Hopp til hovedinnhold

Hovedmeny

Historisk arkiv Dette innholdet er arkivert og vil ikke bli oppdatert.

Samandrag

Fylkesmannen i Hordaland har ført tilsyn med Os kommune 20.-22. februar 2018. Denne rapporten gjer greie for funn innan dei områda det blei ført tilsyn med:

Tilsynet omfatta sosiale tenester i NAV, bestillar- og forvaltarkontoret, avdeling psykisk helse og Vartun oppfølgingsteneste. Vi har undersøkt om kommunen ved si leiing og styring har lagt til rette for og følgjer opp at personar 18 år og eldre med samtidig rusmiddelproblematikk og psykisk liding får individuelt tilpassa, koordinerte og forsvarlege tenester.

Innan dei områda tilsynet var avgrensa til og ut frå opplysningar som vi fekk, har leiinga lagt til rette for og kan følgje med på at brukarane får individuelt tilpassa og forsvarlege tenester.

Det kom ikkje fram opplysningar som gir grunnlag for å konkludere med at krav i sosial- og helse- og omsorgslovgjevinga er brotne.

Tilsynet er avslutta.

Vår dato 27.02.2018

Anne Grete Robøle
revisjonsleiar

Birthe Lill Christiansen
revisor

 

Dokumentet er elektronisk godkjent og har ikkje underskrifter.

1. Innleiing

Rapporten er utarbeidd etter tilsyn med Os kommune 20.-22. februar 2018. Dette tilsynet er ein del av det landsomfattande tilsynet med kommunale helse- og omsorgstenester og sosiale tenester i NAV som blir gjennomført i 2017 og 2018 og eit av dei planlagde tilsyna som Fylkesmannen i Hordaland gjennomfører dette året.

Fylkesmannen har fullmakt til å føre tilsyn med helse- og omsorgstenester etter lov om statlig tilsyn med helse- og omsorgstjenestene § 2 og lov om kommunale helse- og omsorgstjenester § 12-3. Fylkesmannen har fullmakt til å føre tilsyn med sosiale tenester i NAV etter lov om sosiale tjenester i arbeids- og velferdsforvaltningen § 9.

Tilsynet blei utført som systemrevisjon. Dette inneber gransking av dokument, intervju og andre undersøkingar.

Formålet med systemrevisjonen er å vurdere om kommunen, gjennom si styring og leiing, tek hand om ulike krav i lovgivinga. Revisjonen omfattar å undersøkje:

  • kva tiltak verksemda har for å avdekkje, rette opp og førebyggje brot på lovgjevinga innanfor dei tema tilsynet omfattar
  • om tiltaka blir følgde opp i praksis og om nødvendig korrigerte
  • om tiltaka er gode nok for å sikre at lovgjevinga blir følgd

Rapporten handlar om avvik som er avdekte under revisjonen og gir derfor ikkje ei fullstendig tilstandsvurdering av det arbeidet kommunen gjer innanfor dei områda som tilsynet omfatta. Avvik er krav som er gitt i eller i tråd med lov eller forskrift, som ikkje er oppfylte.

2. Omtale av verksemda

Os kommune har om lag 25 500 innbyggjarar. Tenestene tilsynet omfatta, er styrde i line frå rådmann til kommunalsjef helse, omsorg, oppvekst og kultur og vidare til einingsleiarane for helsetenester, bestillar og forvaltarkontoret og NAV Os sosiale tenester.

Kommunepsykolog ROP, ruskonsulent og SLT-koordinator er organisert i stab hos einingsleiar helsetenester. Leiarane for avdeling psykisk helse, Vartun oppfølgingsteneste, avdeling bufellesskap og ergo- og fysioterapitenesta rapporterer til einingsleiar helse.

Kommunen har eit differensiert tenestetilbod og legg vekt på at tenestene skal vere tilgjengelege og tilpassa dei særskilte behova til brukarane. Fagdag om bruk av ulike kartleggingsverkty blei gjennomført hausten 2017. Frå mai 2017- februar 2018 deltok Os i lag med nabokommune i pilotnettverk innan rus og psykiatri i regi av KS.

Informasjon frå tilsette om utgreiing av behov, medverknad frå brukarane, praktisk gjennomføring av tenestene, samarbeid med andre og oppfølging av behov, samsvarer i stor grad med det brukarane sjølve formidla om tilgjenge til teneste og medverknad.

