Hopp til hovedinnhold
Innhold 3 Kva tilsynet undersøkte

Meny

Innhold 3 Kva tilsynet undersøkte
Rapport fra Helsetilsynet

3. Kva tilsynet undersøkte

Statsforvaltarane har undersøkt om kommunen sørgjer for at pasientar som manglar samtykkekompetanse, og som motset seg helsehjelpa, får nødvendig helsehjelp, og at helsehjelpa så langt det er mogleg, blir gitt utan bruk av tvang.

Undersøkinga omfattar om kommunen gjennom styringssystemet sitt sikrar at:

  1. Motstand frå pasientar mot helsehjelpa blir fanga opp.
  2. Motstand frå pasientar blir følgt opp med tillitsskapande tiltak.
  3. Samtykkekompetansen til pasientar blir vurdert, og den som er ansvarleg for helsehjelpa, vurderer om helsehjelpa skal gjennomførast med tvang.
  4. Tvungen helsehjelp blir fortløpande evaluert i gjennomføringsperioden.

Figur 1 gir ei meir detaljert framstilling av temaet for dette tilsynet og av kva for nokre delar som blir regulerte av pbrl. kapittel 4 A om tvungen somatisk helsehjelp.

Figur 1: Tvungen somatisk helsehjelp etter pbrl. kapittel 4 A

Figuren viser gangen i helsehjelp der pasientar motset seg helsehjelp og illustrerer skildnaden på om pasientar kan samtykke til helsehjelpa eller ikkje.

For pasientar som har samtykkekompetanse, viser figuren at pasienten kan motsette seg hjelpa og at helsepersonell ikkje kan gjennomføre hjelpa med tvang.

Pasientar som ikkje har samtykkekompetanse, har ikkje føresetnad for å forstå konsekvensar av å ikkje ta imot helsehjelpa. Figuren viser at helsepersonell først skal forsøke å få pasienten til å ta imot hjelpa gjennom tillitskapande tiltak, og at det berre er aktuelt å vurdere vilkåra for å gi tvungen somatisk helsehjelp der tiltaka ikkje har effekt. Figuren viser vidare at ansvarleg for helsehjelpa skal fatte vedtak om tvungen somatisk helsehjelp og evaluere helsehjelpa i vedtaksperioden.

3.1. Kva for nokre tenester vart det ført tilsyn med?

Tilsynet har omfatta tvungen helsehjelp i sjukeheimar og helsehjelp som blir gitt i pasienten sin heim. Tilsynet med tvungen helsehjelp i sjukeheimar gjeld alle former for opphald, langtidsopphald, korttidsopphald og avlastingsopphald i sjukeheim. Heimebaserte tenester omfattar helsetenester som kommunen yter i pasienten sin eigen bustad, anten det er snakk om omsorgsbustader, bufellesskap eller i den opphavlege bustaden til pasienten.

Statsforvaltarane avgjer kva for nokre kommunar det skal førast tilsyn med, inkludert om tilsynet skal gjennomførast i sjukeheimar og/eller heimebaserte tenester. I nokre av tilsyna hadde statsforvaltaren avgrensa tilsynet til å gjelde berre ein del av tenesta, for eksempel heimetenester gitt i kommunen sine omsorgsbustader, eller sjukeheimsavdelingar spesielt meinte for pasientar med demens.

3.2. Metodiske vurderingar

Kommunane og tenestene som er omfatta av dette landsomfattande tilsynet, er valde ut av statsforvaltarane blant anna på bakgrunn av lokal kunnskap og vurderingar av risiko for svikt på det aktuelle tenesteområdet. Det er med andre ord ikkje eit tilfeldig utval kommunar som har blitt undersøkte. Derfor kan ein gå ut frå at eit skeivt utval kan påverke funna i denne oppsummeringa. Dette kan innebere at tilsynsorgana har avdekt meir svikt enn om utvalet av kommunar hadde vore tilfeldig. Funna i denne rapporten gir ikkje nødvendigvis eit representativt bilde av forholda på landsbasis.

Framstillinga i rapporten gir likevel eit bilde av funn på undersøkingstidspunktet i dei aktuelle kommunane. Det er grunn til å rekne med at utvalet er stort nok til å gi inntrykk av dei utfordringane som tenestene og kommunane opplever i praktiseringa av det aktuelle lovverket.

Vidare er det viktig å merke seg at kvar tilsynsrapport er ei oppsummering av det aktuelle tilsynet. Rapportane beskriv dei viktigaste funna i tilsynet.

I denne oppsummeringa bruker vi sitat frå tilsynsrapportane for å illustrere typiske funn. Nokre av sitata har blitt lettare omarbeidde for at samanhengen skal kome tydelegare fram.