Hopp til hovedinnhold

Hovedmeny

Historisk arkiv Dette innholdet er arkivert og vil ikke bli oppdatert.

Samandrag

Systemrevisjonen gjaldt følgjande område: Kommunen sitt arbeid med oppfølging av barn i fosterheim. For å kontrollere om barneverntenesta  følgjer med utviklinga til barn som er plasserte i fosterheim, undersøkte ein desse tilhøva:

  • Oppfølging og kontroll av barnet sin situasjon i fosterheimen
  • Korleis barnet har fått medverke
  • Råd og rettleiing til fosterforeldra
  • Oppfølging av biologiske foreldre

Det vart ikkje avdekt lovbrot/avvik i dette tilsynet. Det vart gjeve ein

Merknad:

Sula kommune manglar strategi for å handtere auka saksmengde i barnevernet når det gjeld meldingar og undersøkingar.

Molde den 21.11.14

Heidrunn Avdem
revisjonsleiar

Liv Aasen
revisor

 

Anders Skorpen
revisor

 

1. Innleiing

Rapporten er utarbeidd etter systemrevisjon ved barneverntenesta i Sula kommune i perioden

10.07.14 -21.11.14. Revisjonen er ein del av Fylkesmannen sitt planlagte tilsyn i 2014 og er ein del av eit landsomfattende tilsyn som blir gjennomført etter oppdrag frå Helsetilsynet.

Fylkesmannen har fullmakt til å føre tilsyn med barneverntenesta etter lov om barneverntenester §§ 2-3 (4) og 2-3b.

Formålet med systemrevisjonen er å vurdere om verksemda utøver internkontroll slik at ein sikrar at <lei ulike krava i lovgjevinga blir følgt. Revisjonen undersøkte:

  • kva tiltak verksemda har for å avdekke, rette opp og førebygge brot på lovgjevinga innan dei tema som tilsynet omfattar
  • om tiltaka blir følgde opp i praksis og ev. blir korrigerte når det er nødvendig
  • om tiltaka er gode nok til å sikre at lovgjevinga blir følgd

Ein systemrevisjon blir gjennomført ved å granske dokument, ved intervju og andre undersøkingar. Rapporten handlar om eventuelle avvik og merknader som er avdekte under revisjonen og er derfor ikkje ei fullstendig tilstandsvurdering  av det arbeidet verksemda har gjort innanfor <lei områda som tilsynet omfatta.

  • Avvik - når krav som er gitt i lov eller forskrift, ikkje er oppfylte
  • Merknad - når tilsynsorganet finn grunn til å peike på forhold som bør forbetrast sjølv om dei ikkje er i strid med lover eller forskrifter.

2. Omtale av verksemda

Sula kommune har 8651 innbyggjarar. Av desse er 2412 under 19 år. Nær 28 % av alle innbyggarar i kommunen er altså barn. I kommunane elles i fylket utgjer barnebefolkninga i gjennomsnitt 22,3 %.

Barneverntenesta er i dag organisert som ei eiga eining, men skal frå årskiftet organiserast saman med dei andre tenestene for barn og unge i kommunen. Barneverntenesta vart frå den 1.1.14 delt i to team, eit omsorgsteam og eit for undersøking og tiltak. Det er to medarbeidarar som for tida arbeider med å følgje opp barn i fosterheimar. Barnevernleiar har møte med omsorgsteamet kvar veke. Det blir laga årsplan for oppfølginga av alle fosterbarna i kommunen og arbeidet blir fortløpande dokumentert i saksmappene.

Tenesta har fått tilført 2 stillingar i  perioden 2011 - 2014 gjennom den statlege styrkinga av kommunebarnevernet.  Kommunen har etter dette 5,75 % saksbehandlarstillingar  og ei 100% stilling til tiltak. Sula har færre stillingar i barnevernet pr. 1000 barn enn gjennomsnittet for kommunane i fylket og i kommunegruppa.  Kommunen har også færre barn med barneverntiltak  enn gjennomsnittet for fylket og kommunegruppa, men brukar likevel meir ressursar pr. barn. Dette kan ha samanheng med at kommunen har omsorg for mange barn, 30% fleire enn gjennomsnittet for kommunane i fylket. Talet på nye undersøkingar har auka frå 55 i 2011 til 81 i 3013. Det var registrert 63 nye undersøkingar i første halvår 2014.

Sula kommune har 25 barn som bur i fosterheimar.

3. Gjennomføring

Systemrevisjonen omfatta følgjande aktivitetar:

Revisjonsvarsel vart sendt ut den 10.07.14.

Opningsmøte den 01.10.2014.

