Helsetilsynet

Fylkesmannen i Hordaland har fått i oppgåve å koordinere ein heilskapleg gjennomgang og vurdering av sakshandsaminga i «Tolgasaka, samt utføre lovlegkontroll av vedtak trefte i Tolga kommune.

Oppfølginga skjer ved at Fylkesmannen i Hordaland, Statens helsetilsyn og Statens sivilrettsforvaltning utfører ein heilskapleg gjennomgang der sakshandsaminga i Tolga kommune, hos Fylkesmannen i Hedmark, og eventuelt andre relevante offentlege styresmakter, vert sett i samanheng. Det er for å sikre at eventuelle tverrsektorielle omsyn blir tatt med i vurderinga.

Det skal bli utarbeida ein felles rapport og Fylkesmannen i Hordaland skal koordinere arbeidet.

Hordaland inn i Tolga-saka. Fylkesmannen i Hordaland 19.10.2018