Hopp til hovedinnhold

Temaet for konferansen var forbetringsarbeid i verksemdene etter det landsomfattande tilsynet (2017-2018) med tenester til pasientar med psykisk liding og mogleg samtidig rusliding i spesialisthelsetenesta. Erfaringskonferansen var eit ledd i det arbeidet Helsetilsynet gjorde for å følgje opp og å dele erfaringar frå dette tilsynet.

Det landsomfattande tilsynet konkluderte med lovbrot i 18 av 20 helseføretak (1). Eit hovudfunn var utilstrekkeleg kartlegging og utgreiing av pasientar med mogleg samtidig rus og psykisk liding. Overfor sårbare pasientar med komplekse behov, er det ein dårleg start på verknadsfull helsehjelp.

Tilsyn som del av forbetringsarbeid?
Målet med konferansen var å dele erfaringar som kan vere med på å styrkje tenestetilbodet. Det kom fram at endringsprosessar kan vere krevjande – både når endringa kjem på grunnlag av tilsyn og når verksemdene sjølve ser at det er nødvendig å gjere endringar. 

Sentrale bodskap frå foredragshaldarane på konferansen var:

  • den øvste leiinga må vere tydeleg på at endringa skal gjennomførast
  • alle leiarnivå må ha sterkt fokus på det faglege innhaldet
  • alle tilsette må vere med i prosessen, og nokon bør ha eit særleg ansvar
  • alle tilsette må få kontinuerleg informasjon
  • verksemda må setje av tid og pengar til aktiv støtte og rettleiing

Endring kjem òg til å føre til motstand, og frå scena var eit av bodskapa: «Leiarar på alle nivå må vere villige til å tole at dei tilsette uttrykkjer misnøye med dei endringane ein innfører».

Det er eit leiaransvar å løfte fram føremålet med endringane, som å styrkje pasienttryggleiken og gi betre helsehjelp. Fleire av foredragshaldarane viste korleis leiarar brukte slike føremål til å samle pasientar og brukarar, tilsette og heile verksemder til å gjennomføre endringar.

Tilsyn er eitt av verktøya i forbetringsarbeidet og kan fungere godt saman med andre verkemiddel (2). Eit anna verktøy er nettverk for pasienttryggleik, kvalitetsforbetring og internkontroll. Slike nettverk kunne knyte saman forbetringsarbeidet i alle avdelingar i eit sjukehus eller DPS. Fleire på erfaringskonferansen løfta òg fram nytten av det nasjonale pasienttryggleiksprogrammet «I trygge hender 24-7», som ein måte å styrkje det lokale forbetringsarbeidet på.

Korleis opplever sjukehus og DPS å få tilsyn? Tilbakemeldingane frå erfaringskonferansen var at landsomfattande tilsyn gav ein særleg læringsverdi – då kan ein samanlikne seg med andre. Ei anna tilbakemelding var at vedvarande merksemd frå tilsynsmyndigheita over tid medverka til at verksemder utvikla tiltak og betra pasienttryggleiken.

Takk til alle som medverka til erfaringsspreiing og praktisk forbetringsarbeid
Både verksemder og deltakarar med pasient- og pårørandeerfaringar delte positivt og raust på konferansen. Helsetilsynet takkar alle som medverka og som delte denne dagen med oss.

Program og foredrag frå «Erfaringskonferanse om spesialisthelsetjenester til pasienter med psykisk lidelse og samtidige ruslidelser» finn du på www.helsetilsynet.norød prikk pynt

Referansar

  1. Et stykke igjen til likeverdige tjenester. Oppsummering av landsomfattende tilsyn (2017-2018) med tjenester til pasienter med psykisk lidelse og mulig samtidig ruslidelse i spesialisthelsetjenesten. Rapport fra Helsetilsynet 5/2019. Oslo: Statens helsetilsyn, 2019.
  2. Nøkkelen til virkningsfull og varig endring ligger hos virksomhetene. Pasienter med sepsis – får de raskere behandling i akuttmottak? Oppfølging av landsomfattende tilsyn 2016-2018. Rapport frå Helsetilsynet 8/2019. Oslo: Statens helsetilsyn, 2019.

Brukar- og pårøranderepresentanter delte sine erfaringar på konferansen. Kjersti Bjøntegård var ei av dei og har skrive om dette i ein artikkel i denne tilsynsmeldinga.