3. Gjennomføring

Aktivitet

Melding om tilsyn

Stikkprøver

Samtale med

Dato

4. desember 2017

20. februar

8 tenestemottakarar

 

 

20 journalar

Opningsmøte

Intervju

Sluttmøte

21. februar

21.-22 februar

22. februar

17 tilsette

Oversikt over deltakarar ved tilsynet, dokument som vi fekk tilsendt på førehand og dokument som blei gjennomgått under tilsynet, er gitt i kapittel 8.

5. Kva tilsynet omfatta

Tilsynet er avgrensa til kommunens styring med helse- og omsorgstenester og sosiale tenester i NAV. Målgruppa er personar 18 år og eldre som har samtidig rusmiddelproblem og psykisk liding som kvar for seg eller samla gjer at dei har eit funksjonstap som medfører behov for tenester frå kommunen over tid.

Tilsynet inkluderer tenestemottakarar uavhengig av kva rusmiddel dei nyttar (alkohol, legemiddel, illegale rusmiddel) og uavhengig av om dei har fått diagnostisert ei rusliding. Dette gjeld og for psykiske lidingar ved at tilsynet er retta mot kommunens tenester uavhengig av om personane har ein psykiatrisk diagnose (bipolar liding, schizofreni, depresjon etc.). Det er ingen skilnad på om personane aktivt nyttar rusmiddel eller om dei er i rehabilitering etter behandling for rusmiddelbruken.

Vi har undersøkt om kommunen ved helse- og omsorg og sosiale tenester i NAV

  • legg til rette for og tek i vare pasientane/brukarane sin rett til informasjon og medverknad
  • legg til rette for samarbeid mellom kommunale einingar som gir helse- og omsorgstenester og sosiale tenester, og med fastlegar og spesialisthelsetenesta
  • samordnar og samarbeider om tenestene som brukarane får frå kommunale einingar, fastlegar og spesialisthelsetenesta
  • innhentar informasjon om brukarens heilskaplege situasjon og mogelege behov for tenester
  • kartlegg og gir individuelt tilpassa og forsvarlege helse- og omsorgstenester retta mot brukarens rusmiddelproblem og psykiske liding
  • kartlegg og følgjer opp somatiske helseproblem
  • tilbyr og gir individuelt tilpassa og forsvarlege tenester slik at brukar kan meistre å bu i eigen bustad

6. Funn

Ved tilsynet kom det ikkje fram opplysningar som tilseier at krav i sosial- og helse- og omsorgslovgjevinga er brotne.

7. Vurdering av styringssystemet

Innan dei områda tilsynet var avgrensa til og ut frå opplysningar som vi fekk, har leiinga lagt til rette for og kan følgje med på at brukarane får individuelt tilpassa og forsvarlege tenester.

8. Regelverk

Lov av 30. mars 1984 nr. 15 om statlig tilsyn med helse- og omsorgstjenesten (helsetilsynslova)
Lov av 24. juni 2011 om kommunale helse- og omsorgstjenester (helse- og omsorgstenestelova)
Lov av 18. desember 2009 nr. 131 om sosiale tjenester i arbeids- og velferdsforvaltingen (sosialtenestelova)
Lov av 2. juli 1999 nr. 63 om pasient- og brukerrettigheter (pasient- og brukarrettslova) Lov av 2. juli 1999 nr. 64 om helsepersonell m.v. (helsepersonellova)
Lov av 10. februar 1967 om behandlingsmåten i forvaltningssaker (forvaltningslova)

Forskrift av 28. oktober 2016 nr.1250 om ledelse og kvalitetsforbedring i helse- og omsorgstjenesten
Forskrift av 19. november 2010 nr. 1463 om internkontroll for kommunen i arbeids- og velferdsforvaltningen
Forskrift av 20. desember 2016 nr. 1848 om pasientjournal
Forskrift av 19. november 2010 nr. 1462 om individuell plan i arbeids og velferdsforvaltningen
Forskrift av 29. august 2016 nr. 1030 om habilitering og rehabilitering individuell plan og koordinator
Forskrift av 16. desember 2011 nr. 1393 om helsepersonellovens anvendelse for personell som yter tjenester etter lov om kommunale helse- og omsorgstjenester

Ved dette tilsynet er kravet til forsvarleg verksemd og plikta til systematisk styring sentrale. Det same gjeld plikta til tilrettelegging for og varetaking av retten til informasjon og medverknad.

Plikta til systematisk styring

Kommunens plikt til styring og leiing for å sikre at verksemd og tenester etter kapittel 4 i sosialtenestelova er i samsvar med krav fastsett i eller i medhald av lov eller forskrift går fram av sosialtenestelova § 5. Plikta til styring av dei kommunale tenestene i NAV er nærare konkretisert i forskrifta om internkontroll i kommunalt NAV.

