Hopp til hovedinnhold

Hovedmeny

Historisk arkiv Dette innholdet er arkivert og vil ikke bli oppdatert.

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane syner til varsel om sjølvmeldingstilsyn av 12.02.2014. Vi syner også til elektronisk svarskjema frå kommunen av 14.04.2014.

Tilsynet blir gjennomført med heimel i helsetilsynslova § 2.

Tema for tilsynet er korleis kommunen har sikra forsvarleg legemiddelhandtering til bebuarar i bustader som er tilrettelagt for personar med psykisk utviklingshemming. Det inneber korleis kommunen har sikra gode rutinar og praksis for planlegging, gjennomføring, evaluering og forbetring av legemiddelhandteringa til denne brukargruppa, og at rutinar og praksis er i samsvar med regelverket som gjeld.

Ut frå opplysningane som går fram av dykkar svarskjema har kommunen to personar som er verksemdleiar og ansvarleg for legemiddelhandteringa i bustadene til psykisk utviklings- hemma. Av det vi kjenner til har ingen av dei legemiddelkompetanse slik lova krev, jf. legemiddelhandteringsforskrifta § 3 k). Kommunen har ikkje sikra at:

  • det er peika ut fagleg rådgjevar som har legemiddelkompetanse jf. legemiddelhandteringsforskrifta § 4 andre ledd.
  • verksemda har skriftlege rutinar som er oppdaterte etter ny forskrift, jf.
  • legemidelhandteringsforskrifta § 4 første ledd jf. § 4 femte ledd b.
  • verksemdleiar har vurdert risikoforhold knytt til legemiddelhandteringa, jf. internkontrollforskrifta § 4 andre ledd bokstav f) jf. legemiddelhandteringsforskrifta § 4 femte ledd b)
  • kontroll av prosedyrar for legemiddelhandteringa (internrevisjon) blir utført regelmessig og minst ein gong per år, jf. internkontrollforskrifta § 4 andre ledd g) jf. legemiddelhandteringsforskrifta § 4 femte ledd b.

Av det vi kan sjå, har de ikkje lagt ved plan for retting av desse avvika. Vi ber difor om at kommunen snarast og innan 01.06.2014 gjer greie for korleis de vil rette opp avvika, og når tid dette skal vere gjort.

Med helsing

Per Stensland
fylkeslege

Anne Eli Wangen
fylkessjukepleiar

 

Brevet er godkjent elektronisk og har derfor ikkje underskrift.

Kopi:  Statens helsetilsyn, pb 8128, Dep, 0028 Oslo

Statistikk alle kommunar: Tilsyn med legemiddelhandteringa i bustader tilrettelagt for personar med psykisk utviklingshemming (pdf)