Hopp til hovedinnhold

Hovedmeny

Historisk arkiv Dette innholdet er arkivert og vil ikke bli oppdatert.

Samandrag

Rapporten er utarbeida etter gjennomføring av sjølvmeldingstilsyn i 24 av kommunane i Rogaland hausten 2015, med kommunane sitt folkehelsearbeid etter folkehelselova, med fokus på det løpande oversiktsarbeidet etter § 5.

Opplysningane er innhenta frå kommunane på eit elektronisk spørjeskjema.

Tema for tilsynet var om kommunane har sikra at det blir lagt til rette for og satt i gang arbeid med den løpande oversikta over helsetilstanden til innbyggjarane og dei positive og negative faktorane som kan virke inn på denne, jf. folkehelselova §§ 5, 27 og 30, samt forskrift om oversikt over folkehelse § 4, jf. §3.

Målsetjinga for tilsynet var å undersøkje at kommunane er korne i gang med det løpande oversiktarbeidet , samt å stimuler kommunane i <leira eige forbetrings- og kvalitetsarbeid for. å oppfylle krava som blir stilt i lova.

Resultat

I sjølvmeldingsskjemaet blei kommunane sjølv bedd om å konkludere med om dei var korne i gang med det løpande oversiktsarbeidet eller ikkje. Konklusjonane skulle bli basert på kunnskap om lovkrava sett opp mot den praksis som reelt eksisterer i kommunane . Oppsummeringa viser at 19 kommunar sjølv har konkludert med at dei er i gang med arbeidet. Fem kommunar har konkludert med at dei ikkje oppfyller krava i lova på området.

Fylkesmannen sin konklusjon

Ved ein nærmare gjennomgang av sjølvmeldingane til dei 19 kommunane som sjølv melder at dei er i gang med det løpande oversiktsarbeidet, så finn Fylkesmannen store variasjonar i kommunane sine tilbakemeldingar på korleis oppgåva blir løyst.

Etter Fylkesmannen si vurdering er det berre fem kommunar som oppfyller lovkrava til å vera korne i gang med oversiktsarbeidet.

Fylkesmannen meiner at dei resterande 14 kommunane på det nåverande tidspunkt ikkje oppfyller krava i lova. Gjennomgang av <lesse sjølvmeldingane visar store variasjonar i status: fem kommunar har korne langt i planlegging, organisering og tilrettelegging, men manglar enkelte organisatoriske grep for å implementere og sikre det løpande oversiktarbeidet. Dei ni andre kommunane hadde på tilsynspunktet ikkje fanga opp løpande oversiktsarbeid som ei eiga oppgåve, dei skil ikkje mellom det generelle folkehelsearbeidet og oversiktsarbeidet og/eller dei skil ikkje mellom det 4-årige oversiktsdokumentet og det løpande oversiktsarbeidet. Kommunane har ein jobb å gjere for å få på plass ein organisering av og ein plan og struktur for det løpande oversiktsarbeidet.

Etter Fylkesmannen si meining er tleirtalet av kommunane i fylket ikkje korne i gang med eit systematisk, kunnskapsbasert og organisert løpande oversiktsarbeid.

Fylkesmannen vil i denne samanheng understreke at vi i våre konklusjonar berre har basert oss på den informasjonen som kommunane sjølv har sendt inn. Vi har ikkje oppsøkt andre kjelder eller sett på annan dokumentasjon.

Dato: 10.12.2015

Astrid Aadland
seniorrådgjevar/tilsynsleiar

Helge A. Haga
seniorrådgjevar

 

1. Innleiing

Rapporten er utarbeidd etter gjennomføring av sjølvmeldingstilsyn med det løpande oversiktsarbeidet i 24 kommunar i Rogaland.

Tema for tilsynet var kommunen sitt arbeid med å halde løpande oversikt over helsetilstanden til innbyggjarane og <lei positive og negative faktorane som kan virke inn på denne.

