Hopp til hovedinnhold

Statsforvaltaren gjennomførte tilsyn med barnevernstenesta i Sunnhordland Interkommunale Barnevern (SIB) frå 19.10 - 21.10. 2021. Vi undersøkte om kommunen sørgjer for at barneverntenesta sitt arbeid med undersøkingar blir utført i samsvar med aktuelle lovkrav slik at barn og familiar får trygge og gode tenester.

Tilsynet er gjennomført som del av eit landsomfattande tilsyn initiert av Statens helsetilsyn. Utkast til rapport blei sendt 2.11.21, og tilbakemelding er innarbeida i rapporten. Tilsynet blir avslutta med rapporten. Vi takker for godt samarbeid gjennom tilsynet.

Statsforvaltaren sin konklusjon

Kommunen sikrar gjennom si styring og leiing at Sunnhordland Interkommunale Barnevern sitt arbeid med undersøkingar er forsvarleg. Det gjeld både planlegging, framdrift, dokumentasjon, vurderingar og konklusjon. Barn får medverke i tråd med lovkrav.

Dette er i samsvar med barnevernslova §§ 1-4, 2-1, 4-1, 4-3, 6-1 og 6-9, samt forvaltningslova § 17.

1. Tilsynets tema og omfang

Statsforvaltaren har undersøkt og vurdert om kommunen sikrar at barneverntenesta sitt arbeid med undersøkingar er forsvarleg. Dette inneberer ei undersøking og vurdering av om Sunnhordland interkommunale barnevernsteneste har

  • planlagt undersøkinga i samsvar med innhaldet i meldinga og eventuelt tidlegare undersøkingar eller kontakt med familien
  • sørga for at innhaldet i undersøkinga, omfanget og framdrifta er i samsvar med alvoret i situasjonen for barnet
  • gjort relevante barnevernfaglege og juridiske vurderingar både undervegs og til slutt i undersøking
  • konkludert undersøkinga i samsvar med bekymringa og dei vurderingane som er gjort
  • har gjort nødvendige vurderingar og tiltak for arbeidet med undersøkingane som følgje av koronasituasjonen 2020-2021

Tilsynet har omfatta undersøkingar av situasjonen til barn som budde heime da barnevernstenesta fekk bekymringsmeldinga, og der bekymringa hadde eit alvorleg innhald. Det vil seie barn under 18 år som bur i biologisk familie, adoptivfamilie eller hos andre utan barneverntenesta si medverknad.

Statsforvaltaren sitt tilsyn er gjennomført som systemrevisjon. Det inneber at statsforvaltaren har ført tilsyn med kommunen si styring og leiing av arbeidet med om barneverntenesta oppfyller dei aktuelle lovkrava.

Barn og foreldre sine meiningar om og erfaringar med barnevernstenesta sitt arbeid med undersøkingar, er viktig informasjon for tilsynsmyndigheita, både når det gjeld kvaliteten på tenestene og kommunen sin praksis når det gjeld brukarmedverknad. Eit utval foreldre og barn har derfor blitt intervjua ved dette tilsynet.

2. Aktuelt lovgrunnlag for tilsynet

Statsforvaltaren er gitt mynde til å føre tilsyn med kommunal barnevernsteneste, etter barnevernlova § 2-3 b. Eit tilsyn er kontroll av om verksemda sin praksis er i samsvar med gjeldande reglar i lov- og forskrift. Vi gir derfor her ei oversikt over krava som vart lagt til grunn i tilsynet.

Barneverntenesta har ein rett og plikt til å foreta undersøking når den vurderer at det er «rimelig grunn til å anta» at det ligg føre forhold som kan gi grunnlag for tiltak etter barnevernlova kapittel 4.
Føremålet med undersøkinga er å vurdere og konkludere om barnet lever i ein omsorgssituasjon som kan gi grunnlag for barneverntiltak. Krava til undersøkinga følgjer av reglane i barnevernlova (bvl) og forvaltningslova (fvl).

Forsvarlege tenester

Alle tenester og tiltak etter barnevernslova skal vere forsvarlege etter barnevernslova (bvl) § 1-4.
Barnevernslova sin regel om forsvarlege tenester har eit heilskapleg utgangspunkt. Både
reglane i barnevernlova og forvaltningslova om saksbehandling gir innhald til kravet om forsvarleg gjennomføring av undersøking.

Kravet om forsvarleg arbeid er retta mot både tenester og tiltak, og inneber også krav til leiing, organisering og styring. Det er en nær samanheng mellom dette kravet og kravet om internkontroll, jf. kommunelova § 25-1.

Barnet sitt beste

Prinsippet om barnet sitt beste går fram både av barnekonvensjonen artikkel 3 og Grunnlova § 104. Barnet sitt beste skal vere grunnleggande omsyn ved alle handlingar og avgjerder som gjeld barn. I barnevernlova er prinsippet nedfelt i § 4-1, der det går fram at det skal leggast avgjerande vekt på å finne tiltak som er til beste for barnet. Regelen slår også fast at det i denne vurderinga skal leggast vekt på å gje barnet stabil og god vaksenkontakt og kontinuitet i omsorga. Prinsippet er ein sjølvstendig rettigheit for kvart barn, men skal også leggast vekt på i tolkinga av andre reglar og vere ei retningslinje for saksbehandlinga i alle saker som gjeld barn.

Barnets rett til medverknad

Barnets rett til å bli høyrt går fram av bvl § 1-6. Regelen gir barnet ein sjølvstendig rett til å medverke.
Retten gjeld alle forhold som gjeld barnet, ikkje berre når det skal takast rettslege eller administrative avgjerder. Retten til medverknad inneber at dei som tek avgjerder har ei plikt til å gi barnet ein moglegheit til å medverke. Dette gjeld også i ein undersøking.

Prinsippet om barnets beste heng saman med barnets rett til medverknad. Føremålet med medverknad er å opplyse saka i samsvar med lova, under dette å få fram barnets meining om eigen situasjon for å bidra til at dei avgjerder barnevernet tar i ein undersøking er til barnets beste. Det å kjenne til barnets mening, er ein føresetnad for å sikre barnets beste.

Samarbeid med foreldra

Etter bvl. § 1-7 skal barnevernet utføre arbeidet sitt med respekt for og så langt som mogleg i samarbeid med barnet og barnet sine foreldre. Foreldra har sjølvstendige rettar i undersøkingssaker som gjeld dei. Foreldre som er part i saka, har rett til å uttale seg etter fvl. § 17. Barnevernet skal i utgangspunktet legge fram alle opplysingane som dei får i undersøkinga slik at foreldra kan uttale seg. Barneverntenesta bør også gjera foreldra kjent med andre opplysingar som er av vesentleg betydning for saka i samsvar med fvl. § 17.

Når det blir innhenta samtykke, er det viktig at det skjer frivillig og at personen har forstått kva han/ho samtykker til, og konsekvensane av å samtykke. Dette blir kalla informert samtykke.
Samtykke bør, så langt det lar seg gjere vere skriftleg. Det er ikkje krav om skriftleg samtykke i barnevernlova. Det er heller ikkje krav om utforminga av samtykke. Eit samtykke kan bli gitt munnleg, skriftleg eller stillteiande. Samtykke kan når som helst bli trekt tilbake heilt eller delvis.

Der ein er samtykkekompetent, og dei er gitt mogelegheit til å medverke og ikkje protesterer, må barnevernstenesta kunne gå ut i frå at foreldra har gitt eit informert samtykke. For å sikre at foreldre faktisk har fått tilstrekkeleg informasjon, og har tenkt over følgene av å samtykke, bør barnevernet vurdere om samtykket skal gjerast skriftleg. Eit skriftleg samtykke kan i større grad bli etterprøvd, og gjer det tydeleg kva det er samtykka til. Eit skriftleg samtykke kan òg føre til at den som samtykker tenker seg grundigare om, og slik auke kvaliteten på samtykket.

Nærare om krav til undersøkinga - innhald, omfang og framgangsmåte

Barneverntenesta må sjå til at faktum er klarlagt så langt det er mogleg før det vert treft vedtak, jf. fvl. § 17. Dette inneber at relevante sider av saka må komme fram. Barneverntenesta må vurdere om opplysningar som kommer inn undervegs i undersøkinga er riktig og om dei krev nye undersøkingar. Undersøkinga skal vere så grundig som saka krev. Den skal likevel ikkje vere meir omfattande enn føremålet tilseier, jf barnevernlova § 4-3, 2. ledd. Moment som alvor, kompleksitet og hastegrad vil ha noko å seie for kor grundig barneverntenesta skal undersøke.

Foreldra eller den barnet bur hos, kan ikkje motsette seg at ei undersøking blir gjennomført ved besøk i heimen, jf. bvl. § 4-3 tredje ledd, og barneverntenesta kan også engasjere sakkunnige, jf. bvl. § 4-3 fjerde ledd.

Etter bvl. § 6-4 femte ledd skal barneverntenesta hente inn opplysningar i samarbeid med foreldra. Innhenting av teiepliktige opplysingar frå andre forvaltningsorgan og helsepersonell er omfatta av teieplikta. Dette inneber at barneverntenesta må ha gyldig samtykke frå foreldra for å innhente opplysningane, jf. fvl. § 13 a nr. 1 eller ein lovheimel som gir unnatak frå teieplikta.

Barneverntenester har heimel til å pålegge mellom anna offentleg mynde å gi teiepliktige opplysningar i dei situasjonane som er skildra i bvl. § 6-4.

