Hopp til hovedinnhold

Hovedmeny

Historisk arkiv Dette innholdet er arkivert og vil ikke bli oppdatert.

Samandrag

Fylkesmannen i Hordaland har ført tilsyn med Odda kommune 9.-11. september 2017. Denne rapporten gjer greie for funn innan dei områda det blei ført tilsyn med.

Ved tilsynet har vi undersøkt om kommunen ved si leiing og styring har lagt til rette for og følgjer opp at personar 18 år og eldre med samtidig rusmiddelproblematikk og psykisk liding får individuelt tilpassa, koordinerte og forsvarlege tenester.

Ved tilsynet er det påpeika fire brot på krav i helse- og omsorg- og sosiallovgjevinga:

  1. Odda kommune, rus og psykisk helse og sosiale tenester i NAV, har ikkje utarbeidd og sett i verk rutinar for å få samtykke frå brukar til å innhente, og eller ved behov, dele opplysningar med andre tenester.
  2. Odda kommune, rus og psykisk helse og sosiale tenester i NAV, har ikkje utarbeidd og sett i verk rutinar for å skaffe oversikt over brukarens situasjon på ein planlagt og systematisk måte. Iverksette tiltak til brukarar som treng langvarige og koordinerte tenester blir med unntak av personar i LAR, ikkje regelmessig evaluerte.
  3. Odda kommune, rus og psykisk helse, har ikkje utarbeidd og sett i verk rutinar for systematisk kartlegging av rusmiddelproblem, psykisk liding og somatisk helse.
  4. Odda kommune, sosiale tenester NAV, treffer heilt unntaksvis vedtak om tenesta opplysning, råd og rettleiing.

Vår vurdering av styringa av tenestene går fram av kapittel 6.

Fristen for innsending av plan med oversikt over tiltak som blir sett i verk for å rette avvika, informasjon om tidspunkt for iverksetting og evaluering av tiltaka, er sett til 31. desember 2017.

Dato 13.11.2017

Anne Grete Robøle
revisjonsleiar

Birthe Lill Christiansen
revisor

 

Dokumentet er elektronisk godkjent og har ikkje underskrifter.

1. Innleiing

Rapporten er utarbeidd etter tilsyn med Odda kommune 9.-11. oktober 2017. Dette tilsynet er ein del av det landsomfattande tilsynet med kommunale helse- og omsorgstenester og sosiale tenester i NAV som blir gjennomført i 2017 og 2018 og eit av dei planlagde tilsyna som Fylkesmannen i Hordaland gjennomfører dette året.

Fylkesmannen har fullmakt til å føre tilsyn med helse- og omsorgstenester etter lov om statlig tilsyn med helse- og omsorgstjenestene § 2 og lov om kommunale helse- og omsorgstjenester § 12-3. Fylkesmannen har fullmakt til å føre tilsyn med sosiale tenester i NAV etter lov om sosiale tjenester i arbeids- og velferdsforvaltningen § 9.

Tilsynet blei utført som systemrevisjon. Dette inneber gransking av dokument, intervju og andre undersøkingar.

Formålet med systemrevisjonen er å vurdere om kommunen, gjennom si styring og leiing, tek hand om ulike krav i lovgivinga. Revisjonen omfattar å undersøkje:

  • kva tiltak verksemda har for å avdekkje, rette opp og førebyggje brot på lovgjevinga innanfor dei tema tilsynet omfattar
  • om tiltaka blir følgde opp i praksis og om nødvendig korrigerte
  • om tiltaka er gode nok for å sikre at lovgjevinga blir følgd

Rapporten handlar om avvik som er avdekte under revisjonen og gir derfor ikkje ei fullstendig tilstandsvurdering av det arbeidet kommunen gjer innanfor dei områda som tilsynet omfatta. Avvik er krav som er gitt i eller i tråd med lov eller forskrift, som ikkje er oppfylte.

