Hopp til hovedinnhold

Fylkesmannen gjennomførte tilsyn med tvungen somatisk helsehjelp i kommunale helse- og omsorgstenester og besøkte i samband med dette Hå kommune frå 27.10.2020 til 30.10.2020. Vi undersøkte om Hå kommune sørgjer for at helsetenester med tvang til personar utan samtykkekompetanse blir utført i samsvar med dei aktuelle lovkrava slik at pasientane får trygge og gode tenester.

Tilsynet blei gjennomført som del av eit landsomfattande tilsyn initiert av Statens helsetilsyn.

Fylkesmannen sin konklusjon:

  1. Ved sjukeheimane blir det brukt tvang overfor enkelte pasientar som motset seg helsehjelp, utan at pasientane sin samtykkekompetanse blir vurdert, tillitskapande tiltak systematisk blir prøvd ut og utan at det er fatta vedtak om tvungen somatisk helsehjelp.
  2. Når helsepersonell identifiserer behov for helsehjelp hos ein pasient som gjer motstand, sikrar ikkje kommunen alltid at det blir gjort ein systematisk helsefagleg vurdering av samtykkekompetansen, og av om helsehjelpa er nødvendig og om pasienten risikerer vesentleg helseskade dersom helsehjelpa ikkje blir gitt. Kommunen sikrar ikkje at tillitskapande tiltak blir systematisk prøvd ut og at vedtak om tvang blir fatta der pasienten ikkje frivillig vil ta imot helsehjelpa.

Dette er lovbrot på: pasient- og brukerrettighetsloven § 4A-3, jfr. §§ 2-1a, 2. ledd og 4-3, og helse- og omsorgstjenesteloven § 3-1, 3. ledd og forskrift om ledelse og kvalitetsforbedring i helse- og omsorgstjenesten §§ 6-9.

Kommunen sin praksis på dette saksfeltet fører med seg ein risiko for at pasientar som manglar samtykkekompetanse og som motset seg helsehjelp, ikkje får nødvendig helsehjelp og at helsehjelp blir gitt med tvang utan at dette skjer i samsvar med regelverket.

Når det gjeld oppfølging av lovbrota som vi har peika på, viser vi til del 6 i rapporten. 

1. Tema og omfang for tilsynet

I dette kapittelet gjer vi greie for kva som blei undersøkt i tilsynet.

Det landsomfattande tilsynet med kommunale helse- og omsorgstenester i 2020 er retta mot kommunen si praktisering av tvungen somatisk helsehjelp.

Fylkesmannen har undersøkt om kommunen sikrar at pasientar som manglar samtykkekompetanse får nødvendig helsehjelp og at helsehjelpa så langt det er mogleg blir gitt utan bruk av tvang.
Undersøkingane har vore retta mot kommunen si sjukeheimsteneste og heimebaserte tenester og har omhandla følgande områder:

  1. Pasientar sin motstand mot helsehjelpa blir fanga opp.
  2. Motstand frå pasientar blir følgt opp med tillitskapande tiltak.
  3. Pasientar sin samtykkekompetanse blir vurdert og den som er ansvarleg for helsehjelpa vurderer om helsehjelpa skal gjennomførast med tvang.
  4. Tvungen helsehjelp blir fortløpande evaluert i gjennomføringsperioden.

Fylkesmannen har gjennomført tilsynet som systemrevisjon. Det inneber at Fylkesmannen har undersøkt korleis kommunen styrer og leier helsetenesta og helsepersonellet sin praktisering av tvungen somatisk helsehjelp og om dei aktuelle lovkrava blir oppfylt.

Pasienten sine meiningar og erfaringar med kommunen si helseteneste er viktig informasjon for tilsynsmyndigheita. Av denne grunn var det tiltenkt at eit utval pasientar skulle bli intervjua ved dette tilsynet. På grunn av covid-19-situasjonen, valde Fylkesmannen i staden å gjennomføre telefonsamtalar med pårørande i forkant av tilsynsbesøket. Det er også gjennomført samtalar med kommuneoverlege og tilsynslegar ved sjukeheimen, som også er fastlegar, for å få informasjon om samarbeid og informasjonsutveksling innanfor områda som skal bli undersøkt.

2. Aktuelt lovgrunnlag for tilsynet

Fylkesmannen er gitt mynde til å føre tilsyn med kommunale helse- og omsorgstenester i helse- og omsorgstjenesteloven § 12-3 og helsetilsynsloven § 4 andre ledd. For dette tilsynet er det undersøkt om kommunen fyller krav i:

Pasient- og brukerrettighetsloven (pbrl.)
Helse- og omsorgstjenesteloven (hol.)
Helsepersonelloven (hpl.)
Forvaltningsloven (fvl.)
Forskrift om ledelse og kvalitetsforbedring i helse- og omsorgstjenesten
Forskrift om pasientjournal
Forskrift om fastlegeordning i kommunene

Kommunen si plikt til systematisk leiing og kvalitetsforbetring

Kommunen har ei generell plikt til å planlegge, gjennomføre, evaluere og korrigere verksemda slik at omfang av og innhald i tenestene er i samsvar med lov og forskrift, jf. hol. § 3-1 tredje ledd. Desse styringskrava må bli sett i samanheng med internkontrollplikten etter helsetilsynsloven § 5. Dei må vidare bli sett i samanheng med ansvaret for å tilby og yte forsvarlege helse- og omsorgstenester og med plikta til å arbeide systematisk for kvalitetsforbetring og pasient- og brukarsikkerheit, jf. hol. §§ 4-1 og 4-2.
Innhaldet i styringskrava er nærmare regulert i forskrift om ledelse og kvalitetsforbedring i helse- og omsorgstjenesten. Internkontroll blir i forskrifta omtala som styringssystem. Styringssystemet er summen av dei aktivitetar, system og prosessar som kommunen tar i bruk for å planlegge, gjennomføre, evaluere og korrigere tenestene, jf. forskrifta sine §§ 6-9. Styringssystemet skal være tilpassa kommunen sin storleik, eigenart, aktivitetar og risikoforhold, og ha det omfanget som er nødvendig, jf. forskrifta sin § 5. Tilsvarande gjeld for kor vidt kommunen skal dokumentera styringsaktivitetane.

I dette tilsynet har vi hatt fokus på følgande styringskrav:

Kommunen har oversikt over område innanfor tvungen helsehjelp der det er risiko for svikt eller mangel på etterlevinga av myndigheitskrava, jf. § 6d
Det inngår i plikta til å planlegge å ha oversikt over område der det er risiko for svikt. Tvungen helsehjelp er eit risikoområde som krev skjerpa bevisstheit om risikostyring og risikohandtering. For at kommunen skal ha grunnlag for å velgje styringstiltak som reduserer risiko, må kommunen ha oversikt over kvar det er risiko og sårbarheit i eiga verksemd.

