Hopp til hovedinnhold

Statsforvaltaren gjennomførte tilsyn med Helse Førde HF, seksjon Habilitering for barn og unge den 14. og 15.12.2021. Vi undersøkte om helseføretaket sørgjer for at barn og unge under 18 år som vert tilviste med spørsmål om utviklingshemming og om vurdering av bruk av tvang vert følgde opp i samsvar med aktuelle lovkrav slik at tenestemottakarane får trygge og gode tenester.

Tilsynet vart gjennomført som del av årets planlagde tilsyn initiert av Statsforvaltaren.

Statsforvaltaren peiker på følgjande:

  • Helse Førde har ikkje sørgt for at seksjon Habilitering for barn og unge har tilgang på faglege ressursar og kompetanse som trengst i samband med utgreiing av utviklingshemming og tverrfagleg oppfølging av barna.

    Dette er brot på: Spesialisthelsetenestelova § 2-2, jf. forskrift om ledelse og kvalitetsforbedring §§ 6-9.

Dette medfører forseinka utgreiing og diagnostisering av barn som vert tilviste med spørsmål om utviklingshemming. Det har òg konsekvensar for tverrfagleg samarbeid og oppfølging av barna.

Vi ber Helse Førde om å:

  • gjere greie for kva tiltak som vert sett i verk for å rette lovbrotet og korleis helseføretaket vil evaluere om tiltaka fører til endring i praksis for utgreiing av psykisk utviklingshemming og tverrfagleg oppfølging av barna.
  • Som del av evalueringa ber vi særskilt om at leiar går gjennom journalane til unge under 18 år som frå og med 1. november 2020 er tekne imot for utgreiing av utviklingshemming og undersøker om det i kvar sak ligg føre plan for utgreiing og kor lang tid det går frå utgreiingsplanen er utarbeidd til medisinsk utgreiing og utgreiing hos psykolog vert påbegynt.

Fristen for første tilbakemelding er 1. april 2022.

1. Tilsynets tema og omfang

I dette kapittelet skildrar vi hva som vart undersøkt i tilsynet.

Vi har undersøkt om helseføretaket sørgjer for barn og unge under 18 år som vert tilviste med spørsmål om ulike grader av utviklingshemming og eller bruk av tvang, får helsehjelp i samsvar med aktuelle lovkrav slik at tenestemottakarane får trygge og gode tenester, avgrensa til:

  • utgreiing og diagnostisering, under dette samarbeid internt med andre einingar, informasjon til og medverknad frå barn og foreldre
  • utgreiing og vurdering av tiltak for å førebyggje og ved behov, bruk av tvang
  • samarbeid med og rettleiing til kommunale tenester i samband med gjennomføring av tiltak.

2. Aktuelt lovgrunnlag for tilsynet

Statsforvaltaren er gitt mynde til å føre tilsyn med spesialisthelsetenesta etter helsetilsynslova § 2.

Eit tilsyn er kontroll av om verksemda sin praksis er i samsvar med gjeldande reglar i lov- og forskrift. Vi gir derfor her ei oversikt over krava som vart lagt til grunn i tilsynet.

Kravet om forsvarleg verksemd går fram av lov om spesialisthelsetjenesten m.m. § 2-2. Kravet er forankra i anerkjent fagkunnskap, faglege retningsliner og allmenngyldige samfunnsetiske normer.

Faglege retningsliner og rettleiarar kan vere eitt av fleire bidrag til å gi innhald i kravet. Tilrådingar gitt i nasjonale faglege retningsliner er ikkje rettsleg bindande, men normerande og retningsgjevande ved å peike på ønske og tilrådde handlingsval, jf. https://helsedirektoratet.no/metoder-og-verktoy.

