Hopp til hovedinnhold

Hovedmeny

Historisk arkiv Dette innholdet er arkivert og vil ikke bli oppdatert.

Bilde av forsiden

Ikkje likeverdige habiliteringstenester til barn

Rapport fra Helsetilsynet 4/2007
PDF

Habiliteringstjenester til barn. Styrende dokument. Veileder for landsomfattende tilsyn 2006

PDF

Ikke likeverdige habiliteringstjenester til barn

Artikkel fra Tilsynsmelding 2006
PDF

Fylkesmennene og Helsetilsynet i fylka gjennomførte tilsyn med kommunale sosial- og helsetenester og einingar for barnehabilitering i spesialisthelsetenesta. Det blei undersøkt om verksemdene sikra at barn i alderen 0 – 18 år med medfødde, tidleg manifesterte og tidleg erverva nevrologiske tilstandar eller skadar i nervesystemet, blei fanga opp og fekk individuelt tilrettelagde og koordinerte tenester. Tilsyna blei gjennomført i 40 kommunar og 21 einingar for barnehabilitering.

Helsetilsynet meiner at tilsynet har avdekt at tenestene varierar til dels svært mykje og ikkje er likeverdige for målgruppa som har behov for habilitering. Det er for store forskjellar i tilboda i og mellom kommunar og spesialisthelsetenestene til at dette kan fortsetje.

I nær tre fjerdedelar av kommunane blei det avdekt manglar i rutinar og tiltak som skal sikre koordinert planlegging og regelmessig oppfølging av habiliteringstenester i samarbeid med barn og foreldre. Samla oversikt over behov og tiltak var mangelfull, og i praksis hadde ofte foreldra den koordinerande rolla. Om fastlege blei involvert i planlegging og evaluering av habiliteringstiltak varierte. Nær halvparten av kommunane hadde ikkje koordinerande eining, eller det var uklart kva oppgåver eininga skulle ha. Avlastingstilboda var ikkje individuelt tilpassa og/eller marginale i vel ein tredjedel av kommunane.

Enkelte barnehabiliteringstenester kunne ikkje gje så mykje rettleiing som nødvendig, og to tredjedelar av dei sikra ikkje at arbeid med individuell plan blei sett i gang. Ein tredjedel heldt ikkje fristen for å vurdere tilvisingar innan 30 verkedagar og behandlingsfristar som var sett. Måten resultat og tilrådingar om vidare tiltak etter førstegongs utgreiing blei formidla tilbake til relevante kommunale deltenester varierte. Mange stader fekk fastlege berre unntaksvis rapportar frå barnehabiliteringstenesta når andre hadde tilvist barna. Nokre stader kunne spesialisthelsetenestene ikkje gje eit så omfattande tilbod som dei unge vaksne hadde behov for, og som dei tidlegare hadde fått frå barnehabiliteringstenesta.