Hopp til hovedinnhold

Mål

Helsetilsynet skal bidra til å styrkje tryggleiken og kvaliteten i barnevern, sosial- og helsetenestene gjennom effektive tilsyn. Erfaringar frå brukarar, pasientar og pårørande er viktige bidrag i dette arbeidet. Brukarmedverknad er derfor eit prioritert satsingsområde i Helsetilsynet.

Brukarrådet i Statens helsetilsyn skal vere eit samarbeidsforum mellom Helsetilsynet og brukar- og pårørandeorganisasjonar. Rådet skal vere med på å sikre at erfaringar til brukarar, pasientar og pårørande blir tekne omsyn til og kjem til nytte i verksemda til Helsetilsynet. Rådet skal vere med på å vidareutvikle Helsetilsynet sine metodar og praksis.

Brukarrådet skal arbeide på systemnivå og skal ikkje erstatte annan brukarmedverknad i Helsetilsynet. For å sikre reell medverknad må brukarrådet involverast i saker av strategisk betydning, og på eit tidleg tidspunkt i prosessen. Medlemmene i rådet kan og ta opp saker på eige initiativ.             

Oppgåvene til brukarrådet er å:

  • gi råd i saker som gjeld utvikling av Helsetilsynet sitt arbeid
  • formidle kunnskap og erfaring til Helsetilsynet
  • bidra til å utvikle Helsetilsynet sine metodar og praksis, spesielt for god brukarmedverknad
  • bidra til betre kontakt mellom Helsetilsynet og brukarar, pasientar og pårørande

Medlemmer

Ragnhild S. Støkket, leier, e-post: ragnhild.stokket@parkinson.no

Medlemmer i brukarrådet

Organisasjon

Hovudmedlem

Varamedlem

Fagrådet for rusfeltet

Jan Gunnar Skoftedalen

Torhild Kielland

Barn av rus

Marius Sjømæling

Vilde Adolfsen

Voksne for barn

Staale Vaage
Patrick Ekkeren Manfredo

Karin Källsmyr

Pårørendealliansen

Anne-Grethe Terjesen

Anita Vatland

Funksjonshemmedes fellesorganisasjon

Ragnhild Stenshjemmet Støkket

Inger Karin Natlandsmyr

Samarbeidsforumet for Funksjonshemmedes Organisasjoner (SAFO)

Janne Skei

Hedvig Ekberg

Unge funksjonshemmede

Nora Thunem

Ingvild Østli

Velferdsalliansen

Honoratte Basemake NN Muhanzi

Tina Marie Paulsen

Kreftforeningen

Marius Lindberg

Malin Albrechtsen
van der Hagen

(Fra august 2023: Emilie Langfjord)

Norsk forbund for utviklingshemmede

Frode Strømman

Gunn O. Strand Hutchinson

Mental helse Ungdom

Vebjørn Leite Olsen

Benedikte-Marie Lio

Bipolarforeningen

Anne-Grethe Larsen

Mette Kristoffersen

Internasjonal helse- og sosialgruppe

Tayyab Choudri 

Martin Toft 

Pensjonistforbundet

Svein Helgesen

Wenche Karin Malmedal

Sekretariatet

Sekretariatet til brukarrådet kan kontaktast på brukerradet@helsetilsynet.no, om saker som gjeld brukarrådet.

Referat fra møte i brukerrådet

Møtereferat 15. februar 2024

Møtereferat 14. september 2023

Møtereferat 8. juni 2023

Møtereferat 9. mars 2023

Møtereferat 8. desember 2022

Møtereferat 1. og 2. september 2022

Møtereferat 2. juni 2022 (pdf)

Møtereferat 3. mars 2022 (pdf)

Møtereferat 2. desember 2021 (pdf)

Møtereferat 3. september 2021 (pdf)

Møtereferat 10. juni 2021 (pdf)

Møtereferat 11. mars 2021 (pdf)