Kommunen har klar fordeling av ansvar, oppgåver og mynde jf. §§ 6a og 7a
Kommunen skal ha ei klar organisering av helsetenestene og organiseringa skal være kjend for dei tilsette. Uklar organisering og fordeling av ansvar og oppgåver mellom ulike tenester og mellom helsepersonell er ein hyppig årsak til svikt i tenestene. På området tvungen helsehjelp er det ofte fleire helsepersonell som gjev helsehjelpa til same pasient, men med ulik kompetanse. Det er då heilt vesentleg å ha ei klar fordeling av ansvar, oppgåver og mynde for å redusere svikt.

Kommunen sikrar at helsepersonell har tilstrekkeleg kunnskap og kompetanse til å utføre sine oppgåver, jf. §§ 6f og 7b
For å kunne organisere helsetenesta og fordele ansvar og oppgåver, treng kommunen kunnskap om kva kompetanse helsetenesta har behov for og kva kompetanse dei tilsette har. Kommunen har eit ansvar for at helsepersonell har nødvendig kunnskap og kompetanse om tvungen somatisk helsehjelp for å kunne etterleve krava i pbrl. kapittel 4 A og for å kunne utføre jobben sin på ein fagleg forsvarleg og god måte. Tiltak for å sikre kompetanse skal være tilpassa den enkelte sitt ansvar og oppgåver.

Kommunen legg til rette for eins praksis, samarbeid og informasjonsutveksling, jf. §§ 6c og 6d
Tvungen helsehjelp er eit område kor det er behov for samarbeid, rutinar og informasjonsutveksling for å sikre forsvarleg og eins praksis. Samarbeid og informasjonsutveksling mellom helsepersonell som yt helsehjelp til pasienten, og samarbeid mellom desse og den som er ansvarleg for helsehjelpa, er vidare ein føresetnad for å sikre kontinuitet i hjelpetilbodet til pasienten, samt at helsetilbodet er føreseieleg. Samarbeid og informasjonsutveksling er vidare nødvendig for at helsepersonell har tilstrekkeleg med informasjon til å gjere forsvarlege helsefaglege vurderingar.

Kommunen skal ha vurdert kva faglege og administrative rutinar, instruksar og avtalar som er nødvendige for å sikre eins praksis, samarbeid og informasjonsveksling på området tvungen helsehjelp. I dette inngår at kommunen har rutinar for dokumentasjon i pasientane sine journalar, slik at opplysningar som er av betydning for helsehjelpa er tilgjengelege for dei som har tenestleg behov for det og at opplysningane enkelt kan bli funne.

Følgje med på at tiltak som er sett i verk blir følgt i praksis, har effekt og eventuelt blir korrigert, jf. §§ 6g, 7e og §§ 8 og 9
Kommunen har ansvar for at aktivitetar som er sett i verk blir gjennomført som planlagt og for å følgje med på om dei er hensiktsmessige og fungerer etter hensikta. Kommunen sin kontroll kan for eksempel skje gjennom intern rapportering, ved å ha oversikt over meldingar om svikt og moglege forbetringsområde frå tilsette, oversikt over klager frå pasientar og pårørande og ved å bruke resultat frå pasientundersøkingar og eigne revisjonar.

Kommunen skal ha utpeikt kven som skal være overordna fagleg ansvarleg for tvungen helsehjelp. Den/dei som er utpeikte til å ha denne funksjonen, skal ha kopi av vedtak om tvungen helsehjelp som er fatta i kommunen, og får gjennom vedtaka viktig informasjon om kommunen si praktisering av tvungen helsehjelp. Det er forventa at kommunen nytter denne informasjonen i sin kontroll av praksis.

Dersom kommunen gjennom sin kontroll avdekkjer manglar skal kommunen iverksette nødvendige forbetringstiltak.

Krava som blir stilt til helse- og omsorgstenesta

I lovgjevinga er det stilt ei rekkje krav til kommunen sine helse- og omsorgstenester. Kommunen skal gjennom si styring og leiing sikre at desse krava blir oppfylte. Nedanfor er ei oversikt over dei krava som er undersøkte:

Nødvendige og forsvarlege helse- og omsorgstenester
Pasientar har ein rett til nødvendige helse- og omsorgstenester frå kommunen, jf. pbrl. § 2-1a andre ledd, og § 2-1 e. Kommunen har ei tilsvarande plikt til å gje slik hjelp etter hol. § 3-1, og aktuelt for dette tilsynet er helsehjelp i heimen og opphald på sjukeheim, jf. hol. §§ 3-1 og 3-2 nr. 6 bokstav c og § 3-2a.

Helsehjelpa som blir gitt skal vere forsvarleg, jf. hol. § 4-1. Kravet om at helsehjelpa skal vere forsvarleg, er ein rettsleg standard. Dette inneber at innhaldet i kravet blir bestemt av kva som til ei kvar tid er anerkjent fagkunnskap, faglege retningsliner og allmenngyldige samfunnsetiske normer. Kravet til at tenesta skal vere forsvarleg set ikkje berre krav til den faglege kvaliteten, men også til at tenestene blir gitt i tide og har eit tilstrekkeleg omfang.

Det følgjer av hol. § 4-1 at kravet om at helsehjelpa skal vere forsvarleg og omfattar at tenestetilbodet skal vere verdig, heilskapleg og koordinert. Dette må bli sett i samanheng med kommunen si plikt etter hol. § 3-4 første ledd til å leggje til rette for samarbeid og samhandling mellom ulike deltenester internt i kommunen og med andre tenesteytarar. Fastlegane vil ofte vere ansvarlege for, eller involverte i, prosessar om tvungen helsehjelp. I forskrift om fastlegeordningen i kommunene § 8 er det presisert at kommunen si samarbeidsplikt i hol. § 3-4 også omfattar å leggje til rette for samarbeid med fastlegen. Eit slikt samarbeid må nødvendigvis omfatte situasjonar der fastlegen er ansvarleg for helsehjelp som kommunen si helse- og omsorgsteneste skal gjennomføre.

Føresetnader og krav i pasient- og brukerrettighetsloven kapittel 4 A

For at pasient- og brukerrettighetsloven kapittel 4 A skal nyttast er det enkelte føresetnader som må vere oppfylt. Helsehjelpa må vere somatisk, pasienten må vere over 16 år, mangle samtykkekompetanse og motsetje seg helsehjelpa. Der føresetnadene er oppfylte, er det ei rekkje vilkår som må være oppfylt før helsehjelpa kan bli gjennomført med tvang, og det er stilt særskilte krav til sakshandsaminga.

Samtykkevurderingar
Hovuddregelen er at pasienten skal samtykke til helsehjelpa, jf. pbrl. § 4-1. Der det er usikkert om pasienten forstår konsekvensane av å nekte helsehjelpa, skal den som har det faglege ansvaret for helsehjelpa vurdere om pasienten manglar samtykkekompetanse etter pbrl. § 4-3. Dette vil ofte vere den same som skal gjere dei helsefaglege vurderingane etter pbrl. kapittel 4 A. Fordi avgjerder om manglande samtykkekompetanse er ein premiss for å nytte tvungen helsehjelp, er det heilt vesentleg at pasienten sin samtykkekompetanse blir vurdert på ein forsvarleg måte.

