Hopp til hovedinnhold

Samandrag

Statsforvaltaren i Vestland har gjennomført tilsyn med tenestene til heimebuande eldre i Alver kommune, heimetenesta, avdeling Lindås og avdeling Ostereidet. Vi undersøkte om kommunen sikrar at heimetenesta identifiserer forverring i helse- og funksjonsnivå hjå heimebuande eldre og at det ved forverring vert følgt opp med nødvendige tiltak.

Tilsynet er gjennomført som del av eit landsomfattande tilsyn iverksett av Statens helsetilsyn.

Tidsrommet for tilsynsbesøket: 22. - 23. april 2026 med oppsummerande møte den 23. april 2026.

Statsforvaltarens konklusjon:

Vi har ikkje avdekka lovbrot i dette tilsynet.

Kommunen har fått førebels rapport med skildring av faktiske forhold, vurderingar og konklusjon med høve til å kome med merknader innan 26. mai 2026. Vi har ikkje motteke merknader frå kommunen innan fristen.

1. Tilsynets tema og korleis vi har gjennomført tilsynet

Landsomfattande tilsyn med kommunale helse- og omsorgstenester for perioden 2025- 2026 handlar om varetaking av grunnleggende behov hjå eldre som bur heime. Dette tilsynet er ein av fleire tilsynsaktivitetar som vert gjennomført i løpet av desse to åra, og er del av den overordna tilsynssatsinga på helse- og omsorgstenester til eldre i perioden 2024-2027.

Tema for denne tilsynsaktiviteten er om forverring i helse- og funksjonsnivå hjå heimebuande eldre vert identifisert, og om forverring vert følgt opp med nødvendige tiltak. Tilsynet er avgrensa til å gjelde heimebuande eldre over 75 år og som har langvarig behov for helsehjelp i heimen.

Tilsynet har som føremål å rette merksemda mot betydninga av tidleg oppdaging av forverring i helsetilstand og funksjonsnivå hjå eldre, og kva som krevst av kommunen for å vareta dette. For pasienten kan tidleg oppdaging av forverring bety høgare grad av livskvalitet og sjølvstende, samt betre behandlingsmoglegheiter med auka sjanse for effektiv behandling. Tidleg oppdaging kan også hindre at mindre helseutfordringar utviklar seg til ein alvorleg tilstand, som igjen kan redusere behovet for sjukehusinnleggingar. Samtidig kan det avlaste pårørande og vere samfunnsøkonomisk gunstig.

Tilsynet byggjer på systemrevisjon som metode for å sjå samanhengen mellom praksis og kommunes styring av tenesta og arbeid med kvalitetsforbetring. Det er kommunens ansvar som verksemd som har vore utgangspunkt for tilsynet, og undersøkingane har innehalde dokument- og journalgjennomgang, intervju og pasienterfaringar. Vi har ikkje overprøvd enkeltsaker, men har brukt informasjon frå pasientjournalar for å sjå om kommunens praksis er eit resultat av systematisk styring og forbetringsarbeid.

Pasientane sine tilbakemeldingar og erfaringar med helsetenester i heimen er viktig informasjon for å belyse kvaliteten på tenesta og kommunens praksis. Eit utval pasientar har svara på ei spørjeundersøking utarbeidd for dette tilsynet.

2. Rettsleg grunnlag for tilsynet

Tilsynet er gjennomført som eit lovlegtilsyn med heimel i helse- og omsorgstenestelova § 12-3 og helsetilsynslova § 4. Vi gjev her ei generell oversikt over lov- og forskriftsreglar som er lagt til grunn i dette tilsynet. Normeringa av god praksis er nærare konkretisert i rapportens kapittel 4.1 og 4.2.

2.1 Krav til forsvarlegheit

Forsvarlegkravet i helse- og omsorgstenestelova § 4-1 stiller krav til både organisering og til innhaldet i tenestene som kommunen tilbyr. Det innhaldsmessige kravet går ut på at tenestene skal vere av ein viss kvalitet og omfang, dei skal verte ytt i tide, vere heilskaplege og koordinerte.

