Hopp til hovedinnhold

Hovedmeny

Historisk arkiv Dette innholdet er arkivert og vil ikke bli oppdatert.

Vi viser til utkast til rapport sendt den 05. november 2018 og tilbakemelding frå Stord kommune i brev av 13. november 2018.

Fylkesmannen gjennomførte tilsyn med Stord kommune 23.10.2018 og 24.10.2018. Vi undersøkte om kommunen sine helse- og omsorgstenester til personar over 65 år som bur i eigen eller leigd bustad vert utført i samsvar med krav i helselovgjevinga.

Tema for tilsynet var kommunen sine tiltak for å førebyggje og behandle underernæring, og heimesjukepleietenester til personar over 65 år som har vedtak om hjelp til å administrere legemiddel.

Det vart ikkje avdekka lovbrot under tilsynet. Tilsynet er difor avslutta.

1. Tilsynets tema og omfang

I dette kapittelet skildrar vi kva som vart undersøkt i tilsynet.

Vi har undersøkt om kommunen gjennom systematisk styring og leiing sikrar at personar over 65 år som bur i eigen eigd eller leigd bustad får forsvarlege helse- og omsorgstenester.

Tilsynet vart avgrensa til to tema: kommunen sine tiltak for å førebyggje og behandle underernæring og heimesjukepleietenester til personar over 65 år med vedtak om hjelp til å administrere legemiddel.

Under tema kommunens tiltak for å førebyggje og behandle underernæring undersøkte vi om kommunen sikrar:

  • identifisering av ernæringsmessig risiko og av underernæring.
  • oppfølging av tenestemottakarar for å førebyggje og behandle underernæring.

Under tema kommunens tiltak til personar over 65 år som får hjelp til administrasjon av legemiddel undersøkte vi om kommunen sikrar:

  • oppdatert oversikt over tenestemottakars
  • samarbeid med og informasjon til fastlegar og spesialisthelsetenesta om legemiddelbruk (samstemming av legemiddellister).

Tilsynet var avgrensa til kommunens heimetenester (heimesjukepleie, praktisk bistand og matombringing) til tenestemottakarar med ernæringsrisiko/ernæringsproblem. Verksemda til fastlegane eller spesialisthelsetenesta, gjennomføringa av ernæringsbehandling, enkeltgrupper sine spesielle ernæringsbehov, etiske spørsmål kring ernæring, krav til samtykke eller bruk av tvang var ikkje omfatta av tilsynet.

2. Aktuelt lovgrunnlag for tilsynet

Fylkesmannen er gitt mynde til å føre tilsyn med kommunale helse- og omsorgstenester etter helse- og omsorgstenestelova § 12-3 og helsetilsynslova § 2. Eit tilsyn er kontroll av om verksemda sin praksis er i samsvar med gjeldande reglar i lov og forskrift. Vi gjev derfor her ei oversikt over krava som var lagt til grunn i tilsynet.

Grunnleggande behov
Kvalitetsforskrifta skal bidra til å sikre at dei som får helse- og omsorgstenester frå kommunen får sine grunnleggande behov dekka. Grunnleggande behov er mellom anna fysiologiske behov som tilstrekkeleg ernæring (mat og drikke), variert helsefremmande kosthald, rimeleg valfridom når det gjeld mat, tilpassa hjelp ved måltid og nok tid og ro til å ete. Kommunen skal etter forskrifta ha skriftlege prosedyrar for å sikre at tenestemottakarane får dei tenestene dei har behov for og krav på, jf. kvalitetsforskrifta § 3.

Helsedirektoratet har utarbeidd nasjonale faglege retningslinjer for førebygging og behandling av underernæring. Retningslinjene angir kva som til vanleg er å rekne som fagleg god praksis og er heilt sentrale ved vurderinga av kva som vil vere forsvarlege tenester, jf. kravet om forsvarleg verksemd og systematisk arbeid for kvalitetsforbetring i helse- og omsorgstenestelova §§ 4-1 og 4-2.