Motstand mot helsehjelp
Pasientar kan vise motstand mot helsehjelp på ulike måtar. Helsehjelp som blir gjennomført sjølv om pasienten motset seg den, er å sjå på som tvungen helsehjelp. Dersom pasienten manglar samtykkekompetanse, men ikkje motset seg helsehjelpa, gjev pbrl. § 4-6 helsepersonell heimel til å ta avgjerder om helsehjelpa.

Tillitskapende tiltak
Tillitskapende tiltak er tiltak som blir sett i verk for å få pasienten til frivillig å ta imot helsehjelpa. Det er eit vilkår om at tillitskapende tiltak er forsøkt før helsehjelpa blir gjennomført med tvang, med mindre det er openbert formålslaust å prøve slike tiltak, jf. pbrl. § 4A-3 første ledd.

Helsefaglege vurderingar
Den ansvarlege for helsehjelpa skal gjere helsefaglege vurderingar av om vilkåra i § 4A-3 andre og tredje ledd er oppfylt. Desse vurderingane omfattar om helsehjelpa er nødvendig, noe som inneber at det handlar om helsehjelp som pasienten har rett på etter pbrl. § 2-1 a andre ledd og om unnlating av å gje helsehjelpa kan føre til vesentleg helseskade. Vidare skal vurderingane omfatte om det planlagde tvangstiltaket står i forhold til behovet for helsehjelpa og at tvungen helsehjelp etter ei heilskapleg vurdering framstår som den klart beste løysinga for pasienten.

Dersom tiltaket er vurdert som eit alvorleg inngrep for pasienten, som for eksempel tiltak som inneber inngrep i kroppen, bruk av reseptpliktig legemidlar, tvungen innlegging og tilbakehalding på sjukeheim, skal den ansvarlege for helsehjelpa samrå seg med anna kvalifisert personell, jf. § 4A-5 andre ledd. Så langt det er mogleg skal helsepersonell hente inn informasjon frå pasienten sine næraste pårørande om kva pasienten ville ha ønskt, før avgjerd om tvungen helsehjelp blir tatt, jf. § 4A-5 fjerde ledd.

Evaluering av tvungen helsehjelp
Tvungen helsehjelp skal etter § 4A-4 fjerde ledd bli evaluert fortløpande og avbrytast straks vilkåra ikkje lenger er oppfylt. Det skal i evalueringa bli lagt vekt på om helsehjelpa viser seg å verke slik ein har ønska eller om den har upårekna negative verknader.

Dokumentasjon
Helsepersonell skal føre journal i samsvar med dei krava som blir stilt til journalen sitt innhald, jf. hpl. § 39. Formålet med kravet om å føre pasientjournal er blant anna å sikre forsvarleg oppfølging av pasienten og å sikre pasientsikkerheita. Opplysningar knytt til tema i dette tilsynet er vurdert som relevante og nødvendige opplysningar om pasienten og helsehjelpa. Slike opplysningar skal etter hpl. § 40 og pasientjournalforskrifta §§ 4–8 bli dokumentert i pasienten sin journal.

3. Framstilling av faktagrunnlaget

Her blir det gjort greie for korleis verksemda sine aktuelle tenester fungerer, inkludert verksemda sine tiltak for å sørgje for at krava til kvalitet og tryggleik for tenestemottakarane blir haldne.

Hå kommune er ein mellomstor kommune med om lag 19 000 innbyggjarar. Kommunen har to sjukeheimar, Klokkarhagen og Hå sjukeheim, med til saman 135 plassar. Klokkarhagen er ein sjukeheim som er særleg tilrettelagt for personar med demens og her er det plass til 25 bebuarar. Hå sjukeheim er ein stor sjukeheim i eit bygg med fire etasjar. Kvar etasje utgjer ei avdeling. Første etasje er ei langtidsavdeling tilrettelagt for eldre personar som har ein psykisk utviklingshemming, og her er det 13 plassar. Andre etasje har 32 plassar fordelt på korttids- og rehabiliteringsplassar, samt akutt-hjelp-senger. Tredje og fjerde etasje er langtidsavdelingar med høvesvis 33 og 32 plassar, der fjerde etasje er ei demensavdeling, medan tredje etasje er ei avdeling for pasientar med ulike sjukdommar. Heimetenesta i kommunen er delt i fire soner; Nærbø, Varhaug, Vigrestad og Brusand/Ogna/Sirevåg. I 2019 var det 406 tenestemottakarar som fekk tildelt heimesjukepleie og 215 som fekk praktisk bistand. Hå kommune har 19 fast tilsette fastlegar og ein privatpraktiserande fastlege. Åtte av dei kommunalt tilsette fastlegane har funksjon som tilsynslege ved sjukeheimane.

Kommunen er organisert slik at det er kommunalsjef for Helse og sosial som har ansvar for helse- og omsorgstenestene i kommunen. Kommunalsjefen sitt ansvarsområde er delt opp i seks driftsområde; Helsetenesta, Helsesøster og jordmor, Avdeling for funksjonshemma, Pleie og omsorg, Barnevern og Psykisk helse og rusvern. Kvar av desse blir leia av ein tenesteleiar. Tenesteleiar for Pleie og omsorg, som også er assisterande kommunalsjef, har ansvar for sjukeheim og heimebaserte tenester, samt for kjøkken/matombringing, vaskeri og transport. Neste leiarnivå er formelt kalla verksemdsleiar/einingsleiar. Klokkarhagen sjukeheim har ein leiar, medan Hå sjukeheim har ein leiar i kvar etasje. Heimetenesta har tre leiarar, der to av dei har ansvar for ei sone kvar, medan den siste har ansvar for to soner. Til kvar sone ligg det eit dagsenter. Leiar for heimetenesta på Nærbø har og ansvar for nattpatrulje og lindring i Hå. Leiarane på dette nivået blir også omtala som avdelingsleiarar.

Hå kommunen har ikkje ein bestillar/utførar-modell og har ikkje nokon form for vedtakskontor/
tenestekontor. Tenestevedtak blir tatt opp og vurdert i fagteam, som består av tenesteleiar for Pleie og omsorg og hans leiargruppe. Einingsleiar ved den tenestestaden der helsehjelpa skal bli gitt er sakshandsamar og skriv vedtaket. Vedtaket blir fatta av tenesteleiar.