Kommunens ansvar for å tilby nødvendige helse- og omsorgstenester inneber plikt til å planleggje, gjennomføre, evaluere og korrigere verksemda, slik at omfang og innhald i tenesta er i samsvar med lov og forskrift går fram av helse- og omsorgstenestelova §§ 3-1 tredje ledd og 4-2.

Forskrift om ledelse og kvalitetsforbedring i helse- og omsorgstjenesten gjeld frå 1. januar 2017. I praksis er dette ikkje nye krav, men presiseringar av krav i forskrift om internkontroll i helse- og omsorgstjenesten, som galdt tidlegare.

Kommunen er pålagt å sikre forsvarlege tenester gjennom si styring.

Forsvarleg verksemd

Kravet om forsvarleg verksemd, jf. helse- og omsorgstenestelova § 4-1 og sosialtenestelova

§ 4, er forankra i anerkjend fagkunnskap, faglege retningsliner og allmenngyldige samfunnsetiske normer. Faglege retningsliner og rettleiarar kan vere eitt av fleire bidrag til å gje krav om forsvarleg verksemd eit innhald. Tilrådingar gitt i nasjonale faglege retningsliner er ikkje rettsleg bindande, men normerande og retningsgjevande ved at dei tilrår handlingsval, jf. https://helsedirektoratet.no/metoder-og-verktoy.

Ved dette tilsynet er følgjande retningsline, rettleiarar og rundskriv aktuelle:

  • Nasjonal faglig retningslinje for utredning, behandling og oppfølging av personer med samtidig ruslidelse og psykisk lidelse – ROP-lidelser, IS-1948 frå Helsedirektoratet
  • Rundskriv til sosialtenestelova frå Arbeids- og velferdsdirektoratet i 2012
  • Veileder til bruk ved økonomisk rådgivning. NAV September 2013. Sist endra april 2016
  • Veileder til sosialtjenesteloven § 17 frå Arbeids- og velferdsdirektoratet i 2014
  • Sammen om mestring. Veileder i psykisk helsearbeid og rusarbeid for voksne, Et verktøy for kommuner og spesialisthelsetjenesten, IS-2076 frå Helsedirektoratet.

Pasient- og brukarmedverknad

Pasient- og brukarmedverknad er ein føresetnad for forsvarlege tenester i helse og omsorg og sosiale tenester i NAV. Tenestetilbod skal så langt som råd utformast i samarbeid med tenestemottakar, og det skal leggjast stor vekt på kva vedkomande meiner, jf. sosialtenestelova § 42. Pasientar- og brukarar har rett til å medverke ved utforming og gjennomføring av tenester, jf. pasient- og brukarrettslova § 3-1 første og andre ledd. Når tenestetilbod blir utforma, skal det leggjast stor vekt på kva pasienten og brukaren meiner, jf. pasient- og brukarrettslova § 3-1 andre ledd andre punktum, jf. helse- og omsorgstenestelova § 3-2 første ledd nr. 6.

Samarbeid for å koordinere tenester

Samarbeid og samhandling er avgjerande for at personar med rusmiddelproblem og psykisk liding skal få forsvarlege tenester. Kravet til forsvarleg verksemd inneber at kommunens tilbod som heile må vere forsvarleg. Det er ikkje tilstrekkeleg at kommunens deltenester kvar for seg er forsvarlege. Kommunens plikt til å samarbeide med andre går mellom anna fram av følgjande føresegner:

NAV-kontorets plikt til å samarbeide med andre på individnivå, jf. sosialtenestelova §§ 17 og 28.

Kommunen har plikt til å leggje til rette for samhandling mellom ulike deltenester i kommunen og med andre der dette er nødvendig for å tilby tenester, jf. helse- og omsorgstenestelova § 3-4. Det går fram av helse- og omsorgstenestelova § 4-1 at kommunen skal leggje tenestene til rette slik at den enkelte får eit heilskapleg og koordinert helse- og omsorgstenestetilbod.

Den nasjonale faglege retningslina for utgreiing, behandling og oppfølging av personar med samtidig rusliding og psykisk liding tilrår at det blir laga plan for samordning og koordinering av tenester også for dei som ikkje ønskjer individuell plan.

Plikt til å dokumentere

Innhenting av opplysningar er regulert i sosialtenestelova § 43. I rundskrivet til lova, punkt 5.41.2.3 og 5.43.2.3, er det presisert at opplysningane i saka skal liggje føre skriftleg, anten dette er i form av innhenta dokument eller i søknad og andre saksdokument.