Etter retningslinjene skal kommunen sikre at alle tenestemottakarar vert kartlagde for ernæringsmessig risiko ved oppstart av teneste/vedtak om tildeling av heimesjukepleie og deretter jamleg kvar månad, eller etter eit anna individuelt opplegg som er fagleg grunngjeve. Kartlegginga skal gjennomførast på ein systematisk måte, gjerne ved bruk av eigna kartleggingsverktøy. Resultat frå kartlegginga skal vurderast av kvalifisert helsepersonell.

Tenestemottakar sin ernæringsstatus skal identifiserast. Dei som er identifiserte til å vere i ernæringsmessig risiko eller er underernærte skal følgjast opp med relevante og individuelt tilpassa tiltak. Kommunen må fange opp endringar i behov hjå tenestemottakarane. Avgjerder om vidare utgreiing, iverksetting og oppfølging av individuelle og målretta tiltak skal utførast av kvalifisert helsepersonell.

Samarbeid og samhandling
Kommunen skal legge til rette for samhandling mellom ulike deltenester i kommunen og med andre tenesteytarar der dette er nødvendig for å kunne tilby forsvarlege tenester, jf. helse- og omsorgstenestelova § 3-4. Dette betyr mellom anna at kommunen må sikre at tenestemottakarar som berre får praktisk bistand vert fanga opp dersom dei er i ernæringsmessig risiko eller er underernærte.

Kommunen må ha rutinar som sikrar samarbeid og kommunikasjon mellom heimesjukepleien og personell som yter praktisk bistand. Rutinar må vere kjende og verte brukt av dei tilsette. Det kan vere ulike medisinske årsaker til at tenestemottakarar har ernæringsmessig risiko eller er underernærte. Kroniske sjukdommar og/eller legemiddelbruk kan føre til nedsett matlyst og kvalme, som igjen kan føre til at ein ikkje får i seg tilstrekkeleg ernæring. Kommunen må sikre at heimebuande tenestemottakarar får nødvendig undersøking og behandling hjå fastlegen.

Legemiddelhandtering
Verksemdleiar etter legemiddelhandteringsforskrifta skal sørge for at legemiddelhandteringa vert utført forsvarleg. Dersom verksemdleiar sjølv ikkje er lege eller farmasøyt, skal det peikast ut ein fagleg rådgjevar med slik utdanning jf. § 3 i forskrifta. Verksemdleiar skal sørge for internkontoll, mellom anna ved å utarbeide og oppdatere skriftlege prosedyrar for legemiddelhandteringa, gi skriftlege bestemmelsar om kva kompetanse tilsette som skal utføre oppgåver innan legemiddelhandtering skal ha og sørge for at helsepersonell får nødvendig opplæring og kompetanseutvikling i legemiddelhandtering. Verksemdleiar skal sørge for rutinar for å melde og følgje opp feil og uønska hendingar knytt til legemiddelhandteringa. Verksemdleiar har også ansvar for jamleg risikovurdering av legemiddelhandteringa og for systematisk gjennomgang av verksemdas rutinar og praksis.

Forsvarleg legemiddelhandtering og oppfølging av tenestemottakarar er ofte betinga av samarbeid mellom heimesjukepleie og fastlege. Både sjukepleiar i heimetenesta og fastlege har behov for samarbeid for å ivareta sine oppgåver. Kommunen har ansvaret for å bidra til at tenestemottakar får nødvendig legetilsyn og plikt til å sikre fastlegen informasjon om pasientens bruk av legemiddel som er rekvirert av andre enn pasientens fastlege.

Ei oppdatert og samstemt liste over legemiddel i bruk skal alltid følge pasienten ved skifte av omsorgsnivå, jf. legemiddelhandteringsforskrifta § 5.