2.2 Krav til systematisk styring og kvalitetsforbetring

Den delen av forsvarlegkravet som handlar om krav til organisering, heng tett saman med kravet om å arbeide systematisk med kvalitetsforbetring og brukar- og pasienttryggleik i helse- og omsorgstenestelova § 4-2.

Forsvarlegkravet omfattar vidare ei plikt for kommunen til å legge til rette for at helsepersonellet kan oppfylle pliktene sine. I dette tilsynet inneber det undersøkingar av om kommunen legg til rette for at helsepersonell kan yte forsvarleg helsehjelp etter helsepersonellova § 4 og til å oppfylle dokumentasjonsplikta i helsepersonellova § 39.

Kravet om å legge til rette for forsvarlege tenester i helse- og omsorgstenestelova § 4-1 omfattar også å sikre tilstrekkeleg fagkompetanse i tenesta. Denne delen av forsvarlegkravet heng saman med kommunens overordna ansvar for systematiske tiltak som sikrar at verksemdas aktivitetar vert planlagt, gjennomført, evaluert og korrigert i samsvar med krav fastsett i lov og forskrift, jf. helse- og omsorgstenestelova § 3-1 tredje ledd. Forskrift om leiing og kvalitetsforbetring i helse- og omsorgstenesta tydeleggjer og utdjupar innhaldet i kravet til styring og kvalitetsforbetring.

2.3 Pasient- og brukarrettar

Pasienten/pårørande har rett på informasjon og til å medverke i dei ulike val som skal gjerast i samband med eit behandlingsløp, jf. pasient- og brukarrettslova §§ 3-1, 3-2, 3-3 og 3-5. Involveringa er vidare viktig for å sikre at heimetenesta har oppdatert informasjon om pasienten.

3. Kommunens organisering og styringssystem for heimebaserte tenester

Kommunens styringssystem for dei heimebaserte tenestene skal vere tilpassa kommunens storleik, eigenart, aktivitetar og risikoforhold, og vere dokumentert i den form og omfang som er nødvendig for å sikre at praksis er i tråd med lovpålagde krav.

I dette kapittelet gjev vi ein kort presentasjon av kommunens organisering og styringssystem for dei heimebaserte tenestene. Presentasjonen har ikkje til hensikt å gje ei full oversikt over alle styringsaktivitetar- og prosessar, men er tilpassa dei opplysningane som kom fram i tilsynet med størst betydning for tilsynets tema.

Alver kommune har om lag 30 000 innbyggjarar, og består av dei tidlegare kommunane Lindås, Radøy og Meland. Knarvik er administrasjonsstad og kommunesenter i kommunen.

Dei siste åra har kommunen arbeidd systematisk med leiing, kvalitetsforbetring og ressurseffektiv drift i sektor Helse og omsorg. Prosjektet har vorte gjennomført for å redusere kostnader, sikre god praksis i tenestetilbodet og kunne møte behovet for auka tenester framover. Kommunen har utfordringar med å rekruttere helsepersonell, spesielt sjukepleiarar og legar. Vi fekk opplyst at heimetenesta har utfordringar med stort sjukefråvær. Kommunen har utarbeidd strategisk plan for helse- og omsorg 2023 - 2030. Kompetanse og rekruttering er eitt av satsingsområda. Det er utarbeidd eigen beredskapsplan for sektoren.

Kommunalsjef er overordna administrativ leiar for sektor Helse- og omsorg. Heimetenesta er eitt av seks tenesteområde i sektoren. Tenesteområdet vert leia av tenesteleiar som har overordna administrativt og fagleg ansvar for heimetenestene. Eininga har om lag 177 årsverk. Heimetenesta er delt i seks avdelingar etter geografiske område og ei avdeling som inneheld dagsenter og hukommelsesteam. Tilsynet vart gjennomført med heimetenestene i avdeling Lindas og avdeling Ostereidet. Nattenestene er organisert under avdeling Knarvik og yter tenester i heile kommunen. Kvar avdeling vert leia av ein einingsleiar med det daglege ansvaret for personal, fag og økonomi. Avdelingane har også ein driftskoordinator som skal halde «den raude tråden» i det daglege arbeidet.

