Hopp til hovedinnhold

Hovedmeny

Historisk arkiv Dette innholdet er arkivert og vil ikke bli oppdatert.

Samandrag

Tilsynet med Odda kommune 10. og 11. april er del av fylkesmannens tilsyn med kommunale helse- og omsorgstenester i 2018. Denne rapporten gjer greie for funn på områda det blei ført tilsyn med.

Vi undersøkte om kommunen ved systematisk styring og leiing har lagt til rette for og følgjer med på at personar med utviklingshemming, 18 år og eldre som bur i eigen bustad, får forsvarlege helse- og omsorgstenester.

Ved tilsynet blei det ikkje avdekt brot på krav i lov og forskrift innanfor det kontrollerte området. Tilsynet er avslutta.

Ørjan Moldestad
revisjonsleiar

Torill Vebenstad
revisor

Dokumentet er godkjent elektronisk og har derfor inga underskrift.

1. Innleiing

Fylkesmannen i Hordaland har fullmakt til å føre tilsyn med helse- og omsorgstenester etter lov om statlig tilsyn med helse- og omsorgstjenesten § 2 og lov om kommunale helse- og omsorgstjenester § 12-3.

Rapporten er utarbeidd etter tilsyn med Odda kommune.

Formålet med tilsynet er å vurdere om kommunen ved si styring og leiing sikrar at krav i lovgjevinga blir etterlevde. Ved tilsynet undersøkte vi

  • kva tiltak kommunen har for å avdekkje, rette opp og førebyggje brot på lovgivinga innanfor dei tema tilsynet omfattar
  • om tiltaka blir følgde opp i praksis og om nødvendig korrigerte
  • om tiltaka er gode nok for å sikre at lovgjevinga blir følgd

Tilsynet blei utført som systemrevisjon. Ein systemrevisjon blir gjennomført ved å granske dokument, ved intervju og andre undersøkingar.

Rapporten handlar om funn ved tilsynet og gir derfor inga fullstendig tilstandsvurdering av det arbeidet kommunen har gjort innanfor dei områda som tilsynet omfatta.

  • Avvik dreier seg om at krav som er gitt i eller i tråd med lov eller forskrift, ikkje er oppfylte.

2. Omtale av verksemda

Rådmannen ved kommunalsjef styrer tenestene i linje til verksemdsleiar i Røldal og Eidesbrotet, som er einingane som yter tenester til personar med utviklingshemming. Eidesbrotet er organisert med ein avdeling for avlastning, ein for dagsenter og eit bufellesskap. Kvar avdeling er organisert med fast personale og har eigen avdelingsleiar. Tenesteytarane i Eidesbrotet bufellesskap gir og tenester til vaksne personar med utviklingshemming som bur i eigen bustad utanfor bufellesskapet.

3. Gjennomføring

Tilsynet omfatta følgjande aktivitetar:
Melding om tilsyn blei sendt 05.02.2018.

Formøte blei gjennomført 06.03.2018.
Svar på kartlegging om legemiddelhandtering blei motteke 23.03.2018.

Opningsmøte blei halde 10. april 2018
Intervju: Ni personar blei intervjua.
Samtalar med brukarar blei gjennomført 9. april 2018.
Stikkprøver: Journalar og brukarpermar, referat frå møter med meir, sjå kapittel 8.
Sluttmøte blei halde 11. april 2018.

Oversikt over deltakarar ved tilsynet, dokument som vi fekk tilsendt på førehand og dokument som blei gjennomgått under tilsynet, er gitt i kapittel 8.

4. Kva tilsynet omfatta

Vi har undersøkt om kommunen ved systematisk styring og leiing har lagt til rette for, følgjer med på og om nødvendig gjennomfører endringar slik at personar med utviklingshemming får forsvarlege helse- og omsorgstenester.

Tilsynet omfatta:

  • Gjennomføring av personleg assistanse, avgrensa til:
    o Tilsyn og hjelp til å vareta eigenomsorg
    o Hjelp til aktivisering
    o Opplæring i daglege gjeremål, personleg stell og eigenomsorg
  • Helsetenester i heimen og tilgjenge til medisinsk undersøking og behandling, avgrensa til:
    o Legemiddelhandtering, istandgjering og utdeling
    o Oppfølging etter legebesøk og oppfølging for å vurdere nødvendig helsehjelp hos lege
    o Helsehjelp ved akutte tilstandar
    o Kommunens medverknad til at brukar kjem i kontakt med og blir følgd til fastlege eller lege i spesialisthelsetenesta
    o Hjelp ved legebesøk til å formidle opplysningar som legen treng for å gi helsehjelp
    o Formidling av informasjon frå legebesøk tilbake til dei som gir helsetenester i heimen til brukaren.

I tilknyting til kvart tema undersøkte vi også korleis kommunen har lagt til rette for og varetek brukarens rett til informasjon og medverknad. Vi undersøkte og om kommunen etterspør politiattest ved tilbod om stilling.

Tilsynet omfatta ikkje tenester som blir gitt med bruk av tvang og makt, praktisk bistand hushald, brukarstyrt personleg assistanse, helsehjelp ved legevakt og tannhelsetenester. Om fastlege og spesialisthelsetenesta gir forsvarleg helsehjelp og om fastlegen gjennomfører regelmessig helsekontroll av brukarane, var heller ikkje del av tilsynet.

5. Funn

Ved tilsynet blei det ikkje avdekt brot på krav i lov og forskrift.

