Hopp til hovedinnhold

Hovedmeny

Historisk arkiv Dette innholdet er arkivert og vil ikke bli oppdatert.

Fylkesmannen gjennomførte tilsyn med Askøy kommune frå 18. september til 5. oktober 2018. Vi undersøkte om kommunen sørgjer for at helsetenester med tvang til personar utan samtykkekompetanse blir utført i samsvar med aktuelle lovkrav slik at pasientane får trygge og gode tenester.

Nødvendig helsehjelp med tvang er eit særleg risikoområde fordi konsekvensane av vurderingar, avgjerder og gjennomføring av helsehjelp med tvang, har mykje å seie for pasienten. Feil avgjerd kan få alvorlege konsekvensar som at det blir utøvd ulovleg tvang eller at pasienten ikkje får nødvendig helsehjelp.

Tilsynet blei gjennomført som del av årets planlagde tilsyn.

Fylkesmannen konkluderer med følgjande:

Askøy kommune har ikkje sørgja for at tilsette i heimebaserte tenester har fått nødvendig opplæring om samtykke til helsehjelp og vilkår for å gi somatisk helsehjelp med tvang. 

Dette er brot på:

Helse- og omsorgstenestelova § 4-1, jf. § 4-2 og forskrift om ledelse og kvalitet i helse- og omsorgstjenesten §§ 6 til 9, jf. § 5.

Det er leiinga som har ansvaret for å sørgje for at tilsette har nødvendig kunnskap til å utføre oppgåvene i samsvar med krav i helselovgjevinga. På fagområdet om er dette tilsynet er  avgrensa til, har kommunens ordningar for å gje opplæring og oppfølging av at tilsette har nødvendig kunnskap vore mangelfulle.

Fylkesmannen ber Askøy kommune om å sende oss ein plan for retting av lovbrotet innan 15. desember 2018, sjå detaljert omtale i kapittel 6. 

1. Tilsynets tema og omfang

I dette kapittelet skildrar vi kva som vart undersøkt i tilsynet.

Pasientane som tilsynet omfattar, er over 16 år. Dei bur i eigen eigd eller leid bustad eller i omsorgsbustad og har vedtak om nødvendig helsehjelp etter pasient- og brukarrettslova § 2-1a, jf. helse- og omsorgstenestelova § 3-2 punkt 6 bokstav a.

Pasientar som får helsehjelp i heimen, har svært ulike behov. Helsehjelpa blir vanlegvis gitt ved kortvarige besøk og ofte av forskjellig helsepersonell med ulik kompetanse. Mange helsepersonell på kortvarige besøk kan gjere det vanskeleg å fange opp endringar i pasientens tilstand som skjer over tid. Døme på situasjonar som kan oppstå er at pasienten ikkje ønskjer å medisin, ikkje ønskjer hjelp til personleg hygiene, eller går ut og ikkje finn heim att.

Pasient- og brukarrettslova kapittel 4A gir heimel til å gi nødvendig helsehjelp med tvang slik at pasientar som set seg mot hjelpa utan å forstå konsekvensane av det, får nødvendig helsehjelp. Nødvendig helsehjelp med tvang er eit særleg risikoområde fordi konsekvensane av vurderingar, avgjerder og gjennomføring av helsehjelp med tvang, har mykje å seie for pasienten. Feil avgjerd kan få alvorlege konsekvensar som at det blir utøvd ulovleg tvang eller at pasienten ikkje får nødvendig helsehjelp.

Vi har undersøkt om kommunen sikrar at

  • pasientens motstand mot helsehjelp blir fanga opp
  • pasientens samtykkekompetanse blir vurdert
  • tillitsskapande tiltak blir prøvde før nødvendig helsehjelp blir gitt med tvang
  • det blir gjort helsefaglege vurderingar av om den aktuelle helsehjelpa kan gjennomførast med tvang

2.  Aktuelt lovgrunnlag for tilsynet

Fylkesmannen er gitt mynde til å føre tilsyn med kommunale helse- og omsorgstenester, etter helse- og omsorgstjenestelova § 12-3 og helsetilsynslova § 2.

Eit tilsyn er kontroll av om verksemda sin praksis er i samsvar med gjeldande reglar i lov- og forskrift. Vi gir derfor her ei oversikt over krava som vart lagt til grunn i tilsynet.