For å møte framtidas utfordringar og kompetansebehov har kommunen nyleg gjennomført ei omorganisering av heimetenesta. Kommunen deltek i TØRN- programmet med utprøving av alternative måtar å organisere arbeidet på. I nokre av avdelingane har kommunen oppretta eit eige team med sjukepleiarar som skal arbeide på tvers mellom institusjon og heimetenestene.

Tilsette som arbeider i heimetenesta er sjukepleiarar, vernepleiarar, helsefagarbeidarar og assistentar utan helsefagleg utdanning. Det er alltid sjukepleiar på vakt i kvar avdeling. Det er utarbeidd bemanningsplan for avdelingane. Det er utarbeidd stillingsomtale for sjukepleiar og helsefagarbeidar, samt definert oppgåver for driftskoordinator og primærkontakt. Kommunen har leiaravtale for avdelings- og tenesteleiarar.

Kommunalsjef styrer eininga mellom anna gjennom månadlege møte med sine tenesteleiarar. I desse møta vert status for økonomi, og i tillegg faglege problemstillingar og avvik drøfta. Tenesteleiar for heimetenesta har leiarmøte med sine einingsleiarar anna kvar veke. Einingsleiarane kan spele inn forslag til saker i eigen teamskanal. Vi fekk opplyst at den administrative leiinga har kontorfellesskap og at det er dagleg kontakt i leiargruppa.

Nettpower er Alver kommune sitt kvalitetssystem. I tillegg til skriftlege rutinar og prosedyrar inneheld kvalitetssystemet modul for å melde avvik og eigen modul for ROS- vurdering. VAR-sjukepleieprosedyrar er tilgjengeleg for alle tilsette.

Det er utarbeidd Årshjul for kompetansehevingstiltak for avdelingane. Avdelingane har jamleg internundervisning, om lag ein gong i månaden og/eller månader med fokus på enkelte tema. Alle tilsette har tilgang til Veilederen.no og GLUP. Verksemda har sjekklister til bruk for opplæring av nytilsette.

Kommunen brukar Visma Profil som journalsystem. Kommunen var komen langt med å ta i bruk nytt journalsystem i heimetenesta før det i april 2026 vart bestemt at arbeidet med implementeringa måtte avsluttast. Dei tilsette i heimetenesta brukar mobiltelefon (Mobil omsorg) for å lese tiltaksplan, for å kvittere for utførte oppdrag og kan også dokumentere andre opplysningar i journal. Driftskoordinator genererer arbeidslister og fordeler arbeidsrutene.

4. Presentasjon av faktum og vurdering av funna

Vurderingar av kommunens praksis byggjer på Helsedirektoratets nasjonale faglege råd, «Tidlig oppdagelse og rask respons ved forverret somatisk tilstand», Helsedirektoratets nasjonale rettleiar, «Oppfølging av personer med store og sammensatte behov» og relevant fagteori om sjukepleie.

I dette kapittelet vil Statsforvaltaren presentere faktum vi har lagt til grunn og korleis vi har vurdert faktum opp mot lovkrava som er undersøkt i tilsynet.

I forkant av tilsynet bad vi kommunen om hjelp til å peike ut pasientar i målgruppa for tilsynet og til å dele ut spørjeskjema til pasientane. For å få minst ti pasientar i målgruppa til journalgjennomgangen, vart det etter avtale med kontaktperson for tilsynet peika ut pasientar frå to avdelingar i heimetenestene. Vi fekk svar på spørjeskjema frå tolv pasientar. Vi gjekk gjennom journalar til dei same tolv pasientane. Frå avdeling Lindås og avdeling Ostereidet intervjua vi i alt 14 tilsette med ulik utdanning, kompetanse, stillingsstorleik, ansvarsområde og ansiennitet i tenesta. Tenesteleiar for heimetenesta og kommunalsjef helse og omsorg vart også intervjua.