2. Omtale av verksemda

I andre kvartal 2017 hadde Odda kommune 6923 innbyggjarar. Tenestene tilsynet omfatta, er styrde i line frå rådmannen til kommunalsjef helse og sosial, og vidare til verksemdsleiarane for rus og psykisk helse og NAV. Fram til 1. mars 2017 var oppfølgingstenesta rus ei av dei kommunale tenestene i NAV. Verksemdsleiarane for avdeling for helse, Bokko bu- og behandlingssenter, Eide/Odda sjukeheim, heimebaserte tenester, Røldal pleie og omsorg og tenester for psykisk utviklingshemma rapporterer også til kommunalsjef helse og sosial.

Frå 1. mars 2017 er psykisk helse og rus organisert som ei felles teneste i helse og omsorg. Verksemdsleiar har overordna ansvar og mynde for tenestene. Det er framleis noko fram i tid før rus og psykisk helse fungerer som ei teneste.

Tilsette som gir tenester til personar der psykisk liding er mest framståande, gir tenester heile døgnet alle dagar. Tilsette som gir tenester til personar med rusmiddelproblem, gir tenester på dagtid, og fredag og laurdag fram til klokka 19.00. Tilsette kjenner brukarane og legg vekt på oppfølging. Fleire av brukarane har fått tenester i lang tid.

Brukarane vi snakka med, gav uttrykk for at tilsette i rus og psykisk helse er lett tilgjengelege og at det er meir tidkrevjande å få kontakt med sakshandsamarar i NAV.

Rus og psykisk helse og heimetenestene har regelmessige felles møte. Ordninga med regelmessige felles møte mellom NAV og rus og psykisk helse blir om kort tid teken opp att.

NAV er organisert i tre team, mottaksteamet, forvaltningsteamet og oppfølgingsteamet. Det er felles leiar for NAV stat og kommune. Vi fekk opplyst at NAV kommune har kapasitetsproblem. Oppfølging av alle brukarar med frivillig forvaltningsordning er særleg tidkrevjande.

Odda kommune, helse og omsorg, nyttar BrukarPlan. Ved kartlegginga i 2016 hadde 19 % av brukarane rusproblem og 81 % av brukarane hadde både rus og psykiske problem. 19 % hadde individuell plan, 9 % hadde kriseplan, 44 % hadde tiltaksplan og 68 % hadde ansvarsgruppe.

3. Gjennomføring

Aktivitet

Dato

 

Melding om tilsyn

28. juni 2017

Formøte

31. august 2017

Stikkprøver

9. oktober

31 journalar

Samtale med

   

tenestemottakarar

9. oktober

5 tenestemottakarar

Opningsmøte

10. oktober

 

Intervju

10.-11. oktober

16 tilsette

Sluttmøte

11. oktober

 

Oversikt over deltakarar ved tilsynet, dokument som vi fekk tilsendt på førehand og dokument som blei gjennomgått under tilsynet, er gitt i kapittel 8.

4. Kva tilsynet omfatta

Tilsynet er avgrensa til kommunens styring med helse- og omsorgstenester og sosiale tenester i NAV. Målgruppa er personar 18 år og eldre som har samtidig rusmiddelproblem og psykisk liding som kvar for seg eller samla gjer at dei har eit funksjonstap som medfører behov for tenester frå kommunen over tid.

Tilsynet inkluderer tenestemottakarar uavhengig av kva rusmiddel dei nyttar (alkohol, legemiddel, illegale rusmiddel) og uavhengig av om dei har fått diagnostisert ei rusliding. Dette gjeld og for psykiske lidingar ved at tilsynet er retta mot kommunens tenester uavhengig av om personane har ein psykiatrisk diagnose (bipolar liding, schizofreni, depresjon etc.). Det er ingen skilnad på om personane aktivt nyttar rusmiddel eller om dei er i rehabilitering etter behandling for rusmiddelbruken.

Vi har undersøkt om kommunen ved helse- og omsorg og sosiale tenester i NAV

  • legg til rette for og tek i vare pasientane/brukarane sin rett til informasjon og medverknad
  • legg til rette for samarbeid mellom kommunale einingar som gir helse- og omsorgstenester og sosiale tenester, og med fastlegar og spesialisthelsetenesta
  • samordnar og samarbeider om tenestene som brukarane får frå kommunale einingar, fastlegar og spesialisthelsetenesta
  • innhentar informasjon om brukarens heilskaplege situasjon og mogelege behov for tenester
  • kartlegg og gir individuelt tilpassa og forsvarlege helse- og omsorgstenester retta mot brukarens rusmiddelproblem og psykiske liding
  • kartlegg og følgjer opp somatiske helseproblem
  • tilbyr og gir individuelt tilpassa og forsvarlege tenester slik at brukar kan meistre å bu i eigen bustad

5. Funn

Det er avdekt fire brot på krav i helse- og omsorgs og sosiallovgjevinga.