Skriftleg dokumentasjon sikrar rettstryggleiken til den enkelte og gjer det mogeleg å overprøve behovsvurderinga i saka. Oppfølginga av den enkelte skal også dokumenterast på ein slik måte at brukar kan få informasjon om dei vurderingane som er gjort undervegs, og at tilsette og leiarar ved NAV-kontoret og klage- og tilsynsmyndigheiter kan setje seg inn i og vurdere oppfølginga.

I helse- og omsorgstenestelova § 5-10 er det presisert at kommunen skal sørgje for at pasient- og informasjonssystema er forsvarlege. Det er kommunens ansvar å opprette pasientjournalsystem som gjer det mogleg for dei tilsette å halde journalføringsplikta.

9. Dokumentunderlag

Opplysningar mottekne frå Os kommune i brev av 17. januar 2018 med vedlegg:

  • Rapport for 2. tertial 2017 Os kommune
  • Informasjonsmateriell:
    o ROP oppfølgingsteam.
    o Veit du om nokon som slit
    o Traumekurs
    o Avdeling bufellesskap, Os kommune
    o Foreldrekurs i emosjonsfokusert foreldreveiledning
    o Primækontaktmappe: samtykke til samarbeid, søknadsskjema helse- og omsorgstenester, avtale om medikamenthandtering, IPLOS- opplysningar, kartleggingsskjema, Audit og Dudit kartlegging, nettverkskart, evalueringsskjema, mål og tiltak, mal kriseplan, sjekklise for førstegongssamtalar, visittkort og timekort
  • Organisasjonskart Os kommune
  • Informasjon om kven som er leiarar i tenestene tilsynet omfattar
  • Reglement for delegering av mynde i Os kommune
  • Leiaravtale for Os kommune
  • Informasjon om ansvar og mynde til einingsleiar NAV kommune og eining helsetenester og avdelingsleiarane. Informasjon om deltakarar i ROP team
  • Oversikt over tilsette i NAV Os sosiale tenester og i eining Helsetenester
  • Informasjon om kven som er leiar for koordinerande eining for habilitering og rehabilitering
  • Informasjon om rutine for samarbeid-rammer for tenester frå avd. psykisk helse
  • Informasjon om mottak av nytilsette
  • Personalversjon, individuell førebyggingsrutine ved vald og truslar
  • Overordna kompetanseplan 2017
  • Møteplan NAV Midthordland
  • Skjema og sjekkliste for plan for introduksjon og oppfølging av nytilsette
  • Opplæringsplan for nytilsette og vikarar og for vedlikehald og utvikling av fagleg kompetanse hos fast tilsette i NAV Os sosiale tenester
  • Møteplan NAV Os sosiale tenester
  • Samarbeidsavtale 2017-2018 mellom Os kommune og Kompetansesenter rus region ved Bergen, Stiftelsen Bergensklinikkene
  • Strategisk kompetanseplan 2017-2020
  • Vartun oppfølgingsteneste: branninstruks, brannopplæring, retningsliner or kameraovervaking, velkomen som nytilsett, rutinar ved førstehjelp, oversikt over førstehjelpsutstyr, oversikt over smittevernutstyr, rutinar for hjartestartar, rutinar ved dødsfall, rutinar for inn- og utlevering av nøklar, rutinar for lågterskel arbeid, lågterskel arbeid i garasjen, rutinar ved overdose
  • Rutinar for utlevering av brukarutstyr
  • Rutinar for inntak av LAR-legemiddel
  • Brukarundersøking 2016
  • Skjema – avtale om bruk av krisehybel ved Grantun Bufellesskap
  • Rutine for elektronisk meldingsutveksling mellom Bestillar og forvaltarkontoret og helseføretak
  • Rutine varetaking av pasient som er meldt utskriven til heimen
  • Lokal strategi for reduksjon av overdosedødsfall
  • Skjema – kriseplan
  • Legemiddelhandtering – narkotika
  • Rutine - bruk av krisehybel
  • Rutine vakttelefon
  • ROP-forløp, retningsliner Helse Bergen HF og kommunane
  • Samarbeidsavtale mellom Os kommune og Kriminalomsorgen region vest
  • Informasjon om kartlegging og tildeling av tenester frå Bestillar og forvaltarkontoret
  • Rutine saksbehandling og arkivering i Profil
  • Flytskjema saksbehandlingsprosessen
  • Forsøksordning med statlig finansiering av omsorgstjenester, manual for tildeling av omsorgstjenester
  • Sosialhjelp. rutine ved bruk av krisehybel
  • Sakshandsaming og vedtak om tildeling av sosiale tenester
  • Samtaleguide
  • Saksbehandling kommunale bustader
  • Primærkontakt, koordinators oppgåver
  • Rett hjelp til rett tid – sikre at vedtak på tenester blir sett i verk til rett tid
  • Samtykke til samarbeid
  • Handbok for koordinatorar
  • Mal – personalia i samband med oppretting av sak i journalsystem
  • Valdsrisiko – sjekkliste-10
  • Mandat og målgruppe for Fagteamet
  • Informasjon om samarbeid med koordinerande eining og fastlegar
  • Informasjon om mandat til koordinerande eining
  • Ansvarsvakt avdeling psykisk helse
  • Mal – melding om enkeltvedtak
  • Informasjon om fagsystem
  • Mal – avtale om disponering av trygd
  • Mal – melding om vedtak
  • Flytskjema økonomisk rådgjeving
  • Mal - første samtale økonomisk rådgjeving
  • Mal – fullmakt ved økonomisk rådgjeving
  • Mal – sosialhjelp frivillig forvaltning
  • Rutine overgang frå barnevern til NAV
  • Rutinar for å dokumentere vedtak, tenesteyting og vurderingar i fagsystem
  • Mal – sosialhjelp – søknad sosialhjelp
  • Rutine barnefattigdom
  • Rettleiing kartleggingssamtale
  • Informasjon om varetaking av barn som pårørande, avdeling psykisk helse
  • Informasjon om bekymringsmelding til barneverntenesta, avdeling psykisk helse
  • Brosjyre – barn som pårørande
  • Informasjon om lågterskel barnekoordinator
  • Mal- kartlegging av barn som pårørande i Os kommune
  • Informasjon om rutinar ved NAV Os sosiale tenester om søkjar har barn
  • Informasjon om tilrettelegging for brukarmedverknad, avdeling psykisk helse
  • Mål for avdeling psykisk helse
  • Sjekkliste for førstegangssamtale, avdeling psykisk helse
  • Mal for endringsvurdering
  • Mal – skala for samtalevurdering
  • Informasjon om avvik 1. september 2017-31.desember 2017
  • Informasjon om årshjul Os kommune
  • BrukarPlan Os 2017
  • Informasjon om pilotnettverk innan rus/psykiatri mai 2017- februar 2018
  • Framdriftsplan – felles system for Bjørnafjorden kommune
  • Referat fagteam
  • Risikovurdering – rus og psykiatri Os kommune og Fusa kommune
  • Informasjon om leiinga si oppfølging
  • Risikovurdering NAV Os
  • Verksemdsplan NAV kommune 2017