Fylkesmannen har ratt myndigheit til å føre tilsyn med korleis kommunen oppfyller plikter pålagt i eller i medhald av §§ 4-9 og §§ 27-30 i lov om folkehelsearbeid (folkehelseloven). Fylkesmannen sitt tilsynsansvar og myndigheit følgjer av folkehelseloven § 31, jf. kommuneloven § 1OA.

Sjølvmeldingstilsynet inngår som ein del av Fylkesmannen i Rogaland sin planlagde tilsynsverksemd i inneverande år og er gjennomført i perioden 11.mai - 10.desember 2015.

Formålet med sjølvmeldingstilsynet var å undersøke at kommunane er korne i gang med arbeidet med å ha løpande oversikt over helsetilstanden i befolkninga og dei positive og negative faktorane som verker inn på denne. Vidare var det også eit formål å vere til hjelp for kommunane i <leira forbetrings- og kvalitetsarbeid for å oppfylle dei krava som blir stilt i lova.

2. Tilsynsmetode og gjennomføring

Tilbakemeldinga frå dei 24 kommunane er henta inn på eit elektronisk spørjeskjema, jf. vedlegg 1.

Spørjeskjemaet var delt inn i tre hovuddelar, der den første delen gjaldt kommunen si organisering av det generelle folkehelsearbeidet. Tanken var at Fylkesmannen med dette skulle ra naudsynt bakgrunnsinformasjon om kommunane sitt breie folkehelsearbeid. Del to var tilsynet sitt hovudfokus og omhandla kommunane sitt løpande oversiktsarbeid. I den siste delen blei kommunane oppmoda om å gjere greie for vidare planer for utvikling av oversiktarbeidet.

For både det generelle folkehelsearbeidet og for det løpande oversiktsarbeidet, blei kommunane bedt om å skildre organiseringa av arbeidet i kommunen. Spørsmåla reflekterte krava i lova og i forskrifta. Kommunane skulle stort sett svare ja eller nei på spørsmåla, med ei påfølgjande oppmoding om å forklare og skildre. Avslutningsvis blei kommunane bedt om å konkludere med om dei er i gang med det løpande oversiktsarbeidet i samsvar med lovkrava. Dei som konkluderte med at dei ikkje oppfyller lovkrava, blei samstundes bedt om å sende inn ein plan for retting av lovbrotet. Svarfristen var om lag fem veker.         

Sjølvmeldingstilsynet blei varsla i brev av 11.05.2015.

Det blei i august månad gjennomført ei oppstartssamling i Tysvær for kommunane i nordfylket og i Stavanger for kommunane i sør. I varselbrevet blei kommunane bedt om å møte med to representantar, der den eine skulle vere frå kommunen si overordna leiing. På samlinga blei temaet for tilsynet presentert, samt at myndigheitskrava og spørjeskjemaet blei grundig gjennomgått.

Formålet var å auke kommunane si kompetanse på dette fagfeltet, samt å sikre ei best mulig forståing av myndigheitskrava og temaet for tilsynet/revisjonskriteria. I spørjeskjemaet blei kommunen bedt om å evaluere seg sjølv, og for at dette skulle skje på ein kvalitativ og mest mulig eins måte, var det naudsynt at kommunane visste kva dei skulle evaluere og kva krav dei skulle evaluere seg sjølv mot.

Etter at spørjeskjema var sendt inn arrangerte Fylkesmannen i november oppsummeringssamlingar i nord- og sørfylket. På samlingane blei resultata av sjølvmeldingane presentert. I tillegg delte Sandnes og Karmøy kommune sine erfaringar med korleis det løpande oversiktsarbeidet kan bli organisert. Fylkesmannen hadde og ein bolk med råd- og vegleiing der vi snakka mykje om formålet med oversiktsarbeid, samt at krava i lov og forskrift blei repetert.

Fylkesmannen summerer opp tilsynet i denne fellesrapporten. I tillegg får kvar enkelt kommune eit særskild følgjebrev med ein tilbakemelding på forholda i eigen kommune. Dei kommunane som har manglar blir bedt om å gje tilbakemelding om korleis forholda skal rettast opp og om aktuelle tiltak har hatt effekt.