Følgjande publikasjonar frå Helsedirektoratet aktuelle for tilsynet:

  • Rundskriv IS-10/2015 Rettssikkerhet ved bruk av tvang og makt overfor enkelte personer med psykisk utviklingshemming
  • Habilitering av barn og unge i spesialisthelsetjenesten, prioriteringsveileder
  • Psykisk helsevern for barn og unge, prioriteringsveileder
  • Rettleiar om rehabilitering, habilitering, individuell plan og koordinator
  • Utredning og diagnostisering av utviklingshemming, rapport frå Helsedirektoratet til Helse- og omsorgsdepartementet
  • Gode helse- og omsorgstjenester til personer med utviklingshemming, nasjonal veileder

Konsensus i relevante fagmiljø er ei viktig kjelde til informasjon om kva som er fagleg forsvarleg praksis:

  • Regional retningslinje for diagnostisk utredning av barn og unge ved spørsmål om utviklingshemming frå Regionsenter for habiliteringstjenesten for barn og unge, Oslo universitetssykehus

    Retningslina gir faglege tilrådingar om god praksis for utgreiing i spesialisthelsetenesta av barn og unge 0 – 18 år ved spørsmål om utviklingshemming som hovud- eller bidiagnose.

    Samla oversikt over alle tilrådingane går fram i kapittel 2. Fagleg grunngjeving for tilrådingane går fram av dei enkelte kapitla. I metoderapporten kapittel 23 er det gjort greie for kven som har delteke i arbeidet og om kunnskapsgrunnlaget.

Tilrådingar om kompetanse i habiliteringstenestene og samarbeid med andre einingar i spesialisthelsetenesta er mellom anna gitt i:

  • Rettleiar frå Helsedirektoratet om rehabilitering, habilitering, individuell plan og koordinator, kapittel 9.6 om kompetanse i habiliteringstenestene:

    «For å oppfylle krav om kvalitet og forsvarlighet i tjenesten, bør habiliteringstjenestene være bredt tverrfaglig sammensatt med medisinsk, psykologisk, sosialfaglig, spesialpedagogisk og miljøterapeutisk kompetanse. Det er behov for spesialisert fagkompetanse innen et vidt spekter av temaer og områder som:
    • utredning og diagnostisering ved indikasjon på utviklingshemming og adferdsavvik
    • symptomer og adferdsmønstre ved en rekke ulike syndromer
    • autismespekterforstyrrelser
    • sjeldne tilstander og alvorlig funksjonsnedsettelse
    • differensialdiagnoser og komorbiditet
    • forebygging av bruk av tvang og makt
    • utforming av tiltak som innebærer bruk av tvang og makt

      Barne- og voksenhabiliteringstjenestene bør ha et formalisert samarbeid med andre avdelinger i spesialisthelsetjenesten på aktuelle fagområder ved utredning, diagnostisering og oppfølging. Det må sikres gode overganger i overgangen fra barnehabilitering til voksenhabilitering. Individuell plan og koordinator er viktig for alle målgruppene.»

Andre publikasjonar som òg er relevante tilsynet:

  • Statens helsetilsyns gjennomgang av diagnostiseringen av tre brør frå Tolga
  • Riksrevisjonens undersøking av helse- og omsorgstenester til barn med funksjonsnedsettingar
  • Helse Vest Oppdatert regional plan for habilitering og rehabilitering med prioriterte innsatsområde:
  1. Betre implementering av koordinator-ordninga i sjukehusa
  2. Inkludere habilitering for barn og unge i «Barn og unges helseteneste»
  3. Styrke legeressursar og nødvendig kompetanse i habilitering for barn, unge og vaksne
  4. Tidleg start av rehabiliteringa
  5. Redusere variasjonane i seinfaserehabilitering
  6. Vidareutvikle infrastruktur for samarbeid på tvers om forsking og kunnskapsutvikling
  7. Utvikle styringsdata og datakvalitet»

Informasjon til og medverknad frå pasient

Medverknad i helsetenesta er regulert i pasient- og brukarrettslova og forskrift om ledelse og kvalitetsforbedring i helse- og omsorgstjenesten. Etter pasient- og brukarrettslova §§ 3-1 og 3-2 skal pasientar få naudsynt informasjon om helsetilstanden sin og tenestetilbodet, og pasienten har rett til å medverke ved gjennomføringa av helsetenester.

