Hopp til hovedinnhold

Hovedmeny

Historisk arkiv Dette innholdet er arkivert og vil ikke bli oppdatert.

Berre cirka 2/3 av landet sine kommunar har ferdige smittevernplanar slik smittevernlova frå 1994 pålegg. Nå sender Helsetilsynet rundskriv til alle kommunane og ber dei styrke smittevernet.

- Det er fleire eksempel på mangelfullt smittevernarbeid, mellom anna i samanheng med behandling og oppsporing av tuberkulose. Det kommunale smittevernarbeidet må tilpassast dagens smittesituasjon og styrkjast, seier helsedirektør Lars E. Hanssen.

Smittesituasjonen er dei siste åra blitt endra: Gode antibiotika, saman med nye og effektive vaksinar, gav grunnlag for optimisme på 1950 og -60 talet. Mange trudde at kampen mot dei smittsame sjukdomane var vunne. Slik har det ikkje gått. Nye sjukdomar som aids og Creutzfeldt-Jakobs sjukdom skaper frykt. Andre sjukdomar har vist sterk auke i Noreg. Eksempel er hepatitt A, B og C, samt sjukdommar av Salmonella og Campylobacter. Velkjende sjukdomar har endra karakter, og bakteriar har utvikla resistens mot antibiotika. Risikoen for global smittespreiing aukar ved at verda blir mindre gjennom auka reiseverksemd, internasjonal omsetning av næringsmiddel, innvandring og mange asylsøkjarar.

Lenke til rundskriv IK-4/2001

For meir informasjon: fagsjef Grete Larsen