Kommunar som eventuelt ikkje er samde i Fylkesmannen sine vurderingar, har høve til å leggje fram dokumentasjon eller gje utfyllande informasjon om organisering av oversiktsarbeidet.

3. Litt om kommunane og det generelle folkehelsearbeidet

Innbyggjartalet i kommunane i Rogaland varierer frå vel 200 på Utsira til om lag 130 000 i Stavanger. Oppgåva med å halde oversikt over helsetilstanden i befolkninga, vil av denne grunn sjølvsagt arte seg ulik og innehalde ulike utfordringar og oppgåver.

Dei fleste kommunane har ei fast organisering av det generelle folkehelsearbeidet. Strukturen på arbeidet følgjer i stor grad av den fylkeskommunale satsinga på partnarskap i folkehelse.

I 20 av kommunane er det etablert eit tverrfagleg folkehelseforum, medan 4 kommunar per i dag manglar ein fast struktur. Det mest vanlege er at det tverrfaglege folkehelseforumet er eit administrativt organ. Men enkelte kommunar har etablert tverrfaglege samarbeidsarenaer på ulike nivå i kommunen for å sikre involvering og eigarskap til folkehelsearbeidet blant alle aktuelle aktørar. Det vil seie ei politisk forankring og involvering av næringsliv og dei frivillige organisasjonane og laga.

Dei fleste kommunane har lagt oppfølginga av folkehelsearbeidet til ein bestemt stilling. Fleire mindre kommunar melder at det berre er satt av 10-20% stillingsressurs til folkehelsekoordinator­ rolla eller at oppgåva er sprett på fleire stillingar i organisasjonen utan ein fast koordinator.

Dei aller fleste kommunane har lagt oppgåva til helseetaten i kommunen. Tre kommunar har lagt oppgåva til rådmannens stab, og fire til kommunen si avdeling for plan og utvikling etc.

Når det gjeld rådmannen si oppfølging så har rådmannen i enkelte kommunar vald å være direkte involvert i folkehelsearbeidet, då i form av å leie ei styringsgruppe og/eller folkehelseforumet.

Andre har vald å leggje oppgåva til sin eigen stab med oppfølging av folkehelsekoordinatoren.

I dei fleste andre kommunane er ansvar for oppfølging lagt til ein kommunaldirektør/etatsleier eller direkte på ein folkehelsekoordinator. Når oppgåva er lagt til ein underliggande etat så er involveringa og oppfølginga frå rådmannen varierande. Som oftast blir rådmannen berre involvert og orientert i samband med årsrapporten eller når handlingsplanen for folkehelsearbeid (ref. partnarskap rfk) skal bli revidert.

I forhold til mandat og oppgåvefordeling varierer det i stor grad om oppgåver eller ansvar på området er beskrive. Dei fleste kommunane rapporterer at det er utarbeidd eit mandat for folkehelseforumet. Enkelte kommunar viser til at fordeling av oppgåver og ansvar er ivaretatt i utarbeidinga av handlingsplan eller temaplan for folkehelse. Andre igjen viser til at alle arbeidar kvar for seg og innan sitt felt, og at det blir antatt at dette blir følgt opp av linjeleiar.

Også når det gjeld rapportering er det store variasjonar, frå dei kommunane der rådmannen deltek aktivt og etterspør informasjon, til dei der rapportering berre skjer årleg gjennom den ordinære årsrapporten eller der den som har oppgåva rapporterer etter behov eller når det er naudsynt.

4. Temaet for tilsynet

Tilsynet omfatta kommunen sitt arbeid med å halde løpande oversikt over helsetilstanden til innbyggjarane og dei positive og negative faktorane som kan virke inn på denne (folkehelseloven §§ 5, 30, jf. 27, forskrift om oversikt over folkehelsen §§ 3 og 4).

Oversikt over helsetilstanden og påverknadsfaktorar er ein naudsynt føresetnad for at kommunane skal ha eit kunnskapsbasert grunnlag for planlegging og tiltak på folkehelseområdet.

