Helsetilsynet

Gjennom tilsynet med diagnostikk og behandling av sepsis i akuttmottak ønskte Helsetilsynet å rette merksemd mot eit kjend problem innan pasienttryggleik. Tilsynet var klinisk retta og gjennomført på ein litt annan måte enn tidlegare tilsyn. Målet med konferansen er å skape ein møteplass der vi kan dele og spreie erfaringar frå tilsyna og forbetringsarbeidet på sjukehusa. Helsetilsynet vil formidle hovudfunna frå tilsyna frå ein nasjonal ståstad og tre sjukehus vil fortelje om forbetringsarbeidet sitt. Vidare vil ei rekkje innleiarar bidra med ulike perspektiv på utfordringane knytt til å forbetre diagnostikk og behandling av sepsis i akuttmottak.

Tid og stad

20. september på Radisson Blu Hotel på Gardermoen.

Praktisk informasjon

Konferansen er gratis, deltakarane betaler sjølv reise.

Påmelding (ekstern lenke)

Program (pdf)

Foredrag

Historien om et avvik i lys av Sepsis-3 og " I trygge hender" Anders B. Martinsen, Oslo universitetssykehus, Medisinskfaglig ansvarlig, Akuttmottaket, Ullevål  

Sepsis forbedringsbehov i mottak UNN Tromsø Trine Olsen Universitetssykehuset i Nord-Norge

Principper for ledelse af kvalitetsudvikling Christian von Plessen, centersjef Center for kvalitet region syd, Danmark

Pasientsikkerhetsprogrammet- synergieffekter av samarbeid med Helsetilsynet Anne Kristin Ihle Melby Pasientsikkerhetsprogrammet