Medverknaden skal vere tilpassa pasientens evne til å gi og få informasjon. Informasjon om eige pasientforløp i tråd med pasient- og brukarrettslova § 3-2 er ein sentral pasientrett. Informasjon til pasientar må bli gjeven på ein måte som gjer at pasienten kan forstå den, og personellet skal freiste å sikre seg at pasienten har forstått innhaldet i informasjonen og kva denne inneber, sjå pasient- og brukarrettslova § 3-5.

Forskrift om ledelse og kvalitetsforbedring i helse- og omsorgstjenesten §§ 6 til 9 stiller krav om at verksemda brukar erfaringar frå pasientar i arbeidet med forbetring av verksemda.

Det er venta at helseføretaket:

  • har ein felles praksis for informasjon til barn og foreldre før utgreiing
  • gir ungdom tilbod om eigen samtale før utgreiing
  • gir tilpassa informasjon om utgreiinga til barn og unge med språkvanskar og eller vanskar med å forstå
  • brukar tolk når barn og eller foreldre har avgrensa norskkunnskap
  • gir tilbakemelding til barn og foreldre etter gjennomført utgreiing

Systematisk leiing og kvalitetsforbetring

Forskrift om ledelse og kvalitetsforbedring i helse- og omsorgstjenesten skildrar plikta som verksemda har, til å arbeide systematisk for kvalitetsforbetring og pasienttryggleik. Denne plikta går også fram av spesialisthelsetenestelova § 3-4 a.

Kravet til forsvarleg verksemd som er retta mot verksemder, omfattar fleire forhold som er samanfallande med kravet til leiing og kvalitetsforbetring, under dette systematisk arbeid for å ivareta pasienttryggleik.

Leiarar på alle organisatoriske nivå i helseføretaket må leggje til rette for og følgje opp at helsetenestene er i tråd med gjeldande regelverk og av god nok kvalitet. Det inneber at leiinga må ha kunnskap om kvaliteten på tenestene i verksemda, inkludert oversikt over risiko og uønskte hendingar, for å kunne setje i verk rett tiltak for å redusere risiko og ivareta pasienttryggleiken.

Det er venta at

  • leiinga har teke stilling til kva kompetanse Habilitering for barn og unge treng for utgreiing og diagnostisering av mogeleg utviklingshemming og for å vurdere og rettleie kommunale tenester i spørsmål om bruk av tvang
  • leiinga sørgjer for innarbeidde rutinar for utgreiing og diagnostisering , informasjon og medverknad frå pasient og foreldre/føresette
  • leiinga sørgjer for at ansvarsforhold og samarbeid med andre einingar, mellom andre Habiliteringstenesta for vaksne og Psykisk helsevern for barn og unge, og kommunale tenester er avklart
  • leiinga sørgjer for at etablerte rutinar/praksis for utgreiing og diagnostisering fungerer og vert følgd, og set i verk naudsynte tiltak dersom det har utvikla seg ein uønskt praksis
  • leiinga følgjer med på at det er framdrift i utgreiingsforløpet. Eventuelle problemstillingar vert løfta opp i organisasjonen dersom manglande kompetanse og eller samhandling med andre organisatoriske einingar medfører at utgreiing og diagnostisering ikkje vert gjennomført
  • leiinga har teke stilling til korleis Habilitering for barn og unge skal hjelpe kommunane i utforming av tiltak som gjeld bruk av tvang og gjennomføring av tiltaka
  • leiinga sørgjer for at etablerte rutinar/praksis for at Habilitering for barn og unge gir uttale til kommunens vedtak til Statsforvaltaren
  • leiinga sørgjer for at etablerte rutinar/praksis for å følgje opp kommunale tenester ved gjennomføring av tiltak etter helse- og omsorgstenestelova § 9-5 tredje legg bokstav b) og c)
  • leiinga følgjer med på kvalitet og pasienttryggleik i verksemda, med særleg vekt på område med kjent risiko

3. Framstilling av faktagrunnlaget

Her vert det gjort greie for korleis verksemdas aktuelle tenester fungerer, inkludert verksemdas tiltak for å sørgje for at krava til kvalitet og tryggleik for tenestemottakarane blir haldne.

