Helsetilsynet

Statens helsetilsyn har avslutta tilsynssaka mot Rikshospitalet – Radiumhospitalet HF som blei oppretta på bakgrunn av forskningsjuks utført av Jon Sudbø. Statens helsetilsyn har funne at Rikshospitalet – Radiumhospitalet HF har brote internkontrollplikta i tilsynslova § 3. Det var manglande rutiner, leiing og kontroll med forskninga. Dette omfatta manglande opplæring av dei tilsette om kva regelverk som gjeld for medisinske forskningsprosjekt. Statens helsetilsyn finn imidlertid ikkje at pasientar har fått ei uforsvarleg behandling ved sjukehuset som følgje av forskningsjukset.

Avslutning av tilsynssak – ”Sudbø-saken” – brudd på internkontrollplikten. Brev fra Helsetilsynet til Rikshospitalet - Radiumhospitalet HF.

29.8.2007