Hopp til hovedinnhold
Rapport fra Helsetilsynet

Samandrag

I tildelingsbrevet frå Helse- og omsorgsdepartementet til statsforvaltarane for 2022–2023 fekk alle statsforvaltarar rundt i landet i oppdrag å hente inn kunnskap om korleis kommunar som førsteinstans behandlar klagar på vedtak. Statens helsetilsyn fekk i oppdrag å koordinere kunnskapsinnhentinga frå statsforvaltarane. Helsetilsynet har samla inn og systematisert resultata.

Føremålet med kunnskapsinnhentinga er å avdekkje område med behov for betring i klagesaksbehandlinga til kommunane, med mål om å styrkje rettstryggleiken til pasientar og brukarar. 

Kunnskapsinnhentinga vart gjennomført som ei kartlegging, der kommunane sjølve gjorde ei eigenevaluering ved hjelp av eit spørjeskjema. Til saman 297 av 370 kommunar/bydelar har svart på spørjeskjemaet. Dette gjev ein svarprosent på 80.

Vi kan trekkje fram desse hovudfunna:

  • Med atterhald om at talmaterialet er uvisst om delen klagar og utfall i klagesaker, ser vi at mengda klagar er lågt samanlikna med talet på vedtak. For delen klagesaker ser vi elles at det ikkje er store forskjellar mellom fylke.
  • Nesten 90 % av kommunane har system for å halde oversikt over klagar.
  • Litt over halvparten av kommunane har interne fristar for klagesaksbehandling.
  • Rundt 80 % av klagane som vart behandla, hadde ei saksbehandlingstid under tre månader.
  • Nokre kommunar hadde klagar med saksbehandlingstid lengre enn seks månader. Ofte oppgjevne årsaker til lang saksbehandlingstid var at kommunen venta på avklaring frå fastlege eller andre instansar, stor saksmengd hos kommunen, og/eller for lite ressursar/stillingar sette av til saksbehandling.
  • Over 80 % av kommunane har rutinar for å informere klagar om prosessen med behandling av klagen.
  • Over 90 % av kommunane rettleier om klagerettar.
  • Over 80 % av kommunane gjev tilpassa informasjon om klagerettar til sårbare grupper.
  • Over 80 % av kommunane har rutinar for å hjelpe parten ved behov for hjelp med å klage.
  • Ca. 2/3 av kommunane har rutinar for å ta imot munnlege klagar.
  • Ca. 2/3 av kommunane har rutinar for vurdering av barnets beste i klagesaker som direkte eller indirekte gjeld barn.

Når nokre kommunar ikkje har ovannemnde system og/eller rutinar, kan det peike på risikoområde ved korleis kommunane behandlar klagesaker.