Avvik 1: Odda kommune, rus og psykisk helse og sosiale tenester i NAV, har ikkje utarbeidd og sett i verk rutinar for å få samtykke frå brukar til å innhente, og eller ved behov, dele opplysningar med andre tenester.

Avvik frå: Forskrift om internkontroll for kommunen i arbeids- og velferdsforvaltningen § 4, jf. lov om sosiale tjenester i arbeids- og velferdsforvaltningen §§ 43 og 44.
Forskrift om ledelse og kvalitetsforbedring i helse- og omsorgstjenesten § 7, jf. lov om helsepersonell § 21.

Avviket byggjer på opplysningar frå gjennomgang av styrande dokument, stikkprøver i journalar/saker og intervju.

  • I intervju fekk vi informasjon som tilseier at leiinga for sosiale tenester i NAV og rus- og psykisk helse, ikkje gjort klart i kva tilfelle det er nødvendig å be om samtykke frå brukar. Vi fekk opplysningar som viser at praksis i forskjellig praksis i: at tenesta har skjema for innhenting av samtykke, men at dette ikkje blir brukt, at opplysningar om samtykke i søknadsskjema til NAV er tilstrekkeleg og at det ikkje er nødvendig å be om samtykke, at opplysningar blir innhenta på oppmoding frå brukar, og at opplysningar blir innhenta utan at brukar er informert og samtykke er innhenta.
  • Vi fekk lagt fram skjema der brukar blir bedt om å gi eit generelt og tidsuavgrensa samtykke til å innhente opplysningar frå alle tenester brukaren har vore eller er i kontakt med.
  • Ved stikkprøver i journalar fann vi med nokre unntak, ikkje opplysningar om at brukar er informert og om han/ho har gitt, eller ikkje har gitt, samtykke til innhenting og eller deling av opplysningar med andre tenester.
  • Skriftlege rutinar blei ikkje lagt fram ved tilsynet.
  • Leiinga er kjent med variasjon i praksis. Relevante korrigerande tiltak er ikkje sett i verk.

Avvik 2: Odda kommune, rus og psykisk helse og sosiale tenester i NAV, har ikkje utarbeidd og sett i verk rutinar for å skaffe oversikt over brukarens situasjon på ein planlagt og systematisk måte. Iverksette tiltak til brukarar som treng langvarige og koordinerte tenester blir med unntak av personar i LAR, ikkje regelmessig evaluerte.

Avvik frå: Forskrift om internkontroll for kommunen i arbeids- og velferdsforvaltningen § 4, jf. lov om sosiale tjenester i arbeids- og velferdsforvaltningen § 4.
Forskrift om ledelse og kvalitetsforbedring i helse- og omsorgstjenesten § 7, jf. lov om kommunale helse- og omsorgstjenester § 4-1.

Avviket byggjer på opplysningar frå gjennomgang av styrande dokument, stikkprøver i journalar/saker og intervju.