Dokumentasjon og journalføring
Kommunen skal sørge for forsvarlege journal- og informasjonssystem, jf. helse- og omsorgstenestelova § 5-10. Alle tilsette som gir helsehjelp har plikt til å føre pasientjournal, jf. helsepersonellova § 39. Journalen skal innehalde relevante og nødvendige opplysningar om pasienten og helsehjelpa. I pasientjournalforskrifta § 8 er det nærare konkretisert kva opplysningar som skal journalførast. Journalen skal førast løpande, og gi ei oppdatert oversikt over observasjonar, vurderingar, avgjerder og tiltak.

Systematisk styring og kvalitetsforbetring
Helse- og omsorgstenestene skal vere forsvarlege, jf. helse- og omsorgstenestelova § 4-1. Det er kommunens ansvar å planleggje, gjennomføre, evaluere og korrigere verksemda, slik at tenestene er forsvarlege i innhald og omfang. For å oppfylle dette kravet må kommunen organisere og leggje til rette slik at helsepersonell kan utøve si verksemd forsvarleg. Det inneber mellom anna å sørgje for tilstrekkeleg bemanning og sikre at helsepersonell har nødvendig kunnskap og kompetanse, og gi dei nødvendig opplæring.

Helse- og omsorgstenestelova § 4-2 pålegg kommunen å drive systematisk arbeid for kvalitetsforbetring og pasienttryggleik. Dette systematiske arbeidet skal inngå som del av styringssystemet, jf. helsetilsynslova § 3. Kravet til forsvarleg verksemd omfattar fleire forhold som fell saman med kravet til leiing og kvalitetsforbetring, jf. forskrift om ledelse og kvalitetsforbedring i helse- og omsorgstjenesten, under dette systematisk arbeid for å ivareta pasienttryggleiken. Den som har det overordna ansvaret for verksemda, har også det overordna ansvaret for styringssystemet. Det vil seie korleis aktivitetar i verksemda er planlagt, gjennomført, evaluert og korrigert i samsvar med krav fastsett i eller i medhald av helse- og omsorgslovgjevinga. Styringssystemet, jf. pliktene i forskrifta §§ 6 til 9 skal vere tilpassa storleiken på verksemda, eigenarten, aktivitetar og risikoforhold og ha det omfanget som er nødvendig.

Basert på krava ovanfor, må blant anna dette kunne ventast av ei forsvarleg heimeteneste:

  • Leiinga sørgjer for at fordeling av ansvar, oppgåver og mynde er avklart, og at tilsette i heimetenesta har nødvendig fagleg kompetanse.
  • Leiinga sørgjer for innarbeidde rutinar for førebygging og behandling av underernæring og legemiddelhandtering.
  • Kommunen følgjer med på at rutinar fungerer og blir følgde, og gjer nødvendige korrigerande tiltak når det blir meldt om feil, manglar eller uønskte
  • Leiinga har oversikt over område i verksemda der det er risiko for svikt, behov for kvalitetsforbetring eller mangel på etterleving av lovkrav, handsaming av avvik og at det vert arbeid systematisk med kvalitetsforbetring og pasient- og

3. Framstilling av faktagrunnlaget

Her blir det gjort greie for korleis tenesta fungerer, inkludert tiltak for å sørgje for at krava til kvalitet og tryggleik for tenestemottakarane blir haldne.

Stord kommune sine helse- og omsorgstenester er organisert i kommunalavdeling rehabilitering helse og omsorg (RHO). Kommunalavdelinga vert leia av kommunalsjefen som har det overordna ansvaret for avdelinga. Avdelinga er delt inn i fem område.

Kvart område vert leia av ein einingsleiar som har totalansvaret for sitt område og som rapporterer til kommunalsjef. Områda er delt inn i avdelingar som vert leia av kvar sin avdelingsleiar. Heimetenesta er delt i tre avdelingar etter geografisk område: Sentrum, Vest og Nord. Avdelingssjukepleiar har det daglege ansvaret for tenesteutføringa og tilbodet til tenestemottakarane i sona. Kvar avdeling yter både heimesjukepleie og praktisk bistand. Dei tilsette arbeider i ei av sonene.