Organisering, bemanning, ansvar og mynde

Seksjon Habilitering for barn og unge er ein av tre seksjonar i Barne- og ungdomsavdelinga i Medisinsk klinikk. Seksjonen har ni faste 100 % fagstillingar. Ved tilsynsbesøket i desember 2021 var det personell i 6, 8 stillingar. Seksjonen har ikkje eigen stilling for lege. Vi fekk opplyst at det er ønskjeleg å ha slik stilling, men at legeressursane i Barne- og ungdomsavdelinga er knappe og at det er lita interesse for slik stilling blant legane i avdelinga.

Barne og ungdomsavdelinga har sju overlegar som deltek i tverrfaglege konsultasjonar i seksjon Habilitering for barn og unge. Legen har gjerne følgd opp barnet frå tidlegare og er kontaktlege for barn som treng oppfølging over tid. Det kan vere frå ein til seks tverrfaglege konsultasjonar kvar veke. Barnelege deltek 1 – 1 ½ time på kvar konsultasjon.

Ved tilsynsbesøket fekk vi opplyst at det er for lite legetid til oppgåvene i seksjon Habilitering for barn og unge. Dette har konsekvensar for kontinuiteten i arbeidet med utgreiing og oppfølging av barna og for koordineringa av tenester. I enkelte tilfelle kan det ta fleire veker før det er mogeleg å få avklart aktuelle spørsmål/problemstillingar med lege, i andre tilfelle vert saker drøfta utanom dei avtalte møtepunkta og eller ved kommunikasjon med «gul lapp».

I driftsmøtet der aktuelle pasientsaker i seksjon Habilitering vert gjennomgått ein gong i veka, er det tre overlegar i Barne og ungdomsavdelinga som skal veksle på å delta. Av ulike grunnar, knappe legeressursar i avdelinga, andre oppgåver som må prioritast, fråvær, vaktordning/turnus, varierer det om lege kan delta.

I kommentar til utkastet til rapport skriv avdelingssjefen mellom anna at alle legeoppgåver i Barne- og ungdomsavdelinga er langtidsplanlagt, at det er avsett tid og oppført namn på legen som skal delta på driftsmøte seks – ni månader fram i tid. Tverrfaglege konsultasjonar vert forsøkt skjerma for endringar, men innimellom må planlagde konsultasjonar vike for akutte situasjonar. På grunn av korona og stort fråvær blant tilsette, var det ressursproblem nokre veker hausten 2021 i seksjon Habilitering for barn og unge, sengepost og poliklinikk i avdelinga.

Opplysningar som vi fekk ved tilsynsbesøket tilseier at det sjølv med planlagt disponering av knappe legeressursar, jamleg oppstår behov for revurdering og endra disponering av tilgjengeleg legekapasitet i avdelinga, hausten 2021 og elles i året.

Tilsette i seksjon Habilitering for barn og unge arbeider i hovudsak sjølvstendig med pasientretta oppgåver. Saker kan meldast inn til drøfting i driftsmøtet (også omtalt som tverrfagleg møte).

Det er psykolog som tolkar testar og stiller diagnose om utviklingshemming. Seksjonen har to stillingar for psykolog. Ein psykolog har hatt permisjon i 2021. Denne stillinga har vore ledig heile året. Psykisk helsevern for barn og unge var ein periode inne og gav rettleiing til psykologen som var att i seksjonen. Stillinga etter denne psykologen har vore ledig sidan 2. august 2021. Utlysing av ledige vikariat førte ikkje til tilsetting. Gjennom vikarbyrå vart det leigd inn psykologspesialist i tidsrommet 17. november – 17. desember 2021.

Frå om lag juli 2021 til 17. november 2021 hadde Habilitering for barn og unge ikkje tilgang på den faglege kompetansen som trengst for utgreiing av barn med autismespekterforstyrringar og kognitiv utgreiing ved spørsmål om utviklingshemming.