Kommunane skal både ha løpande oversikt, og dei skal utarbeida eit samla oversiktsdokument kvart fjerde år, som del av grunnlaget for planstrategien sin. Kommunane må derfor hausten 2016 ha ferdigstilt eit samla oversiktsdokument som grunnlag for planstrategien sin for den neste plansyklusen. For å vere tilpassa kommunen si fireårige plansyklus blei det vald å rette tilsynet inn mot det løpande oversiktsarbeidet som kommunen skal ha i periodane mellom utarbeidinga av dei fireårige oversiktsdokumenta.

Tilsynet hadde som målsetjing å sjå til at kommunar som ikkje hadde sett i gang systematisk, løpande oversiktsarbeid, kom i gang med dette. Å ha kome i gang inneber at kommunen gjennom sin internkontroll har lagt til rette for at det løpande oversiktsarbeidet kan gjennomførast slik folkehelselova og forskrift om oversikt over folkehelsa legg opp til, og at det er aktivitet på området.

Fylkesmannen i Rogaland klargjorde på oppstatsssamlingane kva det vil seie å ha korne i gang:

  • Internkontroll; kommunen må ha tilstrekkeleg styring med at krava i folkehelselova blir følgt. Leiinga i kommunen skal følgje med på at det løpende oversiktsarbeidet er starta opp og at det er aktivitet på området.
  • Det løpande oversiktsarbeidet skal være forankra i kommunen si leiing
  • Det løpande oversiktsarbeidet skal være forankra mot planinstans i kommunen
  • Det skal bli henta inn kunnskap og informasjon frå mange samfunnssektorer
  • Arbeidet skal vere tverrsektorielt organisert
  • Det må være avklara kva område som ligg til dei ulike einingane og korleis dette skal bli koordinert i eit tverrsektorielt perspektiv
  • Det må vere gjort kjend i dei relevante sektorene i kommunen kven som har ansvaret for dei ulike oppgåvene i det løpande oversiktsarbeidet
  • Kommunen må ha tatt ei avgjerd på kva forhold den treng å ha løpande oversikt over når det gjeld befolkninga si helsetilstand og dei faktorane som verkar inn på denne.
  • Kommunen må sørgje for at medarbeidarane har gode nok kunnskapar og kompetanse til å utføre oppgåvene og kommunen må ha nødvendig samfunnsmedisinsk kompetanse. Kommunen skal ansette ein kommunelege. Kommunelegen skal ivareta mellom anna samfunnsmedisinsk rådgjeving i folkehelsearbeidet, så også i oversiktsarbeidet og bidra med epidemiologiske analyser.

Det blei også gitt eksemplar på kva som ikkje er tilstrekkeleg for å kunne seie at kommunen er i gang. Kommunen oppfyller ikkje lovkrava dersom berre avgrensa delar av ein sektor i kommunen samlar inn og vurderer opplysningar, eller dersom ein enkelt tilsett har tatt initiativ innanfor sitt ansvarsområde. I <lesse tilfella manglar heilskap og forankring. Det er heller ikkje tilstrekkeleg at kommunen sitt løpande oversiktsarbeid er på eit planleggingsstadiet eller dersom kommunen har organisatoriske løysingar på plass som berre tek i vare oppgåver på områder som miljøretta helsevern, smittevern eller enkelte delar av helsesektoren.

Den kvalitative, innhaldsmessige sida av oversiktsarbeidet, det vil seie kva type opplysningar som blir henta inn, kva slag kjelde som blir nytta og korleis opplysningane blir analysert og dokumentert, var ikkje ein del av tilsynstemaet. Fylkesmannen undersøkte i denne omgangen berre om kommunane hadde på plass ei organisering av og ein struktur på arbeidet med å halde løpande oversikt.

5. Funn

I sjølvmeldingsskjemaet blei kommunane, som tidlegare nemnt, bedd om å sjølv konkludere med om <lei var korne i gang med det løpande oversiktsarbeidet eller ikkje. Oppsummeringa viser at fem kommunar meiner at dei ikkje oppfyller lovkrav, medan 19 kommunar sjølv har konkludert med at dei er i gang med arbeidet.

