Hopp til hovedinnhold

Hovedmeny

Historisk arkiv Dette innholdet er arkivert og vil ikke bli oppdatert.

Fylkesmannen gjennomførte tilsyn med Fjell kommune, Sotra legevakt frå 11. september 2018 til 13. september 2018.

Fjell kommune er vertskommune for den interkommunale legevaktordninga for Fjell, Sund og Øygarden. Vi undersøkte om kommunen sørgjer for forsvarleg helsehjelp til pasientar som kontaktar legevakta.  Tilsynet var avgrensa til råd og rettleiing og vurdering av hastegrad på legevaktsentral, kontakt og kommunikasjon mellom personell på legevaktsentral og legevaktstasjon og mottak og behandling av pasientar på legevakt. Tilsynet omfatta også dokumentasjon av helsehjelp og øving og samtrening mellom personell i legevaktordninga og spesialisthelsetenesta. Tilsynet vart gjennomført som del av dei planlagde tilsyna til Fylkesmannen i Hordaland dette året.

Fylkesmannen konkluderer med følgjande lovbrot:

Fjell kommune, Sotra legevakt sikrar ikkje at det er ein felles innarbeidd praksis, og under dette at det er avklart kva fagleg verktøy for avgjerdsstøtte som skal brukast for innhenting av opplysningar, vurdering og fastsetting av hastegrad. 

Dette er brot på:

Forskrift om ledelse og kvalitetsforbedring i helse- og omsorgstjenesten §§ 6 til 9, jf. lov om kommunale helse- og omsorgstjenester § 4-1 og akuttmedisinforskrifta § 6 og § 13.

1.  Tilsynets tema og omfang

I dette kapittelet skildrar vi kva som vart undersøkt i tilsynet.

Vi har undersøkt om kommunen sørgjer for forsvarleg helsehjelp til pasientar som kontaktar legevakt utanom opningstidene ved fastlegekontora.

Tilsynet var avgrensa til følgjande tema:

  • Handtering av kontaktar til legevakta, prioritering, mottak og behandling av pasientar på legevakt, og under dette kommunikasjon og samhandling mellom personell på legevaktstasjonen og legevaktsentralen
  • Dokumentasjon av vurderingar og behandling, og under dette epikrise til fastlege etter behandling på legevakt
  • Øving og samtrening mellom personell i legevaktordninga og spesialisthelsetenesta

2.  Aktuelt lovgrunnlag for tilsynet

Fylkesmannen er gitt mynde til å føre tilsyn med kommunale helse- og omsorgstenester, etter helse- og omsorgstenestelova § 12-3 og helsetilsynslova § 2.

Eit tilsyn er kontroll av om verksemda sin praksis er i samsvar med gjeldande reglar i lov- og forskrift. Vi gir derfor her ei oversikt over krava som vart lagt til grunn i tilsynet.

Kommunen skal sørgje for nødvendig helsehjelp, jf. helse- og omsorgstenestelova § 3-1. For å oppfylle ansvaret skal kommunen blant anna ha legevakt, heildøgns medisinsk akuttberedskap og medisinsk nødmeldeteneste, jf. helse- og omsorgstenestelova § 3-2. Krav til tenesta er nærare regulert i akuttmedisinforskrifta[1].

Kommunen skal tilby legevaktordning og sørgje for at minst ein lege er tilgjengeleg for
legevakt heile døgnet. Legevaktordning omfattar legevaktsentral, eitt fast/nasjonalt legevaktnummer og lege/legar i vaktberedskap. Legevaktsentralen skal ta imot og handtere henvendelsar og prioritere, setje i verk og følgje opp henvendelsar til lege, jf. akuttmedisinforskrifta §§ 6 og 13. LV-sentralen skal, jf. forskrifta § 11, ”vurdere henvendelser om øyeblikkelig hjelp, herunder foreta den oppfølging som anses nødvendig”. 

Kommunane står langt på veg fritt til avgjere kva faglege verktøy for avgjerdsstøtte som er nødvendige ved mottak av henvendelsar til legevaktsentralen. Eit oppdatert og felles fagleg verktøy for avgjerdsstøtte er viktig for å sikre felles omgrep og nødvendig kvalitet på dei vurderingane som blir gjort, også i samband med kommunikasjon med andre instansar, spesielt i kommunikasjon med ambulanse og AMK.

