Oppgåvene – Statens helsetilsyn
Oversikt over oppgåvene
Statens helsetilsyn er den sentrale tilsynsmyndigheita for sosiale tenester, barnevern-, helse- og omsorgstenester og folkehelsearbeid. Oppgåvene omfattar:
- overvaking av tenesteytinga sett i høve til befolkninga sitt behov for tenester og samfunnet sine krav til tenestene
- overordna fagleg tilsynsstyremakt for dei nemnde tenestene
- behandling av enkeltsaker som handlar om alvorleg svikt i helse- og omsorgstenestene og der det er aktuelt med pålegg mot verksemder eller reaksjonar mot helsepersonell
- styring av den klagesaksbehandlinga som gjeld rett til tenester etter mellom anna barnevernsloven, sosialtenesteloven, pasient- og brukarrettsloven, helse- og omsorgstenesteloven og folkehelsearbeid
- formidling av tilsynserfaringar til forvaltninga og tenestene
Statens helsetilsyn skal involvere pasienter, brukere og pårørende i alt tilsyn.
Regelverksutvikling, fagutvikling, gjennomføring av politikk (handlingsprogrammer, handlingsplanar, nytt regelverk m.m.) og publikumsinformasjon ligg ikkje i Statens helsetilsyn. For barnevern ligg desse oppgåvene i Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) og for helse- og omsorgstenester i Helsedirektoratet.
Overordna tilsynsmyndigheit for statsforvaltarane
Statsforvaltarane er tilsynsmyndigheit for sosiale tenester, barnevern-, helse- og omsorgstenester og folkehelsearbeid i sine fylke. Statsforvaltarane blir styrte i administrative saker (budsjett m.m.) frå Kommunal- og distriktsdepartementet (KDD), Statens helsetilsyn har den faglege styringa. Dette inneber fastsetting av mål og krav innanfor dei rammene departementa set, utvikle metodar og drive opplæring i tilsyn, rettleie om policy og saksbehandling og sjå til at like saker blir behandla likt i heile landet.
Lovgrunnlag for oppdraget – myndigheit lagt til Statens helsetilsyn
Statens helsetilsyn sitt oppdrag går fram av barnevernloven, helsetilsynsloven, sosialtenesteloven og folkehelseloven, sjå under Myndigheit lagt til Statens helsetilsyn. Der finst også lovheimel for kvar enkelt sakstype der det vert utøvd myndigheit.
Tilsynsoppdraget for Statens helsetilsyn er gjort greie for seinast i Prop. 91 L (2010–2011) om helse- og omsorgstenesteloven, Prop. 90 L (2010–2011) om folkehelseloven, Ot.prp. nr. 69 (2008-2009) om barneverntenester, Ot.prp. nr. 103 (2008–2009) om sosiale tenester.
Overordna departement og oppgåvene for kvart enkelt år
Helse- og omsorgsdepartementet er overordna myndigheit, og Kommunetjenesteavdelingen har etatstyringsansvaret. Arbeids- og inkluderingsdepartementet har styringsansvar for oppgåver som gjeld sosiale tenester og Barne- og familiedepartementet for oppgåver retta mot barnevernet. Etatstyringa skjer etter Retningslinjer for virksomhetsstyringen i Helse- og omsorgsdepartementet.
For kvart enkelt år får Statens helsetilsyn oppdrag gjennom forslaget frå regjeringa til statsbudsjett (Prop.1 S) og Stortinget si behandling av budsjettet (Innst. 11 S) fra Helse- og omsorgskomiteen. Oppdraget vert formidla gjennom tildelingsbrevet frå Helse- og omsorgsdepartementet.
Tilsynsmyndigheitene er langt på veg uavhengig av løpande politisk styring, og prioriterer i stor grad sjølv kva tenester det skal bli ført tilsyn med og kva tema tilsynet skal omfatte. Denne prioriteringa skjer blant anna på grunnlag av informasjon om risiko og sårbarheit i tenestene.
Personale og budsjett
Årsrapportar for tal
Sentrale bakgrunnsdokument
Retningsliner for etatsstyringen i Helse- og omsorgsdepartementet
Budsjett og tildelingsbrev
Regjeringa sine budsjettproposisjonar finnes i Prop 1 S: Det som gjeld statsforvaltarane i Kommunal- og distriktsdepartementets budsjettforslag, sjå kap. 525 i det enkelte år, det som gjeld Helsetilsynet i Helse- og omsorgsdepartementets budsjettforslag, sjå kap. 748. Se også Barne- og familiedepartementets Prop 1 S for det som gjeld barnevern.
Helse- og omsorgsdepartementets tildelingsbrev til Statens helsetilsyn for 2023 2. januar 2023