4.1 Om kommunen identifiserer forverring i helsetilstand og funksjonsnivå

Normering av god praksis for å identifisere forverring i helsetilstand og funksjonsnivå

For denne undersøkinga har Statsforvaltaren teke utgangspunkt i målepunkt som er vesentlege for å kunne identifisere forverring i helsetilstand og funksjonsnivå. Målepunkta er kvar for seg og samla ei fastsetting av god praksis, og inneber at heimetenesta:

  • fangar opp nye eller endra symptom og teikn som skal føre til handling, også utover det som er skildra i pasientens journal eller tiltaksplan
  • dokumenterer og formidlar observasjonar på ein måte som gjer det mogleg å følgje med på utvikling over tid
  • byggjer observasjonar på oppdatert informasjon om pasientens helsetilstand og funksjonsnivå
  • følgjer med på om behandlingstiltak har ønska effekt
  • regelmessig og systematisk vurderer pasientens helsetilstand og funksjonsnivå

Om avvik frå god praksis inneber brot på kravet om forsvarlege tenester er avhengig av kor stort avviket er frå god praksis, omfanget og kva risiko og konsekvens avviket har for pasientane.

Kommunens praksis med å følgje med på pasientens helsetilstand og funksjonsnivå

Verksemda har rutinar og verktøy for å fange opp forverring i pasientens helsetilstand. Vi fekk opplyst at tenesta har kartleggingsverktøy som Iplos, MST og NEWS2 som dei kan bruke i oppfølginga av pasientane. Det gjekk fram at heimetenesta er i gang med opplæring for å ta i bruk CFS- skala for vurdering av skrøpelegheit. Det vert utført målingar som BT/p og vektkontroll, jamleg og ved behov. Iplos vert oppdatert ved endring og til fastsette tider. Det vert utført funksjonskartlegging og teke ernæringsstatus ved oppstart av tenester for dei pasientane som ønskjer det. Det gjekk fram at kjennskapen til og bruken av verktøya varierer, og at avdelingane er komne ulikt med å ta nokre av verktøya i bruk.

Dei tilsette opplyste at dei har akuttsekker med nødvendig utstyr til målingar. Det gjekk også fram at det ikkje var sekker til alle ruter, men at det var sekker til dei ulike områda. Det er utarbeidd skriftleg rutine for bruk av NEWS2, og det gjekk fram at det er gjeve opplæring i bruken av NEWS2. Ei av avdelingane har teke NEWS2 baseline på alle sine pasientar. Den andre avdelinga har teke NEWS2 i bruk, men har ikkje scora alle pasientane med baseline.

Vi fekk opplyst at observert forverring og endringar i pasientens helsetilstand vert dokumentert fortløpende i journal, kartleggingar og utførte målingar vert også dokumentert.

Journalgjennomgangen viste at i tolv av tolv journalar var utførte målingar som BT, puls og vekt kontrollert og dokumentert. Ernæringsstatus, KMI, blodsukker, SpO2 og NEWS var også dokumentert i fleire av journalane. Iplos- kartlegging var registrert og oppdatert fleire gonger i dei tolv journalane vi såg gjennom.

I alt fem av tolv pasientar svara at det var heimetenesta som oppdaga forverring i helsetilstand. I alt sju av tolv pasientar svara at det var dei sjølve, pårørande eller andre som hadde gjeve beskjed om forverring.

Verksemda er i gang med utarbeiding av retningslinje for kartlegging av nye pasientar der fallrisiko er eitt av tema. Verksemda har ny skriftleg rutine for vurdering av fallrisiko. Det kom fram at rutinane ikkje var like godt kjende for alle eller vart brukt av alle tilsette. Vi fekk opplyst at ved mistanke om fallrisiko og behov for tilrettelegging vert fysioterapeut og ergoterapeut kontakta. Kommunen har fallførebyggande gruppe som tiltak. Dei tilsette vurderer også fallrisiko fortløpende i «brukarmøte» som vert gjennomført to gonger i veka. Opplysningar om fall vert dokumentert i journal.

Journalgjennomgangen viste at i ti av tolv journalar var det dokumentert opplysningar om kartlegging og vurdering av fallrisiko, om oppfølging og førebyggande tiltak og om fall.

