Hopp til hovedinnhold

Hovedmeny

Historisk arkiv Dette innholdet er arkivert og vil ikke bli oppdatert.

Bilde av forsiden

Mytar og anekdotar eller realitetar? Barn med tiltak frå barnevernet og tenester frå psykisk helsevern for barn og unge. Ei kunnskapsoppsummering

PDF

Psykisk helsevern til barn under barnevernet – grunn til uro?

Artikkel fra Tilsynsmelding 2011
PDF

Er det slik at barn med tiltak frå barnevernet har vanskelegare tilgang til psykisk helsevern enn andre barn og unge? Statens helsetilsyn ønskjer med denne r apporten å oppsummere kunnskap frå statistikk, forsking, utgreiingar og tilsyns-erfaringar for å belyse om barn med tiltak frå barnevernet får dei tenestene frå psykisk helsevern for barn og unge (PHBU) dei treng og har rett til. Er det slik at dei blir avviste i større grad enn andre barn og unge, eller er tenestetilbodet dei får, mangelfullt?

Det har dei siste åra vore ein auke både i talet på barn som mottek tiltak frå barne-vernet, og talet på barn og unge som mottek tenester frå PHBU. Aktivitetsdata for PHBU tyder på at delen barn som også mottek tiltak frå barnevernet, har vore stabil rundt 17 prosent i perioden 2002–2010.

Rapporten viser eksempel på barn, unge og deira føresette som kjenner seg avviste av anten barnevernstenesta eller PHBU, eller av begge tenestene.

Vi har påvist store kunnskapshol på området. Men med bakgrunn i den kunnskapen vi har oppsummert, kan vi ikkje konkludere med at barn med tiltak frå barnevernet systematisk har dårlegare tilgang til PHBU enn andre barn og unge.