Hopp til hovedinnhold

Hovedmeny

Historisk arkiv Dette innholdet er arkivert og vil ikke bli oppdatert.

Helsedirektøren legg i dag fram Tilsynsmelding 2003. Den viser at sosial- og helsetenestene på mange område ikkje er gode nok:

Dei som eig og driv tenestene er for dårlege til sjølve å ta lærdom av eigne feil. Diverre er dette ein viktig årsak til at sosial- og helsetenestene er uforsvarlege på enkelte område, seier Lars E. Hanssen.

Statens helsetilsyn gjennomførde i 2003 to landsomfattande tilsyn med helsetenesta; eitt tilsyn med situasjonen for dei sjukaste pasientane i psykiatrien og eitt med pasientane sine rettar ved dei somatiske poliklinikkane: 
    – Situasjonen for dei aller sjukaste pasientane i psykiatrien, dei som forsøker å ta sitt eige liv og dei som er psykotiske, er beint fram forstemmande og uverdig. Samarbeidet mellom dei som skal behandle pasientane sviktar; pasientane får ikkje sin eigen plan for kva som skal skje med dei framover; og fastlegane får ofte ikkje vite i tide kva som har skjedd når pasientane har vore innlagde på sjukehus. Dette må dei som eig tenestene no snarast rydde opp i, seier helsedirektør Lars E. Hanssen. Også på dei somatiske poliklinikkane er det langt fram:
    – Dei fleste tilvisingane blir heldigvis vurdert innan fristen som er 30 dagar, men pasientane blir ikkje delt inn i ei gruppe som har rett til behandling og ei gruppe som ikkje har rett til behandling, slik lova krev. Dermed veit ikkje pasientane kva for rettar dei har, og sjukehusa manglar viktig informasjon for å prioritera ressursane på rett vis, seier Hanssen.

Mindre tvang og makt
Av dei positive trekka, er at bruken av makt og tvang overfor psykisk utviklingshemma i kommunane i dei fleste tilfella er i samsvar med lovlege vedtak.
    – Rapportar frå fylkesmennene, som Statens helsetilsyn har gått gjennom, tyder på at det er ei positiv utvikling når det gjeld bruken av makt og tvang, seier Hanssen.
Tilsynsmeldinga viser og at 17 behandlarar mista autorisasjonane sine grunna seksuelle overgrep mot pasientar. Og tannhelsetilbodet til menneske som har krav på eit tilbod frå det offentlege, er mange stader langt frå godt nok: 
    – Berre 31 prosent av eldre, langtidssjuke og uføre som får heimesjukepleie blir behandla av offentleg tannhelseteneste. Eg er redd mange ikkje får det tilbodet dei burde få, seier helsedirektør Lars E. Hanssen.

Tilsynsmelding 2003 (pdf)