Styring med helse- og omsorgstenestene
Helse- og omsorgstenestelova § 4-2 pålegg kommunen å drive systematisk arbeid for kvalitetsforbetring og pasienttryggleik. Dette systematiske arbeidet skal inngå som del av styringssystemet, jf. helsetilsynslova § 3. Kravet til forsvarleg verksemd omfattar fleire forhold som fell saman med kravet til leiing og kvalitetsforbetring, jf. forskrift om ledelse og kvalitetsforbedring i helse- og omsorgstjenesten, under dette systematisk arbeid for å vareta pasienttryggleiken. Krava i forskrifta §§ 6 til 9 er minimumskrav.

Den som har det overordna ansvaret for verksemda, har også det overordna ansvaret for styringssystemet. Det vil seie korleis aktivitetar i verksemda er planlagt, gjennomført, evaluert og korrigert i samsvar med krav fastsett i eller i medhald av helse- og omsorgslovgjevinga.

Kravet til omfang og innhald i styringssystemet og kravet til dokumentasjon, skal vere tilpassa storleiken på verksemda, eigenarten, aktivitetar og risikoforhold og ha det omfanget som er naudsynt. Den skriftlege dokumentasjonen skal bidra til at praksis er i samsvar med føringar som er gitt og at lovpålagte krav blir oppfylte. Oppgåver som er særleg risikofylte og eller som sjeldan blir utførte, krev meir styring i form av skriftlege rutinar enn andre mindre risikofylte oppgåver. Rutinane skal vere oppdaterte, enkelt tilgjengelege og kjende for personalet. 

Nødvendig helsehjelp
Pasientar har rett til nødvendige helsetenester frå kommunen, jf. pasient- og brukarettslova § 2-1 andre ledd. Kommunen har plikt til å gi nødvendig helsehjelp i heimen, jf. helse- og omsorgstenestelova §§ 3-1 og 3-2 nr. 6 bokstav a.

Forsvarleg hjelp
Helsehjelpa skal vere forsvarleg, jf. helse- og omsorgstenestelova § 4-1. Det er kommunens ansvar å planleggje, gjennomføre, evaluere og korrigere verksemda, slik at tenestene er forsvarlege i innhald og omfang. For å oppfylle kravet til forsvarleg verksemd  må kommunen organisere og leggje til rette slik at helsepersonell kan utøve si verksemd forsvarleg. Det inneber mellom anna å sørgje for tilstrekkeleg bemanning og sikre at helsepersonell har nødvendig kunnskap og ferdigheiter, og gi dei nødvendig opplæring. Kommunen skal arbeide systematisk med kvalitetsforbetring og pasienttryggleik, jf. helse- og omsorgstenestelova §§ 4-1 og 4-2 og forskrift om ledelse og kvalitetsforbedring i helse- og omsorgstjenesten §§ 6 til 9. Kravet til forsvarleg verksemd inneber ikkje berre at deltenesta i seg sjølv skal vere forsvarleg, men at tenestetilbodet som heile skal vere forsvarleg, også om pasientens behov endrar seg. Kommunen skal òg leggje til rette for samarbeid, både mellom kommunens eigne deltenester og med andre tenesteytarar, jf. helse- og omsorgstenestelova § 3-4, forskrift om lovbestemt sjukepleieteneste i kommunens helseteneste § 1 og fastlegeforskrifta § 8.

Samtykke til helsehjelp
Hovudregelen er at pasienten skal samtykke til helsehjelp, jf. pasient- og brukarrettslova § 4-1. Dersom pasienten ikkje har samtykkekompetanse og ikkje motset seg helsehjelpa, kan ansvarleg helsepersonell på nærare bestemte vilkår ta avgjerd om å gi nødvendig helsehjelp til pasienten. Dette følgjer av pasient- og brukarrettslova § 4-6.

Dersom pasienten manglar samtykkekompetanse og motset seg helsehjelpa, kan ansvarleg helsepersonell treffe vedtak om å gi nødvendig helsehjelp etter reglane i pasient- og brukarrettslova kapittel 4A dersom gitte vilkår er oppfylte.