  • I intervju fekk vi opplyst at det er opp til den enkelte rettleiar i NAV kva som inngår i kartlegging og at det ikkje er kjent for alle om det ligg føre sjekkliste/skjema for kartlegging av brukarens situasjon.
  • Vi fekk forskjellige opplysningar om korleis momentliste for førstegongssamtale i psykisk helse blir brukt. Kartlegginga blir beskriven som generell og at det er opp til den enkelte saksbehandlar kva som blir etterspurd.
  • Ved stikkprøver i journalar/mapper fann vi med nokre få unntak ikkje opplysningar som tyder på at det er gjort ei brei kartlegging av brukarens situasjon.
  • Vi fekk også opplyst at elektronisk individuell plan ikkje er eit eigna verktøy for samordning av tenester til brukarar med samtidig rusmiddelproblem og psykisk liding.  Det er ikkje utarbeidd noko alternativ til den elektroniske versjonen. Ansvarsgruppe blir i hovudsak nytta til personar i LAR. Det er ikkje innarbeidd praksis for å evaluere tiltak som er eller blir sette i verk for andre brukarar.
  • Ved stikkprøver i journalar/mapper var det få spor av at tiltak er evaluert i lag med brukar. Vurderingar eller avgjerder frå gjennomgang av saker i fagmøte i rus og psykisk helse blir ikkje dokumentert i journal.
  • Skriftlege rutinar blei ikkje lagt fram ved tilsynet
  • Leiinga er merksam på behovet for å forbetre rutinar og praksis for å førebyggje svikt og opplyste at alle rutinar i helse og omsorg skal vere oppdaterte og tilgjengelege i elektronisk kvalitetshandbok innan utgangen av året.

Avvik 3: Odda kommune, rus og psykisk helse, har ikkje utarbeidd og sett i verk rutinar for systematisk kartlegging av rusmiddelproblem, psykisk liding og somatisk helse

Avvik frå: Forskrift om ledelse og kvalitetsforbedring i helse- og omsorgstjenesten § 7, jf. lov om kommunale helse- og omsorgstjenester § 4-1.

Avviket byggjer på opplysningar frå gjennomgang av styrande dokument, stikkprøver i journalar/saker og intervju.

  • Ved stikkprøver i journalar fann vi, med unntak av opplysningar frå spesialisthelsetenesta, få spor av at rus og psykisk helse har kartlagt helsetilstanden til brukaren. Følgje til lege, tannlege, spesialisthelseteneste er dokumentert.
  • Vi fekk opplyst at det ikkje er etablert praksis for å kartleggje psykisk helse og bruk av rusmiddel og informere brukaren om føremålet med slik kartlegging. Vi fekk og opplyst at personalet i varierande grad er merksame på til dømes ernæringstilstand og om brukaren treng oppfølging.
  • Rutine for kartlegging av eventuell bruk av rusmiddel, psykisk og somatisk helse blei ikkje lagt fram.
  • Leiinga er merksam på behovet for å forbetre rutinar og praksis for å førebyggje svikt.

Avvik 4: Odda kommune, sosiale tenester i NAV, treffer heilt unntaksvis vedtak om tenesta opplysning, råd og rettleiing.

Avvik frå: Forskrift om internkontroll for kommunen i arbeids- og velferdsforvaltningen § 4, jf. lov om sosiale tjenester i arbeids- og velferdsforvaltningen § 17.

Avviket byggjer på opplysningar frå gjennomgang av styrande dokument, stikkprøver i journalar/saker og intervju.

  • Plikta til å tilby tenesta opplysning, råd og rettleiing er kjent. Vi fekk opplyst at det per 11. oktober 2017 var treft eitt vedtak om økonomisk rådgjeving dette året. Det var ikkje treft andre vedtak om tenesta opplysning, råd og rettleiing.
  • Vi fekk opplyst at mange brukarar har dårleg buevne og at dei ofte er i kontakt med NAV. Ved stikkprøver i journalar fann vi ikkje notat frå samtalar der det gjekk fram brukarane hadde fått råd og rettleiing.
  • Vi fekk opplyst at det i somme tilfelle blir gitt råd og rettleiing utan at det er gjort vedtak. Det blir ikkje dokumentert at brukar har bedt om råd, og heller ikkje at råd og rettleiing er gitt. Det let seg ikkje gjere å etterprøve i kva tilfelle NAV har gitt tenesta opplysning, råd og rettleiing.
  • Rutine for vurdering av behov og tildeling av tenesta opplysning, råd og rettleiing blei ikkje lagt fram.
  • Leiinga er merksam på at NAV treffer få vedtak om tenesta opplysning, råd og rettleiing. Dette har hittil ikkje ført til nærare vurdering av behovet for eventuell endring av praksis.

6. Vurdering av styringssystemet

Ansvar og mynde i høve til tildeling av tenester og oppfølging av brukarar er avklart. Tilsette i rus og psykisk helse og NAV kjenner fleire av brukarane frå lang tid tilbake og legg vekt på oppfølging av dei.