Ved bruk av forskjellige støtteverktøy må personellet ha fått opplæring og kjenne til skilnadane, også i kva situasjonar det eine er meir eigna enn andre, slik at oppgåvene blir utførte på same måte og bidreg til å førebyggje uønskt variasjon.

Dei som arbeider i mottak og ved legevaktsentralen skal ha tilstrekkeleg fagkunnskap innan sine respektive felt til å kunne gjere ei rask fagleg vurdering og iverksette nødvendige tiltak anten kontakten kjem via telefon eller om pasienten møter direkte. Personellet som svarar på telefon skal sikre at meldingar blir raskt mottekne og forstått, gjere vurderingar av behovet for hjelp og gje rettleiing og instruksjonar til innringar. For å vareta dette ansvaret skal operatøren innhente nødvendige opplysningar om den aktuelle hendinga og om tilstanden til pasienten. Helsepersonell har ansvar for aktivt å innhente naudsynte opplysningar for å kunne vurdere hastegrad. Dette følgjer av helsepersonellova § 4 første ledd jf. § 7 andre ledd som pålegg plikt til å gjere naudsynte undersøkingar ved tvil. Når operatørane svarar, må dei ta raske og fagleg korrekte avgjerder for å sikre hjelp til den akutt sjuke eller skadde, i samsvar med dagens medisinske standard. Kommunen har ansvaret for at tilsette får opplæring i å bruke faglege verktøy for å vurdere hastegrad og tiltak.  Norsk indeks for medisinsk nødhjelp blir i hovudsak nytta ved legevaktsentralane. Operatøren skal velje kriterium frå toppen av kriterierekka og nedover. Det betyr at ein skal velje det kriteriet som passar med situasjonen som ein finn øvst på kriterierekka. Dei raude kriteria representerer ei balanse mellom ønsket om å «fanga opp» flest mogleg akutte tilstandar og ønsket om å unngå unødig utalarmering. Det vil innebera ein grad av overtriage som er akseptert i fagmiljøet og elles i samfunnet. Korrekt bruk av indeks eller anna fagleg verktøy for avgjerdsstøtte  er vesentleg for å sikre ein standardisert og korrekt respons.

Ved henvendelsar til legevaktsentralen skal blant anna følgjande opplysningar registrerast/dokumenterast; klokkeslett for telefonar, aktivering og status for ressursar, som ambulanse, kriterium for pasientens problem og hastegrad for naudsynt behandling. Norsk medisinsk indeks tilrår følgjande vurderingar av hastegrad:

  • grøn respons dersom legetilsyn kan vente til legens kontortid dagen etter,
  • gul respons ved mogelege alvorlege tilstandar der legevaktlege må kontaktast og ev. få pasienten til legevakt for undersøking
  • raud respons der ambulanse og legevaktlegen alltid blir varsla for umiddelbar respons.

Ved gul og raud respons skal operatør på legevaktsentral alltid kontakte legevaktlegen for å gjere naudsynte avtalar. Ved tvil om kontakten til legevaktsentralen gjeld eit behov for øyeblikkeleg hjelp (om det er grøn eller gul/raud respons), er det legevaktlegen som skal ta avgjerda, jf. helsepersonellova § 4 tredje ledd.

Helse- og omsorgstenestene skal vere forsvarlege, jf. helse- og omsorgstenestelova § 4-1. Det er kommunens ansvar å planleggje, gjennomføre, evaluere og korrigere verksemda, slik at tenestene er forsvarlege i innhald og omfang. For å oppfylle dette kravet må kommunen organisere og leggje til rette slik at helsepersonell kan utøve si verksemd forsvarleg. Det inneber mellom anna å sørgje for tilstrekkeleg bemanning og sikre at helsepersonell har nødvendig kunnskap og ferdigheiter, og gi dei nødvendig opplæring. Helsepersonell som svarar på legevaktstelefon og møter pasientar på legevaktstasjon skal ha tilstrekkeleg kompetanse til å vurdere hastegrad, dokumentere og vidareformidle vurderingane slik at pasientar som treng vurdering av legevaktslege, kjem til lege.