Kommunen har elektronisk styringssystem (Compilo). Kommunen brukar elektronisk journal (Profil) med elektroniske legemiddellister. Legemiddel vert administrert med multidose i tillegg til dosettar. Kommunen har ikkje ordning med tilbod om matombringing.

Innbyggjarane i kommunen har Helse Fonna HF, Stord sjukehus som sitt lokalsjukehus.

Kommunen har samarbeidsavtale med helseføretaket om samhandling ved innlegging og utskriving av pasientar. Kommunen har interkommunal legevaktordning lokalisert på Stord.

Identifisering av ernæringsmessig risiko og av underernæring
Kommunen har utarbeidd ei skriftleg prosedyre for arbeidet med ernæringsoppfølging. Målet med prosedyren er å identifisere og følgje opp brukarar som har risiko for underernæring.

Prosedyren gjeld for heimebaserte tenester og viser til nasjonale faglege retningslinjer for førebygging og behandling av underernæring.

I følgje prosedyren skal tildelingskontoret kartlegge alle nye brukarar med tanke på risiko for underernæring og oppfølging av ernæringsstatus. MNA-skjema del 1 skal brukast for dei som er i risiko for underernæring. Ved screeningsresultat under 12 poeng skal brukar tilbys ernæringsoppfølging. Screeningsresultat under 10 poeng skal meldast til fastlege.

Kvar avdeling skal ha årleg gjennomgang av sine brukarar med tanke på om det er nokon som bør få tilbod om ernæringsoppfølging. Dette inneber å registrere vekt og høgde, rekne ut BMI og gjennomføre kostsamtale. Dersom BMI er mindre enn 22 skal MNA del 1 fyllast ut.

Informasjon om brukar som ikkje vil screenast og som tenesta er uroa for, skal meldast til fastlege. Prosedyren omfattar også tiltak når det undervegs i tenestene oppstår uro for brukar sin ernæringstilstand. Ved behov for spesiell ernæringsoppfølging skal det sendast endringsmelding til tildelingskontoret.

Opplysningar skal etter prosedyren dokumenterast i pasientjournal. Einingsleiar har det overordna ansvaret for at prosedyren er kjent i eininga, mens avdelingsleiar har ansvar for at prosedyren er kjent og vert nytta.

Dei intervjua er kjende med at kommunen har laga ein ny prosedyre for ernæringsoppfølging, innhaldet i denne og fordeling av ansvar og oppgåver knytt til dette arbeidet. Det vart opplyst i samtalene at ernæring har vore eit fokusområde i avdelingane den siste tida og at ernæring også har vore tema på fagdag.

Dei intervjua opplyste at så langt har ikkje alle brukarar vorte kartlagt for ernæringsmessig risiko, men at arbeidet med kartlegging er godt i gang. Dette gjeld nye brukarar så vel som brukarar som får tenester.

Journalgjennomgangen synte at opplysningar om ernæringsstatus var dokumentert i 30 av 43 journalar. Vektkontroll og BMI var dokumentert. Opplysningar om vekt var registrert under

målingar og i skjema. I fleire journalar var det registrert opplysningar i skjema for kostsamtale og MNA-skjema. I ein del av journalane var skjema lagt inn, men ikkje fylt ut.

Leiinga er kjende med at ikkje alle brukarar er kartlagt for ernæringsstatus. Einingsleiar og avdelingsleiarar har utarbeidd ein handlingsplan som skal sikre at alle brukarar er kartlagt innan utgangen av 2018. Kommunalsjefen er kjend med arbeidet.

Oppfølging av tenestemottakarar for å førebyggje og behandle underernæring
I følgje kommunens prosedyre skal brukarar som har ernæringsmessig risiko eller underernæring få målretta ernæringsoppfølging. Det går fram av prosedyren at for brukarar med vedtak om ernæringsoppfølging skal vekta kontrollerast ein gong per månad.