Leiinga si styring
Før tilsynet fekk Fylkesmannen tilsendt styrande dokumentasjon frå verksemda, samt 25 pasientjournalar, der 20 av dei gjaldt pasientar innlagt på langtidsavdelingar i sjukeheimane og fem gjaldt pasientar som mottek tenester frå heimetenesta. Under tilsynsbesøket fekk vi og kopi av tre pasientjournalar frå korttidsavdelinga ved Hå sjukeheim. Fram til tidspunktet for tilsynsbesøket hadde Fylkesmannen i 2020 fått tilsendt åtte vedtak etter pasient- og brukerrettighetsloven kapittel 4A frå Hå kommune. Under tilsynsbesøket intervjua vi kommunalsjef, tenesteleiar for Pleie og omsorg, samt leiarar og tilsette som arbeider i heimetenesta på Nærbø og 3. og 4. etasje på Hå sjukeheim.

I kommunen sitt delegeringsreglement, vedtatt 23.02.2017, blir avgjerdsmynde på helse- og omsorgsfeltet delegert til rådmannen. Av interndelegeringsreglementet, gjeldande frå 10.12.2018, går det fram ei styringsline frå rådmann, til kommunalsjef, vidare til tenesteleiar og deretter einingsleiar. Fullmakt til å gjere vedtak etter pasient- og brukerrettighetsloven er delegert til tenesteleiar for Pleie og omsorg.

Fylkesmannen har fått tilsendt malar for leiaravtaler som kommunen har utarbeida. Desse gjeld på tre nivå; mellom rådmann og leiarar i rådmannen si leiargruppe, mellom kommunalsjefar/
stabssjefar og tenesteleiarar, og mellom tenesteleiarar og einingsleiarar/verksemdsleiarar. På førespurnad fekk Fylkesmannen tilsendt tre avtaler; leiaravtale mellom kommunalsjef og tenesteleiar for Pleie og omsorg, leiaravtale mellom tenesteleiar og einingsleiar for Hå sjukeheim 4. etasje, og leiaravtale mellom tenesteleiar og einingsleiar for heimetenesta i Vigrestad og Brusand/Ogna/Sirevåg. På spørsmål under intervju om avtale er utarbeida for alle leiarane, er svaret at det skal det vere, men utan at slike avtaler blir lagt fram for tilsynet. Det kom og fram at dei inngåtte avtalene ikkje er reviderte og oppdaterte. Einingsleiarane vi intervjua er kjent med at deira ansvarsområde er tredelt; personal, fag og økonomi. Dette er i samsvar med det som går fram av leiaravtalane.

I enkelte av rutinane Fylkesmannen har fått tilsendt i forkant av tilsynsbesøket blir det referert til stillingstittelen avdelingsleiar. I intervju blir det avklart at dette er leiarar på nivået under tenesteleiar, altså det som i leiaravtalene blir nemnt som einingsleiar/verksemdsleiar.

I rutine for Legetenester i sjukeheim (oppretta 18.09.13, sist revidert 30.01.19), er sjukeheimslegane sitt ansvar lista opp. Ut over dette har ikkje kommunen nokre stillingsinstruksar eller tilsvarande for stillingar eller personellgrupper i sjukeheim og heimeteneste. Leiinga i Pleie og omsorg gjer i intervju uttrykk for at dette er eit bevisst val dei har gjort. Det er ein sjukepleiar 1-funksjon både i heimetenesta og på sjukeheimen, men det er ikkje klart definert kva som ligg til denne funksjonen og den blir praktisert ulikt. I intervju kjem det fram at sjukepleiar 1 på sjukeheimen arbeider i turnus, og at det på grunn av lav sjukepleiedekning og rekrutteringsvanskar blir vanskeleg å få nytta denne funksjonen til å avhjelpe avdelingsleiaren.

Kommunalsjefen for Helse og sosial har faste møter med tenesteleiar ein gong per veke. Tenesteleiar har treffpunkt med leiarane under seg ein gong i veka, den eine veka i fagteamet, den påfølgande veka i leiarmøte. På fagteamet behandlar dei søknader om tenester, ventelister og pasientretta problemstillingar. På leiarmøte er det ikkje nokon fast agenda og leiar har ikkje faste punkt som blir etterspurt. Kva som blir tatt opp på møta er avhengig av kva som «rører seg» i organisasjonen. Kommunalsjefen og tenesteleiar sit samlokalisert på Hå helsesenter på Nærbø, og dei er i stadig dialog. Også Hå sjukeheim er lokalisert på helsesenteret, og det same gjeld det kommunale legekontoret på Nærbø, der dei fleste tilsynslegane på sjukeheimen arbeider som fastlegar.

Hå kommune har utarbeida ein skriftleg rutine for tvungen helsehjelp, rutine Tvang, pasient- og brukerrettighetsloven kap. 4A (oppretta 07.08.13, sist revidert 23.09.20). I rutinen heiter det at det er «avdelinga/avdelingsleiar» som er ansvarleg for helsehjelp som gjeld pleie og omsorg, og at det er «helsepersonell/avdelingsleiar som har ansvar for å fatte vedtak» om tvungen helsehjelp, med «bistand fra lege/tannlege». For Klokkarhagen sjukeheim er det i den skriftlege oversikta over oppgåvefordeling presisert at det er sjukeheimsleiar, i samarbeid med tilsynslege og primær- og sekundærkontakt, som skal sakshandsame det som handlar om bruk av tvang. Av rutinen Legetenester i sjukeheim går det fram at sjukeheimslege har det medisinskfaglege ansvaret for dei som bur ved den aktuelle institusjonen og at ei av oppgåvene som ligg til stillinga er å gjere vurderingar og avgjerder knytt til tvang. I rutinen Hjelpedokument – Samtykkekompetanse (oppretta 21.09.20) heiter det at helsepersonell har ansvar for å avgjere samtykkekompetanse i samarbeid med lege. Intervjua avdekker at det er uklart for personalet i alle ledd, kva som er den enkelte sitt ansvar og oppgåver knytt til pasient- og brukerrettighetsloven kap. 4A

Det er i rutinen for tvungen helsehjelp utpeikt kven som er overordna fagleg ansvarleg for kap. 4A og dette er kjent for leiarane og tilsynslegane. Personalet elles kjenner ikkje omgrepet og veit ikkje kven som har denne funksjonen.

Når det gjeld kunnskap og kompetanse så har ikkje Hå kommunen utarbeida felles opplæringsrutinar i sjukeheimstenesta eller i heimetenesta. Fylkesmannen har fått tilsendt skriftlege internopplæringsrutinar frå Klokkarhagen sjukeheim i forkant av tilsynsbesøket. Under tilsynsbesøket spurte vi på ny etter skriftlege rutinar for opplæring, og fekk då kopi av informasjonsperm for nytilsette i open omsorg Nærbø. Desse rutinane er ikkje oppdaterte. Vi fekk og nokre sjekklister for nytilsette frå sjukeheimen, samt kopi av eit påbegynt arbeid med ny sjekkliste for nytilsette. Intervju avdekkjer at desse rutinane og sjekklistene ikkje er systematisk i bruk. Det blir gitt opplæringsvakter både på sjukeheimen og i heimetenesta, der det er fokus på opplæring knytt til den enkelte tenestemottakaren og daglege rutinar på avdelinga, men opplæringa er ikkje planlagt og systematisk. Frå ei avdeling har Fylkesmannen mottatt møtereferat frå eit sommarvikarmøte, der det har blitt gitt felles informasjon.