Arbeidslister vert fortløpende oppdatert og fordelt på tilsette av driftskoordinator. Dei to avdelingane som tilsynet omfatta har ulik praksis for rapportering mellom vaktskifte. I avdeling Lindås vert observasjonar og endringar rapportert vidare både munnleg og skriftleg. Avdeling Ostereidet praktiserer stille rapport. Informasjon vert også formidla munnleg ved behov. Hugselappar vert brukt i begge avdelingane. Vi fekk opplyst at driftskoordinatorane deltek i «morgonrapport» og «midtrapport». Einingsleiarane deltek også for det meste i rapportsituasjonen.

Verksemda har rutinar for primærkontaktar og sekundærkontaktar. Primærkontaktane har i følgje verksemdas skriftlege rutine ansvar for at Iplos, NEWS2, ernæringskartlegging/MST og tiltaksplan vert oppdatert, og for kontakt med pårørande. Det gjekk fram at driftskoordinator og alle tilsette tok ansvar for at dette vert gjort. Opplysningar om primærkontakt og sekundærkontakt var dokumentert i alle journalane vi såg gjennom. Journalgjennomgangen viste at tiltaksplanane vart oppdaterte og at det vart teke kontakt med pårørande ved behov.

Tenesta har skriftleg rutine for å kunne vurdere pasientens helsetilstand og funksjonsnivå systematisk og til fastsette tider (Heimetenesta: Brukarmøter- mal for gjennomføring). I følgje rutinen skal alle pasientar verte vurdert i løpet av seks månader. Rutinen er delvis teken i bruk i praksis.

Vi fekk opplyst at avdelingane har faste brukarmøte to gonger i veka der den enkelte pasient sin helsetilstand og funksjonsnivå vert gjennomgått. Det er utarbeidd agenda for kva som skal takast opp i brukarmøte, mellom anna ernæring, fallrisiko, medikamentbruk, endringar i kognitiv funksjon og åtferd og endringar i fysisk funksjon. Driftskoordinator eller ansvarsvakt har ansvar for gjennomføringa av møtet. Det gjekk fram at avdelingane har ulik praksis med dokumentasjon av informasjon og pasientopplysningar frå møta. Praksis i avdelingane varierer også når det gjeld kva pasientar som vert drøfta. Den eine avdelinga har eiga oversikt / liste med tidspunkt for gjennomgang av den enkelte pasient. Den andre avdelinga går gjennom og drøftar pasientar fortløpende på grunnlag av tilsette sine observerte og rapporterte endringar eller behov for gjennomgang.

Vi fekk opplyst at helsetilstanden til pasientane vert følgt opp fortløpende. Ved spørsmål om endringar eller forverring kan primærkontakt eller andre helsepersonell drøfte situasjonen i personalgruppa. Alle fagutdanna kan endre i tiltaksplan og setje i verk nødvendige tiltak. Driftskoordinator gjev melding til forvaltingskontor om behov for endra tenester og endring av vedtak.

Det går tydeleg fram av journal kva som er problemstillingane til pasienten og kva som er tiltak. Så langt vi kunne sjå mangla det tidspunkt for evaluering av tiltaka. Det kom likevel fram at tiltaka vert fortløpende evaluert i brukarmøte og i rapport. Vi fekk opplyst at ved endring av tiltak kunne pasienten og tiltaka verte gjennomgått på nytt etter kort tid i brukarmøte.

Verksemda har rutinar for opplæring i dokumentasjon og journalføring. Primærkontaktane har ansvar for oppdatering av journal på nokre område. Driftskoordinator og einingsleiar følgjer med på journalføringa. Tenesta har nyleg utarbeidd skriftleg rutine for gjennomføring av stikkprøvar i journal. Einingsleiarane og journalansvarlege har ansvar for at dette vert gjort.

Vi fekk opplyst at det vert gjennomført samstemming av legemiddellister fortløpende og etter til dømes sjukehusopphald og korttidsopphald i institusjon. Den eine avdelinga har jamlege «rekvisisjonsmøte» med fastlegane for legemiddelgjennomgang. Vi fekk opplyst at det vert nytta e-melding til fastlege og at det er tett samhandling og kommunikasjon med fastlegane. Journalgjennomgangen viste også dette. Legemiddelgjennomgang var dokumentert i åtte av tolv journalar vi gjekk gjennom.

