Hopp til hovedinnhold

Hovedmeny

Historisk arkiv Dette innholdet er arkivert og vil ikke bli oppdatert.

Bilde av forsiden

Meldesentralen – årsrapport 2004

Rapport fra Helsetilsynet 5/2006
PDF

For 2004 er det registrert 2056 hendingar som utløyste meldeplikta til Helsetilsynet i fylket etter § 3–3 i spesialisthelsetenestelova (registrert per 1. desember 2005).

Talet på meldingar har auka med 51 prosent i perioden frå 2001 til 2004.

Om lag ein tredjedel av meldingane gjeld betydeleg personskade, mens over halvparten av meldingane gjeld forhold som kunne ha ført til betydeleg personskade.

Det er registrert 176 meldingar om unaturleg dødsfall. I 40 prosent av desse meldingane er det registrert at dødsfall skjedde når det blei gitt helsehjelp, og i 41 prosent er dødsfallet registrert som følgje av sjølvpåførte skadar.

Ein fjerdedel av alle meldingane gjeld hendingar der årsaksforholdet er feil ved bruk av legemiddel.

I 43 prosent av meldingane er det registrert at pasienten blei informert om skaden, og i 10 prosent er det registrert at pasienten blei informert om Norsk Pasientskadeerstatning.

Statens helsetilsyn ser det som positivt at talet på meldingar har auka. Likevel er det framleis slik at mange meldepliktige hendingar ikkje blir melde. Ein føresetnad for godt tryggleiksarbeid er å vere open om uønskte hendingar, skadar og nesten-uhell og drive systematisk arbeid med informasjon om desse. Dette krev at meldekulturen er god, og at leiinga fokuserer på og etterspør det systematiske arbeidet.

Data frå Meldesentralen må tolkast varsamt på grunn av feilkjeldene. Trass i avgrensingane meiner vi likevel at meldingane gir nyttig informasjon som kan brukast i arbeidet med kvalitetsforbetring i og tilsyn med spesialisthelsetenesta.