I følgje bvl. § 6-9 skal barneverntenesta gjennomføre undersøkingar så raskt saka krev, og seinast innan tre månader, eventuelt seks månader i særlege tilfelle.

Dokumentasjon

Det høyrer til god forvaltningsskikk å sørgje for tilstrekkeleg og etterretteleg dokumentasjon for å gjere greie for kva som er gjort i saka og grunngjevinga for dette. Dokumentasjonsplikta er også ein følgje av krav til styring og av kravet om forsvarlege tenester.

Både avgjerd om å gi hjelpetiltak og leggje bort ei sak etter undersøking er enkeltvedtak etter forvaltningslova, jf. bvl. § 6-1 andre ledd og § 4-3 sjette ledd. Dette inneber at vedtaket skal grunngjevast i samsvar med reglane i fvl. §§ 24 og 25. I tillegg skal det etter bvl. § 6-3a gå fram av vedtaket kva som er barnet sitt synspunkt, og kva vekt barnets si meining er tillagt. Korleis barnets beste er vurderte skal også gå fram av vedtaket.

Krav til styring og leiing

Kravet til leiing, organisering og styring er et viktig element i kommunen sitt ansvar for å gje forsvarlege tenester. Krava til internkontroll er regulert i kommunelova jf. bvl. § 2-1 andre ledd. Kommunelova § 25-1 slår fast at kommunen skal ha internkontroll med barneverntenestene sitt arbeid med undersøkingar. Målet med internkontrollen er å sikre at barnevernslova med tilhøyrande forskrifter sine krav til undersøkingar blir følgt. Kommunedirektøren er ansvarleg for internkontrollen.

I bvl. § 2-1 sjuande ledd går det fram at kommunen skal sørgje for at tilsette som gjennomfører undersøkingar i barneverntenesta har kompetanse til å utføre arbeidet forsvarleg. Kommunen har ansvaret for å gi nødvendig opplæring ved behov.

Kommunen må også kunne gjere greie for korleis den oppfyller krava til internkontroll. Internkontrollplikten inneberer at kommunen skal ha systematiske tiltak som sikrar at barnevernets aktivitetar planleggast, organiserast, uføres og vedlikehaldas i samsvar med de lov- og forskriftskrav som regulerer aktivitetane.

I kommunelova § 25-1 tredje ledd bokstav a til e stilles det krav til innhaldet i internkontrollen. Kommunen skal skaffe seg oversikt over, og følge med på, områder kor det er fare for svikt i tenestene eller at tenestene ikkje følger lov- og forskriftskrava. Kva for styringsaktiviteter som er nødvendige for å få oversikt vil variere avhengig av blant anna organisering og storleik på tenesta.

Det skal settast i verk tiltak slik at manglar i tenestene blir fanga opp. Kommunen skal utvikle, iverksette, kontrollere, evaluere og forbetre nødvendige prosedyrar, instruksar, rutinar eller andre tiltak for å avdekke, rette opp og forebygge feil og manglar i tenesta. Det er opp til kommunen å vurdere i kva grad det er behov for rutinar for å oppfylle lovkrava. Rutinar som ikkje er skriftlege, men som er klart kjent for tilsette, kan vere tilstrekkeleg.

3. Framstilling av faktagrunnlaget

Organisering

Sunnhordland Interkommunale Barnevern (SIB) er felles barnevernteneste for kommunane Stord, Fitjar og Bømlo. Dei tre kommunane har oppretta ei felles fageining for utøving og drift av barnevernstenesta. Samarbeidet er organisert som ei eining i Stord kommune. Stord kommune er vertskommune, Fitjar og Bømlo er samarbeidskommunar. Kommunane Stord (18 759), Bømlo (12 000) og Fitjar (3189) har til saman nær 34 000 innbyggarar. Stord kommune ved rådmannen har fått delegert all mynde (rettar og plikter) etter barnevernlova frå dei to andre kommunane. Leiargruppa består av rådmann, to kommunalsjefar, plansjef, økonomisjef, og personal- og organisasjonssjef. Kvar eining har definerte oppgåver, og einingsleiaren har vide fullmakter gjennom delegasjonsreglement og leiaravtalen.

Barnevernstenesta er ei av 19 einingar under kommunalsjef. Barnevernstenesta er organisert med einingsleiar, stadfortredar og seks lag/team med kvar sin lagleiar: Lag sped og små, lag barn, lag ungdom, lag omsorg, lag familierettleiing, og lag for kontorfag/merkantile funksjonar. Lag sped og små, lag barn og lag ungdom jobbar med undersøkingar, medan lag omsorg og familierettleiarane jobbar med tiltak. Lagleiar på sped og små, lagleiar barn og lagleiar ungdom, og mottaksansvarleg tek imot og behandlar meldingar.

Per 01.05.21 har barneverntenesta 29,5 stillingsheimlar, fordelt på 41 tilsette. Herav er 7,5 i leiargruppa og tre merkantile stillingar. Familierettleiarane er prosjektorganisert og finansiert over tiltaksbudsjettet. Laget består av 7,5 stilling inkludert lagleiar (i tillegg til dei 29,5 årsverka)

Tilsyn i fosterheim er og organisert som del av tenesta med to fast tilsette tilsynspersonar og ein merkantil ressurs. Det er om lag 15 fagstillingar knytt til arbeid med melding og undersøkingar. Einingsleiar har personalansvar, økonomisk ansvar, og ansvar for den faglege kvaliteten i arbeidet. Vedtak om tvang, hasteflyttingar og omfattande vedtak knytt til økonomi skal godkjennast av einingsleiar.

Einingsleiar har leiarmøte med lagleiarane minimum annan kvar veke. ofte kvar veke, der faste punkt som personalsituasjonen, gjennomgang av nøkkeltal, økonomi og gjennomgang av meldte avvik. Han har også månadlege individuelle rettleiing med lagleiarane. Frå 2017 tilsette tenesta fagleiar med ansvar for planlegging av kompetanseheving og implementering av ny kunnskap, og er saman med einingsleiar ansvarleg for fagutviklinga i tenesta. Fagleiar/lagleiar for familierettleiarane er også fungerande leiar i einingsleiar sitt fråvær.

Lagleiarane på laga spe og små, barn og ungdom har saman med mottaksansvarleg ansvar for å gjennomføre meldingsmøte to gonger i veka og å ha fortløpande kontakt med mottaksansvarleg om saker må bli vurdert før møtet. Dei skal prioritere undersøkingar etter alvorsgrad dersom det er naudsynt, og skal sjå til at det blir laga undersøkingsplan som er i tråd med meldingsgjennomgangen, og at undersøkinga blir starta opp etter prioritering. Det ligg og til lagleiarane å følgje med på nøkkeltal, og følgje med på at saker blir undersøkt innan frist. Lagleiarane har mynde til å godkjenne undersøkingsrapportar, vedtak om tiltak etter barnevernlova med unntak av vedtak om tvang, og vedtak om å leggje bort undersøkingar utan tiltak. I tillegg skal har lagleiarane ansvar for å gjennomføre felles drøfting i laget kvar veke og individuell rettleiing til kontaktpersonane i sitt lag anna kvar veke. Der blir nøkkeltal for undersøkingsarbeidet i kvar sak gått igjennom. I tillegg blir saker drøfta, vurdert og justert i lagmøte. Dette er saker som lagleiar eller kontaktpersonane ønskjer å få drøfta og vurdert saman med laget. Vurderingane frå lagmøte skal dokumenterast i barnets journal. Ved gjennomgang av saker ser vi at dette blir gjort.

Kontaktpersonane har ansvar for å gjennomføre undersøkingar i samsvar med meldingsvurdering og tenesta sine rutinar. Dei deltek i lagmøte kvar veke, personalmøte, og får saksrettleiing i fellesdrøftingar i lagmøtet og individuell rettleiing av lagleiar. I tillegg får dei tilsette rettleiing av ekstern psykolog.

I 2020 fekk barnevernstenesta 456 meldingar, og våren 2021 fekk barnevernstenesta 247 meldingar. Barnevernstenesta gjennomførte 293 undersøkingar i 2020, der 59% vart lagt vekk utan tiltak, og 127 undersøkingar våren 2021, der 57% av undersøkingane vart lagt vekk utan tiltak. I 9% av undersøkingane våren 2021 blei det brukt meir enn tre månader. Landsgjennomsnitt for meldingar som blir lagt bort er ca. 18-19 % og for undersøkingar som blir lagt bort ca. 60-62 %.

I samband med tilsynet har vi gjennomgått 22 saksmapper om vald, seksuelle overgrep, høg konflikt, og bekymring for foreldra sitt rusbruk og/eller psykiske lidingar.

Kompetanse

AIle i leiargruppa, kontaktpersonar og rettleiarar har bachelorgrad, og mange har ei eller fleire vidareutdanningar. Tenesta har eit tiltaksapparat med familierettleiarar, miljøterapeut og kontaktpersonar som har spesialkompetanse på ulike felt. I Frå 2017 blei det tilsett fagleiar med ansvar for planlegging av kompetanseheving og implementering av ny kunnskap.

Brukarinvolvering

Leiinga gjev uttrykk for at dei ønskjer fleire tilbakemeldingar frå foreldre og barn. Barnevernstenesta har ikkje gjennomført brukarundersøking sidan 2017. Dei tilsette som jobbar med undersøking innhentar erfaring i enkeltsaker, men ikkje systematisk.

