleik og beredskap. Vi vurderer at krav om å utarbeide langsiktige mål og strategiar er tilfredsstilt.
Det er ikkje utarbeid ein forpliktande plan som skildrar korleis kommunen skal følgje opp tiltaka identifisert i scenarioa i den heilskaplege ROS-analysen, inkl. prioritering av tiltak og plan for gjennomføring.
Vi finn at kravet om prioritering og plan for oppfølging etter ROS-analysen i sivilbeskyttelseslova § 14 og forskrift om kommunal beredskapsplikt § 3 a ikkje er tilfredsstilt.
Opplæring, øving og evaluering
Kommunen har gjennomført øvingar for kommunen sin beredskapsorganisasjon iht. forskrift.
Rådgjevar samfunnstryggleik og beredskap har fast praksis i å gjennomføre ein gjennomgang av relevant beredskapsplanverk og rutinar med nye i KKL og andre med sentrale roller i beredskapsorganisasjonen til kommunen, men det føreligg ikkje skriftleg dokumentasjon på kva dette inneheld og kven som skal få denne opplæringa.
Det er ikkje gjennomført skriftleg evaluering etter øvingar og hendingar.
Vi finn at Ullensvang kommune ikkje tilfredsstiller krav om system for opplæring og evaluering i sivilbeskyttelseslova § 15 og forskrift om kommunal beredskapsplikt §§ 7 og 8.
5. Konklusjon
Statsforvaltaren har avdekt følgande lovbrot under tilsynet:
Lovbrot 1
ROS-analysen er mangelfull i skildringa av korleis kritiske samfunnsfunksjonar og kommunen si evne til å oppretthalde eigen verksemd vert påverka. Behovet for evakuering er òg i liten grad omtalt.
Dette er brot på sivilbeskyttelseslova § 14 og forskrift om kommunal beredskapsplikt § 2.
Lovbrot 2
Kommunen manglar ein plan for oppfølging av den heilskaplege ROS-analysen. Deler av kravet til heilskapleg og systematisk samfunnstryggleiks- og beredskapsarbeid er difor ikkje tilfredsstilt.
Dette er brot på sivilbeskyttelseslova § 14 og forskrift om kommunal beredskapsplikt § 3 a.
Lovbrot 3
Kommunen har ikkje eit dokumentert system for opplæring som sikrar at personar som er tiltenkt ei rolle i kommunens krisehandtering har tilstrekkelege kvalifikasjonar.
Dette er brot på sivilbeskyttelseslova § 15 og forskrift om kommunal beredskapsplikt § 7.
Lovbrot 4
Det er ikkje gjennomført skriftleg evaluering etter øvingar og hendingar. Dette er brot på sivilbeskyttelseslova § 15 og forskrift om kommunal beredskapsplikt § 8.
Det er ikkje avdekt lovbrot knytt til helseberedskap.
6. Oppfølging av lovbrot
Vi ber kommunen om å utarbeide og sende plan for retting, med informasjon om kva tiltak som skal gjennomførast. I planen må det gå fram fristar for gjennomføring, og informasjon om korleis leiinga vil sjå til at tiltaka vert gjennomført.
Vi ber om å få tilsendt planen for retting innan fredag 12. desember 2025.
Vedlegg: Gjennomføring av tilsynet
Tilsynet er ein del av våre planlagde tilsyn i 2025, og vart gjennomført som systemrevisjon med dokumentgjennomgang på førehand og tilsynsmøte hjå Ullensvang kommune tysdag 23. september 2025. Tilsynsmøte vart gjennomført som ein kombinasjon av individuelle samtalar/intervju og gruppesamtale.
Skriftleg varsel om tilsyn vart sendt 9. desember 2024, og følgt opp med brev med førespurnad om opplysningar 4. juli 2025.
Deltakarar i tilsynsmøte:
Ikkje publisert her.
Følgande dokument og opplysningar frå kommunen vart brukt som underlag for tilsynet:
- Oversending opplysningar - Tilsyn med kommunal beredskap og helseberedskap i Ullensvang kommune 2025
- Overordna ROS-analyse ferdig revidert - 06.02.25
- Organisasjonskart - oppdatert 29. oktober 2024
- Smittevernplan 2025
- Overordna Beredskapsplan - Ullensvang kommune
- Atom beredskapsplan Ullensvang kommune
- Risiko- og sårbarheitsanalyse 2025 – Helse og omsorg Ullensvang kommune
- Beredskapsplan og tiltakskort Oppvekst
- Heilskapleg ROS for barnehagane i Ullensvang kommune
- Heilskapleg ROS for skulane i Ullensvang kommune
- Plan_rutinar Psykososialt kriseteam i Ullensvang kommune
- Helse- og sosialmessig beredskaps plan2025
- Plan for oppfølging av heilskapleg ROS
- VEDLEGG A til ROS-analyse 2025 Helse og omsorg Ullensvang kommune – Skjema for uønskte hendingar
- Kommuneplan Samfunnsdel 2020-2032