Hopp til hovedinnhold

Hovedmeny

Historisk arkiv Dette innholdet er arkivert og vil ikke bli oppdatert.

Det er utan tvil slik at ein del helsepersonell fryktar at Statens helsetilsyn skal gje dei ei åtvaring for uønskte hendingar som dei har kome borti gjennom arbeidet sitt, seier fungerande direktør Geir Sverre Braut i Statens helsetilsyn. Men denne frykta er ganske grunnlaus, seier han. Vi har nett gått gjennom 3500 meldingar for ein to års periode. Då fann vi at dei hendingane som låg til grunn for desse meldingane berre var knytte til saker der det blei gitt åtvaring i fem saker. (Sjå også  Meldinger gir få reaksjoner mot helsepersonell. Nyhet fra Statens helsetilsyn 12.5.2009)

Dei fleste av dei sakene som gav grunnlag for formelle reaksjonar kom til Statens helsetilsyn også gjennom pasientklagar og andre kanalar enn dei lovpålagde meldingane. Dei ville såleis ha blitt behandla hjå oss i alle fall, seier Braut.


Braut meiner at viljen til å melde frå om uønskte hendingar i grunnen handlar om den tilliten som folk flest har til helsetenesta. Dersom helsetenesta ikkje maktar å stå fram med svikt og manglar, er ho vel knapt folkets tillit verdig, seier han. Det er også vesentleg å nytte slike meldingar i det jamne utviklingsarbeidet i alle verksemder.


Den kontakten som Statens helsetilsyn har med helsepersonell tyder dessutan på at det ikkje først og fremst er frykta for reaksjonar frå tilsynsetaten som er skremmande. Vel så mykje handlar det om ei uro for kva kollegaer og leiarar vil seie, og korleis ei eventuell hending vil bli framstilt i media.


Det er også verdt å merke seg at dei meldingane som skal sendast til Statens helsetilsyn ikkje treng ha opplysningar om namn på pasienten eller helsepersonellet. Derimot er det vesentleg at pasienten sjølv blir informert om hendinga og at dette blir ført i journalen.

13.7.2009