Ved tilsynet er det avdekt manglar i styringa av tenestene som leiarar i hovudsak er kjende med utan at korrigerande tiltak hittil er sett i verk. Manglar som omtalt i kapittel 5, inneber at det ikkje er tydeleg kommunisert til tilsette kva som inngår i arbeidsprosessane. Det kan innebere at rettar og behov som brukarane har, ikkje blir tekne i vare.

7. Regelverk

Lov av 30. mars 1984 nr. 15 om statlig tilsyn med helse- og omsorgstjenesten (helsetilsynslova)
Lov av 24. juni 2011 om kommunale helse- og omsorgstjenester (helse- og omsorgstenestelova)
Lov av 18. desember 2009 nr. 131 om sosiale tjenester i arbeids- og velferdsforvaltingen (sosialtenestelova)
Lov av 2. juli 1999 nr. 63 om pasient- og brukerrettigheter (pasient- og brukarrettslova)
Lov av 2. juli 1999 nr. 64 om helsepersonell m.v. (helsepersonellova)
Lov av 10. februar 1967 om behandlingsmåten i forvaltningssaker (forvaltningslova)
Forskrift av 28. oktober 2016 nr.1250 om ledelse og kvalitetsforbedring i helse- og omsorgstjenesten
Forskrift av 19. november 2010 nr. 1463 om internkontroll for kommunen i arbeids- og velferdsforvaltningen
Forskrift av 20. desember 2016 nr. 1848 om pasientjournal
Forskrift av 19. november 2010 nr. 1462 om individuell plan i arbeids og velferdsforvaltningen
Forskrift av 29. august 2016 nr. 1030 om habilitering og rehabilitering individuell plan og koordinator
Forskrift av 16. desember 2011 nr. 1393 om helsepersonellovens anvendelse for personell som yter tjenester etter lov om kommunale helse- og omsorgstjenester
Ved dette tilsynet er kravet til forsvarleg verksemd og plikta til systematisk styring sentrale. Det same gjeld plikta til tilrettelegging for og varetaking av retten til informasjon og medverknad.

Plikta til systematisk styring

Kommunens plikt til styring og leiing for å sikre at verksemd og tenester etter kapittel 4 i sosialtenestelova er i samsvar med krav fastsett i eller i medhald av lov eller forskrift går fram av sosialtenestelova § 5. Plikta til styring av dei kommunale tenestene i NAV er nærare konkretisert i forskrifta om internkontroll i kommunalt NAV.

Kommunens ansvar for å tilby nødvendige helse- og omsorgstenester inneber plikt til å planleggje, gjennomføre, evaluere og korrigere verksemda, slik at omfang og innhald i tenesta er i samsvar med lov og forskrift går fram av helse- og omsorgstenestelova §§ 3-1 tredje ledd og 4-2.

Forskrift om ledelse og kvalitetsforbedring i helse- og omsorgstjenesten gjeld frå 1. januar 2017. I praksis er dette ikkje nye krav, men presiseringar av krav i forskrift om internkontroll i helse- og omsorgstjenesten, som gjaldt tidlegare.

Kommunen er pålagt å sikre forsvarlege tenester gjennom si styring.

Forsvarleg verksemd

Kravet om forsvarleg verksemd, jf. helse- og omsorgstenestelova § 4-1 og sosialtenestelova § 4, er forankra i anerkjend fagkunnskap, faglege retningsliner og allmenngyldige samfunnsetiske normer. Faglege retningsliner og rettleiarar kan vere eitt av fleire bidrag til å gje krav om forsvarleg verksemd eit innhald. Tilrådingar gitt i nasjonale faglege retningsliner er ikkje rettsleg bindande, men normerande og retningsgjevande ved at dei tilrår handlingsval, jf. https://helsedirektoratet.no/metoder-og-verktoy.