Frå 1. januar 2022 er det tilsett to psykologar, båe i 100 % stilling.

Ved tilsynsbesøket var det til saman 45 barn og unge med ulike problemstillingar som var tilviste til Habilitering for barn og unge og som venta på utgreiing og vurdering hos psykolog. Somme av barna i målgruppa for tilsynet var tilviste i september 2020 og vart vurderte av psykolog i desember 2021.

Styringslina for seksjon Habilitering for barn og unge går frå seksjonsleiar til avdelingssjef for Barne- og ungdomsavdelinga, vidare til klinikkdirektør i Medisinsk klinikk og til administrerande direktør. Det er faste rapporteringar, driftsmøte og leiardialog på alle nivå i organisasjonen.

Det er vurdert og meldt i linja at den noverande bemanninga i seksjon for Habilitering for barn og unge ikkje har naudsynt kapasitet og kompetanse til å dekkje den samla oppgåveporteføljen. Den 21. oktober 2020 [1] gav Helse Førde tilbakemelding til Helse Vest om opptrappingsplan for å styrke habiliteringstilbodet til barn og unge med omfattande og samansette funksjonsnedsettingar som følgje av hjerneskade.

I budsjettarbeidet for 2022 [2] melde Barne- og ungdomsavdelinga inn behov for 2,4 fleire stillingar i seksjon Habilitering for barn og unge.

Utgreiing og diagnostisering av barn ved spørsmål om utviklingshemming

Seksjon Habilitering for barn og unge opplyser i brev av 28. oktober 2021 at dei nyttar «Regional retningslinje for diagnostisk utredning av barn og unge ved spørsmål om utviklingshemming» frå Regionsenter for habiliteringstjenesten ved Oslo universitetssykehus, og at seksjonen samarbeider med psykisk helsevern for barn og psykisk helsevern for vaksne.

Lege avgjer om det er grunnlag for å gjennomføre utgreiing. Dersom tilvisinga kjem til poliklinikken vert den medisinske utgreiinga gjennomført der. Om det er grunnlag for vidare utgreiing vert det sendt intern tilvising til Habilitering for barn og unge. Tilvisingar som vert sende direkte til Habilitering for barn og unge vert tekne opp i driftsmøte der lege tek stilling til spørsmål om utgreiing.

I mange tilfelle vert den medisinske utgreiinga gjennomført lenge før, meir enn ½ år, før psykolog har gjennomført og ferdigstilt utgreiinga. Vi fekk opplyst at dette ikkje er til barnets beste.

Det siste halvåret har seksjon Habilitering for barn og unge fram til vikar for psykolog vart innleigd i fem veker, 17. november – 17. desember 2021, ikkje hatt fagleg kompetanse til utgreiing av barn med autismespekterforstyrringar og kognitive vurderingar av barn som er tilvist for utgreiing av utviklingshemming. Seksjonen hadde også tidlegare utfordringar med mangel på personell med naudsynt kompetanse til å gjere slik utgreiing, jf. omtale av ledige stillingar side 8. Vi fekk opplyst at Psykisk helsevern for barn og unge ikkje hadde kapasitet til å avhjelpe behovet for utgreiing i Habilitering for barn og unge hausten 2021.

Eit påbegynt arbeid med utarbeiding av samarbeidsavtale mellom Habilitering for barn og unge og psykisk helsevern for barn og unge er inntil vidare sett på vent grunna stor arbeidsbelastning og pasienttilstrøyming til psykisk helsevern for barn og unge, jf. referat frå møte 16. november 2021 [3].

I intervju kom det fram at det er behov for avklaring av ansvar, samarbeid og grenseflater mellom Habilitering for barn og unge og Psykisk helsevern for barn og unge. Det kom også fram at det er behov for å utvikle samarbeidet med Habilitering for vaksne, som høyrer inn under Klinikk for psykisk helsevern.