For å kunne gi helsehjelp med tvang er det viktig at pasientens samtykkekompetanse er vurdert forsvarleg. Krav til avgjerd om manglande samtykkekompetanse er gitt i pasient- og brukarrettslova § 4-3. Det er helsepersonellet som gir helsehjelpa som skal avgjere om pasienten manglar samtykkekompetanse. Det kan vere at personell i heimesjukepleia må samrå seg med pasientens fastlege, eller at fastlegen må be om opplysningar frå heimesjukepleia for å kunne avgjere om pasienten openbert ikkje kan samtykke. Kommunen skal sørgje for at tilsette får nødvendig opplæring om vurdering av samtykkekompetanse og ha avklart kven som har ansvar for å vurdere og avgjere at pasientar som får helsehjelp i heimen openbert manglar samtykkekompetanse. Vurderinga skal vere konkret opp mot den helsehjelpa som eventuelt skal gjevast. Sentrale moment som skal inngå i vurderinga er nærare omtalt i Helsedirektoratets rundskriv IS-8/2015, sjå kommentaren til pasient- og brukarrettslova § 4-3.

Det skal vere avklart og kjent for tilsette kven som har mynde til å avgjere om pasienten manglar samtykkekompetanse. Avgjerd om manglande samtykkekompetanse skal, om mogeleg, straks leggjast fram for pasienten og hans pårørande. Om pasienten ikkje har pårørande, skal avgjerda leggjast fram for anna kvalifisert personell. Avgjerd om manglande samtykkekompetanse, observasjonar, vurderingar og rapporteringar som ligg til grunn for denne, skal gå fram av pasientjournalen.

Motstand mot helsehjelp - tillitsskapande tiltak
Pasienten kan gje uttrykk for motstand mot helsehjelp på ulike måtar, munnleg, ved blikk, ved berøring og eller fysisk åtferd. Tilsette må både ha fått opplæring i å oppdage motstand og i rutinane for korleis slik motstand skal følgjast opp, både med omsyn pasientens behov for hjelp og informasjon/rapportering til leiar, samarbeid med pårørande og fastlege og dokumentasjon i pasientjournal. Sjølv om pasienten set seg mot helsehjelpa og manglar samtykkekompetanse, kan ikkje nødvendig helsehjelp gjevast med tvang utan at det først er forsøkt tillitsskapande tiltak slik at helsehjelpa kan gjennomførast utan bruk av tvang. Kva som skal til, for om mogeleg å få pasientens tillit vil variere. Helsepersonell må ha/få god kjennskap til pasienten, bruke tid til å klarleggje grunnane til motstand og tid nok til å tilpasse gjennomføring av helsehjelpa. Tillitsskapande tiltak kan både vere tiltak i konkrete situasjonar med motstand, og tiltak som på lengre sikt kan hjelpe til at pasienten viser tillit. Tilsette må både ha fått opplæring i kva tillitsskapande tiltak kan vere/er, dei må få nødvendig informasjon om pasienten og ha kunnskap og ferdigheiter til å setje i verk tiltak som er tilpassa den enkelte. Verksemda skal òg ha rutinar for arbeidet med tillitsskapande tiltak. Leiinga skal følgje med på at etablerte rutinar er eigna, kjende og følgde. Det same gjeld rutinane for vurdering og avgjerd om manglande samtykkekompetanse, identifisering av motstand, samarbeid med pårørande og fastlege og dokumentasjon.

Vedtak om å gi somatisk helsehjelp med tvang
Dersom pasienten openbert ikkje kan samtykke og tillitsskapande tiltak ikkje fører fram, eller er openbert formålslause, må vilkåra i § 4A-3 andre og tredje ledd vere oppfylte før helsehjelpa blir gitt med tvang:

  • unnlate å gje hjelpe kan føre til vesentleg helseskade
  • helsehjelpa er nødvendig
  • tiltaka som er tenkt nytta står i forhold til behovet for helsehjelp
  • etter ei heilskapsvurdering er helsehjelpa den klart beste løysinga for pasienten. I denne vurderinga skal det leggjast vekt på graden av motstand frå pasienten og om det er grunn til å tru at pasienten får tilbake samtykkekompetansen.

Det må vere avklart og kjent kven som har mynde til å gjere denne vurderinga og fatte vedtak om tvungen helsehjelp etter § 4A-5 når det er aktuelt. Vedkomande skal ha fått opplæring,  kjenne til og kunne vurdere vilkåra for om det er nødvendig å gje helsehjelp med tvang. I samband med denne vurderinga vil det som hovudregel vere nødvendig å innhente opplysningar frå andre, helsepersonell som observerer pasienten til dagleg og eller frå fastlege.