Barnevernstenesta sitt arbeid med undersøkingar

Førebuing, planlegging og gjennomføring av undersøkinga

Tenesta har skriftleg rutine for mottak og registrering av meldingar, gjennomgang og vurdering av meldingar, og iverksetting av undersøkingar. All kontakt inn til tenesta som omhandlar drøfting av melding skal formidlast til mottaksansvarleg. Mottaksansvarleg tek imot munnlege meldingar og dokumenterer og registrerer dei i fagprogrammet. Ho er også tilgjengeleg for drøfting om nokon vurderer å melde bekymring og ønskjer å drøfte saka først. Mottaksansvarleg sjekkar dagleg innkomne meldingar. Alle meldingar blir vurdert fortløpande for å sikre at akutte saker blir handtert raskt. Dersom meldinga tilseier at det ikkje kan vente til neste mottaksmøte kallar mottaksansvarleg inn til ekstra mottaksmøte.

Skriftlege meldingar blir registrert i fagprogrammet av merkantil. I saker om vald og overgrep skal barnevernstenesta gjera ei vurdering av barnets tryggleik, om politiet må bli orientert, og korleis familien/barn skal bli kontakta.

Barnevernstenesta skal alltid dokumentera kva vurderingar som ligg til grunn for å opne undersøking, eller legge bort ei bekymringsmelding utan å undersøke. I intervju og mappegjennomgang går det fram at nye meldingar blir gjennomgått og vurdert i meldingsmøte to gonger i veka. Alvorsgrad og behov for bistand/kompetanse skal bli vurdert ved gjennomgang av bekymringsmeldinga. I møtet blir det sjekka om barnet eller familien er kjent for barnevernstenesta frå før og meldinga blir vurdert opp mot informasjon frå tidlegare. Mottaksansvarleg innhentar ved behov meir informasjon frå meldar, og avklarande informasjon som til dømes kvar barnet bur. Dei vurderer også om meldinga fører til bekymring for søsken. Det blir då registrert melding på kvar av søskena.

I saker der det er bekymring for vald eller seksuelle overgrep, blir det gjort vurdering av risiko. Føremålet er å sikre ei rask vurdering og avklaring for å sikre barnets tryggleik uansett kor barnet bur eller er.

Dersom meldinga blir vurdert til å vera akutt og ein vurderer å setja i verk tvangstiltak, blir einingsleiar kontakta. Dersom tenesta må rykke ut akutt, skal det alltid vere to tilsette saman. I desse sakene skal tenesta gjere ei vurdering av sikkerheit for barn og tilsette, og eventuelt setje i verk tiltak for dette. Til dømes bistand frå politiet.
I meldingsgjennomgangen blir vurderingar av hastegrad og om det er bekymring for at barnet blir utsett for vald dokumentert, og det blir gitt ei bestilling til kontaktpersonen om korleis undersøkinga bør starte opp. Til dømes at kontaktpersonen bør snakke med barnet før foreldra, eller om undersøkinga skal starte med umeld heimebesøk. Ved undersøkingar i familiar med fleire barn i ulik alder, blir det vurdert om det skal vere kontaktpersonar frå ulike lag. Barnevernstenesta brukar Klemetsrudmodellen eller delar av den i saker som gjeld mistanke om vald eller overgrep.

Alle undersøkingar skal starte opp i tråd med interne fristar:
Kategori 1: svært alvorleg, vesentleg skadelidande/akutt – oppstart snarast og innan 24 timar. Kategori 2: Alvorleg omsorgssvikt – oppstart seinast innan 10 dagar.
Kategori 3: Vurdering av behov for hjelpetiltak – oppstart seinast innan 21 dagar.
Kategori 4: Mindre alvorlege – oppstart seinast innan 4 veker, kan bli nedprioritert om anna ikkje er spesifisert.

Prioritering av hastekategori er utarbeida for å sikre at tenesta prioriterer riktig, for eksempel når en kontaktperson får flere undersøkingar så går det fram kva som skal prioriterast. Formålet er differensiering av alvor og hastegrad.

Alle sakene vi gjekk igjennom hadde skjema for meldingsgjennomgang, det det går fram at meldinga er vurdert opp mot aktuell bekymring, hastegrad, korleis saka skal starte opp, og informasjon frå tidlegare.

Det er bestemt at det skal lagast undersøkingsplan i alle undersøkingar. Planen skal vera eit verktøy for å sikra framdrift i forhold til fristar og informasjon til familien og andre samarbeidspartar om barnevernstenesta sitt arbeid. Det er kontaktpersonen som har ansvar for å starte undersøkinga i samsvar med fristane i meldingsgjennomgangsskjemaet, utarbeide undersøkingsplan, og å sørgje for at oppgåver blir utført i tråd med bekymringa og gjennomgang av meldinga, slik at barnets omsorgssituasjon blir avklart. Kontaktpersonen har og ansvar for at undersøkinga blir avslutta innan frist. Vi fekk i intervju vite at kontaktpersonane opplever skjema for meldingsgjennomgangen som ei tydeleg bestilling på kva som skal undersøkjast. Dei opplevde det lett å vite korleis dei skal innrette undersøkinga og i kva grad det hasta å kome i gang med undersøkinga. Kontaktpersonane var også tydlege på at dei les seg opp på tidlegare meldingar og informasjon om barnet og familien før dei utarbeider undersøkingsplanen. Samtidig med utarbeiding av undersøkingsplanen, legg kontaktpersonen inn avtalane i kalenderen sin for slik å sikre at dei har tid til å gjennomføre undersøkinga som planlagt.

I første samtale får foreldra informasjon om bekymringsmeldinga, undersøkingsplanen blir gjennomgått og det blir avtalt datoar for til dømes barnesamtale, heimebesøk, observasjonar, og oppsummeringssamtale med foreldra. Barnevernstenesta informerer og om kva for instansar dei ønskjer å innhente informasjon frå, og foreldra blir bedt om å samtykke til innhenting av informasjon. Vi fekk i intervju informasjon om at det er kontaktpersonen som vurder korleis familien skal bli orientert om undersøkinga. Dei fleste fortel at dei kontaktar familiane på telefon og tilbyr samtale hos barnevernstenesta same dag, eller på eit tidspunkt som passar familien. Kontaktpersonen ferdigstiller undersøkingsplanen etter samtalen med familien og oppdaterer eigen kalender med avtalane i tråd med planen.

Alle sakene vi gjekk gjennom hadde undersøkingsplan med oversikt over planlagt aktivitet i undersøkinga. I skriftleg rutine for gjennomføring av undersøking går det fram at tenesta skal gjennomføre ei midtvegsevaluering. Den skal avklare om det er noko meir som skal kartleggast, om undersøkinga må utvidast til å omfatte andre forhold og om det er grunnlag for å utvide fristen for undersøkinga.

Kontaktpersonen som har ansvar for undersøkinga drøftar midtvegsevalueringa i lagdrøft eller individuelt saman med lagleiar.

Kvar andre veke har lagleiar individuell rettleiing med kontaktpersonane, der alle sakene blir gjennomgått. Status i saka, fristar, framdrift i undersøkinga, kva barnet har fortalt og eventuelle utfordringar i arbeidet blir tatt opp her. Både tilsette og lagleiarar formidla i intervju at lagleiar er tilgjengeleg for kontaktpersonane om dei treng å drøfte eller avklare noko mellom oppsett rettleiingstid.

Kvar veke er det lagmøte, der nye undersøkingar blir fordelt og saker blir drøfta. Både kontaktpersonar og lagleiar kan ta opp saker i møtet. Vi fekk i intervju vite at dei tilsette opplevde lagdrøftinga som eit godt fora til å ta opp saker til drøfting, og at ein aldri sit åleine med avgjerder og vurderingar i sakene. Dei tilsette brukte også kvarandre om dei hadde behov for å drøfte ei sak eller for å sjekke ut med andre på kontoret med meir kompetanse på det aktuelle temaet.

Kontaktpersonen har ansvar for å halde lagleiar oppdatert på framdrift av undersøkinga. Ved mogleg fristbrot eller behov for å utvide undersøkinga, skal dette takast opp med lagleiar. Der det blir bestemt å utvide undersøkinga skal det skrivast brev med kortfatta og konkret framstilling av kva med saka som gjer undersøkinga særs omfattande og tidkrevjande. Kopi av brevet skal sendast Statsforvaltaren ved innsending av fristskjema for aktuell undersøking. Det skal meldast avvik ved fristbrot. Lagleiar etterspør framdrift i den individuelle drøftinga annankvar veke.

Statsforvaltaren har i perioden juli 2020 til juni 2021 motteke informasjon om at barnevernstenesta har utvida sju undersøkingar. Ingen av utvidingane er godkjente. Vi har ikkje motteke kopi av breva om utviding av fristen for desse undersøkingane.

I alle saker der bekymringa for eit barn aukar og det er behov for å vurdere hasteflytting eller å fremje sak for fylkesnemnda, blir det kalla inn til eit drøftingsmøte der kontaktperson, lagleiar og barnevernsleiar deltek. Det er barnevernsleiar som tek avgjerd om hasteflytting eller behov for tvangsvedtak, men han gjer det etter drøfting med lagleiar og kontaktperson som kjenner saka.

Barns rett til å medverke

Ein vesentleg del av informasjonsgrunnlaget i ei undersøking er samtalar med barn. I følgje barnevernstenesta sin rutine skal barn som hovudregel bli snakka med i undersøkinga. I saker der barn ikkje blir snakka med, skal det gå fram kva for vurderingar som ligg til grunn for dette og det skal dokumenterast i fagsystemet kvifor det er best å ikkje snakke med barnet. Gjennom barnesamtalen skal det skapast rom for at barnet si oppleving av eigen situasjon kjem fram. Barnet skal også få informasjon om undersøkinga og kva som er barnevernstenesta si oppgåve. I intervju går det fram at alle er kjent med dette.

