Hopp til hovedinnhold

Hovedmeny

Historisk arkiv Dette innholdet er arkivert og vil ikke bli oppdatert.

Kommunene skal føre tilsyn med verksemder som kan virke inn på helsa til befolkninga. Helsetilsynet er oppteken av at kommunane må bli betre til å føre tilsyn, og arbeider aktivt for å få eit betre kommunalt tilsyn innan miljø og helse. Dette blir stadig viktigare, etter kvart som kommunane får fleire oppgåver på området.

Den opplæringa og dei utredningane som kommunane tidlegare har fått om tilsyn med miljø og helse har i stor grad vore utvikla for tilsyn med store verksemder. Det har vore ein etterspurnad etter "verktøy" som òg kan nyttast i tilsynet med miljø og helse knytt til mindre verksemder.

Ei samling av slike verktøy er no tilgjengeleg gjennom utredninga "Kommunenes tilsyn med miljø og helse: Tilsyn med små virksomheter" (IK-2736) frå Helsetilsynet.
Det er stadig nødvendig å utvikle fleire metodar og innhente fleire erfaringar frå arbeidet med internkontroll, tilsyn og kvalitetsutvikling innan miljøretta helsevern. Dette arbeidet vil difor halde fram.

For meir informasjon: rådgjevar Øystein Peder Solevåg