Informasjon og medverknad frå barn og foreldre i samband med utgreiing og oppfølging

Det gjekk fram i intervju at foreldre vert informerte om utgreiing før den vert påbegynt og at dei får informasjon når utgreiinga er fullført. Psykolog gir tilbakemelding etter fullført utgreiing. Vi fekk opplyst at tolk vert nytta dersom Habilitering for barn og unge har informasjon om at foreldre treng det.

Foreldra vi har snakka med, seier at dei saknar rettleiing frå Habilitering for barn og unge for å handtere vanskar som barnet med utviklingshemming har.

Gjennomgang av pasientjournalar – utgreiing og diagnostisering

Ved gjennomgang av 16 journalar til barn og unge som var tilviste med spørsmål om utviklingshemming fann vi at medisinske undersøkingar, under dette undersøking av syn og hørsel og eventuelle tilleggsundersøkingar; MR, genetisk undersøking, metabolsk undersøking med meir, var gjort og at det gjekk lang tid før vurdering av evnenivå og kartlegging av adaptive funksjonar var gjennomført.

I ei sak fann vi at psykolog i seksjon Habilitering for barn og unge ikkje gjorde undersøkingane av barnet som var til utgreiing i spesialisthelsetenesta, men i staden tilrådde at PPT kartla adaptiv fungering. I ei anna sak gjekk det fram at PPT burde kartlegge adaptiv fungering, språk og forsøke å måle IQ. Det går ikkje fram av journalane i dei to sakene som sist var tilviste i juni 2020 og februar 2021, at utgreiing er gjennomført av psykolog i seksjon Habilitering for barn og unge. I ein journal gjekk det fram at Habilitering for barn og unge på grunn av manglande psykologkompetanse ikkje kunne bidra med diagnostisk avklaring av eit barn med alvorleg endring i åtferd (sjølvskading), men ville ta kontakt når psykolog vart tilgjengeleg og kunne ta imot barnet til utgreiing. Ved kartlegging av evnenivå er det brukt andre testar enn tilrådd førstevaI [4] i Regional retningslinje for diagnostisk utredning av barn og unge ved spørsmål om utviklingshemming. I eit par andre saker fann vi at problemstillingar som foreldre tok kontakt om, ikkje vart svart ut, ut over ei oppmoding om å ta kontakt om dersom det vart behov for hjelp frå Habilitering for barn og unge. Tolk var brukt i enkelte av sakene der foreldra ikkje har norsk som morsmål. Vi såg også døme på at tolk ikkje var bestilt, at behandlar var usikker på om foreldra forsto informasjon som vart gitt og at viktig informasjon først var gitt etter at tolken hadde gått.

Rettleiing og vurdering av tiltak som gjeld tvang og oppfølging av kommunane i samband med gjennomføring tiltak

I brev av 28. oktober 2021 går det fram at Habilitering for barn og unge ikkje har fått spørsmål om bruk av tvang overfor unge under 18 år og at det også har vore få saker som gjeld oppfølging i samband med bruk av tvang. Habilitering for vaksne har hjelpt til med uttale i ei sak i 2021. Det er seksjon Habilitering for barn og unge som frå no av skal uttale seg og følgje opp slike saker.

I journalane til barn og unge der det er vedtak om bruk av tvang, er det lite opplysningar om oppfølging frå spesialisthelsetenesta under gjennomføring av tiltaka. Det er få tilsette i Habilitering for barn og unge som har kompetanse på dette feltet. Behov for opplæring om tvang og makt er identifisert og kompetansehevande tiltak er planlagt i 2022 [5].

4. Vurdering av faktagrunnlaget opp mot aktuelt lovgrunnlag

I dette kapittelet vurderer vi fakta i kapittel 3 opp mot lovreglane i kapittel 2.

Helselovgjevinga stiller krav til leiing og systematisk styring for å sikre forsvarlege helsetenester. Naudsynte tiltak skal planleggast, setjast i verk, verte evaluert og korrigert ved behov.

Barn og unge som er under utgreiing for psykisk utviklingshemming og eller i tilfelle bruk av tvang skal motta forsvarlege tenester. Dette stiller krav til organisering, systematikk, framdrift i arbeidet, oppfølging og samhandling ved utføring av dei ulike oppgåvene. Leiinga må følgje opp at planlagde tiltak vert sett i verk og fungerer slik at barn og unge får gode og trygge tenester.