Kravet til opplæring inneber å sørgje for at helsepersonell får nødvendig opplæring og trening i å utføre eigne arbeidsoppgåver, øving og trening i samhandling og samarbeid mellom dei andre ledda i den akuttmedisinske kjeda. Plikta til å leggje til rette og sjå til at personell får nødvendig opplæring og trening i eigne oppgåver og samhandling med andre akuttmedisinske tenester og nødetatar, følgjer av helse- og omsorgstenestelova § 4-1 og akuttmedisinforskrifta § 4.

Legevakt skal gi hjelp ved ulykker og andre akutte situasjonar og om nødvendig kunne rykke ut straks. Turnuslege/nyutdanna lege med autorisasjon skal alltid arbeide under rettleiing og tilsyn, jf. forskrift om spesialistutdanning og spesialistgodkjenning for legar og tannlegar § 2. Etter § 21 i akuttmedisinforskrifta er det gitt ei overgangsordning for krav til grunnkompetanse hos lege fram til 1. januar 2020. I denne perioden kan det etter denne forskrifta ikkje stillast krav til bakvakt for lege som ikkje fyller kompetansekrava. I e-post 18. september 2018 seier Helse- og omsorgsdepartementet følgjande:
«Uavhengig av akuttmedisinforskriften og av om vaktlegen er en turnuslege/LIS1 eller ikke, dersom krav til forsvarlighet etter helsepersonelloven § 4 tilsier det, skal kommunen ha et system som sikrer at noen rykker ut om nødvendig og/eller at pasienten henvises til et annet sted mv. selv om det ikke finnes noen bakvakt som kan rykke ut.»

Dersom lege er aleine på vakt må kommunen gjere ei konkret vurdering av kva kompetanse og ressursar som må vere tilgjengelege og ved behov setje i verk nødvendige tiltak for at legevakttenesta skal vere forsvarleg, om nødvendig bakvakt som kan rykkje ut, jf. helse- og omsorgstenestelova § 4-1.

Kommunen har også ansvaret for at helsepersonell i legevaktordninga har tilgang på nødvendig utstyr for kommunikasjon, diagnostikk, behandling og overvaking i akutte situasjonar, journalsystem, transport ved ev. utrykking og eigna lokale.

Kommunens ansvar for forsvarleg journalsystem følgjer av helse- og omsorgstenestelova § 5-10. Alle tilsette som gir helsehjelp har plikt til å føre pasientjournal, jf. helsepersonellova § 39. Journalen skal innehalde relevante og nødvendige opplysningar om pasienten og helsehjelpa. I pasientjournalforskrifta § 8 er det nærare konkretisert kva opplysningar som skal journalførast. Journal skal førast fortløpande, og gi ei oppdatert oversikt over observasjonar, vurderingar/avgjerder og konkrete tiltak.

Helse- og omsorgstenestelova § 4-2 pålegg kommunen å drive systematisk arbeid for kvalitetsforbetring og pasienttryggleik. Dette systematiske arbeidet skal inngå som del av styringssystemet, jf. helsetilsynslova § 3. Kravet til forsvarleg verksemd omfattar fleire forhold som fell saman med kravet til leiing og kvalitetsforbetring, jf. forskrift om ledelse og kvalitetsforbedring i helse- og omsorgstjenesten, under dette systematisk arbeid for å vareta pasienttryggleiken. Den som har det overordna ansvaret for verksemda, har også det overordna ansvaret for styringssystemet. Det vil seie korleis aktivitetar i verksemda er planlagt, gjennomført, evaluert og korrigert i samsvar med krav fastsett i eller i medhald av helse- og omsorgslovgjevinga. Styringssystemet, jf, pliktene i forskrifta §§ 6-9, skal vere tilpassa storleiken på verksemda, eigenarten, aktivitetar og risikoforhold og ha det omfanget som er naudsynt.