I dei 22 sakene vi har gått igjennom er det dokumenter at det er gjennomført samtalar med barn om bekymringa og undersøkinga i 21 av 22 saker. Der det ikkje var snakka med barnet, gjekk det fram av dokumentasjonen at årsaka til dette var barnets alder. I dei aller fleste sakene var det snakka med barnet fleire gonger, både i starten av undersøkinga, undervegs og før konklusjon av undersøkinga. Samtalane er gjennomført med barnet åleine, eller saman med ein trygg person for barnet som lærar, helsesjukepleiar eller foreldra. Vi ser at barneverntenesta nokon gonger reiser på heimebesøk der formålet er å bli kjent med barnet og familien, og for å bidra til at dei ved neste møte kan snakke trygt når barnevernstenesta skal snakke med barnet om innhaldet i meldinga.

Saksgjennomgangen viser at barna får informasjon om kva bekymringsmeldinga inneheld, kva som er barnevernstenesta si oppgåve, kvifor barnevernstenesta ønskjer kontakt med barnet, føremålet med samtalen, og informasjon om kva barnet har sagt om bekymringa. Der barnet bekreftar innhaldet i meldinga, kan vi sjå at barnevernstenesta har brukt informasjonen frå barnet i det vidare arbeidet, og i oppsummeringa av saka. I fleire saker går det og fram at det er avklart med barnet korleis informasjonen frå barnet blir brukt, det er avklart med barnet kven som får vite kva barnet fortel, og eventuelt når informasjon frå samtalen med barnet blir delt med andre. Saksgjennomgangen viser at barnevernstenesta i dei fleste sakene har hatt kontakt med barnet gjennom heile undersøkinga. Det er likevel berre unntaksvis at barnevernstenesta ved avslutning av undersøkinga snakkar med barnet om kva dei meiner om tiltaka barnevernet forslår.

I intervju får vi forklart at tenesta har auka fokus på barnet si stemme, medverknad, det å møte barnet med kjærleik, samt vera bevisste språket i barnevernet. I 2018-2019 deltok heile tenesta i RVTS sitt kompetansehevingsprogram Avdekking- kva så? Ein del av programmet var at alle tilsette deltok i eigne grupper for opplæring i barnesamtalar. To tilsette fekk opplæring i å driva slike grupper vidare. Ei gruppe var i gong då Covid-19 kom, og vil starta opp att så snart det er mogleg.

I meldingsgjennomgangen vurderer meldingsmøtet om undersøkinga bør starte med samtale med barn, til dømes i undersøkingar om mistanke om vald og overgrep. Kontaktpersonen har ansvar for å vurdere korleis barnesamtalen skal gjennomførast på ein slik måte at barnet trygt kan fortelje om eigen situasjon. I saker der barnesamtalen kjem etter kontakt med foreldra, blir det ofte gjennomført heimebesøk for å møte barna og bli kjent, før det blir avtalt tidspunkt for barnesamtalen. Barnevernstenesta informerer barnet at det kan ha med seg ein tillitsperson i samtalen, til dømes kontaktlærar eller helsesjukepleiar.

Både kontaktpersonane og lagleiarane formidla i intervju at det skal gjennomførast barnesamtalar i alle undersøkingar, så mange samtalar som er nødvendig. Barnevernstenesta nyttar i nokre barnesamtalar mal for barnesamtale, der det går fram kva som er formålet med samtalen, kva som er snakka om i samtalen og barnevernstenestas vurderingar etter samtalen. I nokre saker som gjeld vald eller overgrep, går det også fram at barnevernstenesta har snakka med barnet om korleis informasjonen frå barnet blir brukt vidare i undersøkinga og kven barnevernstenesta kan dele informasjonen med. Barnet skal både få informasjon om bekymringa, og få uttale seg om eigen situasjon, få informasjon undervegs i undersøkinga og før konklusjon av undersøkinga.

Lagleiar spør kontaktpersonane om barnet er snakka med i undersøkinga, og kva barnet meiner om eigen situasjon. Barnets meining blir også etterspurt når saka blir drøfta i lagmøta, både av lagleiar og dei andre kontaktpersonane.

Informasjon til barn og foreldre og samtykke til å innhente informasjon i undersøkinga

Ein del av informasjonsgrunnlaget i ei undersøking, er informasjon frå instansar rundt barn og foreldre som til dømes helsestasjon, og skule. Ifølge kommunens rutinar for innhenting av informasjon skal barneverntenesta som hovudregel be foreldra om samtykke til innhenting av opplysningar. Då skal ein nytte skjema «samtykke til innhenting av informasjon». Dei skal informere om kven barnevernet vil kontakte og kva for opplysningar de vil be om. Videre skal foreldra informerast om at barnevernet kan innhente opplysningar ved pålegg. Der foreldra ikkje samtykker til informasjon, vil kontaktpersonen informere foreldra om at barnevernstenesta kan innhente informasjon utan samtykke frå foreldra, men at kontaktpersonen vil drøfte dette med lagleiar. Etter å ha drøfta med lagleiar og vurdert om det skal innhentast informasjon utan samtykke frå foreldra, vil kontaktpersonen informere foreldra om kva som er bestemt. I intervju fekk vi vite at foreldra stort sett alltid samtykker til innhenting av informasjon.

Tenesta har skriftleg rutine for fyrstegongs samtale i undersøkinga. Her går det fram at foreldra skal informerast om korleis barnevernet jobbar. Kva for informasjon foreldra faktisk får i samtalen er i nokon saker gjengjeve i journalnotat. Tenesta brukar i liten grad møtereferat. Frå intervju med de tilsette har vi opplysningar om at foreldra som regel får munnleg informasjon om saksgang og rettar, og at informasjonen som blir gitt er relevant og tilpassa den enkelte sak. Vi har også fått opplysningar om at tenesta ved behov bruker tolk.

I første samtale med foreldra går kontaktpersonen gjennom meldinga og gjev dei moglegheit til å kommentere innhaldet i meldinga. Kontaktpersonen skal også gje foreldra informasjon om rettigheiter, om korleis barnevernstenesta jobbar og gå gjennom undersøkingsplanen og avtale datoar. I samtalen blir det også gitt informasjon til foreldra om innhenting av informasjon frå andre, og foreldra gjev skriftleg eller munnleg samtykke til innhenting av informasjon frå aktuelle instansar. Vi fekk i intervju vite at kontaktpersonane informerer foreldre om kva instansar barnevernstenesta vurderer er aktuelle å innhente informasjon frå. Foreldra får også munnleg informasjon om kva barnevernstenesta vil innhente informasjon om, men det blir ikkje dokumentert.

I vår saksgjennomgang er det dokumentert at foreldra har fått informasjon om innhenting av opplysningar. Foreldra har i dei aller fleste sakene underteikna eit samtykkeskjema der dei har kryssa av på ei liste at barnevernstenesta til dømes kan innhenta opplysningar frå skule eller barnehage. Det går ikkje fram av samtykket kva for informasjon barnevernstenesta skal hente inn, eller om samtykket gjeld for ein avgrensa periode. I intervju får vi informasjon om at kontaktpersonen alltid snakkar med foreldre om kva det skal innhenta informasjon om, og at dette som regel blir dokumentert i journalnotat.

Gjennomgang av journalsystem bekreftar dette.

Vi har ikkje fått skriftleg rutine frå kommunen som gjer greie for kven som har ansvar å ta stilling til kven av foreldra som skal ha status som part i den enkelte undersøkinga, og sørge for at partane får informasjon om kva for rettar detter utløyser.

Saksgjennomgangen viser i nokon saker at den forelderen som barnet ikkje bur fast saman med blir inkludert i undersøkinga. I dei tilfella der samværsforelderen ikkje er inkludert i undersøkinga, er det ikkje grunngjeve og dokumentert kvifor. I intervju kom det fram ulike synspunkt på om ei undersøking alltid skal omfatte begge foreldre sine heimar for å avklare barnets omsorgssituasjon. Nokon meinte at innhaldet i meldinga var avgjerande, til dømes om meldinga handla om mors omsorgsevne så var det ikkje naudsynt å inkludere far i undersøkinga. Andre gav uttrykk for at ein alltid skulle informere og inkludere begge foreldra i undersøkinga.

Barn over 15 år har eigne partsrettar i barnevernets undersøking. I saksgjennomgangen fann vi ingen skriftlege samtykker frå barn, sjølv om både barnets alder og det bekymringa omhandla, tilsa at det kunne være nødvendig. Det kom fram av journalnotat at fleire var munnleg orientert om at det blei innhenta informasjon, og i intervju fekk vi forklart at barn fekk slik informasjon, men ikkje at det var rutine å spørje om samtykke.

Kontradiksjon – partanes rett til å uttale seg, gjere seg kjend med og eventuelt seie imot opplysningar

Praksis er at kontaktpersonen munnleg informerer og gjennomgår innkomen informasjon frå andre instansar med foreldra.

Barnevernet har innhenta opplysningar i alle sakene vi har gjennomgått. Det går ikkje fram at foreldre har fått tilsendt kopi av innhenta opplysningar undervegs i undersøkinga i nokon av dei 22 undersøkingane. Kontaktpersonane fortalde at det hender at de vidaresender innhenta opplysningar til foreldra om dei ber om det, eller at foreldra får med seg kopier i møter med barnevernet. Inntrykket er at praksis på dette området er variabel, men at foreldra i dei fleste sakene får informasjon om kva for tilbakemeldingar barnevernstenesta har fått frå andre. I nokon av sakene kan vi sjå av journalnotat at barnevernstenesta har gjennomgått innhenta opplysningar i møte med foreldra og at foreldra sine kommentarar til opplysningane er dokumentert.