Vedtak om nødvendig helsehjelp med tvang som inneber eit alvorleg inngrep for pasienten, skal treffast i samråd med anna kvalifisert helsepersonell, jf. § 4A-5. Alvorlege inngrep er definert som behandling med reseptbelagte medisinar, inngrep i kroppen, rørslehindrande tiltak og innlegging i institusjon. Det skal vere rutinar for vurdering av om vilkåra i § 4A-3 andre og tredje ledd, under dette for innhenting av bistand frå anna kvalifisert helsepersonell. Rutinane skal vere kjende og følgde. Vurderinga av kva som er nødvendig helsehjelp og vesentleg helseskade om hjelpa ikkje blir gitt, bør gjerast i samarbeid mellom fastlege og heimesjukepleia. Kommunen skal leggje til rette for samarbeid med fastlege når  helsehjelpa omfattar nødvendig medisinsk behandling, til dømes diabetes, kreft og omfattande behandling av sår. Pasientar kan ikkje bli haldne tilbake (låst inne) i eigen heim.

Velferdsteknologi
Inngripande bruk av teknologi er mellom anna teknologi som varslar andre personar når brukaren gjer eller ikkje gjer noko, til dømes står opp av senga, rører seg utanfor eit spesielt område eller ikkje tek medisinen. Det kan òg vere teknologi som sporar eller lokaliserer brukaren. Dersom slik inngripande bruk av teknologi skal brukast i samband med helsehjelp til personar utan samtykkekompetanse krev det særskilt heimel i lova. Pasient- og brukarrettslova § 4-6a er ein slik særskilt heimel. Etter denne føresegna kan det på gitte vilkår treffast vedtak om varslings- og lokaliseringsteknologi som ledd i helse- og omsorgstenester til ein brukar eller pasient som manglar samtykkekompetanse og som ikkje motset seg helsehjelpa. Vedtak om bruk av velferds- og lokaliseringsteknologi skal ikkje sendast til Fylkesmannen, men må dokumenterast i journal.

Etter § 4-6 kan ansvarleg helsepersonell på gitte vilkår ta avgjerd om bruk av medisinsk teknisk utstyr som ledd i helsehjelp, dersom pasienten ikkje motset seg tiltaket.

Dersom pasienten yter motstand mot tiltaket om varsling- og lokaliseringsteknologi eller medisinsk teknisk utstyr, må det treffast vedtak etter pasient- og brukarrettslova kapittel 4A. I så fall skal kopi av vedtaket sendast til Fylkesmannen.

Det er leiinga sitt ansvar å sørgje for at tilsette har nødvendig kjennskap til regelverket og spesielt kva dette inneber i praksis i den daglege kontakten med pasientar og pårørande, for samarbeidet med kollegaer, leiarar og fastlegar og for rapportering og dokumentasjon. 

3. Framstilling av faktagrunnlaget

Her vert det gjort greie for korleis verksemdas aktuelle tenester fungerer, inkludert verksemdas tiltak for å sørgje for at krava til kvalitet og tryggleik for tenestemottakarane blir haldne.

Askøy kommune har nær 29 200 innbyggjarar.  I tidsrommet 1. januar 2009 - 5. oktober 2018 har Fylkesmannen ikkje fått tilsendt vedtak om tvungen somatisk helsehjelp for pasientar som får helsehjelp frå heimebaserte tenester i Askøy kommune.

Organisering av heimebaserte tenester
Dei heimebaserte tenestene er organisert i fagavdeling helse og omsorg og inndelt i fire avdelingar. Tilsynet var avgrensa til to av avdelingane i heimebaserte tenester. Avdelingsleiarane rapporterer til fagsjef helse og omsorg.

Styringslina for dei heimebaserte tenestene går frå rådmann til kommunalsjef levekår  og vidare til fagsjef helse og omsorg og til avdelingsleiarane. Fagsjef helse- og omsorg er fagleg og administrativ leiar for fagavdelinga som omfattar sjukeheimar, fysio-/ergoterapi og servicetenesta med frisklivssentral, heimebaserte tenester og lokalmedisinsk eining med kreftkoordinator.

Fagsjef har regelmessige møte med alle avdelingsleiarane annakvar veke og med dei enkelte annakvar veke. I kvar av dei to avdelingane i heimebaserte tenester som tilsynet omfatta, er det to sjukepleiarar som har funksjonen som fagleiar. Dei har 50 % administrativ stilling og 50 % utøvande stilling. 