Opplysningar om vekt, kostsamtale og BMI skal dokumenterast i journal. Screeningresultat under 10 poeng skal meldast til fastlege for drøfting av tiltak. Tiltak skal bli individuelt tilpassa og dokumenterast i journal.

Tilsette vi snakka med opplyste at dei observerer brukaranes ernæringssituasjon. Dette gjeld òg tilsette som yter praktisk bistand. Observasjonar som gir mistanke om ernæringsproblem blir dokumentert og rapportert til sjukepleiar/koordinator. Ved behov vert lege kontakta.

Brukar sin situasjon og behov for tiltak blir drøfta i gruppa, og individuelle tiltak blir deretter sett i verk. Tiltak vert også drøfta og utarbeidd i samarbeid med brukar/pårørande.

Det vert sendt endringsmelding til tildelingskontoret ved behov for vedtaksendring. Dersom det er behov for auka hjelp til ernæringsoppfølging opplyser tilsette og leiinga at brukarane får utvida timetalet/tenestetilbodet.

Journalgjennomgangen synte at det vert gjennomført individuelle tiltak med tanke på ernæringsoppfølging, så som å vere til stades under måltid, tilrettelegging av måltid, og beriking av mat. Det vert gjort vektkontroll og rekna ut BMI etter behov. Tiltak og fortløpande gjennomføring av tiltak er dokumentert i journal. Journalgjennomgangen viste likevel få spor av opplysningar om mål for ernæringsoppfølginga og evaluering av tiltak (ernæringsplan). Det vart opplyst i samtalane at tiltaka vert evaluert fortløpande mellom anna i brukarmøtet.

Oppdatert oversikt over tenestemottakaranes legemiddelbruk
Det er utarbeidd felles skriftlege prosedyrar for legemiddelhandsaminga i kommunen. Einingsleiar for heimebaserte tenester har overordna ansvar for legemiddelhandteringa og at prosedyren er rett og kjend for dei tilsette.

I følgje prosedyren skal sjukepleiar oppdatere legemiddellista i journal (Profil) ved endring i legemiddelbruken. Endringa skal kontrollerast av ein anna sjukepleiar. Både endringa og kontrollen skal dokumenterast i Profil.

I intervjua vart det opplyst at ved endringar i legemiddelbehandlinga oppdaterer sjukepleiar/koordinator på vakt legemiddellista i Profil fortløpande, og at anna sjukepleiar gjer kontroll av endringa. Dei intervjua opplyste om og journalgjennomgangen synte at tenesta har kontakt med fastlegane om legemiddelbehandlinga mellom anna via e-meldingar.

Det vert teke utskrift av oppdatert legemiddelliste som vert lagra i til brukaranes heim.

Samarbeid med og informasjon til fastlegar og spesialisthelsetenesta om legemiddelbruk (samstemming av legemiddelliste)
Kommunen har samarbeidsavtale med helseføretaket om utveksling av legemiddel- opplysningar ved innlegging i og utskriving frå sjukehus. Dei brukar elektronisk meldingsutveksling. Kommunen har skriftlege retningslinjer for samarbeid med fastlegar om legemiddelbruk og samstemming av legemiddellister. Det gjekk fram av intervjua at det er vanskeleg å få gjennomført møte med fastlegane om legemiddelgjennomgang.

Dei intervjua opplyste om at den fortløpande meldingsutvekslinga med fastlegar og helseføretak om legemiddelbruk, legemiddellister og oppdatering av legemiddellister vert utført av sjukepleiar/koordinator. Journalgjennomgangen stadfesta dette. Det vart også opplyst at det var lett å få kontakt med fastlegane.

I følgje prosedyren skal det skrivast e-melding til fastlege når sjukehus/legevakt har gjort endringar i legemiddelbruken.