Tilsette fortel at det ikkje blir sendt ut referat frå samtaler med foreldra. Saksgjennomgangen bekreftar dette. I saksutvalet på 22 saker finner vi ingen døme på at referat frå heimebesøk og samtaler er sendt ut til foreldra. Vi får forklart at opplysningar frå til dømes heimebesøk eller samtalar på kontoret blir dokumentert i journalnotat, og at foreldra får kopi av desse om dei ber om det. Vi får vite at dei sjeldan ber om dette. Vidare får vi informasjon om at foreldra blir innkalla til eit avsluttande møte for gjennomgang av undersøkingsrapporten der blant anna innhenta opplysningar blir gjennomgått, og dei får anledning til uttale seg. Frå intervju med tilsette får vi opplysningar om at det er lagt opp til at kontaktpersonen både skal ta initiativ til eit møte for å gjennomgå innhenta opplysningar med foreldra, og seinare ein oppsummeringssamtale der barneverntenesta legg fram sine vurderingar og evt. forslag til tiltak. Leiarar og kontaktpersonar meiner at foreldra på denne måten får anledning til å korrigere faktum i samtalar, i tillegg til at faktum går fram av undersøkingsrapporten.

Barneverntenesta har gjennomført møte for oppsummering og konklusjon i dei fleste sakene. Der det ikkje er gjennomført går det fram av journalnotat at det er fordi foreldra ikkje har ønska dette og har bedt om at undersøkingsrapporten og vedtaket blir sendt til dei. I vår saksgjennomgang er det saker der barnevernstenesta har dokumentert at barn har fått informasjon om barnevernstenesta sine vurderingar før undersøkinga blir avslutta. Det er likevel få saker der det går fram om barnet eller foreldra har uttalt seg om forslag til hjelpetiltak før undersøkinga er avslutta og om det eventuelt er tatt omsyn til familien sine meiningar.

Undersøkingar - prosessar knytt til avgjerder og vurderingar

Vi har gått igjennom 22 saksmapper knytt til undersøkingar om vald og overgrep.

I intervju får vi vite at leiinga arbeider for at midtvegsevaluering skal gjennomførast rutinemessig og meir systematisk enn i dag, altså at det alltid er eit stoppunkt midt i undersøkingar. Føremålet er å sikre at undersøkinga blir evaluert og justert i tråd med informasjonen i saka. I vår gjennomgang av saker ser vi at det er eit eller fleire stoppunkt i dei fleste undersøkingane. Justeringar av undersøkingar blir drøfta lagmøte eller med lagleiar, og det blir laga notat frå denne drøftinga som ligg i barnets journal. I desse notata går det til dømes fram informasjon om framdrifta i saka, korleis opplysningar blir vurdert og om det er behov for å innhente meir informasjon, eller om undersøkinga må justerast på annan måte.

I intervju får vi vite at barnefaglege vurderingar og avgjerder om undersøkinga skal vere forankra i lagmøte eller med lagleiar. Dersom det er grunn til å vurdere å fremme sak om omsorgsovertaking eller hasteavgjerder blir barnevernsleiar kopla på saka. Ut frå vår saksgjennomgang ser vi at kontaktperson følgjer opp og justerer arbeidet i undersøkingane i tråd med vurderingane som er gjort i lagmøte. Vi ser òg at det i dei fleste sakane er stoppunkt med foreldre og barn der dei får vite kva for informasjon barnevernstenesta har fått, og korleis denne blir vurdert. I fleire saker går det fram kva foreldre og nokre gonger barn meiner om informasjonen, og dette blir notert i saka. I dei fleste sakene er det tett oppfølging av både foreldre og barn, særleg i starten av undersøkinga.

I fleire saker blir det innhenta opplysningar som gir grunn til auka bekymring for barnet. Vi ser at dette i stor grad blir følgt opp i tråd med drøftingane i lagmøte. Det er kontaktpersonen som har ansvar for å dokumentere dette i den enkelte sak. I ei undersøkingssak kjem det inn nye bekymringar for barn som ikkje blir følgt opp og undersøkt sjølv om informasjonen er alvorleg. Dette er informasjon om at barnets omsorgsperson er mykje borte frå barnet, opptrer ustabilt og kan vere aggressiv. I denne saka kjem det inn fleire meldingar som ikkje blir følgt opp, men etter nokre månader kjem det inn bekymringsmelding og barnevernstenesta opnar ny undersøkingssak. Dette er om lag seks månader etter at saka blei lagt bort utan tiltak. Når ny undersøking blir iverksett på nytt blir barnets omsorgssituasjon og innhaldet i både den nye og dei tidlegare bekymringsmeldingane undersøkt og avklara, og barnet får tiltak frå barnevernstenesta.

Undersøkingar skal oppsummerast og ha ein forsvarleg konklusjon i samsvar med informasjonen i saka og barnets beste. I følgje barnevernstenesta sin rutine skal det lagast undersøkingsrapport i alle saker. Rapporten skal innehalde informasjon om meldinga, tidlegare kontakt med familien og vurderingar som blei gjort før konklusjon av meldinga. Vidare skal det gå fram i rapporten kva som er gjort undervegs i undersøkinga, kva barnet og foreldra meiner, informasjon frå andre og dei vurderingane barnevernstenesta gjer av barnets omsorgssituasjon ut frå bekymringa i meldinga. Det er kontaktpersonen som utarbeider undersøkingsrapporten, før den blir sendt til lagleiar for gjennomgang og kvalitetssikring. Det er kontaktpersonen som har ansvar for å gjennomgå rapporten med familien, og sende ut rapporten. Saksgjennomgangen viser at nesten alle sakene har sluttrapport, og i dei fleste går det fram kva for informasjon rapporten byggjer på og barnets mening går fram i vurdering og konklusjon. I nokre sluttrapportar er det gjort greie for tidlegare kontakt med familien, men informasjonen frå tidlegare kontakt bli i nokre få saker ikkje vurdert opp mot informasjonen og arbeidet i den nye undersøkinga. I desse sakene ser vi at tidlegare kontakt med familien ikkje er teke med i vurderinga av bekymringa og barnets noverande situasjon, sjølv om problematikk og bekymring i stor grad er den same. Døme på dette er ei sak der det tidlegare var alvorleg bekymring for foreldra sine rusvanskar, omsorgsutøving, sinneproblematikk og alvorlege psykiske vanskar. Når det blei opna ny undersøking i saka med same bekymring som tidlegare, går det ikkje fram om eller korleis dette er vurdert i oppstarten av saka. Det går i denne saka heller ikkje fram at det påverkar barnevernstenesta sine vurderingar knytt til risiko. Det går vidare fram at barnevernstenesta i denne saka foreslår same tiltak som før, utan at dette blir problematisert. Det betyr at det er informasjon i saka som skulle påverka vurderinga av alvoret for barnet ved gjennomgang av meldinga, i justering av undersøking undervegs i saka og i oppsummeringa. Det betyr at det i nokre saker ikkje er gjort vurderingar av om-, eller på kva måte informasjon frå tidlegare kan påverke barnets aktuelle situasjon, og at dette ikkje er fanga opp av leiinga. I dei fleste sakene blir undersøkingar gjennomført på ein måte som er tilpassa bekymringa og undersøkinga avklarar barns omsorgssituasjon. I fleire saker har det tidlegare vore undersøkingar om same tema, men vi ser at når barnevernstenesta undersøker saka på nytt i 2020 eller 2021blir barnets omsorgssituasjon avklara og tilpassa tiltak iverksett raskt.

Vi ser at barnevernstenesta i saker om vald og høg konflikt raskt går i gang og sikrar barn. Det blir gjort vurderingar knytt til framgangsmåte, det blir oppretta kontakt med politi, og vurdert og iverksett tryggingstiltak både før kontakt med familien, og etter at kontakt er etablert på bakgrunn av informasjonen barn og foreldre gir.

Vedtak om tiltak

Konklusjon på undersøkinga og vurderingar knytt til konklusjonen skal komme fram i vedtak om avslutning av undersøkinga. Det er gjort vedtak i alle sakene vi har gått igjennom. I fleire av vedtaka er det manglar ved at det ikkje går fram korleis informasjon om og frå barnet er vurdert opp mot annan informasjon. Dette gjeld også vurdering av barnets beste. Fleire av vedtaka mangla og informasjon om kva for hjelp barnet sjølv fortalde det hadde behov for. Når vi les undersøkingsrapportane finner vi informasjon om dette.

I intervju fekk vi vite at nokre kontaktpersonar går gjennom undersøkingsrapporten og vedtaket med foreldra før undersøkinga er ferdig stilt. Andre gonger sender dei ut vedtak og undersøkingsrapport i etterkant av at undersøkinga er ferdig. Men innhaldet i undersøkingsrapport og vedtak skal vere kjent for foreldra før undersøkinga blir konkludert, ved at kontaktpersonen har informert foreldra og gjennomgått kva som er gjort i undersøkinga og kva som er barnevernstenesta sine vurderingar og konklusjon. Vi fekk vite at det tidvis er utfordringar med å få skrive undersøkingsrapporten samtidig med vedtak og tiltaksplan, og at i nokre saker går det tid før undersøkingsrapporten og vedtak blir sendt til foreldra.

