Hopp til hovedinnhold

Hovedmeny

Historisk arkiv Dette innholdet er arkivert og vil ikke bli oppdatert.

Samandrag

Rapporten omtaler funn innan dei områda tilsynet med Tysnes kommune 19.-20. september 2016 var avgrensa til. Rapporten gir difor ikkje ei  fullstendig framstilling av tenestene.

Vi undersøkte om kommunen ved systematisk styring og leiing har lagt til rette for og følgjer med på at personar 18 år og eldre med samtidig rus og psykisk liding får forsvarlege helse- og sosiale tenester.

Ved tilsynet blei det ikkje avdekt brot på krav i helse- og omsorgs- og sosiallovgjevinga. Det er få tilsette i tenestene tilsynet omfatta, psykisk helse og sosial. Tenestene er sårbare i høve til å dekkje behov og motivere til endring, særleg i periodar der fleire tenestemottakarar treng tett oppfølging. Leiinga er kjent med utfordringane tenestene har.

Vår vurdering av styringssystemet går fram av kapittel 6.

Tilsynet er avslutta.

Dato: 23.9.2016

Anne Grete Robøle
revisjonsleiar 

Øystein Breirem Jacobsen
revisor

 

1. Innleiing

Fylkesmannen i Hordaland har fullmakt til å føre tilsyn med helse- og omsorgstenester etter lov om statlig tilsyn med helse- og omsorgstjenesten § 2 og med sosiale tenester etter lov om sosiale tenester i Nav § 9.

Rapporten er utarbeidd etter tilsyn med Tysnes kommune.

Formålet med tilsynet er å vurdere om kommunen ved si styring (interkontroll) sikrar at krav i lovgjevinga blir etterlevde. Ved tilsynet undersøkte vi

  • kva tiltak kommunen har for å avdekkje, rette opp og førebyggje brot på lovgivinga innanfor dei tema tilsynet omfattar
  • om tiltaka blir følgde opp i praksis og om nødvendig korrigerte
  • om tiltaka er gode nok for å sikre at lovgjevinga blir følgd

Tilsynet blei utført som systemrevisjon. Ein systemrevisjon blir gjennomført ved å granske dokument, ved intervju og andre undersøkingar.

Rapporten handlar om funn ved tilsynet og gir derfor inga fullstendig tilstandsvurdering av det arbeidet kommunen har gjort innanfor dei områda som tilsynet omfatta.

  • Avvik dreier seg om at krav som er gitt i eller i tråd med lov eller forskrift, ikkje er oppfylte.

2. Omtale av verksemda

Tysnes kommune har om lag 2800 innbyggjarar. Einingsleiarane for helse, NAV og pleie- og omsorg rapporterer til helse- og sosialsjef som er med i kommunens strategiske leiarteam.

Kommunen har for kort tid sidan gjort nokre organisatoriske endringar, mellom anna er helsestasjons- og skulehelsetenesta overført til oppvekst. Kommuneoverlege leier helseeininga. Arbeid med avklare ansvarsforhold mellom einingar og leiarar pågår.

I helseeininga inngår legekontor, legevakt, samfunnsmedisin, fysioterapi og psykisk helse. NAV omfattar NAV stat og NAV kommune, sosialtenester, gjeldsrettleiing, bustad flyktningetenesta og rus. Det er få tilsette i psykisk helse og NAV kommune.

Tenestene er personavhengige og sårbare, spesielt i periodar når fleire tenestemottakar har behov for omfattande og nær oppfølging. Det innverkar på tilbodet til andre tenestemottakarar og det langsiktige arbeidet med motivasjon og endring. Strategisk leiing er kjent med og vurderer tiltak for å redusere sårbarheit.

Tysnes kommune nyttar BrukerPlan for kartlegging av omfang og type rusmiddelmisbruk. Frå 2015 omfattar kartlegginga også personar med kjent psykisk helseproblem utan rusproblem.

Informasjon ved tilsynet tilseier at resultat frå kartlegginga blir lite brukt, til dømes i samband med planlegging av tenester.

3. Gjennomføring

Tilsynet omfatta følgjande aktivitetar:
Melding om tilsyn blei sendt 25. juni 2016.
Opningsmøte blei halde 19. september
Intervju: Sju personar blei intervjua.
Samtale med tenestemottakar: Fire var invitert til samtale. Ein deltok.
Stikkprøver: 10 journalar.
Sluttmøte blei halde 20. september.

Oversikt over deltakarar ved tilsynet, dokument som vi fekk tilsendt på førehand og dokument som blei gjennomgått under tilsynet, er gitt i kapittel 8.

4. Kva tilsynet omfatta

Vi har undersøkt om kommunen ved systematisk styring og leiing har lagt til rette for, følgjer med på og om nødvendig gjennomfører endringar slik at personar 18 år og eldre med samtidig rus og psykisk liding får forsvarlege helse og sosiale tenester og at krav i lov og forskrift blir etterlevd. Tilsynet var avgrensa til psykisk helse og sosiale tenester og

  • samarbeid med spesialisthelsetenesta i samband med planlegging for og mottak av pasientar som blir skrivne ut og treng kommunale tenester etter utskriving
  • utgreiing av behov og tildeling av tenester til dei som søkjer om kommunale tenester
  • iverksetting, evaluering og tilpassing av tenester til behov

Brukarmedverknad, ivaretaking av barn til personar i målgruppa og samarbeid og koordinering av tenester er gjennomgåande tema. Tilsynet omfatta ikkje verksemda til fastlegane og spesialisthelsetenesta.