Basert på krava ovanfor, må blant anna dette kunne ventast av ei forsvarleg legevaktordning:

  • Leiinga sørgjer for at fordeling av ansvar og mynde er avklart og at personell i legevaktordninga (legevaktstasjon og legevaktsentral) har nødvendig faglege kompetanse.
  • Leiinga sørgjer for innarbeidde rutinar for vurdering, råd, rettleiing, prioritering ved spørsmål om øyeblikkeleg hjelp, mottak, diagnostikk og behandling av pasientar på legevaktstasjon/sjukebesøk og ved ulykker og andre akutte situasjonar.
  • Leiinga sørgjer for at helsepersonell på legevakt har tilgang på nødvendig utstyr for diagnostikk, behandling og overvaking på legevakt og utrykking i akutte situasjonar.
  • Leiinga sørgjer for regelmessig øving/samtrening mellom personell i legevaktordninga og spesialisthelsetenesta.
  • Kommunen følgjer med på at rutinar fungerer og blir følgde, og gjennomfører nødvendige korrigerande og førebyggjande tiltak når det blir meldt om feil, manglar eller uønskte hendingar
  • Dersom kommunen ved si eige oppfølging avdekkjer forhold som kan medføre svikt, blir førebyggjande tiltak sette i verk.

3.  Framstilling av faktagrunnlaget

Her vert det gjort greie for korleis verksemdas aktuelle tenester fungerer, inkludert verksemdas tiltak for å sørgje for at krava til kvalitet og tryggleik for tenestemottakarane blir haldne. 

Sotra legevakt

Fjell kommune er vertskommune for legevaktordninga i kommunane Fjell, Sund og Øygarden som til saman har nær 37 900 innbyggjarar. Styringslina for legevakta går frå rådmann til helsesjef og til leiar legevakta som er med i helsesjefens leiargruppe.

I driftsgruppa for legevakta sit leiar, nestleiar, legevaktsjef og opplæringsansvarleg sjukepleiar. Driftsgruppa har møte annakvar veke og ved behov.

Legevakta er døgnopen og lokalisert ved Straume helsesenter. Nye lokale for legevakta i det lokal medisinske senteret er under ferdigstilling.  Innflytting er planlagt til medio januar 2019.

På dagtid er det fastlegane i dei tre kommunane som har ansvar for sine pasientar. Legevakta har ansvaret for alle raude responsar, også gule responsar om ikkje fastlegen er i nærleiken. 

Vaktordning

Det er 21 fast tilsette sjukepleiarar og om lag 50 legar som deltek i vaktordninga, jf. årsmelding 2017. Alle som vi intervjua, formidla at det er godt samarbeid mellom sjukepleiarar og legar. Det er avklart og kjent kva oppgåver legar og sjukepleiar som er på vakt skal ivareta.

På dagtid kvardagar klokka 08.00-15.30 er det ein lege og to sjukepleiarar på vakt. Det er to legar på vakt klokka 15.30-22.00 og tre sjukepleiarar. På nattevakt alle dagar klokka 21.00-08.00 er det ein lege og to sjukepleiararar på vakt. Det er i hovudsak faste sjukepleiarar som har nattevaktene.

Då tilsynet blei gjennomført, var det laurdag og sundag ein lege som hadde vakt frå klokka 08.00 til 18.00. Medrekna sjukeheimslege er det tre legar på vakt frå klokka 12.00 til 18.00. På dagvakt helg er det to sjukepleiarar på vakt frå klokka 0800 og tre på vakt mellom frå klokka 11.00 til 18.30.

Turnuslege/LIS 1 er aleine på vakt laurdag og sundag klokka 08.00-12.00 og frå klokka 18.00-21.00. Turnuslegar/LIS 1 deltek i vaktordninga. Dei har ikkje nattevakter. Dersom turnuslegen er aleine på vakt, skal ho/han sjølv varsle og organisere bakvakt,  jf. administrativ prosedyre. I intervju fekk vi opplyst at rettleiar for turnuslege skal vere bakvakt for sin turnuslege når han er aleine på vakt og at bakvakt har plikt til å rykkje ut. Vi fekk forskjellige opplysningar om kor vidt lege som er rettleiar for turnuslege/LIS1 er informert om plikta til om nødvendig å rykkje ut.  Vi fekk òg opplyst at spørsmål om å auke bemanninga slik at det er to legar på vakt heile dag- og kveldsvakta  laurdagar og sundagar var teke opp med leiinga i kommunen. Dette går også fram av referat frå møte i driftsgruppa. 