Informasjon om koronasituasjonen sin påverknad av arbeidet

Leiinga og dei tilsette fortel at dei har oppretthaldt tilnærma normal drift gjennom pandemien, sjølv om belastninga på dei tilsette har blitt større på grunn av smittevern. Det har vore tett kontakt med kommunelegen om smittevern og risikovurderingar knytt til tenester for barn og familiar.
Barnevernstenesta vurderte tidleg at det kunne få store konsekvensar for barn og familiar om tenesta ikkje var operative då mange av dei andre samarbeidspartane som skule og helsestasjon var stengt. I byrjinga var nokre tilsette på heimekontor, men tilsette i barnevernstenesta har stort sett jobba som normalt med nokre tilpassingar som til dømes heimekontor for nokre tilsette og bruk av digitale møter. Det er gjennomført heimebesøk, samvær og møter med barn og familiar. Deler av undersøkingsarbeidet har i periodar blitt påverka på grunn av andre tenester sine tiltak. Døme på dette er tilrettelegging av samtalar på skule eller barnehage, og å få svar på innhenting av opplysningar frå andre instansar til rett tid.

I saksgjennomgangen finner vi at aktivitet knytt til undersøkingane har blitt gjennomført til tross for pandemien, og at undersøkingane har blitt gjennomført, med nokon unntak, innanfor fristen på tre månader.

Kommunen gjennomførte ei kartlegging i juni 2021 knytt til verknader av pandemien for tilsette og brukarar av kommunen sine tenester og tilbod. Det viste seg at dei som har hatt det vanskeleg fekk det verre, og at dei som har det bra har hatt det greitt også under pandemien.

Statsforvaltaren sine samtalar med barn og foreldre

Som del av tilsynet har vi snakka med familiar der det er gjennomført undersøkingar i 2020 og 2021. Vi har snakka med to barn og foreldre til 14 barn. Familiane vi snakka med er ikkje valt ut frå dei same kriteria som saksmappene vi har gått igjennom.

Foreldra fortel at dei underteikna samtykke til å innhente informasjon, at dei veit kven det blei innhenta informasjon frå, men fleire gjev uttrykk for at dei ikkje veit kva det er innhenta informasjon om. Fleire fortel at dei ikkje har vist kva informasjon barneverntenesta har fått, eller korleis denne er forstått før etter at undersøkinga er konkludert. Fleire gav uttrykk for at dei ikkje fekk sjå undersøkingsrapporten før den var ferdig, og at dei ikkje fekk gi uttrykk for om informasjonen som var innhenta var rett forstått. Fleire gav uttrykk for at barnevernstenesta skulle ha sjekka ut om dei hadde forstått informasjonen rett, og fått foreldra sitt syn på informasjonen som var innhenta frå andre. Andre gav uttrykk for at dei fekk for lite informasjon undervegs i undersøkinga. Dei meinte at det var viktig at barnevernstenesta alltid sørger for tett dialog under heile undersøkinga, også der det ikkje er noko nytt i saka, slik at føresette ikkje treng å gå å lure på kva som skjer. Til dømes er det vist til at barnevernstenesta hadde utarbeida undersøkingsplan, men planen blei ikkje følgt. Fleire gjev uttrykk for at det har svekka tilliten til barnevernstenesta, at dei føler seg usikre, og at dei i ein periode mista litt kontrollen over eige liv.

Andre opplevde at barna ikkje fekk god informasjon om deira rettigheiter eller korleis barnet skulle delta i undersøkinga. Eit resultat av dette var at barnet ikkje ønska å delta, fordi barnet opplevde at barnevernstenesta ikkje brydde seg.

Andre fortel om undersøkinga som ei positiv oppleving, og at dei har fått god støtte og oppfølging frå barnevernstenesta. Døme på dette er foreldre som opplevde at dei urettmessig blei sendt til barnevernet, og at barnevernet raskt fekk avklart bekymringa. Eit barn fortel om god hjelp frå kontaktpersonen, og at det var trygt å snakke med barnevernstenesta om vanskelege tema. Eit anna døme er foreldre som opplever at barnevernstenesta gav god støtte i ein krevjande livssituasjon, dei kunne til dømes ringe dersom dei trengte råd og rettleiing. Vi fekk vite at fleire fekk god informasjon om kva som var gjort av arbeid i saka, dei blei informert om kven barnevernstenesta skulle snakke med, og dei fekk vite korleis barnevernstenesta vurderte informasjonen frå dei. Fleire foreldre fortalte at dei har fått tilbakemelding og referat frå barnevernstenesta, og barnevernstenesta i møte med alle involverte instansar hadde gitt ei oppsummering om planen videre/kva for hjelp foreldre og barn skulle få.

Leiinga si oppfølging og kontroll av arbeidet i undersøkingar - kvalitetssikring

Einingsleiar har det overordna ansvaret for kvaliteten i arbeidet med undersøkingar. Einingsleiar har kvar månad fast samhandling med kommunalsjef og rapporterer nøkkeltal. Nøkkeltal og informasjon om flytting av barn ut av heimen blir jamlege delt med samarbeidskommunane. Det er kommunalsjef som orienterer kommunestyret om barnevernstenesta, og som kallar inn einingsleiar ved behov.

Einingsleiar held seg oppdatert på kvalitet og framdrift i undersøkingane ved å få løypande oppdatering frå lagleiarane. Det er lagleiarane som følgjer med på nøkkeltal kvar veke, og lagleiarane rapporterer til einingsleiar. Ved fristbrot blir einingsleiar orientert, og lagleiar må forklara årsaka til fristbrotet.
Einingsleiar har faste møter med lagleiarane. Organiseringa til tenesta er valt for å redusera brot for barnet og familien til kontaktperson, gje lagleiarane betre tid til å rettleie sitt lag individuelt og samla, samt å spesialisere lag ved å auke kompetansen til spe- og små og ungdom.

Det er einingsleiar som tek avgjerd om hasteflytting eller behov for tvangsvedtak, etter drøfting med lagleiar og kontaktperson som kjenner saka.

Den enkelte kontaktpersonen tek viktige avgjerder på eiga hand, til dømes korleis forstå informasjonen frå samtale med barn, og kva informasjonen har å seie for det vidare arbeidet i undersøkinga. Dei skal også analysere informasjonen og sjå den i samanheng. Tilsette får hjelp til dette ved at dei har fast rettleiing både individuelt og i lagmøte, der kvar sak blir gjennomgått og diskutert. Vi får skildra at lagleiar er tett på kontaktpersonane, og at lagleiarane har faste treffpunkt der leiar deltek, også ved drøfting av saker. På den måten følger einingsleiar systematisk med på at kvaliteten i undersøkingane er i samsvar med lovkrav. Einingsleiar blir involvert i enkeltsaker om tvang, eller andre alvorlege eller komplekse saker. Desse skal avklarast og diskuterast med leiar. I tillegg tar barnevernsleiar stikkprøver, leser innimellom bekymringsmeldingar og følgjer med på nøkkeltal.

Leiinga er kjent med at dei i periodar ikkje har gjennomført undersøkinga innan frist og at undersøkingsrapportar og vedtak ikkje alltid er ferdig til rett tid. Leiinga har derfor utarbeida interne fristar med ulik prioritering av hastekategori for å sikre differensiering av alvor og hastegrad.

Gjennom intervju fekk vi vite at barnevernstenesta vurderer at dei må bli betre på analyse og vurderingar, og dei har bestemt å ha dette som fokusområde i arbeidet i tenestestøtte.

4. Vurdering av faktagrunnlaget opp mot aktuelt lovgrunnlag

Statsforvaltaren vurderer at barnevernstenesta avklarar meldingar innanfor frist på ei veke, og gjer naudsynte akuttvurderingar der det er aktuelt. Vidare finn vi det dokumentert at tidlegare kjennskap og informasjon om familien tas med i meldingsavklaringa samt vurderingar om søsken skal inkluderast i undersøkinga. I alle dei 22 gjennomgåtte sakene låg det meldingsavklaringsskjema. I skjema gjekk det fram kva som skulle undersøkast, og det samsvara med alvoret i meldinga.

På bakgrunn av den informasjonen som kom fram i tilsynet meiner vi at barnevernstenesta ved å følgje rutinen dei har for mottak og avklaring av melding, og oppstart av undersøkingar, arbeider på ein systematisk måte i planlegging og førebuing av undersøkingane.

Kategoriseringa mottaksteamet gjer ved overgang til undersøking gjev ei retning på oppstart av undersøkinga og ein minimumsstandard av kva for aktivitetar undersøkinga skal innehalde. Ved saker som gjeld vald og overgrep følger tenesta Klementsrudmodellen, der blant anna oppstart av undersøkinga er annleis enn i andre saker. Dette bidrar til at oppstarten av undersøkinga blir oversikteleg for foreldre og for barn. Vi meiner at barneverntenesta sitt arbeid er i tråd med kravet til forsvarlege tenester i barnevernslova, som krev at barnevernstenesta sitt arbeid skal vera systematisk.