Styrande dokument i høve til pasient- og brukarrettslova kapittel 4A
Heimebaserte tenester har ingen eigne skriftlege rutinar for somatisk helsehjelp til personar som manglar samtykkekompetanse og motset seg helsehjelpa.

I forkant av tilsynet fekk vi tilsendt ei skriftleg orientering om praksis der det går fram at det alltid blir gjort individuelle vurderingar av dei pasientane som eventuelt motset seg helsehjelpa og brukt tid på rettleiing slik at pasientane blir trygge på hjelparane. I slike tilfelle er det òg kontakt og dialog med pårørande. Fastlege blir kontakta dersom det er vanskeleg å få gitt nødvendig helsehjelp og vurdert som ikkje forsvarleg, ikkje å få gitt hjelpa. I enkelte saker blir hukommelsesteamet òg kopla inn for å gjere kartlegging/vurdering og fastlege får tilsendt rapporten frå kartlegginga.

Praksis
I intervju fekk vi opplyst at personalet ikkje ønskjer å bruke tvang. Fleire av dei som vi  intervjua, formidla at dei var usikre på kva som er uttrykk for motstand, kva samtykkekompetanse inneber og kva som er tvang. Praksis når pasienten ikkje ønskjer å ta imot hjelp er at personalet prøver å få gitt hjelpa med forskjellige tilnærmingar og over tid. Informasjon om at pasient motset seg helsehjelpa blir rapportert til fagleiar. Problemstillingar og mogelege tiltak blir drøfta med fagleiarane og kollegaer. I særskilte tilfelle blir det vurdert kva personell som er best eigna til å gje hjelpa til den aktuelle pasienten. Pasientar blir tekne opp i «brukarmøte». Det er ikkje obligatorisk for tilsette å delta i desse møta som det blir skrive referat frå. Tiltak som skal setjast i verk overfor den enkelte pasienten, blir ført i arbeidsliste, men ikkje i pasientjournalen til vedkomande.

Når det gjeld spørsmål om pasient som motset seg helsehjelp har samtykkekompetanse, fekk vi opplyst at dette blir teke opp etter lang tid og då helst i samband med ei hending og/eller ved overføring til anna omsorgsnivå, til dømes til korttids- eller langtidsplass i sjukeheim. Ved tvil om pasienten forstår og kan samtykke til helsehjelp, blir det gitt melding til fagleiar som kan ta dette vidare til fastlege.  I intervjua kom det fram at det ikkje var kjent for personalet at det er fastlege som skal ta avgjerd om pasient som får helsehjelp i heimen, har eller openbert manglar samtykkekompetanse.

Vi fekk skildra tilfelle der det var uklart om pasienten forsto føremålet med helsehjelp/tiltak som blei gjort, men som tydeleg hadde gitt til kjenne at dei ikkje ønskte eller ville ha det, utan at pasientens samtykkekompetanse blei vurdert. I eitt tilfelle var pasientens samtykke til verjemål brukt som grunnlag for bruk av døralarm. Det kom òg fram at det er ikkje var kjent for personalet kven som skal vurdere om helsehjelpa er nødvendig og fatte vedtak om tvungen somatisk helsehjelp. 

Stikkprøver i pasientjournalar
Ved stikkprøver i 28 pasientjournalar, var det i ni av dei informasjon om situasjonar der pasienten hadde vist motstand. I nokre journalnotat gjekk det òg fram korleis situasjonen var løyst, om helsehjelp var gitt eller ikkje. Det var få opplysningar om tillitsskapande tiltak. Det var ingen notat eller e-meldingar frå fastlege der det gjekk fram at pasientens samtykkekompetanse var vurdert. Vi fann ingen notat med vurdering av om  helsehjelp kunne gjennomførast med tvang. I ein journal gjekk det fram at lege på sjukehus hadde vurdert og avgjort at pasienten hadde samtykkekompetanse i høve til legemiddelbehandling.

Opplæring og vedlikehald av kunnskap  
Det har ikkje vore opplæring i heimebaserte tenester dei to siste åra om regelverk og praktiske rutinar for identifisering av motstand, bruk av tillitsskapande tiltak, vurdering og avgjerd om samtykkekompetanse, vurderingar av om helsehjelpa er nødvendig og vedtak om tvang for å gi nødvendig helsehjelp. Tilsette i ei av avdelingane gjennomførte e-læringskurs for meir enn to år sidan og har fått oppmoding om å ta kurset på nytt denne hausten. I intervju gjekk det fram at enkelte av dei som hadde teke e-læringskurset, likevel var usikre på praktiseringa av regelverket om somatisk helsehjelp med tvang.