Når det gjeld opplæring i pasient- og brukerrettighetsloven kap. 4A, så er tillitskapande arbeid og tvang nemnt som tema i rutine for intern opplæring på Klokkarhagen sjukeheim. Temaet er ikkje nemnt i dei andre opplæringsrutinane Fylkesmannen har blitt førelagt. I eit oversendingsbrev til Fylkesmannen ved ettersending av dokumentasjon før tilsynet, står det at langtidsavdelingane på sjukeheimen ikkje har nokon systematisk opplæring i forhold til tvungen somatisk helsehjelp. Ingen av dei vi intervjua har fått opplæring knytt til pasient- og brukerrettighetsloven Kap. 4A.

Intervjua avdekker at det er lågt kunnskapsnivå om reglane om tvungen helsehjelp i pasient- og brukerrettighetsloven kapittel 4A i organisasjonen. Det same gjeld kunnskap om samtykkekompetansevurderingar. Legane som har blitt trekt inn i problemstillingar knytt til motstand mot nødvendig helsehjelp, har søkt kunnskap og satt seg inn i regelverket. På legemøtet som kommuneoverlegen arrangerer, har tvungen somatisk helsehjelp nyleg vore oppe som tema. Tvang har ikkje vore tema på personalmøte eller vore undervist om. Av rutine Personalmøter – pleie og omsorg (oppretta 20.10.13, sist revidert 04.09.14), følger det at tvang skal vere tema to gonger per år. Tvungen somatisk helsehjelp og kap. 4A er ikkje nemnt i Opplæringsplan 2020.

Det som likevel kom fram i intervjua med de tilsette er at terskelen for å bruke tvang er høg. Personalet uttrykker at dei opplever det som vanskeleg, og som feil, å gjere noko mot ein pasient sin uttrykte vilje. Det blir gitt uttrykk for at tvang er noko som helst ikkje skal førekome, men dei erkjenner at det av og til må bli brukt.

Kommunen har som allereie nemnt utarbeida ein rutine for vedtak om tvungen somatisk helsehjelp, med eit hjelpedokument for vurderingar før vedtak etter kap. 4A. Det er og ein rutine for vedtak og klagebehandling etter kap. 4A. Kommunen har i september i inneverande år oppretta ein rutine for vurdering av samtykkekompetanse. Intervju avdekkjer at desse rutinane ikkje er kjent for dei tilsette og ikkje alle veit kor dei kan finne desse. Rutinane er ikkje implementert i praksis.

Både heimetenesta og sjukeheimen har fast struktur for løpande rapportering. Det er rutine for å halde regelmessige personalmøter, sykepleiemøter og nattevaktmøter. Alle tilsette kan delta på personalmøta, men dei er ikkje obligatoriske. Det blir skrive referat frå møta. Praksisen for korleis referata blir vidareformidla til dei som ikkje var til stades, er ulik. Alle tilsette har tilgang til å skrive i journal og alle fører journal.

I intervju kjem det fram at det er få formelle arenaer for diskusjon og avklaringar av faglege problemstillingar, men at det er mykje uformell, munnleg kollegial erfaringsutveksling. Når det gjeld planlagt pleie for pasientar, er det varierande i kva grad dette er skrive ned i journal. Det varierer og i kva grad journalen nyttast for å halde seg oppdatert. I tillegg kom det i nokre intervju fram at det ikkje alltid er lojalitet mot det som er skrive ned eller drøfta. Informasjonsutveksling skjer i stor grad munnleg. Pasientrelaterte utfordringar blir tatt opp under lunsj og rapport, men det blir ikkje fatta ein fagleg avgjerd. Det er ingen systematisk journalføring av det som blir tatt opp, for å sikre at dette blir kjent for alle tilsette.

Det er ikkje faste møte mellom fastlegar og heimetenesta, men begge sider melder at samarbeidet er velfungerande. Pasientjournalar og intervju avdekkjer like fullt at det i liten grad blir gjort ei felles fagleg vurdering av kva ein risikerer ved å ikkje gje helsehjelpa, der behov for helsehjelp er avdekka og pasient motset seg. I intervju kjem det fram at tilsette i heimetenesta oppfattar det som legen si oppgåve å vurdere samtykkekompetanse og det rådar ei oppfatning av at det er nærast umogleg å fråta pasientane samtykkekompetansen. Rutinen for legeteneste i sjukeheim, legg opp til at sjukeheimslegen skal gå faste legevisittar, gjennomføre årskontroll og delta i oppstartskonsultasjonar for nye pasientar. Det kjem fram i intervju at samarbeidet fungerer tilfredsstillande og at avdelingsleiarar og tilsette opplever legane som tilgjengelege.

Når det gjeld oversikt over område kor det er risiko for svikt, er det slik at Hå kommune årleg gjennomfører internrevisjonar, der val av tema og område for revisjonane baserer seg på innspel frå tenesteleiarane. Funna i revisjonane er tenkt å fungere slik at dei synleggjer sårbare område og rutinar. Det er ikkje gjennomført ROS-analyse for temaet tvungen somatisk helsehjelp, og kommunen har ikkje oversikt over område der det er svikt eller mangel på etterleving av lovkrava.

Når det gjeld kontroll og korrigering, så har Hå kommune etablert eit kvalitets- og avvikssystem, Compilo. Eit kvalitetsutval er under planlegging i helse- og sosialetaten. Kommunen har fast rutine for å gjennomføre brukarundersøkingar og dette blir gjort. Avvikssystemet er kjent for alle og dei tilsette melder avvik. Leiarane har fokus på å nytte avvika i kvalitetsarbeidet og rådmannen blir orientert om dette 2 gonger per år. Det er utarbeida ein rutine for handtering av avvik. Avvik blir jamleg tatt opp i personalmøte, men nokre informantar er usikre på kva som kan sjåast på som eit avvik. Avdelingsleiarane tar stikkprøvar i journalar. Ifølgje rutinen om tvungen helsehjelp skal assisterande kommunalsjef kvalitetssikre vedtaka som blir fatta etter pasient- og brukerrettighetsloven kap. 4A. Han har lest gjennom og er kjent med alle vedtak. Kommunen si leiing har ut over dette ikkje følgt med på at rutinane for kap. 4A og samtykkekompetanse er forstått og følgt.