Undersøkingar – innhenting av informasjon/faktagrunnlag

Målet med barnevernstenesta sine undersøkingar er å avklare barnets omsorgssituasjon opp mot bekymringa i saka innan rimeleg tid, slik at barnet blir sikra forsvarleg omsorg og riktig hjelp til rett tid. Statsforvaltaren vurderer at barnevernstenesta sine rutinar for kvalitetssikring og framdrift i undersøkinga samsvarar med tenesta sin praksis slik den blei skildra i intervjua og vi fant i vår saksgjennomgang. Dei tilsette er godt kjent med ansvarsdelinga og systematikken i undersøkinga og formålet med denne. I alle dei 22 saksmappene vi har gjennomgått er meldingsgjennomgangen journalført, og det er oppretta undersøkingsplan i alle sakene. Det går fram kva som skal undersøkast, og det er samsvar mellom meldingsgjennomgangen, undersøkingsplanen og gjennomføring av undersøkinga. I nokon saker ser vi likevel at framdrifta i sakene som tenesta sjølv har satt i kategori 2 – oppstart innan 10 dagar, kjem for seint i gang, sjølv om innhaldet er meldinga gjeld vald og barnets omsorgssituasjon ikkje er klarlagt. Vi ser at dette i nokon saker har ført til at undersøkingane har gått over frist, og i nokre få saker ser vi at kort tid har ført til at undersøkinga ikkje har hatt nødvendig omfang og framdrift for å sikre forsvarleg vurdering av barns omsorgssituasjon.
Vi meiner likevel at dette skjer unntaksvis, og at undersøkingar i hovudsak blir gjennomført systematisk og på en måte som avklarar barns omsorgssituasjon. Vi legg vekt på at aktivitetane i dei fleste sakene er tilpasse den aktuelle undersøkinga, til dømes kven det skal innhentast informasjon frå, gjennomføring av heimebesøk og observasjonar, og at informasjon blir følgt opp og vurdert undervegs. Det blir òg gjort nødvendige justeringar undervegs i undersøkingar. Vi ser at det blir snakka med barn i nesten alle undersøkingar, og at barn blir snakka med fleire gonger om det saka gjeld.

Tilsette som arbeider med undersøkingar må ha god kunnskap om dei grunnleggande krav til rettstryggleik for partane. Barnevernstenesta sine undersøkingar er eit område av stor betydning for folk si velferd og med stort rom for skjønn. Ivaretaking av rettstryggleiken er av den grunn særleg viktig, og det skal ikkje vere opp til tilfeldigheiter eller enkeltpersonar sin innsats at barn og vaksne får ivaretatt sine rettar. Vi har fått opplysningar om at foreldre får ivaretatt sin rett til kontradiksjon ved at informasjonen blir lagt fram i møter, blir munnleg formidla og at foreldra får kopi av opplysningane om dei ønskjer det.

Vi meiner tilsynet har vist at det ofte blir opp til den einskilde kontaktperson om og på kva måte foreldre får vite kva informasjon barnevernstenesta har, og dei får gitt sin vurdering tilbake til barnevernstenesta. Vi meiner leiinga i større grad må sikre at det er gode rutinar for dette, og at leiinga har rutinar for å følgje med på at praksis er i tråd med lovkrav. Til tross for at vi meiner dette er eit sårbart område, så har vår gjennomgang av saksmapper, samtaler med familiar og intervju av tilsette vist at foreldre i dei fleste sakene får ivaretatt sin rett til kontradiksjon i tråd med lovkrav slik at korrekt faktum blir lagt til grunn i den enkelte undersøking.

Det er ikkje eit krav at samtykke til å innhente informasjon skal vere skriftleg. Foreldra har i dei aller fleste sakene underteikna eit samtykkeskjema der dei har kryssa av på ei liste at barnevernstenesta til dømes kan innhenta opplysningar frå skule eller barnehage. Vi meiner at malen for samtykke til innhenting av opplysningar manglar informasjon om kva tenesta skal innhente opplysningar om, og for kva periode samtykke gjeld. Sjølv om det ikkje er eit lovkrav at samtykke skal vere skriftleg, meiner vi at når tenesta bruker skriftleg samtykke bør det også gå frå fram kva samtykke gjeld. Vår vurdering er likevel at tenesta sin praksis er i tråd lovkrav fordi det går fram av intervju og skriftlege referat frå samtalar med foreldre i dei fleste sakene, at dei får informasjon om kva for informasjon barnevernstenesta vil be om, og årsaka til dette. Vi ser òg at innhenta opplysningar blir sendt til foreldra om dei ber om det, eller foreldra får med seg kopiar i møte med barnevernet. Det er ikkje klart for alle kontaktpersonane om krav om innsyn også omfattar journalnotat.

Under tilsynet blei det ikkje lagt fram skriftleg rutine frå kommunen som gjer greie for kven som har ansvar å ta stilling til kven av foreldra som skal ha status som part i den enkelte undersøkinga, og sørge for at partane får informasjon om kva for rettar detter utløyser. Dette er særleg relevant når foreldre har del i foreldreansvaret, men ikkje bur samen med barnet. Foreldre som ikkje har foreldreansvar skal også informerast om undersøkinga, og få anledning til å gje opplysningar og komme med synspunkt.

I saksgjennongangen er det få saker der partsrettar er dokumentert. Vi fann også få saker der det var dokumentert at tenesta hadde sikra at alle barn over 15 år får ivareteke sine partsrettar i undersøkinga. Under dette om det blir innhenta samtykke frå barn over 15 år til innhenting av opplysningar.

Saksgjennomgangen viser at det varierer om foreldre som barnet ikkje bur med blir inkludert i undersøkinga. I dei tilfella der samværsforelderen ikkje er inkludert i undersøkinga, er det ikkje grunngjeve og dokumentert kva som ligg til grunn for dette. I intervju kom det fram ulike synspunkt på om ei undersøking alltid skal omfatte begge heimar eller om undersøkinga berre gjeld den barnet bur hos. Nokon meinte at innhaldet i meldinga var avgjerande, til dømes om meldinga handla om mors omsorgsevne så var det ikkje naudsynt å inkludere far i undersøkinga. Andre gav uttrykk for at ein alltid skulle informere og inkludere begge foreldra i undersøkinga. Vi meiner dette er eit sårbart område i tenesta sitt arbeid med undersøkingar, og leiinga må sørge for at partsrettar blir avklart og at undersøkingar blir innretta for å avklare barnets omsorgssituasjon samla, det vil si at undersøkingar inkluderer både den barnet bur hos og samværsforeldre.
Barn over 15 år har eigne partsrettar i barnevernets undersøking. I saksgjennomgangen fann vi ingen samtykker frå barn, sjølv om både barnets alder og det bekymringa omhandla, tilsa at det kunne være nødvendig.

Vi vurderer derfor at barnevernstenesta har eit forbetringspotensial i forhold til å sikre alle barn og foreldre får vurdert og konkludert på, om de er part i undersøkinga. Dei vil då få mogelegheit til å kunne gjera gjeldande partsrettar etter barnevernslova og forvaltningslova. Blant anna at ein part i en sak har rett til å gjera seg kjent med dokumenta i saka, rett til kontradiksjon og rett til å klage. Vi meiner at barnevernstenesta må bli betre på å aktivt ta stilling til kven som er part i saka. Dette bør også journalførast. Leiinga må sikre at alle i tenesta er kjent med dei partsrettane som følgjer av forvaltningslova.

Avgjerdsprosessar og vurderingar

I kravet til forsvarleg gjennomføring av undersøking, ligg blant anna at undersøkinga må omfatte alle relevante forhold og vere grundig nok til at barnevernstenesta kan vurdere kva som er barnet sitt behov for tiltak. Undersøkinga skal gjennomførast så raskt som nødvendig, og vere så omfattande som barnets situasjon krev. Gode og faglege vurderingar av barn sine behov i undersøkingsfasen er ein føresetnad for at barnevernstenesta skal kunne gje barnet forsvarleg hjelp. Det er naturleg at barnevernstenesta ved start av undersøkinga tek utgangspunkt i informasjonen i meldinga. Gjennom undersøkinga må barnevernstenesta vurdere og analysere informasjon de har, ta stilling til kva det er behov for å undersøke nærare, og om undersøkinga eventuelt må justerast ut frå informasjonen som kjem til undervegs. I saksgjennomgangen ser vi at barnevernstenesta i nokon saker undersøker same tema fleire gonger. Dette utgjer slik vi ser det ein risiko for at barns omsorgssituasjon i nokon saker ikkje blir avklara innan rimeleg tid. I fleire saker er det ikkje dokumentert at barnevernstenesta systematisk har gjennomgått den samla informasjonen dei har om barnet og familien og analysert til dømes om tiltaka som er satt inn er tilstrekkeleg for å ivareta barnets omsorgsbehov. I desse sakene ser vi likevel at barnevernstenesta ofte har hatt kontakt med familien mellom undersøkingane, og at det går fram av sakens dokumenter at det er bekymring for barnet, men at det av ulike årsaker ikkje har lukkast barnevernstenesta å få svart ut alle bekymringsforholda i den første undersøkinga.

Dette utgjer slik vi ser det ein risiko for at nokon av undersøkingane ikkje fangar opp vesentlege forhold som er av betydning for å forstå barns situasjon og behov.

Vi meiner at våre funn ikkje er teikn på systematisk svikt i tenesta, men ved at barnevernstenesta systematisk følgjer opp informasjon som kjem inn undervegs i saka, og ved at informasjon om familien frå tidlegare blir teke med i pågåande undersøkingar, sikrar tenesta at all tilgjengeleg informasjon om barnet kan bli analysert og vurdert forsvarleg. Vi ser at analyse og vurderingsarbeidet blir gjort i dei aller fleste sakene vi har gått igjennom, men vi er samde med tenesta sin eigen vurdering av at analysearbeidet bør bli meir systematisk.

