Hopp til hovedinnhold

Hovedmeny

Historisk arkiv Dette innholdet er arkivert og vil ikke bli oppdatert.

Statens helsetilsyn har dei seinare åra arbeidd ein del med å systematisere bruken av tilgjengelege kvantitative og kvalitative data for tilsynsformål. Ikkje minst er det knytt store utfordringar både av metodisk og kapasitetsmessig art til bruken av statistiske opplysningar i dette arbeidet.

Jamleg blir det samla inn store mengder kvantitative data frå driftseiningane i sosial- og helsetenesta. Dette er data som i det vesentlege dels blir brukte til å framstille nasjonale oversikter og dels til samanlikningar innanfor særlege område mellom ulike mindre einingar som til dømes kommunane. I langt mindre grad har ein fram til no kopla opplysningar frå ulike datasett med sikte på å framstille risikobilete og gjere vurderingar av sårbare område og forhold der ein kan sjå for seg mogeleg svikt i tenesteytinga.

Denne rapporten viser nokre praktiske døme på korleis ein kan nytte offentleg publisert statistikk til å lage seg slike risikobilete og gjere vurderingar av sårbare område på lokalt og regionalt nivå. Rapporten byggjer på ei metodisk tilnærming utvikla av assisterande fylkeslege Torleiv Robberstad i Rogaland.

Statens helsetilsyn ønskjer gjennom publiseringa av denne rapporten å medverke til at dei erfaringane som er gjort i dette arbeidet også kjem andre til del.

Rapporten legg vekt på forhold knytte til kommunal tenesteyting. Vi trur difor også at rapporten kan vere til nytte for kommunane når dei skal følgje opp pliktene sine etter § 1-4 i kommunehelsetenestelova.

Avslutningsvis vil vi peike på det rikhaldige materialet som ein kan finne som utgangspunkt for slikt arbeid på nettsidene til Folkehelsa, sjå: FHI/Kommunehelsa.

Torleiv Robberstad: Helse- og omsorgsstatistikk - eit verktøy for områdeovervaking. Pdf. Rapport fra Helsetilsynet 2/2009