Motstand
Det kjem fram i intervju at dei tilsette har stort fokus på å unngå å bruke tvang. Likevel er dei usikre på kva som ligg i omgrepet tvang og kor grensene går. Vidare kjem det fram at dei tilsette er kjent med utgangspunktet om at helsehjelp er frivillig og dei fangar opp motstand. Oversendte pasientjournalar viser at motstand blir journalført. Nokre av journalane viser tilfelle der pasientar viser motstand og forsøket på å gje helsehjelp blir avslutta, utan at det er vurdert om pasienten manglar samtykkekompetanse og utan at det er vurdert om helsehjelpa er nødvendig. Gjennomgang av journalar og intervju avdekkjer like fullt fleire tilfelle der pasientar gjentekne gonger motset seg helsehjelp, kor helsehjelpa likevel blir gjennomført mot pasienten sin vilje. Lista over avviksmeldingar som blei lagt fram under tilsynsbesøket, viser at bruk av tvang nokre gonger blir meldt som avvik.

Tillitskapande arbeid
Det kjem fram i intervju at personalet driv med mykje motivasjonsarbeid og tillitskapande tiltak som til dømes bruk av tid og bytte av personale, for å oppnå at pasienten tek i mot helsehjelpa frivillig. Desse tiltaka blir ikkje alltid dokumentert. Tiltaka som blir forsøkt er ikkje systematiske og planlagde, og dei blir ikkje skildra og dokumentert i pasientjournal. Mange av informantane seier at den enkelte forsøker dei tiltaka som ein sjølv synes er best. Det er uklart for personalet kven som har ansvar for å avgjere kva tiltak som skal bli forsøkt. Tilsynet ser i oversendte pasientjournalar at utfordrande situasjonar blir skildra og det kjem fram at motivasjonsarbeid er gjennomført, men det er ikkje tydeleg kva som faktisk blir gjort og om eller korleis ein kjem «i mål». For enkelte pasientar er det skildra vedvarande motstand utan at dette blir følgd opp med systematisk kartlegging og tiltak.

Tillitskapande tiltak blir ofte diskutert, men mykje av evalueringa skjer berre munnleg. Det er uklart kven som har ansvar for å følgje opp og evaluere tiltaka. Det går ikkje fram av pasientjournalane at tiltaka systematisk blir evaluert og korrigert.

Samtykkekompetanse
Kommunen har utarbeida skriftleg rutine som omhandlar samtykkekompetanse. Intervjua avdekkjer at personalet kjenner omgrepet samtykkekompetanse, men at kunnskapen om innhaldet i omgrepet er avgrensa. Det er uklart kva som ligg i denne vurderinga og det er ikkje kjent kva faglege verktøy som kan nyttast i kartlegginga av samtykkekompetanse. Det er heller ikkje tydeleg når denne vurderinga skal skje og kven som har ansvar for å gjere den. I dei journalane vi har gått igjennom finn vi samtykkekompetansevurderingar for dei pasientane kor det er fatta eit tvangsvedtak. I dei resterande journalane finn vi ikkje spor av samtykkekompetanseavgjerder, sjølv om det er skildra pasientar som gjer motstand mot helsehjelpa.

Helsefaglege vurderingar og fatting av vedtak om tvungen helsehjelp
Kommunen har utarbeida rutinar for kap. 4A, men denne er ikkje implementert i tenesta. Dei ansvarlege for å gjere vurderingar av om helsehjelpa skal gjennomførast med tvang og for å fatte vedtak, er ikkje kjent med vilkåra for å bruke tvang.

Fortløpande evaluering av tvungen helsehjelp i gjennomføringsperioden
Det er berre eit fåtal vedtak som er fatta og dei er av nyare dato. I journalane finn vi generelt få spor av evaluering, og ikkje evaluering knytt til tvangsvedtaka. Det blei i intervju avdekkja at ikkje alt personale er kjent med gjeldande tvangsvedtak på eiga avdeling.

4. Vurdering av faktagrunnlaget opp mot aktuelt lovgrunnlag

I dette kapittelet vurderer vi fakta i kapittel 3 opp mot lovføresegna i kapittel 2.

Fylkesmannen forstår det slik at kommunen bevisst har valt å ikkje ha stillingsinstruksar for dei ulike faggruppene. Dette står kommunen fritt til, men då er det viktig at den enkelte sitt ansvarsområde kjem tydeleg fram på anna vis. Fylkesmannen meiner at kommunen per i dag ikkje får tatt ut potensialet i ein sjukepleiar 1-funksjon, når rolla ikkje er tydeleg skildra. Fylkesmannen vurderer at ansvaret for oppgåver innanfor tvungen somatisk helsehjelp ikkje er tydelege for dei tilsette. Dette kjem fram under intervjua. Heller ikkje kommunen sin rutine for kap. 4A er heilt tydeleg på plasseringa av ansvaret, når det blir nytta omgrep som «avdelingen/avdelingsleder». Dette kan føre til at ansvaret blir pulverisert og at medarbeidarane peiker på leiar, utan sjølv å kjenne sitt eige ansvar.

Fylkesmannen meiner at manglande rutinar for opplæring av nytilsette, utgjer ein fare for at det er tilfeldig og lite systematisk kva opplæring som faktisk blir gitt. Leiinga har ikkje sikra styringa, når dei ikkje har gjort ei vurdering av kva opplæring som er relevant og nødvendig og dei har ikkje kontroll med kva den enkelte har fått opplæring i.

Fylkesmannen vurderer vidare at rutinen for tvungen somatisk helsehjelp ikkje er kjent for dei tilsette, kunnskapsnivået om reglane er lågt og opplæring i reglane er nærmast fråverande. Det er bra at kommunen har peikt ut ein overordna fagleg ansvarleg, men rolla er ikkje kjent for dei tilsette og dei veit ikkje kven som er tildelt denne.

Fylkesmannen meiner at lågt kunnskapsnivå aukar risikoen for at reglane om tvungen somatisk helsehjelp i pasient- og brukerrettighetsloven kap. 4A ikkje blir etterlevd. Her er det fleire fallgruver; Den fyrste er at det er risiko for bruk av «dårleg» tvang. Dette er tvang som blir brukt fordi ein er ubevisst, eller ein har eit paternalistisk tankesett om at «vi veit best», det kan være av ressursomsyn, eller det kan være tilfelle der tvangen ikkje står i forhold til behovet eller ikkje er til det beste for pasienten. Denne forma for tvang er ulovleg og skal ikkje bli brukt. Den neste fallgruva er tvang som kan ha gode grunnar for seg, men der regelverket ikkje er følgt; det kan vere at samtykkekompetansen, nødvendigheita eller vilkåra elles ikkje er vurdert. Dette handlar om forhold som er viktige for å ivareta rettstryggleiken til den enkelte pasienten. Ei tredje fallgruve er at terskelen for å gje helsehjelp med tvang blir for høg. Der tankesettet er at tvang er noko som ein ikkje skal bruke og at dette er tilnærma ulovleg, risikerer ein at ein ikkje får gitt helsehjelp som er nødvendig for å hindre vesentleg helseskade. Då oppfyller vi ikkje pasientane sine rettigheiter – retten til å bli utsett for tvang, dersom pasienten ikkje lenger sjølv er i stand til å vurdere konsekvensane av å takke nei.