Opplæring

Legevakta har eigne opplæringsplanar for legar og sjukepleiarar, jf. informasjon i Sotrastandarden og informasjonshefta «Velkomen som ny lege på Sotra legevakt» og for sjukepleiarar «Velkommen som nyansatt på Sotra legevakt». Sotrastandarden er eit lokalt utarbeidd prosedyreverktøy med administrative og medisinske prosedyrar ved legevakta. I følgje opplæringsplanen for legar skal alle nye legar delta på opplæringsdag og opplæring i nødnett og får tilbod om to opplæringsvakter med erfaren kollega. Legane som vi intervjua, hadde delteke på opplæringsdag og hadde hatt ei opplæringsvakt. Legane kan òg delta på fagdagar og internundervising for sjukepleiarar og skal få tilbod om repetisjonskurs i bruken av nødnett. Det er den enkelte vaktlegen som avgjer om ho/han ønskjer å delta.

Alle sjukepleiarar får opplæringsplan og minst fem opplæringsvakter. Dei skal mellom anna ha gjennomført radioterminalkurs og ciccskurs før dei tek sjølvstendige vakter.

Alle tilsette skal få tilgang til dei administrative og faglege prosedyrane i  Sotrastandarden og innføring i bruken av denne. Av dei som veit at prosedyrane finst, var det fleire som ikkje brukte/gjorde oppslag i dei faglege prosedyrane. Om dei administrative prosedyrane blei det uttalt at dei var nyttige. 

Kjernejournal

Personellet har fått informasjon om kurs og autorisering. Kjernejournal blir lite bruk på legevakt. 

Lydlogg

Legevakta har avtale om sentralisert lydloggteneste.

Utstyr

I intervju kom det ikkje fram opplysningar om at legevakta manglar utstyr for å få utført oppgåvene. 

Kontaktar til legevaktsentralen, mottak og behandling på legevakt

Svartid på telefonar til legevaktsentralen er innanfor fastsette krav, jf. motteken oversikt over svartid.

Ved primærvurdering har sjukepleiar som svarar på telefon, ulike støtteverktøy til disposisjon, m.a.: Norsk elektronisk legehåndbok, Norsk medisinsk indeks (indeks), Telefonråd, SATS, Legevakthandboka og dei faglege prosedyrane i Sotrastandarden. For fastsetting av hastegrad kan indeks nyttast, jf. administrativ prosedyre «Håndtere pasienthenvendelser».

I intervju fekk vi ulike og motstridande opplysningar om kva faglege verktøy for avgjerdsstøtte sjukepleiarane som svarar på legevaktsentralen skal bruke og om  dei faglege prosedyrane i Sotrastandarden er  meint brukt ved fastsetting av hastegrad. Vi fekk også opplyst at sjukepleiarane blir oppmoda om å bruke indeks og Telefonråd, men at dette ikkje er noko dei må gjere og at det ikkje er ein felles etablert praksis for å bruke støtteverktøy ved telefonkontakt med pasientar (primærvurdering). Enkelte av dei vi intervjua, viste til lang erfaring og andre til at dei støtta vurderinga si på informasjon som innringar gav. Ingen av dei brukte dei lokalt utarbeidde faglege prosedyrane. Vi fekk opplyst at lege tek kontakt med 5 - 10 % av pasientane som sjukepleiar har gitt råd til for å avklare situasjonen ytterlegare.

Dei som får time hos lege, blir ført opp med hastegrad i timebok. Dei fleste som kjem til legevakta blir triagerte etter SATS triageringssystem. Ved endra triage, blir timen pasienten har fått endra til aktuell hastegrad. Sjukepleiar dokumenterer vitale parameter og tews i pasientjournal. Det kom fram at det er noko ulik forståing av korleis og når SATS skal brukast.