5. Funn

Innan dei områda tilsynet omfatta blei det ikkje avdekt forhold i strid med krav i helse- og omsorg- og sosiallovgjevinga.

6. Vurdering av styringssystemet

Psykisk helse og sosiale tenester har få tilsette. Tenestene er sårbare.

Administrative og faglege leiarar er lett tilgjengelege. Dei er kjende med problemstillingar knytt til kapasitet i psykisk helse og sosiale tenester og konsekvensar dette har for tilbod og oppfølging av tenestemottakarane.

Det er rom for å utvikle samarbeid og koordinering knytt til planlegging, iverksetting, oppfølging og evaluering av tenestetilbod til den enkelte tenestemottakaren.

Leiinga si oppfølging føregår i stor grad ved kontakt og samarbeid med einings- og fagleiarar om enkeltsaker og i det årlege budsjettarbeidet. Regelmessig vurdering av tenestetilbod kan bidra til å identifisere risiko for svikt, planleggje og prioritere tiltak.

7. Regelverk

Lovverk som ligg til grunn:

  • Lov av 30. mars 1984 nr. 15 om statlig tilsyn med helse- og omsorgstjenesten (helsetilsynslova)
  • Lov av 24. juni 2011 om kommunale helse- og omsorgstjenester
  • Lov av 18. desember 2009 nr. 131 om sosiale tjenester i arbeids- og velferdsforvaltningen (sosialtenestelova)
  • Lov av 2. juli 1999 nr. 63 om pasient- og brukerrettigheter
  • Lov av 2. juli 1999 nr. 64 om helsepersonell m.v.
  • Lov av 10. februar 1967 om behandlingsmåten i forvaltningssaker
  • Forskrift av 21. desember 2000 nr. 1385 om pasientjournal
  • Forskrift av 20. desember 2002 nr. 1731 om internkontroll i helse- og omsorgstjenesten
  • Forskrift av 19. november 2010 nr. 1463 for kommunen i arbeids- og velferdsforvaltningen
  • Andre relevante forskrifter

8. Dokumentunderlag

Opplysningar mottekne frå Tysnes kommune:
Brev dagsett 15. august 2016
Organisasjonskart
Stillingsomtale for helse- og sosialsjef
Stillingsomtale for Nav-leiar
Stillingsomtale leiar psykisk helseteneste
Stillingsomtale psykiatrisk sjukepleiar
Mål psykisk helseteneste
Namn og stillingsstorleik tilsette
Opplæringsplan 2015
Opplæringsplan 2016 Nav Tysnes
Resultat av brukarundersøkingar
Skriftlege rutinar og retningsliner
Tenestavtale 3 og 5 mellom Tysnes kommune og Helse Fonna HF
Samarbeidsrutinar mellom tannhelsetenesta og kommunale helse- og omsorg og sosiale tenester
Sakshandsamingsrutinar sosiale tenester
Kvalitetssikringssystem sosiale tenester
Rutinar melding til barneverntenesta
Samarbeidsavtale mellom ruskonsulent og barnevernteneste
Rusmiddelpolitisk handlingsplan 2011 – 2015
Tilvisingsskjema individuell plan
Prosedyre for individuell plan
Prosedyre for opplæring i koordinatorrolla og sampro
Oppfølging av barn av psykisk sjuke og rusavhengige
Rutinar for melding og oppfølging av avvik
Prosedyre for handtering av avvik i pleie- og omsorg
Prosedyre for handtering av avvik legekontor
Avvik NAV sosial
Informasjon om leiinga sin gjennomgang

Ikkje offentleg, jf offl 13 jf fvl § 13:
Saksutgreiingar og vedtak om tildeling av tenester

Stikkprøver

  • 10 journalar

Dokument som blei lagt fram

  • Stillingsomtale for psykisk helsearbeidar

Korrespondanse mellom Tysnes kommune og Fylkesmannen i Hordaland:

  • Melding om tilsyn, brev av 25. juni 2016 frå Fylkesmannen i Hordaland
  • Informasjon om kontaktperson, brev av 22. juli 2016 frå Tysnes kommune
  • Saksutgreiing og vedtak, brev av 22. juli 2016 med vedlegg frå Tysnes kommune, ikkje offentleg, jf. offl. § 13 jf. fvl. § 13
  • Opplysningar om tenester, brev av 15. august 2016 med vedlegg frå Tysnes kommune
  • Program for tilsynet, brev av 29. august 2016 frå Fylkesmannen i Hordaland

9. Deltakarar ved tilsynet

Tabellen under gir ei oversikt over deltakarane på opningsmøte og sluttmøte, og over kva personar som blei intervjua.

Ikkje publisert her

Frå Fylkesmannen deltok:
Marta Havre, seniorrådgjevar
Øystein Breirem Jacobsen, seksjonsleiar
Anne Grete Robøle, seksjonsleiar