Fylkesmannen vurderer at Hå kommune i enkelte tilfelle nyttar tvang utan at reglane i kap. 4A er følgd og i enkelte andre tilfelle ikkje gjer ei forsvarleg helsefagleg vurdering av om helsehjelpa er nødvendig der pasientar viser motstand mot helsehjelpa. Denne vurderinga bygger på funn i journalar og informasjon som kom fram under intervjua. Det er ikkje tydeleg for dei tilsette kva som ligg i omgrepet samtykkekompetanse, når ei slik vurdering skal skje og kven som har ansvaret. Tillitsskapande tiltak blir ikkje prøvd ut systematisk og planlagt, dei blir ikkje dokumentert og ansvaret er uklart. Vilkåra for å kunne nytte tvang som følger av lova, er ikkje kjent for dei som er ansvarlege for å gjere vurderingar og fatte vedtak.

Reglane om tvungen somatisk helsehjelp blei innført 01.01.2009, og hensikta var å få regulert eit felt der det hadde råda mykje usikkerheit om kva som var lov og ikkje lov. Eit av siktemåla med reglane var å auke respekten for individet og den enkelte sin rett til sjølvbestemming og autonomi, ved å få bort den unødvendige tvangen. Tanken var at rettstryggleiken ville bli betre ved å regulere dette feltet. Ved å sette vilkår for tvangsbruken ville lovgivar tvinga fram prosessar hos tenesteytarar med å tenke alternative løysingar, det betyr at det skulle bli arbeida aktivt og bevisst for å nå fram med den helsehjelpa ein ville gje, utan å bruke tvang. På den andre sida blei reglene også gitt for å gjere det lovleg å nytte tvang som blir brukt for å få gitt nødvendig helsehjelp, til pasientar som på grunn av sin sjukdom eller helsetilstand ikkje lenger er i stand til å vurdere konsekvensane av å takke nei og der motstanden ikkje kan bli tatt til inntekt for at pasienten ønsker denne konsekvensen. Reglane gjev rammer og faste køyrereglar for korleis dette skal skje. Dette aukar rettstryggleiken for pasienten, men er og med på å gjere det tryggare og betre for dei som skal gje hjelpa.

Fylkesmannen meiner at det er svært viktig og heilt sentralt at regelverket er kjent og etterlevd for at det skal virke etter sin hensikt. Reglane om tvungen helsehjelp er stoff som må bli arbeida med, øvd på, nytta og haldt ved like. Det er særleg viktig at leiarane kan reglane godt, slik at dei kan trygge sine medarbeidarar i dei situasjonane dei står i. Problemstillingane som kjem opp kan vere krevjande, med vanskelege avvegingar og vurderingar, men regelverket gjev rammar og retningsliner for dei aktuelle faglege og etiske diskusjonane og for avgjerdene som må bli tatt. På denne måten kan ein ivareta begge omsyna i regelverket – både å førebyggje og avgrensa bruken av tvang, samstundes som ein får gitt nødvendig helsehjelp for å unngå vesentleg helseskade. Då vil dette skje i kontrollerte formar, ope, etterretteleg og trygt for både pasientar og tenesteytarar.

Fylkesmannen vurderer at det er bra med uformelle fora der det er rom for etiske refleksjonar, men det er viktig at diskusjonane og drøftingane ender ut i faglege avgjerder, der det er tydeleg for alle tilsette kva som er blitt bestemt. Dette må bli skreve inn i journalen, det må vere kjent kven som har ansvaret og leiinga må sikre seg at avgjerdene blir kjent for alle tilsette. Ein tydeleg plan for pleia, der det går fram kva tiltak som er bestemt, og som er tydeleg på kva som skal observerast, er viktig for å sikre at alle i personalgruppa arbeider likt og er viktig for bruk i evaluering av tiltaka.

5. Fylkesmannen sin konklusjon

Her presenterer vi konklusjonen av undersøkinga vår, basert på vurderingane i kapittel 4.

Konklusjon:

  1. Ved sjukeheimane blir det brukt tvang overfor enkelte pasientar som motset seg helsehjelp, utan at pasientane sin samtykkekompetanse blir vurdert, tillitskapande tiltak systematisk blir prøvd ut og utan at det er fatta vedtak om tvungen somatisk helsehjelp.
  2. Når helsepersonell identifiserer behov for helsehjelp hos ein pasient som gjer motstand, sikrar ikkje kommunen alltid at det blir gjort ein systematisk helsefagleg vurdering av samtykkekompetansen, og av om helsehjelpa er nødvendig og om pasienten risikerer vesentleg helseskade dersom helsehjelpa ikkje blir gitt. Kommunen sikrar ikkje at tillitskapande tiltak blir systematisk prøvd ut og at vedtak om tvang blir fatta der pasienten ikkje frivillig vil ta imot helsehjelpa.

Dette er lovbrot på: pasient- og brukerrettighetsloven § 4A-3, jfr. §§ 2-1a, 2. ledd og 4-3, og helse- og omsorgstjenesteloven § 3-1, 3. ledd og forskrift om ledelse og kvalitetsforbedring i helse- og omsorgstjenesten §§ 6-9.

Kommunen sin praksis på dette saksfeltet medfører ein risiko for at pasientar som manglar samtykkekompetanse og som motset seg helsehjelp, ikkje får nødvendig helsehjelp og at helsehjelp blir gitt med tvang utan at dette skjer i samsvar med regelverket.

6. Oppfølging av påpeikt lovbrot

Fylkesmannen ber Hå kommune om å sikre at det blir gjort ei forsvarleg vurdering av samtykkekompetansen og av om helsehjelpa er nødvendig, der helsepersonell identifiserer behov for helsehjelp hos ein pasient som viser motstand. Vidare at systematiske tillitsskapande tiltak blir prøvd og at vedtak blir fatta i tråd med regelverket, der ein ikkje oppnår at pasienten tar i mot hjelpa frivillig. Påpeikte lovbrot er ikkje fanga opp gjennom kommunen sine ordinære styringstiltak. Kommunen må derfor setje i verk nødvendige tiltak for å ha kontroll med at tvungen somatisk helsehjelp blir gitt innanfor gjeldande regelverk, og at eventuelle svikt kan bli oppdaga og retta.