Ved dette tilsynet er følgjande retningsline, rettleiarar og rundskriv aktuelle:

- Nasjonal faglig retningslinje for utredning, behandling og oppfølging av personer med samtidig ruslidelse og psykisk lidelse – ROP-lidelser, IS-1948 frå Helsedirektoratet

- Rundskriv til sosialtenestelova frå Arbeids- og velferdsdirektoratet i 2012

- Veileder til bruk ved økonomisk rådgivning. NAV September 2013. Sist endra april 2016

- Veileder til sosialtjenesteloven § 17 frå Arbeids- og velferdsdirektoratet i 2014

- Sammen om mestring. Veileder i psykisk helsearbeid og rusarbeid for voksne, Et verktøy for kommuner og spesialisthelsetjenesten, IS-2076 frå Helsedirektoratet.

Pasient- og brukarmedverknad

Pasient- og brukarmedverknad er ein føresetnad for forsvarlege tenester i helse og omsorg og sosiale tenester i NAV. Tenestetilbod skal så langt som råd utformast i samarbeid med tenestemottakar, og det skal leggjast stor vekt på kva vedkomande meiner, jf. sosialtenestelova § 42. Pasientar- og brukarar har rett til å medverke ved utforming og gjennomføring av tenester, jf. pasient- og brukarrettslova § 3-1 første og andre ledd. Når tenestetilbod blir utforma, skal det leggjast stor vekt på kva pasienten og brukaren meiner, jf. pasient- og brukarrettslova § 3-1 andre ledd andre punktum, jf. helse- og omsorgstenestelova § 3-2 første ledd nr. 6.

Samarbeid for å koordinere tenester

Samarbeid og samhandling er avgjerande for at personar med rusmiddelproblem og psykisk liding skal få forsvarlege tenester. Kravet til forsvarleg verksemd inneber at kommunens tilbod som heile må vere forsvarleg. Det er ikkje tilstrekkeleg at kommunens deltenester kvar for seg er forsvarlege. Kommunens plikt til å samarbeide med andre går mellom anna fram av følgjande føresegner:

NAV-kontorets plikt til å samarbeide med andre på individnivå går fram av sosialtenestelova §§ 17 og 28.

Kommunen har plikt til å leggje til rette for samhandling mellom ulike deltenester i kommunen og med andre der dette er nødvendig for å tilby tenester, jf. helse- og omsorgstenestelova § 3-4. Det går fram av helse- og omsorgstenestelova § 4-1 at kommunen skal leggje tenestene til rette slik at den enkelte får eit heilskapleg og koordinert helse- og omsorgstenestetilbod.

Den nasjonale faglege retningslina for utgreiing, behandling og oppfølging av personar med samtidig rusliding og psykisk liding tilrår at det blir laga plan for samordning og koordinering av tenester også for dei som ikkje ønskjer individuell plan.

Plikt til å dokumentere

Innhenting av opplysningar er regulert i sosialtenestelova § 43. I rundskrivet til lova, punkt 5.41.2.3 og 5.43.2.3, er det presisert at opplysningane i saka skal liggje føre skriftleg, anten dette er i form av innhenta dokument eller i søknad og andre saksdokument.

Skriftleg dokumentasjon sikrar rettstryggleiken til den enkelte og gjer det mogeleg å overprøve behovsvurderinga i saka. Oppfølginga av den enkelte skal også dokumenterast på ein slik måte at brukar kan få informasjon om dei vurderingane som er gjort undervegs, og at tilsette og leiarar ved NAV-kontoret og klage- og tilsynsmyndigheiter kan setje seg inn i og vurdere oppfølginga.

I helse- og omsorgstenestelova § 5-10 er det presisert at kommunen skal sørgje for at pasient- og informasjonssystema er forsvarlege. Det er kommunens ansvar å opprette pasientjournalsystem som gjer det mogleg for dei tilsette å halde journalføringsplikta.