Legevakta har plassert ansvaret og har ein innarbeidd praksis for å følgje med på pasientar som ventar på å kome inn til lege. I intervju blei pasientflyt og samarbeid mellom sjukepleiarar og lege ved undersøking og behandling framstilt som god. 

Ved stikkprøver i pasientjournal fann vi at det gjennomgåande var kort ventetid frå kontakt til legevakt og til pasienten kom til hos lege, jf. vedlegg.

Legevaktlege skal prioritere å rykkje ut på raude responsar, jf. prosedyren «Utrykning på alarm ved rød respons.»  Lege kan rykkje ut med ambulanse eller med uniformert legevaktbil. Sjukepleiar er sjåfør når lege rykker ut med legebilen på raude responsar. Det går fram av mottekne opplysningar at vaktlege rykte ut på 78 % av dei raude responsane i januar 2018. Ved stikkprøve i pasientjournal til pasientar med mistanke om hjerneslag fann vi at lege hadde rykt ut til sju av ti pasientar, jf. vedlegg. 

Dokumentasjon

I følgje administrativ prosedyre i Sotrastandarden skal vurderingar, målingar og resultat på prøvesvar dokumenterast i pasientjournal av personellet som har utført oppgåva. Alle råd som sjukepleiarane gir til pasient/innringar skal godkjennast av vaktlege. Epikrise skal alltid sendast til fastlege når pasienten har vore til konsultasjon på legevakta. Informasjon i intervju og stikkprøver i pasientjournal tilseier at desse rutinane i hovudsak blir følgde. Ved stikkprøver i pasientjournal var notat frå sjukepleiar godkjende av lege og epikrise var sendt til fastlege i 33 av 43 konsultasjonar, sjå vedlegg. 

Øving og samtrening

Det er ingen felles møte for legar som deltek i vaktordninga og ingen felles møtepunkt for legar og sjukepleiarar. For sjukepleiarane er det regelmessige fagdagar/internundervisning og personalmøte Det har fram til nyleg ikkje vore opplegg for samtrening og øving på akuttmedisinske tilstandar, men frå august lagt opp til at det skal vere fast øving på hjarte-lungeredning ved ulike tilstandar fredagar kvar veke i tidsrommet klokka 1900-1930 for personellet som er på vakt. Vi fekk opplyst at det er obligatorisk å delta.  Ved hending som inneber raud respons har denne prioritet og øvinga utgår. Personell på ambulansestasjonen kan delta i øvingane om det høver. Det er ikkje inngått formell avtale om samtrening med helseføretaket. For legar og sjukepleiarar som er fritekne frå helgevakt og for dei som arbeider fast på natt, skal det vere eit eige opplegg for øving og samtrening. Ved å ha faste øvingstidspunkt og registrere kven som har delteke, får leiinga oversikt over kor lenge det går mellom kvar øving for den enkelte, eventuelt kven som ikkje har delteke og kan følgje dei opp.  

Leiinga si oppfølging 

Det er møte i leiargruppa til helsesjefen kvar veke og lagt opp til at driftsgruppa ved legevakta skal ha møte annakvar veke. Dette er arenaer for å løysing av saker, drøfting og melding om behov. Det er til dømes meldt frå til helsesjefen om at det er behov for fleire administrative og faglege ressursar for styrking og fagleg utvikling av legevakta og for å handtere arbeidsmengda i helgene, jf. referat frå driftsmøte. Legevaktsjef gjer stikkprøver i journalar frå vakter og gir ved behov tilbakemelding til den/dei som har vore på vakt. Dei fleste som er med i driftsgruppa ved legevakta, deltek også i vaktordninga i lag med kollegaer og kjenner verksemda. 

4.  Vurdering av faktagrunnlaget opp mot aktuelt lovgrunnlag

I dette kapittelet vurderer vi fakta i kapittel 3 opp mot lovreglane i kapittel 2.