  • For å vurdere om tenesta er tilfredsstillande endra, bed vi om at de om 6 månader sender oss:
  • ei oversikt over pasientar i heimetenesta og sjukeheimane som har fått vurdert samtykkekompetansen
  • ein oversikt over pasientar kor det i journal er registrert motstand mot helsehjelp
  • kopi av alle journalar for pasientar kor det er fatta vedtak om tvungen somatisk helsehjelp, og fire journalar frå heimetenesta og seks journalar frå sjukeheimen, kor motstand er registrert og/eller samtykkekompetanse er vurdert, utan at det er fatta vedtak

Vi bed og om at de innan ein månad utarbeidar og sender oss ein plan for:

  • kva tiltak som er gjennomført eller skal bli gjennomført, tidsfristar for å setje i verk og kven som har ansvaret
  • korleis leiinga vil følgje med på og følgje opp at planlagde tiltak blir sett i verk og fungerer slik at praksis blir varig endra

Fylkesmannen forstår at den pågåande korona-situasjonen kan innebere eit stort påtrykk for kommunen sine helsetenester. Vi er derfor opne for innspel med tanke på tidsfristar og på korleis de ser for dykk at de kan arbeida med saksfeltet framover. Likevel er det slik at dette handlar om bruk av tvang og det å kunne gje nødvendig helsehjelp, slik at dette er forhold som kommunen må følgje opp.


Med helsing

Janne Dahle-Melhus
avdelingsdirektør

Astrid Aadland
seniorrådgjevar/jurist

Dokumentet er elektronisk godkjent

Vedlegg: Gjennomføring av tilsynet

I dette vedlegget omtaler vi korleis tilsynet blei gjennomført, og kven som deltok.

Varsel om tilsynet blei sendt 13.08.2020.

Tilsynsbesøket blei gjennomført i Hå kommune, og blei innleia med eit kort informasjonsmøte 27.10.2020. Oppsummerande møte med gjennomgang av funn blei halde 30.10.2020.

Ein del dokument blei sendt og gjennomgått på førehand, medan andre dokument blei overlevert og gjennomgått i løpet av tilsynsbesøket. Følgande dokument blei gjennomgått og vurdert som relevante for tilsynet:

– Notat i samband med oversendinga av dokument
– Organisasjonskart
– Oversikt over leiarar i heimetenesta og i sjukeheimane
– Mal for leiaravtalar på tre nivå i Hå kommune
– Tre leiaravtalar
– Oversikt over tilsette i heimetenesta og i sjukeheimane
– Turnusar ved sjukeheim og heimeteneste
– Oversikt over tilsynslegar i sjukeheimane i Hå kommune
– Rutine Legetenester i sjukeheim
– Delegeringsreglement
– Interndelegeringsreglement
– Vegleiar for internkontroll
– Opplæringsplan 2020
– Internopplæring på Klokkarhagen sjukeheim
– Informasjonsmateriale for nytilsette i open omsorg Nærbø
– Sjekklister ved nytilsetting ved Hå sjukeheim, samt påbegynt arbeid med nye sjekklister
– Diverse sjekklister knytt til tenestemottakarar
– Kriterium for tildeling av ulike tenester
– Rutine Personalmøter – pleie og omsorg
– Rutine Tvang- pasienter uten samtykkekompetanse som motsetter seg helsehjelp. Pasient- og brukerrettighetsloven kapittel 4A, med hjelpedokument
– Rutine Vedtak og klagebehandling pasient- og brukerrettighetsloven kapittel 4A
– Rutine – Hjelpedokument Samtykkekompetanse
– Rutine for dokumentasjon i fagjournal i CosDoc
– Rutine Brukerundersøkelser i helse og sosial
– Plan for og oversikt over brukarundersøkingar i helse og sosial 2016-2021
– Sluttrapport frå tre brukarundersøkingar i 2017 og 2018
– Tre rapportar etter internrevisjonar 2016-2018
– Rutine Avvikshåndtering i tjenesteområdet helse- og sosial
– Oversikt over avvik i pleie og omsorg frå 2020
– Avviksmelding – bruk av tvang mot pasient
– Årsmelding Hå kommune 2019

Tilsynet bad om 30 journalar valt etter følgande kriterium:
– kopi av journal, inkludert pleieplanar, prosedyrar, møtereferat og anna relevant
dokumentasjon som gjeld den enkelte pasienten, for det siste halve året for 10 pasientar
som manglar samtykkekompetanse innlagt ved Hå sjukeheim (3. og 4. etasje), og for dei 3
siste pasientane innlagt på korttidsavdelinga (2. etasje)
– kopi av journal, inkludert pleieplanar, prosedyrar, møtereferat og anna relevant
dokumentasjon som gjeld den enkelte pasient, for det siste halve året for 10 pasientar som
manglar samtykkekompetanse innlagt ved Klokkarhagen sjukeheim
– kopi av journal, inkludert pleieplanar, prosedyrar, møtereferat og anna relevant
dokumentasjon som gjeld den enkelte pasient, for det siste halve året for 10 pasientar som
manglar samtykkekompetanse og som får helsetenester frå kommunen sine heimebaserte
tenester

Vi fekk i fyrste omgang 20 journalar frå Klokkarhagen og langtidsavdelingane på Hå sjukeheim. Det blei frå kommunen si side informert om at ingen pasientar i heimetenesta oppfylte kriteria. Tilsynet bad da om 5 journalar valt etter følgande kriterium:
- pasientar som får heimebaserte tenester som står på venteliste til plass på sjukeheim, pasientar som får heimebaserte tenester som har ein demensdiagnose eller pasientar som har vekselopphald på sjukeheim

Det blei vidare opplyst frå kommunen at ingen på korttidsavdelinga oppfylte kriteria. Under tilsynsbesøket bad vi om kopi av journalar til dei tre sist innlagde pasientane og fekk dette.

Vi hadde også bedt om kopi av alle vedtak i verksemda det siste året gjort etter kapittel 4A i Pasient- og brukerrettighetsloven, samt kopi av journalar for det siste året for dei pasientane desse vedtaka gjaldt. Vi fekk vedtak og journalar for 4 pasientar. Desse er inkludert i dei 20 me fekk i fyrste omgang.

I tabellen under gir vi ein oversikt over kven som blei intervjua, og kven som deltok på informasjonsmøte og på oppsummerande møte ved tilsynsbesøket.

Ikkje publisert her

Pårørande til 3 pasientar innlagt i sjukeheimane og pårørande til 1 pasient som mottek tenester frå kommunen sine heimetenester, ble intervjua i samband med tilsynet. Tilsynet hadde og ein samtale per telefon med kommuneoverlege i forkant av tilsynsbesøket.

Disse deltok frå tilsynsmyndigheita:

  • ass. fylkeslege, Marit Sjøgren Andersen, Fylkesmannen i Rogaland – reviso
  • rådgjevar/sjukepleiar, Line Hageland, Fylkesmannen i Rogaland – revisor
  • seniorrådgjevar/jurist, Astrid Aadland, Fylkesmannen i Rogaland – revisjonsleiar

  • rådgjevar/sosionom Gunnvor Helle Eiane, Fylkesmannen i Rogaland - observatør

Alle tilsynsrapportar frå dette landsomfattande tilsynet

2020–2021 Tvungen somatisk helsehjelp i kommunale helse- og omsorgstjenester

Søk