Intervju -av 6 medarbeidarar. Samtale med ansvarleg kommunalsjef.

Sluttmøte vart halde den 02.10.2014.

Det går fram i kapittel 8 kva slags dokumentasjon som var gjennomgått før revisjonen. Under besøket gjekk vi i tillegg gjennom dokumentasjonen om barnevernet sitt arbeid med fosterbarnet og fosterforeldra i 15 saksmapper. Vi såg særleg på:

  • Plasseringsvedtaket
  • Samværsavtale  og -plan
  • Omsorgsplan eller tiltaksplan
  • Fosterheimsavtalar
  • Journalnotat, møtereferat etter 01.01.2013.

4. Tema for tilsynet

Tilsynet gjaldt kommunen sitt arbeid med oppfølging av barn i fosterheim. For å kontrollere om barneverntenesta nøye og jamnleg følgjer med utviklinga til barn som er plasserte i fosterheim, undersøkte vi <lesse tilhøva:

  • Oppfølging og kontroll av barnet sin situasjon i fosterheimen
  • Korleis barnet har fått medverke
  • Råd og rettleiing til fosterforeldra
  • Oppfølging av biologiske foreldre

5. Funn

Tilsynet avdekte ikkje brot på barnevernslova (avvik) innan dei områda tilsynet omfatta. Tilsynet avdekte manglar i styringa av barnevernet som ga grunnlag for ein

Merknad:

Sula kommune manglar strategi for å handtere auka saksmengde i barnevernet når det gjeld meldingar og undersøkingar.

Grunngjeving

Talet på nye barnevernsmeldingar har auka vesentleg i 2014. Alle som vart intervjua ga utrykk for uro over korleis tenesta møter denne situasjonen.

6. Vurdering av styringa av barneverntenesta

Det følgjer av barnevernslova sin § 2-1. 2. ledd at kommunen skal etablere system for internkontroll med eiga verksemd. Internkontroll skal vera eit verktøy for systematisk styring og forbetring m.a. for å sikre at ein etterlever krava i lovverket. I tidlegare tilsyn med barnevernstenesta  i Sula har kommunen opplyst at ein skulle etablere eit internkontrollsystem innan 2011. I tilsynet kom det fram at ein framleis er i starten på dette arbeidet.

Fylkesmannen vurderer at det er innarbeidd arbeidsmåtar som sikrar at lovkrava blir oppfylte når det gjeld arbeidet med å følgje opp barn i fosterheimar.

Fylkesmannen merka seg den uttrykte bekymringa i tenesta over manglande samsvar mellom nye meldingar og kapasitet til å undersøke sakene og setja i verk naudsynte tiltak. Det er etablert praksis at barnevernsleiar utarbeider rapport til fagutvalet for helse- og sosial om situasjonen i tenesta to gonger for året i samband med halvårsrapporteringa til fylkesmannen. Kommunen ser likevel ut til å mangle ein overordna strategi for korleis ein skal møte store endringar i behova i tenesta. Tilsynet vurderer derfor at det i dagens situasjonen er ein risiko for at mange saker ikkje vil bli behandla i samsvar med lovkrava.

Fylkesmannen vil følgje opp dette som ei eiga sak i samband med rapporteringa for 2. halvår 2014.

7. Regelverk

  • FNs barnekonvensjon  om barns rettigheter Lov om barneverntjenester
  • Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker Forskrift om fosterhjem
  • Forskrift om internkontroll for kommunens oppgaver etter lov om barneverntjenester

8. Dokumentunderlag

Før revisjonen hadde vi fått tilsendt følgjande dokumentasjon om verksemda:

  • Organisasjonskart
  • Rutine/huskeliste for flytting av barn til fosterheim
  • Delegasjonsreglement
  • Leiaravtale for barnevernsleiar
  • Signaturkort
  • Delegert mynde til fast stedfortredar for barnevernsleiar
  • Årsmelding 2013
  • Rapportering til politisk nivå aug. 14
  • Oversikt over fosterheimsplasserte barn
  • Skriftlege rutinar som er relevante for fosterheimsarbeidet
  • Oversikt over alle barna som kommunen har plassert i fosterheim.

9. Deltakarar i tilsynet

Tabellen under gir ei oversikt over deltakarane på opningsmøte og sluttmøte, og over kva personar som blei intervjua.

Ikkje publisert her

Frå tilsynsorganet deltok:
Heidrunn Avdem, Liv Aasen og Anders Skorpen

 


Alle tilsynsrapportene fra det landsomfattende tilsynet

2013-14 Oppfølging av barn i fosterhjem

Søk etter tilsynsrapporter

Søk