Helse- og omsorgslovgjevinga stiller krav til leiing og systematisk styring for å sikre forsvarlege helsetenester.  Det er eit leiaransvar å sørgje for rammer og organisatoriske løysningar som reduserer sannsyn for svikt og avgrense skadeverknader. I kommunen er det øvste leiar som har det overordna ansvaret for styringssystemet og for at tenestene er trygge og forsvarlege. Regelmessig gjennomgang og evaluering er nødvendig for følgje med på om tenestene er forsvarlege og i tråd med helse- og omsorgslovgjevinga, og om styringssystemet er eigna til å vareta dette.

Sotra legevakt har god tilgang på helsepersonell og godt samarbeid mellom sjukepleiarar og legar. Ansvarsfordeling i leiinga og mellom legar og sjukepleiarar er avklart. Det er lagt til rette for at nytilsette og vikarar får informasjon og opplæring i høve til oppgåvene dei skal vareta.

Leiinga har iverksett ordningar for at personell på legevakt får regelmessig øving og samtrening i handtering av akuttmedisinske hendingar saman med personell på ambulanse. Ordninga har fungert kort tid og vil måtte følgjast opp for å vurdere om det er behov for andre tiltak.

Den første kontakten har mykje å seie for kva som blir gjort vidare med pasienten. Ved tilsynet kom det fram at frå leiinga si side ikkje er gitt eintydig informasjon om kva fagleg verktøy som skal brukast for avgjerdsstøtte i samband med primærvurdering av pasient som kontaktar legevakta. Det er ikkje ein felles etablert praksis for kva opplysningar som blir innhenta og lagt til grunn ved fastsetting av hastegrad før pasienten kjem til legevakta. Det er heller ikkje ei felles forståing av kva faglege støtteverktøy som er eigna til bruk i ulike situasjonar, under dette ved innhenting av opplysningar, vurdering og fastsetting av hastegrad. Informasjon som vi fekk, tilseier at det er opp til den enkelte som svarar på legevakttelefonen, om og i tilfelle kva faglege verktøy som blir nytta til avgjerdsstøtte.

Sjølv om det ikkje ligg føre opplysningar om alvorlege hendingar og konsekvensar for enkeltpersonar, meiner vi at variasjonen med omsyn til  om og i tilfelle kva faglege verktøy for avgjerdsstøtte som dei tilsette brukar, er for stor til å sikre nødvendig kvalitet. Noverande praksis er personavhengig og kan medføre at vesentleg informasjon ikkje blir innhenta/blir utelaten.

5.  Fylkesmannens konklusjon

Her presenter vi konklusjonen av undersøkinga vår, basert på vurderingane i kapittel 4.

Fylkesmannen peiker på følgjande:

  • Fjell kommune, Sotra legevakt sikrar ikkje at det er ein felles innarbeidd praksis, og under dette kva fagleg verktøy for avgjerdsstøtte som skal brukast for innhenting av opplysningar, vurdering og fastsetting av hastegrad.
    Dette er brot på: Forskrift om ledelse og kvalitetsforbedring i helse- og omsorgstjenesten §§ 6 til 9, jf. lov om kommunale helse- og omsorgstjenester § 4-1 og akuttmedisinforskrifta § 6 og 13.

6. Oppfølging av lovbrot

I dette kapittelet gjer vi greie for kva vi ventar at Fjell kommune skal gjere i arbeidet med å rette lovbrot som er påpeika.

Vi ber om at kommunen innan 1. desember 2018 sender oss ein konkret plan som gjer greie for følgjande:

  • Kva tiltak som blir gjennomført
  • Kommunens eigne fristar for å sikre framdrift
  • Korleis leiinga vil følgje med på og kontrollere at tiltaka blir sette i verk
  • Korleis leiinga vil gjennomgå om tiltaka fungerer som planlagt etter at dei har fungert ei tid

Med helsing

Helga Arianson
fylkeslege

Anne Grete Robøle
seksjonsleiar

 

Brevet er godkjent elektronisk og har derfor inga underskrift.

Vedlegg

Kopi med vedlegg til:

Øygarden kommune Ternholmvegen 2 5337 RONG

Sund kommune Postboks 23 5371 Skogsvåg

 

 

[1] Forskrift av 20. mars 2015 nr. 231 om krav til og organisering av kommunal legevaktordning, ambulanseteneste, medisinsk nødmeldetjeneste m.v.