6. Vurdering av styringssystemet

Den som har det overordna ansvaret for verksemda skal sørgje for at det blir sett i verk og ført systematisk styring i tråd med forskrift om ledelse og kvalitetsforbedring i helse- og omsorgstjenesten. Styringssystemet skal vere eit effektivt verktøy som skal passe best mogeleg til den einskilde verksemda. Krava i forskrifta §§ 6-9 er minimumskrav.

Vi har ikkje grunnlag for å konkludere med at tenestene som blir gitt, er uforsvarlege. Leiinga er kjent med sårbare område i tenestene til utviklingshemma og arbeid med å forbetre tenestene er i gang.

7. Regelverk

  • Lov av 30. mars 1984 nr. 15 om statlig tilsyn med helse- og omsorgstjenesten
  • Lov av 24. juni 2011 om kommunale helse- og omsorgstjenester
  • Lov av 2. juli 1999 nr. 63 om pasient- og brukerrettigheter
  • Lov av 2. juli 1999 nr. 64 om helsepersonell m.v.
  • Lov av 10. februar 1967 om behandlingsmåten i forvaltningssaker
  • Forskrift av 21. desember 2000 nr. 1385 om pasientjournal
  • Forskrift av 27. juni 2003 nr.792 om kvalitet i pleie- og omsorgstjenestene
  • Forskrift av 3. april 2008 nr. 320 om legemiddelhåndtering for virksomheter og personell som yter helsehjelp
  • Forskrift av 16. desember 2012 nr. 1256 om habilitering og rehabilitering, individuell plan og koordinator
  • Forskrift av 28. oktober 2016 nr. 1250 om ledelse og kvalitetsforbedring i helse- og omsorgstjenesten

8. Dokumentunderlag

Opplysningar mottekne frå Odda kommune:

  • Organisasjonskart pleie og omsorg
  • Oversikt over leiarar og tilsette i tenester til personar med utviklingshemming
  • Oversikt over tenestestader
  • Stillingsomtalar
  • Dokument om eksternt tilsyn i avdeling bufellesskap og avlastningsbustad
  • Statistikkrapport avvik 13.12.2017 til 03.02.2018
  • Opplæringsplan E-kurs for helse og omsorg 2018
  • Plan for pleie og omsorgstjenester i Odda kommune 2014 – 2022
  • Strategisk kompetanseplan helse og omsorg datert november 2011
  • Kvalitetssystem: «Introduksjon av nyansatte i Odda kommune» datert 28.10.2015
  • Kvalitetssystem: «Introduksjon for nytilsette ved Eidesbrotet bufellesskap» datert februar 2018
  • Kartleggingsskjema IPLOS registrering
  • Kvalitetssystem: «Opplæring – Melde avvik/forbedringsforslag»
  • Notat om «korleis tenestemottakarane og verjer får informasjon om kommunen sitt tenestetilbod og kan medverke i utforming av tenestene»
  • Stillingsomtalar
  • «Tjenestebeskrivelse - omsorgsboliger for funksjonshemmede»
  • «Tjenestebeskrivelse – praktisk bistand og opplæring»
  • «Tjenestebeskrivelse – helsetjenester i hjemmet»
  • Notat om ansvar og oppgåver for primærkontakt
  • Notat om arbeidsfordeling i Eidesbrotet bufellesskap
  • Rutinar for koordinerande eining om individuell plan og koordinator
  • Kvalitetshandbok for legemiddelhandtering
  • Vaktplanar frå februar 2018
  • Turnuslister
  • Samhandlingsavtalar med Helse Fonna

Ikkje offentleg, jf. offl § 13 j.f fvl. § 13:
Saksutgreiingar og vedtak om tildeling av tenester

Stikkprøver

  • 16 pasientjournalar
  • 16 brukarpermar
  • Vaktplan/arbeidsliste
  • Kvitteringslister for istandgjort og utdelt medisin

Dokument som blei lagt fram:

  • 16 Brukarpermar
  • Dags- og vekeplanar
  • Sjekklister for opplæring av tenesteytarar
  • Permar som inneheld kartlegging og rutinar
  • Referat frå brukarmøter og personalmøter

Korrespondanse mellom Odda kommune og Fylkesmannen i Hordaland:

  • Melding om tilsyn, brev av 5. februar 2018 frå Fylkesmannen i Hordaland
  • E-brev frå Odda kommune 9. februar 2018 om kven som er kommunens kontaktperson
  • E-brev frå Odda kommune 1. mars om kven som deltek i formøtet
  • E-brev med vedlegg frå Fylkesmannen i Hordaland 7. mars, kartlegging av legemiddelhandtering
  • Brev frå Odda kommune motteke 13., 16. og 23. mars, dokumentasjon som vi har bedt om
  • E-brev med vedlegg frå Odda kommune 23. april, svar på kartlegging av legemiddelhandtering
  • E-brev med vedlegg frå Fylkesmannen i Hordaland 23. mars 2018, oversending av program
  • E-brev med vedlegg frå Fylkesmannen i Hordaland 4. april 2018, oversending av korrigert program

9. Deltakarar ved tilsynet

Tabellen under gir ei oversikt over deltakarane på opningsmøte og sluttmøte, og over kva personar som blei intervjua.

Ikkje publisert her

Frå Fylkesmannen deltok:
Marta Havre, seniorrådgjevar
Torill Vebenstad, seniorrådgjevar
Ørjan Moldestad, seniorrådgjevar