4. Vurdering av faktagrunnlaget opp mot aktuelt lovgrunnlag

I dette kapittelet vurderer vi fakta i kapittel 3 opp mot lovreglane i kapittel 2.

Krav til leiing og styring skal bidra til pasientane får forsvarlege helse- og omsorgstenester. Nødvendige tiltak skal planleggjast, setjast i verk, evaluerast og følgjast opp.

Føremålet med reglane i pasient- og brukarrettslova kapittel 4A er å gje nødvendig somatisk helsehjelp til pasientar som ikkje har samtykkekompetanse og som motset seg helsehjelp og førebyggje og redusere bruken av tvang.  Dette stiller særskilte krav til at personalet kjenner reglane og spesielt kva dei har å seie for det praktiske arbeidet. Kva kunnskap som er nødvendig kjem an på kva oppgåver den enkelte har når ho/han gir helsehjelp i heimen til pasienten. 

Hovudinntrykket frå intervjua er at heimebaserte tenester legg vekt på følgjande: Tilrettelegging for at pasientane får medverke og har tillit til hjelparane, at det er godt samarbeid mellom tilsette som har innarbeidde rapporteringsrutinar og arenaer for drøfting av framgangsmåtar for å førebyggje bruk av tvang.

Vår undersøking har likevel vist at kunnskapen om regelverket og kva det har å seie for praksis, er mangelfull. Dette har hatt konsekvensar for om og korleis motstand mot helsehjelp er identifisert og følgd opp. Pasientar som har vist motstand mot helsehjelp og varslings-/lokaliseringsutstyr, har ikkje blitt følgde opp med vurdering av samtykkekompetanse og helsefaglege vurderingar om helsehjelpa/tiltaka kunne gjennomførast med tvang. 

Når det ikkje er kjent kven som har ansvar for å vurdere og avgjere om pasientar openbert manglar samtykkekompetane, kven som skal vurdere om vilkår for tvungen helsehjelp er oppfylte og fatte vedtak og tvungen somatisk helsehjelp, utgjer dette ein risiko for at nødvendige vurderingar ikkje blir gjort i tide.  Det er ikkje utarbeidd styrande dokument tilpassa verksemda i heimebaserte tenester. Gjennomgang for å klarleggje om tilsette har tilstrekkeleg kunnskap om regelverket og om praksis er i samsvar med dette, er ikkje gjort.

5. Fylkesmannens konklusjon

Her presenter vi konklusjonen av undersøkinga vår, basert på vurderingane i kapittel 4.

Fylkesmannen peiker på følgjande:

Askøy kommune har ikkje sørgja for at tilsette i heimebaserte tenester har fått nødvendig opplæring om samtykke til helsehjelp og vilkår for å gi somatisk helsehjelp med tvang. 

Dette er brot på:

Helse- og omsorgstenestelova § 4-1, jf. § 4-2 og forskrift om ledelse og kvalitet i helse- og omsorgstjenesten §§ 6 til 9, jf. § 5.

Det er leiinga som har ansvaret for å sørgje for at tilsette har nødvendig kunnskap til å utføre oppgåvene i samsvar med krav i helselovgjevinga. På fagområdet om er dette tilsynet er avgrensa til, har kommunens ordningar for å gje opplæring og oppfølging av at tilsette har nødvendig kunnskap vore mangelfulle.

6. Oppfølging av lovbrot

Fylkesmannen ber Askøy kommune om å sende oss ein plan for retting av lovbrotet innan 15. desember 2018.

I planen ber vi om at de gjer greie for:

  • Kva tiltak som blir gjennomført
  • Korleis leiinga vil følgje med på at tiltaka blir sette i verk
  • Korleis leiinga vil følgje opp og kontrollere om tiltaka som fungerer som planlagt etter at dei har fungert ei tid.
  • Kommunens eigne fristar for å sikre framdrift

Vi tilrår at Askøy kommune undersøkjer om lovbrot som er avdekt ved tilsynet, også kan gjelde dei andre avdelingane i heimebaserte tenester.