Dei intervjua opplyste om at fastlegen har ansvaret for legemiddelbehandlinga til brukarene. Det kom fram at sjukepleiar/koordinator ikkje alltid sender e-melding til fastlege ved endringar i legemiddellista, til dømes på grunnlag av epikrise frå sjukehus, fordi fastlege får epikrise med legemiddelopplysningar direkte frå sjukehuset.

Dei tilsette melder avvik ved oppdaga feil som gjeld legemiddelhandteringa. Det kom fram at avvika vert gjennomgått og nytta i styring av tenesta. Kommunen har gjort risikovurdering av legemiddelhandteringa og kommunen har årleg gjennomgang av sine prosedyrar. Det kom fram at dei tilsette også skriv avvik ved svikt i samarbeidet med fastlegane, og at dette vert teke vidare opp med kommunelege og i eige møte med fastlegane. Det kom også fram at kommunen har etablert ordning for å melde avvik til helseføretaket.

4. Vurdering av faktagrunnlaget opp mot aktuelt lovgrunnlag

I dette kapittelet vurderer vi fakta i kapittel 3 opp mot lovreglane i kapittel 2.

Helse- og omsorgslovgjevinga stiller krav til leiing og systematisk styring for å sikre forsvarlege helse- og omsorgstenester. Det er eit leiaransvar å sørgje for rammer og organisatoriske løysingar som reduserer risiko for svikt. Leiinga i kommunen har eit overordna ansvar for styringssystemet og for å følgje med på om tenestene er forsvarlege og i tråd med helselovgjevinga, og om styringssystemet er eigna til å ivareta dette.

Stord kommune ved kommunalsjef styrer heimetenesta i linje gjennom einingsleiar og avdelingssjukepleiar.

Kommunens tiltak for å førebyggje og behandle underernæring
Kommunen kjenner til og har teke utgangspunkt i Nasjonale faglege retningslinjer for førebygging og behandling av underernæring ved utarbeiding av eigen prosedyre. Det vert nytta anerkjent kartleggingsverktøy, og brukarar som er kartlagt til å vere i ernæringsmessig risiko vert følgt opp med individuelle tiltak. Opplysningar vert dokumentert i pasientjournal. Vår vurdering er likevel at det er rom for forbetring når det gjeld dokumentasjon av mål for behandlinga, vurderingar som ligg til grunn for tiltaka og evaluering av tiltaka (ernæringsplan).

Fylkesmannen vurderer at ansvar og oppgåver knytt til tema er kjent for dei tilsette. Kommunen sikrar nødvendig kompetanse i utføringa av oppgåvene og verksemdas rutinar. Ernæring er peika ut som eit risikoområde, og leiinga har oversikt over og følgjer opp arbeidet med å førebyggje og behandle underernæring hjå heimetenestas brukarar. Leiinga har fokus på kvalitetsarbeid i tenestene. Slik Fylkesmannen vurderer det, har kommunen styring og kontroll av arbeidet knytt til identifisering av ernæringsmessig risiko og underernæring samt oppfølging og behandling av underernæring.

Kommunens tiltak for å sikre oppdatert oversikt over legemiddelbruk og samarbeid med fastlegar og spesialisthelsetenesta om legemiddelbruken.
Kommunen har felles retningslinjer som skal sikre fortløpande oppdatering av legemiddelliste i pasientjournalen, og informasjon til og samhandling med fastlege og spesialisthelsetenesta om brukars legemiddelbruk.

Fylkesmannen vurderer at arbeidet vert utført i samsvar med verksemdas skriftlege retningslinjer, og av personell med nødvendig kompetanse. Vi meiner likevel at legemiddelhandteringa er sårbar ved bruk av legemiddellister som ikkje alltid er kvalitetsikra og godkjende av fastlege. Fastlegen er ansvarleg for pasientens legemiddelbehandling. Bruk av legemiddelliste som ikkje er godkjend av fastlege inneber auka risiko for at pasienten kan få feil legemiddelbehandling. Tiltak som mulitdose og sjukepleiars dobbeltkontroll ved endringar reduserer risikoen.