Ved ein nærmare gjennomgang av dei 19 kommunane sine sjølvmeldingar, så finn Fylkesmannen store variasjonar i kommunane sine tilbakemeldingar på korleis oppgåva med det løpande oversiktsarbeidet blir løyst.

Forankring i leiinga og rapportering (IK)
Når det gjeld forankring i leiing er variasjonane store. I nokre kommunar er rådmannen direkte involvert i oppfølginga av oversiktsarbeidet. Andre kommunar erkjenner behov for ei betre forankring av arbeidet med oversikt i kommuneleiinga, medan atter andre manglar involvering frå rådmannen i det heile.

Med tanke på rapportering så spenner dette frå <lei kommunane der rådmannen er direkte involvert eller blir regelmessig orientert om arbeidet, til dei kommunane der rådmannen ikkje blir informert ut over det som kjem fram i den ordinære årsrapporteringa.

Tilknyting til plan og utvikling
Dei aller fleste kommunane har involvert planavdelingane i arbeidet, men det er store variasjonar i kvar grad dei blir involvert. I enkelte kommunar deltek plan i det praktiske løpande arbeidet med oversikt, medan andre berre involverer plan på leiarnivået.

Tverrfagleg organisering og kompetanse

Sjølvmeldingane viser at det i all hovudsak er god tverrfagleg deltaking i arbeidet. I enkelte kommunar er det ei vel tung deltaking frå helsesektoren, eller at oppgåva ligg til kommunelegen i samarbeid med folkehelsekoordinatoren eller omvendt.

Dei fleste kommunane har involvert kommunelegen i det generelle folkehelsearbeidet, men i enkelte kommunar er stillingsressursen ikkje meir enn 20 % og for lita til å delta i arbeidet med oversikt. Enkelte kommunar opplyser at kommunelegen ikkje deltar med medisinskfagleg rådgjeving og epidemiologiske analyser i oversiktsarbeidet.

Oppgåver og ansvar er fordelt og dette er gjort kjend  i organisasjonen
I forhold til dette punktet er variasjonane mellom kommunane store, frå dei kommunane som har ei fast organisering og struktur der bestemte data blir innhenta frå bestemte kjelder til bestemte tidspunkt, til <lei som ikkje har organisert arbeidet i det heile. Nokre kommunar har utarbeida eit årshjul for innsamling av data. Det er avgjort kven som skal gjera kva og dette er kjend for dei tilsette. Når det gjeld analysen av innhenta data, er det mange kommunar som ser behovet for ein betre og meir systematisk tverrfagleg vurdering og tolking av data, samt det å sjå datagrunnlaget i ein større samanheng.

Treft ei avgjerd på kva kommunen særskild skal følgje med på
Berre eit fåtal av kommunane har treft ei avgjerd på kva kommunen særskild skal følgje med på. Enkelte kommunar er i ein prosess for å kunne ta ei slik avgjerd. Av <lei fleste sjølvmeldingane går det ikkje fram at kommunen har avgjort dette.

6. Regelverk

Lov 24. juni 2011 nr. 29 om folkehelsearbeid (folkehelseloven)
Forskrift 28. juni 2012 nr. 692 om oversikt over folkehelsen

7. Oppsummering og vurdering

Fylkesmannen vil understreke at vi i våre vurderingar berre har basert oss på den informasjonen som kommunane sjølve har sendt inn. Vi har ikkje oppsøkt andre kjelder eller sett på annan dokumentasjon.

Generelt folkehelsearbeid (ref. punkt 3 i rapporten)
Tilbakemeldingane viser at folkehelse fortsatt i hovudsak blir oppfatta som ein «helsesak». Dei fleste kommunane har lagt oppgåva til <lei helsefaglege avdelingane. Fylkesmannen meiner at kommunane må vurdere om denne organiseringa er hensiktsmessig. Det går fram av folkehelselova at folkehelse skal vere eit langsiktig og systematisk arbeid som involverer alle sektorar og fagområde i kommunen. Difor er folkehelsearbeidet si forankring i kommuneleiinga og tilknytting til <lei i kommunen som arbeider med plan og utvikling, særleg viktig.