Verksmeda har skriftleg prosedyre for vurdering av samtykkekompetanse som gjeld for helse- og omsorgstenesta. Det gjekk fram at prosedyren er lite kjend og ikkje vert brukt av tilsette i avdelingane. Ved mistanke om forverring av kognitiv funksjon vert det teke kontakt med fastlege. Personalet kunne også kontakte pårørande ved mistanke om endring i den kognitive funksjonen. Samtykkekompetansevurdering vert ikkje utført av tilsette i heimetenesta. Ifølgje dei tilsette samarbeider fastlegen med dei om samtykkekompetanse-vurderinga.

Statsforvaltarens vurdering

Så langt vi kunne sjå vert forverring i helsetilstand og funksjonsnivå identifisert og fanga opp, både akutt forverring og endring som skjer over tid. Dei tilsette sine observasjonar er basert på oppdatert informasjon om pasienten, og nye observasjonar og funn vert dokumentert i journal og formidla vidare. Dei tilsette følgjer med på om tiltak verkar slik som det er tenkt.

Verksemda har utarbeidd skriftlege rutinar og lagt til rette for bruk av anerkjende verktøy/ sjekklister i arbeidet med identifisering av forverring i helsetilstand og funksjonsnivå hjå pasientane som får helsetenester i heimen. Verksmeda har rutinar for kontakt og samarbeid med pårørande.

Ansvar og arbeidsoppgaver er fordelt, og dei tilsette er kjende med desse. Dei tilsette har nødvendig fagkompetanse, får opplæring og følgjer for det meste verksemdas rutinar i det praktiske arbeidet. Leiinga følgjer med på at arbeidet vert utført slik det skal, og at observasjonar av forverring i helsetilstand og funksjonsnivå vert dokumentert, rapportert vidare og følgt opp med tiltak.

Vi vurderer at pasientane sin helsetilstand og funksjonsnivå vert vurdert fortløpende og jamleg, og at arbeidet i det vesentlege vert utført på ein systematisk måte. Sjølv om verksemdas skriftlege rutinar og prosedyrar ikkje er fullgodt implementert og praksis varierer noko mellom avdelingane, vurderer vi at forverring i pasientane sin helsetilstand og funksjonsnivå vert fanga opp og at risiko for svikt ikkje er for stor.

4.2 Om forverring vert følgt opp med nødvendige tiltak.

Normering av god praksis for å iverksette nødvendige tiltak ved forverring i helse- og funksjonsnivå

For undersøkinga har Statsforvaltaren teke utgangspunkt i at pasientar skal få rett hjelp til rett tid. Kva tiltak som er nødvendige ved forverring hjå pasienten vil avhenge av kor akutt situasjonen er, og kva forverringa består i.

Statsforvaltaren har teke utgangspunkt i følgjande målepunkt, som kvar for seg og samla, gjev ei fastsetting av god praksis. God praksis for oppfølging med nødvendige tiltak, inneber at heimetenesta:

  • følgjer opp med kartlegging og vurdering når det er nødvendig for å få ei klarare forståing av forverringa
  • gjennomfører nødvendige tiltak, undersøkingar og målingar ved behov
  • endrar tiltaka i helsehjelpa ved behov
  • kontaktar andre instansar for vurdering av tiltak, bistand eller fagleg rettleiing når dette er påkravd
  • kontaktar fastlege eller andre instansar for å vurdere behov for endra behandling eller omsorgsnivå

Om avvik frå god praksis inneber brot på kravet om forsvarlege tenester avheng av kor stort avviket frå god praksis er, omfanget og kva risiko og konsekvens avviket har for pasientane.

Kommunens praksis for å iverksette nødvendige tiltak ved forverring i helse- og funksjonsnivå

Vi får opplyst at ved mistanke om eller oppdaga forverring er det primærkontakt og den enkelte tilsette som har tilsyn med pasienten som har ansvar for å kartlegge, gjere målingar og vurdere situasjonen for å få ei klarare oversikt. Dei tilsette har tilgang til nødvendig utstyr for å utføre målingar.

