Hopp til hovedinnhold

Hovedmeny

Historisk arkiv Dette innholdet er arkivert og vil ikke bli oppdatert.

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane syner til varsel om sjølvmeldingstilsyn av 12.02.2014. Vi syner også til elektronisk svarskjema frå kommunen av 02.04.2014.

Tilsynet blir gjennomført med heimel i helsetilsynslova § 2.

Tema for tilsynet er korleis kommunen har sikra forsvarleg legemiddelhandtering til bebuarar i bustader som er tilrettelagt for personar med psykisk utviklingshemming. Det inneber korleis kommunen har sikra gode rutinar og praksis for planlegging, gjennomføring, evaluering og forbetring av legemiddelhandteringa til denne brukargruppa, og at rutinar og praksis er i samsvar med regelverket som gjeld.

Ut frå opplysningane som går fram av dykkar svarskjema er omsorgsleiar verksemdleiar og ansvarleg for legemiddelhandteringa i bustaden til psykisk utviklingshemma. Av det vi kjenner til har ikkje omsorgsleiar legemiddelkompetanse slik lova krev, jf. legemiddel-handteringsforskrifta § 3 k).

Kommunen har ikkje sikra at:

  • det er peika ut fagleg rådgjevar som har legemiddelkompetanse jf. legemiddel- handteringsforskrifta § 4 andre ledd.
  • det blir vurdert at det enkelte helsepersonell har tilstrekkelege formelle og reelle kvalifikasjonar til å dele ut ferdig tillaga legemiddel på ein forsvarleg måte, før vedkommande får tildelt dette i oppgåve, jf. legemiddelhandteringsforskrifta § 4 tredje ledd
  • alle personar som har delt ut ferdig tillaga legemiddel dei siste fire vekene har vore vurdert til å ha tilstrekkelege formelle og reelle kvalifikasjonar til å bli tildelt oppgåver knytt til utdeling av legemiddel, jf. helsepersonellova § 5, jf. legemiddelhandterings- forskrifta § 4 femte ledd a.

I følgje planen dykkar for retting av avvika har de utarbeid opplæringsplan for legemiddel- handtering for personell utan formell kompetanse. De har planlagt opplæringskurs i løpet av våren. Vi tek opplysningane til vitande.

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane føreset at de syter for at det vert peika ut fagleg rådgjevar med legemiddelkompetanse, og at det vert avklart kva oppgåver som skal ligge til denne funksjonen.

Vi ber om at kommunen innan 01.07.2014 dokumenterer at tiltaka er gjennomførte og at nye rutinar er implementerte.

Med helsing

Per Stensland
fylkeslege

Anne Eli Wangen
fylkessjukepleiar

 

Brevet er godkjent elektronisk og har derfor ikkje underskrift.

Kopi: Vik kommune v/ avdelingsleiar Laila N. Bøthun, postboks 134, 6891 Vik i Sogn Statens helsetilsyn, pb 8128, Dep, 0028 Oslo

Statistikk alle kommunar: Tilsyn med legemiddelhandteringa i bustader tilrettelagt for personar med psykisk utviklingshemming (pdf)