8. Dokumentunderlag

Opplysningar mottekne frå Odda kommune i brev av 7. september2017 med vedlegg:

  • Organisasjonskart helse og sosial
  • Oversikt over tilsette Rus og psykisk helse Odda kommune per. 1. september 2017
  • Opplysningar om Rus og psykiske helsetenester Odda kommune
  • Stillingsbeskrivelse virksomhetsleder rus og psykisk helse
  • Stillingsbeskrivelse avdelingsleder ved rus og psykisk helse
  • Oversikt over tilsette NAV Odda
  • Stillingsbeskrivelse pr. september 2017 – teamleder oppfølgingsteam
  • Stillingsbeskrivelse pr. februar 2017 – teamleder forvaltningsteamet
  • Rutiner for koordinerende enhet for habilitering og rehabilitering
  • Koordinator sin rolle/sine oppgaver i utarbeidelse og oppfølging av individuell plan
  • Rutiner for koordinerende enhet for habilitering og rehabilitering
  • Tildeling av helse- og omsorgstenester
  • Rutinebeskrivelse for tildelingskontoret i Odda kommune
  • Rutinebeskrivelse ved fråvere på tildelingskontoret
  • Rutine på mottak av søknad, kartlegging, tildeling og vedtak
  • Kartleggingsskjema
  • Kartleggingsskjema IPOS registrering
  • Samhandlingsteam – samhandlingsprosjekt mellom kommunane Ullensvang, Jondal, Odda og Helse Fonna
  • Skjema – erklæring om samtykke – brukar – samhandlingsteamet
  • Samarbeidsavtale «Tidlig ute» (om å hindre rusbruk blant unge opp til 24 år) - mellom NAV Odda, Hardanger lensmannsdistrikt og Hardanger Barnevern
  • Samarbeidsavtale mellom Odda kommune og Stiftelsen Kirkens Bymisjon Rogaland – «I jobb Odda»
  • Samarbeidsavtale mellom SNU (Smelteverkstomta Næringsutvikling), Odda by og NAV Odda
  • Personar i målgruppa, u. off. jf. offl. § 13, jf. fvl. § 13

Dokument lagt fram 10.-11. oktober 2017

  • Avtale om oppfølging i bustad
  • Skjema - rutiner for førstegangssamtale Psykisk helse
  • Referat fra personalmøte rus og psykisk helse 19. september 2017
  • Referat fra personalmøte 22. mai og 16. januar 2017
  • Kvartalsrapportering per 31. mars og 31. juli 2017 frå rus og psykisk helse til kommunalsjef
  • NAV: Søknadsskjema tvungen forvaltning
  • Søknad om sosialhjelp/dokumentasjon
  • Søknadsskjema – søknad om økonomisk stønad
  • Sosialhjelpsprosjektet – målekort for NAV Odda – sosialtjenesten september 2017
  • Fullmaktsskjema
  • Forvaltningsavtale
  • Skjema – for forvaltningskontoen skal følgjande gjelde
  • Referat frå teammøte 29. august, 13. juni,2. mai og 14. april 2017, 22. og 15. november 2016, frå fagmøte 17. mars 2016 og frå kontormøte 13. oktober 17. august 2017.
  • E-post 24. august 2017 frå leiar ved NAV om kontormøte same dag
  • Samtykkeskjema for utveksling av informasjon

Korrespondanse mellom Odda kommune og Fylkesmannen i Hordaland:

  • Melding om tilsyn, brev av 28. juni 2017 frå Fylkesmannen i Hordaland
  • Melding om endra dato for tilsynet, brev av 18. juli 2017 Fylkesmannen i Hordaland
  • Informasjon om kontaktperson for tilsynet i Odda kommune, e-post av 27. juli 2017frå Odda kommune
  • Brev av 17. september 2017 med vedlegg frå Odda kommune
  • Program for tilsynet, brev av 6. september 2017 frå Fylkesmannen i Hordaland
  • Diverse e-postar mellom Odda kommune og Fylkesmannen i Hordaland i tidsrommet 15. september - 6. oktober 2017 om tilsynet

Deltakarar ved tilsynet

Tabellen under gir oversikt over deltakarane på opnings- og sluttmøtet, og over kven som blei intervjua.

Ikkje publisert her

Frå Fylkesmannen deltok: 
Rådgjevar Hanne Hegvold Berentsen
Seniorrådgjevar Marta Havre
Seniorrådgjevar Birthe Lill Christiansen
Seksjonsleiar Anne Grete Robøle

 


Alle tilsynsrapporter fra dette landsomfattende tilsynet

2017–2018 Tjenester til pasienter med psykisk lidelse og mulig samtidig ruslidelse

Søk