Helsepersonellet (dei fagutdanna) som har pasienten på lista si har også ansvar for å følgje opp pasienten med undersøkingar og målingar. Det er alltid sjukepleiar på vakt i avdelingane. Ved observert (akutt) forverring kan helsepersonellet også kontakte teamsjukepleiar/ ansvarsvakt for hjelp til vurdering og til å setje i verk nødvendige tiltak etter behov. Ved behov for akutt hjelp vert legevakt eller AMK kontakta direkte av helsepersonellet som har utført målingane eller oppdaga forverringa, eller av ansvarsvakt. Tenesta har rutinar for korleis dette skal utførast.

I alt elleve av dei tolv pasientane som vart spurde svara at heimetenesta fekk vite om forverring i helsetilstanden i løpet av 24 timar.

Oppdaga forverring eller endring som har skjedd over tid vert også drøfta og vurdert i brukarmøte. I møtet vert det avklart kven som skal ha ansvar for å følgje opp eventuelle endringar av tiltak, kontakt med til dømes fastlege, pårørande eller forvalting, eller for å gjere endringar i tiltaksplan. Det kom fram at avdelingane har ulik praksis med å avklare tidspunkt for evaluering av iverksette /endra tiltak.

Tiltak vert også endra fortløpende dersom det er behov for det. Ved behov kan sjukepleiar på vakt kontakte fastlege, fysio/ergoterapitenesta eller hukommelsesteam. Ved mistanke om gradvis forverring kan primærkontakt også kontakte pårørande. Vi fekk også opplyst at kommunen mellom anna satsar på fallførebyggande tiltak. Det gjekk fram at tilgang til fysio/ergoterapi er ulik i avdelingane. Avdeling Lindås har godt samarbeid med fysio/ergoterapitenesta og fysioterapeut/ergoterapeut deltek jamleg i tverrfaglege møte. Dette var ikkje praksis i avdeling Ostereidet.

Ved behov for endring av tiltak, vert nødvendige tiltak sett i verk. Ved behov for auka teneste til dømes fleire daglege tilsyn, set tilsette i verk tiltak sjølv om det ikkje er gjort endring i vedtak. Større behov for endringar i tenestetilbodet vert formidla til driftskoordinator som meldar vidare til Forvaltinga.

Rapporten vert også nytta til drøfting av pasientar og oppfølging av tiltak. Driftskoordinator og primærkontaktane har ansvar for å lese journal og følgje med på at målingar, Iplos-kartlegging og tiltak vert dokumentert slik det skal, og at forverring vert følgt opp med tiltak. Primærkontakt har ansvar for oppfølging av tiltaksplan. Tiltaksplanen vert fortløpende oppdatert ved endring i tiltak og teneste. I praksis har alle eit ansvar for at endringar vert registrert og at tiltaka vert følgt opp.

I åtte av dei tolv journalane vi gjekk gjennom fann vi at pasienten hadde fått revurdert tenestetilbodet etter forverring, og seks av tolv pasientar hadde fått endra helsehjelp etter forverring i helsetilstanden.

I alt sju av tolv pasientar svara at helsehjelpa vart endra som følgje av forverring i helsetilstanden. I alt fem av dei tolv pasientane svara nei eller veit ikkje på spørsmålet.

Kommunen har rutinar/sjekkliste for opplæring av nytilsette. Det kom ikkje tydeleg fram om desse vert brukt eller følgt opp slik dei skal. Kommunen har Årshjul for avdelingane og brukar portalen «Veilederen» og GLUP til kompetanseheving og internundervisning av tilsette i tenesta. Avdelingane har internundervisning ein gong per månad, eller månader med fokus på særskilde tema. Leiinga følgjer med på at tilsette gjennomfører dei opplæringstiltaka som er «pålagde». Kommunen har gjennomført opplæring for alle tilsette i dokumentasjon og journalføring.

Kommunen har system og rutinar for melding av avvik. Dei tilsette opplyste om at ikkje alle avvik vert melde i avvikssystemet. Avvik vert teke opp i møte med tilsette. Det vert ikkje gjennomført systematiske risikovurderingar av tenesteutøvinga i heimetenesta.