Verksmeda har rutinar for å melde avvik knytt til legemiddelhandtering, og avvika vert følgt opp og brukt i styring av tenestene. Verksemda har årlege gjennomgangar av skriftlege retningslinjer for legemiddelhandtering. Det er gjennomført risikovurdering av legemiddelhandteringa. Vi vurderer at kommunens styring er tilstrekkeleg for å sikre forsvarleg oppdatering og samstemming av legemiddellister.

5. Fylkesmannens konklusjon

Her presenter vi konklusjonen av undersøkinga vår, basert på vurderingane i kapittel 4. Det vart ikkje avdekka lovbrot under tilsynet. Tilsynet er difor avslutta.

Med helsing

Helga Arianson
fylkeslege

Silje Haaskjold Sætre
seniorrådgjevar

Brevet er godkjent elektronisk og har derfor inga underskrift.

Vedlegg: Gjennomføring av tilsynet

Kopi til:

Statens helsetilsyn

Vedlegg: Gjennomføring av tilsynet med Stord kommunes helse- og omsorgstenester til heimebuande eldre

I dette vedlegget omtaler vi korleis tilsynet vart gjennomført, og kven som deltok.

Varsel om tilsynet vart sendt 04.06.2018.

Opplysningar som vi hadde bedt om, vart mottekne 04.07.2018, 27.08.2018, 05.09.2018 og 02.10.2018.

Program vart oversendt 03.10.2018. Korrigert program vart sendt 16.10.2018.

I forkant av tilsynet vart det gjennomført ei brukarkartlegging. Vi sende eit enkelt spørjeskjema til 40 tenestemottakarar i målgruppa til tilsynet. Vi fekk 4 svar.

Under tilsynsbesøket 23.10.2018 var vi på synfaring ved medisinrommet til heimetenesta. Vi såg mellom anna gjennom perm med kopi av legemiddellister.

Tilsynet med Stord kommune vart innleia med eit kort informasjonsmøte 23.10.2018. Oppsummerande møte med gjennomgang av funn vart halde 24.10.2018.

Ein del dokument vart tilsendt og gjennomgått på førehand, mens andre dokument vart overlevert og gjennomgått i løpet av tilsynsbesøket. Følgjande dokument vart gjennomgått og vurderte som relevante for tilsynet:

  • Oversikt over tenestemottakarar i målgruppa for tilsynet
  • Kopi av gjeldande vedtak om bistand til legemiddelhandtering og/eller ernæringsoppfølging for tenestemottakarar i målgruppa
  • Organisasjonskart
  • Årsmelding for 2017
  • Oversikt over tilsette i eining heimebaserte tenester
  • Tenesteomtaler
  • Delegasjonsreglement
  • Overordna samarbeidsavtale
  • Tenesteavtaler
  • Rutine for grunnleggjande behov
  • Pkt 12 ernæringsoppfølging
  • Felles rutine for legemiddelhandsaming i Stord kommune
  • Pkt 13 legemiddelhandtering lokale prosedyrer
  • Pkt 14 dokumentasjon og journalføring
  • Tenesteavtaler
  • Samarbeidsrutine med fastlege
  • Rutiner for handtering av avvik
  • Oversikt over meldte avvik siste 12 md
  • Handlingsplan etter ROS ernæring

Vi gjorde stikkprøvar i 43 pasientjournalar

I tabellen under gir vi eit oversyn over kven som vart intervjua, og kven som deltok på oppsummerande møte ved tilsynsbesøket:

Ikkje publisert her

Frå Fylkesmannen i Hordaland og Fylkesmannen i Sogn og fjordane deltok:

  • assisterande fylkeslege, Jo Kåre Herfjord, revisor
  • seniorrådgjevar, Anne-Eli Wangen, revisor
  • seniorrådgjevar, Silje Haaskjold Sætre, revisjonsleiar