Dokument lagt fram ved tilsynet

  • Informasjon om individuell plan
  • Sjekkliste for primærkontakt/koordinator
  • Kartleggingsskjema sosialtenesta

Korrespondanse mellom Os kommune og Fylkesmannen i Hordaland:

  • Melding om tilsyn, brev av 4. desember 2017 frå Fylkesmannen i Hordaland
  • Informasjon om endring av dato, e-post av 5. desember 2017 frå Os kommune
  • Melding om endra dato for tilsynet, brev av 6. desember 2017 frå Fylkesmannen i Hordaland
  • Informasjon om kontaktperson for tilsynet i Os kommune, e-post av 8. desember 2017
  • Informasjon om samtalar med tenestemottakarar, e-post av 5. januar 2017 frå Fylkesmannen i Hordaland
  • Informasjon om praktisk tilrettelegging av tilsynet, e-postar av 5., 8. og 9. januar 2018 mellom Os kommune og Fylkesmannen i Hordaland
  • E-post av 9., 10., 11 januar og 2. februar 2018 med vedlegg frå Os kommune
  • Brev av 9. januar 2018 med vedlegg frå Os kommune, u. off. jf. offl. § 13, jf. fvl. § 13
  • Program for tilsynet, brev av 24. januar 2018 frå Fylkesmannen i Hordaland
  • Korrigert program for tilsynet, e-post 1. februar 2018 med vedlegg frå Fylkesmannen i Hordaland

Deltakarar ved tilsynet

Tabellen under gir oversikt over deltakarane på opnings- og sluttmøtet, og over kven som blei intervjua.

Ikkje publisert her

Frå Fylkesmannen deltok: Seniorrådgjevar Marta Havre Seniorrådgjevar Birthe Lill Christiansen Seksjonsleiar Anne Grete Robøle


Alle tilsynsrapporter fra dette landsomfattende tilsynet

2017–2018 Tjenester til pasienter med psykisk lidelse og mulig samtidig ruslidelse

Søk