Sjølvmeldingane viser og at det generelle folkehelsearbeidet i fleire kommunar har svak forankring og manglande oppfølgjing frå kommuneleiinga. Fleire kommunar opplyser at rapportering skjer «etter behov» eller når folkehelsekoordinator meiner at det er naudsynt. Etter vår vurdering bør kommuneleiinga stille krav til jamleg og systematisk rapportering på området for å ivareta plikta til å sikre at lovkrav blir etterlevde.

Løpande oversiktsarbeid
Folkehelselova og oversiktsforskrifta inneheld generelle krav til korleis det løpande oversiktsarbeidet skal vere, men overlet i stor grad til kommunen å vurdere konkret kva som ut frå lokale forhold og prioriteringar er naudsynt innhald og omfang av opplysningar og vurderingar.

Lov og forskrift stiller ikkje krav til korleis oversiktsarbeidet skal organiserast, med unntak av kravet om samfunnsmedisinsk kompetanse,jf . fhl § 27. Men det å ha gode rutinar for å henta inn informasjon er ein del av kommunen sin internkontroll med oppgåver etter folkehelselova.

Oppgåva med å halde oversikt inngår som ein del av kommunen sitt heilskaplege ansvar etter folkehelselova og blir dermed omfatta av <lei generelle krava til kommunen sitt styringssystem for oppfølgingsansvar av lova, sjå mellom anna § 30 om internkontroll. Dette inneber at kommuneleiinga er ansvarleg for å leggje til rette for at oppgåva blir handtert og i dette ligg det at krava er tilstrekkeleg kjende, at oppgåvene er definerte, at dei som skal utføre oppgåvene har nok kompetanse, samt at det er gode rutinar for forbetring dersom oppgåvene ikkje blir løyst i samsvar med krava. Arbeidet med oversikt kan bli delegert og løyst på den måten kommunen finn mest formålstenleg, men løysinga som blir vald må gje tilstrekkeleg forankring mot sentral leiing og dei instansane som arbeider med plan- og utvikling. Det er og viktig at dette blir gjort kjend i kommunen elles. Organisering og styring av arbeidet med oversikt er eit administrativt ansvar, medan det å henta inn, samanstille og vurdere vil vere ei fagleg oppgåve i oversiktsarbeidet.

Fylkesmannen har vald å plassere dei 19 kommunane som sjølv har vurdert at dei er i gang med det løpande oversiktsarbeidet i tre kategoriar.

Den fyrste gruppa er dei som er korne i gang og der Fylkesmannen si vurdering er lik. Dette gjeld fem kommunar.

I desse kommunane er det løpande oversiktsarbeidet forankra i leiinga og mot planinstansar i kommunen. Rådmennene er på ulikt vis direkte involvert i oppfølginga av arbeidet med oversikt, til dømes ved at folkehelsekoordinatoren er plassert i staben til rådmannen, ved at rådmannen leiar eller er med i folkehelseforumet som har ansvaret for oversiktsarbeidet eller ved at rådmannen si leiargruppe er styringsgruppe for forumet. Tilknyttinga til plan er sikra ved at koordinatorstillinga er lagt til planavdelinga, ved at planavdelinga deltek i tverrfagleg forum, statistikk- eller styringsgruppe, eller ved at koordinatoren deltek i planarbeidet. Nokre kommunar sikrar og tilknytting til plan ved at det går fram av sjekkliste for alle kommunale planar at konsekvensar for folkehelse skal vurderast. Rutinar for rapportering er gode, ved at rådmannen er med i aktuelle fora eller ved at rådmannen blir regelmessig orientert om arbeidet kvart kvartal, tertial eller halvår.