Dei tilsette er kjende med kvar dei finn verksemda sine skriftlege rutinar og prosedyrar. Vi får opplyst at det er vanskeleg å orientere seg i kvalitetssystemet, og at rutinane/ prosedyrane vert brukt i liten grad i den praktiske kvardagen. Det er uklart om leiinga følgjer systematisk med på at nye skriftlege rutinar og prosedyrar vert sett og lest av alle tilsette. Det kom ikkje eintydig fram kven som har ansvar for å følgje med på at rutinane vert følgde i praksis. Det er avklart kven som har ansvar for oppdatering og utvikling av rutinar og prosedyrar. Mange av rutinane og prosedyrane som vart lagt fram var ikkje daterte eller oppdaterte.

Statsforvaltarens vurdering

Så langt vi kan sjå, vert helsetilstand og funksjonsnivå kartlagt jamleg og ved forverring. Ved mistanke om eller oppdaga forverring vert det teke nye målingar, gjort undersøkingar og vurderingar for å få ei klarare forståing av situasjonen. Observasjonar og målingar vert dokumentert fortløpande. Nødvendige tiltak vert sett i verk ut frå pasientens tilstand og behov.

Tiltak vert evaluert fortløpende og jamleg, dokumentert, endra ved behov og følgt opp. Alle pasientar har primærkontakt med spesielt ansvar for informasjon til og oppfølging av pasient og pårørande. Dei tilsette i heimetenesta samarbeider med andre instansar ved behov og kontaktar fastlege, legevakt, AMK, fysioterapi/ergoterapi, forvaltingskontor eller andre instansar for fagleg rettleiing, hjelp til vurdering av tiltak, behandling eller omsorgsnivå eller for anna bistand når dette er nødvendig.

Vi meiner at når tilsette i heimetenesta ikkje vurderer samtykkekompetansen til pasientane med mistanke om redusert kognitiv funksjon, kan dette auke risikoen for at pasientar som har forverring i helsetilstand og funksjonsnivå, og som motset seg helsehjelp, ikkje alltid får den hjelpa dei har behov for til rett tid.

Verksemda har rutinar for oppfølging av pasientar med forverra helsetilstand, for dokumentasjon og journalføring. Ansvar og oppgåver er fordelt, og dei tilsette kjenner til oppgåvene sine og sitt ansvarsområde. Dei tilsette har nødvendig kompetanse, veit kven dei kan kontakte ved behov, har fått opplæring og følgjer i det vesentlege verksemdas skriftlege rutinar i det praktiske arbeidet. Leiinga følgjer med på at arbeidet vert utført og dokumentert slik det skal.

Verksemda har rutinar for opplæring og kompetanseheving av tilsette, og leiinga følgjer med på at tilsette gjennomfører nødvendige opplæringstiltak. Leiinga jobbar med implementering av nye rutinar og verktøy i det daglege arbeidet.

Verksmeda har rutinar og system for melding av avvik. Det vert ikkje gjennomført systematiske risikovurderingar av tenesteutøvinga i heimetenesta. Leiinga er likevel kjende med risikoområde, og avvik som er melde vert vurdert og brukt på ein systematisk måte i styringa av tenestene. Leiinga kjenner til risiko med høgt sjukefråvær, mangel på fagutdanna og bruk av personell utan helse og sosialfagleg utdanning og har sett i verk kompenserande tiltak.

Sjølv om det er manglar ved den systematiske styringa, har vi ikkje funne grunnlag for å seie at pasientane i heimetenesta ikkje vert følgt opp med nødvendige tiltak eller at risikoen for dette er for stor når det er oppdaga forverring i pasientanes helsetilstand og funksjonsnivå.

5. Konklusjon

Her presenterer vi konklusjonen av undersøkinga vår, basert på vurderingane i kapittel 4. Det vart ikkje avdekka lovbrot.

Med helsing

Linda Svori
seksjonsleiar / assisterande fylkeslege

Anne Eli Wangen
seniorrådgjevar

Dokumentet er elektronisk godkjent

Kopi til:

  • Alver kommune, kommunalsjef helse og omsorg Leni Dale
  • Postboks 4 5906 FREKHAUG

 

Alle tilsynsrapportane frå dette landsomfattande tilsynet

2025-2026 Ivaretakelse av grunnleggende behov hos eldre som bor hjemme

Søk etter tilsynsrapporter

Søk