Risikofaktorar vil i mange tilfelle vere mangelfull tilgang på relevant fagspesifikk kompetanse, mangelfull tilrettelegging for god samhandling, kommunikasjon, informasjonsoverføring, dokumentasjon og mangelfulle retningsliner for kven som har mynde til å ta ulike avgjerder.

Utgreiing og diagnostisering av barn ved spørsmål om utviklingshemming

Seksjon Habilitering for barn og unge legg Regional retningslinje for diagnostisk utredning av barn og unge ved spørsmål om utviklingshemming til grunn for arbeidet. Det er avklart kven som har mynde til å ta avgjerd om utgreiing skal gjerast. Det er også avklart kven som stiller diagnosen utviklingshemming og som skal gi tilbakemelding til barn og foreldre/føresette og til kommunale tenester.

Då den medisinske utgreiinga blir utført lenge før utgreiing hos psykolog vert påbegynt, er den medisinske utgreiinga ikkje starten på eit kontinuerleg utgreiingsforløp.

Kompenserande tiltak for mangel på psykolog (psykologar) i 2021, vart sett inn seint og hjelper eit fåtal av barna som ikkje har fullført utgreiing eller som ventar på å kome i gang med utgreiing hos psykolog.

Undersøkinga vår har avdekt at Helse Førde er kjent med at seksjon Habilitering for barn og unge manglar ressursar og kompetanse til utgreiing av og oppfølging av barn og unge med utviklingshemming. Det har òg konsekvensar for det tverrfaglege samarbeidet. Ventetid på utreiing i inntil eitt år for barn som er tilvist med spørsmål om utviklingshemming, er for lang tid og medfører forseinka diagnostikk og i verste fall ei negativ utvikling eller forverring av tilstanden. Dette er etter vår vurdering i strid med krav til forsvarleg verksemd.

Vurdering av tiltak som gjeld tvang og oppfølging av kommunane i samband med gjennomføring tiltak

Seksjon Habilitering for barn og unge har hatt få saker som gjeld vurdering av bruk av tvang og sjølv identifisert behov for opplæring av tilsette i å vurdere saker og gi rettleiing.

5. Statsforvaltarens konklusjon

Her presenter vi konklusjonen av undersøkinga vår, basert på vurderingane i kapittel 4.

Statsforvaltaren peiker på følgjande:

  • Helse Førde har ikkje sørgt for at seksjon Habilitering for barn og unge har tilgang på faglege ressursar og kompetanse som trengst i samband med utgreiing av utviklingshemming og tverrfagleg oppfølging av barna.

    Dette er brot på: Spesialisthelsetenestelova § 2-2, jf. forskrift om ledelse og kvalitetsforbedring §§ 6-9.

6. Oppfølging av lovbrot

I dette kapittelet gjer vi greie for kva vi ventar at Helse Førde skal gjere i prosessen med å rette lovbrotet, slik at krav til kvalitet og tryggleiken for barn og unge vert teke i vare.

Vi ber Helse Førde om å

  • gjere greie for kva tiltak som vert sett i verk for å rette lovbrotet og korleis helseføretaket vil evaluere om tiltaka fører til endring i praksis for utgreiing av psykisk utviklingshemming og tverrfagleg oppfølging av barna.
  • Som del av evalueringa ber vi særskilt om at leiar går gjennom journalane til unge under 18 år som frå og med 1. november 2020 er tekne imot for utgreiing av utviklingshemming og undersøker om det i kvar sak ligg føre plan for utgreiing, og kor lang tid det går frå utgreiingsplanen er utarbeidd til medisinsk utgreiing og utgreiing hos psykolog vert påbegynt.

Fristen for første tilbakemelding er 1. april 2022.

På bakgrunn av svaret vil vi konkretisere nærare opplegget for den vidare oppfølginga frå vår side.

Tilsynet vert avslutta når helseføretaket kan dokumentere at dei iverksette endringane fungerer over tid.