Med helsing

Helga Arianson
fylkeslege

Anne Grete Robøle
seksjonsleiar

 

Brevet er godkjent elektronisk og har derfor inga underskrift.

Vedlegg

Kopi med vedlegg til:

Askøy kommune

Vedlegg til rapport frå tilsyn med Askøy kommune

I dette vedlegget omtaler vi korleis tilsynet vart gjennomført, og kven som deltok.

Varsel om tilsynet vart sendt 06.07.2018.

Tilsynet blei gjennomført med Askøy kommune, heimebaserte tenester, og blei innleia med eit kort informasjonsmøte 18.09.2018. Eitt intervju og oppsummerande møte med gjennomgang av funn blei halde 5.10.2018.

Ein del dokument blei tilsendt og gjennomgått på førehand, mens andre dokument blei overlevert og gjennomgått i løpet av tilsynsbesøket. Følgjande dokument blei gjennomgått og vurderte som relevante for tilsynet:

  • Oversikt over tilsette i heimebaserte tenester avdeling midtre og avdeling aust
  • Funksjonsbeskrivelse fagsjef helse og omsorg
  • Videredelegering av myndighet fra kommunalsjef levekår til fagsjef helse og omsorg
  • Funksjonsbeskrivelse leder
  • Funksjonsbeskrivelse sykepleier helse og omsorg
  • Funksjonsbeskrivelse fagansvarlig sykepleier/vernepleier
  • Funksjonsbeskrivelse hjelpepleier/omsorgsarbeider/helsefagarbeider
  • Funksjonsbeskrivelse pleiemedarbeider
  • Bemanningsplan avdeling midtre og avdeling øst

Det blei valt ut 28 journalar etter følgjande kriterium:

Pasientar med demenssjukdom, kognitiv svikt og hukommelsessvikt som hadde vedtak om heimesjukepleie.

Pasientar med demenssjukdom, kognitiv svikt og hukommelsessvikt som hadde fått heimesjukepleie og som var tildelte plass i sjukeheim.

Vi såg etter:

  • om motstand var observert og kva tillitsskapande tiltak som var prøvde
  • vurdering av om pasienten kunne samtykke, eventuelt avgjerd om at pasienten openbert ikkje kunne samtykke til somatisk helsehjelp  
  • om fastlege var involvert i vurdering og avgjerd om manglande samtykkekompetanse
  • opplysningar som indikerte at pasient og pårørande var informerte om avgjerda
  • om det var gjort helsefaglege vurderingar av om nødvendig helsehjelp kunne gjennomførast med tvang og om innlegging ved tvang for å gi nødvendig helsehjelp var vurdert
  • om journalen inneheld nødvendige og relevante opplysningar

I 9 journalar var det notat som kunne tyde på motstand

I 4 journalar var det notat om tillitsskapande tiltak eller korleis situasjonen var handtert

I 1 journal var det melding frå sjukehus om at lege på sjukehuset hadde vurdert og funne at pasienten var samtykkekompetent i høve til legemiddelbehandling

Vi fann ingen notat om at fastlege hadde vurdert pasientens samtykkekompetanse og om nødvendig helsehjelp kunne gjennomførast med tvang. Journalnotat i dagleg journal var gjennomgåande korte.

Vi gjennomgjekk følgjande sjekklister/permar:

  • Sjekkliste ved nyansettelse
  • Perm med møtereferat frå brukarmøte og sjukepleiarmøte
  • Perm med diverse skjema til heimejournal
  • Prosedyreperm
  • Skjema og perm «Bakgrunnsopplysninger»
  • Perm, legemiddelhåndtering
  • Hefte, velkommen til avdeling øst
  • Refleksjonsperm med referat frå møte i januar 2018, møte i 2016 og 2015
  • Referatperm med referat frå personalmøte og møte i nærværs utval
  • Oppdatert oversikt over tal på personell på vakt dagvakt, kveld- og nattevakt kvardagar og i helger
  • Møteoversikt 2018

I tabellen under gir vi eit oversyn over kven som blei intervjua, og kven som deltok på oppsummerande møte ved tilsynsbesøket:

Ikkje publisert her

7 pasientar vart intervjua i samband med tilsynet.

Desse deltok frå tilsynsmyndigheita:

  • fylkeslege, Kristin Cotta Schønberg, revisor
  • rådgjevar, Marie Mildestveit, revisor
  • seksjonsleiar, Anne Grete Robøle, revisjonsleiar