I denne gruppa har kommunane på plass organisering og struktur på det løpande oversiktsarbeidet - dei har en plan for kven som skal innhenta kva data, frå kva kjelder, til kva for eit tidspunkt, og

dette er kjent for dei tilsette. Desse kommunane har ei tverrfagleg analyse av den innsamla informasjonen, sjølv om fleire av dei ser behov for ei betre og meir systematisk tverrfagleg vurdering og tolking av datagrunnlaget, samt det å sjå datagrunnlaget i ei større samanheng.

Den tverrfaglege representasjonen er jamt over god i <lesse kommunane, sjølv om enkelte av dei har ein noko tung deltaking frå helsesektoren. Den samfunnsmedisinske kompetansen er på plass.

Kommunane har og treft ei avgjerd på kva kommunen særskild skal følgje med på.

Den neste gruppa er dei kommunane som har identifisert oppgåva, men som enda ikkje har sett i gang arbeidet. Etter vår vurdering gjeld dette fem kommunar. Kommunane har gjort eit godt stykke planleggingsarbeid, men planane er ikkje satt i verk. Nokre av kommunane manglar enkelte organisatoriske grep for å sikre det løpande oversiktsarbeidet.

I sjølvmeldingane er fleire av kommunane uklare på korleis arbeidet er forankra og/eller at rutinane for rapportering er mangelfulle. Andre har ikkje avklara med tanke på fordeling av oppgåver og ansvar og mange av dei har ikkje tatt ei avgjerd på kva kommunen skal følgje særleg med på. Kvar etat følgjer med på sitt.

Desse kommunane har i ulik grad behov for ei betre organisering, ein betre struktur og systematisering av det løpande oversiktsarbeidet. Mange av dei treng ein plan for å henta inn opplysningar og ein betre tverrfagleg analyse av den data som er henta inn.

Fleire av desse kommunane er i gang med eit arbeid for å forbetre oversiktsarbeidet i sin kommune og for å oppfylle krava i lova.

I den siste kategorien har vi dei kommunane som sjølv meiner at dei er i gang med det løpande oversiktsarbeidet, men der Fylkesmannen ikkje er einig i deira konklusjon.

Fylkesmannen meiner at sjølvmeldingane frå <lesse kommunane viser at deira forståing av lovkrava er mangelfull. Kommunane har ikkje fanga opp løpande oversiktsarbeid som ei sjølvstendig oppgåve og dei skil ikkje mellom det generelle folkehelsearbeidet og oversiktsarbeidet. Vidare er det slik at enkelte av dei ikkje skil mellom det 4-årige oversiktsdokumentet og det løpande oversiktsarbeidet. Nokre av dei visar til at dei tilbake i tid har laga eit oversiktsdokument og at dei dermed har «løyst» oppgåva. Andre viser til at dei oppdaterer oversiktsdokumentet årleg, men dei skildrar ikkje korleis dei har organisert arbeidet med å halde oversikt i perioden mellom dei årlege gjennomgangane.

Oversiktsarbeidet manglar tilstrekkeleg forankring mot leiinga i kommunen og mot planinstansar. I enkelte kommunar ser det ut til at rådmannen ikkje er involvert og at han ikkje blir informert ut over det som går fram i den ordinære årsrapporteringa. Krava til styring/internkontroll er ikkje oppfylt.

Slik Fylkesmannen tolkar svara frå <lesse kommunane manglar dei struktur, plan og systematikk i det løpande oversiktsarbeidet.

Opplysningane frå kommunane viser at hos fleire av <lesse er folkehelsearbeidet fortsatt ei oppgåve for den kommunale helsetenesta, med eit stort fokus på enkeltvise helsefremjande tiltak. Det er og ein mangel at enkelte kommunar legg oppgåva og ansvaret på ein medarbeidar åleine utan å følgje opp.

8. Konklusjon

Etter Fylkesmannen si meining har fleirtalet av kommunane i Rogaland enno ikkje korne i gang med eit systematisk, kunnskapsbasert og organisert, løpande oversiktsarbeid.

Rapporten er utarbeidd av:

Helge A. Haga -seniorrådgjevar
Astrid Aadland - seniorrådgjevar/tilsynsleiar