Endeleg rapport vert sendt til Helse Vest RHF. Rapporten vert også sendt til Statens helsetilsyn for publisering på www.helsetilsynet.no.

Med helsing

Med hilsen

Sjur Lehmann
fylkeslege og avdelingsdirektør

Anne Grete Robøle
fagdirektør

 

Dokumentet er elektronisk godkjent

Vedlegg: Gjennomføring av tilsynet

I dette vedlegget omtaler vi korleis tilsynet vart gjennomført, og kven som deltok.

Varsel om tilsynet vart sendt 23.09.2021.

Vi har gjennomført samtalar med foreldre til fire unge i målgruppa. Dei har over lengre tid vore i kontakt med Habilitering for barn og unge i Helse Førde.

Tilsynet vart gjennomført ved seksjon Habilitering for barn og unge, Helse Førde HF, og innleia med eit kort informasjonsmøte 14.12.2021. Oppsummerande møte med gjennomgang av funn vart halde 15.12.2021.

Ein del dokument vart tilsendt og gjennomgått på førehand, mens andre dokument vart overlevert og gjennomgått i løpet av tilsynsbesøket. Følgjande dokument vart gjennomgått og vurderte som relevante for tilsynet:

  • Brev av 8. oktober 2021 frå Helse Førde med vedlegg, u. off. jf. hvl. § 13 første ledd og offl § 13
  • Brev av 28. oktober 2021 frå Helse Førde HF vedlagt
    • Organisasjonskart Helse Førde HF
    • Oversikt over fagstillingar i seksjon Habilitering for barn og unge, leiarinstruks og stillingsomtalar
    • Informasjon om vakante stillingar
    • Informasjon om samarbeid med Habilitering for vaksne og Psykisk helsevern for barn og unge
    • Informasjon om retningsliner og rettleiarar Habilitering for barn og unge legg til grunn for arbeidet
    • Fagprosedyre «Barn med utviklingshemming» datert 7.11.2014, skulle reviderast innan 7.11.2017
  • Brev av 15.11.2021 frå Helse Førde HF med vedlegg, u.off. jf. fvl §13, første ledd og offl. § 13
  • Realendringar Barne- og ungdomsavdelinga 2022
  • Brev 21. oktober 2021 frå Helse Førde til Helse Vest «Styrking av habiliteringstilbodet til barn og unge med hjerneskade, inkludert etablering av eit regionalt tilbod om intensiv tverrfagleg rehabilitering
  • Handlingsplan/driftsrapport 2021
  • Handlingsplan/driftsrapport 2022
  • Møtereferat datert 22. november 2022
  • Kommentarar til utkast til rapport, brev av 18. januar 2022

Det vart valt 16 journalar etter følgjande kriterium:

  • Barn 0 – 18 år som var tilviste med spørsmål om utviklingshemming og eller som er utgreidde og har vedtak om bruk av tvang.

I tabellen under gir vi eit oversyn over kven som vart intervjua, og kven som deltok på oppsummerande møte ved tilsynsbesøket:

Ikkje publisert her

Frå Statsforvaltaren i Vestland

  • fylkeslege, Rebekka Helle, revisor
  • seniorrådgjevar, Elisabeth Larsen , revisor
  • seniorrådgjevar, Ørjan Moldestad, revisor
  • seksjonsleiar, Arne Erstad, revisor
  • fagdirektør, Anne Grete Robøle, revisjonsleiar

[1] Tilbakemelding på «Styrking av habiliteringstilbodet til barn og unge med hjerneskade, inkludert etablering av eit regionalt
tilbod om intensiv tverrfagleg habilitering»

[2] Realendringar – behov for BUA 2022 (BUA – Barne- og ungdomsavdelinga)

[3] E-post 22. november 2021

[4] Tilråding om førsteval ved kartlegging av barn og unges evnenivå går fram av kapittel 11 i Regional retningslinje for diagnostisk utredning av barn og unge ved spørsmål om utviklingshemming.

[5] Handlingsplan/driftsrapport for 2022