Vår samla vurdering er at barnevernstenesta i dei fleste sakene avklarar barns omsorgssituasjon tilstrekkeleg godt, og får iverksett tiltak som er tilpassa barnet og familien sine behov innan rimeleg tid. Vi ser òg at barnevernstenesta i fleire saker setter inn tiltak i pågåande undersøkingar for å sikre barnet.

Dette kan til dømes vere umelde heimebesøk og/eller urinprøvar av foreldre. Vi meiner avgjerdsprosessar og vurderingar undervegs i arbeidet er i tråd med kravet til forsvarleg verksemd, og at praksis er i tråd med tenesta sine rutinar.

Barnes rett til medverknad og grunnlag for avgjerder

Barns rett til å medverke er ein grunnleggjande rett, og barns mening og syn på saka er avgjerande for å opplyse barnevernssaka godt nok. Tenesta har som rutine at kontaktpersonen snakkar med barn som ein del av undersøkinga. Dette blir bekrefta av saksgjennomgangen og intervju. Vi ser at barnevernstenesta gjennom å snakke med barnet om bekymringa og om sin situasjon, får den viktigaste kjelda til informasjon om barnets omsorgssituasjon, og dermed få eit tilstrekkeleg grunnlag for sine vurderingar.

Vidare ser vi i saksgjennomgangen at barnet blir snakka med fleire gonger, for at barn skal få tillit til barnevernstenesta, bli kjent med kontaktpersonen, forstå kva dei skal uttale seg om og kvifor informasjon frå dei er viktig. Vi ser at barnevernstenesta legg til rette for at samtalen med barnet blir gjennomført slik at barnet skal føle seg trygg, til dømes ved at foreldra eller lærar er til stades. Vidare ser vi at barnevernstenesta har snakka om sentrale tema/innhaldet i bekymringa med barnet, og at barnet i hovudsak blir snakka med kort tid etter til dømes ei alvorleg hending har skjedd. I nokon få saker er det også dokumentert at dei har fått informasjon om korleis informasjonen blir brukt og kven som får vite kva dei har fortalt. Vi oppmodar tenesta til å dokumentere dette i alle sakene, då det kan bidra til at barn får nødvendig tillit til å snakke fritt og trygt.

Vi meiner barnevernstenesta legg til rette for at barn får informasjon om bekymringa og barnevernstenesta sitt arbeid. Vi meiner òg at det i arbeidet blir lagt til rette for at barn skal bli trygge nok til å kunne uttale seg om sin situasjon til kontaktpersonen.

Barns rett til å medverke betyr at barns meining skal bli vurdert opp mot andre forhold før det blir gjort vedtak i saka. Barn skal bli orientert om arbeidet som blir gjort undervegs i undersøkingar, og få tilpassa informasjon om si sak.

Vi meiner på denne bakgrunn at tenesta sikrar medverknad, og får kunnskap om barnet til å gjere forsvarlege vurderingar av omsorgssituasjonen.

Barnets beste

På bakgrunn av at omsynet til barnets beste er avgjerande i barnevernssaker, er det plikt til å dokumentere barnets beste i barnevernstenestas avgjerder. Under dette skal barneverntenesta dokumentere barnets synspunkt og kva vekt synspunktet er tillagt.

Konklusjon på undersøkinga og vurderingar knytt til konklusjonen skal komme fram i vedtak om avslutning av undersøkinga. Det er gjort vedtak i alle sakene vi har gått igjennom. I fleire av vedtaka er det manglar ved at det ikkje går fram korleis informasjon om og frå barnet er vurdert opp mot annan informasjon. Dette gjeld også vurdering av barnets beste. Fleire av vedtaka mangla og informasjon om kva for hjelp barnet sjølv fortalde det hadde behov for. Når vi les undersøkingsrapportane og journalnotat finner vi informasjon om dette. Sjølv om dette er ein svakheit, meiner vi at det ikkje er av eit slikt omfang at det utgjer eit lovbrot. Vi forutset at barnevernstenesta jobbar med rettleiing og godkjenning av vedtak, slik at dei nemnte manglane blir retta opp.

Leiinga sin oppfølging og kontroll av arbeidet i undersøkingar

Vi vurderer at tenesta sin internkontroll er tydeleg. Tenesta si organisering er klar, og ansvars- og rapporteringslinene mellom einingsleiar og leiinga i kommunen, og mellom einingsleiar og lagleiarane/fagleiar og kontaktpersonane er tydeleg og satt i system med rutinar og regelmessige møter.

Vi meiner at leiinga på ein systematisk måte følgjer med på at undersøkingar blir gjennomført slik at barns omsorgssituasjon blir avklart innan rimeleg tid. Vi vurderer at leiinga følgjer med på at kvaliteten på undersøkingar er innanfor lovkrav, både når det gjeld framdrift, dokumentasjon, vurdering og konklusjon. Sjølv om vi har påpeika forbetringspunkt hos tenesta, meiner vi at barnevernstenesta sine rutinar på ein god måte skildrar kva som skal gjerast i dei ulike fasane av undersøkinga, og at det er gode nok system for å kontrollere og ha oversikt over at arbeidet blir forberedt og gjennomført på ein planmessig måte.

Kontaktpersonane og lagleiarane har treffpunkt for rettleiing og evaluering gjennom undersøkinga, og einingsleiar skal godkjenne vedtak om tvang. Einingsleiar har leiarmøte med lagleiarane annan kvar veke der faste punkt som personalsituasjonen, gjennomgang av nøkkeltal, økonomi og gjennomgang av meldte avvik.

Samsvar i intervjua med tilsette viser at rutinane, ansvarslinene, rapporteringslinene og avgjerdsmynde i forhold til undersøkingsarbeidet er kjent for dei tilsette og blir brukt i arbeidet. Vår gjennomgang av saksmappene er samstemt med den praksis dei tilsette fortalte om. Også politisk leiing blir haldt orientert om status i tenesta.

Grunna samsvar mellom skriftlege rutinar og intervju samanstilt med våre funn i saksgjennomgangen er vår vurdering at barnevernstenesta gjennom sin styring og leiing sikrar forsvarleg planlegging og gjennomføring av undersøkingar.

5. Statsforvaltarens konklusjon

Det vart ikkje avdekka lovbrot under tilsynet.

Endeleg rapport vert oversendt Statens helsetilsyn for publisering på www.helsetilsynet.no

 

Med helsing

Sjur Lehmann
fylkeslege

Vibeke Herskedal
seniorrådgjevar

Dokumentet er elektronisk godkjent


Vedlegg: Gjennomføring av tilsynet

I dette vedlegget omtaler vi korleis tilsynet vart gjennomført, og kven som deltok. Varsel om tilsynet vart sendt 17.08.2021.

Tilsynsbesøket blei gjennomført ved SIB, og innleia med eit kort informasjonsmøte 19.10.2021. Oppsummerande møte med gjennomgang av funn blei halde 21.10.2021. Ein del dokument blei tilsendt og gjennomgått på førehand, mens andre dokument blei overlevert og gjennomgått i løpet av tilsynsbesøket.

Følgjande dokument vart gjennomgått og vurderte som relevante for tilsynet:

  • Organisasjonskart for kommunen
  • Samarbeidsavtale for Sunnhordland Interkommunale barnevern
  • Organisasjonskart for barnevernstenesta
  • Oversikt over tilsette, utdanning og lagsamansetjing
  • Ansvars- og oppgåvefordeling i SIB – barnevernsleiar, fagleiar, lagleiar, og kontaktpersonar
  • Kompetanseplan for Sunnhordland Interkommunale barnevernsteneste 2020-2021
  • Rutine/mal barnesamtale
  • Klementsrudarbeid – erfaringsbasert metode for barnevernstenesta sitt arbeid med vald i nære relasjonar
  • Rutine/mal gjennomgang melding
  • Rutine/mal undersøkingsrapport
  • Rutine Mottak og registrering av melding
  • Rutine Gjennomgang og vurdering av melding
  • Rutine Tilbakemelding til meldar
  • Rutine Iverksetting av undersøking
  • Rutine Gjennomføring av undersøking
  • Rutine Fyrstesamtale
  • Rutine Innhenting av informasjon
  • Rutine Utviding av frist ved undersøking
  • Rutine Konklusjon av undersøking
  • Prosedyre Undersøkingsrapport
  • Sjekkliste for arbeid med undersøkingar
  • Prosedyre Interne fristar
  • Prosedyre Melde til politiet ved alvorlege brotsverk
  • Handlingsplan mot vald og overgrep 2020-2024
  • Oversikt over meldingar
  • Oversikt over undersøkingar
  • Kontaktinformasjon til barn og foreldre for intervju

Det vart valt 22 mapper etter følgjande kriteria:
Undersøkingar gjennomført i perioden frå 1. august 2021 til 31. juli 2021. Undersøkingane vi har vald ut er saker der det er bekymring for at barn er utsett for alvorleg omsorgssvikt, vald eller seksuelle overgrep.

I tabellen under gir vi eit oversyn over kven som vart intervjua, og kven som deltok på oppsummerande møte ved tilsynsbesøket:

Ikkje publisert her.

Vi har i samband med tilsynet intervjua to barn og ti foreldre/foreldrepar.

Desse deltok frå tilsynsmyndigheita:

  • seniorrådgjevar, Vibeke Herskedal, Statsforvaltaren i Vestland, revisjonsleiar
  • seniorrådgjevar, Eva Ekblom, Statsforvaltaren i Vestland, revisor
  • seniorrådgjevar, Gunn Randi Bjørnevoll, Statsforvaltaren i Vestland, revisor

Alle tilsynsrapporter fra dette landsomfattende tilsynet

2020–2021 Undersøkelser i barnevernet

Søk